Anne Viken

Alder: 11
  RSS

Om Anne

http://anneviken.blogspot.com

Veterinær, bloggar, skribent og journalist. Har skrive barneboka Elise og mysteriet med dei døde hestane (Samlaget 2012), om Elise på 13 år som er med onkel Kalle i dyrlegepraksis. Neste bok om Elise kjem høsten 2013 og heiter Elise og mysteriet på hesteklinikken. Dette er spenningsbøker for 10-100 år

Les meir om boka her http://www.haugenbok.no/resverk.cfm?st=free&q=elise%20og%20mysteriet%20med%20dei%20d%F8de%20hestane&p=1&r=1&cid=239543

Følgere

Bur vs vill

Publisert over 8 år siden

Det er veldig ulikt om dyr har det betre i fangenskap enn i fri tilstand. Det varierer med kvar dei lever, kva slags fangenskap og kva type dyr det er.

Eg er ikkje dyreverner, eg er dyrlege og bygger mine argument på faglige standpunkt og råd som blir gitt for riktig hald av kanin. Det vil alltid vere dei som tilbakeviser fag med eigne erfaringar av at dyr i bur lever fint, men dette kan dessverre ikkje bekreftast frå noko fagmiljø. Det er dokumentert skadeleg å halde kaninar i små bur om dei aldri slepp ut, og det er det mange kaninar som aldri gjer. At mange derimot, som påpeikt i kommentaren, oppfattar burtilpassa adferd som normal, er vanleg. Det betyr derimot ikkje at det er trivselsadferd dyret viser.

Men det høres bra ut at du Sverre slepp kaninane ut. Det høyres ut som bra kaninhald. Å la dei springe rundt så mykje dei sjølv ønsker, er riktig. Så kan dei heller legge seg i buret om dei ønsker. Dei kan dessutan bruke dokasse, som katt om dei går fritt inne.

Anne

Gå til kommentaren

Menneskefiendtleg moralisme

Publisert over 9 år siden

Utrulig at ein prest, som skal vere eit humant menneske og utvise nestekjærleik, på denne måten , ved bruk av enkelthistorier: ho tok abort fordi ho skulle kjøre på ski, generaliserer på denne måten om kvinner som tar abort.

Kva slags menneskesyn har ein prest som vel å ty til stigmatsiering basert på eit fåtal eksempel, som attpåtil er andrehandskilder, eller gjenfortellingar frå slektingar, for å underbygge sin argumentasjon? Kva slags truverdighet har dette ? Korleis kan vi vite at desse historiene er sanne, eller om dei er usanne generaliseringer? At kvinner møtes igjen og igjen på ein abortklinikk, fortel prestens slektning, og presten gjenfortel det. Er prestens slekting truverdig? Men det gjer ingenting om ho er det, for prestens hensikt er klar: stigmatisere og latterliggjere alle kvinner som tek abort med eit par uetterrettelege eksempel.

Det er ei rekke andre årsaker til at kvinner vel abort enn slalomferie, men presten er ute etter å stigmatisere, etter å skape fordommar mot kvinner som tek abort, og etter å få desse kvinnene til å føle skuld og skam. Då funkar slike andrehands anekdoter frå år tilbake. Og fordi presten i innlegget sitt frir til menigheten, dei som frå før av er enige med det presten meiner: abort er synd, og som berre vil ha bekrefta sin ståstad, ikkje utfordrast eller måtte tenke, berre kunne klappe og sei ja, slik er det. Og slik held dei fram og dyrkar sine fordommar og sin avsky for kvinner som tek abort, slik presten sjølv gjer.

Vi veit også at mykje forskning viser at kvinner slit med lite traumer etter abort. Men dette utelet presten då det ikkje passar seg å kome med slikt til menigheten, dei som er enige med ein sjølv og som ikkje vil utfordrast, men som vil ha sine holdningar sedimentert og dyrka: kvinner som tek abort, BØR føle skam, SKAL føle skam. Kvinner som vurderer å ta abort, må skremmast: Om dei tek abort, kan dei få TRAUMER.

Presten ønsker å SKREMME kvinner frå å ta abort, moralsk bortskremming. Angst, avsky, fordømmelse er det presten predikerer. Kva slags menneskesyn har ein slik prest? Eit godt gamaldags fordomsfullt kristent menneskesyn, er eg freista til å sei, men heldigvis er ikkje alle kristne menneskefiendar.

Men kva kan ein forvente seg, når ein prest prakkar på kvinnene fordommar, sine eigne slektningars anekdoter og moral? Det bidreg til at kvinnene føler skuld. Skuld er ei subjektiv kjensle, og presten dyrkar denne. SKuld er eit farleg våpen og skuld kombinert med moralsk fordømmelse, eit vanleg kirkelig våpen, som her, hos presten. Men for presten er det viktig å få kvinnene til å føle skuld. Masse skuld. Samt henge dei ut med tåpelege slalomferieanekdoter: ja slik er alle kvinner som tek abort. Korttenkte, tåpelege, utan prinsipp og moral. Gud, for nokre kvinner altså. Dei må fordømmast. Og dei bør føle skuld.

Og det verkar også vere innleggets hensikt: få kvinner som tek abort til å føle skuld. Til å få kvinner som vel abort til å utvikle psykiske problemer. Til å skremme dei frå abort. Det er dette presten ønsker. Difor er angst og frykt og fordømmelse hennar metode. Tenk, ein kvinnelig prest som på denne måten ønsker å bryte ned andre kvinner på grunn av at andre kvinner gjer noko presten, den som påfører andre skuld, meiner er feil.

Og igjen: kva slags nestekjærleik er dette? Det er ein psykopatisk metode. Ein metode basert på frykt, angstog hersking. Men antakeleg i tru med bibelen: om du ikkje følger guds ord havnar du i fortapinga. Hjernevasking.

Stakkars kvinner som tek abort som må forhalde seg til denne menneskefiendtlege subjektive moralismen. Men kjære kvinner, det finst ei masse mennesker i samfunnet som ikkje fordømmer på denne måten, som handhever nestekjærleik sjølv om vi ikkje er prestar.

Stakkars kvinner som må leve i miljøer der skam, skuld og uthenging er metoden som brukes i abortkampen. Det er ikkje rart de slit. Dei tjue prosenta med problemer, som presten viser til, held nok til i denne typen miljøer, som spelar på skam og skuldkjensle, styrt av haldningar som presten her legg fram. Presten er ein av dei som driv opp prosentandelen kvinner som slit etter ein abort. Skam er som kjent ei miljøbetinga kjensle. SKam er prestens virkemiddel.

Gå til kommentaren

bloggarane - vår tids intellektuelle

Publisert over 9 år siden

http://anneviken.blogspot.com/2011/02/bloggarane-var-tids-intellektuelle-og.html

Gå til kommentaren

Svar

Publisert nesten 10 år siden

Ståle Halsne, du drar over fjørfenæringa med ein harelabb av unøyaktige påstander. Eg forstår at du ønsker tale nærinigas sak, men desse upresise påstandane du kjem med, tjener ikkje målet.

Ang Nortura som ikkje slepp inn tv-kamera: dette kan Nortura sjølv bestemme. Det er ikkje Mattilsynet som avgjer. Ein henvender seg ikkje til LMD for å klage om ein ikkje slepp inn, men til Nortura, dersom ein då ønsker klage.

Det er uten tvil eit problem når næring og tilsyn knyttes for nære, og vi har sett eksempel der tilsyn let vere å rapportere inn av hensyn til næring, blant anna i slakterisektoren når det gjeld bogsår på purker osv.

Du påstår høner ikkje lenger skal sitte i bur. Det er ein faktafeil. Høner skal sitte i innreidde bur, det er framleis bur, men med innredning.

Transportdødeligheten i norsk fjørfe er eit av næringas aller største problem, og desse tala har vore ute i media gang på gang fleire år, så om du ikkje har fått med deg dette, må du nesten følge litt betre med.

Her er eit eksempel på ei sak: http://www.nationen.no/2010/11/13/naring/transport/kyllinger/dyretransport/6271055/

Ang høner og kyllingar: dei fleste industrielle verpehøner har fått rugeeigenskapen bortavla. Eg har sjølv hatt slike høner heime på tunet, som du påpeiker, og ei av dei ruga, så der finst unntak, men dei er få og dei er uønska, og ergo er eigenskapen bortavla hos ca 95 prosent av industrielle verpehøns.

Hos såkalte hobbyrasar derimot, er rugeeigenskapen framleis i behald, hos enkelte rasar ruger nesten alle høner, hos andre rasar ruger ein del høner. Det er også slik at høner som sjølv er utruga under høne, ikkje i rugemaskin, har større sannsynlighet for sjølv å ruge kyllingar.

Industrielle verpehøner ville hatt problem å overleve då det er svært få av dei som er i stand til å ruge. Kalkun kan ikkje pare seg, og det kan ei heller broilerkyllingforeldrene. Ergo er dei ikkje i stand til å formeire seg og overleve i naturen. Meiner virkelig Halsne at dette er ok avl? Å påføre dyra sjukdom og manglande reproduksjonseigenskapar? Hofteleddsproblemer, er dokumenter på kalkun, som gir smerter som gjer at dyra helst vil sitte. Kylling slit med bukbetennelse, store væskeansamlingar i buken, dei veks så fort at dei må ligge store deler av tida fordi beinbygningen heng ikkje med. Er dette godt og skikkeleg dyrehald? Vel, om Halsne påstår dette, bidreg han ikkje til forsvar av fjørfenæringen, men til å styrke oppfatningen av at næringa anser dårleg livskvalitet og sjukdom som heilt greit. Halsne er tydeligvis ikkje i kontakt med næringa, då hadde han visst at desse problema også bekymrer og opptek fjørfenæringa. Det er ikkje problem som blir fornekta.

Betong: du snakkar om at det er strø i hønsehusa. Det er riktig at det er strø på betongen. Dette strøet bidreg til elendig luftkvalitet, luftvegslidingar og problemer i husa. Det aukar også brannfaren, men ja, strø er det, om enn ikkje i bur.

"Verpehøner blir avlivet på bruket. Ingen transport av levende dyr." skriv Hasle. Dette er nok ein faktafeil. Mange verpehøner blir transportert til slakt. I 2010 gjald dette ca 540 000 dyr. http://www.animalia.no/upload/Kj%C3%B8ttets_tilstand_2011/Kjottets_tilstand_2011.pdf

Mattilsynet har faglig tyngde, men regelverk vert utforma, blant anna som du sjølv påpeiker, innanfor EUs reglement og forskrifter, og da blir det som det blir: ikkje særleg mykje hensyn til dyra som lever i fjørfeoppdrett. Forskriftene er utforma slik at dyra kan overleve fram til slakting, ikkje for at dei skal ha naturlege liv. Ein treng ikkje mykje kunnskap om fjørfe for å forstå at oppvarma hallar og bur er veldig langt frå naturleg. Fjørfe er dessutan grasetarar i naturen, pluss insekt, mark,.. etc

"Norsk fjørfe har gode levekår og god dyrevelferd", skriv Halsne, men er ikkje i stand til å dokumentere det på eit einaste punkt. Viser stor kunnskapsmangel og peiker på eigne små erfaringer og er særs upresis med fakta, spreier om seg med direkte faktafeil som lett kan tilbakevisast. Tydelig at her må Hasle sette seg betre inn i sakene. Openbar kunnskapsmangel er ikkje eit godt forsvar for næringa.

Gå til kommentaren

Regelverket

Publisert nesten 10 år siden

Regelverket viser til minstekrav, og minstekrav er ikkje forenlig med dyrevelferd i svært mange tilfeller, som feks i fjørfe. Ein veg økonomiske interesser mot dyrevelferdsmessige, og då er spelerommet lite. Dvs at forskriftene set dei krav ein kan stille uten at næringa blir påført for store økonomiske problem/ tap v investering.

Å tru at regelverk = dyrevelferd, da er ein på jorde. Regelverk skal sikre ein minimumsstandard.

Ein måte å kvele ei næring på, er å innføre krav næringa ikkje har økonomisk rygg til å bere, slik utrydda ein revehald i Sverige.

Ein må ikkje vere naiv. Det er ikkje gull alt regelverk som glimtar.

Gå til kommentaren

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere