Harald Myklebust

Alder: 79
  RSS

Om Harald

Fødd og oppvaksen i Ørsta. Lærarutdanna ved Volda lærarskule. Musikkpedagogisk hovudfag ved Bergen lærerskole. No pensjonist etter 16 år ved NLA Lærerhøgskolen, Bergen, 10 år rektor ved Borgund folkehøgskole, Ålesund, 4 år musikklærar ved Bibelskolen Bildøy Bergen, Fjell, 14 år musikklærar og inspektør ved Hurdal Verk folkehøgskole, Hurdal, 4 år som musikklærar og lærar ved Liknes barneskule og framhaldskule i Kvinesdal. Dirigent for mange kor, m.a. DiVIci. Mange år som organist. Medredaktør for musikktdisskriftet og noteforlaget Concordia og lærar og kursleiar for Concordiakursa 1974-1993. Komponist. I redaksjonen for utgjeving av div. songbøker som "Songbok for ungdom", "Syng Livet", "Sang i Norge", samt "Melodiboken" til "Sangboken". Har vore hovedstyrmedlem i Det Vestlandske Indremisjonsforbund, 2 perioder som KrF-repr. i Hurdal herredstyre, vararepr. for KrF i Bergen bystyret, 1 periode som KrF-repr. i Åsane Bydelsstyre, samt formann i Åsane KrF.

Følgere

Då KrF på nytt måtte gå igjennom sitt abortstandpunkt for å finne «fotfeste» for sitt prinsipielle nei til friabortlova, måtte dei gjere om sitt nei i 1983 til å regjere saman med slike som kom til å vidareføre abortlova. I ettertid har KrF kjempa for livsretten frå befruktning til ein naturleg død som det einaste partiet i Stortinget.

Så, i Bondevik 2-regjeringa, prøvde ein å få til «formildande» omsyn til ordlyden i 2c i lova, for å hindre diskriminering av ektefødte liv som til dømes Downs, ryggmarksbrok. Som kjent, KrF fekk ikkje ­nokon med seg då, og regjerte vidare.

At vår statsminister nå har kasta ut eit agn til KrF om ei mogeleg endring her, også til dette med tvillingabort, har skapt eit lite (og avgjerande?) håp for mange i KrF, men til forvirring for nesten like mange. Kan KrF tåle å gå på eit nytt tilbakeslag i sitt ihuga arbeid for sitt Ja-til-livet-for-alle-foster, men må akseptere fri abort i dei 12 første vekene, og sannsynlegvis ikkje nå fram med sitt ynskje om å endre 2c i lova?

Slik som eg har skjøna partiet, vil dei – uavhengig/eller samstundes med dette­ – finne gode vegar/råd/samarbeidspartnarar, så ein kan få redusert aborttala så langt ned som råd er. Med andre ord, abortsaka er ikkje eit hinder for å legge maksimalt tilrette for alle som føder born, med gode faglege og økonomiske oppvekstvilkår. Rett til liv har alle i eit samfunn som vil ta fullt og heilt ansvar saman med foreldra. Her er KrF den sterkaste pådrivaren.

Gå til innlegget

Rykk tilbake til start

Publisert rundt 3 år siden

Kva hadde kyrkja vore utan eit levande lekfolk?

Dei evangelisk-lutherske organisasjonane slit med tilgang både på medlemer og økonomi. Bedehusflokkane minkar. Å finne folk på lokal­planet til å ta ansvar for styra i misjonane er ikkje lett. Bedehusfellesskapa vert kløyvde, ein søkjer å skape sine eigne forsamlingar. Når ein så opp­lever at kyrkja driv bort frå klassisk evangelisk-luthersk lære, ­tømast gudstenestefelles­skapa. Kvar skal ein gå for å finne det åndelige samfunnet som kan føre til vekking og liv heime og ute?

Raude tal. 

NLM har lagt bak seg ei stor og sterk generalforsamling. Tilsynelatande utan for mørke skyer i horisonten, om enn gåvetilgangen viser tilbakegang. Normisjon si ­generalforsamling viser raude tal i gåveinntektene dei siste åra. Båe organisasjonar har misjonsstrategisk satsa på ­lokale forsamlingar og har opna opp for eigne trussamfunn for slike som ikkje lenger vil stå i vår kyrkje.

Kva er det som er i ferd med å skje? Får vi ei kyrkje der lek/misjonsfolket for ­indre- og ytremisjon ikkje finn seg til rette i, eit folk som etter trauste haugianske råd og seinare støtta­ av både av lekfolk og prestar, har hatt sitt sjelevinnarkall i folket vårt: I kyrkja, men ikkje under den?

Frå husmøte til fellesskap i bedehusa braut vekking og liv og misjonskall, og ein ­organiserte seg i sine særkall, utan å bryte ut av venesamfunnet. Men i dei 20-30 siste åra har vekkingane stilna, men prestar og lekfolk har prøvt å dele gudstenestelivet og vene­samfunnslivet i barne- og ungdomsarbeid, song- og musikkarbeid, misjonslag for ikkje å snakke om diakonalt engasjement og reising av barnehagar og skular på alle nivå!

Og lat det seiast: Organisasjonane har prøvd å omstrukturere seg for å «sikre seg». Fleire stader har det lukkast med eit blomstrande guds­teneste- og forsamlingsliv. ­Frimodig kyrkje held opp og fram dei evangelisk-lutherske sanningane og manar til ­ansvar og engasjement som bolverk mot den frie og liberalistiske «teologien» som svekkar åndslivet i kyrkja.

Tvingar seg fram. 

Sentrale leiarar i ulike organisasjonar opnar no for å gå saman att. Det å styrke fellesskapet om indre- og ytremisjon «tvingar» seg fram. Og ein treng ikkje ti bedehus i 20 kilometer omkrins. Kan vi sjå konturane av at dei ulike misjonsorganisasjonen kan gå saman i eitt og same bedehus (rundt om i by og bygd), finne saman slik som i den første tida?

Misjon vart skapt i fellesskap om heimemisjon som vaks fram i dei første husmøta og bedehusa, mange stader ­saman med presteskap som såg at her er kjernen også i eit godt gudstenestefellesskap. Biskop Nordhaug i Bjørgvin trekte fram dette i si tale ved 950-års jubileet for vår kyrkje under Seljumannamessa i sommar. Kva hadde kyrkja vore utan eit levande lekfolk?

Trykket i Vårt Land 6. august 2018.

Gå til innlegget

Eit radikalt parti

Publisert over 3 år siden

Det er færre som fylkar seg om Guds Ord. Vekkingslivet er svekka. Dette kan ikkje politiske parti gjere noko med.

Magne Roland har eit kritisk blikk på stoda i KrF i dag, som eit «uforutsigbart og vinglete (parti) som ingen vet hva finner på i morgen» (Vårt Land, 4. april). I ingressen seier han at likevel har han bruk for KrF, om det er villig til å velge side i norsk politikk.

Subsidaritetsprinsippet. Roland har fleire interessante
vurderingar, som eg ikkje her kan gå nærare inn på, men utfordre han på nokre punkt. For det første: Kvar er det KrF har fråvike sitt subsidaritetsprinsipp, eit prinsipp som har vore, og er grunnleggande for KrFs politiske liv?

For det andre: KrF gjekk til val for eit borgarleg
regjeringssamarbeid med Erna Solberg som statsminister. Vi veit korleis det gjekk: Ho valde Frp, og ville ikkje prøve eingong ei sentrum-Høgre-regjering.

For det tredje: Ja, den bioteknologiske utviklinga i samfunnet, og i politikken generelt, treng meir enn nokon sinne eit kristent ide-forankra parti «i førersete». Eg greier ikkje å sjå, Roland: Kvar har KrF svikta?

Når så dette er sagt, vil eg nemne to uromoment: Det er færre som fylkar seg om Guds Ord. Vekkingslivet er svekka. Dette kan ikkje politiske parti gjere noko med. Men gudstenestelivet, forsamlingane og bedehuslivet må fornyast innanifrå.

Her kan verdimedvitne borgarar finne styrke til
aktivt samfunnsliv, også politisk, til å gjere partia merksame på kva menneske-, kultur- og samfunnsliv ein vil skal prege folket vårt. I dette ligg òg korleis vi forvaltar alle goda våre, ikkje i pur egoisme, men i det å dele med alle dei verdiane vi har, i gjensidig respekt.

Asylinstituttet. Dette må vi kunne forvalte slik at dei som vert drivne bort frå sine land av autoritære regimer, terror, krig og svolt, kan kjenne seg forstått, verdsatt - og velkomne, trass i at ein stor del av dei har andre religiøse referansar enn våre. Så får vi utruste dei som tek imot slike ved grensa, at dei som prøver seg utan grunn vert stogga, men at dei som treng oss opplever opne hender, og samstundes vise at vi har ein identitet som nasjon, som har hatt og vil ta vare på våre kristne-humanistiske verdiar.

Harald Myklebust

styremedlem i Åsane KrF

Gå til innlegget

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere