Vidar Sætre

Alder:
  RSS

Om Vidar

Følgere

Har Gud makt kun i fortida og i framtida?

Publisert over 3 år siden

Ein grunnleggjande premiss for meg i debattar om kjarismatikk, må vera at Gud er like mektig i dag som me les om i Bibelen at han var i fortida, og like mektig som me i Bibelen også kan lesa at han skal vera i framtida.

Særleg samanlikna med kor supert ALLE kristne forkynnarar hevdar kristne skal få det i framtida (etter døden eller etter Jesu atterkome), blir det ulogisk at ein del kristne halvvegs kriminaliserer forkynning som legg vekt på at under kan skje i dag.  Ja, eg trur det finst mykje kjøtleg kjarismatikk, men likevel: Var Jesu ord om at himmelriket er kome nær, kun noko som gjaldt i ein kort periode; i Jesu tid og fram til den siste av dei 12 døydde, eller var det starten på det som står i profeten Joel kapittel 3 om at 'Og deretter skal det henda at eg vil renna ut Anden min over alt kjøt ... ' ('deretter' viser tilbake på det som står like før, i 2:23-27, om at Gud gjev dykk læraren til rettferd ... og de skal kjenna at eg bur midt i Israel ... , som eg tenkjer er ein profeti om Jesu velgjerningar og fruktene av desse)?

Mykje kristendom har blitt proklamasjon av dogme; om at Jesus tok dommen i vår stad og at Guds folk ein dag skal få det problemfritt.  Men slikt er jo kun teori, og ikkje minst ei ganske sjølvoppteken vinkling på livet med Gud.  Det er lett å marknadsføra ein slik Gud; som lettvint ordnar opp med syndene våre og som skal gje oss ei slik super-framtid.  Men slike lovnader gjeld sjølvsagt ikkje i dag ... for i dag er det vanskeleg å flykta unna livets harde realitetar, men i morgon, i morgon som han syng om i ei av Jakob Sande sine viser, skal då alt koma på stell.  Mange av dykk har kanskje fått meldingar i innboksen om at du har vunne ein fantastisk sum.  Men slikt er som òg eg reknar med de fleste har innsett, kun forsøk på svindel. 

Dessverre opplever eg ein del religion som svindel, grunna heilt urealistiske ord om kva som skal skje med oss langt der framme, men med forholdsvis liten evne til å sannsynleggjera dette i notida.  Difor har eg ein grunnleggjande sympati med rørsler som er opptekne av å visa at Gud er på trona i dag.  So vil eg òg ha medkjensla med alle dei som ikkje har blitt friske trass i mange bøner om nettopp det.  Eg sjølv har slite mykje med sjukdom og har mange ubesvarte bøner.  Men når det ikkje går min veg, har eg likevel ikkje rett til å døma dei som har meir medgang i livet.  Salme 37 har eg funne gjev verdifull rettleiing i slike situasjonar, og der finn eg òg lovnader for dei som ventar på Herren. 

Tilbake til der eg starta: om Gud kun har makt i fortida og i framtida, men ikkje i dag.  Mange av oss strevar med å finna den gode og rettferdige Gud.  Difor ønskjer eg edruelege forkynnarar, som ikkje forkynner ein større Gud i framtida enn det ein med si åtferd i notida kan sannsynleggjera.  Sagt med andre ord: gudsfrykt og gode handlingar meir enn store ord om Gud. Det er nemleg svært freistande å skyva Gud framføre seg slik ein gjer når ein forkynner Gud kun med ord.  Og kvifor skyv so mange Gud framføre seg?  Svar: fordi dette gjev størst kortsiktig gevinst; størst forsamlingsvekst og andre ting som aukar eins popularitet.  Men slik egoistisk åtferd svekkar trua på Gud; det får fleire til å tvila.

Gå til innlegget

KrF er eit religiøst parti

Publisert over 10 år siden

Kommentar til K. Mogård Bergem og T. Garthus sine innlegg:

Eg synest K. Mogård Bergem vurderer situasjonen godt; både at svært mange av veljarane er lite interessert i ekteskaplova, og at KrF har mange gode saker å kjempa for på område som miljø, familie, kamp mot fattigdom m.m.

Når det gjeld korleis ein bør ordleggja seg i ein politisk samanheng, er eg samd med han i at ein bør tenkja seg om.  Og me kan på ei side sørgja at det vart harde frontar i tilknytning til landsmøtet.  Men no er lufta reinsa, me veit kvar t.d. Knut Arild Hareide står.  Og for meg er hans etiske relativisme sjokkerande.  Når han uttalar at me ikkje bør driva gradering av folk sitt kjærleiksliv, gjev han si støtte til dei som seier at all livsførsel er ok.  Ein konsekvens av denne relativismen er at det kan vera greitt at folk stel, myrdar eller lyg.  Filosofien er at me ikkje skal gradera folk sine handlingar ... Ingenting skal vera synd lenger.  Det er umoralsk å døma personar, men det vil verta ein katastrofe for samfunnet om me sluttar å ta oppgjer med folk sine handlingar  (Politiet kan rett nok leggjast ned, men det spørs altså om det vil vera eit gode).

Politikarar bør som sagt vera gode diplomatar og bør unngå å provosera unødig.  Men samtidig både tenkja og kommunisera klårt.  Ein av dei som etter mi meining tenkjer uklårt, er Kjell Magne Bondevik.  Ifølgje han dreiar denne saka seg kun om god eller dårleg kommunikasjon.  Men denne saka dreiar seg veldig mykje om korleis ein vurderer homoseksuell oppførsel.   Vidare når han ønskjer at KrF skal "fornya" seg, er vel ingen usamde i det.  Men viss han med "fornying" meiner at det KRISTENdemokratiske partiet KrF ikkje lenger skal bry seg om kva som er sann kristen moral, då vert det ikkje rare kristen-substansen att i partiet.  Då vert KrF eit parti som vitnar falskt om kva dei vil byggja sin politikk på. 

Eg har lenge tenkt at KrF burde slutta å heita "Kristeleg" Folkeparti, eller noko tilvarande med "kristen" eller "kristeleg" i namnet og elles i retorikken.  Like eins med den "kristendemokratiske" ideologien, som partiet reklamerer med.  Kristennamnet viser til Jesus, og den som smykkar seg med Jesu-namnet, bør også leva slik Jesus levde.   I dette lys bør alle i partiet ha lydnaden mot Jesus som sin overordna lojalitet.  Men dette utelukkar at partiet går i den retninga som Dagfinn Høybråten no har signalisert, at også folk med annan religiøs tru inkl. ateistar, kan finna sin plass i KrF.  Høybråten drøymer om eit parti der alle "verdibevisste" veljarar finn sin plass.  No er "verdibevisst" eit svært ullent ord, for alle politiske retningar er medvitne sine verdiar.  Også kva som kan kallast kristne verdiar, er ikkje nødvendigvis opplagt.   Difor bør eitkvart politisk parti konkretisera kva for verdiar dei vil byggja samfunnet med.  Etter mi meining er det gode grunnar for at KrF bør slutta å kalla sine verdiar for "kristne" og finna seg eit nytt religionsnøytralt namn, for dermed å bidra til å reinska ut den retorikken som tydelegvis lett kan oppfattast som ei samanblanding av politikk og religion. 

Når det er sagt, er trua på Jesus like fullt relevant også i politikken.  Og politiske område som vern av livet/ likt menneskeverd for alle, kva for familietype som skal vera retningsgjevande for samfunnet, korleis religion og livssyn vert handsama i skulen; dette som er svært viktig for kva verdiar me gjev borna - alt dette er ikkje likegyldigt for Jesus.  Vidare er forvaltninga av flora og fauna også eit politisk område som er viktig for Jesus.  Men som sagt, eg synest me heller enn å ta ordet "kristne verdiar" for ofte i vår munn, heller bør demonstrera gjennom vår politiske innsats at Jesus er vår Herre.  Og når me vil ta vare på dei verdiane som mange av oss er overtydde om er sanne kristne verdiar, inn på den politiske arenaen, bør me omorganisera dagens KrF, inkl å skifta namn, slik at desse verdiane vert nedfelte i ei slags politisk grunnlov, utan at me spesifiserer at nettopp dette er dei kristne verdiane.  Dette handlar om kommunikasjon; at me lærer oss å kommunisera til veljarar med ulik religiøs ståstad, utan at me brukar eit "ka'anans språk"  - samtidig som me ikkje går på kompromiss med våre overtydingar om kva som er Jesu vilje i politikken. 

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

KRIK - NYE spilleregler
av
Trond Andreassen
13 dager siden / 1328 visninger
Jeg lever ikke lenger selv
av
Merete Thomassen
15 dager siden / 1283 visninger
170 år med misforståelser
av
Joanna Bjerga
rundt 1 måned siden / 887 visninger
Ingen Disco på Roser
av
Øyvind Hadland
27 dager siden / 856 visninger
Stjernedialektar
av
Ann Kristin van Zijp Nilsen
15 dager siden / 816 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere