Torstein Langesæter

Alder: 60
  RSS

Om Torstein

Me er kome til år 5985 etter Adam og Eva. ... Etter 6000 år kjem 1000-årsriket..... Yeshua skal styra kloden frå Jerusalem .....
Antikrist er avslørt GeOrGe neBUSHadnezzar .... dyret som kjem tilbake til alle si overrasking når Iran bombar USA.....
Kontakt tolelang@gmail.com

Følgere

Romney sitt bibelsyn

Publisert nesten 7 år siden

Oljeberget eller Missouri

http://www.israeltoday.co.il/NewsItem/tabid/178/nid/23477/Default.aspx?ref=newsletter-20121106

”Much of Mormonism is shrouded in secrecy, but one point that most outsiders are aware of is that Mormons believe Missouri, not Jerusalem, will be the center of Messiah's coming reign, a position that for many reeks of Replacement Theology.”

Erstatningsteologien er eit artig fenomen. Romney er mormonar og der er og desse tankane innvevd.

Jerusalem er ikkje lenger det bokstavelige Jerusalem. Ein jøde er ikke lenger ein jøde som er fysisk omskoren og held sabbaten.

Romney trur som Sakarja 14 seier at Messias kjem tilbake til det bokstavlege Jerusalem og at Oljeberget skal dela seg i to.

http://www.youtube.com/watch?feature=player_embedded&v=TxMD02zU9SE

”Eg vil samla alle folkeslaga til krig mot Jerusalem. Byen skal bli teken, husa plyndra og kvinnene valdtekne. Halve byen må gå i eksil, men resten av folket skal ikkje ryddast ut frå byen.
3 Herren skal fara ut og føra krig mot desse folkeslaga slik han før har ført krig på stridens dag. 4 Den dagen skal han stå med føtene på Oljeberget som ligg rett mot Jerusalem, i aust. Oljeberget skal rivna i to frå aust til vest, og det skal bli ein veldig dal. Den eine halvparten av fjellet vik mot nord og den andre mot sør.5 Då skal de rømma gjennom fjelldalen min, for dalen mellom fjella skal nå heilt til Asal. De skal rømma slik de rømde for jordskjelvet i dei dagane då Ussia var konge i Juda. Då skal Herren min Gud koma, og alle dei heilage med han.”

Men så kjem tankene om Missouri.

Reformatoren Martin Luther  meinte sjølv at Apollonius av Tyana hadde skrive hebrearbrevet.

Det han ikkje forstod var at Paulus og Apollonius er same personen.Der ligg alle desse falske erstatningsteologi-tankane

http://sbpra.com/johnbenregeshjd/

Det er val i kveld og skulle Romney verta president så er tankene mine definitivt feil.

Skulle Obama halda fram kan enno profetien oppfyllast, men det har ikkje skjedd slik eg såg det for meg.

Dei er òg sju kongar: ( presidentar) Fem av dei er falne (gått av) , Gerald Ford , Ronald Reagan , Jimmy Carter , George H.W. Bush, og Bill Clinton éin er no, (George Walker Bush jr)

og éin er enno ikkje komen, (Barak Obama)

og når han kjem, skal han bli verande berre ei lita stund.(LITTLE WHILE)

Dyret / Antikrist ( George Walker Bush) som var , men ikkje er , det er sjølv den åttende”

No får eg la det liggja og så får tida visa om irankonflikten kjem .

Obama har inngått avtale med Iran slik Debka skriv og som Worldnetdaily dekka fyrst.

http://debka.com/article/22497/Iran-suspends-uranium-enrichment-Gesture-to-boost-Obama’s-reelection

Gå til innlegget

YERU - SALEM

Publisert nesten 7 år siden

Edens hage.

Edens hage var utgangspunktet for Guds start for menneska for nesten 6000 år sidan.

Edens hage låg ved “Guds heilage fjell” og der skulle menneska stella jorda . 

”Herren Gud planta ein hage i Eden, ein stad i aust. Der sette han mannen han hadde skapt. 9Og Herren Gud lét alle slag tre veksa opp or jorda, herlege å sjå på og gode å eta av, og midt i hagen livsens tre og det treet som gjev kunnskap om godt og vondt.
10 Ei elv gjekk ut frå Eden. Ho vatna hagen og delte seg sidan i fire greiner.11 Den fyrste heiter Pisjon. Det er den som renn kring heile Havila-landet, der det er gull.12 Gullet i det landet er godt. Der er det dei finn bedolah-kvae og karneol.13 Den andre elva heiter Gihon. Det er den som renn kring heile Nubia.14 Den tredje elva heiter Hiddekel. Det er den som renn austanfor Assur. Og den fjerde elva er Eufrat.
15 Så tok Herren Gud mannen og sette han i Eden til å dyrka og verna hagen.16 Og Herren Gud gav mannen dette påbodet: «Du kan gjerne eta av alle trea i hagen.17 Men det treet som gjev kunnskap om godt og vondt, det må du ikkje eta av; for den dagen du et av det, skal du døy.» 1 Mosebok 2

Etter syndefallet har denne staden hatt stor betydning og dei siste hendingene viser kor viktig plassen er. 

http://www.youtube.com/watch?feature=player_embedded&v=loni9U1v5cg#!

Slangen (Lucifer) var og i Edens hage.

”Du budde i Eden, Guds hage,
og var dekt med alle slag dyre steinar…Eg gjorde deg til ein strålande, vernande kjerub.
Du var på det heilage gudefjellet,
og gjekk ikring mellom glitrande steinar…Frå den dagen du vart fødd,
var du heil i di ferd,
til dess det vart funne urett hjå deg.
16 Din store handel førte med seg
at du vart fylt av vald og tok til å synda.
Då dreiv eg deg bort frå GUDEFJELLETel…" Esekiel 28

Ved Guds heilage fjell (YERU/MORIA) starta sivilisasjonen og her skal igjen senteret vera når alle ting vert gjenoppretta .

http://www.templemountfaithful.org/multimedia/documentary.htm

I Esaias 2 står det best uttrykt på engelsk.

'For Torah will go forth out of Zion, and God's word from Jerusalem' (Isaiah 2:3).

” I dei siste dagar skal det henda
at Herrens tempelberg skal stå
grunnfest høgt over alle fjell
og lyfta seg opp over haugane.
Dit skal alle folkeslag strøyma.
3 Mange folk skal gå av stad og seia:
«Kom, lat oss fara opp til HERRENS FJELL,
til huset åt Jakobs Gud,
så han kan læra oss sine vegar,
og vi kan ferdast på hans stigar!
For frå Sion skal LOVLÆRE gå ut,
og Herrens ord frå Jerusalem.»

Dette er bokstavlege ord.

Kva lære skal gå ut frå Jerusalem under Yeshuas leiing?

TORAH.

Det stemmer godt med Yeshuas ord når han siktar til ”lova og profetene”..

Dette grunnlaget for læring er ikke avskaffa.

I 1000-årsriket vil menneska finna visdom  hjå Guds Folk med utgangspunkt i Jerusalem, i det bokstavlege MidtAusten.

Som Sakarja 14 seier:

"Den dagen skal det henda at det renn levande vatn ut frå Jerusalem, den eine halvparten til havet i aust og den andre halvparten til havet i vest. Såleis skal det vera både sommar og vinter.
 Då skal Herren vera KONGE OVER HEILE JORDA. Den dagen skal Herren vera éin og namnet hans det einaste..."

”Folkeslaga skal reisa til Jerusalem for å læra.

I den falske erstatningsteologien har dei kristne brote bånda til dette.

No er det det ”åndelige Israel” som råder. Det er sjølvsagt ein stor bløff , men ein effektiv måte å bryta ned den enkle forståinga av Guds ord.

Gå til innlegget

DEI UTVALDE

Publisert nesten 7 år siden

Kven er det?

Etter Torleif Elgvin sitt lumske innlegg om forståinga av kven som er ”Israel” er det viktig å få sett ting på plass.

Yeshua var jøde og Matteus 5 fortel oss at Han forkynte at ”lova og profetene” (Tanakh) var Guds ord og at desse tinga ikkje skal opphevast så lenge jorda står.

http://no.wikipedia.org/wiki/Tan%C3%A1kh

”Tru ikkje at eg er komen for å oppheva lova eller profetane! Eg er ikkje komen for å oppheva, men for å oppfylla.18Sanneleg, det seier eg dykk: Før himmel og jord forgår, skal ikkje den minste bokstav eller ein einaste prikk i lova forgå – før alt har hendt.19Om då nokon opphevar eit einaste av desse minste boda, og lærer menneska såleis, skal han reknast for den minste i himmelriket. Men den som held boda og lærer andre det, han skal vera stor i himmelriket.20Ja, det seier eg dykk: Er ikkje dykkar rettferd mykje større enn rettferda åt dei skriftlærde og farisearane, kjem de aldri inn i himmelriket”.

Kva les me om td landeløfta i Tanakh ?

Ingenting av dette er oppheva eller omdefinert .

Det er det den falske erstatningsteologien som har gjort.

I GT er det to grupper som vert definert.

1.Guds Folk (dei utvalde)

2.Folkeslaga eller heidningane.

Striden på slutten gjeld desse ”UTVALDE” - Guds Folk på den eine sida og NASJONANE eller folkeslaga på den andre.

I endetida har heidningane eller folkeslaga teke seg til rette i Guds Land i det bokstavlege Midt Austen og utført eit nytt holocaust mot jødefolket. 

”Sjå, det kjem ein Herrens dag. Då skal det hærfanget dei har ført bort frå deg, skiftast ut hjå deg.
2 Eg vil samla ALLE FOLKESLAGA til strid mot Jerusalem. Byen skal verta teken, husa plyndra og kvinnene tekne med vald. Halve byen skal førast bort i fangenskap, men resten av folket skal ikkje rydjast ut or byen.
3 HERREN SJØLV skal fara ut og strida mot desse folka som på stridens dag, den dagen han gjekk til kamp. 4 Den dagen skal han stå med FØTENE PÅ OLJEBERGET, som ligg RETTAUST FOR JERUSALEM. Og Oljeberget skal DELA SEG I TO frå aust til vest, så det vert ein brei dal. Den eine halvparten av fjellet vik unna mot nord og den andre mot sør.5 Dalen attmed fjellet mitt skal fyllast, for dalen mellom fjella skal nå heilt til Asal. Og de skal røma som de rømde for jordskjelvet i dei dagar Ussia var konge i Juda. DÅ SKAL HERREN MIN GUD KOMA OG ALLE HEILAGE MED HAN.” Sakarja 14

Dette er heilt bokstavlege ord.

Teksten beskriv Yeshuas gjenkomst til Oljeberget i det bokstavlege Jerusalem. Dei heilage englane er med han slik Matteus 24 seier det.

”Så snart denne trengselstida er over….skal teiknet åt Menneskesonen syna seg på himmelen, og alle folk på jorda skal setja i med klagerop; og dei skal sjå Menneskesonen koma på himmelskyene med stor makt og herlegdom.31Medan luren ljomar, skal han senda ut englane sine, og dei skal samla dei han har valt seg ut, frå heimsens fire hjørne, frå himmelbryn til himmelbryn.”

Trengselstida kjem fyrst over Guds Folk. I detalj beskriv utallige tekstar korleis denne ”Jakobs trengsel” er.

Daniels 12 kpt beskriv denne trengselstida og Yeshua nyttar dei same orda.

”På den tid skal Mikael,
den store fyrsten, stiga fram,
han som vernar dine landsmenn.
Det skal koma ei trengselstid
som det ikkje har vore maken til
heilt sidan folkeslag vart til.
Men på den tid skal FOLKET DITT VERTA FRELST,
alle som er oppskrivne i boka.
2 Og mange av dei som søv i molda,
skal vakna opp,..”

Av samanhengen ser me at det gjeld på den ytterste dag. Oppstandelsen kjem når denne trengselstida er over.

”Når makta åt det heilage folket (GUDS FOLK)er heilt knust, kjem slutten på alt dette.» Daniel 12 

Problemet til mange kristne er at dei les tekstene med erstatningsteologiens falske briller på. Dei les seg sjølv inn i tekstane.

Når det står td Jerusalem så vert det omtolka til å vera td KYRKJA .

Det er denne falske forståinga Paulus diverre er far til og som han nyttar utallige gonger.

Galatarane 4 td:

”Det står skrive at Abraham hadde to søner, ein med trælkvinna og ein med den frie kvinna.23Son til trælkvinna er fødd på vanleg måte, son til den frie kvinna er fødd etter Guds lovnad.24Dette har ei djupare meining. Dei to kvinnene står for to pakter. Den eine, Hagar, er pakta frå Sinai-fjellet; ho føder til trældom.25Hagar STÅR FOR SINAI-FJELLET I ARABIA OG SVARAR TIL DET JERUSALEM SOM NO ER, og det lever i trældom med sine born. 26Men det Jerusalem som er der oppe, er fritt, og det er mor vår. For det står skrive:
27 Gled deg, du barnlause, som ikkje fødde.
Set i og jubla, du som ikkje hadde rier.
For den einslege kvinna har fleire born
enn ho som har mann.”

Kor hentar Paulus desse sitata frå?

”Rop av glede, du barnlause,
du som ikkje fødde!
Set i med fagnadrop og jubla,
du som ikkje hadde rier!
For den einslege kvinna har fleire born
enn ho som har mann, seier Herren”.Esaias 54.

Det er eit misbruk av teksten utan like.

Gud beskriv i teksten korleis Han har vore harm på folket sitt pga deira fråfall .

Difor må dei oppleva desse vonde trengslene.

Gud er barmhjertig og tilgjevande og etter ei stund  ordnar Han opp i problema og let Israel igjen få fred og lykke når 1000-årsriket kjem.

http://bki.net/6000/clip_image014.jpg

”Herrens fredspakt
7 Ei lita stund gjekk eg frå deg,
men i mi store miskunn
vil eg føra deg heim att.
8 Då vreiden steig opp i meg,
løynde eg andletet for deg ein augneblink.
Men med EVIG NÅDE
vil eg miskunna deg,
seier Herren, din utløysar.
9 For meg er dette som i Noahs dagar,
den gongen eg svor at Noah-flaumen
aldri meir skulle koma over jorda.
På same måten sver eg no
at eg ALDRI MEIR SKAL HARMAST på deg og refsa deg”

Tekstene i Matteus 24 handlar om dei UTVALDE. SABBATEN vert spesielt nemnd.

Den store trengsla
15 Når de då ser at «den øydande styggedomen», som profeten Daniel har tala om, står på den heilage staden – skjøn det, den som les! –16 då må dei som er i Judea, røma til fjells;17 den som er på taket, må ikkje gå ned og henta noko i huset;18 og den som er ute på marka, må ikkje gå heim etter kappa si.19 Stakkars dei som ventar barn og dei som gjev bryst i dei dagane!20 Men bed at de må sleppa å røma om vinteren eller på ein SABBAT For då skal det verta så store trengsler som det aldri har vore frå verda vart skapt og til no, og som det heller aldri meir skal verta.22 Og vart ikkje den tida avkorta, kom ikkje noko menneske til å verta frelst. Men for dei UTVALDE skuld skal den tida gjerast kortare. ”

Elgvin brukar ordet okkupasjon.

Gud kallar dette området for Sitt Land.

Tekstane i Joel 3 fortel  kva synder verdssamfunnet kjem til å gjera når dei DELER Guds Land.

"Herrens dom over folka
6 For sjå, i dei dagar og på den tid,
når eg vender lagnaden for Juda og Jerusalem,
7 då vil eg samla alle folkeslag
og føra dei ned i Josjafat-dalen.
Der vil eg halda rettargang med dei
om Israel, mitt folk og min eigedom,
som dei spreidde mellom folka.
Dei DELTE LANDET MITT
8 og kasta lodd om folket mitt;
dei gav ein gut for ei skjøkje
og selde ei jente for vin – og drakk.."

Det er trist og vondt at kristne og vert med på korstoget som no kjem mot nasjonen Israel.

Som ein prest sa til meg så gjeldfolkeretten og dersom ikkje Israel bøyer (okkupasjon)så har verdssamfunnet rett til å gripa inn (militært).

Kor blind går det an å verta ?

Gå til innlegget

Åndeleg Israel - ein bløff

Publisert nesten 7 år siden

Bokstavleg Israel

Kjernestriden på slutten  gjeld retten til Israels land og byen Jerusalem.

Rashi seier:
“The entire book of Genesis was included in the Torah for one purpose. At the “End of Days” just prior to the redemption the Jews will have returned to their ancient homeland.
The non-Jewish nations will then claim that the Jews are thieves who stole the land from others.
In response, the Jews will produce the Book of Genesis, where G-d repeatedly assures each of the Patriarchs that the Holy Land is given to their descendants.”

http://www.biblesearchers.com/prophecy/ezekiel/gogumogog.shtml

Det er dette me ser no.

"Okkupasjon ” er ordet som vert brukt.

Det gjer seg utslag i td slike påbod.

http://www.aftenbladet.no/nyheter/lokalt/dalane/Departementet-snur-Utelukker-Karmel-fra-skattefradrag-3034144.html

Som sitert:
” Dei ikkje-jødiske nasjonane vil hevda at jødane er tjuvar som har stole landet frå andre.”

Som gjenteke utallige gonger er nesten heile den kristne verda bedradd av Paulus som har kome med denne falske erstatningsteologien.

Dei enklaste tekstene vert omtolka slik at dei skal passa inn i eit åndeleg Israel.

Medan GT snakkar om eit spesielt utvalgt folk som Gud har gitt eit spesielt landområde , greier dei kristne å ånderleggjera det heile og gjera Guds ord til inkjes.

Tekstane som fortel om Israels land /Jerusalem gjer ikkje inntrykk fordi dei automatisk vert omtolka i tankene til eit åndeleg Israel.Dette vert då dei "Jesustruande".

”Sjå, det kjem ein Herrens dag. Då skal dei dela krigsbyttet dei røva hos deg.
2 Eg vil samla alle folkeslaga til krig mot Jerusalem. Byen skal bli teken, husa plyndra og kvinnene valdtekne. Halve byen må gå i eksil, men resten av folket skal ikkje ryddast ut frå byen.
3 Herren skal fara ut og føra krig mot desse folkeslaga slik han før har ført krig på stridens dag. 4 Den dagen skal han stå med føtene på Oljeberget som ligg rett mot Jerusalem, i aust. Oljeberget skal rivna i to frå aust til vest, og det skal bli ein veldig dal. Den eine halvparten av fjellet vik mot nord og den andre mot sør. 5 Då skal de rømma gjennom fjelldalen min, for dalen mellom fjella skal…” Sakarja 14

”Herrens dom over folka
6 For sjå, i dei dagane og på den tida,
når eg vender lagnaden for Juda og Jerusalem,

7 då vil eg samla alle folkeslag
og føra dei ned i Josjafat-dalen.
Der vil eg halda rettargang med dei
om Israel, mitt folk og min eigedom,
som dei spreidde mellom folka.
Dei delte landet mitt

8 og kasta lodd om folket mitt,
dei gav ein gut for ei hore
og selde ei jente for vin,
og den drakk dei opp…” Joel 3

I det bokstavlege Israel vil dei siste hendingene utspela seg.

http://www.youtube.com/watch?v=sAycEHzJEGY&feature=gv

Det finst ikkje noko åndeleg Israel. Det er ein stor bløff.

Gud vil visa si store allmakt no når nasjonane samlar seg mot landet og påfører dei den verste trengselstida i historien.

Som Yeshua seier:

”Den store trengsla
15 Når de då ser at «den øydande styggedomen», som profeten Daniel har tala om, står på den heilage staden – skjøn det, den som les! –16 då må dei som er i Judea, røma til fjells;17 den som er på taket, må ikkje gå ned og henta noko i huset;18 og den som er ute på marka, må ikkje gå heim etter kappa si.19 Stakkars dei som ventar barn og dei som gjev bryst i dei dagane!20 21 For då skal det verta så store trengsler som det aldri har vore frå verda vart skapt og til no, og som det heller aldri meir skal verta.22 Og vart ikkje den tida avkorta, kom ikkje noko menneske til å verta frelst. Men for dei utvalde skuld skal den tida gjerast kortare.”…

Teksten er likefram og meiner det den seier.

Når jødene på slutten ser Antikrist med sine allierte gjera seg klar til å innta landet og byen, då må dei røma.

Sabbaten er spesielt nemnd.

” bed at de må sleppa å røma om vinteren eller på ein sabbat!”
Dei fleste kristne har alt forkasta sabbaten for soldagen.

Dei utvalgte er ikkje dei kristne ,med Guds folk i Israel.

Yeshua fortel om den verste trengselstida i historien som no på slutten kjem over nasjonen Israel.

Klagesongane fortel i detalj om denne grusomme tida.

Gå til innlegget

Yom Kippur

Publisert nesten 7 år siden

25/26 september

http://www.chabad.org/holidays/JewishNewYear/template_cdo/aid/177886/jewish/What-is-Yom-Kippur.htm

Me nærmar oss Yom Kippur .

“Yom Kippur is the holiest day of the year--the day on which we are closest to God and to the quintessence of our own souls. It is the Day of Atonement--"For on this day He will forgive you, to purify you, that you be cleansed from all your sins before God "(Leviticus 16:30).”


Yom Kippur er den viktigste høgtida som Gud innstifta i frelsesplanen.

Diverre har dei fleste kristne kasta desse Guds inspirerte høgtidene på søppelhaugen pga Paulus.

Desse 3 siste høgtidene i frelsesplanen skal oppfyllast heilt nøyaktig slik Gud innstifta dei.

1/7 - Basundagen (Rosh Hashana,Yom Teruah)

10/7 - Yom Kipper (dommens dag)

15/7 - Lauvhyttefesten (Sukkot)

Etter 6000 år eller 120 jubileum oppfyllest desse festane heilt nøyaktig.

I 3 Mosebok 23 og 25 vert alle desse 7 festane forklara.

Dei 4 fyrste vart oppfyllt då Yeshua kom fyrste gong.

Dei 3 siste er enno ikkje oppfyllt , noko dei vert om 16 år.

Sabbaten er viktig for å forstå dette.

3 Mosebok 25 seier:

”Seks år skal du så til åkeren din, og seks år skal du skjera vinstokkane og samla inn grøda i landet. 4 Men i det sjuande året skal det vera sabbat, eit kvileår for landet, ein sabbat for Herren. ”

Etter 6000 år kjem 1000-årsriket då jorda skal kvila. Yeshua kjem igjen til det bokstavlege Jerusalem og skal styra kloden derifrå.

http://bki.net/6000/clip_image014.jpg

Som Barnabas seier:

http://www.earlychristianwritings.com/text/barnabas-lightfoot.html

”Give heed, children, what this meaneth; He ended in six days. He meaneth this, that in six thousand years the Lord shall bring all things to an end; for the day with Him signifyeth a thousand years; and this He himself beareth me witness, saying; Behold, the day of the Lord shall be as a thousand years. Therefore, children, in six days, that is in six thousand years, everything shall come to an end. Barnabas 15:5 And He rested on the seventh day. this He meaneth; when His Son shall come, and shall abolish the time of the Lawless One, and shall judge the ungodly, and shall change the sun and the moon and the stars, then shall he truly rest on the seventh day”

Dagane i skapingsberetninga viser til desse 6000 åra eller 120 jubileum som no snart er slutt.

”Frigjevingsåret
8 Så skal du telja sju sabbatsår fram, sju gonger sju år, så tida for dei sju sabbatsåra blir førtini år. 9 Den tiande dagen i den sjuande månaden skal du blåsa høgt i horn; på soningsdagen skal de la hornet lyda i heile landet.10 De skal halda det femtiande året heilagt og ropa ut fridom i landet for alle som bur der. Det skal vera eit frigjevingsår for dykk. Då skal de koma tilbake, kvar til sin eigedom og kvar til si slekt.11 Det femtiande året skal vera eit frigjevingsår for dykk.”

Yom Kippur fell i jubelåret (50) den tiande dagen i den sjuande månaden.

I Edens hage (der Guds heilage fjell -YERU ligg )mista menneska fridomen sin. I det store jubelåret får menneska det tilbake.

”I dette frigjevingsåret skal de koma tilbake, kvar til sin eigedom” 3 Mosebok 25.

Yeshua seier at han kjem tilbake til kloden for å henta sine , slik at dei skal vera der Han er.
Tekstane i GT fortel oss at Yeshua skal styra kloden frå Jerusalem og menneska på kloden skal læra seg å lyda Guds lov.

Sakarja 14 fortel kva som skjer med dei folkeslaga som ikkje lyder.

”Om nokon av slektene på jorda ikkje fer opp til Jerusalem for å tilbe kongen, Herren over hærskarane, skal regnet ikkje falla over dei.18 Det skal heller ikkje falla over egyptarane om dei ikkje fer opp og ikkje kjem. Dei skal råkast av same plaga som Herren lèt råka dei folkeslaga som ikkje fer opp for å feira lauvhyttefesten.19 Dette skal vera straffa for Egypt og alle folkeslaga som ikkje fer opp for å feira lauvhyttefesten.”

Esaias 66 fortel om nymånedagane og sabbaten.

”For slik den nye himmel
og den nye jord som eg skaper,
alltid skal stå for mitt andlet, seier Herren,
slik skal dykkar ætt og namnet dykkar stå seg.

23 Og det skal skje:
frå nymånedag til nymånedag,
frå sabbat til sabbat,
skal alle menneske koma
og tilbe for mitt andlet,
seier Herren.”

Guds rike er her på jorda .Det er her me skal leva videre i kjøt og blod slik Gud hadde til hensikt i starten.

Yeshua reiste til sin Far og sa desse orda før han reiste.

”Eg seier dykk: Heretter skal eg ikkje drikka av denne frukta av vintreet før den dagen eg drikk henne ny saman med dykk i riket til Far min.»

Neste gong me skal samlast i Guds rike til denne store hendinga er 5 dagar etter Yom Kippur på lauvhyttefesten i Jerusalem etter 6000 år.

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Kristen kamelsluking
av
Espen Ottosen
18 dager siden / 3202 visninger
For kort for Jesus?
av
Øyvind Hadland
24 dager siden / 2406 visninger
Om Gud vil
av
Vårt Land
26 dager siden / 2342 visninger
En prest og en gave
av
Anita Reitan
12 dager siden / 2331 visninger
Fem om dagen: en sunn tro
av
Berit Hustad Nilsen
12 dager siden / 1787 visninger
Politikk og religion sauses sammen
av
Helge Simonnes
9 dager siden / 1608 visninger
Å trene motstandskraften
av
Knut Arild Hareide
25 dager siden / 1479 visninger
Jakt og offer
av
Hilde Løvdal Stephens
6 dager siden / 1380 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere