Torstein Langesæter

Alder: 60
  RSS

Om Torstein

Me er kome til år 5985 etter Adam og Eva. ... Etter 6000 år kjem 1000-årsriket..... Yeshua skal styra kloden frå Jerusalem .....
Antikrist er avslørt GeOrGe neBUSHadnezzar .... dyret som kjem tilbake til alle si overrasking når Iran bombar USA.....
Kontakt tolelang@gmail.com

Følgere

NOA og ENOK

Publisert over 10 år siden

Eg vil ta for meg to viktige personar i GT – NOA og ENOK.

Syndefloda og forteljinga om Noah er ei av dei mektigaste i Skrifta.
Noah vert introdusert i 1 Mosebok 5.

”Etter at Lamek hadde fått Noah, levde han endå 595 år og fekk søner og døtrer. 31 Heile levetida åt Lamek vart 777 år. Så døydde han.
32 Då Noah var 500 år, fekk han sønene Sem, Kam og Jafet.” 1 Mosebok 5,31

”Herren såg at vondskapen var stor hjå menneska på jorda. Alle tankar som rørte seg i hjarto deira, var vonde dagen lang. 6 Då angra Herren at han hadde skapt menneska på jorda, og han var full av sorg i hjarta sitt. 7 Han sa: «Eg vil rydja ut av jorda menneska som eg har skapt, ja, ikkje berre menneska, men feet og krypdyra og fuglane under himmelen òg. For eg angrar at eg har skapt dei.» 8 Men Noah fann nåde hjå Herren.” 1 Mosebok 6

Syndefloda kom fordi menneska ikkje gjorde slik Gud hadde sagt, men gjekk med vilje i mot Hans lov.

I advarselen frå Gud står det:

” 3 Då sa Herren: «Min ande skal ikkje for alltid bu i menneska; for dei er berre veike skapningar. Levetida deira skal vera 120 år.»” I Mosebok 6,3

Dette har ei dobbel betydning. Noah forkynte for menneska på hans tid i 120 år at syndefloda skulle koma , men det siktar og til desse 120 jubileum -6000 år som menneska har fått. Så lenge skal Gud stridast med menneska.For å gjera biletet komplett var Noah 600 år då syndefloda kom –eit varsel om at etter 6000 år er det slutt.

”det året då Noah fylte 600 år, den syttande dagen i den andre månaden, braut alle kjelder frå det store havdjupet fram, og himmellukene opna seg. 12 Og regnet strøymde ned på jorda i førti dagar og førti netter. 13 Den dagen gjekk Noah inn i arka, og Sem, Kam og Jafet, sønene til Noah, og kona til Noah og dei tre sonekonene hans” 7,11

”Berre Noah og dei som var med han i arka, vart att. 24 Og vatnet flødde over jorda i hundre og femti dagar.” 7,23

”Den syttande dagen i den sjuande månaden tok arka grunn på Ararat-fjella. 5 Og vatnet minka meir og meir heilt til den tiande månaden. Den fyrste dagen i den tiande månaden synte fjelltoppane seg.” 8,4

”Den syttande dagen i den sjuande månaden tok arka grunn på Ararat-fjella. 5 Og vatnet minka meir og meir heilt til den tiande månaden. Den fyrste dagen i den tiande månaden synte fjelltoppane seg.” 8,4

13 I det året Noah fylte 601 år, den fyrste dagen i den fyrste månaden, hadde vatnet turka bort frå jorda. No tok Noah taket av arka, og då han såg utover, var jorda turr. 14 Den tjuesjuande dagen i den andre månaden var ho heilt turr.

I bibelsk kronologi kom syndefloda 292 år før Abraham vart fødd.
Den kom 2317 år før Kristus.

Med andre ord er det berre 4326 år sidan flommen dekka heile kloden.

Den må nødvendigvis ha laga store spor.

Og det er det veldig enkelt å sjå i naturen om ein legg til grunn at det har vore ei global syndeflod.

Jasers bok fortel og om kva som skjedde på Noah si tid då han forkynte for menneska som levde då.

http://www.ccel.org/a/anonymous/jasher/home.html
kpt 6:

“And all the sons of men that were left upon the earth, became exhausted through evil on account of the rain, for the waters were coming more violently upon the earth, and the animals and beasts were still surrounding the ark.

And the sons of men assembled together, about seven hundred thousand men and women, and they came unto Noah to the ark.
And they called to Noah, saying, Open for us that we may come to thee in the ark--and wherefore shall we die?

And Noah, with a loud voice, answered them from the ark, saying, Have you not all rebelled against the Lord, and said that he does not exist? and therefore the Lord brought upon you this evil, to destroy and cut you off from the face of the earth.
Is not this the thing that I spoke to you of one hundred and twenty years back, and you would not hearken to the voice of the Lord, and now do you desire to live upon earth?”

Jesus seier at folk som ikkje trur/høyrer det som står i mosebøkene og dei profetiske bøkene , dei trur heller ikkje på Han.

Jesus seier om Noah og endetida:

”Som det var i Noahs dagar, så skal det vera når Menneskesonen kjem. 38 I tida før storflaumen åt og drakk dei, gifte seg og vart bortgifte, heilt til den dagen då Noah gjekk inn i arka, 39 og ingen skjøna noko før flaumen kom og tok dei alle. Slik skal det òg vera når Menneskesonen kjem. 40 Då skal to menn vera ute på marka; éin blir henta, éin blir att. 41 To kvinner skal mala saman på kverna; éi blir henta, éi blir att.” Matteus 24

Jesus brukar Noah som eit bilete på dette som no skal skje ved Jesu gjenkome.

I 2 Peter 2 står det:

”For Gud sparte ikkje englar som hadde synda, men støytte dei ned i avgrunnen, der dei blir haldne i varetekt med lenkjer i mørkret heilt til dommen. 5 Heller ikkje sparte han den gamle verda. Det var berre Noah, som forkynte rettferd, og sju andre han berga då han lét storflaumen koma over ei verd av ugudelege. 6 Byane Sodoma og Gomorra la han i oske og dømde dei til undergang; han gjorde dei til ei åtvaring for dei som seinare ville leva eit ugudeleg liv.
”7 I tru fekk Noah varsel om det han endå ikkje såg. I gudsfrykt bygde han ei ark og berga huslyden sin. Trua hans vart ein dom over verda, og sjølv vart han arving til den rettferda som trua gjev”. Hebrearane 11

Bibelens ord handlar om synd og Guds handlemåte når menneska ikkje vender om .

ENOK var den sjuande generasjonen etter Adam.

” Det var om desse Enok, Adams etterkomar i sjuande leden, spådde då han sa: «Sjå, Herren kjem med sine heilage(englar)i tusental.

15 Han vil halda dom over alle og straffa alle menneske for deira ugudelege gjerningar, og for alle harde ord dei har tala mot han, desse gudlause syndarane.» Judas brev

Judas fekk sjå Jesu gjenkome som no vil finna stad etter 6000 år.
Jesus beskriv det slik:

”Så snart denne trengselstida er over (jødane og Israel), skal sola formørkjast og månen mista sitt lys. Stjernene skal falla ned frå himmelen og kreftene i himmelrommet bli rokka. 30 Då skal teiknet til Menneskesonen syna seg på himmelen, då skal alle folk på jorda setja i med klagerop, og dei skal sjå Menneskesonen koma på himmelskyene med stor makt og herlegdom. 31 Medan basunen ljomar, skal han senda ut englane sine, og dei skal samla dei han har valt seg ut, frå dei fire verdshjørna, frå den eine enden av himmelen til den andre.” Matteus 24,29

Enok levde før syndefloda og i hebrearbrevet står det:

” I tru vart Enok bortrykt utan å døy. Ingen såg han meir, for Gud hadde teke han til seg. Før han vart bortrykt, fekk han vitnemål om at han var til glede for Gud. 6 Utan tru er det umogleg å vera til glede for Gud. For den som stig fram for Gud, må tru at han er til, og at han løner dei som søkjer han.” Heb 11

1 Mosebok 5 seier:

” Då Enok var 65 år, fekk han sonen Metusjalah. 22 Enok ferdast med Gud i 300 år etter at han hadde fått Metusjalah, og han fekk søner og døtrer. 23 Heile levetida åt Enok vart 365 år. 24 Enok ferdast med Gud. Så vart han borte, for Gud tok han til seg.”
Av Skrifta er det tydeleg at Enok og Noa var konkrete personar,ikkje sagnfigurar . Det same gjeld dei andre personane som er nemnde. Pga av såkalla vitskap har diverre mange kristne fjerna seg frå Bibelens ord.

”Guds vreide blir openberra frå himmelen over alt ugudeleg og all urett hos menneske som held sanninga nede i urett. 19 For det ein kan vita om Gud, ligg ope framfor dei; Gud har sjølv avdekt det. 20 For hans usynlege vesen, både hans evige kraft og hans guddom, har menneska kunna sjå og skjøna av gjerningane hans heilt frå verda vart skapt. Difor har dei ikkje noko å unnskylda seg med. 21 Dei kjende Gud, men likevel æra og takka dei han ikkje som Gud. Med sine tankar enda dei i det som ingenting er, og deira uforstandige hjarte vart formørkte. 22 Dei påstod dei var kloke, men dei enda i dårskap. 23 Dei bytte ut den uforgjengelege Guds herlegdom med bilete av forgjengelege menneske, av fuglar, firføtte dyr og krypdyr.” Romarane 1


Gå til innlegget

Guds høgtider

Publisert over 10 år siden

Det er veldig viktig å forstå dei jødiske høgtidene.
Jødane har 7 festar/dagar eller høgtider.
Desse festane viser korleis frelsesplanen skal gjennomførast.

4 av festane vart oppfyllt ved Jesu FYRSTE kome.
Dei 3 siste vil verta oppfyllt no ved Jesu ANDRE kome.
Det er

1/7 Rosh Hashana eller "blåse i basundagen"
10/7 Yom Kippur eller dommens dag.
15/7 Lauvhyttefesten

Vårhøgtidene som vart oppfyllt då Jesus kom fyrste gong er beskrive i 3 Mosebok 23.

"Dette er Herrens høgtider, dei heilage samlingane som de til fastsette tider skal ropa ut. 5 Den fjortande dagen i den fyrste månaden, straks etter soleglad, er det påske for Herren. 6 Og den femtande dagen i same månaden er det usyrdebrødshelg for Herren.... skal de gå til presten med det fyrste kornbandet de har skore. 11 Han skal svinga det for Herrens åsyn, så Herren kan ha hugnad i dykk. Dagen etter sabbaten skal presten svinga kornbandet. .. 15 Frå dagen etter sabbaten, frå den dagen de kjem med kornbandet som skal svingast, skal de telja sju fulle veker. 16 Femti dagar skal de telja, til dagen etter den sjuande sabbaten...

Jesus doydde 14 Nissan då påskelammet vart slakta.
15 Nissan låg Han i grava.
16 Nissan stod Han opp.
7 veker etterpå kom pinsefestens dag slik høgtidene/appointed times til jødane var innstifta.

På same måten som vårhøgtidene vart oppfylt heilt nøyaktig etter Guds plan vil hausthøgtidene verta det.
Ordet høgtid betyr "den fastlagte tida" eller "appointed time".
I høgtida er det forklara kva som skal skje og KORTID det skal skje.

Yom Kippur eller dommens dag er den viktigaste hendinga.
Den kjem 10 dagar etter varslingsdagen.

Så kjem lauvhyttefesten eller Sukkot. Sukkot er namnet på den plassen israelittane kom til etter at Gud redda dei gjennom havet.

Desse hausthøgtidene vil no verta nøyaktig oppfyllt på dagane slik dei er angitt i forbilda.

"Herren tala til Moses og sa: 24 Sei til israelittane: Den fyrste dagen i den sjuande månaden skal de halda kviledag....
26 Herren tala til Moses og sa: 27 Den tiande dagen i same månaden skal vera soningsdag... 33 Herren tala til Moses og sa: 34 Sei til israelittane: Frå den femtande dagen i den sjuande månaden skal de halda lauvhyttehelg for Herren i sju dagar.. 3 Mosebok 23

Yom Kippur er knytta til jubelåret eller frigjevingsåret.
3 Mosebok 25 seier:

"Så skal du telja sju sabbatsår fram, sju gonger sju år, så tida for dei sju sabbatsåra vert førtini år. 9 Og den tiande dagen i den sjuande månaden skal du blåsa i horn; på soningsdagen skal de la hornet lyda i heile landet. 10 De skal halda det femtiande året heilagt og lysa ut fridom i landet for alle som bur der. Det skal vera eit frigjevingsår for dykk. Då skal de koma attende, kvar til sin eigedom og si ætt. 11 Det femtiande året skal vera eit frigjevingsår for dykk. Då skal de ikkje så, ikkje hausta det kornet som har sått seg sjølv, og ikkje plukka druene av ustelte vintre. 12 For det er eit frigjevingsår; og de skal halda det heilagt. De skal eta av grøda på marka.
13 I frigjevingsåret skal de koma attende, kvar til sin eigedom."

Det 120 jubileum er no i vente.
Dei 120 jubileum eller 6000 år sluttar no år 2028.

Jubelårsyklusen på 50 år har falle gjennom heile historien.
Det gjekk 2000 år eller 40 jubileum frå Adam til Abrahams kall.
Det gjekk 2000 år eller 40 jubileum frå Abrahams kall til Jesus las frå jubileumsprofetien i Esaias 61 det året Han vart døypt.

No me inne i dei siste 2000 åra eller 40 jubileum.

Gå til innlegget

Dei 6000 åra

Publisert over 10 år siden

Veldig mange kristne har fjerna seg frå bibelens klare ord om menneska si historie.

 

Etter Skrifta sine ord  var Adam og Eva dei to fyrste menneska.

 

 

http://bki.no/es/bkiforumb.asp?TOPIC_ID=1814


http://www.cephasministry.com/water/bible_believers_6000_years.html

 



Gud skapte på 6 dagar og kvilte på sabbaten.


På same måten har Gud gitt menneska 6000 år før 1000-årsriket kjem.


Desse 6000 åra er enno ikkje slutt.



Mange forventa at desse 6000 åra skulle slutta ca 1996 slik Ussher meinte.

 


http://en.wikipedia.org/wiki/Ussher_chronology

Desse 6000 åra sluttar om  ca 19 år.



Desse 6000 åra er inndelt i 3 periodar på 2000 – 2000 - 2000 år

Den fyrste perioden er frå Adam til Abrahams kall.


Den andre 2000- årsperioden er frå Abrahams kall til Jesus vart døypt.


Den tredje og siste 2000- årsperioden er frå Jesu vart døypt ca år 28 inntil 2000 nye år er slutt.

 

Årene 1- 2000 (etter syndefallet), ble kalt TOHU eller adskillelsen.

Årene 2000 - 4000 ble kalt TORAH eller opplysning (etter at loven ble gitt)

Årene 4000 - 6000 ble kalt Y'MOT MASHIACH, Messias' dager (begynte ved Jesu fødsel i det 4000. år).

Vi er fremdeles i denne tidsperiode.


I det 6000. år er det forventet at det Messianske riket skal komme, og det skal vare inntil år 7000.

Da begynner OLAM HABA eller evigheten.
Oldtidens rabbinere så 7 dagers uken som et mønster for 7000 års planen fra Gud. De trodde at sabbaten var et bilde på det Messianske riket, som vi kaller for tusenårsriket."

 

 

Jødane skriv om desse 6000 åra mange stader

 

The Olam Hazeh is sometimes divided into three distinct periods:

A. The Age of Tohu - The age of desolation. The first 2000 years of the Olam Hazeh, i.e. from the fall of Adam until the calling of Abraham.

B . The Age of Torah - The age of instruction. During this age, each of us is given
the opportunity to honor the Name of the LORD by peforming mitzvot and
learning Torah.

C . The Age of Messiah -- "Yemot Hamashiach" or the Messianic Era. The Messiah
will usher in a new era of peace for humanity and restore national Israel to
greatness. The Messiah will usher in Yom YHVH, the "Day of the LORD,"....

Jødane delte inn åra i jubelår eller frigjevingsår. Jubelåret  kom kvart 50.år. 

Syndefloda er den store katastrofen som Skrifta spesielt nemner forandra kloden

 

Syndefloda kom 1656 år etter Adam .

 

Den kom 292 år før Abraham vart fødd

 

Den globale syndefloda kom 2317 år Kristus.



6000 år er 120 jubileum.
(120*50)

Moses er eit bilde på desse 120 jubileum. Han vart 120 år og livet hans var inndelt i 3 periodar på 40-40-40.

 


Han var 40 år i Egypt ,så 40 år i landflyktighet og så leia han Israel i 40 år . Så gjekk Israel inn i Kanaan.

Heile bibelen er full av slike bilete.

Me går no inn i dei siste åra før Jesu gjenkome.

 

Stridens kjerne vert i Israel og Jerusalem. Israel eller jødane er Guds Folk og snart vil alle folkeslag samla seg mot landet for å knusa dei.

I likninga om fikentreet gjev Jesus oss det sikre teiknet.


fritt oversett frå artikkelen
http://www3.telus.net/thegoodnews/finalgeneration.htm

”Og då han var på Oljeberget,kom disiplane til Jesus…dei sa: ”Gjer kjent for oss kva som er teiknet på Din gjenkomst og verdas ende,slik at me kan forstå det og fortelja andre om det”..og Jesus sa: ”Forstå likninga om fikentreet. Når de ser at det skyt knoppar og det blømer ,då veit de at det er nær slutten”.Og eg Peter svara og sa til han: ” Forklar dette med fikentreet, korleis me skal forstå det,for fikentreet blømer og gjev si frukt kvart år. Kva er meininga med fikentreet?”
Me forstår det ikkje.Jesus svara han og sa :


”Forstår du ikkje at fikentreet er Israels hus(nasjonen Israel).Likssom ein mann planta eit fikentre i hagen sin og det ikkje gav frukt sjølv om han venta på det i fleire år..då han såg at fikentreet ikkje gav frukt ,gav han beskjed om å riva treet opp med rota…Jesus seier : Har de ikkje forstått at fikentreet er Israels Hus (nasjonen Israel).Eg seier til deg at når fikentreet skyt knoppar og blømer i endetida,då skal forførande messiasar stå fram og gje håp til menneska med orda sine…”

Likninga om fikentreet er forteljinga om Guds Folk – Israel eller jødane som fekk mange sjansar . Gud såg etter treet slik ein gartnar gjer det. Men frukta kom ikkje.Til slutt gav han beskjed om å fjerna treet.


Men Gud har ikkje forkasta Folket sitt.
I 1948 oppfylte Han likninga om fikentreet . Han gjenoppretta nasjonen Israel igjen , slik Han hadde lova.
Jesu ord er at ” den generasjonen som ser fikentreet livna til liv igjen ,skal ikkje dø ut før alt har skjedd -før Jesu gjenkomst har inntruffe.
Med andre ord skal nokon av dei som levde i 1948 ikkje dø ut før alt har skjedd. Dei 6000 åra har sin slutt i år 2028. Då har det og gått 80 år sidan staten Israel vart gjenoppretta.


Dersom ein ser på den bibelske kronologien så vart Abraham fødd år 1948 (sjå artikkel) etter Adam.

 

Gå til innlegget

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere