Torstein Langesæter

Alder: 60
  RSS

Om Torstein

Me er kome til år 5985 etter Adam og Eva. ... Etter 6000 år kjem 1000-årsriket..... Yeshua skal styra kloden frå Jerusalem .....
Antikrist er avslørt GeOrGe neBUSHadnezzar .... dyret som kjem tilbake til alle si overrasking når Iran bombar USA.....
Kontakt tolelang@gmail.com

Følgere

www.sokelys.no

Publisert nesten 8 år siden

Libya

Eg har vorte litt kjend med nettsida

www.sokelys.no

Ikkje det at eg er einig i alt dei skriv,men der er mange gode artiklar .

Den siste artikkelen no fall i smak.

Det gjeld dette militærangrepet som Norge var med på i Libya i demokratiets og fridomens namn."

Ironi: "Det er verkeleg fred Vesten skapar"

"Fredsprisvinner Obama og Nato har blod på hendene ved å hjelpe islamister til makten i Libya

Den kristne minoriteten i Libya bør så avgjort planlegge et exodus fra landet nå som ytterliggående islamister er i ferd med å overta det oljerike landet. I Libya finnes det nå ca 110 000 kristne, fortrinnsvis koptere, katolikker og en mindre gruppe anglikanere og disse bør komme seg ut før det er for sent"................................LES VIDARE .....

 http://www.sokelys.com/libyaislam.htm

 

Gå til innlegget

BRENNHUG FOR JERUSALEM

Publisert nesten 8 år siden

SIONS DOTTER

Den siste trengselen over nasjonen Israel vert beskrive som fødselsveer.

Yeshua seier det slik:

”Folk skal reisa seg mot folk og rike mot rike, og det skal vera hungersnaud og jordskjelv mange stader. 8 Men alt dette er berre dei FYRSTE FØDERIENE.
9 Då skal dei forråda dykk (NASJONEN ISRAEL), driva dykk ut i trengsle og slå dykk i hel. Ja, ALLE FOLK SKAL HATA DYKK for mitt namn skuld.10 Mange skal då falla frå, og dei skal svika kvarandre og hata kvarandre..”

I Mika 4 står det slik:

”Men no, kvifor skrik du så sårt?
Er det ingen konge hjå deg?
Er han som rår over deg, komen bort
sidan du VRID DEG SOM I FØDSELSRIER?
10 Skrik og vrid deg, SIONS DOTTER,
som ei FØDANDE KVINNE,
for no lyt du bort frå byen (JERUSALEM)
og bu i villmarka.
Du skal koma til Babel,
men der vert du berga.
Der vil HERREN LØYSA DEG UT
or handa på fiendane dine.
11 No har MANGE FOLKESLAG SAMLA SEG MOT DEG.
Dei seier: «SION er vanæra,
vi ser på henne med lyst.»


12 Men dei kjenner ikkje Herrens tankar
og SKJØNAR IKKJE HANS PLAN:
å samla dei som korn på treskjevollen.
13 Stå opp og tresk, du Sions dotter,
for eg vil gje deg horn av jern
og klauver av kopar.
Du skal KNUSA MANGE FOLK
og vigsla deira hærfang til Herren,
deira gods til han
som er herre over all jorda.
14 No risp deg opp, DU KRINGSETTE DOTTER!

Det går igjen utallige stader i Skrifta- Israels siste store trengsel.

Heidningnasjonane (USA,NORGE,FRANKRIKE.OSV) har samla seg mot landet og kneblar dei .

Joel 3,22 fortel at Herren tek eit oppgjør med desse folka som har innteke landet Hans.

”Herren skal torna frå SION,
la røysta si ljoma frå JERUSALEM,
himmel og jord skal skjelva.
Men Herren er eit VERN FOR SITT FOLK,
ei borg for Israels søner.
22 Då skal de sanna
at eg er Herren dykkar Gud,
som bur på SION, MITT HEILAGE FJELL.
Jerusalem skal vera ein heilag stad,
der skal framande aldri meir koma inn.”

Sakarja 8 er veldig tydeleg:

”Så seier Herren, Allhærs Gud:
Eg er full av BRENNHUG FOR SION,
med stor harme brenn eg for det.
3 Så seier Herren:
Eg vender attende til Sion,
MIDT I JERUSALEM VIL EG BU.
Jerusalem skal kallast Truskapsbyen,
og BERGET åt Herren, Allhærs Gud,
skal kallast DET HEILAGE FJELLET.”

Sefanja 3 seier det like tydeleg.

”Herren har fria deg frå straffedomen
og TEKE BORT DINE FIENDAR.
Herren, Israels konge, er hjå deg,
du skal ikkje lenger vera redd noko vondt.
16 Den dagen skal dei seia til Jerusalem:
Ver ikkje redd, Sion!
Lat ikkje hendene siga!
17 Herren din Gud er hjå deg,
ei kjempe som kan frelsa.
Han gleder og frydar seg over deg,
tek deg atter inn i sin kjærleik.
Han jublar over deg med fryd,
18 som på ein høgtidsdag.
Eg friar deg frå den dagen
då du må tola spott.”

---------------------------

Det er ubegripeleg at ikkje kyrkjeleiarane greier å forstå kva som er SION eller Jerusalem i desse tekstane.

I erstatningsteologien ljos vert alle desse tydelege skriftstadene omtolka til ei "teologisuppe" utan logikk eller meining.

Jerusalem er ikkje lenger det bokstavlege Jerusalem. Sion er ikkje Sion lenger.

Guds augnestein - Jerusalem er no vorte den kristne kyrkja med bispekollegiet i spissen.

Gud kallar desse Baals prestar.Dei forkynner eit falskt bodskap.Dei har svikta Guds Folk og meiner at okkupasjonen må opphøyra.

Dersom dei hadde levd på Moses si tid ville dei stilt seg på Farao si side og kalla Josva for ein mordar.Og at Josva inntok landet ville dei kalla for okkupasjon.

Ban Ki-moon: Israeli occupation must end

http://www.middle-east-online.com/english/?id=50032

 

Gå til innlegget

Himmelriket

Publisert nesten 8 år siden

Det store gjestebodet

Herrens gjestebod .


” På DETTE FJELLET” skal Herren, Allhærs Gud,
gjera eit GJESTEBOD for alle folk,
eit gjestebod med feite retter,
eit gjestebod med gamal vin,
med feite, mergfulle retter
og gamal, klåra vin.
7 På DETTE FJELLET skal han ta bort
det sløret som ligg over alle folk,
det sveipet som er lagt over alle folkeslag.
8 Han skal GJERA DØDEN TIL INKJES for alltid.
Herren vår Gud skal turka
tårene av alle andlet.
Sitt folks vanære skal han ta bort
frå heile jorda.
For Herren har tala.”

Kvar er det Herren eller Messias skal halda gjestebodet ?

Ute i universet , fjernt frå jorda,slik som Paulus prøver å seia ?

Nei , det er her på jorda - på Herrens fjell.(sjå tidlegare innlegg)

Som teksten videre viser så skal dei frelste jubla seg når Herren grip inn.

Han straffar desse folka som har teke seg til rette i Jerusalem i det bokstavlege MidtAusten.

”Den dagen skal dei seia:


«Sjå, DETTE ER VÅR GUD!
VI VENTA PÅ HAN,
OG HAN FRELSTE OSS;
dette er Herren som vi venta på.
Lat oss gleda og fagna oss over hans frelse!»
10 For Herrens hand skal KVILA OVER DETTE FJELLET.” v .9

Matteus 8,11 lærer oss noko veldig viktig i samanheng med dette gjestebodet.


Og det skal de vita: Mange skal koma frå aust og frå vest og sitja til bords med Abraham og Isak og Jakob i himmelriket.

Mange er kalla ,med diverre takkar dei fleste nei.

Det er så mange ting som dei ynskjer å gjera her medan dei lever.Det er så mange ting som dreg.

Men dei som tek imot i frå aust og vest skal når lauvhyttefesten startar sitja til bords med dei verkeleg store trusheltane- Abraham,Isak og Jakob.

Dette gjestebodet vert omtala fleire stader. Det vert skikkeleg kjekt.

Då Yeshua innstifta  nattverden  uttalte han desse kjende orda.

"Drikk alle av den! 28 Dette er mitt blod, paktblodet, som vert utrent for mange til forlating for syndene.29 Eg seier dykk: Heretter skal eg ikkje drikka av denne frukta frå vintreet før den dagen eg drikk henne ny saman med dykk i RIKET ÅT FAR MIN".

Kor er dette?

Her på jorda , der Edens hage låg.Dette  skal gjenopprettast .Der er og Guds heilage fjell .

Og her er eit fantastisk ord.- HIMMELRIKET.

Kor er det?

HER på jorda.

Der skal me samlast.

I sine 7 Festar viser Gud oss nøyaktig når det skal skje.

Lauvhyttesfesten startar 5 dagar etter Yom Kippur - 15/7 i jubelåret.

No er snart dei 6000 åra slutt. Det er berre 16 år til det store gjestebodet skal haldast.

http://bki.net/6000/6000aar.html

Gå til innlegget

Tempelhøgda

Publisert nesten 8 år siden

Mitt heilage fjell

http://www.templemountfaithful.org/multimedia/documentary.htm

Denne videoen fortel om det viktigaste punktet på denne kloden.

“GUDS HEILAGE FJELL”

Tek med nokre tekstar som underbygger kva dette er og kor det ligg.

Sal 2,6

«Det er eg som har sett inn min konge på Sion, MITT HEILAGE FJELL.»

Sal 3,5

Då eg ropa høgt til Herren, svara han meg frå SITT HEILAGE FJELL.

Sal 15,1

Herre, kven kan gjesta ditt telt, kven får bu på DITT HEILAGE FJELL

Sal 24,3

«Kven kan stiga opp til HERRENS FJELL..stå på hans heilage stad?

Sal 43,3

"di sanning, lat dei leia meg og føra meg til DITT HEILAGE FJELL!".

Sal 48,2

Herren, og høgt er han lova i vår Guds by, på HANS HEILAGE FJELL.

Sal 87,1

Ein song. Byen er grunnlagd på HEILAGE FJELL..

Sal 99,9

Herren vår Gud, bøy dykk og tilbed han på HANS HEILAGE FJELL

Jes 11,9

Ingen skal gjera vondt eller ugagn på heile MITT HEILAGE FJELL.

Jes 56,7

dei fører eg til MITT HEILAGE FJELL og lèt dei gleda seg i mitt bønehus. .

Jes 57,13

dei som flyr til meg, skal arva landet og ta mitt HEILAGE FJELL i eige

 

Jes 65,11

Men de som har gått bort frå Herren og gløymt MITT HEILAGE FJELL

----------------------------

Det burde ikke vera vanskelig å sjå kva dette ligg og kva det er?

Det er det desidert viktigste punktet på kloden- tempelhøgda.

Her stod templet til Israel og her skal det igjen byggjast no på slutten.

Mount Moria eller Moriafjellet.

Pga den falske erstatningsteologien er betydninga av denne plassen ikkje verdsatt eller forstått skikkelig.

Det er ikke ein plass ute i verdsrommet slik Paulus eller forfatteren av Hebraraane løgnaktig påstår. Nei ,det er her på kloden- i Israel -MidtAusten .

Jes 65 seier det tydelig kor vilfarne desse kyrkjeleiarane er .

”Men de som har gått bort frå Herren og gløymt MITT HEILAGE FJELL”

Ikkje berre har dei gløymt betydninga av denne staden. Dei kallar det til og med okkupasjon når Guds Folk vil ha herredøme over denne plassen.

Me nærmar oss tida då profetiane vil oppfyllast. Antikrist kjem til å hjelpa jødane med å byggja opp att dette heilage tempelet no om nokre år.

Jødane kjem igjen til å starta med daglege ofringar i dette tempelet.

Så kjem Antikrist til å svikta denne pakta med jødane og  vanhelliga tempelet.

Det er dette som ligg i uttrykket i Matteus 24.

"Når de då ser at «den øydande styggedomen», som profeten Daniel har tala om, står på den heilage staden – skjøn det, den som les! –16 då må dei som er i Judea, røma til fjells;17 den som er på taket, må ikkje gå ned og henta noko i huset; 18 og den som er ute på marka, må ikkje gå heim etter kappa si. 19 Stakkars dei som ventar barn og dei som gjev bryst i dei dagane! 20 Men bed at de må sleppa å røma om vinteren eller på ein sabbat! 21 For då skal det verta så store trengsler som det aldri har vore frå verda vart skapt og til no, og som det heller aldri meir skal verta.22 Og vart ikkje den tida avkorta, kom ikkje noko menneske til å verta frelst. Men for dei utvalde skuld skal den tida gjerast kortare"

eller som Daniel 11,31 seier det:

"Hærstyrkar som han sender ut, VANHELGAR HEILAGDOMEN, den faste borga, tek bort det daglege offeret og set opp den øydande styggedomen.32 Dei som syndar mot pakta, lokkar han til fråfall med sleipe ord. Men det folket som kjenner sin Gud, står fast og viser det i gjerning.33 Dei vituge i folket hjelper dei mange til skjøn. Men ei tid vert dei offer for sverd og bål, fangenskap og plyndring. 34 Medan dei er i trengsle, får dei litt hjelp. Men mange som sluttar seg til dei, er ikkje ærlege. 35 Nokre av dei vituge kjem i trengsle, så dei vert skirsla og reinsa og tvegne til endetida"

For kva er løgna erstatningsteologien har greidd å få i staden for dette bokstavlege templet i Jerusalem.

Igjen er det løgnaren Paulus som finn alternativ.

"Veit de ikkje at de er Guds tempel, og at Guds Ande bur i dykk?17 Øydelegg nokon Guds tempel, han skal Gud øydeleggja. For Guds tempel er heilagt, og dette templet er de" 1 Kor 3

Dette høyrest veldig fint ut fordi dei fleste forstår at me skal ta vare på kroppen vår.

Yeshua eller Jesus sa at HAN var eit bilete på dette Guds tempel ,ikkje me.

Mange kristne motarbeider ikkje berre at jødane skal få tilbake dette landområdet Gud har gitt dei , men dei motsetjer seg at Guds skal ha eit gudshus (tempel) der Edens hage låg.

 

 

 

 

 

 

Gå til innlegget

Haakonsens artikkel

Publisert nesten 8 år siden

Erstatningsteologien

http://www.sokelys.com/foredrag.htm

I føredraget til Haakonsen ,som eg no har lest skikkeleg ,er det eit avsnitt som er særs bra.

”Hovedforklaringen ligger nok i teologien. Den teologiske forskning som blant annet Menighetsfakultetet hadde drevet med fra dag 1 (den historisk-kritiske metode), hadde gradvis skjøvet Det gamle testamentet i bakgrunnen. Det kunne ikke lenger kunne leses etter sin ordlyd, men måtte nytolkes. Felles for denne for nytolkning var at løftene ble ÅNDELIGGJORT. Dette rammet forståelsen av Israel ettersom den konkrete historiske siden ved løftene ble borte. Til erstatning for det historiske Israel kom den kristne kirke. Israel i Den gamle pakt ble erstattet med kirken i Den nye pakt, og løftene til Israel ble overført på kirken. Det er dette som kalles ERSTATNINGSTEOLOGI. Poenget er her at Israel og de løftene som jødene som folk har fått, forsvinner ut av teologien og ut av forkynnelsen….Israel ville aldri få sitt land tilbake. Israels særstilling var til ende i og med den gamle pakt.”

Dette kan ikke gjentakast mange nok gonger.

Kva er grunnen til all denne forvirringa?

Kvifor får så mange eit feilaktig syn på dette med Israel og jødane?

Mannen kallast Paulus. Han er denne store bedrageren Apollonius av Tyana .

Heile denne falske bibelforståinga kan me takka han for.

Det er han som startar det heile med sine utsagn.

Eg har teke det opp i mange innlegg.

Kvifor greier ikke desse kyrkjeleiarane å lesa tekstane slik dei står?

”Sjå, det kjem ein Herrens dag. Då skal dei dela krigsbyttet dei røva hos deg.
2 Eg vil samla alle folkeslaga til krig mot Jerusalem. Byen skal bli teken, husa plyndra og kvinnene valdtekne. Halve byen må gå i eksil, men resten av folket skal ikkje ryddast ut frå byen.
3 Herren skal fara ut og føra krig mot desse folkeslaga slik han før har ført krig på stridens dag. 4 Den dagen skal han stå med føtene på Oljeberget som ligg rett mot Jerusalem, i aust. Oljeberget skal rivna i to frå aust til vest, og det skal bli ein veldig dal. Den eine halvparten av fjellet vik mot nord og den andre mot sør. 5 Då skal de rømma gjennom fjelldalen min, for dalen mellom fjella skal nå heilt til Asal. De skal rømma slik de rømde for jordskjelvet i dei dagane då Ussia var konge i Juda. Då skal Herren min Gud koma, og alle dei heilage med han. ” Sakarja 14

Eller Matteus 24.

”Når de då ser at det motbydelege som øydelegg, som profeten Daniel har tala om, står på heilag stad – lat den som les opp, tyda det! 16 – då må dei som er i Judea, rømma til fjells;17 den som er på taket, må ikkje gå ned og henta noko i huset; 18 og den som er ute på marka, må ikkje gå heim etter kappa si. 19 Ve dei som ventar barn og dei som gjev bryst i dei dagane! 20 Men be om at de må sleppa å rømma om vinteren eller på ein sabbat!21 For då skal det koma ei trengselstid så stor som det aldri har vore frå verda vart skapt og til no, og som det heller aldri skal bli. 22 Og vart ikkje desse dagane avkorta, kom ikkje noko menneske til å bli frelst. Men for dei UTVALDE skuld skal desse dagane gjerast kortere”….Matteus 24.15

SVAR:

PGA PAULUS.

Kvifor vert så mange fiendleg innstilt til jødestaten? 

PGA PAULUS sine løgner .

Erstatningsteologien er snart like innarbeidd  som den kyrkjelege forståinga av evolusjonslæra .

Gud skapte menneska , men på ein heilt annan måte enn det står skrive om Adam og Eva i 1 Mosebok.

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Noen bør skamme seg
av
Espen Ottosen
23 dager siden / 5572 visninger
Kreftens krigsmetaforer
av
Aud Irene Svartvasmo
21 dager siden / 3745 visninger
Ingen skal leve med skam
av
Tor Håkon Eiken
22 dager siden / 1345 visninger
Nå må vi stå sammen
av
Berit Hustad Nilsen
17 dager siden / 1239 visninger
Småprathelvetet
av
Ann Kristin van Zijp Nilsen
8 dager siden / 1206 visninger
Skal vi forby det vi ikke liker?
av
Paul Leer-Salvesen
17 dager siden / 1114 visninger
HVILKEN ELEFANT?
av
Rikke Grevstad Kopperstad
6 dager siden / 1113 visninger
Smiths Venner på ville veier.
av
Gerard Oord
7 dager siden / 1101 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere