Torhild Fikseaunet

Alder: 37
  RSS

Om Torhild

Følgere

Hildegard von Bingen+900 år

Publisert rundt 1 år siden

Eg prøver å skrive om moderne tru, og veit at det eg skriv best om er det eg brenn mest for og er mest oppslukt av. Men kva er det? Eg klarer ikkje heilt å bestemme meg for hjartesaka.

Det er kanskje rart, i og med at eg er nøydd til å beskrive meg sjølv som eit moderne, truande menneske. Eg har utdanning innan industriell økologi, og tenkjer at trua mi er heilt avgjerande for verdien eg ser i å ta vare på miljøet. I tillegg jobbar eg som realfaglærar og ser korleis mange unge har utvikla ei misforstått forståing av at ein ikkje kan drive vitskap og samstundes tru på Gud. Og eg held på å utdanne me til anglikansk prest, så eg burde jo vere veldig opptatt av korleis ein formidlar tru til moderne menneske i ein sekulær kultur. Så eg burde jo ha mykje å skrive om, berre eg kunne velje ut ei sak som kunne vere hjartesaka mi.

Eg kunne skrive mykje om kor viktig det er å ta både vitskapen og trua på alvor, slik at ein ikkje kjem i skade for å tru at dei utelukker kvarandre. Det er ei relativt ny haldning, som diverre har spreidd seg som eld i tørt gras både blant nyateistar og i ein del religiøse krinsar, og som fører til ein illusjon om at viss ein skal ta naturen på alvor, kan ein ikkje rekne med Gud, eller at viss ein skal ta Gud på alvor, må ein mistru alle vitskaplege oppdagingar som ikkje stemmer overeins med ei bokstavleg tolking av Bibelen. Det er nok av rare forklaringar folk har laga seg for å forklare avviket mellom det vi ser og den bokstavtru tolkinga av bibeltekstar. Og gudsbiletet som kjem utav slike forklaringar kan bere skikkeleg galt åt. Som at Gud skulle ha konstruert eit univers som skulle sjå ut som om det var 13 milliardar år gamalt, berre for å teste om vi er lojale nok til å tru bokstavleg på det som står i Bibelen, trass i observasjonar og oppdagingar som tyder på noko anna. Vi kan ikkje tru at skaparverket vitnar om ein god Guds store skaparkraft dersom det er berre eit kosmisk narrespel der Gud blir ein utspekulert lurendreiar. Slike forklaringar er kanskje heller eit symptom på frykt for at Gud ikkje er stor nok eller trua sterk nok til å tole alternative måtar å sjå ting på.

For at vi skal kunne leve som heile menneske i eit samanhengande verdsbilete, blir det viktig både å ty til naturvitskaplege forklaringar om korleis ting heng saman, men også til teologien som kan fortelje oss om korleis Gud ser på oss og ønskjer at vi skal relatere oss til Gud.

Og eg kunne skrive mykje om korleis det blir feil å prøve å samanføye vitskap og tru ved å sjå på teologi og vitskap som heilt åtskilte område som ikkje svarer på dei same spørsmåla i det heile tatt. Det seiast at «vitskapen svarer på korleis, teologien svarer på korfor». Som om det dreier seg om reint åndelege saker på eine sida, der naturvitskapen ikkje har noko han skulle sagt, og likeleis at det dreier seg om reint materielle saker på den andre, der Gud har abdisert. Det er også ei nymotens forståing, som kanskje kan hjelpe nokre til å føle at dei ikkje treng å gi avkall på trua si, men det deler også opp livet i åtskilte sfærar. Og som kristen trur eg jo at Gud høyrer til i heile livet mitt, og eg trur at Gud er til stades alle stader, står bak alt og kan bruke alt. For tidlegare kristne var det sjølvsagt at tru og det som tidlegare vart kalla naturfilosofi (vitskap før vitskapleg metode dukka opp) var to sider av same sak. Hildegard von Bingen, som beskreiv naturen i verket Physica  om lag 900 år sidan, såg nok på det svært annleis enn mange gjer i dag. For henne var medisin, naturvitskap, filosofi og skriftstudium alle ein del av truslivet, og skaparverket vitna for henne om Gud.

Viss vi trur at skaparverket faktisk vitnar om Gud, og at det er ei samanhengande røynd vi lever i, vil jo det seie at det er feil å tru at vitskapen og teologien dreier seg berre om ulike spørsmål.  Nei, eg kan skrive om korleis det er viktig at både vitskapen og trua får bidra til forståinga vår av røynda kvar på sin måte og på sine eigne premissar, slik at vi kan undre oss over og sjå med vørdnad på Gud sine fantastiske, intrikate gjerningar, i tillit til at Gud vil oss vel, faktisk så vel at Gud sjølv valde å ta del i vår natur, vår avgrensa, materielle, fysiske eksistens!

Og denne fysiske verda er, når alt kjem til stykket, både fantastisk og utruleg fascinerande. Eg trur at jo meir vi får sjå av korleis naturen er organisert, og korleis naturlovene virkar, desto meir får vi å tilbe Gud for. Når vi avdekkjer stadig fleire fenomen som ber signaturen til Skaparen, får vi ein sjanse til å tolke vår eksistens og vandring med Gud i nytt lys. Vitskapen gir oss innsikt og mykje å glede oss over, men framfor alt er det jo vanvitig artig! Men det å tolke vår eksistens i lys av nye oppdagingar er ikkje det same som å knytte teologien vår opp mot vitskapelege oppdagingar og forskingsresultat. Vitskapen vil alltid strekkje seg etter den beste forklaringa basert på den informasjonen som til ei kvar tid er tilgjengeleg. Vi kan prise Gud for alle artige, pussige og interessante observasjonar vi gjer, men vi må ikkje tru at vi kan definere Gud ut ifrå naturen, som om Gud var avhengig av det skapte. Derimot kan eit rasjonelt univers fortelje oss ein heil del overordna ting om korleis Gud vel å handle, til dømes at Gud ikkje er lunefull og skifter meining heile tida, men derimot vel å bruke lover og strukturar. Og det seier noko om den verdien Gud ser i den fysiske verda, frå heile enorme kosmos til  minste, utførlege, detalj.  Og det seier noko om det ansvaret vi har som tenkjande menneske med evne til å avdekkje samanhengar, til å ta vare på skaparverket.

Som Hildegard von Bingen opplevde heilskapen i tru på Gud og tilværet i ei fysisk verd, kan også vi finne den rette plassen vår i ei forståing for at Gud også er til stades der vi er, og at det vi har her å gjere også er av verdi.

Då er dette kanskje hjartesaka mi: at vi ikkje må la oss lure til å redusere gudsbiletet vårt eller verdsbiletet vårt, slik at vi ikkje ser samanhengen mellom liv og tru, natur og nåde.
Sanning er sanning, og viss det er sant i vitskapen, er det også sant i trua. Men vi må vere på vakt så vi ikkje tar noko for å vere sant berre fordi det er beste tilgjengelege forklaring, eller grunna frykt.
Og er det ikkje fridom i nettopp det? At vi kan gje oss ut på leiting etter sanninga, og oppdage meir om Gud, og så enda meir, og enda meir, og framleis ha uavgrensa med nye ting å oppdage av kven Gud er.

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Kristen gutt-syndromet
av
Merete Thomassen
29 dager siden / 2746 visninger
Uten Gud i Guds hus
av
Linn Stalsberg
11 dager siden / 2331 visninger
Den avgjørende barmhjertigheten
av
Ingebjørg Nesheim
10 dager siden / 2235 visninger
KrF svikter den kristne presse
av
Vårt Land
6 dager siden / 2111 visninger
Fløyene på Kirkemøtet
av
Vårt Land
20 dager siden / 2070 visninger
Kirkenes framtid
av
Berit Hustad Nilsen
4 dager siden / 1480 visninger
Unnfallenhet er ikke en dyd
av
Hilde Frafjord Johnson
10 dager siden / 1443 visninger
Når pressen svikter
av
Vårt Land
20 dager siden / 1425 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere