Leif Halvard Silli

Alder: 51
  RSS

Om Leif Halvard

Følgere

Då Abid Raja var ute og kravde at nordmenn etter 22. juli må taka eit oppgjer med seg sjølve, var det få røyster som heva seg — men heller ingen som sa ja. So kvifor reagerer då «alle» no, når Raja er like hard med seg sjølv?

I «Abid Raja tømmer sitt skap» gjev Kamil Azhar fyrst Raja litt rett, før han kjem fram til støytesteinen:

  • «At han i samme slengen gir alle fjordmennene i Norge sitt beste argument for at ”muslimer taler med to tunger”, ved å si at muslimene har lært seg at de ikke må si dette rett ut foran nordmenn, gjør at jeg og mange med meg vridde seg i smerte da kronikken ble lest. For de har nå fått et sannhetsvitne! Hvor mange vil ikke tenke at enhver som sier ham imot bare driver med løgnaktig forsvar av en ukultur?»

Her synest eg Azhar seier to motstridande ting: På den eine sida, når han syner til «fjordmennene i Norge» (svenskane kan pusta letta ut!) so veit jo «alle» at dette berre er ein minoritet og dimed ikkje noko å bry seg om — sant?

Men på den andre sida, det at han vreid seg i smerte på grunn av at ein utstøytt minorit fekk seg eit godt argument …  

Kanskje Azhar ikkje ser på fjordmennene som ein minoritet likevel? Eg meiner: Dersom han vrengjer skåpet?

Og forresten: Bortsett ifrå dei som sa seg nøgde med at Breivik var statskyrkjemedlem og kvit (istaden for registrert trussamfunns-medlem og mørk), trur eg ikkje det er ein einaste innbyggjar med fire innanlandsfødde besteforeldre som ikkje kjenner at det gjer litt vondt, dette «fjordmennene»-snakket. So kan henda har me òg eit skap å vrengja? Fjordmennene — det er oss?

Elles glid Azhar sin kritikk godt inn i det Raja-kritiske blandakoret.  Eit kor som minner mistenkjeleg mykje om den pietistisk kristne kritikken av alkohol, dans og kortspel: «Det er ikkje noko gale med han seg sjølv, men det er han fører med seg …»

Og, ja, det finst  ein og annan taqqiya-oppteken fjerdegenerasjonsnordmann som trykkjer Raja til bjrostet sitt og seier «det var det me visste» og «no innrømer han det».

Men gode fjordmenn let let seg ikkje imponera: «Puff, sa han det? Kva so, liksom?» Dei nordfjordmenn eg har sett, har reagert på den måten.

Men det ingen har peika på, opp i alt denne kritikken og sjølvsagde bortforklåringa, er at Abid Raja er ein mann som, før han tømde sitt eige skåp,  hadde mana til oss folkenordmenn om å tøma våre eigne skåp i ljos av 22. juli og taka eit oppgjer med det som førde oss dit. 

For etter rett er me jo alle fjordmenn, her i dette landet. Oslo-fjordmenn. Eller andre slag fjordmenn.

Likevel: Heller ikkje Aftenpostens Inger Anne Olsen sette Raja-skåpet i eit slikt ljos. Nei, istaden åtvarar ho imot «virkeligheten ifølge Abid Raja». Og stemmer i songen til Det Raja-kritiske kor.

Eg må seia at eg skjønar dei sterkttruande muslimane, slike som til dømes Muhammad Usman Rana, som reagerar med å seia at ein heller må taka oppgjeret med seg sjølve internt. Det er ein taktikk eg sjølv nok hadde valt.

Men taktikk er taktikk.

Lat oss heller gje Abid Raja ros! Ikkje for at han har «avslørt» koss muslimar «eigenleg» er. Men for di han held på prinsipp — og er like hard med seg sjølv som med andre. Eg har til no ikkje gådd ein einaste Raja-kritikarar som ikkje har noko å læra der.

Gå til innlegget

Fridom. Til å tru. Og til å mobba.

Publisert nesten 8 år siden

Hanne Skartveit i VG har skrive artikkelen «Frihet til å tro — og til å hetse».

Tak og by ut «hetse» med «mobbe». Kva fær du då? Du fær ei heil regle om at det ikkje skal vera mobbing i skulen og at rektorar som ikkje tek mobbeproblemet på ålvor burde verta melde til politiet for tenesteforsøming. Mobbing er ut.

Mobbing på arbeidsplassen er heller ikkje godteke.

Kva er mobbing? Lat oss ta det som heiter «erting». Å erta er ei munnleg form for mobbing. I og for seg treng ikkje erting vera mobbing. Og dessutan det handlar det òg om korleis den erta tek ertinga.

Kan ein forsvara erting utifrå ytringsfridomsprisnsippet?

Grunnlova snakkar om at «Frimodige Ytringer … ere Enhver tilladte». Erting og mobbing er ofte ikkje serleg frimodige ytringar.

So er heller ikkje hets tillate dersom han gjeld legning eller folketilhøyr (etnisitet).

Mobbing kjem av det engelske ordet «mob». Å mobba tyder difor, grunnleggjande, å te seg som ein mobb. Det vil seia: Å te seg som ei folkemengd som berre er ute etter å plaga ein eller fleire personar som er i mindretal.

Korleis skal me tolka det at det å hetsa religion ikkje fell inn under antidiskrimineringslovgjevinga?

Ei positiv tolking er at religionen står på line med filosofi og politikk: Religionen handlar til sjuande og sist om sanning og synet på kva som er sanning. Difor bør det vera tillate å utfordra oppfatningane til religionen, filosofien eller politikken.

Utifrå eit slikt syn ville det vera eit nederlag og teikn på disrespekt dersom det hadde vorte forbode å hetsa religionen. Sagt på anna vis: Den dagen det vert forbod mot å hetsa marxismen, er marxismen longe daud.

Greitt. Kommunismen treng ikkje vern. Men kva med kommunistane? 

Etter mitt syn kjem me aldri heilt unna at både mannen og ballen høyrer med. Mann utan ball og ball utan mann. Umogeleg. Dersom du står for eit syn, dersom du tilhøyrer eit parti eller ein religion, so kjem det til å drypa litt kollektivitet på deg. Åtak på religioen er åtak på deg òg — du som trur.

Gå til innlegget

Forsvar for profet-krenkjarane!

Publisert nesten 8 år siden

Muhammed-filmen handlar ikkje om (dis)respekt for «annleistenkjande», slik oppropet frå ein Stavangerbisp hevdar: Dei som laga filmen er sjølve «annleistenkjande» og «annleistruande» som har svara på vald med ein film. Bør ikkje det vera føredømeleg?

Som greskt-ortodoks kristen, bør eg nok seia at den sokalla Mohammed-filmen er moralsk usømeleg. Det er lett å sjå at dei som har laga han, har fare over (sic) filmen med ein slett pornolabb.

Eg skal heller ikkje ha sagt at det var serleg lurt av dei koptiskt-ortodokst kristne bakmennene å laga filmen — dei kan ha sett seg sjølve og sine egyptiske medkristne i ei vanskeleg stode.

Men når det er sagt, so skal koptiskt-ortodokse egypt-amerikanarar ha like stor rett til å krenkja og fornærma — og til eit forsvar for det —  som t.d.  Shabana Rehman, Sara Azmeh Rasmussen eller — ja —Pussy Riots, for den del (so lenge dei ikkje tek seg til rette der dei ikkje har rett til det).

Koptiskt-ortodokse kristne har opplevd mykje vald som er mykje verre enn ord og hor på eit filmlêrreft. Ta til dømes ein kik på Youtube-sida Dei koptiske martyrane. Eller tenk på dei koptisk-ortokse bøndene som fekk grisene sine slakta ned — dette var snakk om å øydeleggja ein kultur so vel som levebrød.

Denne valden har kome frå folk som tilhøyrer majoritetsreligionen i Egypt. Og eg kan ikkje sjå anna enn at ein må sjå denne filmen i eit slikt ljos. Ja, dette er tydeleg når ein ser at ein av bakmennene kallar seg menneskerettsadvokat.

Å laga krenkjande filmar — istaden for å brenna kyrkjer, slakta griser eller drepa ambassadørar — er eit godt føredøme som eg vonar krenkte muslimar i Egypt og alle andre stader vil fylgja etter!

Å dra inn Holocaust eller 22. juli i dette er på grensa til usømeleg. Men når det er sagt: Det at ein — mogelegvis sjuk — Oslofjordmann hadde forlese seg på apokalyptisk litteratur om Midtausten der avkristning og «avjøding» stod sentralt, må ikkje nyttast til å fornekta dei veldig reelle kjennsgjerningane om den vanskelege stoda som kristne står i mange stader der ikring.

Gå til innlegget

Soloterrorist. Soloideologi.

Publisert nesten 8 år siden

På grunn av uttrykket «høgreekstremistisk subkultur», var Document.no snare med å hevda at domen «tar en politisk retning». Men det bør ein vera varsam med å slå fast. Domen peikar heller i retning av at Breivik er sin eigen subkultur.

Kritikken frå Document.no

Domedagen skreiv redaktør Hans Rustad i Document.no mellom anna fylgjande:

  • «Dommer Wenche Elizabeth Arntzen kom […] til at det psykiaterne Husby/Sørheim kaller vrangforestillinger, er utslag av en politisk høyreekstrem subkultur. […] Til og med terroren mener retten er en logisk konklusjon på en bestemt tenkemåte. Det er en voldsom anklage, som risikerer å politisere dommen.»

Rustad kan ha noko rett: Det er gjerne ein risiko for politisering — ikkje minst kan delar av publikum politisera domen. Men dess viktigare er det å peika på at domen sjølv markerer distanse til påstanden om at gjerningsmannen kom frå ein høgreekstrem subkultur.

Ordvalet er faktisk veldig presist. Det heiter på side 53 slik: «den høyreekstremistiske subkultur han HEVDER å være en del av». (Mi framheving.) Og det eksakt same uttrykket vert repetert på side 69.

På side 53 heiter det dess meir: «Retten legger likevel til grunn at tiltalte var alene om å planlegge de aktuelle drapshandlingene, som kun noen ganske få i ettertid skal ha gitt sin tilslutning til

Document.no ynskjer naturleg nok ikkje å framstå som Breiviks miljø. Men etter mitt syn, teiknar domen heller ikkje eit slikt bilete. Det er t.d. berre ei setning om Document.no, på side 59, der det heiter at ABB var: «en aktiv skribent på Dokument.no, som er et innvandringskritisk nettsted».

Ordet «innvandringskritisk» kjem før 3 gonger. Fyrste gong, på side 53, er det nytta om FrP: «han … var tiltrukket av Fremskrittspartiets innvandringskritiske politikk». Frp er nok, saman med SV, det mest stigmatiserte av partia på Stortingent. Men det verkar ikkje rimeleg å tolka «innvandringskritisk» i stigmatiserande tyding. At uttrykket òg er nytta om Document.no bør difor heller ikkje automatisk tolkast stigmatiserande.

Rett etter setninga om dokument.no held domen fram at «Tiltaltes høyreekstremistiske ideologi er OGSÅ dokumentert gjennom hans kompendium». (Mi framheving.) Dette vesle ordet «også» kunne ein gjerne ved fyrste lesnad lett tolka dit at det peikar attende på det AT ABB skreiv på Document.no. Men lese i heilskap, so tykkjest det einaste rimelege å vera at det er DET han skreiv — dvs det innhaldet han la ut på document.no som er avgjerande. For som kjent er visse ting i manifestet nesten direkte sitat av det han skreiv i document.no — eller omvendt — rett nok meir eksplisitt i manifestet. «Også» må m.a.o. tolkast dit at ABB viste farge — ideologien sin — både den eine plassen (i document.no) — men ogso den andre plassen (i manifestet).

Ja, heile dette avsnittet på side 53 handlar om korleis ABB viste farge før 22. juli. Tildømes, når det gjeld Framstegspartiet, so er det er ikkje det AT han var med i FrP som var ekstremt, men det var det han gjorde — måten han var på — medan han var med i partiet, som viste kven han var. Sitat:

  • ‹… Fremskrittspartiets innvandringskritiske politikk. Retten har ikke oversikt over tiltaltes politiske engasjement [ … men … ] Venner har imidlertid beskrevet tiltalte som en sta person med sterke og «sære» meninger og med et brennende politisk engasjement.›

Med andre ord: Det var ikkje FrP-medlemskapen, men dei haldningane han skal ha vist, som — slik domarane ser det — syner kontinuiteten frå den gong — til 22. juli.

Sidan det er kjent at Breivik òg var aktiv i VG og Aftenposten, avsluttar Hans Rustad med eit spørsmål folk i Document.no-miljøet har stillt: «Hvorfor ikke betegne Aftenpostens Debattcentral eller VG-debatt som “miljø”?» Ja, kvifor er ikkje Aftenposten nemnd, når Document.no er nemnd? Aftenpostens redaktør var til og med i retten og vitna om innlegga.

Svaret på dette må vera at domen — som sagt — ikkje omtalar Document.no som Breiviks «miljø» men som ei kjelde for dokumentasjon — dokumentasjon på Breiviks tankar — ideologi.

Når det er sagt: Domen kunne vel ha nemnt Breiviks Aftenposten-brev? For desse innlegga, frå 2008 og 2009 — det vil seia i overgangen til at han i 2009 (seier domen) byrja å skriva på Document.no, kunna vel vore relevante for å opplysa spørsmålet om i kva grad Breivik var sta, sterk og «sær» — og i kva grad det var kontinuitet i framferda hans over mange år, slik domen legg vekt på?

Det me iallfall kan slå fast når me studerer det som redaktør Hilde Haugsgjerd la fram, er at Breivik alt på den tid var oppteken av «multikulturalismen» og liknande ting. Temaa hans frå manifestet er med andre ord lette å kjenna att. Noko som kan stø opp under domen sitt fokus på kontinuiteten i Breiviks liv og «ideologi».

Men breva til Aftenposten syner òg korleis Breivik like mykje er ekko av heilt «usubulturelle» ting i samtida som av klangen i eit subkulturelt ekkokammer.  Eller tenk på dette: Breivik skriv i 2009 til Aftenposten at Noreg «ikke lenger har noen kulturkonservative aviser som ikke støtter multikulturalisme». Bortsett frå den halen om multikulturalisme, so minner dette farleg mykje om det Minerva og og Kristin Clemet har vore opptekne av ein del gonger: At landet ikkje har aviser på som står på høgresida lenger.

Er «ideologi» rette ordet?

Eit par ord kunne vore sagt om ordet «ideologi». Domen har eit eige kapittel om «Tiltaltes oppgitte motiver – ideologi». Kan henda er domen her i grensland for kva tid ordet «ideologi» er meiningsfullt. For er ikkje ein ideologi noko som er delt av fleire?

Rett nok er ein nøydd å slutta seg til fyrste setning av dette kapitlet: «Tiltalte har oppgitt politiske motiver for terrorhandlingene 22. juli 2011.»  Men er ikkje overskrifta — ordet «ideologi» — eit nummer forst stort dersom det er snakk om dei snirklete tankane til ein «sta person med sterke og ‹sære› meninger»?

Etter mitt syn er det det.

Likevel: Når domen snakkar om den «ideologi» han har, må ein sjå det i ljos av korleis domen diskuterer den mentale helsetilstanden til Breivik. Det er når domarane vurderer i kva grad han kan seiast ha diagnosen schizofreni at dei gjev seg i kast med i kva grad tankane hans skil seg ifrå «den høyreekstremistiske subkultur han hevder å være en del av».

Og det bilete iallfall eg sit att med til slutt, er biletet av ein soloterrorist — med ein soloideologi.

Ein slik måte å sjå det på kan veldig lett samsvara med det veldig mange har sagt — seinast Toril Moi i Dagbladet igår, om «PR-mannen Breivik»:

  • ‹Med skremmende følelseskulde kaller Breivik massakren den 22. juli en «markedsføringsoperasjon», som skulle sørge for maksimal distribusjon av hans eget storverk: manifestet.›

Meininga med 22. juli var det store spranget frå soloideologi til ein retteleg ideologi — tankar som fleire enn Breivik sjølv stod for.

Meiningsbrør?

Lars Gule var raskt ute med å dela tankane sine om domen med Dagbladet, og repeterte då det han sa i retten om 12-15.000 «meiningsfellar» — som kan klassifiserte som «dei mest ekstreme kontrajihadistane, altso dei som deler store deler av Breiviks ideverd. Dei er ikke sympatisørar fordi dei nettopp tek avstand frå Breiviks vald, men dei deler altso helt sentrale ideologiske trekk.» (Mi eiga avskrift av det han sa i videoen.)

Gule skil m.a.o. mellom det me kunne kalla «meiningsbrør» og sympatisørar. Eg har for lite innsyn i dette med «kontrajihidistar» og endå mindre innsyn i kven Gule meiner å femna med denne termen. Men eg nøler ikkje med å slå fast at friske menneske som sympatiserar med Breivik er nøydd å vera politisk motiverte. Eg kan òg gå med på å setja Fjordman i ein kontrajihadist-bås — og som so er han ein slags meiningsbror, utan å vera sympatisør.

Men ideologi og politikk, herunder politisk motivasjon, handlar ikkje minst om kva verkemiddel ein er viljug å ta i bruk for å nå måla sine. Og eg trur som sagt at når domen viser til «vitnene postdoktorstipendiat Lars Gule, journalist Øyvind Strømme, professor Mattias Gardell, seniorforsker Brynjar Lia og professor Tore Bjørgo», so er det med det mål for auga å slå fast om Breivik kan kallast normal eller er sjuk.

Domen balanserer i dette landskapet: Ein einstøing. Men ikkje utan kontakt med røynda. Han var i tilstrekkeleg kontakt, seier domen, med ei røynd (som Husby/Sørheim kanskje ikkje kjende godt nok til) til at Breivik etter rettens syn ikkje kunne seiast å ha «vedvarende vrangforestillinger som er kulturelt upassende og fullstendig umulige».

Tingretten og til dømes Lars Gule har her ulike motivasjonar. Tingretten si oppgåve er berre å få Breivik dømd. For dette føremålet treng dei berre so mykje dokumentasjon at dei kan slå fast at Breivik ikkje fell inn under definisjonen «completely impossible or culturally inappropriate».

For å uttrykkja meg litt juridisk, so må bør det vel stillast eit lægre krav til det å prova at noko er normalt innanfor ein kontekst, en det bør stillast til å slå fast nøyaktig kvar denne konteksten er og kvar grensene for han går? Det fyrste — som Tingretten vurderte — er kvalitativt, medan det siste — som Gule er oppteken av — er meir kvantitivt. (Rett nok er det gjerne eit visst samspel: For å gjera ein kvalitativ konklusjon trong Tingretten eit visst kvantitativt datagrunnlag.)

Er Breivik kulturellt passande i sin eigen kontekst?

Eg må seia at det er mykje ved Breivik som framstår som temmeleg kulturelt upassande. Og eg veit ikkje om det er rett å liksom rykkja Breivik utor vår vanlege, norske kontekst og i staden sjå han i ljos av ein høgreekstremistisk subkultur. Men eg tykkjer det er det retten i ei viss mon har gjort.

Retten legg vekt på det den grøne ICD-10-boka seier om å unngå «false-positive assessments, especially where culturally or subculturally influenced modes of expression and behaviour or a subnormal level of intelligence are involved». Men domen har ikkje nokon utførleg diskusjon av koss denne kommentaren er å tolka.

Det er to slag influens ICD-10-kommentaren åtvarar imot når ein skal diagnostisera for schizofreni. Det eine er kulturell påverknad (influens) på uttrykksmåtane og framferda til den observerte. Det andre er subkulturell påverknad (influens) på uttrykksmåtane og framferda til den observerte. 

Dette høyrest jo lett ut: Kultur versus subkultur. Men kva er ei rimeleg tolking av dette?

Eg meiner at når kommentaren talar om kulturell influens,  so er det framande og meir eller mindre ukjende kulturar det er snakk om. Lat oss seia at  observanden kjem frå ein stad på jordkloten der kommunikasjon med «aliens from another world» er sett på som normal. Med andre ord: Psykiateren lyt ha eit rimeleg kjennsskap til kulturen til den observerte, for elles kan han trekkja galne slutningar. 

Derimot, når det det er snakk om subkulturell influens, so er det snakk om å kjenna sin eigen kultur. Med andre ord: Det er framleis eins eigen kultur. Og det må vera viktig — slik eg ser det — å ikkje gå i den andre grøfta og lata som om ein er fullkome ukjend med den personen ein har framfor seg. Det er, meiner eg, tendensar til å sjå på Breivik på den måten — som om han er ein avart av noko heilt framand som me ikkje visste fanst … 

Framferd og uttrykk

Når det gjeld Breivik si framferd, so spurde Torgeir Husby ekspertvitnet Øyvind Strømmen om han trudde det kunne vera fare for endå fleire høgreekstremistar som gjorde seg til barnedrapsmenn — om dette på ein måte høyrde med til det å vera høgreekstremist. Strømmen svara nei, dette var langt utanfor kodeksen.

Domen nemner ikkje dette. Men domen slær likevel fast at «kun noen ganske få i ettertid skal ha gitt sin tilslutning til» drapshandlingane.

Her er det freistande å dra inn Toril Moi endå ein gong: «Jeg tror at Anders Behring Breivik først og fremst oppfatter seg selv som en PR-mann for saken sin.» Barnedrapsmannen er PR-mann. 

Framferda hans — drapshandlingane hans — må difor kunna seiast vera både kulturellt («vår» kultur) og subkulturelt («høgrekstrem») upassande.

So litt om uttrykksmåtane hans. Torgeir Husby opna forklåringa si med å seia at psykiatrar ikkje påkallar teologar når dei står framfor personar som trur dei er Jesus.

Herren Jesus

Kva er det med dette dømet — ein som trur han er Jesus, eller Napoleon — som Husby òg nemnde. Vel, det eg fester ved er at Jesus og Napoleon er kulturelt kjende storleikar, for oss. Det er fordi Jesus er ein kjend storleik at ein psykiater kan slå fast at det er kulturelt upassande å gå rundt og tru at ein er Jesus. Fysisk umogeleg er det òg.

Men lat oss seia at ein person i Japan — som sa han var ein kristen prest — ogso fekk det for seg at han var Jesus. Vel, me må vel kunna gå utifrå at ein slik person måtte tilhøyra ein japansk kristen subkultur. For dersom vedkomande ikkje kjende til kristendomen noko serleg, so kan eg ikkje tenkja meg at han hadde kome til å tru seg vera korkje prest eller Jesus!

Dette er innlysande. Det kulturellt avvikande oppstår ikkje i eit vakum. Det må vera noko å vika ifrå!

Og her vil eg ymta at domen gjerne trør litt feil — at domen snur opp-ned på det den grøne ICD-10-boka åtvarar imot.

ICD-10-boka åtvarar mot type-1-feil  — eller falske positive funn (m.a.o. det å finna schizofreni når det ikkje er nokon schizofreni). Men det at ICD-10-boka ikkje åtvarar mot type-2-feil — eller falske negative funn, vil jo ikkje seia det same som at slike feil er umogelege.

Eller lat oss seia at mannen ikkje berre sa han var prest — men at han hadde faktisk vore prest, eller iallfall kjende godt til prestegjerninga. Og at han, i samtale med psykiatrane, byrja å seia slikt som at «dette er min lekam» og «dette er mitt blod» — samstundes som han kanskje baud dei å drikka og å eta.

I vår kultur er dette innlysande. Dette er ikkje med naudvende sjukt. Men dersom ein ikkje kjenner til det, so kan det verka høyrast sjukt ut. (Det er då òg sagt at dei fyrste kristne vart skulda for å vera kannibalar just med utgangspunkt i eukaristien/nattverden.)

Kommentaren i ICD-10-boka handlar om å åtvara psykiateren mot falske positive funn. Og den som ikkje kjenner til kristendomen kunne jo koma til å sjå på mannen som sa at «dette er min lekam» osb, som sjuk. Ved nærare gransking, derimot — t.d. samtale med ein teolog — kunne dette syna seg å vera eit falskt positivt funn. Mannen var ikkje unormal. Han var berre kristen — og kanskje geistleg. Og hadde psykiateren sjølv kjent til kristendomen, so kunne han lettare landa på at, nei, mannen er berre kristen. 

Men! Dersom psykiateren kjende godt til kristendomen, so kunne han vurdera sjølve innhaldet i det mannen gjorde: Er det eit nattverdsritual han framfører? Er det i samsvar med kristen skikk? Er han ordinert prest? Di betre psykiateren kjenner til kulturen, di betre kan han sjå om det er snakk om noko kulturelt upassande.

Inni. Utanpå.

Attende til Breivik. Breivik har tvillaust kopiert ei rekkje skrifter og tankar. Domen poengterer at Husby og Sørheim slær dette fast — og kritiserar dei for å ikkje diskutera dette utifrå fåren for eit falskit positvt vrangførestellingsfunn. 

Poenget mitt er er dette: Sjølvsagt måtte Breivik springa ut or ein slags kultur. Sjølvsagt måtte det vera ekko av andre i honom. Men det at Breivik hyser og framfører bitar av eit tankegods som er normalt innanfor ein viss (sub)kultur er då ikkje — eller treng då ikkje — vera prov på at mannen ikkje tilfredstiller kriteriet for å vera (sub)kulturellt upassande?!

Eller sagt tydlegare: Det er ikkje eit prov på at han er kulturelt passande i sin eigen subkultur.

For å kunna slå fast dette på ein trygg og sikker måte, lyt ein stikka fingen endå djupare i materien. Ein må tolka det frå innsida. Grunnen til at Husby sa at han ikkje ville tilkalla prest eller teolog når han støyter på ein som trur han er Jesus, er at Jesus ikkje er noko kulturelt framand for ein norsk psykiater. Det er opplese og vedteke at — oj — dette med kontrajihadisme er so kulturelt framant. Men heile manifestet til Breivik er jo ein einaste lang gjengomgang av Europa-soga sedd frå ein slags kristen synsvinkel. Korleis er det då mogeleg å framstella Breivik — og seg sjølve/oss sjølve — som so ukjend?

Eg vil slå eit slag for normaliteten i dette, frå ein psykiatrisk synsvinkel. Eg vil slå eit slag for Husby si forklåring som kan samanfattast slik: Det er ikkje nokon skilnad på ein som seier han er Jesus og ein som seier han er ein etterkomar av Sigurd Jorsalsfar. Begge deler er kjendt — og politisk ukjært. 

Eg vil ikkje her slå bom fast at domen har tolka ICD-10-boka si åtvaring gale. Eg må òg ta atterhald om at retten òg kritiserer andre sider av Husby/Sørheim si vurdering — sider som eg ikkjer har gått so mykje inn i. Eg kan difor ikkje seia meg samd eller usamd når domen seier at Husby/Sørheim «synes å bygge på en anvendelse av sentrale grunnkriterier for schizofreni som ikke er vanlig i vitenskapelig eller klinisk praksis».

Men!

  • Eg vil slå fast at Husby/Sørheim — til dømes i og med spørsmålet frå Husby til Strømmen — tykkjest ha vore ganske opptekne av dette med å vurdera Breivik innanfor den konteksten han tilhøyrer.
  • Og eg vil hevda — men ikkje slå fast — at det synest som om domen, heller enn å måla Breivik innanfor denne konteksten, meir har fokus på det ytre verdsbiletet til «den høyreekstremistiske subkultur [Breivik] hevder å være en del av»

For å koma attende til det tenkte japanske dømet: Det er som om Husby/Sørheim har gått inn i — og har skjøna — nattverdsreglane frå innsida, medan domen meir har konstatert at nattverd ikkje er nokon ukjend ting i det miljøet Breivik kjem ifrå. Samstundes har Husby/Sørheim — korrekt meiner eg — sett på Breivik som ein av oss. Medan domen kanskje meir ser på honom som ein framand fugl.

Eg tykkjer beint fram at domen på dette punkt ikkje argumenterer godt nok for seg. Den måten domarane argumenterer for det medmenneskelege i å gje Breivik høve til å få sona — gjera opp for seg — er god. Og dette kan godt vera eit argument i eit tvilsfall. Men som argument når det gjeld å slå fast faktum, er eit slikt omsyn irrelevant. Kan henda bør òg psykotiske få høve til å sona — det kan henda. Men det er i so fall ei onnor skål.

Sluttord

Diskusjonen i domen er i fyrste rekkje motivert av diagnosesetjingsomsyn. Diskusjonen handlar ikkje om å knyta Breivik til eit serskild, konkret miljø. På det punktet tykkjer eg begge dei to domskommentatorane eg siterer ovanfor, gjev eit gale inntrykk. Domen argumenterer godt for sitt syn. Men når det gjeld den måten domen argumenter i spørsmålet om kva som er «kulturellt upassande og komplett umogeleg», er resonnementet etter mitt syn ikkje overtydande.

Gå til innlegget

Musevisa til Pussy Riot

Publisert nesten 8 år siden

Kommentarane om Pussy Riot, er ute av proporosjonar og byggjer stort set Peter Normann Waage si devise om at «Russland er et annet sted». Eller som det heiter i Bibelen: «men bjelken i ditt eige auga, den vert du ikkje var».

Eit døme på haldningane som kjem til uttrykk er meisterstudenten Nina Hovland Moronski og hennar innlegg i Dagbladet 9. august om dei gode og uskuldige «Pøssi Rajåt». Slik Moronski ser det, var det heile berre eit «kunstnerisk stunt». Og Moronski meiner å vita at «jentene frivillig forlot katedralen på oppfordring fra de tilstedeværende vaktene».

Jentone gjekk altso inn i domkyrkja og byrja og syngja. Men med det same dei vart bedne å slutta, so slutta dei. For «man kan jo ikke se den grense under vann!» Og Pøssi Rajåt kunne naturlegvis heller ikkje på førehand ha gissa seg til at dei kom til å bryta lova.

På Jutjub-filmane ser det i alle høve ikkje ut som dei friviljugt forlet kyrkjeskipet.

Og nett Jutjub er ein viktig ting for Pøssi Rajåt — som frå før hadde lagt ut opptak der dei song på busstak og inne i Måskva-metroen. Og det var vel eit av poenga med å syngja i Kristus Frelsaren-katedralen — å få lagt ut opptak av det heile. Og Jutjub-opptaka vart ikkje borte fordi om Pøssi Rajåt eventuelt gjekk ut kyrkjeportane på eigne bein.

Pøssi Rajåt-jentene kunne gjerne fenge ein dom som var stuttare enn to år. Men ein dom burde dei ha.

Her kan me jamføra med Noreg, då Føkk Får Fårrest hadde sitt samlægjestunt i Oslo Domkyrkje. I tilfelle Føkk Får Fårrest er like «unge, arrogante og vakre» som det vert sagt av støttespelarane til Pøssi Rajåt, so hjelpte det dei ingenting. Heller ikkje i Noreg er det fritt fram å nytta kyrkjeskipet til kunstarlege framstøytar.

Me kan og jamføra med Danmark: Det var eit både rått og stileg stunt den norske Greenpeace-aktivisten Nora Christiansen — som er mor — var med på under klimatoppmøtet i Kjøpenhamn i 2009. Like fullt vart ho i mars 2011 truga med seks års fengsel for «majestetsfornærmelser».

Ein kunne og ha drege inn den resolutte måten som Occupy-rørsla og liknande vert handsama på i USA.

At «Russland er et annet sted» er med andre ein påstand — og ein strategi — utan hald i.

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Slik jeg ser det
av
Magne Nylenna
21 dager siden / 1485 visninger
Med vandreskoene på
av
Anita Reitan
rundt 1 måned siden / 1230 visninger
Sekulariseringen av Rumi
av
Usman Rana
12 dager siden / 1071 visninger
Slappe konspirasjonsteoretikere
av
Øivind Bergh
8 dager siden / 966 visninger
Stopp banningen, Vårt Land!
av
Terje Tønnessen
rundt 1 måned siden / 634 visninger
Alle eller ingen?
av
Knut Alfsvåg
17 dager siden / 435 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere