Leif Halvard Silli

Alder: 51
  RSS

Om Leif Halvard

Følgere

Etter 22. juli har toleransen auka

Publisert nesten 7 år siden

Denne veka kunne ein religionshistorikar fortelja, på NRK P2, at ho hadde fenge med seg påstanda om at 22. juli ikkje hadde ført til noko skifte i måten me snakkar om norskdom og religion.

Men, sa ho, no hadde ho fylgd med på debatten nøye i meir enn eit år. Og ho kunne ikkje sjå anna enn at tonen no var ein annan.

På den måten slo ho hol på mytane til «diskrimineringsekspertane» (dei nye «myrkemennene»), som ikkje var seine til å fortelja oss at «no rir Fjordman igjen», no er alt ved det same, no er det som før.

Apropos Fjordman, gleder det meg å sjå Aftenposten har late Peder Nøstvold Jensen få sleppa til med svar til Øyvind Strømmen. Sjå, han kan snakka for seg sjølv! Det òg er eit døme på at tonen no er ein annan.

Lat ikkje myrkemennene få lov å fortelja deg noko anna.

Gå til innlegget

Når eg skriv i Verdidebatt, so skriv eg, som gjerne dei fleste, radt i netsida. Då er det viktig at netstaden ikkje er laga slik at han kan få brukaren til å sletta det han skriv

På Verdidebatt er det slik at dei teknisk ansvarlege tydelegvis har

Gå til innlegget

Homofili som livssyn

Publisert nesten 7 år siden

Det hadde vore lettare for Regjeringa å koma fram til ei konsekvent haldning til surrogati dersom ho hadde sett på homofil som eit livssyn og ikkje som noko medfødd.

I møte med surrogati-problematikken, torer ikkje Staten, av omsyn til dei homofile å seia at dette er forbode. Det er forbode, men ingen vert straffa for det.

Det kunne vore lettare å koma fram til ei konsekvent haldning til surrogati dersom ein hadde sett på homofil som eit livssyn og ikkje noko medfødd.

Det er det skiljet me opererer med mellom det biologiske og det samvitlege som gjer dette. So lenge det «berre» handlar om samvitlege ting, so godtek me at lovverket opererer med individuelle — ikkje ålmenne — rettar, og forbod.

I «Hjernevask» stod Harald Eia for det syn at homofil er noko ein er fødd med — dei norske kjønnsforskarane baud opp til kamp, la vekta på at homofil er noko ein vel sjølv.

Grunnen til at kjønnsteoretikarar legg vekta på det personlege valet, botnar i at ein leitar etter fast grunn for å kunna slå fast at homofili er OK. For når homofila er noko ein vel sjølv, hamnar me i det som har med samvitsfridom å gjera. Ingen vil rikka ved samvitsfridomen. Eit homofiliforsvar som byggjer på samvitsfridomen, lyt difor stå støtt.

Eg står for eit konservativt, kriste syn på homofiil. Difor er eg samd med dei norske kjønnsforskarane som legg vekt på samvitsfridomen. Og usamd med Harald Eia og dei som legg vekt på biologien.

Homofili og religion har mange ting felles. Mellom annan pregar begge deler heile personlegdomen. Dette burde vera opplagd.

Ikkje dess mindre er det for tida ofte dei homofile som læst ha monopol på å hevda dette. Tonen i debatten er ofte at dei som er religiøse, dei fær berre sjå til å tilpassa seg, medan dei homofile, som er «fødde slik», dei kan ikkje nokon for det sjølve, og har difor større rett enn dei som «berre» er religiløse til å krevja at me tek deira vinkel på livet på ålvor.

Problemet her er at ein tek for lite på ålvor i kor stor grad det religiøse pregar personlegdomen. Og sameleis, dersom me ser på homofili som eit livssyn, er det ikkje dermed grunn til å lata vera å taka dei homofile på ålvor! Tvert i mot, det er grunn til å taka eit kvart livssyn på det største ålvor.

Det å sjå på homofilikomplekset som eit livvsyn gjev oss mange verkty. For det er mange verkty som er utvikla både for å kritisera og å byggja opp religionar og livssyn. Å sjå på homofili som livssyn vil gjera at ein ikkje berre står med lua i handa og seier «ja, sjølvsagt» so snart einkvan krev noko på vegner homofile.

Å sjå på homofili som eit livssyn vil ikkje vera nokon trylleformel som endrar på alt. Men eg vågar å meina at det kunne skapa eit sunnare ordskifte. Ikkje minst ville det tvinga dei som framfører synspunkt som skal forsvara homofile interesser til å grunngje betre.

Gå til innlegget

Nordmenn var kjende for å vera fromme

Publisert rundt 7 år siden

Er det mogeleg å seia noko meir provoserande — i Noreg  — ennat nordmenn er fromme?

Ved eit 1000-års-arrangement i Nidarosdomen i 1990-åra (1995 eller 1997), helsa biskopen frå den romersk-katolske kyrkja i Storbritannia dei frammøtte med å fortelja at nordmennene i mellomalderen var kjende for å vera fromme.

Eg kan ikkje hugsa at dette vart referert i avisene. Men men det sette so kraftigt merke i meg at eg skriv om det no, ein 15 år seinare.

Gå til innlegget

Thomas Hylland Eriksen vil ikkje lenger kjennast ved Culcom-intervjuet der han sa at Culcom skulle «omdefinere Norge» og «dekonstruere majoriteten {…} slik at den aldri kan kalles majoritet lenger»: Per 1.12.2012 er intervjuet fjerna frå www.uio.no.

Document.no har gått inn i kontroversen kring det veldig gode innlegget «Våre antirasistiske helter» av Lily Bandehy. I vedkomande Aftenposten-innlegg er Bandehy ufin imot Thomas Hylland Eriksen. Ho seier mellom anna: 

  • «Men hvem skapte størst rasistisk reaksjon? Det er Thomas Hylland Eriksen: Han skrev om å dekonstruere demokratiet, noe som fikk dråpen til å flyte over hos massemorderen Anders Behring Breivik. Thomas Hylland Eriksen ble ikke bebreidet for noe, men vi innvandrere og samfunnet betaler prisen for en uttalelse som Thomas Hylland Eriksen var stolt av.»

Document.no meiner at Eriksen i svaret sitt leikar med hattane sine — i eine augneblenken er han forskar — i hin er han aktør og debattant. Karakteristisk er det iallfall at han meiner Bandehy lid av «misforståelser». Ho har ikkje skjøna kva Eriksen driv med.

Kva er det so Thomas Hylland Eriksen har drive med?

Jau, det som er temaet er kva Eriksen sa 18. juni 2008 i eit intervju med tittelen «Håper på fem nye Culcom-år». Intervjuet står — orsak: stod (sjå nedanfor) — på dei offentlege sidene til Culcom-prosjektet. I intervjuet snakka han om å dekonstruera den norske majoriteten so han aldri meir kan kallast majoritet. Desse orda var mellom anna Fjordman raskt ute med å festa seg ved — og å omtala på engelsk. Ja, omtala på engelsk gjekk greitt avdi Universitetet i Oslo sjølv la det ut både på engelsk og norsk.

Fordi Fjordman sa det … kom Eriksen-utsegna òg med i Ander Behring Breiviks «Parafraseover ein Fjordmann»  (manifestet).

Og før Eriksen etter planen skulle vitna i 22. juli-rettssaka, vart sitatet tema i Bergens Tidende. ABB mangla utdanning og hadde difor — og fordi han var lat («Hadde Breivik giddet å lese resten av intervjuet …») — mistolka, sa Eriksen. Og so sa han det som absolutt kunne te seg som skrøyt: «Dette enkeltsitatet er noe som har gått på rundgang i alle høyreekstreme miljøer i Europa».

23. mai 2012 — fire år etter publiseringa — vart det lagt ut eit tillegg, både i den engelske og den norske utgåva, der Eriksen forklårar at han meiner seg mistolka når det gjeld uttrykket «å "dekonstruere majoriteten"».

No i haust kom so boka «Rødt, hvit og blått» av Asle Tooji — orsak — Alse Toje. Og i dette samband kom han i innlegget «Finnes Thomas Hylland Eriksen?»  (12. november) inn på dekonstruksjons-sitatet,  som «Eriksen i ettertid har forsøkt å løpe fra». Eriksen svara då Toje i ein kommentar, i same stil som om ABB i BT etc: Toje har ikkje lese, ikkje forstått etc. 

23. november kom so Bandehy med sitt innlegg og si tilvising til innlegget. Og i svaret klagar Eriksen atter ein gong på at han er mistolka. Og denne gongen er det ekstra fælt, for han har — skriv han — hatt ei utveksling med Bandehy der han har sendt henne tekster og annat. Men i staden for å forstå — på privaten — skriv ho altso lesarinnlegg. Høyrd slikt!

Dette var tydelegvis nok for Eriksen, som til sist skriv — om dekonstruksjonssitatet: «Denne setningen har vært misforstått så mange ganger de siste årene at jeg er sterkt fristet til å slutte helt med forskningsformidling.»

Tenk det! Dersom Thomas Hylland Eriksen hadde sagt det same den 23. juli, so hadde heile verda tykt synd i honom. Men det er ikkje ABB, men Bandehy som fær bekaret til å renna over for honom.

Kor bokstavleg Thomas Hylland Eriksen meiner dette med å slutta med forskingsformidling, kjem fram dersom ein freistar å finna Culcom-intervjuet med den famøse dekonstruksjonsutsegna: Både den norske og den engelske utgåva av intervjuet er no dregne attende. Vitjar ein desse sidene no i dag, støyter ein berre på ei tekst der det står at «Dette dokumentet er ikke publisert». (Ein kan rett nok finna både den norske og den engelske utgåva mellomlagra i Google.)

Men intervjuet er ikkje skrive av Thomas Hylland Eriksen. Det er ikkje hans tekst. Teksta var skriven av Lorenz Khazaleh, som ifylgje UiO.no er journalist.

Intervjuet som Lorenz Khazale hadde med Thomas Hylland Eriksen, var ein del av Culcom-netstaden. På framsida av Culcom-netstaden står det: «Culcom er formelt avsluttet men vil fortsette å leve videre på nettsidene.»

Utsegna gjeld tydelegvis ikkje intervjuet med Thomas Hylland Eriksen. 

Morgenbladet tek i ein leiar 29. november 2012 avstand frå Bandehy. Men, som Hans Rustad peikar på, gjorde dei det utan å nemna namn. (Velmeinande! Kanskje Morgenbladet òg meiner ho ho har misforstått?)

Ifylgje Morgenblad-leiaren er det få som har «større kunnskap om [«hva nasjonale fellesskap er] og knapt noen [som] evner å forklare det bedre enn professor i sosialantropologi Hylland Eriksen». Morgenbladet kjem difor venteleg til å vera veldig leie seg for at Eriksen no har byrja å kontakta journalistar for å få dei til å sletta tekster der han har uttala seg om dette temaet.

Kva meiner so eg?

Den 29. april 2012 skreiv eg her på Verdebatt: «Men når muslimar kan kjenna på skuldkjensle etter 22. juli, burde ikkje òg sosialantropologar kjenna etter?»

Muslimen med skuldkjensle var VG-journalisten Shazia Sarwar. Innlegget hennar førde til glede og åtgaum hjå Document.no-redaktør Hans Rustad. Noko som i sin tur fekk Shazia Sarwar sjølv til å uttrykkja glede på Twitter.

Dette hadde vore gledeleg dersom Thomas Hylland Eriksen slutta med misforståinga si og istaden tok opp tråden. Det er ikkje truverd når han gøymer seg bak forskingshatten og skuldingar om mistolking og misforståing.

Ein samfunnsforskar som vil «omdefinere» og «dekonstruere» — men berre innanfor faget sitt? Diverre. Thomas Hylland Eriksen kan og veit betre. Han bør stå for sine ord. Og iallfall ikkje søkja å etterredigera seg sjølv.

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Visjon Norge som «Guds forrådshus»?
av
Cecilie Erland
15 dager siden / 1906 visninger
Tilbake til humanismen
av
Hans Anton Grønskag
6 måneder siden / 1729 visninger
Å bli forma til eit kristent liv
av
Hallvard Jørgensen
13 dager siden / 1712 visninger
Lengselen etter det evige hjem
av
Heidi Terese Vangen
6 dager siden / 1017 visninger
Rusreformen som gjør vondt verre
av
Constance Thuv
9 dager siden / 874 visninger
Prestekallet kommer innenfra
av
Maryam Trine Skogen
20 dager siden / 860 visninger
Hvorfor jeg er kristen
av
Geir Tryggve Hellemo
rundt 1 måned siden / 817 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere