Leif Halvard Silli

Alder: 51
  RSS

Om Leif Halvard

Følgere

Fritt Ord styrkjer ikkje det NORSKE ordskiftet

Publisert nesten 7 år siden

Fjordman skapa seg eit namn fyrst og fremst utanlands. Han hadde blogga og skrive bok på engelsk. So kom 22. juli. Og Noreg forstod ingenting. Då er det meg ei gåte kvifor Fritt Ord løyver pengar — til endå eit stykke engelsk tekst!

I motsetnad til mange andre, vart eg positivt overraska då bodskapen kom at Fritt Ord hadde løyvd Peder Are Nøstvold Jensen pengar til å skriva bok.

Og motivasjonen frå Fritt Ord var grei nok — det handla om ytringsfridom. Og det handla om å få fram argumenta slik at ein eventuelt kunne imøtegå dei. Og det handla, ikkje minst, om at mannen har ein opplagd trong for å forsvara seg etter måten han vart dregen inn i 22. juli på. Fritt Ord har dessutan alt for lenge sidan løyvd pengar til omsetjing av Osama Bin Laden til norsk slik at, same koss ein oppfattar det Nøstvold Jensen står for, ligg det innanfor det Fritt Ord har drive med å få fram politiske ukorrekte røystser.

Då var det skuffande å finna ut at det handla om endå ei bok på engelsk.

For det har noko å seia for ein tekst, kva slag publikum han er skriven for. Og den viktigaste publikumsmarkøren er språket sjølv. Det er det eine.

Det andre er at ein tekst på engelsk ikkje kommuniserer med den norske ålmenta slik som ein engelsk tekst gjer. (Det seier sitt at Fjordman har sagt at det kan henda kjem ei utgåve på norsk.)

For det tridje, på norsk, innanfor eit norsk publikum, hadde Peder Are Nøstvold Jensen stilt seg sjølv meir naken.

Aktoratet i 22. juli-rettssaka gjekk føre med eit framifrå døme: Jamvel om dei på pressekonferansane fekk spørsmål på engelsk, so svara dei godt som alltid på norsk. Det låg dei med andre ord heile tida på minne at alt dei sa skulle kommunisera med oss norske. Slik tenkjer alle gode diplomatar — dei tenkjer på heimepublikumet òg når dei snakkar til den store verd.

Noreg har alt hatt mange heltar som berre var heltar i utlandet. Det mest opplagde dømet er ymse slag kommunistar og ML-istar, som drog frå siger til siger på partikongressar i Moskva, Bucuresti, Phnom Penh og Peking.

So sterkt som Fjordman er i mot marxisme — kulturelt og politisk — er det difor berre å slå fast at han mykje godt held fram i same spor.

Korleis Peder Are Nøstvold Jensen aktar å vinna kampen mot innvandringa til Noreg ved hjelp av blogging og bokutgjeving på engelsk er so si sak. Men minst like gåtefullt er det korleis Fritt Ord har tenkt.

Å syta for å tryggja det norske ordskiftet burde vore ei stor nok oppgåve. Når Fritt Ord vil tryggja det engelske ordskiftet òg, har dei teke seg vatn over hovudet.

Fritt Ord burde hatt det som klår politikk at dei berre stør norskspråklege utgjevingar. Med ein slik politikk hadde Nøstvold Jensen visst kva han i beste fall kunne venta seg: Eit ja til støtte, men berre dersom han skreiv på norsk.

Gå til innlegget

Kvifor er det Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet som er ansvarleg for Stemmerettsjubileet.no når det er er Kommunal- og regionaldepartementet som er ansvarleg for demokratiet?

Frå ein fersk Twitter-dialog:

  • Marit E Totland: «Merker meg at nesten berre kvinner var på stemmerettsmarkeringar. Fortel det noko om likestilling?»
  • Nynorskingen (meg): «Det viser at jubileet er gjort til eit kvinnesaksjubileum meir enn eit demokratijubileum.»

Kvifor svara eg slik? Det har eg no teke meg tid til å finna ut av … Soga lyder slik:

Ved starten av dette jubileumsåret kunne Barne-, likestillings- og inkluderingsminister (puh!) Inga Marte Thorkildsen fortelja oss at hennar mål med jubileet var å få det inn i hovuda våre ein gong for alle at kor viktig det var med kvinner og jamstelling. Dette er ikkje ordrett det ho sa – det er slik eg hugsar eit intervju med henne på NRK radio. Men ho var svært ivrig — det måtte verta slutt på all tvil.

Men no er det no ein gong slik då, at jamstelling for det meste er ei kvinnesak. Dersom dette er eit røysterettsjubileum og ikkje eit kvinnesaksjubileum, so var det knapt noko lurt å gå ut på den måten, for då dreg menn seg unna.

Me høyrde det òg no på sjølve jubileumsdagen, då Stoltenberg gav seg til å sitera dei verste innlegga mot røysterett for kvinner. Kor relevante var desse innlegga? Kven er det han talar for? Kvifor dreg han dei fram?

Ein kan halda fram med å lesa den offisielle netstaden, Stemmerettsjubileeet.no. Der kan me læra om «dei fire store», som — so klårt? — er fire store kvinner: Collett, Qvam, Krog og Nissen.

  • Om Camilla Collett heiter det at ho var til inspirasjon — det var heile hennar yting når det galdt røysteretten, difor er ho nemnd som ein av dei store.
  • Fredrikke Marie Qvam er den einaste av desse fire som er nemnd i Bokmåls-Wikipedia sitt oversyn over kjende røyestrettsforkjemparar. (Det er tydeleg at òg Bokmåls-Wikipedia ser røysterettskampen som ein kvinnekamp – ingen menn er nemnde.)
  • Krog burde so klårt og vore teken med i den nemnde Wikipedia-sida. Men burde ikkje Hagbard Berner òg vore med — han som var fyrste formannen i Norsk Kvinnesaksforening. Kvifor er ingen av mennene som var med i Norsk Kvinnesaksforening nemnde?
  • Om arbeidarpartipolitikaren Fernanda Nissen heiter det at ho, i lojalitet til Arbeidarpartiet, venta til etter 1898 med å krevja røysterett for kvinner — i for seg var nok dette ein klok politikk.

Men kvifor har desse fire vorte utnemnde til «dei fire store»? Fordi dei var kvinner? Fordi dei kjempa ei sak for kvinner? Etter mitt syn, dersom det er røystrettenn serskild for kvinner me skal feira, so er det berre Qvam og Krog som er openberre kandidatar.

Nissen, med si Arbeidarparti-lojalitet, var kan henda med på å syta for at menn fekk ålmenn røysterett i 1898? Men sidan ho er kvinne, kan me vel ikkje nemna henne i den samanheng — det hadde jo vore formasteleg … Nei, lat oss halda oss til kjønnskategoriane!

I Nissens fall freistande å spørja om det er fordi ho hadde partiboka i orden at ho no skal telja som ein del av firarbanden. Jamvel om ho var borgarleg (av bakgrunn), høyrde ho ikkje til mellom dei mange borgarlege kvinnene — helst Venstre-kvinner — som, i lag med mennene sine, stod på for felles røysterett alle dei siste 20 åra av 1800-talet.

Nissen er likevel mi dame: For det er kan henda grunn til å minna om at då kvinnene i 1913 vart tilkjende ålmenn røysterett, var det berre 15 år sidan Stortinget hadde tilkjend mennene same det same.

Dette perspektivet — du gjerne kalla det klasseperspektivet — er borte ifrå vinklinga på dette jubileet. Men når me ser det or den synvinkelen, so vert de klårt: Den ålmenne røysteretten vart vedteken stegvis. Dette ser me når me les den glimrande artikkelen «Røysterett for menn», som Stemmerettsjubileet so fortenestefullt har med.

Stemmerettsjubileet.no peikar på at «Kvinner var utelukka frå røysteretten fordi dei var kvinner». Dette er klårt eit viktig perspektiv!

Men dersom det er det som er perspektivet, so er det jo den dagen dei slutta å vera ekskluderte fordi dei var kvinner som er den verkeleg viktige dagen å feira! Eg meiner: Dersom det er kvinneperspektivet og ikkje demokratiperspektivet som er det viktigaste! Det viktige året i so måtar er 1901, då kvinner som svara ein viss skattestorleik fekk røysta ved kommueval. Alt so berre to år etter at alle norske menn hadde fått røysterett.

Fokuset på 1913 og det einsidige fokuset på kvinnesaksida av 1913 er berre forvirrande!

Den fyrste kvinnelege stortingsrepresentanten kom t.d. i 1911 — og det var berre (val)uflaks som gjorde at ho, Anna Rogstad, sjølv vart ein av dei 123 stortingsrepresentantane som røysta ja til at røysteretten for kvinner skulle vera ålmenn. For Stortinget, då ho 1911 møtte fyrste gongen, var det i alle høve ein høgtideleg dag — og ikkje før i 1922 kom det nokon ny kvinneleg representant.

Eit oppslag i Statistisk Aarbok syner at ved stortingsvala i 1909 og 1912 utgjorde kvinner kring 38 prosent av røystemanntalet. I reine tal, har Statistisk Aarbok for 1909 oppførd 294697 «stemmeberettigede» kvinner. Til samanlikning var det i 1894 berre 165999 menn med røysterett.

Ved det fyrste stortingsvalet der kvinner hadde røysterett var det med andre ord fleire kvinner som kunne røysta enn det var menn som kunne røysta ved dei siste stortingsvala før mennene fekk ålmenn røysterett.

Når det fyrst kom på agendaen, gjekk utviklinga alt so mykje snøggare for kvinnene enn for mennene.

Slik sett har dette jubileet vorte noko mekanisk. Overflatisk. Det er ein «no må me feira»-stil over det heile, der ein, i staden for å gå inn i materien og forstå seg sjølv og soga, har gjort det heile til ei lite interessant framsyning.

Alle veit då at det var 123 stortingsmenn som gav norske kvinner røysterett. Ingen av «dei fire store» røysta for at kvinnene skulle få røysterett. Når det — politisk korrekt — heiter seg at både menn og kvinner kan vera feministar, kvifor er ikkje dette noko viktig?

Difor er det ikkje noko merkeleg at dette jubileet ikkje fenger menn — mennene, både som sogeobjekt og sogeaktørar, er stukke under ein stol i dette jubileeet. Resultatet er halvsant og mindre interessant enn det kunne vore.

Gå til innlegget

s

Publisert nesten 7 år siden

s

sur

Gå til innlegget

Russlandskarikatur frå Civita

Publisert nesten 7 år siden

I innlegget «Krenkelser siviliserer» den 31. mai i Dagbladet, forsvara tanketenkjar i Civita, Kristian Tonning Riise, ‹det islam-kritiske makkverket av en film «The Innocence of Muslims»›.

Men so heldt Riise fram:

  • Om vi først beveger oss ut på denne stien med å beskytte krenkende ytringer: Hvor går grensen? I Syria behandles president Bashar al-Assad som en Gud, og alle satiriske framstillinger av presidenten slås knallhardt ned på. Det fikk den syriske karikaturtegneren Ali Ferzat merke, da han publiserte en karikatur av Assad som haiket ut av landet sammen med en flyktende Gadhafi. Ferzat ble anholdt av syriske sikkerhetsstyrker, livstruende mørbanket og fikk begge hendene brukket. Vi ser det samme i Russland, der ingen medier tør å karikere Putin lenger.

No skal det seiast at, etter 70 år med mord, konfiskering osb av religiøs eigedom og religiøse personar, er nok Russland i dag eit land der krenkjing av religion ofte ikkje vert tolt. Og då er nok grunnen ofte like mykje

Gå til innlegget

Flaggdebatt på forgiftande tomgang

Publisert nesten 7 år siden

Kvar gong (!) det er flaggdebatt er det alltid eit spørsmål kva me i grunnen diskuterer.

Saka

No i år har ein skule i Ålesund søkt om å, i tillegg, få nytta flagg som ikkje var norske. Dei fekk nei. Frå ein syttandemaikomite som ikkje alle var sikre på om var rette instansen til å handsama eit slikt spørsmål.

Men i denne saka er det ei mengd tilleggspoeng, som me liksom må ta med …

  1. Skulen er 90 år - difor skal dei gå fremst i toget og slik vera ekstra synlege.
  2. Skulen er i sin kontekst ekstra multikulturell.
  3. Elevane har sjølve teikna papirflagga. For hand.
  4. Papirflagga har flagget frå «gamlelandet» på eine sida og det norske flagget på hi sida.
  5. Papirflagga er små.
  6. Det var berre eit eingongshøve i høve jubileumet, og var meint å skulla uttrykkja eigenarten til skulen — neste år skulle dei ha berre norske flagg.
  7. Det var berre ein liten del av skulen — i tillegg skulle skulen gå med flaggborg, av store nye flagg.

Det mest opplagde i saka burde vera at dersom ein spør ein friviljug komite om å få denne komiteen si velsigning, ja so veit ein at ein anten får eller ikkje får denne velsigninga.

Det er dette skulen har gjort.

Men burde skulen ha sendt nokon søknad i det heile? Kvifor gav dei ikkje berre programmet til komiteen og let det vera opp til den om han ville reagera? Ein kan lett tenkja at det hadde vore meir rimleg måte å gjera det på.

Debatten

Denne saka har gått i frå media i Møre og Romsdal, via Nettavisen til Dagbladet. Og undervegs har det visst vorte ein Facebook-aksjon. Og ein ny sannseiar-netstad som kallar seg Fyret – som eg ikkje kjenner meir enn gjennom omtalene i denne saka, har slege saka stort opp.

Då Nettavisen tok saka, fann dei at dei skulle be Aina Stenersen frå Oslo FrP om ein kommentar. Og ho uttala at «- Vi er imot at dette skal være lov i Oslo, og mener det er helt vanvittig at folk skal gå med andre flagg enn det norske når vi feirer vår nasjonaldag.»

Og no skal eg freista å vera litt forsonande: Dei fleste i landet tykkjest vera samde i at ein skal oppmoda folk til bera norske flagg. Det usemja går på er kor sterkt ein skal seia dette eller om ein i det heile skal seia det.

No kan ein likevel lura på om Aina Stenersen hadde fått med seg alle dei snirklete detaljane ovanfor før ho uttala seg? Det er iallfall tydeleg at Stenersen uttalar seg på grunnlag av stoda her i Oslo — og debatten her i Oslo har då aldri handla om handteikna teikningar ... Heller ikkje Fabian Stang, då han kommenterte saka, kom inn på det med at flagga var handteikna.

Til Aina Stenersens fordel talar den kjenngjeringa at Nettavisen-redaktør Gunnar Stavrum skreiv leiarartikkelen «Hvem ødelegger 17. mai?» Der går det fram at Stavrum nok tykte det var eit litt tunnt grunnlag å laga leiarartikkel utifrå. Ialfall gjev han seg til å omtala ting som ikkje har nokon ting med «unntakssøknaden» i Ålelsund: Elevar ved ein del utanlandske skular i Oslo nyttar både engelske, franske og svenske flagg i skuletoget i Oslo, må vita.

Og Stavrum viser veg: «For meg er det ikke barn med mange ulike hudfarger eller at Norge hylles med flere flagg truende for 17. mai og nasjonaldagen.»

Som om det var det det handla om.

Stavrum gjev seg ikkje før han har drege inn Quisling og jødeparagrafen. Og når han endeleg avsluttar med at «Kanskje tror de at de er nasjonale, … I virkeligheten er de historieløse og seiler under falsk flagg», so er samansurriumet komplett — utan at det er godt å vita kven han siktar til. Er det syttandemaikomiteen?

I so fall, kvifor kjem han ikkje med ei oppmoding til komiteen om å byta standpunkt? Vurdera saka på ny? Kvifor kjem han berre med retorikk?

Det går altso rundt alvorlege menneske i dette landet og trur at alle som har ytra seg i denne saka — eller har trykt på «Likar»-knappen i Facebook — har fått med seg alle detaljar i saka. Ei av desse desse alvorlege er Martine Aurdal i Dagladet. 30. april smeiser ho til med eit halvt Bjørnson-sitat: «Jeg skammer meg». Og «Nasjonaldagen får fram grumset i folkedypet». For Aurdal er dei handteikna flagga — og uviljen mot nett desse flagga — sjølve toppen av melodramaet …

Lærdomar

Eg skjønar ikkje lenger kvifor eg har blanda meg inn i denne saka ... Og eg lurer på om det er nokon andre som, dersom dei tenkjer seg om, skjønar kva dei snakkar om? Er me ikkje som fulle Bergensruss som skjenkjer borna?

  • Dersom saka handlar om Quisling, jødeparagrafen og om den nye Paven kan få koma på vitjing til Noreg, so er eg samd med Stavrum.
  • Dersom saka handlar om ein Facebook-aksjon eg ikkje kjenner retteleg til, eller ein ny netstad på ein eller annan høgrekant, so melder eg pass.
  • Det er neppe nokon av dei

Det var neppe rettkome av meg å tolka saka dit eg gjorde — det var nok å nytta for store skor. Like lite som det er rettkome med alle heltekommentarane i sosiale media frå folk som meiner at me her ser brot på både Grunnlova, Bjørnson ... For ikkje å snakka om dei ville kommentarane som går ut på at dei oppe i Ålesund ville skipla heile den tradisjonelle syttande mai-feiringa  ...

Å ta denne saka alvorleg er å ta henne heilt ned. Orsak. Eg er flau. Og eg råder 17. mai-komiteen til å seia at dei trekte ei slutning det ikkje var naudsynt å trekkja.

Takk.

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Guds fravær
av
Geir Tryggve Hellemo
18 dager siden / 1210 visninger
Ja vel, gamlis
av
Heidi Terese Vangen
24 dager siden / 1206 visninger
Hjemmesentrert kirke
av
Joanna Bjerga
6 dager siden / 1025 visninger
Det vi ikke ser
av
Magne Nylenna
10 dager siden / 850 visninger
Biskop Byfugliens merkelige avskjedsreplikk
av
Roald Iversen
rundt 2 måneder siden / 627 visninger
Humanismens hellige skrifter
av
Didrik Søderlind
nesten 2 år siden / 578 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere