Leif Halvard Silli

Alder: 51
  RSS

Om Leif Halvard

Følgere

Kva tid er påske i Etiopia, NRK?

Publisert nesten 6 år siden

#Påskenøtta: Tomm Kristiansen hadde i Dagsnytt 1. påskedag ein merkeleg ikkje-påske-reportasje ifrå Etiopa der han hevda at det for dei koptisk-ortodokse framleis er ein månad til påske. Kvifor presenterer NRK slik usann eksotisering?

I NRK Dagsnytt Påskedag hadde Tomm Kristiansen eit innslag frå Etiopia om at den etiopiske koptisk-ortodokse kyrkja dette året ikkje feirar påske saman med alle oss andre. I staden – kunne Kristiansen fortelja – var det framleis ein månad til kyrkja i Etiopia skulle halda påske.

Og du som dei sleit og fasta! Det skulle me iallfall forstå. Her var video av folk som bøygde seg og annan «trist» aktivitet — medan me her i resten av verda gledde oss over oppstoda.

Men me måtte jo forstå at kyrkja i Etiopia var verdas eldste og soleis hadde mykje betre greie på det enn både engelskmennene og dei norske tittarane. Me må ikkje koma her og koma her.

For kven i Noreg veit noko om Etiopia? Ikkje NRKs mangeårige Afrika-korrespondent iallfall. Det viktigaste var vel gjerne at sjåarane skulle få kjensla av at her var det noko dei ikkje visste. Eller kan henda skulle dei læra seg at me ikkje må tru at det å feira påske 20 april er noko dei gjer i heile verda?

Ikkje veit eg. Og eg kom i tvil sjølv òg – og det jamvel om eg snakka med min eritreiske ven – som er prest – like før fasten byrja.

Det heile var likevel berre tull, som eg mistenkte. Ein liten visitt på nettsida åt «Saint Mary of Zion Ethiopian Orthodox Tewahedo Church» i London viser at etioparane dette året, som venta,  held Påska saman med alle oss andre: http://stmaryofzion.co.uk/events/4570914498

For det er det fine med kalenderen i 2014: Både gresk-ortodokse, romersk-katolske og koptisk-ortodokse – og alle dykk andre – held påske samstundes.

Krist er oppstaden! Sanneleg er han oppstaden i Etiopia òg!

Gå til innlegget

Karsten Isachsens mytar om femtitalet

Publisert rundt 6 år siden

Ifylgje Isachsen hadde var dei homofile på femtitalet velsigna med kraftige og effektive sædceller — utan at dette førde til noka lukke i livet.

Biskopane i Den norske kyrkja har byrja å opna for ekteksapsliturgi for homofile. Og like etterpå slår presten Karsten Isachen fast at dei homofile har vunne – kyrkja har tapt.

I dag, 2013, i eit land som er meir Hollywood enn Paven, har barnløysa aldri vore større. Folketalet aukar, men det er på grunna innvandring og lag av folket (inkludert innvandra lag) der «moderniteten» ikkje står like sterkt.

Dersom det er rett, det Isachen hevdar, er ei (meir eller mindre viktig) årsak til barnløysa den at det i dag er lettare å leva som «den man er» — som homofil.

For: Ved å koma ut or (ekte)skapet (rettare sagt: lata vera å gå inn i det), unngår dei homofile både å skaffa seg kone og barn.

Samanlikna med femtitalet, er denne utviklinga er (atter ifylgje Isachen) mykje av ein gevinst fordi homofile i (ekte)skapet berre førde til liding – for dei homofile sjølve, for konene deira (som dei no slepp å få) og for borna deira (som dei òg slepp å få no, jamvel om ein del nye (om)vegar har opna seg).

For barnlause i 2014 er det kanskje litt merkeleg å høyra ein prest mana til ettertanke om dei stakkars homofile på femtitalet, som hadde fire samleier med kona si — og fekk fire ulukkelege born.

Snakk om sædceller med futt i!

Eg mistenkjer at Isachen framleis lever på femtitalet.

Me kan ikkje gjeninføra religionstvangen, sa fader Arnfinn Haram. Og visseleg kan me heller ikkje gjeninnføra femtitalet, og dei sterke normene som då framleis heldt seg. Men me bør heller ikkje lata at augo for føremonene med dei sterke, tradisjonelle normene.

Normene førde til at til og med dei homofile gifte seg og fekk born. Alt er relativt, men sett i det rette perspktivet, gjorde dette mange av dei homofile på femtitalet lukkelege.

Gå til innlegget

Europarådet og guteomskjering

Publisert over 6 år siden

Europarådet si parlamentarikarforsamling har nett vedteke ein resolusjons om «Children’s right to physical integrity».

Resolusjonen byggjer på rapporten «Children’s right to physical integrity» av Marlene Rupprecht ifrå Tyskland.  Konkret var ho mess oppteken av fylgjande:

  • «In this respect, I would in particular like to examine the following situations which may have an impact on children’s physical integrity: the circumcision of young boys in certain religions, medical interventions in the case of intersexual children, female genital mutilation (in certain cultures), the submission to or coercion of children into piercings, tattoos or plastic surgery, and the non-treatment of children facing certain medical pathologies (in certain religious communities).»

I rapporten avsluttar Rupprecht slik:

  • «for practices which may be considered acceptable under certain circumstances and in certain contexts, such as the male circumcision of young boys or sex-determining operations of young children in some cases, clearly define, also by legislation, the medical and other conditions and proceedings under which relevant operations must be undertaken, including in the religious context, and to implement procedures and structures which allow all families to access such operations in a legal manner;»

Det er verd å merkja seg at Rupprecht her fell ned på at guteomskjering kan vera godtakeleg på visse vilkor og at ho set det i same bås som kjønnsoperering av born og at familiane skal ha tilgang til dette på lovleg/godkjend måte.

Men Rupprecht er likevel oppteken av at borna bør vera med å avgjera:

  • «raise awareness, in particular, about the need to ensure the participation of children in decisions concerning their physical integrity wherever appropriate and possible, and to adopt specific legal provisions to ensure that certain operations will not be carried out before a child is old enough to be consulted.»
Rapporten hennar viser at Rupprecht her er i opposisjon til parlamentet i Tyskland:
  • «According to the latest revision of the German Civil Law as amended on 20 December 2012, male circumcision of infants is now explicitly allowed if it does not endanger the child’s well-being and if undertaken “according to the rules of medical art”. Within the first six months after the birth of a child, circumcisions may also be performed by qualified religious representatives who are not medical doctors.27An alternative proposal moved by myself and a group of parliamentarians, that prior to the operation the child should have reached the age of 14, given his consent, and that the circumcision should always be carried out by a paediatric surgeon or urologist, was unfortunately not endorsed by a majority within the German Bundestag.»
Rapporten har alt motteke reaksjonar frå Israels utanriksdepartement, som ifylgje Dagbladet meiner at rapporten kan stilmulera til rasisme.
Gå til innlegget

Ved å setja aldersgrensa for guteomskjering til 15 år, syner Barneombodet at det ser på spørsmålet som eit spørsmål om medlemsskap i trussamfunn. Men det er berre for Statskyrkja at Staten kan regulera spørsmålet om religiøs medlemsskap.

Nok ein gong promoterer Barneombodet at det er i mot omskjering av guteborn. Det har til og med skrive ein agiterande tekst, eksplisitt mynta på born, der det forklårer kvifor de er i mot.

Av teksten går det fram at dei ynskjer ei aldersgrense: 

  • «Vi ønsker at de som lager lovene her i landet skal bestemme at den nedre aldersgrensen for omskjæring bør være 15 år eller 16 år.»

Men kvifor har Barneombodet valt seg ut denne alderen? Barneombodet viser i artikkelen til Barnekonvensjonen. Er det nokon alderesgrenser der? Kvifor har ikkje Barneombodet sagt at ein lyt venta til ein er 18 år og vaksen?

Barneombodet burde sjølv svara på dette.Men det er nærliggjande å tenkja at det har i tankane «Lov om trudsomsamfunn og ymist anna», § 3, der det som gjerne vert omtala som den religiøse sjølvstendealderen, vert fastsett:

  • «§ 3. Den som er over 15 år, kan melda seg inn i eller ut or trudomssamfunn.»

OPPDATERING: Barneombodet har på Twitter stadfest at det er slik det tenkjer:

  • «@Nynorskingen aldersgrense 15 år pga rett til å bestemme i religiøse forhold, 16 år pga rett til å bestemme i helsespørsmål— Barneombudet (@Barneombudet)»

Det vil i so fall seia at Barneombodet vurderer guteomskjering på same måte som eg sjølv alltid har gjort: Det er å likna med den kristne dåpen. Barneombodet vurderer det med andre or som eit innmeldingsritual.

Det er her verd å merkja seg at Lov om trudomssamfunn fastset, i § 9, på kva måte innleming skal skje:

  • «§ 9. Trudomssamfunnet fastset sjølv kva måte innmelding i samfunnet skal gjerast på.»

Trussamunnslova fastset soleis til dømes korleis ein skal melda seg ut or Den norske kyrkja — ved melding til, eller frammøte for, ein prest. Men ho fastset ikkje korleis ein vert medlem i Den norske kyrkja — det er det nemleg Kyrkjelova som fastset, og denne seier stutt sagt at ein vert innlema/innmeld berre etter dåp. Og i analogi til statskyrkja sine reglar om innleming/innmelding, har dei andre trussamfunna sine reglar.

Når Barneombodet so tydeleg viser at dei ser på omskjering som eit innleming-/innmeldingsritual, meiner eg at det har ei dårleg sak. Det er ikkje Barneombodet eller Barnekonvensjonen i dei nordiske barneomboda si eksegese, som avgjer kva som skal til for å kunna innlemast i eit muslimsk eller jødisk trussamfunn, det er det trussamfunnet sjølv som avgjer.

Lov om trudomssamfunn har to andre aldersgrenser: Grensa for å kunna lova livsvarig truskap til ein religiøs orden er 20 år — med andre ord lenge den religiøse sjølvstendealderen:

  • «§ 4. Ein som er under 20 år, kan ikkje gjeva livsvarig lovnad om å høyra til ein religiøs orden, eit kloster eller ein liknande samskipnad. Det er ulovleg å taka imot ein slik lovnad.»

Og når det er 12 år, har barnet rett å verta høyrd i medlemsskapsaker. Frå § 6:

  • «Når barnet er 12 år eller meir, skal det få seia si mening om innmelding eller utmelding, om det let seg gjera.»

Den norske lova som regulerer dette er elles laga etter at Menneskrettsfråsegna vart til. Og lova er altso klår på at foreldra avgjer medlemskapen fram til 15 år. Det å hevda at ein ikkje kan lata guteborn omskjera før dei er over 15 år og sjølve — etter Trussamfunnslova — kan avgjera om dei vil melda seg inn og ut av ei trussamfunn, er difor etter mitt syn klårt å bryta inn i religionsfridomen slik han er heimla i Noregs lover. 

Det er forståeleg at ein ynskjer å laga reglar for korleis guteomskjering skal gå føre seg. Ikkje minst når ein tenkjer på at det i mellom mange muslimar kan vera litt andre skikkar enn dei me tradisjonelt kjenner til, frå jødedomen. Og hadde det vore dette Barnombodet ville teke opp, skulle eg gjerne vore med å diskutert. Istaden er Barneombodet berre med å spreia den vanlege «Gud, so forferdeleg»-debatten som me no i fleire år har hatt om dette temaet.

Gå til innlegget

Inkarnasjonen og Darwinismen

Publisert over 6 år siden

Kva er inkarnasjonen? Kva er det at Gud vart menneske? At han ikledde seg kjøt. Skulle det vore slik at Gud ikkje ikledde seg kjertlar? Skulle det vore slik at Gud ikkje ikledde seg ei menneskeleg sjel?

Gud vart menneske.

I NRK P2 «Søndagsavisen» snakka ateist, forfattar Jan Kjærstad, med embetseksamen i teologi, om siste boka si, «Menneskets vidde», der han etterlyser avtrykk av Darwinismen i litteraturen. Programleiaren nemner då noko Darwin skal ha sagt — eg reknar at ho hadde funne sitatet boka til Kjærstad — om at menneskesjelen berre er sekret frå kjertlar i kroppen.

Ja, koss skulle det elles vore?

Kva er inkarnasjonen? Kva er det at Gud vart menneske? At han ikledde seg kjøt? Skulle det vore slik at Gud ikkje ikledde seg kjertlar? Skulle det vore slik at Gud ikkje ikledde seg ei menneskeleg sjel?

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Guds fravær
av
Geir Tryggve Hellemo
18 dager siden / 1210 visninger
Ja vel, gamlis
av
Heidi Terese Vangen
24 dager siden / 1206 visninger
Hjemmesentrert kirke
av
Joanna Bjerga
6 dager siden / 1025 visninger
Det vi ikke ser
av
Magne Nylenna
10 dager siden / 850 visninger
Biskop Byfugliens merkelige avskjedsreplikk
av
Roald Iversen
rundt 2 måneder siden / 627 visninger
Humanismens hellige skrifter
av
Didrik Søderlind
nesten 2 år siden / 578 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere