Leif Halvard Silli

Alder: 51
  RSS

Om Leif Halvard

Følgere

Human-etikar i Noreg men katolikk i Polen?

Publisert over 5 år siden

Trusamfunnslova har vorte ein tidstjuv. Ifrå departmentet side vert ho ikkje lenger praktisert etter intensjonen. Praktiseringa er – både i praksis og endå meir på papiret (sic!) – dels absurd. På tide å rydja opp.

Dagbladet 17. oktober fortel at kommunikasjonssjefen i Human-Etisk Forbund, polskfødde Agnieszka Bryn, står oppførd i medlemsregisteret til Oslo katolske bispedøme.

Bryn er opprørd. OK, eg skjønar. Men samstundes ikkje: Vil ho vera human-etikar i Noreg men katolikk i Polen? Kva er den prinsippielle skilnaden mellom å flytta frå Polen til Noreg og å flytta frå Oslo til Trondheim? Kvifor ventar ho seg ein annan effekt av flytta til Noreg enn av å flytta frå Oslo til Trondheim?

Frekt spørsmål? OK. Men dersom det er bokstavtolkinga av trussamfunnslova ein er ute etter – og det er det Dagbladet-artikkelen fokuserer på, so er det ikkje noko i vegen for å vera katolikk i Polen men human-etikar i Noreg. Det er ei mistolking av lova å tru at lova er indifferent til om Bryn er katolikk i utlandet men human-etikar i Noreg. Det at Noreg ikkje kan føra kontroll med ekteskapsregisteret i Polen tyder ikkje at det er lov å vera gift med ein annan person i Noreg enn den ein er gift med i Polen. Frå Trusamfunnslova §7: «Ingen kan høyra til eit trudomssamfunn utan han dessutan fyller dei vilkåra som trudomssamfunnet set.»

Spørsmålet kan difor rettast til Human-Etisk Forbund: Godtek dei at folk er katolikkar i Polen men human-etikarar i Noreg?

Attest om utmelding pga flytting frå Oslo til Trondheim

Dagbladet snakkar om «Den katolske kirken i Norge».

Men Fylkesmannen i Oslo og Akershus har ikkje registerførd noko trusamfunn med det namnet. Derimot har han registerførd «Oslo katolske bispedømme». Dette «trusamfunnet» femner både om Sankt Paul i Bergen og Sankt Olav i Oslo. Sankt Olav i Trondheim, derimot, tilhøyrer Trondheim katolske bispedøme – eller Trondheim stift, som det offisielt heiter i registeret til Fylkesmannen i Sør-Trøndelag.

I tradisjonelle kyrkjer har det alltid vore geografien som avgjer kva for kyrkjelyd ein soknar til. Slik er det til dømes i Den norske kyrkja den dag i dag. So dersom Kjell Magne Bondevik hadde flytta frå Kolbotn til Trondheim, ville det ikkje fått noko å seia for medlemsskapsstatusen hans.

Og dersom katolikk Lars Roar Langslet hadde flytta etter, ville han – meir eller mindre automatisk – religiøs sett ha byrja å høyra til bispedømet for Trondheim. Men der sluttar likskapen mellom Bondevik og Langslet.

For slik Trussamfunnslova i dag vert tolka og praktisert av Departemenet, so er det fleire operasjonar som må til før Trondheim Stift kan motta stønad for den nye medlemen sin.:

  1. Fyrst hadde Langslet måtta meldt frå til Oslo katolske bispedøme om at han melder seg ut or «trussamfunnet».
  2. Deretter måtte Oslo katolske bispedøme ha gjeve Langslet ein attest om utmelding.
  3. Deretter kunne Langslet meldt seg inn i Trondheim Stift.
  4. Som då måtta ha utferda ein attest om innmelding til Langlset for dette.

For Trondheim Stift hadde ikkje hatt lov å byrja å rekna Langslet som medlem utan fyrst å informera han om dette. Slik er det. På papiret. Og, slik Depertamenet tolkar det, kan ikkje dei registeransvarlege i Trondheim stift og Oslo katolske bispedøme samarbeida om å få reinsa opp i medlemsregisteret. Heller ikkje kan dei dra nytte av Departementet sin årlege kontroll av registerera. For frå Departmentet si side er eit tilhøyr til eit trussamfunn noko privat og ein forstandar i eitt trussamfunn (Trondheim stift) har difor ikkje lov å få innsyn i kven som er med i eit anna trussamfunn (Oslo katolske bispedømme).

Det seier seg sjølv at dette er absurd. Det er jo snakk om same trusamfunn! Og det er vel lite truleg at Den katolske kyrkja kan praktisera eit slikt regime.

Trusamfunnslova vert ikkje lenger forstått

Er det nokon skilnad – religiøst eller sekulært – på det å flytta frå Polen til Noreg og det å flytta frå Oslo til Trondheim? Svaret er nei. Den sekulære skilnaden handlar berre om formalitetar. Medan den religiøse skilnaden ikkje finst: Jamvel om kyrkja alltid er lokal, kjenner ho ingen grenser og det same gjeld vel godt som alle andre trussamfunn – det er ikkje geografi som avgjer det religiøse tilhøyret ditt.

I dag kan det kan det sjå merkeleg ut at Den katolske kirke andsynes Trussamfunnslova er organisert i tre sjølvstendige trussamfunn – Oslo bispedømme, Trondheim bispedøme og Tromsø bispedøme. For i dag tenkjer me at sentralisering er det logiske. Men då Trussamfunnslova vart vedteken, var det eit mål at lova ikkje skulle binda samfunna opp til nokor serskild form for organisering. Dataregister var heller ikkje i vanleg bruk. Ein hadde lokale register – til dømes kyrkjebøker for kvar kyrkjelyd i Den norske kyrkja. Og ånda var at trusamfunna skulle gjera det på liknande vis som Den norske kyrkja: Departementet sytte for at trusamfunna kunne kjøpa seg medlemsprotokollar som likna mykje på kyrkjebøkene både i innhald og bruk. Protokollane skulle fyllast ut for hand. Og det var den nitidige føringa av protokollen som var grunnlag for registerføringa og som gjorde Staten trygg på at registra var nokonlunde rette. Dette er ei lov som vart til i før-datamaskin-Noreg. Dette var eit samfunn der det var handlingar — kyrkjelege handlingar og formelle prosedyrar (i motsetnad til raske trykk på tastaturet) – som danna grunnlaget for det meste.

I dag vert ikkje Trusamfunnslova lenger forstått. Heller ikkje Departmentet forstår henne eller teke hene på fullt alvor. Dagens fokus handlar einsidig om medlemsregister kopla til offentleg stønad. Serleg kampen dobbeltregistreringar, der ikkje minst Human-Etisk Forbund lenge har vore ivrige, pregar praktiseringa. Og det er jo det Bryn-saka òg handlar om – Bryn vil at Human-Etisk Forbund skal få statsstønad for henne, men so lenge ho står førd som medlem i Oslo katolske bispedømme, mottek korkje Oslo katolke bispedømme eller Human-Etisk Forbund nokon slik stønad.

Kombinert med til dagens datatilsynsreglar, fører praktiseringa av Trusamfunnslova til absurde resultat. Det er formelt og firkanta. «Personvern.» Men berre på papiret.

Med dagens praksis er einaste løysing for dei tri katolske bispedøma i Noreg at ein iallfal på papiret(!) slår seg saman til «Den katolske kirke i Norge». Men dermed har me hamna i den stoda at praksisen legg føringar på korleis trussamfunna bør organisera seg: Dei bør slå seg saman. Då vert det færre register og mindre tullball. Dette er det motsette av det Trusamfunnlova sjølv legg opp til: Organisasjonsfridom.

Kyrkjelova til føredøme

Den underliggjande tanken i Trussamfunnslova er at ein vert medlem gjenom eit religiøst ritual, noko som er ei eingongshinding i livet. Lova nemner ikkje noko om at flytting kan føra til at ein må få «attest om innmelding/utmelding».

Det som handlar om å at medlemen flyttar internt i Noreg (noko mange gjer fleire gonger gjennom livet) og dei verknadene dette skal ha for medlemsregistreringa når eller dersom trussamfunnet praktisk og formelt er delt opp i sjølvstendige trussamfunnseiningar (slik tilfelle er for Den katolske kyrkja i Noreg) er ikkje eit tema Trussamfunnslova dvelar ved.

Trussamfunnslova er på mange måtar ei slags ålmenngjering av tankane i Kyrkjelova, for alle trussamfunn. Og i Dnk er ikkje flytting noko problem. Dette er nok ein av grunnane til at lova ikkje dvelar ved flytteproblemet. Det er ein mangel ved lova at ho ikkje seier noko om fylgjene av at t.d. Den katolske kyrkja i Noreg er delt opp i ulike «trussamfunnseiningar». Lova vart dessutan til i god tid før «datamaskin» vart allemannseige – noko sentralregister tenkjer ho difor lite på. Trussamfunnslova er òg utforma lenge før dagens strenge (men uthola – so lenge det gjeld Statens innsyn) personvernkrav kom til.

Det er neppe råd å få til ei god løysing på medlemsregisterprobelmet med mindre iallfall nærståande trusamfunn fær høve til å samarbeida om registra. I det minste må lova og/eller forskrifta våga seia noko om korleis slike problem skal løysast slik at trusamfunna forstår korleis dei best mogeleg kan innretta seg.

Stutt sagt: Då trusssamfunnslova vart til var Noreg beint fram eit – på alle vis – meir stabilt og statisk samfunn enn i dag. Fram til 2005 spesifiserer Departementet at trussamfunna skal føra sine eigne «kyrkjebøker» – det stod i forskrifter og rundskriv kvar dei føreskrivne protokollar kunne kjøpast.

Kven bryr seg om desse protokollane i dag? Ikkje Departementet iallfall. Der er det berre dobbeltregistreringar dei bryr seg om.

Daude sjeler

Med omsyn til den konkrete saka, er eg samd med økonomisjef Pham Cong Thuan i Oslo katolske bispedømme når han til Dagbladet sa at det kan vera lurt å ta høgd for at det fanst grunnlag for registrering då dei tok Bryn inn i registeret. Det at ho ikkje har fått nokon attest om innmelding er ikkje nødvendigvis i strid med praktiseringa den gongen. Kva Departementet har sagt i 2012 endrar ikkje på dette.

Det er mogeleg at Oslo katolske bispedøme ikkje godt nok kan dokumentera frå kva dato dei har rekna henne som medlem. Til det er det å seia at når trusamfunna opplever at Departementet gjev litt blaffen lova og forskrift, vert dei usikre på kva som i røynda er gjeldande praksis.

I den nye forskrifta frå 2005 er papirprotokollkravet ikkje lenger med. Men likevel heiter det enno, i paragraf 11, at forstandar/prest skal føra register over kven som er «levende fødte og døde». Korleis skal dei få til desse opplysningane? Og kvifor skal dei ha med dette i registeret? Dette ter seg som ein uklår rest ifrå det gamle protokollregimet.

Når det gjeld vigslar – som ikkje påverkar medlemsregistger (før det vonleg vert born av det), so pålegg forskrifta trusamfunna å registrera «hvem som er ekteviet av menighetens prest eller forstander» når han/hun har vigselsmyndighet (jf. ekteskapsloven). Og det bør vera lett, all den tid trusamfunna sjølve er ansvarlege for vigsla. Men prest/forstandar er ikkje til stadar ved ei fødsle. Difor tykkjest kravet om å føra oversyn over fødde og daudfødde vanskeleg – å føra register over dette krev nær kontakt med medlemen og/eller hjelp frå offentlege register. Det er neppe mange trusamfunn som tek dette kravet alvorleg. Heller ikkje Human-Etisk Forbund.

Nye tolkingar eller ny lov?

Fødslenummer/Personnnumer vart innførd i 1964. Trussamfunslova, med tilhøyrande medlemsregisterkrav, vart innførd i 1969. Likevel nemner ikkje Trusamfunnslova nokon ting om fødselsnummer. Kanskje fordi personnummerpraksisen ikkje vart heimla i lov før 1970 då Folkeregisterlova kom.

I dag praktiserer Departemementet at det må føreliggja personnummer for alle medlemer eit trussamfunn krev stønad for. Dette er eit nytt krav sidan 2005. Kravet botnar dels i den høge innvandringa – som har gjort Departementet meir interessert i kontroll, og dels i trussamfunna og livssynsamfunna – ikkje minst Human-Etisk forbund – sitt fokus å få den offentlege stønaden dei har krav på.

Eg tilhøyrer dei som har svært låge forventningar til resultatet kvar gong politikarane – dagens politikarar – leflar med tru, livssyn, etikk. Eg er konservativ. Medan lovgjevarane ikkje berre er radikale. Dei er i stor grad indifferente.

Og Trussamfunnslova er ei god lov – ho har ein indre samanheng. Men i dag vert ho dårleg forstått. Med tanke på politikarforventningane mine, hadde det kan henda vore best å halda seg i ro. Men realiteten er at det i dag ikkje lenger er samanheng mellom slik Trussamfunnslova er utforma og slik ho vert praktisert. Departmentet har vorte meir og meir interessert i kontroll og mindre og mindre interesserte i prinsipp. Departemenet har dessutan vorte meir og meir interessert i å kunna vera indifferent og formalistisk.

Departementet har gjort Trussamfunnslova til ein tidstjuv: Departementet og trusamfunna – so vel som livsynssamfunna (les: HEF) – har ulike perspektiv på trussamfunnslovpraktiseringa. Det som krevst er at i det minste forskrifta vert gjenomgått på ny. Gjenomgangen må taka utgangspunkt i den trusamfunnsvenlege haldninga som kjem til utrykk i Trusamfunnslova. Lova er utforma i tiltru til trusamfunna. Lova er utforma utfrå interesse for trussamfunna. Det er diverre ikkje ånda i dagens praksis.

Men trusamfunna har òg ein veg å gå. Slik tilstanden er i dag, kjem det jamnlege drypp av påstandar om feil føring av registra, der serleg det eksplisitt religionskritiske samfunnet – Human-Etisk Forbund – yndar å få presseoppslag. Det er heile tida trusamfunna som vert sette i gapestokken. Diverre er dei fleste trusamfunn – serleg dei som i større eller mindre grad er «utanlandske» – lite flinke til å forsvara – eller forstå – rettane sine. Med mindre dei går meir aktivt inn i tolkinga av Trussamfunnslova og stiller krav til styresmaktene i staden for berre godta det som kjem, so kjem herjinga i media og andre stader berre til å halda fram.

Gå til innlegget

Bibelselskapets ukrainske liksomdialog

Publisert over 5 år siden

Kva vil Bibelselskapet med det ukrainske dialogmøtet sitt? Kvifor prøver Bibelselskapet å få oss til å tru at møtet er viktig når Den ukrainske ortodokse kyrkja under Moskvapatriarkatet ikkje kjem?

På grunnlag av info frå Bernt Greger Olsen i Bibelselskapet, skriv Dagen om «ukrainske og russiske kirker» som kjem «til toppmøte 
i Norge». Og Vårt Land har vore ute om same sak.

Det er berre det at ingen frå Den russiske ortodokse kyrkja kjem. Men pytt, pytt, liksom. Kva gjer vel det om den største gresk-ortodokse kyrkja i Ukraina ikkje kjem til Oslo?

Ja, kven er det eigenleg som kjem til Oslo frå russisk hald? Kven andre – i Russland – enn Den russiske ortodokse kyrkja, er det verd å ha dialog med?

Nokre atterhald

No er det eit problem her og det er at ein lite kan stola på norske medium når dei skriv om slikt dei ikkje har greie på – herunder Den gresk-ortodokse kyrkja, slik ho kjem til utrykk i dei ulike lokale kyrkjene og dei lokale kyrkjene sitt tilhøve til dei – ofte – meir overnasjonale kyrkjefyrstane. Norske medium har i liten grad synt vilje til å ha greie på kva dei snakkar om når det gjeld dette.

Difor er det uvisst - for meg - kva Dagen og Bibelselskapet eigentleg seier.

For det finst det to (minst) ukrainske kyrkjer som kallar seg «Den ukrainske ortodokse kyrkja». Den eine tilhøyrer Moskvapatriarkatet. Patriarken av Moskva er soleis patriark over Den russiske ortodokse kyrkja og Den ukrainske ortodokse kyrkja. Og denne, ukrainske, ortodokse kyrkja er godteken som ei gresk-ortodoks kyrkje av heile felleskapen av gresk-ortodokse kyrkjer. 

Den andre kyrkja, dvs «Den ukrainske, ortodokse kyrkja» som t.d. president Påråsjenkå er med i  – og som altso kjem til Oslo, er ikkje godkjend som ei gresk-ortodoks kyrkje – ho er ikkje med i felleksskapen av dei gresk-ortodokse kyrkjene.

Med andre ord: Utifrå det som kjem fram i Dagen, er det ikkje grunnlag for å tru at det kjem ein einaste gresk-ortodoks representant til møtet Oslo.

Spørjeteikn ved heile møtet

Dersom ein legg godviljen til, er det vel rimlegast å tru at det Bibelseslskapet vil ha sagt er at ingen frå Moskvapatriarkatet – korkje frå Den russiske ortodokse kyrkja eller ifrå Den ukrainske ortodokse kyrkja – har meldt seg på til «Oslo-kanalen». 

Og i så fall: Kva er då vitsen med dette møtet?

Russlandskjennar Julie Wilhelmsen trekkjer parallellar og meiner at «som Putin, so patriark» — ho meiner at Moskva-patriarkaten  er like vanskeleg som Putin. Henne om det. Men dersom ein fyrst skal dra parallellar, so kan ein spørja: Er det denne typen «dialog» ein, her i Vesten, drøymer om skipa i Ukraina, generelt? Ein «dialog» der den ein av dei to viktigaste partane ikkje er med på dialogen?

Det er ikkje nokon som har plikt til å møta opp når Bibelselskapet i Noreg kallar. Bibelselskapet skrøyter av å ha fått til eit viktig dialogmøte. Men med det som er kome fram, er det lite som tyder at dette møtet kjem til å verta viktig. Med mindre føremålet med møtet skulle vera at ein ynskjer å vera med på skapa religiøs splitting – i endå større grad – i Ukraina, slik maydan-tilhengjar Alexander Tymczuk alt har skrive om her på Verdidebatt.

Men kan henda nokon frå Bibelselskapet kan setja ljos på kven som i grunnen kjem på dette møtet?

Gå til innlegget

test

Publisert over 5 år siden

test

Gå til innlegget

«Nordmann» fungerer ikkje. Syria. ISIL.

Publisert over 5 år siden

Kona mi har budd lenger i #dettaLandet enn mange. Men ho kallar seg ikkje nordmann. (Eller nordkvinne.) Ho er russar. (Jamvel om ho er fødd innanfor grensene til dagens Ukraina.)

Dersom eitt eller anna hadde vederfare kona mi slik at ho kom i VG eller NRK, då hadde ho med det same vorte til «nordmann».

Det er som med kua når ho vert slakta: Då vert ho okse.

Den store tanken – til ein del – er at me alle er nordmenn. Eit par år innanfor våre grenser – so er du norsk. So er det brot på menneskerettane å omtala deg som noko anna enn norsk og helst nordmann.

So rart, ikkje sant? At i mangfelde-Noreg, der er det berre plass til norskar. Til nordmenn. Eit multietnisk land kan likevel ikkje ha plass til meir enn ein etnisitet. Viser det seg. (Opplysing: «nordmann» er eit etnisk omgrep.)

Men kva skal det då hjelpa å kalla alle i Noreg for nordmenn? Kva er tanken bak?

  • Sume hengjer seg opp i det (kvasi)intelektuelle argumentet at det uråd gje nokon fast/presis definisjon av «nordmann». Difor kan me like gjerne kalla alle for nordmenn, liksom. 
  • So er det det at dersom då nokon IKKJE vil omtala alle som nordmenn, so kan me hengja halen på grisen – eller dela ut Svarteper – rasismekortet.
  • Men den snille og gode tanken er sjølvsagt at «nordmenn» er som eit magisk ord: Berre me alle ser kvarandre som nordmenn, so vert me so mykje gladare i kvarandre – so mykje snillare med einannan.

Det siste – at me vert snillare – kan det vera noko i, dersom du byter ut «snillar» med «meir snillistiske». For med hjelp av #nordmann vert #spa omdefinert til #gravereidskap.

No gjer ISIL store framsteg, militært – nei: terroristisk – i Syria, i Irak. Det vert meldt at dei har gravlagd kvinner og barn – levande. Det vert meldt at dei tvingar folk – for mange av oss: våre kristne brør og systrer –  til å kalla seg muslimar. Et cetera.

Då konflikten i Syria, samanlikna med i dag, berre var i emning (relativt sett), vart det frå det norske forsvaret uttrykt sympati med «syriafararane». Det var jo den fæle presidenten i landet – det var forståeleg at dei ville kjempa mot honom. Slik tala ein norsk offiser – tydelegvis i ein freistnad på å etablera ei slags «vi-er-på-bylgjelengd»-inntrykk vis-a-vis norske soldatar (?) med sympatiar for «syriafararane».

Noreg tok altso side i Syria: Me var i mot presidenten/for Obama. Dette er halve grunnen til at det har vore so vanskeleg å få nokon frå «det offisielle Noreg» til å uttrykkja klår kritikk av «syriafararane».

So har dette fått rulla og gå. Fleire og fleire har slutta seg til. Fleire og fleire muslimar busette i Noreg har reist ned og vorte «syriafararar» og det som verre er: ISIL-medlemer.

Sidan desse folk altså ifylgje rådande nytale er #nordmenn, skulle ein kanskje trudd at det, i det offisielle Noreg, no rådde ei nagande skuldkjensle: Me – me nordmenn – har sanneleg ytt vår skjerv til den nye nedslaktinga av dei kristne Mellomausten – til tvangs-ISIL-ifiseringa.

Men slik er det ikkje. Ein slik sjølvkritikk har eg ikkje lagd merke til. (Tvert i mot. Det er mykje verre at Russland forsvara det syriske regimet. Og tenk på alle poenga Russland – nei, orsak: Putin – scora i Syria! Det er ille det. Mykje verre, tydelegivs, enn ISIL — våre eigne muslimar, liksom.)

So kva er då vitsen? Kva var vitsen med å kalla dei for nordmenn når me likevel ikkje tek inn over oss at dei er norske? Når det likevel ikkje framkallar skuldkjensle eller nokon andre former for ansvarskjensle?

Dersom dei er nordmenn, so tal då til dei som nordmenn!

Gå til innlegget

Ukrainske, religiøse sceneskift i politikken

Publisert nesten 6 år siden

Nokre scenebileete for å forstå den religiøse dimensjonen av konflikten i Ukraina. Den nasjonalistiske sida arbeider for å å ei, einaste, nasjonal, ukrainsk gresk-ortodoks kyrkje. Begge sider i politikken driv med ein religiøs utestengingsleik.

Her er tri scener i soga åt dagens Ukraina:

År 987. Fyrst Vladimir let landet døypa

Den som anten interesserer seg for soga åt den gresk-ortodokse kyrkja eller for aust-europeisk historie, kan vanskeleg sleppa under forteljinga om korleis landet vart kristna: Det var fyrst Vladimir av Kiev som sendte ut ein undersøkjingskommisjon for å sjekka kva slag tru som var mest attraktiv. Etter å ha forkasta islam, jødedom og den romersk-katolske kyrkja, enda dei opp med å verta gresk-ortodokse fordi gudstenestene  hjå oss gresk-ortodkse var so flotte at dei ikkje visste «om dei var i himmelen eller på jorda».

Men kva for eit land var det som vart kristna? Var det Russland? Nei. Var det Ukraina? Nei. Det var «Rus». Eller Kiev-Rus., som det òg vert kalla, ettersom hovudstaden låg i Kiev.

For den som tilnærmar seg komplekset «i det store og i det heile» er ikkje dette so nøye. Difor seier ein gjerne stundom at Vlaidimir døypte Russland. Og — ja — ein kan stundom tenkja på Ukraina og Kviterussland som «Russland» — det høyrde jo til det russiske imperiet.

Dagens russiske leiarskap har frå den synsvinkelen som tidlegare var gjengs – òg her i Noreg — heilt rett i at Kiev er mor åt alle russiske byar.

Men – akk – dette er ikkje alle (lenger) samde i.

Sommaren 2013: President Janukovitsj arrangerer 1025-årsjubileum for fyrst Vladimirs dåp.

Om fem år er det 1025 år sidan Noreg vart kristna, utan at noko stort jubileum er på veg. Då var det annleis med 1025-årsjubileet for fyrst Vladimirs dåp. Dette var eit statleg, offisielt jubileum i Ukraina.

Men kven skulle vera gjester? Jau, då kom dei, alle gresk-ortodokse overhovud i verda, med patriarken av Moskva, Kiril, i spissen. Sansynlegvis var det også katolske representantar til stadar.

Men kven måtte ikkje få lov å vera gjester?

Jau, i allfall ikkje patriarken av Kiev, Filaret. RadioSvoboda.org: «dei som er vil vera med patriark av Kiev, Filaret, får ikkje vera med på jubileet», sa patriarken av Moskva, medan Kievpatriarken repliserte: «Det var dåpen av Rus åt Kiev, og ikkje (Rus) åt Moskva, Moskva fanst ikkje på den tid».

Det er berre det at Kievpatriarkaet etter kvart byrjar å verta ei nokso stor kyrkjeleg eining i Ukraina, og partiet til Julia Timosjenko er mellom dei som sterkast hegnar om Kievpatriarkatet.

Det å lata ute Kievpatriarkatet var soleis å lata ute mange folk, medrekna mange i den politiske eliten. Legg til dette at president Janukovitsj greidde å få ein domstol til å gjort ugyldig den offisielle, nasjonale heltestatusen til ukraina-katolikken Stepan Bandera – dermed omgjorde han eit nasjonalistisk vedtak – med religiøse overtonar – vedteke av den førre presidenten, Jusjenko.

Eg mistenkjer at medlem i Moskvapatrarkatet, Janukovitsj, ikkje ynskte å opptre så firkanta som situasjonen kravde. Trass alt er det fleire foto med (tilfeldige) møte mellom Filaret og Janukovitsj på netstaden åt Kievpatriarkatet. Og måten Janukovitsj fekk omgjort vedtaket om Bandera på, tyder på at han freista å unngå direkte konfrontasjon med støttespelarane — han var i mykje ein mann av kompromiss.

Men det gjekk som det gjekk — Kievpatrarkaet stod ikkje på pidestallen i 2013.

Vinteren 2014: Janukovitsj forlet scenen, Timosjenko og hennar folk kjem inn.

Etter at Janukovitsj gjekk av av, har Kievpatriarkatet kome fram i soleglansen som sigerherrar. Dei var til stadar på Majdan. (Prestar frå Moskvapatriarkaet var òg tilstadar på Majdan, for å dempa gemyttane.) Patriarken har helsa på den amerikanske utanriksministeren. Timosjenko har avlagt opptil fleire visittar. Mellom anna vitja Timosjenko honom — symbolsk nok – på minnedagen for metropolitt Makarius av Kiev og alt Rus, den 14. mai for å gratulera honom med mange år i biskopsdrakta. Det symbolske låg sjølvsagt i at Makarius var metropolitt av Kiev og alt Rus — det siste («alt Rus») er eit tillegg i tittelen som patriarken av Moskva òg nyttar, og i denne tittelen ligg det at han er patriark ikkje berre over Russland men òg over det som inngår i ordet «Rus», altså Ukraina og Kviterussland med meir. Makarius av Kiev og alt Rus budde elles ikkje i Kiev, men i Vilnus. Han var vel ein av dei siste, om ikkje den siste, metropolitten av Kiev med den tittelen. Han tilhøyrde altså ikkje Moskvapatriarkatet – han tilhøyde den økumeniske patriarken i Konstantinopel, men dette var eit administrativt og ikkje noko andeleg skilje.

Timosjenko har nytta svært sterke ord om russarar. Og Kievpatriarken har heller ikkje vore snau i ordbruken om «fienden», Russland.

Dei mest opprømde politikarane har snakka om at no kan dei endleg få oppfyld draumen til Kievpatrarkatet om å verta den einaste ortodokse kyrkja i Ukraina. Bort med Moskvapatriarkatet alt so.

Så når politiske leiarar i Aust-Ukraina seier at «me vert gjerne i Ukraina, men lat oss få halda på språket vårt og religionen vår», så veit du no kva det handlar om.

Vonar eg.

Mai 2014: Porosjenko vinn valet.

Både Jusjenko, Timosjenko og den nyvalde presidenten, Porosjenko, tilhøyrer Kievpatriarkatet. Men førebels er det ikkje mange oppslag om Porosjenko på netstaden åt Kievpatriarkatet. Faktisk berre to oppslag. Og berre eitt av dei er frå 2014.

Porosjenko er portrettert som ein sentrumspolitikar. Og han er offisielt ein nøytral kandiat, jamvel om han nok lutar ganske mykje meir mot Jusjenko enn mot Regionpartiet. Men ei av Oslo-avisene siterte i dag ein veljar som sa at Porosjenko var den einaste han oppfatta som litt nøytral. Og det at Porosjenko tydelegvis ikkje er like ivrig som t.d. Jusjenko og Timoesjenko når det gjeld det å få velsigning frå Kievpatriarken, tyder på nøytraliteten hans òg har ein viss religiøs karakter. Han freistar å ikkje overdriva. Han framstår ikkje som nokon fanatikar når det gjeld Kievpatriarkatet.

Det er iallfall eit positivt teikn dersom folk har røysta på honom fordi dei ynskje meir ro. Då har han noko å leva opp til. So står det att å sjå om evna hans til å handtera biskopane i det lange laup viser seg betre enn dei føregåande presidentane. Men nettopp i den sak kan nøytraliteten hans gjerne syna seg å vera politisk viktig.

Utestengingsleik. Kiev som sambindande kraft.

Ukraina er prega av ei anten/eller-haldning. Ein driv og stengjer kvarandre ute, kvar sin gong.

Eg er gresk-ortodoks kristen. Eg tilhøyrer dessutan ein kyrkjelyd i Moskvapatriarkatet. Eg tykkjer det er trist med splittinga i Den ortodokse kyrkja i Ukraina. Politikken til Filaret er tydelgvis at kyrkja hans skal verta so stor at ho vert eit «fakta på bakken» som ikkje kan ignorerast. Han leier kyrkja si på ein slags populistisk måte der – vil eg hevda – nasjonalsime går framfor gresk-ortodoks respekt og orden. Den økumeniske patrariken, Bartolomeus, sa nettopp at «nasjonen kan ikke være den avgjørende faktor for kirkens liv», og dette er ei åtvaring som i høgste grad Kievpatrarkatet burde ta til seg.

Samstundes er det i botn og grunn dette som òg er grunnen til at dei ukraina-russiske områda i Ukraina til sjuande og sist neppe kjem til bryta ut or Russland – korkje med eller utan russisk hjelp. Og her kan nok det politiske Moskva ha andre interesser en det andelege Moskva.

For det å gå saman med Russland ville vera å eit steg i retning av å redusera Moskvapatriarkatet til ei reint russisk-nasjonal kyrkje. Moskvapatriarkatet ynskjer difor å vera tilstadar i Ukraina i og med Den ukrainske ortodoske kyrkja, som er den største ortodokse kyrkja i landet og som sit på alle dei mest historiske institusjonane som t.d. Holeklosteret i Kiev og mange kloster. Kiev er — ideologisk og historisk — difor svært viktig for dei fleste av oss som tilhøyrer Moskvapatriarkatet. Det er faktisk røtene våre.

Difor kjem den andelege kampen om Ukraina til å halda fram. Vonleg kjem dei ortodokse kristne i Kievpatriarkatet inn i den gresk-ortodokse falden att. Men då er dei nøydde til å slutta å skulda på alle andre (les: Moskvapatriarkatet).

Samtidig, i Moskva, er laurbærblada frå 1025-årsjubileet svært flaue og visne.

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Guds fravær
av
Geir Tryggve Hellemo
16 dager siden / 1202 visninger
Ja vel, gamlis
av
Heidi Terese Vangen
22 dager siden / 1201 visninger
Det vi ikke ser
av
Magne Nylenna
8 dager siden / 845 visninger
Hjemmesentrert kirke
av
Joanna Bjerga
4 dager siden / 805 visninger
Biskop Byfugliens merkelige avskjedsreplikk
av
Roald Iversen
rundt 2 måneder siden / 620 visninger
Humanismens hellige skrifter
av
Didrik Søderlind
nesten 2 år siden / 580 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere