Leif Halvard Silli

Alder: 51
  RSS

Om Leif Halvard

Følgere

Medlemsskap: Kyrkjerett og Trussamfunnslov

Publisert rundt 5 år siden

Dagbladet læst vera usamde når Biskop Bernt held fram at det er nært samanheng mellom medlemsskap og medlemsblad. Men i 1995 vann ein prest fram i PFU då han hevda at det var ein avgjerande skilnad på medlemsskapsregister og medlemsbladregister.

I medlemsrotsaka i Den katolske kyrkja (Dkk) i Noreg har biskop Bernt synt til at alle medlemene – dei nyregistret medlemene òg – hadde motteke kyrkja sitt medlemsblad, og på den måten hadde vorte gjort kjende med at dei vart rekna som medlemer.

For jamvel om Dkk tykkjest å ha misskøytt seg i denne saka, er dette med utsendinga av medlemsbladet eit viktig sympatisk trekk som tener biskop Bernt til ære og forsvar. Det ér rimeleg å venta seg at det er eit nært samband mellom medlemsskap og medlemsblad. At eg har rett i ein slik påstand kjem jo fram av nyhendeoppslaga: Nettopp medlemsbladet fekk feilregisterte ikkjemedlemer til å reagera slik at Human-Etisk Forbund og Dagbladet fekk nyss i henne.

Men ikkje alle er samde med biskop Bernt. I 1995 melde eg eit anna kyrkjeleg trussamfunn – det samfunnet eg sjølv var med i – til Fylkesmannen for medlemstriksing. Grunnlaget for meldinga var vurderingar eg gjorde meg då eg oppdaga at 50% av trussamfunnet sine medlemsblad (eit blad eg sjølv var med å stifta) kom i retur.

Etter at eg hadde kontakta Fylkesmannen, kontakta eg VG, som laga eit oppslag midt i agurktida, på slutten av fellesferien. (I same nummer hadde VG òg ein annan artikkel med – eit gladnyhendeoppslag om eit jordbærplukkarkapell for polske ortodokse kristne sesongarbeidarar – med foto av den registeransvarlege forstandaren, utan at VG i sumarvarmen greidde å kopla dei to sakene.) Då oppslaget i VG kom, kontakta eg lokalavisa der forstandaren min budde, Oppland Arbeiderblad. Dei hadde ikkje lagt merke til kva som stod i VG. Men etter at eg hadde tipsa dei, laga Oppland Arbeiderblad eit oppslag – men utan å nemna noko om det føregåande oppslaget i VG.

Nokre veker seinare fekk eg eit gåvekort frå Oppland Arbeiderblad for beste nyhendetips den månaden – avisa var tydelegvis nøgd med VG-tipset mitt … Forstandaren, derimot, klaga Oppland Arbeiderblad inn for PFU.

Klagen vart vurdert av Per Edgar Kokkvold, Inger Bentzrud, Johan O. Jensen, Thor Woje, Helen Bjørnøy, Brit Fougner og Inge Lønning. Inge Lønning var klagaren sin eigen hovudoppgåve-rettleiar under studietida hans på Teologisk Fakultet – utan at dette er gjort greie for i PFU-referatet. Men PFU-referatet gjev verdfullt innsyn i koss forstandaren tenkte.

Namnet mitt – saman med ymse påstandar om kva eg skulle ha sagt, gjort og tenkt (!) etc – førekjem fleire gonger i PFU-referatet. Likevel var eg ikkje part i saka. Den PFU-refererte påstanden om at eg hadde «urettmessig kopiert og tilegnet diskett med adresser for utsendelse av menighetsbladet» fekk eg dermed  ikkje imøtegå – då eg kontakta PFU vart eg avvist med at eg ikkje var part.

Av PFU-referatet går det fram at klagaren hevda det var ein avgjerande skilnad mellom eit medlemsregister og eit adresseregister for ei (medlems)avis. Og det heiter òg i referatet at eg var kasta ut av kyrkjelyden, noko som på det tidspunktet ikkje var rett – eg var medlem.

So langt PFU – eit av Noregs fremste supperåd (om ikkje grautråd).

Kring eitt år seinare fekk Oppland Arbeiderblad likevel rett. Då fekk eg tilsendt «Attest om utmelding» frå trussamfunnet. Lenge før whistleblower hadde fått ei norsk omsetjing (varslar) vart eg med andre ord, nærmast med PFU si velsiging, tvangsutmeldt etter Trussamfunnslova for å ha varsla om uforsvarleg medlemsregistrering.

Grunngjevinga, slik den medlemsavisa eg var med på å grunnleggja refererte saka, var at eit kyrkjelydsmøte i trussamfunnet hadde utropt meg til fiende (!) av kyrkjelyden og at forstandaren difor skreiv meg ut or kyrkjelyden.

For meg, som teologistudent, var dette svært overraskande. Eg var himmelfallen. For etter klassisk kyrkjerett er det slik at dersom du vert utkasta frå ein kyrkjelyd er du i realiteten utkasta frå alle kyrkjelydar – du er utelaten ifrå heile kyrkja. Du er ekskommunisert. Det å kasta nokon ut er or ein kyrkjelyd er difor både useriøst og potensielt kyrkjerettsstridig.

Då mine synspunkt kom forstandaren for øyra, kommenterte han at det naturlegvis var skilnad på utmelding i samsvar med Trussamfunnslova og utkasting i samsvar med kyrkjeretten. Noko eg hermed alt so seier meg formelt usamd i.

Naturlegvis er eg likevel framleis medlem i kyrkjesamfunnet mitt, men den gamle forstandaren min føretok her, etter mitt syn, ei kyrkjerettsleg usætande/ugyldig handling. Eg bed sjølvsagt ikkje om Fylkesmannen si vurdering av kyrkjeretten, men skulle gjerne sett ein kyrkjerettkunnig person vurdera saka.

For meg er dette siste det viktigaste: Kva er ein medlemsskap i eit trussamfunn? Tenk deg fylgjande: Ein ikkjereligiøs snillist vil vera grei mot den fatige, nyreligiøse venen sin som har starta eit religiøst trussamfunn der venen sjølv er forstandar. Han seier til venen: «Berre før meg opp som medlem du, for eg er ikkje medlem nokon andre stader og eg vil gjerne at du skal få offentleg stønad for min medlemskap.» Er dette lov?

Svaret er nei. Etter Trussamfunnslova kan du berre vera medlem dersom du fyller trussamfunnet sine eigne vilkor for (trus)medlemskap.

Medlemsskap i trussamfunn er kopla til samvit og samvitsfridom. For at dette skal vera meiningsfullt, må det vera ein samanheng mellom samvitet ditt og den (formelle) medlemsskapen din. Difor kravet om at du må fylla trussamfunnet sine eigne vilkor. Og samvitskravet går begge vegar – trussamfunnet må vera tru mot seg sjølv og ikkje skriva inn folk som ikkje fyller vilkora.

I Den katolske kyrkja har dei visst nok «messeplikt». Det ville òg vera rimeleg dersom trussamfunn, i Noreg, opererte med plikt til å registrera medlemsskapen sin. Merk kva eg sa: Plikt til å registrera medlemskapen sin – dvs registrerea det at ein alt frå før er medlem.

For det er slik iallfall kyrkjer bør tolka medlemsskapsspørmålet: Ein må vera medlem i trussamfunnet (etter trussamfunnet sine eigne vedteker) før ein kan reknast som medlem etter trussamfunnslova.

Det kompliserande, slik Trussamfunnslova vert praktisert, er at trussamfunnet kan oppleva det som at det offentlege krev at dei må spørja dei som alt er medlemer om dei vil vera medlemer. For den som har drive med sal og marknadsføring: Når du får eit ja, so tek det du det som eit ja. Dersom du spør meir, etter at du har fått ja, so risikerar du å få ei nei. Og dersom ein katolikk seier nei til å lata seg registerføra, kva tyder i so fall det? Er det eintydigt med at han eller ho ikkje lenger er katolikk?

Eg ser ikkje noko gale i at eit trussamfunn driv med callsenter for registrera medlemer. Dei personane Den katolske kyrkja får tak i på denne måten er alt på førehand medlemer.

So kan ein kanskje diskutera om det er gale å nytta tilgang til Folkeregisteret for å finna fram til fødselsnummeret – visst nok meiner Fylkesmannen det er feil.

Å ikkje ha sin eigen vilje er ikkje vegen å gå. På det punktet verdset eg biskop Bernt si haldning: Han vedgår feil men ikkje utan å forsvara det han meiner er ett.

Lat oss vona at trussamfunna, ikkje minst katolikkane sjølve og dei andre kristne trussamfunna, nyttar høvet til å gå i seg sjølve og opparbeida ein sunn, kritisk vilje til å oppfylla både lova og kyrkjeretten.

Gå til innlegget

Krokodilletårer for folkeretten

Publisert rundt 5 år siden

Kva er best for Krim? Å tilhøyra Ukraina eller å tilhøyra Russland?

Det beste er at Krim har opne grenser både mot Russland og Ukraina.

Det at Krim i si tid hamna i Sovjet-Ukraina, var ein teknikalitet, er de sagt. Det var ei «fylkessamanslåing» som gjorde at ingeniørane slapp å jobba med både Sovjet-Russland og Sovjet-Ukraina når dei skulle byggja eit kanalsystem som skulle byrja i Ukraina og enda opp i Krim, dvs Russland.

Gå til innlegget

Ukrainifiseringa av Aftenposten

Publisert over 5 år siden

9. desember «russifisering av Krim»

Aftenposten reproduserer artikkel frå Washington Post om at Krim «russifiseres» og at
«ukrainsk identitet utviskes raskt».

Forfattaren, Michael Birnbaum, melder at Russland «aksjonerte for å forsvare rettighetene til etniske russere, selv om risikoen de angivelig sto overfor nesten utelukkende ble formulert av statskontrollerte russiske medier».

Nesten utelukkende. Det har Birnbaum rett i. For valden Regionpartiet med fleire vart utsett for av Maidan-tilhengjarane er nesten ikkje formulert i vestlege media. Vestlege media er som kjent kontrollerte i sin omgang med fakta.

Men Birnbaus klisjekontroll slår til slutt sprekker når han avslører at risikoen faktisk er formulert av Krim-innbyggjarane sjølve: «mange av innbyggerne sier likevel de er glade for å være en del av Russland … De sier at alternativet til den russiske annekteringen ville vært en blodig konflikt som den Øst-Ukraina nå opplever».

1. desember: Dragnes tøyer myteomgrepet

Kjell Dragnes nektar å lata seg pensjonera og serverer 1. desember si beste suppe på ein spiker om at NATO aldri har lova å lata vera å ta opp tidlelgare Sovjet-statar som medlemer. Han serverer dokumentasjon på dokumenasjon til ei skikkeleg informasjonsbombe.

Men kven har sagt at NATO har kome med eit slikt løfte? Mange. Medrekna vår eigen Steinfeldt. I ørten år!

Men i Dragnes utleggjing lyder det som heile påstanden er koka i hop av Russland det siste året.

Det er nyttig å vita at det ikkje var noko skriftleg løfte. Men Dragnes påstand om at det heile er eit KGB-produkt er unyttig.

21. september: Det sør-russiske språket

Den 21. september har Dragnes gått heilt på G. Han forklarar oss kvifor det heiter Lugansk på russisk men Luhansk på Ukrainsk. Det vil seia: Det forklarar han ikkje. Men han trur iallfall at han forklarar det. Men – OK - eg skal ikkje plaga dykk med lingvistikk.

Lat oss gjera det journalistisk og enkelt: Både i russisk og i ukrainsk har dei bokstaven «Г». På russisk høyrest han ut som ein «G» og på ukrainsk høyrest han ut som ein (slags!) «H». Lingvistisk sett er begge dei to lydane ein G, men av ein eller annan grunn har me her i Vesten fått det for oss at me må skriva den ukrainske G-en som H, og den russiske G-en som G.

Vel, nok om det. Dragnes store poeng er at dei som opererte rakettvåpnet som kan vera ansvarleg for nedskytinga av ned passasjerflyet frå Malaisia, dei uttala G-en på den russiske måten.

Bra poeng! Well taken! Og enda betre er Dragnes sitt poeng om at til og med i russisk, nemleg i sør-russiske dialektar, uttalar ein G-en på den ukrainske måten. (Og, dersom det er denne G-en som avgjer om ein snakkar sør-russisk, så går grensa faktisk nokså nær Moskva …)

Men ... når det er so svinaktig lett å vêra at ein rakettoperatør ikkje er heilt på G – for å ikkje å seia «ikkje heilt på H» – kvifor er det å so vanskeleg å finna ut at russisk er det gjengse språket over allt i Ukraina – bortsett frå i (kontrollerte) media og politisk korrekte talsmenn og kvinner (les: politikarar, [kontrollerte] media etc) ???

Når norske og vestlege media skal omtala den etniske stoda i lande, so kjem dei dragande med all slag kart og meiningsmålingar som skal visa at so og so mange prosent snakkar russisk og so og so mange prosent snakkar ukrainsk. Desse meiningsmålingane og karta – som du finn flust av i Wikipedia forresten – skal liksom visa oss kvifor ting er som dei er.

Slike meiningsmålingar er like pålitelege som meiningsmålingar om kristendomen i Noreg: Folk seier dei er ateistar og all slag. Like fullt står dei i Statskyrkja.

Når slike meiningsmålingar kjem, so veit jo nordmenn det. Dei veit at ikkje alt som kjem ut av munnen er det som er lagra i norske hjarto. Men når påstandande kjem om Ukraina, so kunne ein nesten like gjerne ha snakka til nordmenn om om geografien på månen.

Ukraina er jo heller ikkje vårt grannland. Det er USA som er Ukrainas granneland. Det er forklaringa på at Aftenposten publiserer ein artikkel med ein amerikansk journalist for å gje oss innsikt.

Nyheitskverna er i Washington. Det var eit sitat av ein norsk forforfattar som døydde i Egypt.

Det er godt å vita. Men det er best å ikkje vita.

Dette vesle innlegget er alt for lite. Og alt for lite poengtert. Kanskje skal eg lytta til «Sanninga om lygna» av Vladimir Vysotskij før eg går til seng.

Gå til innlegget

Russofobi med Hitler-bart

Publisert over 5 år siden

I norske media har det ikkje vore val i Aust-Ukraina. Det har vore «val». Og Russlands viseforsvarsminister har ikkje sagt at vi er prega av russofobi – han har berre skulda oss for «russofobi». Har me ikkje noko seriøst tilhøve til Russland?

Det finst val og det finst «val»

Det var nettopp val om sjølvstende for Katalonia. Valet var ikkje bindande. Men dette var ikkje til hinder for at norske media gav valet seriøs omtale – heilt utan hermeteikn. Ein omtala det beint fram som eit val og ikkje som eit «val».

Då var det heilt anleis med valet i Aust-Ukraina – det vart omtala som eit «val», i hermeteikn. Konsekvent.

Russofobi

Nettopp sa Russlands viseforsvarsminister at det var russofobi som låg til botnar for svenskane si ubåtjakt. Når Aftenposten presenterte utsegna, fekk ho solide hermeteikn ikring seg: «russofobi». Og dett var dett.

I går skotta eg på russiske nyhende på TV. Det vart sett fram påstende om at mange born i Noreg og Finland hadde vorte tekne ifrå mor si eine og åleine fordi mor ville vera ei god russisk mor. Vel, polakkar i Noreg har klaga over same sak – så det er neppe russofobi, eine og åleine, iallfall. Men nyhendeinnslaget viser korleis ein på russisk side koplar eit kjenslegt emne til den politisk spende situasjonen.

Og det gjer vi sanneleg her i Vesten òg. I kveld melder Dagbladet at det amerikanske homoaktivistbladet «The Advocate» har kora Hitler til «Man of the year». Det er berre ein velplassert hakekross ved det heile: «Man of the year» er skrive inn under Putin sin nase so det ser ut som ein Hitler-bart.

Og eg spør: Kva er dette anna enn eklatant russofobi? Er russofobi OK når det skjer homoaktivismens namn?

Før OL i Sotsji dreiv Dagbladet sjølv ein stor aksjon for å farga Russland rosa. Det var ein kritikk av russisk homopolitikk. Greitt. Men kan heile Russland reduserast til homopolitikk? Og kan heile Russland reduserast til Putin?

Kva russofobi er

«Russerne kommer» var ein ironisk norsk slager, ein hit med Jarle Zimmermann frå 1982. Ja visst er russerangst eit tema. Prøv ikkje å lata som noko anna, gode Aftenpost.

Men kva er russofobi frå russisk synsvinkel? Svaret er at det er veldig mange ting. Men dei mest ideologiske ser det slik at Vesten sitt syn på Russland minner mykje om Vesten sitt syn på «Orienten». Dei viser beint fram til Edward Said og hans kritikk av Orientalismen.

Russland identifiserer russofobi mange stader. Ukraina er ein av stadene. Og sikkert er det at den anti-Russiske idelogiproduksjonen i Ukraina i mange år har vore heilt på topp (mellom anna i form av høgst tvilsame Wikipedia-artiklar som ikkje kan ha nokon annan arnesetad enn i svært so nasjonalistiske ukrainarar).

Dialogmangelen

Men det som er situasjonen i dag er mangel på dialog. Trass mange år som medlem i G7/G8 og NATO-Russland-rådet og Barents-samarbeid (Noreg kan jo ikkje samarbeida med heile Russland - men ein liten flik i nord, kanskje?) og what not: Politisk dialog mellom Vesten og Russland. Mellom Noreg og Russland, har vore ein mangelvare.

Russland har eit parlament, der mange politiske parti er reprsenterte. Men kven er det som får lov å koma til Noreg til samtale? Det er berre Javlinski. Dess mindre parti dess betre. Det finst ingen dialog med Kommunistpartiet, med Eina Russland (Jedinnaja Råssija) eller med Zjirnovskij sitt parti.

Det finst ikkje dialog. Og det er ikkje noko nytt. Dialogen tok ikkje slutt med at Russland gjorde Krïm til ein del av Russland. Dialogen hadde aldri byrja. Dialogen som fanst var i stor grad eit på toppen-fenomen.

Men i og med uroa i Ukraina byrja ein med noko anna: Kveld etter kveld med politisk «debatt» på russisk fjernsyn. Med eitt einaste tema: Stoda i Ukraina.

Denne debatten vert i Vesten omtala som propaganda. Gjerne det. Eg vil heller kalla det mangel på motrøyster. Og kvar skal motrøystene koma ifrå?

OK. Ein ting er dei interne motrøystene – Navalnij og hans folk. Men kvifor skal Navalnij ha dialog med Eina Russland eller med Kommunistane etc når Vesten sjølv ikkje vil ha nokon dialog med desse folka?

Dialog krev at du har seriøs debatt med dei du er usamd med. Til og med med dei du måtte forakta – dersom det er det som er utgangspunktet ditt. Seriøs debatt og dialog handlar ikkje om å senda beskjedar til «heimepublikummet» — den typen debatt har eit annna namn: Spel for galleriet.

Norske media som held fram med å setja russiske synspunkt i hermeteikn er med på å undergrava dialogen mellom Russland og Noreg. Ikkje berre det, dei er med på å undertrykkja at det finst mange norske synspunkt — det er ikkje alle nordmenn kjenner seg representerte med den typen tendensiøs omtale av eit politisk granneland.

Dessutan har hermeiknet (") og Hitler-barten ein viss likskap.


Gå til innlegget

Vekt av vekta

Publisert over 5 år siden

Litt før 17. mai i år vart eg vekt av vekta. Eg såg at nåla bikka 94 kilo. Med mine 184 cm var eg overvektig.

Etter ein oppmuntrande samtale med ein psykolog sette eg i gang med prosjekt slanking. Eg visste kva for metodikk eg ville fylgja: Det var boka «Fedmefaktor», frå 2007 av professor ved Universitetet for miljø- og biovitenskap i Ås, Birger Svihus, som vart min Bibel. So eg slutta med brød, smør, olje. Og byrja med graut (utan sukker på), lett kjøt og lett fisk. Pannekaker utan mjølk og egg. Eg laga maten sjølv. Tok over for kona. Kjøpte steikjepanne som kunne nyttast utan olje/smør. Og slikt. Fortalde kona – og andre, og både titt og ofte – om alt det Svihus fortel i boka si.

Eg var nok streng med meg sjølv. Mogelegvis strengare enn dei fleste. Alt fyrste juli – halvannan månad seinare, hadde eg gått ned ti kilo. Og endå halvanann månad - uti august, hadde eg om lag på den morgonvekta eg har i dag: 73 kilo.

Eg trena òg ein del. Og eg kasta til slutt ut kontorstolen frå heimekontoret. No står eg og arbeider – eg står medan eg driv og skriv dette innlegget. Men likevel – og i pakt med Svihus – var kosthaldet det viktigaste. Å eta mindre kostar ikkje meir tid. Tvert i mot. (Men, ja, å laga maten – og å lesa om og tenkja på kva mat ein skal eta, det tek jo noko tid.) Og eg kutta meir eller mindre ut frukosten – dette er vel eitt av dei råda Svihus er mest kjend for, at dei fleste gjerne kan kutta ut frukosten. Sparar vel minst ein halvtime på det …

Heile tida, då eg stod på som verst, vog eg meg på vekta opp til fleire gonger om dagen. Sjølvobservasjon. Eg såg at det nytta. Eg såg når det nytta.

Eg har framleis litt lyst å gå ned ørlite til, men det har stansa litt opp – og er toleg nøgd på det nivået eg er.

Bortsett frå alle kleda som vart for store har dette førd til eit billegare liv. Mindre pengar til mat.

I starten av mai byrja eg å fotografera meg sjølv. Når eg no ser på biletet av meg frå 4. mai, ser eg at eg var feit. Eg var feit i fjeset. Det motiverer meg, i dag, å sjå at eg ser mykje betre ut no …

Fotograferinga var inspirert av det med sjølvobservasjon. Sjølvobserasjonen var ikkje berre inspirert av det eg måtte ha fått med meg av kognitiv terapi men òg av boka «Viljestyrke» av Baumeister/Tierny og som kom på norsk i 2013.

Etter å ha vorte tjuge kilo lettare ser det ut til at problema eg hadde med kneet er borte. Det var ikkje venta. Men i prosessen las eg at fedme – det sokalla «magefeittet» – produserer stoff nettopp kan gje deg vondt i knea, i tillegg til at sjøve vekta heller ikkje har ein heldig verknad på knevondet. Det var med andre ord ikkje (slik eg vurderer det) menisken som var vondet.

I tillegg gjev det å gå ned so klårt ei meistringskjensle. Eg greidde det. Det er ikkje dumt å ha med seg i timane hjå psykologen – og i dagleglivet.

Prosessen er ikkje over, korkje slik eller slik. Men eg har lært meg so mykje nytt av alt saman. Noko av det viktigaste tinga eg har fått med meg er det motsette av det alle snakka om: Meir reality og mindre privatliv, det er det som er sunt for helsa. Lat berre Storebror sjå meg! Ver open. Ver sexy! Avslør deg sjølv!

Når eg skriv dette innlegget og postar det på Verdidebatt, so er det på ein måte del av (eigen)terapien: Eg legg meg naken. Eg fortel dykk, lesarane, at sjå – eg har gått ned i vekt. Dermed legg eit slag press på meg sjølv. Det ville vera eit nederlag – no – å gå opp at i vekt. No må eg skjerpa meg – eller halda fram med å vera skjerpa.

Eller for å seia det slik: Trur du Northug pressar seg sjølv mindre når han lovar å slå svenskane? Kirkegaard sa det vel på ein meir kultivert måte då han snakka om å kasta seg ut på dei 70.000 famnar. (Kognitiv-psykologisk er det vel forresten eit poeng at det neppe er nokon stor skilnad på 7 famnar og 70.000 famnar.)

Det treng ikkje vera slik at det å blogga livet sitt er det som skal til – eg trur at ein då snøggt overfokuserer på seg sjølv, at ein kan mista fokus på prosjektet sitt dersom ein gjer for mykje PR utav problema sine. (Kan henda kan det – nok ein gong – vera eit poeng å studera Northug …) Men det vil ofte vera til hjelp, trureg å – i eit eigna forum – annonsera at «no går eg i gang med det og det».

Det er m

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Guds fravær
av
Geir Tryggve Hellemo
18 dager siden / 1210 visninger
Ja vel, gamlis
av
Heidi Terese Vangen
24 dager siden / 1206 visninger
Hjemmesentrert kirke
av
Joanna Bjerga
6 dager siden / 1025 visninger
Det vi ikke ser
av
Magne Nylenna
10 dager siden / 850 visninger
Biskop Byfugliens merkelige avskjedsreplikk
av
Roald Iversen
rundt 2 måneder siden / 627 visninger
Humanismens hellige skrifter
av
Didrik Søderlind
nesten 2 år siden / 578 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere