Leif Halvard Silli

Alder: 51
  RSS

Om Leif Halvard

Følgere

«Mora mi bygger denne metroen»

Publisert rundt 4 år siden

Det er sjølvsagt ikkje prinsippielt feil av journalist Per Anders Johansen å lata Aftenposten sine lesarar få vita om regjeringa i Russland sitt vedtak om kva yrke kvinner i Russland ikkje bør ha.

Men røynda, også den «offisielle» røynda, er meir komplisert enn det bilete ein får av å stira seg blind på eit slikt enkeltdokument.

Når det gjeld likestilling, som denne artikkelen handlar om: Ein av dei siste gongene eg var i Moskva la eg til dømes merke til ein heilt fersk, typisk «politisk korrekt» plakat der stod noko slikt som at «mora mi er med å byggjer denne metroen».

Eller som det stod i sovjetiske lærebøker i russisk for utlendingar: «Eg heiter Pjotr. Mor mi er ingeniør.»

Gå til kommentaren

Publisert over 4 år siden
Hermod Herstad – gå til den siterte teksten.
Finland er ikke en del av Skandinavia, men er en del av området vi betegner som "Norden".

https://snl.no/Skandinavia

Skandinavia, region som omfatter landene Danmark, Norge og Sverige.

Betegnelsen Skandinavia brukes også i noen grad synonymt med den skandinaviske halvøy. Upresist brukes Skandinavia også om Norden.

I Skandinavia snakkes skandinavisk.

Skandinavisme-bevegelsen oppsto ved midten av 1800-tallet og arbeidet for et nærmere kulturelt og praktisk samarbeid mellom de tre skandinaviske land.

Er det, utifrå artikkelen, nokon tvil om at forfattaren har greie på kva som er den Sylfest Lomheim-korrekte forståinga av «Skandinavia»? Nei! Er det nokon tvil, utifrå artikkelen, om at forfattaranen meiner at den Sylfest Lomheim-korrekte forståinga av «Skandinavia» er problematisk? Neppe!

Men dersom du vil diskutera: Scania er eit latinsk ord derivert frå Skåne – som høyrde til Danmark fram til Sverige gjorde det til svensk. (Ettersom enkelte ikkje vil inkludera Danmark i Skandinavia - men vil reservera ordet til den skandinaviske halvøya – Sverige og Noreg, kan dette vera verd å peika på.)

Finland pla, like eins, høyra til Sverige fram til det vart russisk – dette er vel delvis forklaringa på at skandinavismen var antirussisk (noko han, den dag i dag, på sett og vis held fram med å vera)! Svensk er eitt av dei «innfødde» språka i Finland med offisiell status – det veit du sjølvsagt dersom du tenkjer deg om. Ein snakkar med andre ord svensk i Finland – jamvel om svensken på mange måtar er undertrykt og på retur – til fordel for majoritetsidentiteten. (At Finland ikkje vert rekna med til Skandinavia er i so måtar ikkje nokor hjelp.)

Takkar for merksemda!

Gå til kommentaren
Og samtidig forbyr fortsatt den ortodokse kirke, den kirken jeg også har vært først diakon og så prest i i til sammen åtte år, homofil praksis på generelt grunnlag – og det kan jeg som enkelt prest gjøre lite med. Men så lenge jeg ønsker å være ortodoks prest må jeg forholde meg til og forvalte den praksisen og læren som har blitt meg overlevert. Men av og til spør jeg meg selv hvor lenge jeg fortsatt kan være ortodoks prest når jeg faktisk tror det jeg tror i forhold til andre legninger og relasjoner – fordi det bryter rent teknisk sett med Den ortodokse kirkens lære tross den større og dypere læren om Kjærligheten. Men jeg vil heller ikke være feig – ikke lenger – derfor understreker jeg avslutningsvis: å gå i Pride-tog, å støtte min egen datter og LHBT-saken anser jeg ikke som et tungt kors som jeg må bære i åndelig ydmykhet og stillhet på tross av - tvert i mot. Jeg gleder meg heller inderlig over den Kjærligheten som er funnet og som er til i sine mange former!

Fader Christoforos,

som du godt veit, er det i våre dagar ikkje alltid lettast for dei som står for eit tradisjonelt syn på det kristne ekteskapet – det kostar både jobben som ordførar og andre ting å stå på det synet òg. Men heller ikkje eg vil vera feig – og har skrive eit skrive eit svar til deg i ein annan tråd. Det er mogeleg eg er den fyrste gresk-ortodokse som ytrar meg om saka di her på Verdidebatt – dei fleste ortodokse i Noreg er gjerne minst like utvitande om kva som står i Fedrelandsvennen og Vårt Land som det eg sjølv er. Men ein av dei viktige bodskapane mine i det innlegget er at eg etterlyser at du er open og ærleg mot din eigen kyrkjelyd – ditt eige erkebispedøme.

I og med dette innlegget ditt (som eg altså berre las i går), og som kom før kyrkjevalet i Den norske kyrkja, har du i praksis vore med å gje ein pusj til, stutt sagt, Åpen folkekirke.

Det er ingen gresk-ortodokse teologar eller geistlege som har svara deg. Det er heller ingen katolske teologar (og den katolske kyrkja i Oslo har eit visst ortodoks samarbeid, med årvisse seminar mm) har hatt noko å seia til deg.

Dersom me skal ta di tolking for god fisk, er det slik at mange gresk-ortodokse prestar eigentleg meiner at homofili og homoekteskap er heilt OK – dei berre torer ikkje koma ut med det. Med eit slikt perspektiv vert du vel, i eigne augo, om lag den einaste ærlege ortodokse presten …

Det er litt uklårt, i det du skriv, om du einast er i tvil om i kor lenge du kan vera prest i Den ortodokse kyrkja eller om du òg er i tvil om kor lenge du vil vera prest i Den ortodokse kyrkja. Problemet er, seier du, at «det jeg tror i forhold til andre legninger og relasjoner, det bryter rent teknisk sett med Den ortodokse kirkens lære tross den større og dypere læren om Kjærligheten».

Kor djup er denne læra? Kvifor held du denne esoteriske kunnskapen løynd? Du klarar å tala direkte, men du greier ikkje få fram dette?

Eg kjenner deg eigentleg berre på avstand, men men då eg møtte deg som ung prest i Oslo og det eg har lese og sett om deg i media på det kyrkjelege område, var imponerande, om eg får bruka eit slikt ord. På det meir politiske område har eg plassert meg ein annan stad enn du. Men du har vore ein flittig kyrkjebyggjar.

Det er difor både skuffande og merkeleg å observera dette (og ikkje minst det eg oppfattar som den familære grunnen til dette) som eg opplever som eit fall. Eg vonar at bispedømet ditt ved erkebiskop Job snart vil gje både deg og den ortodokse ålmenta visse om i kva grad du skal halda fram som ortodoks prest.

Herman (Leif Halvard Silli)

Gå til kommentaren

Libya, Syria, Ukraina

Publisert over 4 år siden

No vert det mumla om at Russland og USA kan samarbeida i Syria. Vonleg vil det verka til von om ei betre framtid for folk i Syria.

Men Russland og NATO hadde alt eit samarbeid om Syria – som vart avlyst frå NATO si side fordi ein ikkje tola at andre enn NATO-landa sjølve skulle vera innblanda i framtida til Ukraina. Det vart sagt den gongen at ein ikkje vil lata Russland få sola seg i glansen av noko samarbeid med NATO. Som om det å skapa fred i Syria var eit spørsmål om prestisje eller ikkje for Russland.

Det er den dobbelte måten Vesten sjølv er skuld i flyktningebylgja — den dobbelte hybris.

Russland vert omtala i fiendelege vendingar, som eit land som rustar opp og skapar ufred. Ein ser dei russiske granatsplintane, men sine eigne bombeåtak ser ein ikkje.

Eller for å sitera Håvard Rustad Markussen i Aftenposten:

  • «Dette understreker mitt teoretiske poeng, nemlig at dette ikke var et tilfelle av at norske regjeringspolitikere lurte resten av oss ved å fremstille bombingene som noe annet enn det de egentlig var.

    De, som alle andre, så verden gjennom en Norge-er-en-fredsnasjon-linse og trodde sannsynligvis genuint på at det Norge gjorde i Libya ikke var for en krig å regne.»

For den som trur at Russland ikkje eigentleg ser verda slik russiske media hevdar – men i staden trur at alt er propaganda stellt til av Russlands president – kunne det gjerne vera nyttig å tenkja gjennom korleis me sjølve let vera å leggja merke til vår eigen propaganda – vår eigen krig.

Gå til kommentaren

Korleis få lova til å funka?

Publisert rundt 5 år siden
Jeg er fullstendig klar over at tiden ikke er moden for å avvikle statsstøtten, til det er velferdssamfunnet for stor del av vår mentalitet, historie og samfunnsstruktur. Det ville antakelig ikke fungert idag. Samtidig tenker jeg at andre måter å organisere pengestrømmen kunne vært bedre og kanskje kunne ansvarliggjort kirkene til å bli mer lik det de skal være.

Det er godt å sjå at du tek avstand frå Vårt Land si tabloidisering av deg.

Eg har tidlegare hevda – og held fast på – at Fylkesmannen og Departementet har flytta fokus frå meiningsfull praktsiering av Trussamfunnslova — der lova vert tolka og praktisert slik ho var tenkt, til eit einsidigt fokus på datamaskinkontrollerte medlemsregister.

Eg skjønar at når du snakkar om å ansvarleggjera «kirkene til å bli mer lik det de skal være», så tenkjer du på «urkyrkja», så og seia. Men det ligg snublande nær å tolka deg som «slik Fylkesmannen vil at de skal være».

Det er ikkje gjeve at det er Fylkesmannen som har rett. Og det kan vera mykje å henta på å forstå Trussamfunnslova innanifrå.

Gå til kommentaren

Mest leste siste måned

Muskuløs kristendom
av
Hilde Løvdal Stephens
rundt 1 måned siden / 1219 visninger
Ja vel, gamlis
av
Heidi Terese Vangen
18 dager siden / 1183 visninger
Guds fravær
av
Geir Tryggve Hellemo
12 dager siden / 1173 visninger
Det vi ikke ser
av
Magne Nylenna
4 dager siden / 792 visninger
Biskop Byfugliens merkelige avskjedsreplikk
av
Roald Iversen
rundt 1 måned siden / 714 visninger
Eit ansvarslaust Europa
av
Emil André Erstad
27 dager siden / 646 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere