Leif Halvard Silli

Alder: 49
  RSS

Om Leif Halvard

Følgere

Putiniseringa av Russland

Publisert over 1 år siden - 1013 visninger

Norske media driv ikkje med demonisering av Russland – dei driv med Putinisering av Russland. Desverre ser det ikkje ut til at Per Anders Johansen i Aftenposten representerer noko nytt når det gjeld norsk russlandsjournalistikk.

Per Anders Johansen, Aftenpostens nye Russlandskorrespondent, er i gang: I papiravisa 19. mars 2016 kunne me lesa om ein russisk spionskule for barn, der «Barnas drøm er å bli spionjegere for Putin». Og på nettet i dag handlar det om jobbar som «er forbudt for kvinner i Russland».

Sjølv har Johansen sagt at han, med korrespondentjobben sin, har fått drøymejobben, og han er vel med desse artiklane i gang med det prosjektet han såg fram til: «jeg ser frem til å skrive om dagligliv, sport og kultur». Aftenposten gjorde og eit poeng av at Johansen kom til landet som tiåring - han skal kunna både språket og landet, og i tillegg var han ein gravejournalist som til og med hadde hadde fått SKUP-prisen.

Men Johansen hadde vel neppe fått jobben dersom han hadde representert eit brot med Aftenpostens Russlands-journalistikk.

På nettsida med artikkelen om «Putins jobbeforbud» er Putin nemnd tretten gonger - fleire gonger i genitivs form: «Putins x, y, z».

I artikkelen står det mellom anna at «Hvert … yrke som er forbudt for kvinner, er ramset opp i regulativet som ble signert av president Vladimir Putin i 2000».

Men, nei. Dokumentet vart ikkje signert av president Vladimir Putin i 2000. Dokumentet vart signert av statsminister Putin den 25. februar år 2000. Rett nok var han på den tida fungerande president – fordi Boris Jeltsin trekte seg 31. desember 1999.

Johansen presenterer elles dokumentet som «Presidentregulativ nr. 162». Men, nei. Dette er «Regjeringsresolusjon nr 162».

Å finna ut dette tok meg berre to oppslag i Wikipedia og ein bitteliten runde med Google Translate pluss at eg kan ein del russisk sjølv òg — eg kjenner meg nesten som ein gravejournalist alt, og SKUP-prisen er nok snart i boks!

Vladimir Putin vart vald til president ein månad seinare, den 26. mars år 2000. Vedtaket, om å regulera høvet for kvinner til å ha inneha visse yrke, kan ein med andre ord sjå på som ein del av valkampen til Putin.

Men det å omtale vedtaket som ein regjeringsresulosjon ville ikkje ha passa inn i det biletet av Russland som Noreg oppdreg barna sine til å ha. Det er jo vanlege land som har regjeringsvedtak – og Russland skal ikkje framstillast som vanleg. Russland er ikkje vanleg – det er Putinsk.

I Sverige har dei forresten veldig mange spionar frå Russland, såg eg i norske media den siste veka - og det handlar ikkje «gamaldagse» spionar, fekk me vita,  men vakre og sosialt flinke folk. Og ser svenskane noko svart i sjøen, så er det ein russisk ubåt – på høglys dag!

Dersom du såg forsvarsdebatten på SVT for eit par månader sidan, så fekk du forresten inntrykk av at landet var svært redde ein nært føreståande krig – alternativt var det nokon som utnytta fjernsynet til å skremma svenskane til å søkja medlemsskap i NATO. Og då har eg ikkje nemnd åtvaringane mot spionasje her i landet eller vår eigen, sjølvsagt heilt ufarlege, Jens — Libyas Jens.

Har du forresten fått med deg at Russland har testa, nye, moderne våpen i Syria? Veldig alvorleg! Det var sjølvsagt berre gamle skrapvåpen som Noreg brukte i Libya … (Av og til er våpen «gode» fordi dei er nye og veldig presise – bortsett frå når det er motparten som har dei nye våpna, sjølvsagt.)

Kjære lesarar: Det er vel godt å bu i gode og frie land utan propaganda av noko slag?

Ein journalist som ikkje grev i sitt eige hovud og ikkje konfronterer sine eigne og sitt eige lands fordomar er slett ikkje nokon gravejournalist.

Gå til innlegget

«Skandinavia» på norsk og arabisk inkluderer ikkje Finland

Publisert rundt 2 år siden - 446 visninger

Det er langt mellom Finnmark og Finland i norsk – og syrisk – mentalitet. Eller: Slik får den norske oppfatninga av «Skandinavia» konsekvensar for vårt forhold til Russland.

Kjære lesar! I tankane mine har eg gjort ei reise – for deg – til Finnmark og Finland.

Fakta i Skandinavia

Fredag 30. oktober i Aftenposten:

  1. Oppslag om skandinavisk flyktningpolitikk: «Så ulikt møter Norge, Sverige og Danmark asylsøkerne».
  2. «Asylsøkere som pressmiddel» - Per Anders Madsen resirkulerer i ein kommentar den Verdens Gang-produserte påstanden om at Russland provokativt sender syriske flyktningar til Noreg (på norsk: Skandinavia) – i staden for til Finland (på norsk: Norden).

Kva er «Skandinavia»?

For vel 20 år sidan var eg ofte i lag med finnar. Eg vitja Joensuu i Aust-Finland, der eg vurderte å studera gresk-ortodoks teologi. Eg tok eit sommarkurs finsk - i Åbo. Eg og kona mi feira påska - i Nye Valamo kloster. Eg tok fleire gonger tog, båt og buss via Finland til Russland. Og både i og utanfor Europa var eg fleire gonger i lag med finske trusfellar i den internasjonale gresk-ortodokse ungdomsrørsla Syndesmos.

Finlendingane lærte meg ting om meg sjølv som eg ikkje var klår over:

  1. For dei var me alle saman skandinavar. Eg var skandinav. Og dei var skandinavar. For moro skuld omtala dei den gresk-ortodokse erkebiskopen sin som biskop av Finland «og heile Skandinavia». Med andre ord: Skandinavia, på finsk, inkluderer Finland.
  2. Finnane, den gongen, diskuterte om innvandrarar måtte kunna finsk for å få statsborgarskap. (Innsikt: Finsk har 15 kasus.)

Tenk, so tilbakeståande, hugsar eg at eg tenkte. For meg, som nordmann, var grensa og mentaliteten klår og skarp.

Fast forward til 30. oktober 2015.

Kvifor er det meir populært å vera flyktning i Skandinavia enn i Finland? Aftenposten:

  • So lenge flyktningen bur på asylmottak er stønaden, per månad, kr 270 i Danmark, kr 720 i Sverige og kr 940 i Noreg.
  • I Noreg får flyktningar med asyl kr 15.000 i kvar månad i 2 år. I Sverige berre 6.700 i mnd i to år. I Danmark 5.945 i tre år.
  • I Sverige får flyktningar permanent opphaldsløyve straks dei har fått asyl – det tek med andre ord berre nokre månader. I Noreg: Etter tre år kan ein søkja om permanent opphald.
  • I Sverige kan alle med permanent opphaldsløyve henta kone og born frå heimlandet. I Noreg må ein i utgangspunktet både ha permanent opphald (3 år) og tena minst 252.472 i året.

Kva med fakta om Finland? I Aftenposten? Ingen. I Verdens Gang? Njet.

Tema er at flyktningane reiser til Noreg og ikkje til Finland. Kvifor? VG og Aftenposten søkjer svar i Russland. Dei har ingen perspektiv korkje på finsk flyktningpolitikk eller Finlands attraktivitet som land for asylsøkjarar.

Difor har eg gogla litt:

  • Frå netsidene til finske immigrasjonsverket har eg funne ut at ein vaksen flyktning på mottak i Finland mottek om lag det same som ein flyktning på mottak i Sverige.
  • Og frå Wikipedia kan ein finna ut at Finland 2011 hadde om lag like mange innvandrarar som Noreg hadde i 1992.

Når eg held dette saman med alt anna eg erfart om Finland og med det media elles fortel om syriske flyktningar, er det gåtefult kvifor Aftenposten og Verdens Gang triv til «russisk provokasjon» som fyrste og siste forklaring på sykkelflyktningane ved Storskog.

Avisene er fulle av historier frå Hellas. Pakketuristar – eller advokatar, eller (kva med) gresk-ortodokse norske medlemer av Miljøpartiet Dei grøne, som tek med seg sjølv – og borna sine – til Hellas for å læra dei opp i flyktningrealiteten. «Hvordan skal jeg få deg der hjemme til å forstå?», spør 23-årige Ellisiv Flack i ein Hellas-video i Aftenposten 30. oktober.

I Hellas vil flyktningane likevel ikkje vera. Heller ikkje vil dei gå ut or bussen dersom bussen stoppar ved eit asylmottak midt i ein svensk skog.

Flyktningar har preferansar! (Og iPhone.) Dette er det relevant å snakka om. Bortsett frå dersom flyktningane kjem over Storskog.

Konklusjonar

  1. Nordmenn veit kvar Skandinavia ligg. (Eller: Å ta borna sine med til Storskog har potensielt større læringseffekt enn å dra til Lesvos – iallfall dersom målet er sjølvinnsikt.)
  2. Per Anders Madsen og Frithjof Jacobsen er sikre på at syriske flyktingar stiller seg nøytrale til den uerkjente mentalitetsskilnaden mellom Noreg og Finland.
  3. I norske avisredaksjonar er det greitt å driva faktafri spekulering og moralisering over den syriske flyktningstraumen frå Russland som ein russisk provokasjon.

Men «Det er langt mellom Lesbos og Storskog», slo Per Anders Madsen fast i Aftenposten. Og det er varmare – og gjerne til og med billegare og enklare – å ta Norwegian til Lesvos enn å flyga Scandinavian til Kirkenes.

Leif Halvard Silli

Gå til innlegget

Openheit, fader Kristoforos?

Publisert rundt 2 år siden - 589 visninger

Å gå i dei fotspor Gud på førehand har lagt til rette for oss, er ein tanke ifrå Det nye testamentet. Men å vandra rundt i klisjeane som er tilgjengelege for oss er òg eit konsept.

Seint i går kveld, den 5. oktober, vart eg kjend med fader Christofóros Schuffs augustinske «Bekjennelser fra en angrende homoskeptiker».

Eg vart overraska. For den fyrste av dei to gongene eg har møtt fader Christofóros (nemleg då han oppsøkte meg, for snart 10 år sidan, i Oslo), kom me òg inn på homofilispørsmålet – og han ironiserte over sine norske, akademiske sviger-slektningar sine homoliberale haldningar – det er mogeleg at han inkluderer dette som eit døme på at han, når det gjeld homofile, har drive med «å snakke ned om dem, argumentere generelt mot livsstilen, gjøre narr av dem» …

Men samtidig undra det meg ikkje. Fader Kristoforos har alt frå før gjort ein del lettbeinte ting:

  • Kan ein ortodoks prest spela «eg held gudsteneste»? Iallfall, den eine dagen då eg jobba som statist for «Okkupert», den nye Russlands-stigmatiserande serien på TV2, kven var det eg møtte i «rolla» som russisk, ortodoks prest? Jau, fader Christofóros. Tankeleik: Kva med å be Benestad i Levende folkekirke om å vera statist i ei rolle som «konservativ kristen»? Eller Paven som statist for «geistleg som ignorerer overgrep mot mindrårige»? Eg har vore imponert over korleis Christofóros, i lydnad mot ordninasjonsbiskopen, alltid har insistert på å gå med prestedrakt, jamvel når han jobbar i skogen. Men det var neppe meininga at han skulle bera presteddrakta for å spela presterolla. Eg minner dessutan om at han er prest i det økumeniske patriarkatet sitt russiske eksarkat.
  • Av Wikipedia-artikkelen om fader Christofóros kan ein forstå at han, alt for eit par år sidan, meinte at jamvel om han sjølv ikkje var for homovigsel, so var det ikkje noko problem at staten opererte med dette. Men er det so enkelt? I USA, der fader Kristoforos kjem  ifrå, har ortodokse kristne stått saman med t.d. katolikkar i kampen for ekteskapet – det offentlege («statlege») ekteskapet. So kan fader Christofóros stå på Greipsland og seia at staten kan ha sine reglar og so kan kyrkja ha sine.

Og no har han alt so, gjennom Fedrelandsvennen, Vårt Land og Verdidebatt, fortald heile den ikkje-ortodokse norske ålmenta at han har eit nytt syn på homofili. Og i og med fader Christofóros si nye vending kan ein vel slå fast at, nei, det var slett ikkje so enkelt – det var endå enklare …

For når fader Christofóros no går ut med det han sjølv omtalar som eit ikkje-prinsippielt syn, so snevrar han ting inn på endå nye måtar: Han kan, som privat person, ha sitt syn – og kyrkja kan ha sitt syn. At han er prest og ikkje ein privat person har visst ikkje so mykje å seia.

Fader Christofóros teiknar eit bilete av seg sjølv som grenselaust open og ærleg. Difor fortel han om barnet sitt, men nektar for at barnet har påverka han i hans syn – samstundes som han nettopp legg vekt på at det var barnet som gav han høve til å «koma ut», dette barnet er so ungt at ein kan lura på korleis han våga å trekkja det inn: Tretten år og «panseksuell», i fylgje Åpen Folkekirke i Agder og Telemark. At ei popstejrne, på eit samtidig MTV-show, kom ut med same identitet, er sjølvsagt heilt tilfeldig, eller? (Lesarar som måtte no kjenna seg litt terminoloigisk utdaterte kan trøysta seg med at til og med Dagbladet, etter at stjerna «kom ut», fann grunn til å ha ein artikkel om kva panseksuell tyder.)

Vårt Land intervjua fader Christofóros den 28. august og Christofóros har sjølv vore so venleg å publisera kva han i dette intervjuet sa. Det eg fester meg ved i intervjuet er iallfall to ting:

  • Han hadde ikkje informert sin eigen biskop før han gjekk i Pride og til media. Og eg lurer, no ein månad seinare, har han i det minste no informert biskopen sin? Har han vist han foto frå Pride og oppslaga i media? Eller er han berre ein libero i den ortodokse huttiheita– som satsar på at biskopen eventuelt berre skal få ting ryktevegen?
  • Han hevdar at mange geistlege i den ortodokse kyrkja – i løynd – deler hans syn. Ja, kan henda det? For min del har eg mindre tru på det. Det verkar på meg meir som om fader Christofóros har vanskar med konseptet «pastorale omsyn» – og også tolkar (eller iallfall presenterer) dei pastorale vurderingane han har støytt på som noko anna enn dei er. Vårt Land kan jo byrja med å spørja det som burde vore fader Kristoforos sin næraste kollega, den kjende arkimandritten fader Johannes i Oslo, frå same bispedøme?

Den norsk ålmenta har fått vita det. Men den ortodokse ålmenta har ikkje fått vita det. På netsidene for Heilage Herman kyrkjelyd, der fader Christofóros er forstandar, er det ingen tekster eller peikarar til innspela hans om homofili i Vårt Land og Verdidebatt eller på Pride.

Fader Kristoforos – du læst vera open og ærleg, men eg tykkjer du har ein veg å gå.

Herman (Leif Halvard Silli)

Gå til innlegget

Sminkeboksen gjer jentene til skulevinnarar

Publisert over 2 år siden - 902 visninger

Regla går slik:

  • Jenter nyttar alt for mykje tid med pudderdåsen og sminkeboksen framfor spegelen. Dersom dei i staden hadde studert og lese, kunne dei ha fått mykje betre karakterar. Desse påstandane var for ikkje lenge sidan ein seriøs debatt her i Noreg.
  • Jenter slankar seg for mykje . Slankig fører til anoreksi. Og slankinga kjem av «kroppspresse». Me har fått eit jentefiendleg samfunn.

Og so vidare. Me kan regla utanåt.

Men er det då ikkje noko positivt med den feminine sida av jentene våre? Er det feminismen – politikken – som lyfter jentene fram, som gjer dei til skulevinnarar?

Her er ein annan påstand: Det er nettopp den feminine kvinnekulturen som gjer kvinnene til vinnarar i dagens samfunn.

Den feminine kvinnekulturen handlar om sjølvkontroll og disiplin: Du må øva deg i å eta litt mindre, for å halda deg slank, øva deg i å stå i mot presset. Forsaka noko for å oppnå ein sunnare og meir ideell kropp. Forsaka ting i det daglege for å nå eit langsiktig mål. Dagleg pynta deg for å kunna skapa illusjonen om eit perfekt ytre. Du må stå på.

Forsking på dette med viljestyrke har vist at me kan tolka viljestyrken som ein muskel – vi menneske har ein «viljestyrkemuskel». Når me trenar denne muskelen på eitt felt, så vil den viljestyrken me opparbeider oss (til dømes når det gjeld det å halda oss borte frå mat som gjer oss feite) gjeva oss meir styrke til å stå i mot freistingar også på andre område i livet. Med andre ord: Dersom du vert flinkare til å halda ut med å berre eta den sunne maten som gjev deg ein slik kropp som du ynskjer deg og gjerne òg vert flinkare til å trena – og til å pynta deg, so opparbeider du deg samstunden auka evna – meir viljestyrke – på andre felt i livet. Slik som til dømes når det gjeld utdanning.

Påstanden min er difor at når jenter forsakar/seier nei til matvarer og livssstil som hindrar dei i å nå den kroppsfasongen dei ynskjer, so opparbeider dei seg samstundes ein auka viljestyrke som gjer dei flinkare til nå måla sine også på andre felt i livet.

Kort sagt: Sminkeboksen skapar skulevinnarar.

Gå til innlegget

Medlemsskap: Kyrkjerett og Trussamfunnslov

Publisert over 2 år siden - 491 visninger

Dagbladet læst vera usamde når Biskop Bernt held fram at det er nært samanheng mellom medlemsskap og medlemsblad. Men i 1995 vann ein prest fram i PFU då han hevda at det var ein avgjerande skilnad på medlemsskapsregister og medlemsbladregister.

I medlemsrotsaka i Den katolske kyrkja (Dkk) i Noreg har biskop Bernt synt til at alle medlemene – dei nyregistret medlemene òg – hadde motteke kyrkja sitt medlemsblad, og på den måten hadde vorte gjort kjende med at dei vart rekna som medlemer.

For jamvel om Dkk tykkjest å ha misskøytt seg i denne saka, er dette med utsendinga av medlemsbladet eit viktig sympatisk trekk som tener biskop Bernt til ære og forsvar. Det ér rimeleg å venta seg at det er eit nært samband mellom medlemsskap og medlemsblad. At eg har rett i ein slik påstand kjem jo fram av nyhendeoppslaga: Nettopp medlemsbladet fekk feilregisterte ikkjemedlemer til å reagera slik at Human-Etisk Forbund og Dagbladet fekk nyss i henne.

Men ikkje alle er samde med biskop Bernt. I 1995 melde eg eit anna kyrkjeleg trussamfunn – det samfunnet eg sjølv var med i – til Fylkesmannen for medlemstriksing. Grunnlaget for meldinga var vurderingar eg gjorde meg då eg oppdaga at 50% av trussamfunnet sine medlemsblad (eit blad eg sjølv var med å stifta) kom i retur.

Etter at eg hadde kontakta Fylkesmannen, kontakta eg VG, som laga eit oppslag midt i agurktida, på slutten av fellesferien. (I same nummer hadde VG òg ein annan artikkel med – eit gladnyhendeoppslag om eit jordbærplukkarkapell for polske ortodokse kristne sesongarbeidarar – med foto av den registeransvarlege forstandaren, utan at VG i sumarvarmen greidde å kopla dei to sakene.) Då oppslaget i VG kom, kontakta eg lokalavisa der forstandaren min budde, Oppland Arbeiderblad. Dei hadde ikkje lagt merke til kva som stod i VG. Men etter at eg hadde tipsa dei, laga Oppland Arbeiderblad eit oppslag – men utan å nemna noko om det føregåande oppslaget i VG.

Nokre veker seinare fekk eg eit gåvekort frå Oppland Arbeiderblad for beste nyhendetips den månaden – avisa var tydelegvis nøgd med VG-tipset mitt … Forstandaren, derimot, klaga Oppland Arbeiderblad inn for PFU.

Klagen vart vurdert av Per Edgar Kokkvold, Inger Bentzrud, Johan O. Jensen, Thor Woje, Helen Bjørnøy, Brit Fougner og Inge Lønning. Inge Lønning var klagaren sin eigen hovudoppgåve-rettleiar under studietida hans på Teologisk Fakultet – utan at dette er gjort greie for i PFU-referatet. Men PFU-referatet gjev verdfullt innsyn i koss forstandaren tenkte.

Namnet mitt – saman med ymse påstandar om kva eg skulle ha sagt, gjort og tenkt (!) etc – førekjem fleire gonger i PFU-referatet. Likevel var eg ikkje part i saka. Den PFU-refererte påstanden om at eg hadde «urettmessig kopiert og tilegnet diskett med adresser for utsendelse av menighetsbladet» fekk eg dermed  ikkje imøtegå – då eg kontakta PFU vart eg avvist med at eg ikkje var part.

Av PFU-referatet går det fram at klagaren hevda det var ein avgjerande skilnad mellom eit medlemsregister og eit adresseregister for ei (medlems)avis. Og det heiter òg i referatet at eg var kasta ut av kyrkjelyden, noko som på det tidspunktet ikkje var rett – eg var medlem.

So langt PFU – eit av Noregs fremste supperåd (om ikkje grautråd).

Kring eitt år seinare fekk Oppland Arbeiderblad likevel rett. Då fekk eg tilsendt «Attest om utmelding» frå trussamfunnet. Lenge før whistleblower hadde fått ei norsk omsetjing (varslar) vart eg med andre ord, nærmast med PFU si velsiging, tvangsutmeldt etter Trussamfunnslova for å ha varsla om uforsvarleg medlemsregistrering.

Grunngjevinga, slik den medlemsavisa eg var med på å grunnleggja refererte saka, var at eit kyrkjelydsmøte i trussamfunnet hadde utropt meg til fiende (!) av kyrkjelyden og at forstandaren difor skreiv meg ut or kyrkjelyden.

For meg, som teologistudent, var dette svært overraskande. Eg var himmelfallen. For etter klassisk kyrkjerett er det slik at dersom du vert utkasta frå ein kyrkjelyd er du i realiteten utkasta frå alle kyrkjelydar – du er utelaten ifrå heile kyrkja. Du er ekskommunisert. Det å kasta nokon ut er or ein kyrkjelyd er difor både useriøst og potensielt kyrkjerettsstridig.

Då mine synspunkt kom forstandaren for øyra, kommenterte han at det naturlegvis var skilnad på utmelding i samsvar med Trussamfunnslova og utkasting i samsvar med kyrkjeretten. Noko eg hermed alt so seier meg formelt usamd i.

Naturlegvis er eg likevel framleis medlem i kyrkjesamfunnet mitt, men den gamle forstandaren min føretok her, etter mitt syn, ei kyrkjerettsleg usætande/ugyldig handling. Eg bed sjølvsagt ikkje om Fylkesmannen si vurdering av kyrkjeretten, men skulle gjerne sett ein kyrkjerettkunnig person vurdera saka.

For meg er dette siste det viktigaste: Kva er ein medlemsskap i eit trussamfunn? Tenk deg fylgjande: Ein ikkjereligiøs snillist vil vera grei mot den fatige, nyreligiøse venen sin som har starta eit religiøst trussamfunn der venen sjølv er forstandar. Han seier til venen: «Berre før meg opp som medlem du, for eg er ikkje medlem nokon andre stader og eg vil gjerne at du skal få offentleg stønad for min medlemskap.» Er dette lov?

Svaret er nei. Etter Trussamfunnslova kan du berre vera medlem dersom du fyller trussamfunnet sine eigne vilkor for (trus)medlemskap.

Medlemsskap i trussamfunn er kopla til samvit og samvitsfridom. For at dette skal vera meiningsfullt, må det vera ein samanheng mellom samvitet ditt og den (formelle) medlemsskapen din. Difor kravet om at du må fylla trussamfunnet sine eigne vilkor. Og samvitskravet går begge vegar – trussamfunnet må vera tru mot seg sjølv og ikkje skriva inn folk som ikkje fyller vilkora.

I Den katolske kyrkja har dei visst nok «messeplikt». Det ville òg vera rimeleg dersom trussamfunn, i Noreg, opererte med plikt til å registrera medlemsskapen sin. Merk kva eg sa: Plikt til å registrera medlemskapen sin – dvs registrerea det at ein alt frå før er medlem.

For det er slik iallfall kyrkjer bør tolka medlemsskapsspørmålet: Ein må vera medlem i trussamfunnet (etter trussamfunnet sine eigne vedteker) før ein kan reknast som medlem etter trussamfunnslova.

Det kompliserande, slik Trussamfunnslova vert praktisert, er at trussamfunnet kan oppleva det som at det offentlege krev at dei må spørja dei som alt er medlemer om dei vil vera medlemer. For den som har drive med sal og marknadsføring: Når du får eit ja, so tek det du det som eit ja. Dersom du spør meir, etter at du har fått ja, so risikerar du å få ei nei. Og dersom ein katolikk seier nei til å lata seg registerføra, kva tyder i so fall det? Er det eintydigt med at han eller ho ikkje lenger er katolikk?

Eg ser ikkje noko gale i at eit trussamfunn driv med callsenter for registrera medlemer. Dei personane Den katolske kyrkja får tak i på denne måten er alt på førehand medlemer.

So kan ein kanskje diskutera om det er gale å nytta tilgang til Folkeregisteret for å finna fram til fødselsnummeret – visst nok meiner Fylkesmannen det er feil.

Å ikkje ha sin eigen vilje er ikkje vegen å gå. På det punktet verdset eg biskop Bernt si haldning: Han vedgår feil men ikkje utan å forsvara det han meiner er ett.

Lat oss vona at trussamfunna, ikkje minst katolikkane sjølve og dei andre kristne trussamfunna, nyttar høvet til å gå i seg sjølve og opparbeida ein sunn, kritisk vilje til å oppfylla både lova og kyrkjeretten.

Gå til innlegget

Lesetips

Ateistens bekjennelser
av
Trond Skaftnesmo
13 dager siden / 6609 visninger
296 kommentarer
Er Noahs Gud vår Gud?
av
Sofie Braut
16 dager siden / 6886 visninger
193 kommentarer
Å være snill
av
Åste Dokka
21 dager siden / 2236 visninger
2 kommentarer
Det skamfulle samfunnet
av
Erling Rimehaug
24 dager siden / 3585 visninger
5 kommentarer
Når det er bra at det er glemt
av
Benedicte Aass
rundt 1 måned siden / 484 visninger
0 kommentarer
Se og bli sett
av
Asbjørn Gabrielsen
rundt 1 måned siden / 494 visninger
0 kommentarer
Sjenanse og verdighet
av
Ingrid Nyhus
rundt 1 måned siden / 3549 visninger
1 kommentarer
Jeg kunne vært mirakelpredikant
av
Levi Fragell
rundt 1 måned siden / 8053 visninger
225 kommentarer
Mektig martyr
av
Åshild Mathisen
rundt 1 måned siden / 2688 visninger
5 kommentarer
Les flere

Siste innlegg

Show i kirken
av
Paul Nergård Wirkola
rundt 7 timer siden / 132 visninger
1 kommentarer
Reis deg og gå inn
av
Ida Marie Haugen Gilbert
rundt 9 timer siden / 155 visninger
1 kommentarer
Et symboldokument
av
Vårt Land
rundt 11 timer siden / 131 visninger
1 kommentarer
Klarere på grensene
av
Joav Melchior
rundt 11 timer siden / 401 visninger
1 kommentarer
Makten og ærbødigheten
av
Alf Gjøsund
rundt 23 timer siden / 1393 visninger
11 kommentarer
Forfølgelsesvanvidd
av
Anne Jensen
rundt 24 timer siden / 852 visninger
17 kommentarer
Les flere

Siste kommentarer

Are Karlsen kommenterte på
Ateisme og humanisme II
4 minutter siden / 1996 visninger
Gjermund Frøland kommenterte på
Ateisme og humanisme II
7 minutter siden / 1996 visninger
Gjermund Frøland kommenterte på
Ateisme og humanisme II
10 minutter siden / 1996 visninger
Laurits Hallum kommenterte på
Ateisme og humanisme II
11 minutter siden / 1996 visninger
Are Karlsen kommenterte på
Ateisme og humanisme II
15 minutter siden / 1996 visninger
Are Karlsen kommenterte på
Ateisme og humanisme II
17 minutter siden / 1996 visninger
Are Karlsen kommenterte på
Ateisme og humanisme II
23 minutter siden / 1996 visninger
On Elpeleg kommenterte på
Ledsagere som ikke lytter
24 minutter siden / 1664 visninger
Are Karlsen kommenterte på
Spor i ørkensanda
34 minutter siden / 613 visninger
Kjell Haugen kommenterte på
Noahs Gud hadde nåde med Noah
38 minutter siden / 349 visninger
Anders Ekström kommenterte på
Noahs Gud hadde nåde med Noah
rundt 1 time siden / 349 visninger
Magnus Leirgulen kommenterte på
Hvorfor stemmer så mange blått? - Jeg stemmer Rødt
rundt 1 time siden / 180 visninger
Les flere