Svein Volle

Alder: 75
  RSS

Om Svein

Følgere

Åste Dokka skriv prisverdig i laurdags­avisa om føremonane ved ekteskapet i høve til ­sambuarskapen når det gjeld tryggleik i ­økonomien. Ikkje minst for kvinner: «(…) og derfor bør det også være en feministsak at flere gifter seg». Så langt, så bra.

Men for pensjonistar er det omvendt, her er det nærast ein økonomisk katastrofe å gifte seg. Det går særleg ut over kvinna, dersom ho er den fattigaste parten, noko ho som regel er. Ho misser ein eventuell ektefellepensjon frå tidlegare avdød mann. Og straks er også Nav på pletten og reduserer hennar pensjon frå folketrygda med 25 prosent. Ein reknar visst med at paret flyttar saman og at ­mannen er hovudforsørgjar. I 2019!

Men blir pensjonistar sambuande utan å gifte seg, beheld dei alt! Økonomisk må altså rådet til pensjonistar bli: gift dykk ikkje! Det er eit økonomisk tapsprosjekt! Lev heller i ein ordna sambuarskap!

Men for meg og mi nye kone er ekte­skapet noko meir enn økonomi. Det er etter vårt ­kristne livssyn den rette ordninga for samliv. Derfor gifta vi oss i høg alder, kjærleiken trumfa økonomiske konsekvensar. Vi gifta oss i kyrkja med orgelbrus og alt som høyrer til. Lykka var fullkomen.

Ein månad etterpå må vi innsjå at kona mi misser ca ein tredel av sin pensjon. Det er ­krevjande for ho som er minste­pensjonist og som har som mål å framleis vere ein ­økonomisk sjølvstendig person. Men vi vil ­likevel halde fram med å vere gift, vi tar ikkje ut skilsmisse av økonomiske grunnar.

Vi forstår likevel meir enn før ­pensjonistar som av økonomiske grunnar vel å leve i ­sambuarskap. For vi ser no at Staten ­gjennom lov fremjar sambuarskapen framfor ekte­skapet.

Gå til innlegget

Vi som har venta på regjeringsskifte

Publisert nesten 6 år siden

Mange av oss har venta på å få skifta ut fleirtalsarrogansen til Ap med ei Høgre-styrt regjering. Men no kjem Høgre med kulturpolitiske innspel som gir oss kalde føter. Det verdikonservative Høgre med sans for norsk kultur ser ut til å forsvinne i fortida. Og då er ikkje valet så sjølvsagt lenger. Her er tre no velkjende døme på Høgres kulturpolitiske fadesar:

1. Pressestøtta: Vi får tru at åtaket på pressestøtta ikkje er motivert av eit ønske om å bli kvitt brysame meiningsberande aviser, men resultatet kan bli at ein oppnår dette. Å grunngi dette med at ein vil hjelpe avisene med overgangen til det nettbaserte, er så lite gjennomtenkt og så gjennomskodeleg at ein mest ikkje kan ta det alvorleg. Det nettbaserte har kome for fullt og er i full bruk, og avisene tar alt dette på alvor, men misser ein papiravisene, misser ein også kronikkar og den seriøse samfunnsdebatten og i stor grad kulturstoff. Bloggane kan ikkje erstatte dette. Høgre går med dette på åtak mot norsk skriftkultur.

2. Sidemålet: Høgre, som er bekymra for matematikken i skolen, vil merkeleg nok fjerne karakterar i skriftleg sidemål. Men nynorsk, som bokmål, er skriftspråk. Kunnskapen i dei to målformene aukar ein berre ved å praktisere dei skriftleg, og, som Høgre elles hevdar, karakterar må ein ha for å ta fag og disiplinar alvorleg. Som tidlegare norsklektor i lærarutdanninga veit eg korleis det stod til med kunnskapane studentane hadde i sidemål frå tolv års skolegang. Og i høgre utdanning er det ikkje noko som heiter sidemål. I lærarutdanninga må studentane kunne dokumentere tilstrekkelege skriftlege ferdigheiter i begge dei offisielle målformene. Det finst nemleg framleis område i landet der nynorsken er skolemålet. Og heile landet skal vere arbeidsmarknad for ferdige lærarar. Men ein kan neppe tilsetje lærarar i nynorskkrinsar dersom dei ikkje har tilstrekkeleg kunnskap i nynorsk. Det same gjeld då altså også i bokmålskrinsar for dei som ikkje kan bokmål godt nok. Byhøgre vil altså bli kvitt nynorsken i vidaregåande, men kan dermed skape ein vond spiral for norskfaget i heile skoleverket. Høgres  åtak på sidemålet er er eit åtak på den nasjonale kulturforståinga, på kunnskapsskolen og på norsk skriftkultur.

3. Søndagsfreden: Høgre vil ha søndagsopne butikkar. Dette har dei truleg fleirtal for i folket. Men blir folk lykkelegare dersom dei får utfalde kjøpelysta helg som kvardag. Er det ikkje ein rotfesta del av norsk kultur at det skal vere forskjell på helg og yrke, for kristne som for ikkje så kristne? Høgre vil byte ut norsk kultur med kjøpekultur.

Tre saker der Høgre legg ut kulturelle sjølvskot. Men endå har eg ikkje nemnt parkameraten Frp! Dei syslar no som vi veit med den grunnlovsstridige tanken om å fjerne tilskotet til religiøse samfunn. Meininga bak dette er nok å hindre muslimane i å utfalde seg, men det vil ramme også kristne trussamfunn, ein kan jo ikkje diskriminere! Frp vil ha "bærekraftig" norsk kultur, men dei er sjølve den største faren for denne kulturen, ja, også for det kristne Noreg! 

Men for Høgre er det truleg nok i denne valkampen med eigne kulturelle sjølvskot. Må vi ønskje oss ei Hadia Tajik som kulturminister, må vi ha ein moderne muslim som statsråd for å ta vare på norsk kultur? Må vi kulturfolk verkeleg halde oss for nasen og stemme Jens?

Gå til innlegget

Ap og samvitet

Publisert nesten 7 år siden

I følgje Vårt Land 19. september skal arbeidarpartirepresentanten Breen ha uttalt følgjande om reservasjonsretten for legar: "Det er vanskelig å diskutere den enkeltes samvittighet, det er ikke noe jeg har lyst til. Da kommer man på et nivå hvor det er vanskelig å styre fra Stortinget." 

Er kommentarar nødvendige? Truleg ikkje, men likevel: Sjeldan har Ap så tydeleg avslørt at styringslysta ikkje berre går på enkeltmenneskets handlingar, men også på samvitsbestemt livssyn. Bør Stortinget kunne påleggje eit menneske å handle mot sitt samvit? Tenkjande og djupt moralske menneske har ned gjennom tidene stått opp og nekta å følgje makta sine påbod.   Samvitet har sanneleg vore  problematisk for diktatorar. No har representanten Breen kan hende fleirtalet på si side, i alle fall stortingsfleirtalet. Men fleirtalsdiktat er heller ikkje demokrati! 

Ein nødvendig kommentar? I alle fall er det  bra at samvitet er problematisk for Breen. No bør han bevisstgjere seg på kva han eigentleg har sagt. Eg er redd  tankegangen er gjennomgåande i partiet.

Gå til innlegget

Eg tar pause

Publisert over 7 år siden

Dei neste vekene vil Sirkus Breivik ta over det meste av norske media. Eg melder meg ut for mi eiga mentale sunnheits skuld. Eg veit no nok om denne personen og det han har gjort.

Gå til innlegget

Tigging i hovudstaden

Publisert over 7 år siden

Eg var ein tur til hovudstaden i førre veka. Det er lenge sidan sist no, men eg har alltid likt godt denne byen der eg har levd ti år av mitt liv. Det var triveleg denne gongen også, med eit stort unntak, nemleg invasjonen av aust-Europeiske profesjonelle tiggarar. Eg har høyrt om det, men hadde ikkje trutt at det var så ille. På annankvart gatehjørne i sentrum sit dei, ca 20 berre nedetter Karl Johan, to berre i gangbrua over til Operaen. Dei fleste er tilsynelatande ganske velfødde og relativt unge kvinner som oppfører seg normalt heilt til dei inntar den profesjonelt klagande posituren på fortauet. Eg tok meg tid til å følgje litt med. Om morgonen går sjefane rundt og plasserer sine kvinner (og nokre få unge gutar) på eigna plassar. Omfanget av denne tigge-industrien sjokkerte meg. Eg har reist litt rundt i Europa, og har ikkje sett noko heilt liknande i nokon annan stor by. Dette er nedverdigande for dei som blir utnytta slik, og det er ein skamplett på Oslo. Ein bør så snart som mogleg prøve å kome dette uvesenet til livs. 

Ingen skal fortelje meg at dette er verkeleg naudlidande menneske, i alle fall ikkje dei mannlege sjefane! Det er lett å kjenne denne typen tiggarar igjen, dei er stort sett utstyrte på same måten. Den beste måten å få slutt på denne industrien på er derfor at alle heilt sluttar å gi til nettopp desse profesjonelle tiggarane. Dermed kan dei verdig trengande få sine slantar. Men elles er det jo slik at all tigging tyder på at veferdsstaten har svikta.

La ikkje misforstått sentimental nestekjærleik få øydeleggje hovudstaden og dei menneska som deltar i denne nedverdigande gesjeften!

 

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Kristen kamelsluking
av
Espen Ottosen
20 dager siden / 3318 visninger
For kort for Jesus?
av
Øyvind Hadland
26 dager siden / 2429 visninger
En prest og en gave
av
Anita Reitan
15 dager siden / 2391 visninger
Om Gud vil
av
Vårt Land
28 dager siden / 2357 visninger
Fem om dagen: en sunn tro
av
Berit Hustad Nilsen
14 dager siden / 1814 visninger
Politikk og religion sauses sammen
av
Helge Simonnes
11 dager siden / 1646 visninger
Å trene motstandskraften
av
Knut Arild Hareide
27 dager siden / 1496 visninger
Jakt og offer
av
Hilde Løvdal Stephens
8 dager siden / 1393 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere