Svein Ingve Nødland

Alder: 64
  RSS

Om Svein Ingve

Følgere

Ei livskraftig kyrkje

Publisert 13 dager siden

Vil ein auka oppslutninga om kyrkja, så er det i lokalmenigheten at kreftene må setjast inn.

Nedgangen i folkekyrkjeleg aktivitet er betydeleg. Sentrale mål på deltaking og aktivitet går nedover, så som medlemstalet, dåpstala, tal på konfirmantar, vigsler og gravferder i kyrkjeleg regi.

Tala for gudstenestedeltaking på sundagar og heilagdagar er eit godt aktivitetsmål på utviklingstendensen i samla aktivitetsnivå og oppslutning om kyrkja. I 2008 var ifølge tal frå Statistisk Sentralbyrå deltakinga i gudstenester sundagar og heilagdagar på 5 millionar. I 2018 var talet 4 millionar. Inneverande valperiode, frå 2015 til 2018, har talet på gudstenestedeltakarar over året blitt redusert med nær på ein halv million!


Auka sekularisering

Det fins ulike forklaringar på den reduserte oppslutninga: Auka sekularisering og mangfald, demografiske forhold og endra forbruks- og fritidsvanar er faktorar som ein kan anta reduserer oppslutninga om kyrkja. Andre forhold kan sikkert leggast til. Hovudutfordringa er iallfall klar: Korleis kan ein møte og bremse opp ein aukande nedgangstendens i oppslutninga?

Kyrkja skal utfordre sider ved kulturen og samfunnstrendane, men det er likevel vanskeleg å sjå at det er i rolla som opinionsaktør at kyrkja kan snu ein tiltakande nedgang til stabil oppslutning. For den norske folkekyrkja, som del av den globale kyrkja, er hovudutfordringa fasthalding og utvikling av primæroppgåva å vere kyrkje. Ho skal skape samanhangar der folk med sine ulike bakgrunnar og levde liv får erfare at kyrkja har relevans og er viktig i deira liv. Dette skjer i møter med og deltaking i kristne trosuttrykk og livstolkingar.

Slike møter skjer først og fremst lokalt, og dei skjer på mange måtar: gjennom deltaking i gudstenester, kyrkjelege handlingar som dåp og nattverd, diakoni, trus- og konfirmantopplæring, sosiale og kulturelle aktivitetar i kyrkjeleg regi. Vil ein auka oppslutninga om kyrkja, så er det i lokalmenigheten/soknet at kreftene må setjast inn.


I same lei

I tråd med dette må eit sentralt spørsmål i debatten rundt kyrkjevalet dreie seg om korleis kyrkja lokalt betre kan utrustast for å styrke oppslutning og deltaking. Herunder og korleis kyrkja på overlokale nivå - prosti, bispedøme, bispemøte, kyrkjeråd og kyrkjemøte - kan støtte opp om aktiviteten lokalt. Ei side av dette handlar om korleis relasjonane mellom ulike kyrkjelege aktørar vert organisert gjennom ei ny kyrkjeordning slik at dei ulike aktørane arbeider godt i lag og trekker i same lei.

Alle synest å vere einige i at lokalnivået er viktig. Men når det i arbeidet med ny kyrkjeordning gjeld konkrete forslag til endringar, har ein ikkje hatt særleg fokus på det lokale, men heller på å presisere kva oppgåver og makt som skal ligge hos kyrkjelege aktørar på det overlokale nivå. Myndigheita lagt til soknet, vert slik ein restkategori, bestemt i etterkant når alt anna er definert.


Arbeidsgivarlinene

Symptomatisk for denne vektlegging på overordna strukturar er såleis kyrkjerådet sin tilnærmingsmåte i spørsmålet om å slå saman dei to arbeidsgivarlinene i kyrkja, av somme sett som det viktigaste spørsmål det skal takast stilling til i kommande valperiode. Kyrkjerådet viser i sak KR 37/19 (behandla juni 2019) i kva retning ein tenker om sams arbeidsgivarordning og kyrkjeordninga ellers. Ein einaste modell for arbeidsgivarorganisering skal utredast. Denne er knytta til prosti/storfellesrådsnivå og omfattar som regel fleire kommunar.

Det vil i praksis bety at ansvaret for tilsette på fellesrådsnivå (alle tilsette i den lokale kyrkja unntatt prestane) vert løfta ut av fellesrådet. Det vil føre til større organisatorisk og geografisk avstand mellom arbeidet i soknet og det nye fellesorganet som får ansvar for personaladministrasjon/-leiing og styring av hovudtyngda av sokneøkonomien. Risikoen er stor for at etablering av eit slik organ i betydeleg grad vil redusere soknets myndigheit og handlingsrom.


Stemoderlig handsama

Menighetsrådet med hovudansvar for å utvikle og gjennomføre lokal aktivitet i kyrkja, vert stemoderlig handsama i det planlagde utredningsarbeidet. Av seks punkt i mandatet handlar eit om oppgåvefordeling mellom menighetsråda og det nye fellesorganet for sokna. I utredningsplanane vert det til trass for dette retta lite merksemd mot menighetsrådet si sjølvstendige rolle i kyrkjeordninga. Menighetsrådet må ein gå ut frå vert rørt ved, men det vert ikkje nemnt som eige tema i dei fire delutredningar som kyrkjerådet vil utarbeide. Desse er arbeidsgiverorganisering, biskopens rolle, kyrkjeleg demokrati og konsekvensar forholdet kyrkje - kommune).

Truleg vert menighetsrådet vektlagt i konsekvensanalysen, som skal lysast ut til eit konsulentselskap. «Endring i nærhet mellom menighet, frivillige og befolkning lokalt dersom et nytt fellesorgan for soknene de fleste steder omfatter flere kommuner» er her eit av fem underpunkt. Etter mitt syn bør omsyn til og innpassing av soknet/lokalmenighetens rolle, vere blant hovudtema og eit viktig element i utvikling av einkvar modell.


Auka oppslutning

Skal kyrkjas nyorganisering fremje auka oppslutning, må det leggast vekt på at aktørar lokalisert til soknet ikkje vert svekka når det gjeld lokaldemokrati og autonomi, myndigheit og handlingsrom. Det er menighetsrådet, prest og andre personar i soknet med leiaransvar, engasjerte medlemmer og frivillige som kjenner best til og har kompetanse på dei lokale forholda. Det er desse som skal gjere jobben. Dei må kunne påverke og (sam)styre ressursbruk og lede verksemda, herunder ha mulegheit for tilpassing av personell- og økonomiressursar og aktivitetsutvikling til lokale forhold.

Eg håpar at det nyvalde kyrkjemøtet ikkje overfokuserer på den hierarkiske overbygninga, men at dei vedtek ei kyrkjeordning som òg styrkar kyrkja sin basis på sokn/menighetsnivå.

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Kristen kamelsluking
av
Espen Ottosen
21 dager siden / 3348 visninger
For kort for Jesus?
av
Øyvind Hadland
27 dager siden / 2443 visninger
En prest og en gave
av
Anita Reitan
15 dager siden / 2441 visninger
Om Gud vil
av
Vårt Land
29 dager siden / 2363 visninger
Fem om dagen: en sunn tro
av
Berit Hustad Nilsen
15 dager siden / 1822 visninger
Politikk og religion sauses sammen
av
Helge Simonnes
12 dager siden / 1657 visninger
Å trene motstandskraften
av
Knut Arild Hareide
28 dager siden / 1501 visninger
Jakt og offer
av
Hilde Løvdal Stephens
9 dager siden / 1399 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere