Terje Marøy

Alder:
  RSS

Om Terje

Pensjonist og borgerrtighetsaktivist emeritus (men kanskje enno meir eremitus). Driver nettstaden stigmavakta.no

Følgere

Meiningslaus eldre-diskriminering

Publisert rundt 3 år siden

I dag sa eg opp stillinga mi i kommunen, men held fram arbeidet.

Eg er pensjonist, og har overlevd arbeidslivet. Kjekt berre det. Som dei fleste pensjonistar har eg det svært bra, slik at åtgjerder i politikken gjerne må lyfte fram dei unge.

Men eg opplever og ei meiningslaus, og for kommunane ei kostnadsdrivande, diskriminering.

Attåt pensjonen er eg personleg assistent i to assistanseordningar for funksjonshindra. Den eine i den ideelle borgarrettsorganisasjonen ULOBA SA, og den andre i ein kommune. Til saman blir dette rundt 40 prosent på årsbasis.

Eg har pensjonsrettar både i KLP og Statens pensjonskasse. Og her oppstår tøvet.

Om eg held fram arbeidet i kommunen, blir eg trekt i pensjon. Derimot kan eg fritt halde fram utan nokon økonomiske konsekvensar i ULOBA SA. Same om eg hadde jobba i ei kommersiell  verksemd.

No er assistentyrket lågtløna, slik at eg i kommunen kan gå over på pensjonistvilkår utan store skilnaden. Men om eg hadde vore høgt løna spesialarbeider, vil ikkje pensjonistvilkåra vera i nærleiken av vanleg lønsnivå.

Stendig må kommunar kjøpa dyrt frå bemanningsbyrå, for å dekkja opp kritiske funksjonar innan helse, sjukepleie og sikkert andre tenester. Samstundes fins pensjonistar klare til å hjelpa bort kriser.

Ein attgangar er turnus med helgearbeid. Mange pensjonistar er i stand til å fylle både lækjar- og sjukepleievakter i helgene om dei får lov. Men det kostar dei pensjonen, som dei sjølve har spart opp gjennom eit langt yrkesliv. Om dei same derimot arebeider i private institusjonar, eller for private leverandørar, kan dei jobbe full tid, utan trekk.

Eg skulle tru at ein kommune vil vera betre tent med kompetente pensjonistar som dei kjenner, enn folk som blir leigd inn, og der store delar av leigesummen havnar i kommersielle eigarar sine lommer.

Forklar meg gjerne logikken i slikt.

 

 

 

 

 

 

 

Gå til innlegget

Ateistens verdival enda i KrF

Publisert rundt 3 år siden

Så er det kanhende ikkje store skilnaden mellom mitt ateistiske og Krfs kristelege syn på menneskeverdet, her på jorda.

KONKLUSJON

Fredag morgon stemte eg KrF. Avgjerande var denne formuleringa i parti-programmet: "Tiltak for mennesker med nedsatt funksjonsevne bør regnes som likestillingstiltak, ikke som en del av helsetjenesten." Slik lyftar dei grunnleggjande borgarrettar ut av kvelande helse- og omsorgstenking, til eit spørsmål om å stogga diskrimineringa av den siste legalsegregerte del av folket vårt.

Neidå, eg er usams med KrF i mykje, ikkje minst Midt-Austen-politikken deira som eg tykkjer er hinsides fornuft. Men eg har tillit til politikarane deira i verdispørsmål. Ideen om menneskeverd er universell, så slik skil det lite mellom mitt ateistiske og Knut Arild Hareides kristelege syn på menneskeverdet. Jfr mi utlegging av mennesket i "skaparverket" på framsida til http://stigmavakta.no

VALETS KVAL
I år leid eg valgets kval. Raudt utfordrar sperregrensa. SV ser ut til å klara seg, om dei kvittar seg med Kristin-syndromet. (Ho, Sigbjørn Johnsen og Jonas Gahr Støre i regjering var eit mareritt for funksjonshindra). Begge dei nemnte partia står meg nærast i det politiske landskapet, og tidvis har eg stemt på dei båe.
Men eg er ikkje trygg på det raudgrøne menneskesynet. I regjering ville dei annullere ordninga med brukar-/borgarstyrt personleg assistanse BPA ved å omdefinera den. So langt gjekk kampen mot funksjonshindras jamstelling, at dei ville rasere tariffavtalane for personlege assistentar, som ville øydeleggja ordninga gjennom rekrutteringsstans. Me skulle få tariffløn ved assistanse i heimen, men redusert løn så fort assistansen skjedde utanfor døra, der BPA skulle erstattast med støttekontakt. Dei la og ned spleiselaget som låg i særfrådraget. Utgifter knytt til kronisk sjukdom eller funksjonsnedsetjing var delt med 28 % av det offentlege (særfrådraget) og 72 % eigenbetaling. Når dei attpåtil ville segregera funksjonshindra med assistansebehov til heimkommunane sine, vart eg beint fram dårleg.
Slik ser ein at fordomar knytt til 9000-årsnatta (tida med utanforskap for funksjonshindra) enno lever, midt blant oss på venstresida som overfor alle andre slitne grupper vil syna solidaritet. Framleis veit vi ikkje ein gong kor mange som vart avliva i kampen mot ”minusvariantar” før, under og etter krigen.
No vonar eg at formuleringa til KrF kan varsle ei ny tid, kan hende ser me at 9000 års natt går mot ny dag, der funksjonshindra blir lyft fram og får utfordre seg sjølve på talent, evner og interesser, lik resten av oss innbyggjarane i verdas beste land (for dei privilegerte blant oss).

BAUTAER I FLEIRE PARTI
Ein stemme på KrF vil og trygge Erna Solberg og Bent Høie sine taburettar. For funksjonshindra er dei bautaer. Kvittar dei seg med Sylvi Listhaug, så kan vi jamvel få ei samlande regjering i verdispørsmål.
Same kan jamvel seiast om Martin Kolberg (AP), ein bauta for funksjonshindras menneskeverd. Men flokken hans er ikkje heilt der enno.
Kari Kjønaas Kjos i FrP er kanhende den beste av dei alle, men FrP blir for langt frå meg i andre viktige saker. Men ho syner at det er mykje bra på tvers av partiskillene.

FRAMLEIS RAUD
Jau, eg er litt bitter. Eg har vore fagorganisert i 48 år, og gått i solidaritetstog for mange gode saker, både 8. mars og 1. mai, og mangt i tillegg. Aldri har eg fått ein slik trynskrell frå mine eigne, som då LO ikkje ville meina noko om lovfesta rett til BPA; sjølve grunnlaget for jamstelling, utdanning og arbeid. Difor har min eigen flokk ein lang veg og gå før me får truverde i jamstellingspolitikken. Vona er at me går gjennom flokkens verdisyn, slik at me kan kvitta oss med blått styre ved neste val. Største oppgåva er mot til å sjå oss i spegelen.

GODT VAL

Gå til innlegget

En inkluderende toppidrett?

Publisert nesten 4 år siden

Mitt håp er at granskningen av medisinbruken i norsk langrenn kan resultere i en mer åpen idrett.

Utvalget som skal granske bruk av astmamedisin i langrennsmiljøet, har i følge Dagbladet få merknader til den norske medisnbruken.

Medisinering av syke, og forebyggende medisinering, må selvsagt alltid diskuteres. Både i forhold til helseaspektet og dopingreglementet.
For meg er det viktig å peke på at medisinsk nybrottsarbeid har åpnet idretten for flere. I dag kan aktive som tidligere var sjanseløse, på lovlig vis følge drømmen sin. At astmatikere skal vinne de hardeste idrettene, som sykkel og langrenn, er mer fantastisk enn problematisk.


Derfor syns jeg forrapporten fra granskningsutvalget er oppmuntrende. Særlig nyttig vil en evt. positiv sluttrapport ha for ungdom over hele verden. Det vil vise idrettsnasjoner som fortsatt vraker talenter, at både de og utøverne tjener på å gi de reelt mest lovende en sjanse. 


Rundt astmamedisin (som det fins flere varianter av), har det vært et hysteri den siste tiden, til dels i norske media og spesielt i utenlandske. Derfor er det greit å minne om at en lang rekke diagnoser må behandles av medikamenter på doplista. Hackingen av Wada har gitt innsyn i en mange idrettsutøveres dispensasjoner. Bl.a. fikk en turner OL-gull i Rio, fordi hun hadde dispensasjon til å behandle sin diagnose med et forbudt stoff.


Selvsagt er hackingen ille, men på en god måte illustrerer den poenget: Medisiner inkluderer ungdom i drettsbevegelsen, slik at de ved hardt arbeid gjennom mange år har tilnærmet samme mulighet til å lykkes som friske utøvere.

 

Det er bra. Alternativet; å stenge ute astamtikere, vil etter hvert stenge ute mennesker med andre diagnoser, som moderate kognitive problemer, diabetikere, skyttere med hjerteproblemer, og mangt annet som kan være plagsomt nok , men ikke nok til å utelukke en aktiv karriære hvis vi tar vare på dem, og de selv jobber hardt nok.


Jeg intervjuet den norske dommeren ved menneskerettighetsdomstolen EMD i 2003 (tror jeg det var): "Det samfunn som stenger ute enkelte grupper, kan ende opp med ikke å ha plass til noen." (Hanne Sophie Greve/stigmavakta.no).


Mitt håp er at granskningen nettopp kan resultere i en mer åpen idrett, og som samtidig gir klare anbefalinger om hvordan behandlende og forebyggende medisinering skal foregå innen etiske og faglig forsvarlige rammer.


Et særlig problem er at etikkdebatt i idretts-Norge får stempel som debatt om etiske gråsoner, og slik drepes debatten. Etikkdebatt handler om etiske dilemmaer. Med en slik tilnærming søkes konklusjoner i forlengelse av diskusjonene, i stedet for som nå; konklusjonene trekkes før debatten er påbegynt. Men det er en annen debatt, som jeg ikke vil belyse i dette innlegget.

Gå til innlegget

Rettsstaten straffar dei grovasate brotrsverek utan å bryte menneskerettane. Idretten klarer ikkje å regulere seg sjølv utan å bryte fundamentale rettsprinsipp.

Av Terje S. Marøy

Borgarrettsaktivist og syklist M 65-69

Doping er svindel. Kollektiv straff er menneskerettsbrot. Kva er verst? Eg saknar kritiske spørsmål i sports-journalistikken. Her er eitt døme.

Usain Bolt får delta i Rio. Jelena Isinbajeva får ikkje. Begge er blant dette år-tusens største idrettsstjerner. Usain kjem frå Jamaica, eitt av verdens verste dop-land. Jelena kjem frå Russland, med same problem.

Usain har nett mista eit stafettgull, fordi ein kamerat var dopa. Kvifor skal han få sprinte i Rio, medan Jelena skal stengast ute? Kvifor skal reine russiske idrettsfolk stengast ute, medan utøvarar frå fleire ti-tals land med stygg dop-historie skal slåss om heider og ære?

RESPEKTLAUST
Eg vil minne om kloke ord frå den legendariske hekkeløparen Edwin Moses. Han blei spurt om han tykte det blei litt latterleg at han alltid slo sine konkurrentar. – Eg veit betre enn nokon kor mykje smerte eg må gjennom for å slå dei, og eg veit betre enn nokon kor mykje smerte dei må gjennom for å slå meg. Eg vil alltid ha den djupaste respekt for mine konkurrentar. 

Reine russiske utøvarar ofrar 20-30 år av livet sitt for å lukkast. Mange har slite seg gjennom fattige kår, og brukt av familiens økonomi, for å kome så langt at støtteordningar gjer livet litt enklare. Men pina for å slå gjennom, er deira eiga, år etter år.

Kor rettferdig er det at dei reine skal straffast for handlingar andre er skuldige i? Dette er respektlaust overfor flotte unge menneske.

MENNESKERETT

I vest trekkjer vi på akslane av Jelenas varsla søksmål for å få oppheva boikotten. Det er ingen menneskerett å delta i OL tykkjest både idrettsleiarar og media å meine. Tvert i mot, det er ein menneskerett for den som er rein og kvalifisert. Eg kjem til det.

Men fyrst: Menneskerettane er utvikla for å unngå maktovergrep, som alltid har vore ei mare for menneskeætta. Heilt fundamentalt i FNs menneskerettserklæring er at alle er født med ukrenkelege menneskerettar, der menneskets integritet skal respekterast for kven det er, ikkje for kva gruppe det høyrer til. Ein svart skal ikkje diskriminerast fordi andre svarte er skuldige i lovbrot. Usain og Jelena skal ikkje diskriminerast, om fleire landsmenn er tekne for doping. Det er det overordna og viktige biletet.

Så hevdar maktmiljø at einskilde saker, som td. terror, er så viktige at menneskerettane kan setjast til side. Framstegspartiet blei kritisert for dette i Krekar-saka. Israel blir kritisert for dette i Palestinakonflikten. Og NATO er kritisert for dette i krigen mot terror. Sjølv er eg og kritisk, men med all respekt. Dette handlar om alvorligare saker enn svindel i internasjonal idrett, som meir er å likne med bedrageri. Ein treng ikkje bryte menneskerettane for å ta ein børshai, eller ein idrettsutøvar.

Om menneskerettsbrot skal nyttast i dop-saker, vil det undergrava respekten for desse reglane. - Kvifor skal ikkje eg, ein diktator, kunne bryte rettane til mine opponentar, når noko så uvesentleg som idrettsrørsla har rett til å bryte desse reglane andsynes idrettsfolk og frivillige i idretten?

Om det skulle finnast eit smyghol, som legaliserer idrettens menneskerettsbrot, ynskjer vi ein idrett som utnyttar dette retts-holet?

 

LOVBROTA

Ut frå grunntanken er eit sett menneskerettar utvikla. Mange artiklar vernar desse to utøvarane. Eg skal nøye meg med tre frå ØSK-konvensjonen til vern om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar. 

·      Art 6 vernar rett til fritt arbeid (profesjonell idrett). Staten skal hindre innskrenkingar i denne retten.

·      Art 7 vernar menneskets personlege økonomiske og sosiale interesser.

·      Art 15 sikrar retten til å delta i det kulturelle liv, som idretten er ein del av.

Det er eit rettsovergrep mot Jelena at hennar menneskerettar ikkje ein gong er vurdert før WADA og IOC stengjer henne, og andre reine russiske utøvarar, ute frå Rio. Motsett er det er rett at Usain får delta, sjølv om han har dopa folk rundt seg. Eit langt liv har og lært meg at når makt og media hyler samstemt, må ein akta seg. Då ligg ikkje urett langt unna.

Rett nok skal russarar kunne søkje om Rio-plass, om dei kan prove uskuld gjennom testar i internasjonale konkurransar. Etter eit halvår med utestenging, minner det meir om vilkår i ein Kafka-prosess.

Difor er det ekstra interessant at Jelena Isinbajeve trekkjer inn menneskerett i saka ho har varsla. I den kampen burde norsk idrett heller støtte henne, enn å falle inn i massehysteriet mot henne og andre reine russarar. Sjølv meiner eg rettsstatens verdiar er robuste nok til å tåle ein mangfaldig idrett. At norske og internasjonale idrettsleiarar ikkje meiner det same, fører kan hende idrettsrørsla inn i eit etisk og juridisk forfall av større dimensjon enn doping.


Sjå også denne artikkelen.

***

Gå til innlegget

Hat-humor i Ni-timen

Publisert over 4 år siden

Hat-humoren er hat-voldens festliger broder. Hat-humoristene ønsker sjelden å gjøre noe vondt, de bare gjør det festligere for dem som følger oppskriften deres.

 

VI JOBBER SLETT IKKE MOT HAT-VOLD FORDI VI IKKE HAR HUMORISTISK SANS!

Hat-humor har alltid vært hat-voldens festlige broder. Men hat-humor i motsetning til humor mot hat er en sjanger som trolig hører bedre til i Vigrids klubblokaler enn ni-timen.

Så da spør jeg da, hvilken hat-humor er spiselig? Fem nye måter å svi et sotrør på, er sikkert festlig om man ikke selv er "sotrøret". Tre nye måter å skvise soper-baller på, er sikkert morsomt om man ikke er "soperen" som får ballene knust. Ni-timen syns det er festlig med nye måter å skrote syklister på, ikke riktig så festlig for jenta som spreller i grøfta, hvis ikke steinen hun landet på har fått henne til å slutte sprellet.

 

OVERLAGT DRAPSFORSØK PÅ BARN
Bare siste året har det vært flere hundre voldsepisoder mot syklister. Så seint som under ungdoms-nm (for barn fra 10-16 år) var det sabotasje man neppe kan beskrive som annet enn overlagt drapsforsøk. Noen hadde det sikkert ekstra moro da de satt et sted i Østfold med piggtrådkveil og kuttet av biter som de kastet i bunn av en bakke like før jenter og gutter i 14-15 års-alderen skulle sykle der i 60 km/t. Hadde sikkert blitt ekstra moro om spøken ikke ble avverget få minutter før feltet passerte.


REELT HAT
Hatet man nå vitser om er høyst reelt. Hat-humor er jo en egen sjanger, som forherliger volden. God satire derimot retter brodd mot voldsutøveren. Sjangerne er altså diametralt motsatt.


Ellers ser jeg at Dagfinn Nordbø i VG 21.4 opptrer som halvfeite gamle gubber med alpelue gjorde i min ungdom. Den gang var det skjørtekant og olabukse på jenter som skapte forargelse. Nå er det at syklister sykler i sykkelklær. Også her bommer satirikeren Nordbø. Fru Johnsen og Inger-Lise Andersen harselerte med alpelue-adelen, ikke dem som bar sin skjørtekant nærmere den himmel slike gubber aldri ville nå.


HUMORISTENES EGEN GRENSE

Så da får jo humorister finne seg i at vi som har slåss mot hat-vold i årtier spør: Er ni-timen stedet for hat-humor? I så fall; fins det likevel en grense for hat-humor, og hva definerer grensen for NRK? Jeg har spurt både ni-timen og Kringkastingsrådet om dette, uten å få svar.


Jeg har kanskje misforstått, men i VG-kommentaren ser det ut til at Nordbø vil sette grense ved humor mot voldtekt. Dit kan også Pål Thoresens forstås etter egne uttalelser. Selv ser jeg ikke den helt store forskjellen på seksualisert vold mot kvinner i forhold hat-vold med dødelig potensiale mot barn og andre på sykkel. Ille begge deler.


UFARLIGGJORT VOLD

Forøvrig hører et annet element inn i bildet. Vi opplever aldri at media unnskylder antisemittisme og rasisme med at enkelte jøder og fargede driver med alt mulig galt. Jeg selv er verdens fredeligste syklist, men får til stadighet høre at det ikke er rart bilister provoseres av meg, fordi noen andre syklister har vært idioter. Er kanskje dette kollektive stigma grunnen til at ikke en gang et terroranslag på barn følges tettere av politi og media? Sabotasjen mot UM bar terrorens avtrykk, grov vold med varig og fatalt potensiale, som skulle ramme tilfeldige barn.

 

Eller er det slik at terror blir mildere hvis man velger et våpen som ødelegger gjennom offerets egen bevegelsesenergi, i forhold til midler der energien ligger i selve våpenet (prosjektiler, sprengstoff, etc). Etterforskningen skulle jo tatt høyde for draps-/terrorforsøk. Så får heller tiltale, dom og straffeutmåling speile om dette var ondskap eller spøk. I hvert fall har vi ikke fått noen allmen-preventiv konklusjon som har slått gjennom hos media eller humorister. (Hvor saken står i Fredrikstad, har jeg ikke sjekket opp før jeg skrev dette innlegget).


FESTLIGERE
Så tror heller ikke jeg at Pål Thoresen har tenkt seg ut for å drepe syklister. De færreste hat-humorister har slike hensikter sjøl. De bare sørger for at det blir litt mer festlig for de alt for mange som vil omsette humoren til handling.

Terje Marøy

Stigmavakta

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere