Solveig Johanne Grønstøl

Alder: 38
  RSS

Om Solveig Johanne

Engasjert og kreativ 3-"storebarnsmamma". Bloggar for å få utløp for til tider veldig kronisk skrivekløe. Pedagog. Forfattar av boka Kvild (2015). Styremedlem i Bømlo Krf. Mi heimeside finn de her: www.solveiggronstol.no

Følgere

Noreg 2017. På eit avsidesliggande menigheitslokale på Vestlandet sit ei 20 år gammal afghansk mor i kyrkjeasyl med sine to små gutar på 3 og 4 ½ . Barn nummer tre er i den stadig veksande magen. Ho er over fem månader på veg og livredd. Mannen hennar sit på Trandum. Før påske låg han på Ahus med ein akutt tung psykose som legar meiner er påført han av norsk politi.

Når sola skin ute opnar ho vindauga på full gløtt for at dei små gutane hennar skal få nokre etterlengta solstrålar på seg. Mora har lært dei at døra må vere låst. Dei får ikkje gå ut. Dersom dei gjer det, kan nokon kome og ta dei. Då er dei i livsfare. Vert dei sendt til heimlandet, vert heile familien drepne fordi det dei har gjort fører til dødsstraff.

Afghanistan 2011

Ei ung jente på fjorten skal tvangsgiftast til ein 66 år gamal mann. Men jenta vil ikkje, ho har eit godt auga til ein annan. Bak gluggane i kjøkenet har ho sett han. Dei sender kvarandre hemmelege blikk, dansar i draumar. Dei treffest ved brønnen, men held den gryande kjærleiken skjult for brør og onklar. Dei er forelska, men fortvila. Difor flyktar dei til ein annan kant av landet og lever i skjul. Å gifte seg med ein annan mann enn den familien har peika ut har krenka familieæra. Eine bror hennar er livvakt for ein terrororganisasjon. Dei to giftar seg, etablerer familie, får to søner og han arbeider for å spare pengar dersom det vert naudsynt å flykte. Dei veit heile tida at dersom dei vert oppdaga kjem dei i livsfare. Kvinner som henne vert gravne halvvegs ned i bakken og steina. Slik er det her. Bror hennar får nyss i kor dei oppheld seg. No er dei i livsfare. Dei flyktar. Det er for farleg å bli i Afghanistan. Midt på vinteren legg dei difor ut på ei livsfarleg reise som skal traumatisere guten som no er 4 ½. Ferda over havet i dårleg vêr i ein overfylt gummibåt gjer han livredd. Han sluttar å snakke.

Noreg 2016

Faren i familien oppsøker ei menigheit inst i ein fjord på Vestlandet og finn trøyst og nytt håp i den kristne trua. Familien på fire får avslag. Norske myndigheiter trur dei ikkje. At eit ungt par kan finne kvarandre slik dei fortel, er visst umogleg ifølge UDI. Innvandringsregulerande omsyn veg tyngre enn faren for forfølging.

Februar 2017

Familien går i kyrkjeasyl. Ny dokumentasjon frå Kabul vert lagt fram om at mannen i familien er ettersøkt i Afghanistan. Det vert levert inn omgjeringsbegjæring til UNE på grunn av nye opplysningar i saka. Nokre veker ut i kyrkjeasylet vert familien kontakta av politiet og får forsikring om at dei er trygge til saka deira kjem opp. Politiet forsikrar om at dei vil ta omsyn til borna deira, at eldsteguten skal få behandling på barne- og ungdomspsykiatrisk, at mora skal få naudsyn svangerskapsomsorg, at gutane skal få gå i barnehage. Dei flyttar difor attende til mottaket etter ei tid i kyrkjeasyl, trygge, i full visse om at dei har vern av myndigheitene. Så skjer det ufattelege. Trass politiet sine lovnadar kjem dei likevel ein tidleg morgon for å hente familien. Dei skal ut av landet. Det går i svart for faren. I panikk grip han til ein skitten fruktkniv. Han vil døy sjølv, for å berge kona og borna. Han kuttar seg djupt i eine underarmen, framfor familien og politiet. Det vert dramatisk og han vert sendt til Haukeland. Etter å ha blitt sydd saman vert han sendt rett til Trandum. Der vert kan strippa for kle, kledd i ein sekk og kasta hovudstups inn i ei celle. Ingen tek omsyn til at dei har med å gjere ein mann som nettopp har forsøkt å ta livet av seg. Neste dag får han eit glas vatn og ei skive med ost. No skjønar tilsette på Trandum at han er sjuk. På Ahus får han diagnosen akutt psykotisk.

Det er framleis 2017. Vi nordmenn likar å tru at vi er eit land tufta på kristne og humanistiske verdiar. Vi graderer ikkje menneske, vi trur på rettferd for alle. Vi trur på menneskerettar og nestekjærleik. Men det er 2017. Noko trugar. Nokre seier det er målstyring i politiet, andre peikar på endring i menneskesyn, verdiar og at småbrune politiske strømmingar som vi finn ute i Europa òg har bukta seg innanfor våre landegrenser. Noko er i endring. Eg er uroleg. Det vert sagt at Noreg skal vere det strengaste landet i klassen.

Alvorlege konsekvensar
Konsekvensar er uansett at denne familien er i livsfare. Ei kvinne som er gravid, to små gutar og ein familiefar som er så redd for å reise til Afghanistan at ei pågriping fører han i psykose. Konsekvensar er at det sit ei ung mor med sine to kjære små gutar på eit avsidesliggande menigheitslokale på Vestlandet, livredde og i dødsangst. Dette samstundes med at UNE har stadfesta til advokat at saka er under handsaming og ikkje avslutta. Det føreligg heller ikkje noko skriftleg vedtak i saka. Men politiet seier noko anna. Dei meiner familien skal ut av Noreg. Er desse 4 (snart 5) ein del av dei 9000 som skal ut, same kva? (https://www.politilederen.no/nyheter/1682-ukritisk-bruk-av-maltall-kan-skade-politiet)


Sjølv om norske myndigheiter har handsama denne asylsøknaden generelt og slett, utan å gå inn i dei faktiske forholda, kan likevel Politiets utlendingseining sende ut familien, sjølv om det føreligg omgjeringsbegjæring. Kva seier dette om Norge og omsynet til menneskerettar og rettsvern? Ein anna ting er om det verkeleg skal vere slik at polititenestemenn føre folk bak lyset og lyge for å lokke folk ut av kyrkjeasyl? Kan norsk politi sende ut ei kvinne som er gravid i 5.månad? Kan norsk politi sende ut ein familie som står i fare for å bli utsletta? Eg spør meg om nokre menneskeliv er mindre verdt enn andre? Eg spør meg kor rettsvernet er i denne saka? Kor er omsynet til menneskerettane? Er det slik vi vil ha det i vårt demokratiske land?

Vi kan ikkje hjelpe heile verda, men vi kan og vi skal, ifølge FN sin flyktningkonvensjon og Utlendingslova kapittel 4, § 28, hjelpe dei som kjem hit og har behov for vern frå forfølging og dødsstraff. Tvangsretur i denne saka set både born og vaksne i livsfare. Menneskeliv er nemleg ikkje verdt noko i Afghanistan om familiar vert krenka. Det er det denne saka handlar om først og fremst, tvangsekteskap og retten til å gifte seg med den ein elskar. Men ho handlar òg om konvertering. I Afghanistan er det nemleg dødsstraff for å vende seg frå islam. I tillegg handlar saka om traumatiserte born og vaksne, ein liten gut på 4 ½ og ein far som begge treng heilt naudsyn psykiatrisk behandling.

Eg har eit håp om Noreg er eit land som ikkje sender folk rett i døden. Men eg har byrja å tvile. Ute i verda seier dei at vi har blitt strengast i klassen. Eg spør meg om det er noko å skryte av? Er det noko å skryte av når vi bryt med fundamentale menneskerettar og lar det offentlege Noreg lyge og føre folk bak lyset, slik at folk trur dei har eit vern som dei ikkje har? UNE seier dei ikkje har ferdig handsama denne saka. Kvifor kan ikkje denne familien få vern inntil saka deira kjem opp på ny? Dersom dei vert tvangsreturnert, står dei i fare for å bli drepne. Det kan bli for seint! Afghanistan er farleg for denne familien!

Så kva gjer vi no?

Familien på tre sit framleis bak låste dører. Om ei tid vert dei fire. Ein baby skal etter planen kome til verda. Familiefaren sit innelåst på Trandum trass nyleg psykose. Då han skulle skrivast ut av sjukehuset stod politiet klare for å transportere han til Trandum, trass lovnader om å få reise til familien. Tingretten ville han skulle få kome til kona og barna, men politiet anka og fekk medhald i Lagmanssretten. Kor er humaniteten i dette? Vi snakkar om ein familiefar som nettopp har vore i psykose! Den unge mora er gravid og helsepersonell er urolege for kva denne situasjonen gjer med fosteret i magen hennar. Ho er redd, heile tida. To små gutar sit innelåst. Redsla for det offentlege Noreg er for stor til at dei kan våge seg ut. Medmenneske går døgnvakt for å vere der for ein familie i total krise. Mine spørsmål er: Kva gjer det offentlege Noreg med dette? Det er sendt inn omgjeringsbegjæring som skal handsamast i desse dagar i UNE. Eg undrar om det ikkje er mogleg å gje denne familien vern til saka deira får ei rettferdig handsaming i rettsystemet? Eller er det meininga at dei skal bli verande innelåst i dødsangst og frykt for at politiet kan slå til om dei vågar seg ut?

Denne historia viser oss at asylpolitikken som vert ført gjer at vi behandlar menneske inhumant og urettferdig. Dette kan føre til tap av menneskeliv og store lidingar for dei som vert utsett for vår handsaming. Kva gjer vi som samfunn med det? Er det verkeleg slik vi vil ha det?

 

Dette brevet har gått til eit utval norske folkevalgte april 2017. 

 

 

For utdjuping, les meir om saka her:

Er nokre menneskeliv verdt mindre enn andre? (Radikal portal)

http://idag.no/samfunn/nyheter/kristenliv/umenneskelig-behandling-av-flyktningfamilie-pa-stord/19.25972
http://www.sunnhordland.no/nyhende/familie-skjuler-seg-i-dodsfrykt-1.1803036

 

Det er også oppretta ei støttegruppe på facebook for familien

 

Gå til innlegget

Der sauene går på fire og hyrdar på to

Publisert over 1 år siden - 869 visninger

”Det er ein grunn til at pastoren kan vite meir om Guds vilje.” Predikanten verka sjølvsikker der han forkynte den siste nye store openberringa. ”Hyrdar går på to bein, medan sauene går på fire.”

Dette var heilt vanleg teologi i samanhengane eg gjekk i 10-20 år tilbake i tid, i trusrørsle og pinsekarismatisk samanheng. Det var opplest og vedteke at dei Gud hadde innsett, for det var sjølvaste Gud som hadde innsett leiarane, ja dei visste meir om Guds vilje enn andre folk. Det var nokre som hadde monopol på å vite kva Gud ville, nokre som kunne sei: ”Gud har sagt og då blir det slik”. Ja, og så var det slik då. Kven kunne sei mot det som vart forkynt når sjølvaste Gud hadde sagt noko?

Så var det jo ikkje alt som var så viktig. Om Gud ville at vi skulle brukar songar frå Hillsong eller OKS var bagatellmessige greier. Men om han hadde sagt at vi skulle bruke Evangelietonar eller Sangboka, ja då hadde det nok brått vorte meir bråk. Heldigvis sa han aldri det.

Når leiarar høyrte frå Gud at dei sjølve skulle sitje i leiarskapen, på tross av at dei mangla nødvendige eigenskapar, ja då kunne det bli vanskeleg. Særleg vart dette vrient fordi ein hadde skrota menighetsdemokratiet. Pastoren og hans utvalgte leiarskap sat i realiteten på livstid, eller iallefall så lenge dei sjølve fann det for godt. Det var ikkje så lett heller når Gud hadde sagt til leiarane at dei skulle lage til store konferansar fordi menigheten skulle bli eit slags vekkingssenter. Då fekk det ganske store konsekvensar også for andre enn leiarane sjølve som måtte gje av både pengar og tid inn i dei store visjonane. Endå verre var det der folk vart sendt rundt om i landet på oppdrag fordi pastoren hadde fått ei openberreing om Guds vilje. Folk vart peika ut på møter og befalt både hit og dit i landet. Protesterte dei, gjekk dei mot Guds vilje. Det kan ikkje ha vore så lett for dei involverte som pakka sakene sine i tru på at det var Gud som hadde talt.

foto: Solveig Grønstøl

Ikkje alle var like ekstreme. Ikkje alle leiarar i trusrørsla misbrukte makta si. Ikkje alle pinsekarismatiske leiarar gjer det heller.  Men det er min påstand at der leiarane går på to bein og medlemmene på fire, vil dei aller fleste leiarar, om dei ikkje er særdeles godhjarta og snille, kome til å trakke over nokre grenser. Der slike syn er rådande vil leiarar nesten uansett, kome til å trakke på dei ein er sett til å tene. I den augneblinken ein leiar argumenterer med at ”Gud har talt”, lukker han eller ho alle rom for tvil og refleksjon. Det vert umogleg å kome med motargument og det vert umogleg å stille kanskje heilt nødvendige spørsmål. Resultatet vert ein viljelaus saueflokk på fire og ein i alt for mange tilfelle, ufrivillig tyrann på to.

Gå til innlegget

Framleis frelst?

Publisert over 1 år siden - 1382 visninger

Framleis frelst, men utbrend på menighetsliv. Det høyres kanskje rart ut, men det er det eg er. Terapeuten eg gjekk til, som visste kva han snakka om, kalla det nettopp det. Eg greier det ikkje, uansett kva eg gjer og kva eg prøver.

Historia mi er lang og kronglete. Ho byrja med pur Jesusforelsking på tenOase i tidlig ungdomstid, gjekk vegen om fanatisk-karismatisk-sekterisk bibelskule på 90-talet og vidare gjennom både trus- og pinsekarismatiske kyrkjer med nokre fellestrekk, meir eller mindre, som ikkje alltid var uttalt, men som låg i korta: Vi var dei som hadde den siste openberringa i tida. Det var vi som hadde forstått det, og dessutan: Vi trudde på bibelen slik han stod. Litt stolte kunne vi vere. For ikkje alle kristne gjorde det.

Fanatisme, fundamentalisme, bibeltruskap. Orda smakar dårleg no for tida. Men på 90- og 2000-talet var det ord med positiv klang i miljøa eg vanka i. Å vere dedikert, helst godt over hundre prosent, lønte seg. Det viste at ein gjekk med Gud.

Ein skulle nesten tru ein kappast om å vere den mest ekstreme og uthaldande. Lange møter og konferansar og timelange lovsongsmøter. Bønnenetter. Åndelege manifestasjonar. Falling og risting. Brøling og hysterisk latter. Alt dette var ingrediensar, tidvis. Jo meir action, desto meir Heilag Ande. Så var det desse åndelege fyllekulene. Ein gong vart eg filma på nært hald medan eg hadde ein slags ”åndeleg latterkrampe”. Nærbilete av meg vart kringkasta på lokal-TV. Eg var 15 1/2 den gongen. Ein anna gong slo predikanten meg så hardt i magen at eg ramla i golvet og slo hovudet hardt i møteverten sitt kne. Det var ungdomsmøte. Predikanten var ein av dei store stjernene. Dei rundt meg trudde eg var full i ånden. Eg gjekk fortumla heim. Det var mørkt og kaldt ute og eg var livredd for å svime av på vegen heim. Det var før mobiltelefonens tid. Eg var snart 16.

Som vaksen gjekk eg inn og ut av miljøa. Vart det for ekstremt, trakk eg meg til sides. Men eg haldt meg i nærleiken, redd for å gå glipp av Guds plan for meg. Det var jo det som vart forkynt.Så tidvis var eg med, brennande for Gud og med ei nagande kjensle over at eg kanskje gjekk glipp av Guds vilje om eg ikkje gav meg inn under dei fine visjonane og trua på vekkinga. Sakte men sikkert, viska eg ut meg sjølv i iveren etter å tene noko større. Eg vart dyktig på å undertrykke eigne kjensler og eg let meg kaste omkring av andre sine og mine eigne visjonar.

Så kom dagen då eg ikkje orka meir. Det byrja med at eg flytta meg lengre og lengre bak i lokalet. Frå å stå på scena og leie lovsong, befant eg meg no bokstaveleg tala etterkvart utanfor inngangsdøra til møtelokalet, utan å vere i stand til å gå inn. Eg greidde ikkje tru på det lengre. Ei vekking som aldri kom. Leiarar som manipulerte folk med ”Guds vilje”. Leiarar som påstod dei var innsett av Gud og hadde eit kall, men som behandla andre så dårleg at eg hadde store problem med å sjå korleis Gud kunne vere med i det heile. Leiarar som i flokk valsa over folk, for så å legge hendene på dei og be for dei etterpå. Leiarar som påstod at dei høyrte frå Gud meir enn andre folk, som hadde eit slags monopol på Guds vilje. Predikantar som innhenta informasjon på menigheten sitt bakrom for så å presentere sladder i profetiform. Leiarar som ikkje tolte kritikk utan å fryse kritikaren ut. Dessutan skjemtes eg over meg sjølv. Ikkje berre hadde eg drive meg sjølv hardt, men andre òg. Eg òg hadde trådd over grenser. No var eg så uendelig sliten. Eg fann meg sjølv i ein situasjon der eg måtte finne meg sjølv att. Eg var blitt ei som ikkje såg dei rundt meg, ei som aldri hadde ro, ei som tenderte til å bruke både seg sjølv og andre som middel på vegen. Sjølv om eg hadde gode intensjonar om å tene Gud, hadde eg gjort alt dette.

Etterkvart var det berre ein ting å gjere. Eg tok steget, sa at nok var nok, og gjekk ut døra ein siste gong. No venta eg ikkje lenger på stemma der oppe. Eg handla fordi eg måtte. Livet mitt låg berre i mine eigne hender.

foto: Solveig Grønstøl

Fridomen på utsida var både god og vond. Eg sakna fellesskapen, men nøyt det å endeleg kunne tenke fritt og sjølvstendig att. Eg brukte lang tid på å finne meg sjølv og finne ut kva eg trudde på. Iblant nærma eg meg miljøa igjen og kikka inn nokre vindauge, men eg svinsa berre fort forbi. Det viste seg etterkvart at eg var alt for brent til å vere med. Ein anna ting var at eg såg spelet frå utsida. Stammespråket der inne verka alt for ekskluderandre. Eg hadde tenkt sjølv, for lenge. Eg hadde gått på kompromiss med sine eigne verdiar og personlegdom i mange år. Difor tok det tid å finne ut kven eg var eigentleg og kva eg trudde på. Så ein dag kom dagen då eg lura på om eg verkeleg trudde. Var eg frelst, eg som hadde tapt sjølve Guds augnestein, menigheten? Kunne eg vere frelst eg som måtte forlate alt eg hadde vore med på for å berge meg sjølv?

Men etterkvart som åra gjekk kom eg gradvis til at det var Gud som haldt meg fast og ikkje omvendt. Hans eksistens overgjekk kva eg greidde å tru. Han var der om eg ikkje følte det. Det faktum at eg ikkje lengre greidde og makta vere brennande for han, endra ingenting i forhold til kven Gud var. Ein dag greidde eg endeleg å slå meg til ro med at eg hadde ikkje blod på hendene, sjølv om metaforen som predikanten brukte i mi ungdomstid sat som spikra. Det er ikkje menneske som skal frelse. Eg er ikkje lengre ei brikke i eit større spel. Eg er berre meg. Gud er, og det er han uansett kva eg har føre meg. Det er det som er den store løyndomen. I det kan eg kvile. Eg, med den eg er og det eg gjer, endrar aldri kven Gud er. Så eg er framleis frelst. 

Gå til innlegget

Bra nok?

Publisert nesten 3 år siden - 1693 visninger

Jenta mi er ei ordentlig bra jente. Det synes eg, som alle andre mødre og fedre synes om sine barn. Eg elskar henne over alt på jord. Sjølvsagt gjer eg det. Men mi jente er ein perfeksjonist, akkurat som mammaen sin. Flink pike.

Eigentleg er det å alltid forsøke å gjere det så bra som mogleg, ein god eigenskap. Men eit barnesinn som er slik utstyrt, treng gode trygge vaksne rundt som forsikrar ein om at ein er bra nok, sjølv om ein ikkje alltid får det heilt til.

Akkurat det er ikkje så godt når ein aldri i røynda blir bra nok. For oss foreldre er barna våre sjølvsagt bra nok. Men ikkje nødvendigvis for samfunnet. Mi jente er så lik meg. Men til forskjell frå meg, veks ho opp i eit samfunn og ein skule som dyrkar det perfeksjonistiske. Det var ikkje slik før. Eg hadde lærarar som applauderte meg og heia på meg, sjølv om eg hadde litt feil her og der, og ikkje alt var så perfekt. Faktisk hadde eg lærarar som bad meg dempe meg når eg vart for perfeksjonistisk og kravde for mykje av meg sjølv. Ein mattelærar på vidaregåande såg meg ein dag djupt inn i augo og fortalte meg at eg var nøydt å legge lista lågare, sjølv om eg hadde potensiale til å få toppkarakterar, dersom eg skulle behalde helsa. Kor rett ho hadde, skjøna eg ikkje før eg vart vaksen. Eg skulle ønske det fanst fleire slike. Men i dag verkar det som det er færre av dei enn før.

 For kva skal ein sei når ungane kjem heim med ein prøve som er så godt som plettfri, bortsett frå ein fillefeil, som er kraftig kommentert med to store raude bokstavar F og Y ? Kva skal eg som mamma sei når jenta mi har 95 % rett på matteprøven, men læraren tydelegvis ikkje er nøgd med det, sidan det er feila som er kommentert, og ikkje det som er rett? Det kallast framovermeldingar og undervegsvurdering på fint. For ungane våre kan stadig bli betre. Det er alltid noko å forbetre. Og eg er for å hjelpe ungane framover, det er ikkje det. Men for å kome framover, må ein ikkje gløyme å klappe seg sjølv på skuldra og la dei små seierane undervegs sige litt inn. Ein lett måte å drepe sigersglede på, er å dvele ved det negative. Nokre av oss er dessverre veldig gode på akkurat det.

Kva er godt nok eigentleg? For dei fleste er det bra nok når du har gjort så godt du kan. Men for nokre av oss, som er meir perfeksjonistisk anlagt, må lista oftare leggast lågare enn samvitet tilseier. Vi må øve oss i å vere nøgd med eit lågare resultat enn heilt perfekt, som vi helst vil ha det. Men korleis lære ungane våre det, når det finst nokon der ute, som aldri blir nøgde? Hadde eg hatt ein sjef som aldri vart nøgd og som skulle måle meg opp og ned heile tida, hadde eg blitt sjuk av det til slutt. Om eg aldri kunne vite at eg var bra nok, hadde eg ikkje greidd meg. Men ungane mine skal tole det. Kvar dag, år ut og år inn. Kvar dag blir dei målt, vurdert, og funnen ein eller anna plass på ein skala i forhold til ein diffus læreplan med meir eller mindre uoppnåelege kompetansemål, som få skjønar seg på, om dei skal vere heilt ærlege.

Eg bruker mykje tid på å forklare ungane mine at dei er gode nok. Men når mine barn kjem heim frå skulen og fortel meg: ”mamma, eg trudde eg var flink eg, men eg er visst ikkje det, ” så knuser det mammahjertet mitt.

“Bra nok, sterk nok og god nok”, syng artisten Ingebjørg Bratland. Er det noko vi må prente inn i ungane våre, så er det dette. Statistikken viser at mange jenter og gutar slit med seg sjølv. Perfeksjonismen blir dyrka til det groteske i samfunnet vårt. Ikkje berre skal dei vere fine og flinke, desse ungdomane våre, dei skal og vere sunne, sterke og best i det meste. Er det rart vi er i ferd med å få ein generasjon deprimerte ungdomar? I følgje ein rapport frå NOVA har ein av fire jenter i 15-16-årsalderen depressive symptom. Forsking gjort ved NTNU fortel at ein av seks unge i vidaregåande skule har sjølvmordstankar[1]. Ser vi ein samanheng her?

 Når små barn blir minna om at dei ikkje er gode nok, gjer ikkje det noko med desse små barnesinna? Sjølvsagt er biletet meir samansett enn dette. Skulen er langt frå einaste årsaka. Men tenk litt, kan det hende at det er noko her? Kan det vere ein samanheng mellom å heile tida få tilbakemelding om at ein ikkje held heilt mål, og det sjølvbiletet som dannar seg i små barnesinn? Kvifor er ikkje 95% bra nok? Er ein feil på engelskprøven noko å kommentere eigentleg? Og kva med dei som verkeleg slit fagleg, dei som aldri, uansett kor hardt dei jobbar, alltid ligg på botnlista i klassen? Det å aldri meistre, gjer noko med menneske. Vi vaksne blir ofte sjuke av det. Men kva med barna våre? Trur vi dei er annleis laga? Kvifor lagar vi så få arenaer der dei som slit kan lukkast og hevde seg? Er det difor så mange av dei som slit i skulen fell utanfor arbeidslivet seinare?[2]Har nederlagskjensla sett seg fast ein eller anna plass i sårbare sinn?

Kor tid skal ungane våre få høyre at dei er bra nok? Eg kan uansett ikkje forstå at det perfekte er noko å trakte etter heller. For i det vi blir perfekte, opphøyrer vi å vere levande menneske.

 

[1]http://www.dagsavisen.no/samfunn/unge-jenter-sliter-psykis-k/ [2]http://www.dysleksiforbundet.no/no/nytt_innhold_skaper_feilmelding/Lesesvake+blir+trygdemottakere.9UFRHI4l.ips

 foto & copyright: Solveig Johanne Grønstøl

Gå til innlegget

Den som har ei bestemor å reise til, er rik.

Publisert over 3 år siden - 1482 visninger

Som lita jente var ei av mine lune havner i livet, bestemor. Ho er død no, men om eg lukker augo kan eg enda fornemme lukta av dei gode klemmane og synet av det varme og gode smilet hennar.

Eg trur aldri at bestemor hadde det travelt.I alle fall føltes det ikkje slik for ein liten jentunge. Ho hadde alltid tid til ein prat, alltid eit ledig fang. Så rik eg var, som hadde ei slik bestemor!

Frå mine første barneår lærte eg at rikdom ikkje kan målast i pengar. Eg fekk meisla inn at det som verkeleg betydde noko var å ha nokon som elska ein over alt på jord. Og viktigare enn jordisk gods og gull, var venner og familie som står med ein i tjukt og tynt. Derfor har eg heller aldri kjent meg aleine når kriser står på. Det er alltid ei mor eller ein far, eller ei tante for den slags skuld som sender varme tankar og viser omsorg. Det er slikt som ikkje vert målt i pengar.

Eg var aldri i Syden som lita jente. Eg var heller aldri i Legoland eller i Disneyland. Ein gong var vi i dyreparken i Kristiansand. Då var eg fylt 12. Det var dagen eg fekk mensen, og ikkje kunne bade, det er kanskje difor eg ikkje har så gode minner frå den dagen. Derimot har eg gode minner frå den sommaren om ein tur på ei sandstrand ein sein kveld. Mamma, pappa, eg og bror min på tur. Bare tær i varm sand. Livet var godt å leve då.

Min barndom var fylt med båtturar, svarte pølser spidda på bål, turar til bestemor og leirar for å nemne noko. Min barndom var fylt av krabbelysing òg, sjølv om eg trur at eg berre var med på det ein gong. Men mest av alt var min barndom full av vaksne som hadde tid og som brydde seg om meg. Små glimt av lykke. Eg hadde aldri noko voldsomt å fortelje då eg kom attende til skulen om hausten. For då som no var det gjeve noko større enn det eg kunne skilte med. Men i dag ville eg ikkje bytta min barndom mot noko i denne verda. Eg var elska av nokon. Det har blitt min rikdom meir enn noko anna.

Det er vanskelegare no, når store deler av det norske folk har pengar til cruise og turar over Atlanteren. Ikkje berre ein utanlandstur i året, men gjerne både to og tre. Og ikkje noko gale med det i seg sjølv. Når ungane kjem attende etter endt sommarferie er det ikkje så lett for den som skamfull ”berre” har vore hos bestemor i ferien. Men er det verkeleg ”berre”? Kven definerer kva som er ”berre”, om ikkje det er vi vaksne? Kor tid skal vi tørre å verdsette dei verdiane som er varige og som ikkje ein kan svi av med eit bankkort?

For heldige er det som har ei bestemor å reise til! Ikkje alle har det. Mange besteforeldre er så travelt opptekne av si eiga sjølvrealisering at dei ikkje maktar å vere nokon barnebarna kan reise til. Det er heller ikkje i alle familiar at ein har det godt i lag, av ulike grunnar.

Å ha ei bestemor å reise til, vitnar om rikdom av viktigaste sort. For om eg tenkjer tilbake til eigen barndom er det dei gode stundene med dei som elska meg over alt på jord som verkeleg sette spor i mitt lille barnesinn. Varmeflaska som bestemor la i senga mi, då ho las frå ”barna i Bakkebygrenda og lo så ho nesten mista gebisset, dei varme brødskivene som vi fekk ete alt vi makta av, det lune kjøkenet der vi fekk teikne og male alt vi ville, forteljingane ho fortalte frå sin eigen barndom, stundene med bestefar når han agna lina si, den gongen bestemor inviterte til sirkus på låven og spela hellasmusikk på kasettspelaren til bror min si sjonglering. (Bestemor var nemleg i Hellas ein gong på ferie. Det var så stort, at vi ungane levde på det i lange tider etterpå.) Det er slike små verdifulle stunder som har gjort meg til den eg er. Det er slikt ein ikkje kan kjøpe for pengar.

Vi vaksne må slutte å skamme oss over feriane hos bestemor. Å telte i marka, eller vie kvelden til brettspel er heller ikkje å forakte. Å sykle seg ein tur, spytte morellsteinar frå ein kaikant, og sykle heimatt, kan òg vere lykke. Som min son på 13 sa over eit kveldsbål i strandkanten, der familien var samla rundt og grilla pinnebrød og ananas: ”Dette er det beste som finst!” Lykka, den kostar eigentleg ingenting.

Vi har fattige barn i Norge i dag, som ikkje kan gå i barnebursdagar eller vere med på fritidsaktivitetar, eller ete middag kvar dag. Det er kjempetrist. Men å ikkje ha råd til å reise på dyre feriar, kan vel ikkje vere fattigdom? Den største og mest alvorlege fattigdomsproblematikken vi har i landet vårt i dag handlar mest om mangel på gode relasjonar, den handlar om vaksne som aldri har tid, foreldre som ikkje maktar vere til stades for sine eigne barn og om ungdomar som ikkje har nokon å snakke med når livet er tøft.

Derfor er turen til bestemor så viktig og verdifull. Heldige og rike er dei ungane som kan reise dit. For om ein kan kjenne at livet er vanskeleg, vil dei i det minste vite at dei har nokon som bryr seg, nokon dei kan reise til og kvile ut hos, nokon som har tid til å sjå dei. Det kallar eg ekte rikdom.

Gå til innlegget

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere

Siste kommentarer

Oddbjørn Johannessen kommenterte på
Når nazistene marsjerer
21 minutter siden / 1277 visninger
Daniel Krussand kommenterte på
Vi trenger KrFs Line Hjemdal som landbruksminister..
39 minutter siden / 208 visninger
Hermod Herstad kommenterte på
Når nazistene marsjerer
rundt 1 time siden / 1277 visninger
Mona Ekenes kommenterte på
Her er ikke jøde eller greker
rundt 2 timer siden / 1678 visninger
Georg Bye-Pedersen kommenterte på
Når nazistene marsjerer
rundt 2 timer siden / 1277 visninger
Marte Ugedal kommenterte på
Mot til å håpe
rundt 2 timer siden / 573 visninger
Daniel Krussand kommenterte på
Sekularistenes tapte århundre
rundt 2 timer siden / 171 visninger
Oddbjørn Johannessen kommenterte på
Når nazistene marsjerer
rundt 2 timer siden / 1277 visninger
Knut Nygaard kommenterte på
Når nazistene marsjerer
rundt 2 timer siden / 1277 visninger
Oddbjørn Johannessen kommenterte på
Når nazistene marsjerer
rundt 3 timer siden / 1277 visninger
Oddbjørn Johannessen kommenterte på
Dette er for dårlig, journalister!
rundt 3 timer siden / 144 visninger
Daniel Krussand kommenterte på
Hvor ble det av Jesus?
rundt 3 timer siden / 2786 visninger
Les flere