Sofie Nordvik

Alder: 24
  RSS

Om Sofie

Følgere

Erna tek ikkje ansvar

Publisert 5 måneder siden

Eg kan ikkje støtte ei regjering som ikkje støttar mi framtid.

Eg køyrer 3.000 ­kilometer for å delta på FNs klima­toppmøte i Polen. I ­staden for å sitte to ­timar på eit fly, brukar eg timar på lade­stasjonar saman med representantar frå Spire og landsrådet for ungdomsorganisasjonar i ­Noreg og Sverige. Eg gjer dette for å vise at unge ynskjer å strekke seg langt for klima. Vi gjer meir enn gjerne vår del, som å pusse med bambus, kutte flyreiser, ete vegetarmat eller ta bussen. No er vi lei av at våre folkevalde ikkje tek sin del av ansvaret. Regjeringa må stille med politisk vilje og realistisk klimapolitikk for å nå måla våre, i staden for å legge alt ansvaret over på oss. Eg kan ikkje støtte ei regjering som ikkje støttar mi framtid.   

Ei global rørsle. 

Gjennom Göteborg, Malmö, København og Berlin har vi møtt unge som kjemper for klima. Mange er oppgitt over kor lite ­politikarar gjer. På ein ladestasjon mot ­Polen møtte vi Greta Thunberg, den 15 år gamle aktivisten som har streika frå skulen. I 15 veker har ho haldt demonstrasjonar for at politikarane skal ta klima på ­alvor. Engasjementet har vakse til ei global rørsle der tusenvis av menneske over heile verda demonstrer for handling i klimasaka. Det er tydlegare enn nokon gong at folk er klare for endring.  

Det er urettferdig å legge ­ansvaret på enkeltpersonar å­leine. I møte med eit system som favoriserer det fossile ­gullet, er det vanskeleg å leve klima­venleg. På veg til Polen møtte vi fleire utfordringar. Vi ­stoppa meir enn elleve gonger for å lade i løp av to døgn. Nokre ­defekte ladestasjonar gjorde ­nesten at vi ikkje kom oss ­lenger enn til Tyskland, då vi nesten gjekk tom for straum. Skrekken ­blussa opp då ­naudnummeret ­svarte ­something is terrible 
wrong, før linja braut. Om vi ­heller hadde køyrd fossilbil eller tatt fly, ville reisa vore ­raskare, enklare og billigare. Å velje klimaløysingar er ikkje noko alle forbrukarar har råd til. Vi klarte å reise Oslo – Katowice med el-bil fordi vi er fire privilegerte jenter i ein lånt tesla. Det er ikkje realistisk at andre kan ­gjere det same som oss. Vi kan ikkje belage oss på at forbrukarmakta skal løyse våre tids største utfordring. Politikar må ta ansvar.

Tent oss søkkrike. 

Erna Sol­berg er ansvarleg for Noregs klima­politikk. Ho ­bestemmer kor langt Noreg skal strekke seg. Det er opp til Erna å løyve dei store ­pengane for å nå måla i Parisavtalen. Vi har tent oss søkkrike på fossile brensel. No er vi ­avhengige av å kutte utslepp ­heime og ­betale for utslepps­kutt og tilpassing inter­nasjonalt. ­Berre slik kan vi møte vårt ­historiske ansvar. I Polen ­betyr dette at 
Noreg må vise politisk ­vilje 
gjennom å auke ­ambisjonsnivået radikalt. Norways Fair ­Share-
rapporten viser at ­Noregs ­årlege ansvar er 50 ­milliardar til ­utsleppskutt og 15 milliardar til klimatilpassing  i­ ­utviklings-
land. Erna tek ikkje Noregs 
ansvar for klima på ­alvor. ­Pengane må på bordet. Vis oss handling, Erna.

Eg gjer framleis alt eg kan for å hindre millionar av ­menneske å bli sendt på flukt, som konsekvens av klimaendringar. Sam­tidig brukar Erna oljepengar på alt anna enn å støtte meg. 1,5-gradersrapporten frå FNs klimapanel viser at det vert vanskeleg å skifte kurs, men at det er mogeleg, og at det må skje no. Eg forventar at Noreg strekk seg så langt som mogeleg for vår framtid.

Gå til innlegget

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere