Sigbjørn Olsen Sønnesyn

Alder: 42
  RSS

Om Sigbjørn Olsen

Katolikk, mellomalderhistorikar, Vossing. Forskar ved Durham University, UK.

Følgere

Questions to which the answer is no

Publisert nesten 2 år siden

Eg trur du kan la spørjeteiknet stå trygt, Berntsen. Den katolske kyrkja og me som vedkjenner oss til henne er kan heilt sikkert kritiserast for mykje, så det burde vere unødvendig å ty til kritikk som ikkje har rot i røyndomen. Hverken Trent-konsilet eller seinare dokument har bytt ut Kristi frelsesverk med den Heilage Ande. Katekismen seier:

426. (1698513260) "I hjertet av katekesen finner vi i alt vesentlig en person, Jesus fra Nasaret, Faderens enbårne Sønn (...), som led og døde for oss og som, nå da Han er oppstanden, lever sammen med oss for alltid (...). Å undervise i troen (...) er å avdekke hele Guds evige plan i Kristi person. Det er å forsøke å forstå meningen med det Kristus gjorde og sa, med de tegn Han gjorde".495 Katekesens mål er følgende: "Å føre inn i samfunnet med Kristus: Han er den eneste som kan føre oss frem til Faderens kjærlighet i Ånden og gi oss del i Den Hellige Treenighets liv".496


Det er dette som er og har vore katolsk lære. Eg vonar at Dr Veith finn kvile og ein andeleg heim, men eg trur det finst betre kjelder enn han for kva den katolske kyrkja faktisk lærer – kyrkja sine eigne læredokument, til dømes. 

Gå til kommentaren

Publisert nesten 3 år siden

Takk frå meg og!

Gå til kommentaren

"Økseskaft!"

Publisert nesten 3 år siden
Roger Jensen – gå til den siterte teksten.
Nettopp å se de vanskelige sider ved historien og ikke underslå disse, men å våge også å ta inn over seg den smerte disse har forårsaket, er avgjørende for å kunne gå videre i håp om en dag å kunne bli et forsonet mangfold.

Det er nok få katolikkar og særleg få katolske historikarar som vil vere ueinig med Jensen når det gjeld synspunktet sitert over. Det var ikkje dette Sigurd Hareide reagerte på, om eg forsto han rett, og dette har ikkje på noko tidspunkt vore hovudpoenget i motstanden mot framstillinga i den no mykje omtalte filmen. Sjølvsagt må ein også ta inn over seg dei smertefulle delane av historia. Men sjølv om sann historie kan vere smertefull, tyder ikkje det at all smertefull historie er sann. At avlatshandel fann stad, og at dette var i strid med både felleskristen og katolsk lære, er det ingen som er ueinig i – det var difor avlatshandelen vart avskaffa. Problemet er den teologiske analfabetismen som ligg bak påstanden i filmen om at Kyrka lærte at Guds tilgjeving var til sals. Når ein skal ta tak i dei betente delane av historia, er det særleg viktig å ikkje gå på akkord med sanninga. 

Gå til kommentaren

Takk, Sigurd!

Publisert nesten 3 år siden

"To be deep in history is to cease to be a Protestant", sa John Henry Newman. Det er kanskje å ta litt hardt i (sjøv om det stemte både for Newman sjølv og for underteikna), men dersom feiringa av Luther skal byggje på slike historiske vrangforestillingar gjer ikkje det den historiske underbygginga av Protestantismen noko sterkare. Desto viktigare at me får korreksjonar slik som Hareide kjem med her. Ein gjer ikkje ære på Luther gjennom å vidareføre historielause fordommar. 

Gå til kommentaren

Det er aldri feil å setje søkelyset på seg sjølv i staden for berre å demonisere andre, så her har eg ein del sympati for det du set deg føre. Men pedanten i meg lurer på fylgjande:

1: Kva kristne grupper frå mellomalderen tenkjer du på som tilsvarande dagens IS? Du har aldri slått meg som den typen ateist som nyttar mellomalderen som stråmann, så her tippar eg du har konkrete eksempel me kan diskutere.

2: Korleis var Jerngarden tungt prega av ortodosk kristendom? Slakt av barn, blod-drikking og jordposar rundt halsen slår meg som temmeleg uortodoks. Eg trur heller ikkje at Ortodokse kyrkjesamfunn vil kjenne seg att.

3: Og difor: Det at der finst linkar mellom spesifikke trussyn/livssyn og spesifikke valdelege grupper er ikkje eit spørsmål om anten/eller – desse linkane kan vere sterkare og tettare eller svakare og meir fjerne. Eg vil til dømes påstå at ateisme var ein drastisk mindre viktig motivasjon for Røde Khmer enn ein form for Islam er for IS. Bør me ikkje diskutere grad og innhald meir, og ikkje berre om der finst linkar eller ei?

Gå til kommentaren

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere