Sigbjørn Olsen Sønnesyn

Alder: 42
  RSS

Om Sigbjørn Olsen

Katolikk, mellomalderhistorikar, Vossing. Forskar ved Durham University, UK.

Følgere

Teologisk basiskunnskap

Publisert rundt 3 år siden

Leiarartikkelen i Vårt Land 1. august åtvarar mot å gjere Pater Hamel til martyr og helgen for å unngå å auke mellomreligiøse spenningar. Dette er ei viktig sak, men det må likevel vere lov å etterspørje teologisk basiskunnskap.

Vårt Land åtvarer på leiarplass i dag, mandag 1. august, mot å auke den allereie eksplosive spenninga mellom Islam og andre religionar. Dette er sjølvsagt ei viktig sak, og for oss kristne som for muslimar er det heilt naudsynt å møte våre medmenneske med forståing og medkjensle uavhengig av livssyn. Så langt fylgjer eg VL sin argumentasjon; men når dei åtvarer mot å omtale Pater Jacques som martyr og dermed helgen synest dette å vere tufta på mangel på teologisk basiskunnskap heller enn på skarpsyn i ein vanskeleg situasjon. VL sin leiarskribent meiner at det å tillegge Pater Hamel ein status som vanlegvis berre vert tillagt store trusheltar vil auke spenninga og medføre fare for gjentaking. Kanskje var berre Hamel på feil plass til feil tid?

Her er misforståingane fleire. Ordet 'martyr' har kanskje i daglegtalen drege på seg eit assosiasjonsmønster som framkallar tankar om store trusheltar og figurar som vert samlande for store grupper gjennom felles heidring av deira minne, men den opprinnelege tydinga, som framleis er den einaste teologiske tydinga, er ganske enkelt 'vitne'. Dei som ofra livet for den kristne trua vitna gjennom sitt offer om deira kjærleik til Kristus, ein kjærleik som var viktigare enn sjølve livet. Den katolske kyrkja lærer framleis at den som vert drepen ut frå hat mot trua, 'odium fidei', automatisk vert rekna som martyr. Der ligg difor ikkje noko statusvurdering i dette, og heller ikkje noko vurdering av livet den drepne hadde levd. Alle rapportar så langt tilseier at Pater Hamel levde eit langt liv i teneste for trua i sjølvoppofring og kjærleik, men han hadde vorte kalla martyr uansett kva han måtte ha på samvitet frå tidlegare. Det einaste som tel her er at han vart drepen ut frå eit hat mot den kristne trua. Me kjenner ikkje namna på fleirtalet av dei som har lidd martyrdøden – dette har vore vanlege kvinner og menn, ulike på dei fleste måtar, men like i at dei har vitna om ein kjærleik som er sterkare enn døden. Kanskje fortener Pater Hamel å verte hylla som ein stor trushelt, kanskje ikkje – eg veit fint lite om kven han var. Men å omtale han som martyr er utelukkande definert ut frå omstenda rundt drapshandlinga. 

Vidare er det ikkje med beste vilje mogleg å tenkje seg at ein prest som seier messe framfor alteret i annonsert kyrkjetid er på feil stad til feil tid. Like lite meining gir det å tenkje seg at drapsmannen tilfeldigvis vart overmanna av drapslyst i kyrkja denne dagen, og at Pater Hamel tilfeldigvis var det næraste potensielle offeret akkurat då. Rapportar tydar vidare på at drapsmannen hadde diskutert planane sine offentleg på nettfora i tida før drapet, noko som underbyggjer inntrykket av at drapet var planlagt, dersom desse raportane stemmer. Patar Hamel var i alle tilfelle drepen fordi han var på rett stad til rett tid, og han var utvald som offer i kraft av kva rolle han hadde og kva trushandling han var i ferd med å utføre.

Vårt Land må gjerne vere ueinig med den katolske teologien rundt helgenar og martyrar, og det er sjølvsagt viktig for alle kristne å reagere på denne handlinga på ein måte som ikkje provoserer unødig, og som ikkje fører til auka motvilje mot våre muslimske medmenneske. Dei mange muslimane som med stort mot og stort hjarte gjekk til messe i går for å syne si medkjensle og si avstandtaking frå slike valdshandlingar gir grunn til håp, og gir eit ideal som kristne kan arbeide for å gjengjelde. Me kan syne tilsvarande respekt og omtanke utan å vatne ut teologiske prinsipp som berre vil provosere dei som leitar etter provokasjonar. Det hadde vore betre om Vårt Land forklarte kva teologiske prinsipp som ligg bak omtalen av Pater Hamel som martyr, heller enn å nøre opp under misforståingar som får det heile til å virke meir provoserande enn det eigentleg er. 

Gå til innlegget

Ver ikkje redd, Solhjell!

Publisert rundt 4 år siden

Bård Vegar Solhjell bør vere meir varsam med ukritisk å setje sin lit til opplysingsprosjektet som ein motpol til det som fanst tidlegare.

Det er ikkje rart at Bård Vegar Solhjell vert litt skremd av Michel Houellebecq sin roman Underkastelse – det er vel akkurat det Houellebecq ynskjer med boka. Gjennom måten Solhjell har gitt uttrykk for si uro har han blåst liv i den aldri heilt sløkte debattelden som brenn over temaet religionen si rolle i samfunnet i vår tid. Det er fint, sjølvsagt – men eg vil påstå at han har gjort debatten oppheita heller enn opplyst med utsegnene sine om opplysingstida som redninga frå religiøs tankeløyse og trusbasert kunnskapsfornekting. Dette har vore peika på av fleire, med Håvard Nyhus i spissen. Solhjell har kome med eit respektfullt og tydeleg tilsvar til kritikken, og eg ynskjer her å syne han den same respekten gjennom å halde fram med debatten han har starta.

Det som særleg skremmer Solhjell – og i dette er han nok ikkje åleine – er at Houellebecq står fram som erklært fiende av ideala frå opplysingstida. Solhjell ser opplysingstida som "det viktigste framskrittet Vesten har gjort det siste tusenåret. Opplysningstiden (ca 1650-1800) var ikke akkurat en tid, snarere en langvarig og sakte frigjøring fra religiøse forestillinger, men også inngrodd folketro og verdslige autoriteter."Dei store tenkarane som dreiv denne prosessen framover skal ha vore djupt radikale i å leggje til grunn av mennesket er i stand til å finne ut av rett og gale, sant og usant sjølv. Dermed sette dei fornuft og vitskap fri frå nedarva førestillingar og tru.

Som Håvard Nyhus tidlegare har sagt, er ein slik påstand eit framifrå døme på akkurat den tenkemåten Solhjell set seg føre å kritisere. Ei slik oppfatting av opplysingstida står i mykje større gjeld til dei mytane opplysingsfilosofane har skapt om seg sjølve enn til det den menneskelege fatteevna er i stand til å kome fram til basert på etterretteleg kunnskap og fornuftsbasert analyse. La oss for all del forsvare menneskeleg fornuft og det å søkje etter sanning gjennom vitskaplege undersøkingar; men Solhjell svekkjer sin eigen posisjon og skaffar seg unødvendige motstandarar gjennom å setje opp eit kunstig skilje mellom opplysingsideala og religiøs tru.

Det kan med god grunn hevdast at ein treng mykje blind tru for å kunne hevde at det først etter 1650 vart akseptert at mennesket gjennom fornufta kunne finne sann kunnskap og sanne verdiar. Fornufta vart halden som ein uvurderleg verdi i antikken og mellomalderen også; det som skil opplysingsideala frå tidlegare tankesett er ynskje om å frigjere fornufta frå alle forankringar. Filosofihistorien etter 1650 gir ikkje noko godt grunnlag for å hevde at den frigjorte fornufta åleine kan vere eit fundament for ålmenngyldige prinsipp – det me har sett er vel snarare eit stadig større, og mindre oversiktleg, felt av gjensidig utelukkande filosofiske skular. Kanskje er det nettopp i forankringa i heile den menneskelege felleserfaringa, i felles ritual, verdiar, og førestillingar inkludert, at fornufta kan kome mest til sin rett?

Idéen om at opplysingstida førte med seg sigeren for vitskap mot trua som hadde rådd grunnen fram til då, er ein empirisk påstand, og kan difor etterprøvast ettervanlege standardar for vitskapleg kunnskap. Om dette hadde vore rett, ville ein kunne forvente at tida før opplysingstida ville vere fri for vitskaplege framskritt, medan tida etterpå ville syne at vitskaplege framskritt ikkje førekjem i dei enklavane i samfunnet som framleis tviheld på trua. Dette er beviseleg feil. Det enkle og velkjende faktumet at det var jesuittpateren George Lemaître som utvikla 'Big Bang'-teorien i moderne tid syner at tru og vitskap kan fungere godt saman i den "opplyste" verda. Det som kanskje er mindre kjent, men ikkje mindre beviseleg, er at ein forsmak av 'Big Bang'-teorien kan sporast tilbake til fleire hundreår før 1650. Den engelske teologiprofessoren Robert Grosseteste førte i 1220- og -30-åra til pennen ei rekkje vitskaplege traktatar der han mellom anna skildra korleis universet kan ha vorte til. Eg er medlem av ei forskargruppe ved universiteta i Durham og Oxford som analyserer den vitskaplege produksjonen til Grosseteste frå eit tverrfagleg perspektiv. Professor Richard Bower, som er kosmolog ved Durham University, har rekonstruert dei matematiske linkingane som ligg til grunn for Grosseteste sitt resonnement, og ført desse utrekningane inn i dei modellane kosmologar no til dags brukar. Resultatet vert ein forklaringsmodell som er forbløffande lik 'Big Bang'-modellen, og som heng saman reint matematisk. Grosseteste var ikkje hemmeleg vitskapsmann under dekkje av å vere teolog; tvert imot gjorde han desse undersøkingane som ein del av arbeidet med å forklare skapingsforteljingane i Bibelen. Han vart heller ikkje forfulgt av Kyrkja etter å ha offentleggjort funna sine; han vart i staden forfremma til Biskop av Lincoln, det største og rikaste bispedømet i England på den tida.

 Grosseteste er eit framifrå døme på det vitskapshistorikarar er i ferd med å einast om; at mellomalderen var ei blomstringstid for vitskap, og eit grunnlag for heller enn ein kontrast til dei utviklingane ein ser i tida etter 1650. Der finst ei lang rekkje linkande døme, og rekkja berre veks etter kvart som fleire vitskapshistorikarar får augene opp for dei framstega den kristen mellomalderen sto for. Trua på at opplysingsideala er naudsynte for å drive vitskap er difor nettopp tru, og ikkje vitskapsbasert kunnskap. Så ver ikkje redd for religionane, Solhjell. Og ver kanskje meir varsam med ukritisk å setje din lit til opplysingsprosjektet som ein motpol til det som fanst tidlegare. Fornufta treng næringa frå trua på eit forståeleg univers, på varige og sanne verdiar, på menneskets evner til å erkjenne sanning – sjølv når denne trua er tufta på ein religiøs grunnmur.

FØRST PUBLISERT I VÅRT LAND 2.9.2015

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Glansbilder av Sjømannskirken?
av
Arnfinn Eng
23 dager siden / 1838 visninger
Servietter og skam
av
Merete Thomassen
15 dager siden / 1593 visninger
Tenåringstrass i regjeringen
av
Usman Rana
23 dager siden / 1568 visninger
Idiotforklarer kristen høyreside
av
Espen Ottosen
22 dager siden / 1515 visninger
Ord som truer vår religionsfrihet
av
Trond Bakkevig
14 dager siden / 1404 visninger
En samfunnsskapende kraft
av
Berit Hustad Nilsen
16 dager siden / 1348 visninger
Hva skjer Hanvold?
av
Bendik Storøy Hermansen
12 dager siden / 1270 visninger
Stolthet er undervurdert
av
Magne Nylenna
27 dager siden / 1165 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere