Sigmund Voll Ådnøy

Alder: 35
  RSS

Om Sigmund Voll

Oppvaksen: Madagaskar og Follo. "TCK - Third-Cultural Kid". Interesse for språk, psykologi og sosiologi - særskilt makt/avmakt o.l. Medlem av Noregs Mållag. Barne- og ungdomsarbeidar.

Bok (diktsamling) kjem til å komme. Om liv, kjærleik, fred og ufred og sånt ...

Facebook: fb.com/siggysportif (privat profil) og fb.com/fysak (offentleg side). Twitter: @SigmundVoll.
Blogg: sigmund.blogg.no
Kontakt? Ring eller meld meg gjerne på tlf.nr. 96 62 30 67

Følgere

How does it feel, Doctor Prophet? (Drammen, Noruega)

Publisert 6 dager siden - 1980 visninger

Mr. Dionny Baez, a Venezuelan preacher and singer, based in Pennsylvania, has held his third meeting during this visit to Norway. Here are a few key words from the minutes I chose to watch Saturday night.

What can I say, Mr. Baez? On the front of the book that you showed the audience last night, it said, 'Dr. Dionny Baez'. I am not sure what kind of doctor you are. Could you tell us a little bit about that honour, and who gave it to you? 

In tonight's meeting you stated, repeatedly, something about you being a prophet. Are you sure you should use that title? 

If so, how about your words about the Holy Spirit? Can you say and do just about anything you like (when being on a platform), just as long as your title is 'Prophet'?

You told the audience, the camera crew, the TV viewers, that God's spirit spoke to you. Whilst moving around on the stage, you found out that you ought to speak this: The Spirit told you that pastors watching, need to give 3650 kroner to the TV station. I am not sure if I understood you perfectly ... but it seemed like these were the reasons (apart from 'the Spirit told me') for giving: 

- You were celebrating Mr. Hanvold

- People need to set the Kingdom of God first in their lives 

 

Feel free to explain, have I understood you correctly or not?

Gå til innlegget

Medmenneske = tidstjuv?

Publisert 20 dager siden - 251 visninger

Eg liker å minne meg sjølv om dette: Tida kjem. Jo visst - tida flyg - men ikkje berre vekk frå oss. Tida er ei gåve. Og den gåva er vel såpass stor at vi ofte har tid til meir enn vi trur?

Det er viktig å bruke tida godt. Eg kan skjønne at ein del personar med leiarposisjon er ekstra opptatte av dét.

Det å få med seg andre menneske sine ytringar, for eksempel om ting ein sjølv driv med, er i utgangspunktet ikkje bortkasta tid. Dette gjeld òg ytringar (i alle fall dei med fullt namn) i kommentarfelt og sosiale medium.

Det å svare på spørsmål frå journalistar, så desse blir opplyste om ein større del av det større biletet, kan også vere positiv bruk av tid. Òg i den større samanhengen og for dei edleste måla.

Mange journalistar er jo sanningssøkande. Det er jo ein del av jobben deira å vere slik ... Ein sann kristen leiar bør vere litt open for sånne nysgjerrigperar.

Det å legge visjonen litt til sides ei lita stund - og sjå nærare på det som først verkar som uvesentlege detaljar frå eit menneske, er moglegvis ofte ei god, kristeleg gjerning.

Slik bruk av tid kan gjere dagen, veka eller livet litt betre for han/henne ein først heldt på å ignorere. Viss ein i tillegg ytrar nokre ord, heller enn å tvinge dei til å “forbli i svelg og fingrar", kan ein

- mirakuløst nok -

bidra til større gjensidig forståing. Slik kan både de to og resten av (kristen)samfunnet sjå framover med klarare blikk.

Eg hugsar den kjære, kristne barnesongen. «Du har tid for meg / når eg søker deg / min Herre, min Gud.»

Eg trur det er viktig at kristne leiarar er meir prega av Han som har tid enn av dei som tenker stort.

Det er lett å tenke stort på feil måte. Det å gå ein ekstra millimeter med eit irriterande medmenneske blir derimot sjeldan feil. 

 

***

Cirka same teksta blei først publisert på DagensDebatt.no, som respons på eit innlegg av Hillsong-pastor Jostein Krogedal.

Gå til innlegget

«Får booste kritikk, helt ukritisk, på en debattside»

Publisert 23 dager siden - 345 visninger

To boost or not to boost - that is the question? Hva mener du, Kjetil Mæhle?

Kjetil Mæhle og undertegnede har nettopp diskutert litt. Det er jo sånt man gjør når man befinner seg i et debattforum. Sannsynligvis er Mæhle og jeg enige om både dette og mye annet. Vi kan òg trolig være enige om at vi er uenige på en del punkter ...

I diskusjonen jeg sikter til, har vi imidlertid hatt et par uklarheter jeg håper vi kan rydde unna. Noe ser ut til å dreie seg om - hold deg fast - språk ... Kanskje snakker vi debattanter litt forbi hverandre til tider? Og så var det dette at vi har ulik sjargong eller er vant med ulike låne- og fremmedord. 

Jeg, for min del, er ikke spesielt anglofil. Det er en del engelskbruk jeg ikke henger med på.

I Bokmålsordboka/Nynorskordboka (Universitetet i Bergen) finner jeg ingen «boost»

I engelske ordbøker finner jeg derimot noen definisjoner. Det er kanskje definisjon nr. 3 hos Merriam-Webbster Mæhle holder seg til? Altså: «to promote the cause or interests of». 

Mener Mæhle at jeg fremmer noens sak eller interesser ved å skrive et innlegg (om en lederskikkelses språk) som etter noen dager bare har litt over tusen visninger? Jo da, det er rett nok blitt delt 45 ganger på Facebook, av blant andre forhenværende medlemmer av Smiths Venner - men hva så? 

«Ådnøy (...) får booste kritikk, helt ukritisk, på en debattside», formulerte Kjetil Mæhle. 1) Jeg vet ikke helt hva Mæhle mente med å «booste», men jeg tviler på at jeg er enig. 2) Det virker i overkant overdrevet å hevde dette om skrivinga mi: «helt ukritisk» ... 

Jeg håper at Mæhle kan utgreie litt ... eventuelt moderere et utsagn eller to han har hatt om meg. På forhånd takk.

Gå til innlegget

Eit svarestrev i Larsens lesarbrev

Publisert 27 dager siden - 1520 visninger

Ein tur med «tolketrikk», / ei reise med enkle blikk / på Leiarskikkelsens retorikk.

I eit innlegg i Tønsbergs Blad (TB) måndag kommenterer Bernt Aksel Larsen den nye boka til Johan Velten: «Spor». Førstnemnde er ein tonegivande Smiths Venner-medlem; sistnemnde er tidlegare medlem. Larsen, for nokre kjend som Vårt Land-spaltist, kritiserer òg Veltens utsegner til TB (intervju 14. juli).

 

Ein flik av bakteppet: Velten har òg gitt ut «Ansatt av Gud» - ei Smiths Venner-kritisk bok.

 

Eg er fascinert av ein del av Larsens ordval. Er du med og ser nærmare på dei? Bli med ein tur i språkbruken til Bernt Aksel Larsen – mannen med elleve år i Smiths Venner-styret bak seg. Mannen som samarbeider med toppleiar Kåre Johan Smith – i både børs og katedral.

*

Vi er tidleg i teksta. Larsen seier om Velten: «Etter avisartikkelen å dømme er troverdighet, saklighet og faktakunnskap totalt fraværende». Au då. Er denne påstanden - om totalt fråvær av det saklege - sakleg?

Larsen resonnerer: Johan Velten er blant dei «enkelte mennesker» som slit med «selvhøytidelighet» når dei uttaler seg til media. Slike menneske, seier Larsen, «synes å mene at deres egen magefølelse og personlige meninger veier tyngre enn all verdens virkelighet og fakta». All?

Velten «tar dette til nye høyder», skriv Bernt Aksel Larsen. Om «dette» = «selvhøytidelighet» eller vektlegging av magekjensle og meining, er eg usikker på. Larsen hevdar at dette når nye høgder i «angrep på BCC og menighetens medlemmer». (BCC: Brunstad Christian Church – på folkemunne Smiths Venner.)

«Angrep på menighetens medlemmer» minner litt om retorikken til ein menigheitsleiar i Oslo-området, i #brentebarn-debatten i fjor. I mangel på reelle argument skyver nokre leiarar grasrota i trussamfunnet framfor seg.

 

Litt seinare i teksta viser B.A. Larsen til at TB omtaler «Spor» som ein slektssaga om Veltens familie og liv. Ivrar han etter å gjere Veltens ytringar ugyldige? Han peiker på at «ingen av Veltens søsken eller etterkommere» ifølge TB «er medlemmer i menigheten». Der er mange nok (taleføre) medlemmar - utanom slektsbanda - til at Velten har kunna kaste blikk inn i nyare tids realitetar hos Vennene. Dessutan er det få år sidan ein aktiv medlem av Smiths Venner sa dette til TB: «Det er ikke rom for å stille kritiske spørsmål åpenlyst.»

Vi bykser endå ein meter til sida og tar ein rast. «Kåre Johan Smith og Bernt Aksel Larsen kontrollerte verdiene sine gjennom det samme systemet som oligarken Roman Abramovitsj», fortalde TB i 2013. Eit lite glimt av Larsens høge posisjon og skilnad frå vanlege medlemmar.

Også i TB: «Samtidig som Smiths Venner-medlemmenes dugnadsinnsats og gaver har bygget et gigantisk stevnested på Brunstad, har menighetstoppene Kåre J. Smith og Bernt Aksel Larsen blitt svært velstående.» Og: «Sammen med andre ledende personer (…) har de bygd opp et imperium av selskaper og stiftelser (…). Flere av dem i skatteparadis.»

OK, pusten i bakken er over ... Vi går inn att i måndagsteksta.

 

Tilsynelatande liker ikkje B.A. Larsen at Johan Velten kjenner folk «som har opplevd både det ene og det andre». Ønsker han å devaluere Veltens eventuelle innsikt i korleis ein del BCC-medlemmar har det? Prøver BCC-Larsen å mistenkeleggjere eks-BCC-Veltens motiv?

Under overskrifta «Forakt for medlemmene» når den språkdramatisk fascinerande fôrhaugen nye høgder. I alle fall på min tallerk. Larsen hevdar han veit kvifor Johan Velten «går løs på» BCCs leiing: Velten skjønner «at i vårt sosialdemokratiske samfunn vil det ikke lyde godt å gå løs på menighetens 8.000 norske medlemmer i full offentlighet.»

 

Den rutinerte revisoren Bernt A. Larsen (heretter: BAL) baker ein ekstra faktor inn i reknestykket: Spørsmålet om kor vettuge folk er. Ser Velten ned på intellektet til åtte tusen personar? Så vidt eg forstår, forsøker BAL å sette nok eit skilje mellom ein del menneske på innsida og folk på utsida av trussamfunnet:

«BCC-medlemmene er likevel neppe dummere enn at de ser Veltens forakt for deres egen intelligens.»

Prøver BAL å snakke for kvar einaste (vaksen) BCC-medlem? Han skriv iallfall i same avsnittet at dei alle («de», «BCC-medlemmene») «har gått rundt og gledet seg over alt arbeidet som blir lagt ned for å gi deres barn og ungdom trygge og sunne tilbud hvorfra de kommer begeistret hjem flere ganger i uka. De har storkost seg (…) feststemningen har stått i taket».

Eg tviler ikkje på at ein del medlemmar er glade for «hva menighetens trosgrunnlag har gitt dem av glede og mening i livet». Det å snakke som om alle har det slik, verkar derimot overmodig.

 

Under overskrifta «Sjofel bruk av alvorlig tema» blir Velten skulda for «sure oppstøt». Dei er «ikke mulig å forholde seg til». For meg ser BAL ut til «å forholde seg til» Veltens utspel for harde livet. Han skriv om rekneskap og rapportar, som om alle fakta og all maktbruk er synleg der. Det verste, seier han, er at Johan Velten «blander inn (…) overgrep som hans søsken skal ha opplevd, og som skal ha blitt «dysset ned for ikke å skade trossamfunnet»».


Ved tale om overgrep er det bra at nokon går i rette med neddyssing. Det er flott at BAL seier han ikkje på noko vis vil «forsvare eller bortforklare overgrep i noen form.» Det er òg flott om/at Smiths Venner har innført gode rutinar og rammer, slik det blir gitt uttrykk for.

BAL seier Veltens «beskyldninger» om overgrep kjem «i en så vag form at de er umulig å ta stilling til». Å? Eg trur påstandane er mogleg å ta stilling til – i det minste internt, blant både tonegivande og vanlege medlemmar. Ikkje minst viss nokon kjenner ting igjen og torer gjere noko meir med dei. Kan den vage forma det siktast til, ha å gjere med at Velten tar visse personvernomsyn? I så fall finn eg det sjofelt å bruke ordlyden «Å utnytte slike alvorlige beskyldninger utelukkende i den hensikt å sverte dagens menighet».

 

BAL bruker vendingar som «suksess med sin innsamlingsaksjon der resultatene måles i milliarder». Var «Veltens virkelighetsbeskrivelser» blitt lagt til grunn, ville det ha blitt «en heller sørgelig forestilling», erklærer BAL. Han nemner ueigennyttig ungdomsinnsats og god stemning som eit slags kvalitetsprov for øvrig. Og skriv om sunt og variert aktivitetstilbod, om trivsel, engasjement og trusbegeistring. Som om Velten hevda det stod ille til med alt dette.

Mot slutten av teksta fell flotte ord om Jesus og (fleire) stygge ord om Velten. Heilt til sist rundar BCC-"toppen" av med meir av det eg oppfattar som overmodig tale: Ord om kva «de mange tusen menneskene» er «glade for». Det einaste atterhaldet er det vesle ordet nok.

 

No er det nok nok ordpynt for i sommar.

 

***

(Johan Velten svarte tysdag på BALs innlegg.)

 

Gå til innlegget

Eit lite innspel til Oase

Publisert rundt 2 måneder siden - 987 visninger

Sommar-Oase 2017 blir snart arrangert. Som deltakar kan du sikkert få det fint, men les gjerne dette først!

Stiftinga Oase annonserer i Vårt Land – for årets sommar-Oase. Årets arrangement verkar sunnare enn eit par av dei tidlegare, og får «preikestolvisitt» av fleire interessante stemmer. Eg er skeptisk til mykje av Hillsong-rørsla, som er representert på stemnet, men eg skal la dét ligge her. Like fullt ber eg deg som skal delta, om å vera litt merksam.

Blant talarane er Karl Axel Mentzoni. Dersom han startar å preike om det praktisk åndelege, «korleis Gud rører ved barn og ungdom» og liknande, ver obs! Mentzonis haldning til kontroversielle stjernepredikantar er tankevekkande. Mentzoni, som eigentleg er pinsepastor, er positiv til «apostelen» Maldonado, til den såkalla profeten Dionny Baez og til Reinhard Bonnke-arvtakaren Daniel Kolenda.

Kolendas «forgjengar», Bonnke, har hatt som eit slags motto at han og kristne skal «plyndre helvete». Daniel Kolenda durar vidare i cirka same «korstog»-stilen. Oase-gjest Karl Axel Mentzoni har, overfor TV Visjon Norge, uttalt seg varmt om Kolenda – som gjesta Østfold tidlegare i år.

Guillermo Maldonado – han med privatfly og sceneshow, han som NRK Brennpunkt, Vårt Land og andre medium omtalte i fjor – får òg positiv omtale frå Mentzoni.

Og Dionny Baez? Han som ønsker at barn skal rave som åndelege fyllikar i norske møte? Han blir forsvart av Mentzoni, som «mener barn skal oppleve Den hellige ånd i møter», ifølge eit intervju av Jan-Aage Torp.

Her er det verdt å stanse litt opp. Som eg skreiv i ei tekst på Verdidebatt.no: «Enhver kristen er i utgangspunktet positiv til Den hellige ånd. Spørsmålet er snarere om det er positivt med møter der barn faller bakover og trenger «catchere» bak seg for å ikke ta skade. Og hva kan det gjøre psykisk med barn å tro at slike fall er noe Gud står bak?»

 

 

 * * *

 

Relatert:

 

«Eg skriv, altså er eg» (blogg): «Guillermo Maldonado – kven er han?»

 

Innlegg, DagensDebatt: «Skepsis til «veldige apostler»»

 

«Sigmund says» (blogg):

«Pengepredikantens venner: Direktesendt demagogi»

 

«Profeti(?) fra omstridte Dionny Baez»

 

«Slik ser Visjon Norges nyhetsbrev ut»

 

Visjon Norge: «Kick off 2017»

 

VL.no: «Frykter ytterligere isolasjon av kristne miljøer»

 

Dagen.no: «Barn gikk i bakken på «direkten»»

 

TV2.no: «Her blir de norske barna slått i bakken av «Den hellige ånd»»

 

Korsets Seier: «Føler seg misforstått av TV 2 om tro, barn og psykoser»

 

Gå til innlegget

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere

Siste kommentarer

Kjell G. Kristensen kommenterte på
Om å gjøre Gud mindre
rundt 5 timer siden / 547 visninger
Robin Tande kommenterte på
Bibelens fredsbudskap
rundt 6 timer siden / 589 visninger
Kjell Bjarne Sandvik kommenterte på
Om å gjøre Gud mindre
rundt 6 timer siden / 547 visninger
Njål Kristiansen kommenterte på
Nakne keisere, hele gjengen
rundt 7 timer siden / 389 visninger
Daniel Krussand kommenterte på
Når lederen ikke er tydelig.
rundt 7 timer siden / 206 visninger
Kjell Bjarne Sandvik kommenterte på
Om å gjøre Gud mindre
rundt 7 timer siden / 547 visninger
Njål Kristiansen kommenterte på
Forbud er feil vei
rundt 8 timer siden / 185 visninger
Les flere