Kjartan Ruset

Alder:
  RSS

Om Kjartan

Beskriv deg selv her
Pensjonert sokneprest

Følgere

Overrabbinaren viser veg

Publisert 7 måneder siden - 282 visninger

For sitt viktige arbeid for fred mellom religionane, har overrabbinar Michael Melchior heimel i sjølve profetien om Fredsriket, vel å merke slik denne føreligg hos profeten Mika.

Profetien var fyrst formulert av Jesaja (Jes 2), og er  sitert på ein vegg i FN-bygningen i New York, med dei kjende orda: «dei skal smi sverda om til plogskjer og spyda til vingardsknivar». Mika overtek denne profetien ordrett, men legg til:

            «Kvart folkeslag vandrar i sin eigen guds namn, men vi skal vandra i Herren vår Guds namn evig og alltid», Mika 4, 5.  Slik skal det vere i «Fredsriket», seier proféten. Med andre ord: toleranse og  religiøs pluralisme!

Med si haldning til «den framande», syner Jesus religiøs toleranse i praksis. Syraren Na’aman vert av Jesus løfta fram som forbilde i tru (Luk 4), og ein varmhjarta samaritan som forbilde i nestekjærleik (Luk 10). Begge stod utanfor Gudsfolket.

To personar - og ingen andre -  får av Jesus attest for si tru. Dei er korkje disiplar, skriftlærde, eller fromme jødar. Den eine er ein romersk offisér (« - ikkje ein gong i Israel har eg funne så stor ei tru», Matt 8), den andre ei heidningkvinne (« - stor er trua di, kvinne», Matt 15).

«Den framande» vert såleis møtt med respekt, både for sin etnisitét, sitt menneskeverd og si tru.

På ein klode der sju milliardar menneske skal dele plass og ressursar i stadig knappare omfang,  er toleranse og gjensidig respekt dei viktigaste verdiar for å skape fred og levelege kår for menneska. Proféten og Meisteren frå Nasaret viser veg. Og i vår eiga tid: ein overrabbinar.

 

Gå til innlegget

Yrkeskvinna - eit bibelsk ideal

Publisert 9 måneder siden - 388 visninger

Den bibelske yrkeskvinna har sjølvsagt plassert barna i barnehagen, det vil seie hos tenarskapet.

I ein interessant artikkel (Ruth-Wenche Hebnes Vinje i VL 10.januar) vert Katharina von Bora, Luthers ektemake, framstilt som yrkeskvinne.  Visseleg var ho det, og artikkelforfattaren kunne  ha vist til Ordt. 31, ein tre tusen år gamal tekst der yrkeskvinna vert framstilt som sjølve idealet. 

Både Luther og alle mannlege bibel-lesarar og – tolkarar har sjølvsagt kjent denne teksten, men dei har tydelegvis ikkje teke inn over seg at dette faktisk er det mest fullstendige kvinne-ideal som Bibelen teiknar for oss.

 

            Det handlar om «Den gode kona». Kven er ho? Høyr:

 

  • «Ho skaffar seg ull og lin, hendene arbeider med liv og lyst» Ho driv med husflid ! 

  • «Før det lysnar av dag, er ho oppe, - set tenestjentene i arbeid» Ho er  arbeidsleiar !

  • «Ho ser seg ut eit jordstykke og kjøper det  - » Ho er  investor !

  • «Ho lagar linklede som ho sél, og sender belte til kjøpmannen» Ho driv forretning !

  • « - for det ho har tent, plantar ho ei vinmark» Ho driv jordbruk !

  • Og: «Ho merkar at forretningane går godt» !

 

Dette er naturlegvis eit idealbilde, av ei kvinne som høyrer til det høgare sosiale lag, i ein agrar-urban kultur. Ho og ektemannen er eigarar av hus og produksjonsmidlar , har inntekt av varer som dei produserer og sél, og driv  jordbruk attåt, med ein truleg talrik tenarstab. Mann og kone har fordelt arbeidet. Kvinna  styrer bedrifta. Ektemannen «er akta i byporten, der han sit med dei eldste i landet». Sidan kona tek seg av den daglege drift av eigedom, produksjon (ein må tru at tenarskapet også deltok der)  og sal, kan mannen vere med å styre landet.

 

I skildringa av «den gode kona» høyrer ein ingenting om borna. I denne travle kvinna sin kvardag, har ho sjølvsagt plassert dei i barnehagen, dvs hos tenarskapet. Det kan endåtil hende at ho hadde ammer til å ta seg av borna medan dei var små.

 

Jau, til slutt kjem dei inn: «Borna stig fram og prisar henne lukkeleg, mannen gjev henne ros: «Mange kvinner har vist at dei er dugande, men du overgår dei alle».

 

Til overmål: denne yrkeskvinna teier ikkje i forsamlinga! «Ho opnar munnen med visdom, kjærleg rettleiing har ho på tunga». I Ordt 6 er kvinna likestilt med mannen i opplæring og undervisning av borna: «Son min, hald fast på bodet som far din gav deg, forkast ikkje rettleiing frå mor di. - - - For bodet er ei lykt, og rettleiinga eit ljos». Luther hoppa glatt over dette, og sette husfaren inn som det åndelege overhovud i heimen. I praksis vart det likevel ofte mor som var den åndelege leiar, slik lesarsongen så vakkert uttrykkjer det: «Inga bok er meg så kjær/ som mi moders Bibel er».

 

Ordt. 31 er ein av dei mest under-kommuniserte tekster i vår Bibel. Kan det vere fordi det gjennom hundradåra var mennene som hadde monopol på å tolke Bibelen? Teksten har kvinneleg opphav, jmfr kapittelets overskrift: «Ord frå kong Lemuel, lærdom mor hans gav han».  Det er  ho som talar: «Min son, du son som eg bar, min lovnads-son - - osb» Ho har tydelege råd til sonen, kongen. Han skal vise måtehald både når det gjeld kvinner og rusdrikk. Retts- og velferds-samfunnet er hennar program: «Lat opp din munn for den som ikkje sjølv kan tala/ før saka for dei som held på å bukka under./Lat opp din munn og døm retfferdig,/lat hjelpelause og fattige få sin rett!» Idéhistorisk går det ei line frå denne kvinneteksten til Marias, Jesu mors, lovsong: «Han støytte stormenn ned frå trona/ og lyfte opp dei låge./ Han metta dei svoltne med gode gåver,/men sende dei rike tomhendte frå seg». Det er vel ikkje urimeleg å tru at Maria hadde det åndelege leiarskap i Jesu barndomsheim, og at dette har influert hans syn på kvinner (Jesus var sant menneske, difor må vi  rekne med menneskeleg påverknad også i hans tilfelle).

 

Vi finn imidlertid  lite og ingenting att av kvinne idealet frå Ordt 31 i Det nye testamentet.

 

Det vi utan tvil kan slå fast, er at Jesus møtte kvinner og inkluderte dei i disippelfellesskapet på ein måte som var uhøyrt i samtida. Jesu haldning til kvinner har sikkert inspirert Paulus, som tydeleg sa ifrå om at «her er ikkje jøde eller grekar, her er ikkje slave eller fri, her er ikkje mann eller kvinne. De er alle ein i Kristus Jesus». Gal 3,28. Det er oppsiktsvekkjande når Paulus i 1.Kor 7, der han likestiller kvinne og mann i ekteskapet eitt hundre prosent, med henvising til eit ord av Jesus innrømmer kvinna rett til separasjon frå ektemannen, når han ikkje er ein truande.

 

Jau, vi finn yrkeskvinna att i Det nye testamentet, i Ap.gj 16: manufakturhandlaren Lydia i Filippi, som vart døypt med heile sitt hus av Paulus, og som tydelegvis vart leiar i den hus-forsamlinga som heldt til hos henne.

 

Vi må kunne seie at teksten i Ordt 31 er langt føre si tid, når han teiknar yrkeskvinna som eit ideal. Eller skal ein heller seie at  det er eit patriarkalsk leiarskap som gjennom århundra ikkje har late dette idealet få sin rettkomne plass i den kristne forsamling ?

 

Gå til innlegget

Aust og vest møttest i 1964

Publisert over 1 år siden - 94 visninger

Det har vorte sagt at møtet mellom patriark Kirill og pave Frans var det fyrste møtet mellom aust-kyrkja (romersk-katolsk) og vest-kyrkja (ortodoks) sidan det store skismaet i 1054.Det var det faktisk ikkje.

Det fyrste møtet mellom dei to skjedde i Jerusalem 5.januar 1964, då patriarken av Konstantinopel, Athenagoras (1887-1972) og pave Paul VI (1897-1978) møttest. Det var under 2. Vatikankonsilet (1962-65), då ekumeniske stemningar rådde, inspirert av pave Johannes den 23. (1881-1963).

           Som ei frukt av dette møtet vart Tantur Ecumenical Institute oppretta i Aust-Jerusalem, der kyrkjefolk frå alle verdas kyrkjer kjem saman til bøn og studiar.

Gå til innlegget

Sosialisme og kristendom - med moderasjon

Publisert nesten 2 år siden - 782 visninger

Satsen «Sosialisme er kristendom i praksis» er ei spissformulering, som respons på Sølvi Listhaugs påstand om at kyrkja er gjennomsyra av sosialisme. Med moderasjon lyder min påstand: «Sosialisme kan vere kristendom i praksis».

Ulike kommentarar til mitt innlegg, framfører ulike utgåver av millenisme som det bibelske aternativ til sosialismen. Eg er i tvil om kor bibelske dei eigentleg er, desse variantane av læra om Tusenårsriket.

 

«Sosialisme» finst også i mange utgåver. Trygve Bratteli sin definisjon: «Sosialisme er den politikk Det norske arbeiderparti til enhver tid fører», er ei. Som kristen godtek eg ikkje den, og heller ikkje marxismens idé om at produksjonsmidla tilhøyrer proletariatet. I praksis har  det vist seg at ein eineveldig klasse kan forvalte produksjonsmidla dårleg, medan ein filantropisk kapitalist kan fremje rettferd på ein sosial ansvarleg måte.  Forvaltning er den bibelske idé, slik Jesus lærer oss i sine likningar. Eigarskapet er Guds. Forvaltninga skal skje til fellesskapets beste, slik Salme 72 og Ap.gj. 2 uttrykkjer det. «Ein arbeidar er si løn verdt», er eit anna bibelsk prinsipp (1.Tim 5,18), som fordrar rettferd i lønnspolitikken.

 

Vi kjem ikkje utanom sosialismen som ein berande idé i vår samfunnsbyggjing. Det er ikkje utan grunn at dei sosialdemokratiske nordiske landa år etter år vert rangerte som dei beste i verda. Og det står urokkeleg fast, at før sosialismen var kristendommen. Dei to utfordrar og inspirerer kvarandre gjensidig framleis.

Gå til innlegget

Sosialisme er kristendom i praksis

Publisert nesten 2 år siden - 1885 visninger

Sølvi Listhaug meiner kyrkja er gjennomsyra av sosialisme. Det er omtrent like logisk som å seie at nordmenn er gjennomsyra norske.

            Listhaug og andre som brukar sosialisme som  skjellsord, treng repetere sin barnelærdom, og finne fram Apostel-gjerningane og lese om den fyrste kristne forsamling i Jerusalem: «Alle som var komne til tru, heldt saman og hadde alt i lag. Dei selde eigedomane sine og anna gods og delte ut til alle etter som kvar trong det». (Ap.gj 2,44-46). På latin: « - habebant omnia communis»/ «dei hadde alt felles».Derav namnet «kommune». Den fyrste kristne forsamling er beint fram modellen for kommunen!

Det er slik i våre kommunar som det var i Jerusalem den gongen: gjennom stat og kommune står vi solidariske med kvarandre og syter for gode vilkår for den oppveksande slekt, helsestell for alle og omsorg for dei eldre, og ein effektiv infrastruktur. Ein kan gjerne kalle det «sosialisme», men slike solidariske fellesskaps-tiltak er fyrst og fremst kristendom. Den kristne forsamlinga kom før kommunen, og kristendommen kom før sosialismen, slik treet kjem før frukta.

Vidare kan Listhaug studere den mest politiske teksten i vår Bibel, Salme 72, ein kongesalme, altså ein salme til og for Makta:

«Gud, lær kongen å dømma som du,
          gjev kongssonen di rettferd!
          Han skal dømma ditt folk med rettferd,
          dine hjelpelause med lov og rett!
          - - - -
          Han skal la dei verjelause i folket få sin rett,
          han skal berga dei fattige.
          Undertrykkjaren skal han knusa.

          Han bergar ein fattig som ropar,
          ein stakkar som ingen hjelper.
          Han bryr seg om fattige og veike,
          han bergar livet til dei fattige.
          Han løyser dei frå tvang og vald,
          deira liv er dyrt i hans auge»

Det ville vere rart om Listhaug og FrP ikkje kunne seie seg samde i eit slikt politisk program. Men dette er også sosialisme, rettnok med ein eineveldig konge på toppen, som i vår tid er bytt ut med eit representativt folkestyre, og dermed blir det vi kallar sosialdemokrati. At Salme 72 og Ap.gj 2 gjev uttrykk for det ideal Bibelen og kristendommen held fram for vår sivilisasjon, kan det ikkje vere tvil om.

Historisk sett er ikkje alt som kallar seg sosialisme sann sosialisme, på same måten som alt som kallar seg kristendom ikkje alltid er det. Kristendommens styrke er evnen til sjølvransaking og fornying, noko det komande reformasjonsjubiléum vil minne oss om.

Det er ikkje farleg å vere sosialistisk. Det er vi alle, meir eller mindre. Men det er fårleg dersom Listhaug og FrP får drive Noreg i ei retning der fellesverdiane forvitrar, og Bibelens ideal for samfunnet vert forkasta.

Gå til innlegget

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere

Siste kommentarer

Bjørn Abrahamsen kommenterte på
Livssynsnøytral ­er ikke verdinøytral
7 minutter siden / 1711 visninger
Therese Utgård kommenterte på
Hva uenigheten handler om
22 minutter siden / 624 visninger
Oddvar Hægeland kommenterte på
Livssynsnøytral ­er ikke verdinøytral
37 minutter siden / 1711 visninger
Johannes Taranger kommenterte på
Hvorfor blir jeg?
39 minutter siden / 1680 visninger
Jan Bording kommenterte på
Myten om KrF som et «borgerlig» parti
rundt 1 time siden / 1357 visninger
Ywe Carlzen kommenterte på
Restaurert Og Regresjonsfri Tro.
rundt 1 time siden / 351 visninger
Bjørn Erik Fjerdingen kommenterte på
Myten om KrF som et «borgerlig» parti
rundt 1 time siden / 1357 visninger
Tore Olsen kommenterte på
Kva ville Månestråle gjort?
rundt 1 time siden / 4639 visninger
Per Perald kommenterte på
Kva ville Månestråle gjort?
rundt 2 timer siden / 4639 visninger
Roger Christensen kommenterte på
Når vil vi alle forstå Islam?
rundt 2 timer siden / 2785 visninger
Ben Økland kommenterte på
Myten om KrF som et «borgerlig» parti
rundt 2 timer siden / 1357 visninger
Georg Bye-Pedersen kommenterte på
Når vil vi alle forstå Islam?
rundt 2 timer siden / 2785 visninger
Les flere