Rolf Kjøde

Alder: 60
  RSS

Om Rolf

Kurs- og oppdragsleiar NLA Høgskolen

Følgere

På tynn is om kyrkjeleg mandat

Publisert rundt 7 år siden

Det går an å vere kristeleg uenig om kva felt av havet vårt det skal utvinnast olje i, men kyrkjene treng å kome langt meir på bana i kritikken av forbruksspiralen og vekstideologien.

Det er prisverdig at Ketil Solvik-Olsen deler sine refleksjonar om korleis han tenker som kristen politikar og korleis han vektar ulike sider ved trua ut frå Bibelen. Samtidig må han finne seg i at vi peikar på kor påfallande det er at han set til sides vesentlege sider i teologi og bibelsk etikk når dei blir for utfordrande for hans eige politiske prosjekt. Kristne politikarar i andre parti ville sikkert gå i same fella om dei let seg intervjue. Slik er vel den dynamikken som heiter offentleg profilering, og då blir media meir ein arena for avhengig reaksjon enn for uavhengig refleksjon. 

I alle fall kan ikkje kyrkjene la seg binde av slike politisk avgrensa agendaer. Solvik-Olsen har naturlegvis rett i at livsvern og menneskeverd er avgjerande kristne verdiar for politikken. Saman med fleire andre fell hans eige parti totalt gjennom i slike spørsmål. Han har også rett i at ei heterofil ekteskapsforståing og barns rett til far og mor er grunnleggande kristne verdiar, og eg håper han kjempar for dei restane av restriksjon som framleis finns i FrP her. Også i kamp mot antisemittisme og i kamp for Israels rett til fred og trygge grenser er det lett å finne god argumentasjon i kristen etikk, samtidig som den same etikken ikkje kan oversjå at konflikten i området også har ein annan lidande part med rettar, palestinarane.

Når Solvik-Olsen avviser mandatet vi som leiarar for misjon og kyrkje har for å formane til klimaorientert forvalting og langsiktig berekraft og kjempe for sosial og global rettferd, er han likevel på tynn is. Profetane i Bibelen er beintøffe i forkynninga av sosial rettferd i det dei står opp for dei svake og undertrykte. I ei globalisert verd må det kunne adresserast utover nasjonalstaten. Det utfordrar politikarane til å prioritere det livsviktige berekraftspørsmålet og sjølve vekstideologien som er i ferd med å kvele luft, jord og vatn. Bibelens Gud boblar av skaparglede og ber oss forvalte, ikkje øyde skaparverket – som «høyrer Herren til». Politikarar har ikkje som oppdrag å berge Guds-dyrkinga og det første bodet, men ein kristen politikar har ein god basis til å seie at livet er meir enn ein marknad. Politikken må ta høgde for at velstand er noko kvalitativt anna en forbruksvekst. Det ligg til kyrkja sitt profetiske kall i samfunnet å minne om dette. Det går an å vere kristeleg uenig om kva felt av havet vårt det skal utvinnast olje i, men kyrkjene treng å kome langt meir på bana i kritikken av forbruksspiralen og vekstideologien. Alle parti treng kyrkjer som tar dette kallet på alvor.

 

 

 

 

 

 

Gå til innlegget

Trua er offentleg – på eigne premiss

Publisert rundt 7 år siden

Stålsettutvalet har to berande element som er avgjerande for eit sunt liberalt demokrati. Det første er at tru og livssyn høyrer til i det offentlege rommet. Det andre er at trus- og livssynssamfunn må ha prinsipiell likestilling i samfunnet. Eg støttar begge desse prinsippa men meiner at utvalet sviktar tenkinga si i oppfølging av sentrale ledd.

 

Utvalets understreking av at livssyn skal ha ei viktig offentleg rolle, legitimerer trua sitt uttrykk i samfunnet og deltaking i offentlig debatt der livssyn også skal ha ein viktig plass. Det er grunn til å glede seg over at utvalets store fleirtal har brote med privatiseringsdogmet og tydeliggjort truas offentlege karakter. Kristne verdiar er ikkje utan relevans for samfunnet, men vi må skjelne mellom viktige samfunnsbyggande verdiar i trua som vi vil kjempe for politisk og ein kamp for særstilling for bestemte trussamfunn. Livssynsutvalet hjelper oss bort frå det siste. Det kan brått tene evangeliet.

At trussamfunn blir prinsipielt likestilt, må likevel ikkje betyr at verdiar blir likestilt. Derfor bør utvalet ikkje få gjennomslag for å sekularisere grunnlova ved å fjerne forankringa i den kristne arven. Vi har lite å tene på å fornekte den historia og dei verdiane vi ber med oss og som ligg i botnen for samfunnet vårt. Sjølv om staten ikkje skal eller bør kunne bruke Den norske kyrkja som sin eigen markør, må kyrkja sjølv - med si lange historie og dominerande oppslutning, kunne ta ei rolle ved nasjonale hendingar, men då alltid på eigne premiss og utan politisk føring. Omsynet til minoritetane må ikkje brukast som ei brekkstang til å fjerne nasjonens kulturelle og historiske forankring. Utvalet har lykkast dersom den politiske agendaen framover i større grad blir ein diskusjon om verdiar og verdival i samfunnet. I den samanhengen har alle livssyn verdiar å spele inn. Utvalet kallar det legitimt. Nokon nøytral veg finns ikkje. Utvalets forslag om å sløyfe grunnlovas ord om nasjonens kristne verdiarv er heller ikkje nøytralt.

Utvalet slår fast retten til friskolar for alle slags livssyn, dei vil at skolane skal legge til rette for at der er rom som kan brukast til andakts- og bønneaktivtetar mellom elevane, og dei vil ha opning for at ulike trossamfunn kan invitere sine elevar til deltaking i religiøse høgtidsmarkeringer.Dette er ryddig. Samtidig slit utvalet på fleire punkt med å følgje opp prinsippet om at tru og livssyn skal få operere på eigne premiss i samfunnet.Eit sant liberalt demokrati blir best målt på kva rom det legitimerer for minoritetane, særlig dei som måtte stå opp mot politisk vedtatte sanningar. Utvalet kolliderer med eigne liberale premiss når dei vil ta bort likestillingslovas unntaksordningar og bruke økonomiske sanksjonar mot organisasjonar og trussamfunn som av religiøse årsaker skil mellom menns og kvinners teneste i leiarskap. Å ta frå trussamfunn støtte på desse premissa, er ein illiberal veg der tru og livssyn skal kommanderast på linje med majoritetens normer.

Dei same prinsippa om ein tolerant liberalitet blir svikta når dei vil reversere ordning med at religiøse barne- og ungdomsorganisasjonar har rett til å sette krav til etiske val hos leiarar. Utvalet og samfunnsdebatten skjuler dette under retorikken om at ingen skal diskriminerast på grunn av legning. Det er alle enig i. Kristne organisasjoner spør aldri etter legning men stiller krav til val av livsstil når det gjeld forvalting av seksualitet. Vår kristne forståing av dette, både for hetero- og homoseksuelle, bryter med samfunnets allmenne normer, men den retten skal livssynsbasert verksemd ha i eit sant demokrati. Derfor vil eg sterkt åtvare politikarane mot å følgje opp utvalets omkamp på dette punktet.

Norsk helsepersonell med djupt verdiforankra overtyding om at menneskelivet er ukrenkeleg får ingen støtte i utvalet for retten til å nekte deltaking i prosessen med å ta liv. Når utvalet ikkje innrømmer helsepersonell rett til å følgje samvitsovertyding knytt til liv og død i helsevesenet, bryt dei etter mitt skjøn med eigne premiss om retten til å handle i samsvar med eige livssyn i det offentlege. Slike rettar må alltid målast opp mot andre rettar og kan skape ei interessekonflikt. Men når ikkje ein gong den mest grunnleggande verdien - menneskeverdet knytt til liv og død, er grunn god nok, er konklusjonen at det ikkje finns ei verdiovertyding ut frå eige livssyn som er god nok for samvitsunntak i norsk helsestell. Det er ein dramatisk inkonsekvens frå eit utval som hyllar det livssynsopne samfunnet. På dette området blir det med teorien.

Gå til innlegget

Tapt liberalitet?

Publisert rundt 7 år siden

Ståle Solbergs kamp er en prinsipiell kamp om enkeltmenneskers frihet på et elementært plan. Han fortjener støtte også fra sine politiske meningsmotstandere for retten til å handle som han har gjort.

Når loven garanterer for at anklagede må kunne bevise sin uskyld for å slippe fri, har idealet om enkeltmenneskets frihet tapt.

Dette rammer Ståle Solberg i Østfold som bare har benyttet seg av den opplagte retten til å bestemme selv med tanke på utleie av sitt eget hus. Han har aldri møtt de som ønsket å leie. De har aldri sett huset som i sin tid kunne være aktuelt. De har laget et spill der de fikk boltre seg som offer i media. Så ville de gå i retten for seinere å trekke seg da retten signaliserte at dette ikke var noen sak. Da var det lettere å melde saken inn for Likestillings- og diskrimineringsombudet (LDO), der de visste at de hadde en alliert. Paret var lesbisk. Utleier var en politiker som hadde stått opp mot den nye definisjonen av ekteskapet i 2008. Slikt skal ikke gå ustraffet hen. 

«Dom». Så har ombudet talt. Ingen lit festes til utleiers erklæring om at han var ukjent med parets sivile status da han endret utleieplanene sine, enda han kan føre vitner for akkurat det. Dermed fant LDO grunnlag for å avsi sin «dom» uten bevis og på tvers av Tingrettens utsagn om at saken ikke hadde rettslig interesse. Store pengebeløp og mye tid har gått med til de avbrutte rettslige rundene og til bevisføring for LDO. Men Solberg er av den sunne oppfatning at skyld må bevises og at enkeltmennesker ikke skal kunne trakasseres slik i forvaltningen av egen, ordinær eiendom. Med det har han gitt samfunnet en test på den liberaliteten som de fleste taler for.

Prinsipielle, liberale politikere må på banen og besvare noen avgjørende spørsmål. LDO er et statlig forvaltningsorgan med uttalerett i saker om eventuell diskriminering. Ingen anfekter det. I tillegg er LDO en ideologibærer som påviselig legger retorikk og interesser tett opp til blant annet Landsforeningen for Lesbiske og Homofile (LLH) og et statlig interesseorgan som framfører den ideologi som for tiden har politisk flertall. Med slike roller må politikerne offentlig tydeliggjøre at LDO ikke er eller skal te seg som et domsorgan. Et liberalt samfunn gjenkjennes på at det makter å behandle med respekt dem som står opp mot majoritetspresset med alternative holdninger, i denne sammenhengen holdninger som inntil nylig var selvsagte i norsk lovverk. 

Tvinge? Familien Solberg avklarte at de hadde bestemt seg for ikke å leie ut før det ble kjent at det aktuelle paret - som aldri har villet møte dem, var lesbisk. Men om så ikke var tilfelle, er det i pakt med sann liberalitet å hindre enkeltmennesker å leie ut ordinær eiendom som de selv vil? Har staten rett til å tvinge menneskers valg i så enkle spørsmål, og på en særlig måte: Har staten rett til å tvinge menneskers samvittighet på denne måten? Lovverket, om det tolkes rett når det legges slike forbud for den vanlige, lille mann, er i så fall blitt illiberalt.

Sosialismens veg. Når samfunnet ikke nøyer seg med å innføre lover som minoriteter er verdimessig djupt i konflikt med men gjør majoritetens prinsipper absolutte for privat forvaltning, forvandler det hele seg til absolutt illiberalitet. Det har alltid vært sosialismens veg, ikke bare i østlige diktaturer. Jeg appellerer til alle politikere som hevder sin liberalitet: Stå opp mot ensrettingen og tvangen og slipp vanlige folk fri til å kunne gjøre egne valg i egen forvaltning. Solbergs kamp er en prinsipiell kamp om enkeltmenneskers frihet på et elementært plan. Han fortjener støtte også fra sine politiske meningsmotstandere for retten til å handle som han har gjort.

INNLEGGET STOD FØRST PÅ TRYKK I VÅRT LAND 07.12.2012

Gå til innlegget

Rettferda kan ikkje vente!

Publisert over 7 år siden

Det blei siste gongen eg fekk ein skikkeleg prat med pater Arnfinn Haram. Vi sat på ein restaurant i Oslo sist vår og snakka om store og viktige spørsmål.

Denne kvelden drøfta vi korleis vi kan løfte den bibelske bodskapen om rettferd og nøysemd slik at den blir ei samfunnsendrande kraft. Han var ein ekte 68’ar, influert av impulsar som eg og fekk med meg i tenåra: radikalt engasjement for ei rettferdig global fordeling og kamp for nye økonomiske verdsordningar. Utopiar frå 70-talet? Tja. Fattigdomskløfta har berre auka alle åra sidan, mens den radikale studentgenerasjonen har sikra seg alle rettar ved bordet. Og no startar åra då dei innleier sin lange siste fase med pensjonsordningar som ikkje ein gang norsk superøkonomi har sjanse til å bere. Ikkje berre er verdas fattige ei moralsk og politisk gigantutfordring for historias rikaste land. Også kommande generasjonar i Norge vil ha litt av kvart å stille oss til ansvar for.

“Rettferda kan ikkje vente” erklærte ein stor breidde av kristne leiarar i Norge på slutten av 1970-talet, med biskop Erling Utnem som ei leiande kraft. Den norske kyrkja følgde i 1996 opp med noko av det beste ho har produsert i innstillinga “Forbruk og rettferd”, med biskop Odd Bondevik i spissen. Ingen av desse arbeida passar veldig godt med den rådande politiske og folkelege mentaliteten i kongeriket, men som kristne har vi ikkje lov til å sleppe taket i utfordringane. Det er Gud som kallar både til rettferd og til ansvar.

Den lånebaserte vestlege økonomien for stadig auka forbruk gjennomlever svære krisetider. Det såg vi i 2008, og det ser vi i år. Løysingane i 2008 råka mest i det fattige sør ved at matprisane gjekk rett til vers, enda det var Vesten som skapte problema. Dette året er det så langt Europa som sjølv må ta støyten. I 2008 opplevde vi det utrulege at finansministeren frå SV oppmoda folket til større privat pengebruk for å berge marknaden. LO-sjefen gjentok dette i julestria i 2011 då det såg ut til at folk brukte mindre enn året før. Han kunne slappe av. Tala ved nyttår viste at kjøpefesten ikkje hadde stilna. I sommar bad energiministeren om at vi måtte auke energiforbruket vårt, og jamvel Erik Solheim sa - etter at han gjekk som miljø- og bistandsminister, at auka vekst er einaste vegen til å løfte dei fattige globalt. Alle snakkar kapitalismens språk. Marknaden skal rå. Kapitalkreftene skal berge oss.

No kan Solheim sitt poeng ha noko for seg, fordi han primært snakkar om økonomisk vekst i Sør. For å stimulere dette trengs det meir enn milde bistandsgåver. Fattige land treng næringsliv og handel for å utvikle velstand. Solheim utfordrar på denne måten gamle sosialistar til også å tenke marknad. Men den nødvendige veksten i Sør må få konsekvensar for oss i Nord og måten vi lever på. Verken jorda, vatnet eller lufta kan bere veksten hos oss rike. Då er spørsmålet: Er ein eller annan form for kapitalisme det beste vi kan komme opp med når vi skal svare på aukande fattigdomskløft og ei klimautvikling som endrar jord og hav, liv og samfunn? 1800-talets marxisme gjekk heldigvis på skraphaugen. Kva gode grunnar finns det for at 1800-talets kapitalisme skal ha ideologisk råderett i ein totalt ny global situasjon? Kvar er den politiske viljen til å skape rettferdige alternativ når sjølv raudgrøne politikarar talar den frie marknaden sitt klare språk?

Den globale uretten er vårt største moralske og politiske dilemma, og den heng nøye saman med den globale økologiske krisa. Finns der farbare vegar framover for å løyse dette? Svara mine er færre enn spørsmåla. Ofte adresserer vi saka individuelt med formaning til tiende og ein enkel livsstil utan privat overforbruk. Her har misjonsrørsla lenge gått fremst. Sjølv om den berande generasjonen i å ta dette på alvor er i ferd med å gå i grav, ser eg stadig nye generasjonar av unge kristne som lar seg utfordre av det som hang over senga mi i tenåra frå 1.Joh.3,17: “Men den som har meir enn nok å leve av, og likevel lèt att hjartet sitt når han ser bror sin lide naud, korleis kan han ha Guds kjærleik i seg?” Min generasjon slepp å prioritere når vi gir ut frå spørsmålet om kva vi har til overs og ikkje ut frå spørsmålet om kva som trengs. Sjølv om vi i dag sjeldan ofrar, har eg likevel tru på å utfordre den enkelte. Vi kan komme eit stykke med dei brennande hjarta.

Det bibelske engasjementet for rettferda, for dei fattige og for skaparverket er likevel også sosialetisk. Det er maktsystema vi lagar som skapar utfordringane. Dette kan berre løysast ved at vi gjer det saman, nasjonalt og internasjonalt. Midt i dette årtusenet vil jorda huse ni milliardar menneske, to milliardar meir enn i dag. Kampen om ressursane vil strammast til. Skal vi oppnå eit minimum av rettferd, treng vi ei radikal omfordeling av jordas avgrensa ressursar, samtidig som vi brukar ressursane smartare. Profetane forkynner overfor Israels leiarar at Gud ser til den arme og held ansvarleg alle “som undertrykker småkårsfolk og knuser fattige” (Am.4,1). Som kyrkje skal vi forkynne det same.

Samtalen med Arnfinn handla om mellomnivået. Går det an å reise eit alternativ, leve ein alternativ økonomi som løftar oss vidare frå eit einsamt individnivå og utfordrar samfunnet ved at tilstrekkeleg mange faktisk forpliktar seg til kvarandre og til Gud – for gudstrua og skaparverkets del? Den kristne kyrkja har dette potensialet til å vere endringsagent. Det er hennar oppdrag å kalle oss frå avgudsdyrking til å dyrke Gud og ikkje skapningen, til kamp for rettferd og nestekjærleik og omsorg for skaparverket. Kyrkja ber i seg Guds rikes teikn og skal leve ut Kristi forsoning, han som “forsona alt med seg, det som er i himmelen, og det som er på jorda, då han skapte fred ved hans blod på krossen.” (Kol.1,20)

Når Paulus utfordrar dei kristne fellesskapa i Tyrkia og Europa til å gi til dei fattige søskena i Judea, brukar han to gongar eit ord som hadde ganske radikale politiske undertonar i samtida når han seier at “det skal vere likt” (2.Kor.8,13f) i den kristne kyrkja. Internasjonalt. Slik utfordrar han ikkje berre den enkelte men heile den kristne kyrkja til å leve ut teikna på det nærverande og kommande gudsriket slik at vi deler likt, løftar dei undertrykte, gir dei fattige rom til å reise seg, spreier kunnskap og fremjar god helse. Eit samla folk av Jesu etterfølgjarar gjer evangeliet synleg og truverdig ved å leve annleis med tiende (eller meir!), ein enkel livsstil, gjenbruk og alternative måtar å tenke velferd på. Gud kallar oss som følgjer Jesus til å likne Jesus i nestekjærleik og nøysemd, i kamp for den svake og for ei rettferd som ikkje kan vente. Også slik skal vi gjere Han kjent så han blir trudd, elska og etterfølgd.

Djupt inne i meg høyrer eg allereie tilbakemeldinga om utopi, men eg aksepterer den ikkje. Vi har ikkje lov til å svikte rettferda. Lausannepakta frå 1974 forpliktar alle underskrivarane til ein enkel livsstil. Forpliktinga frå Cape Town 2010 er enda sterkare, fordi ropet frå dei fattige kyrkjene etterlyser kva som er eit bibelsk, evangelisk alternativ til framgangsteologiens lettvinte og ukristelege svar i møte med fattigdommens desperate spørsmål. Som misjonsleiar kan eg ikkje la dette ligge. Til det kjem utfordringane dagleg altfor nær.

Gå til innlegget

Klima og rettferdighet

Publisert over 7 år siden

Den økologiske krisen er symptomet på et samfunn som har gått seg vill. Skal vi løse klimautfordringene trenger vi en samfunnsmodell som ikke baserer seg på fortsatt vekst og forbruk.

Klimaforandringer utgjør trolig den største trusselen mot vår egen klode – og dermed også for fred, sikkerhet og en bærekraftig utvikling for milliarder av mennesker. Til tross for dette tar vi ikke trusselen på alvor, toppolitikere så vel som mannen i gata. Også som kirke svikter vi i å etablere en alternativ, bærekraftig livsstil. Den globale oppvarmingen skyter fart, mens viljen til å gjennomføre globale klimatiltak står på stedet hvil.

Sosialt engasjement står sterkt i kristen tenkning. Å handle i henhold til det vi tror på er radikalt – og ofte mer politisk enn vi er vant til å tenke. Derfor ønsker vi å si klart og tydelig: Klimatrusselen er reell og må ikke gjøres til en kasteball i et partipolitisk spill. Vi vil innstendig oppfordre våre politikere til å finne gode løsninger på hvordan Norge skal løse sine forpliktelser overfor verdenssamfunnet. Vi er et rikt land med store ressurser og god forvaltning, men rikdommen er et tveegget sverd. Rikdommen gjør oss i stand til å ta ansvar og gå foran med et godt eksempel, men rikdom gjør oss også sløve og blinde. Jesus utfordret de rike, og Paulus skriver at kjærligheten til penger er roten til alt ondt.

Siden det første klimamøtet i Rio i 1992 har det skjedd en formidabel økonomisk vekst mange steder i Sør. Millioner er løftet ut av fattigdom. Det er et gode. Likevel trues hele vårt eksistensgrunnlag av en økonomisk utvikling basert på ukontrollert vekst og høyt forbruk, der gapet mellom rik og fattig øker. Vekstspiralen er verken bærekraftig eller rettferdig. Økt forbruk er selve forutsetningen for at denne økonomien skal fungere. Problemet er at jordkloden allerede nærmer seg ”nokpunktet” for naturens tåleevne med tanke på at vi vil vokse fra 7 til 9 milliarder mennesker innen 2050.

Bak festtalene og de gode formuleringene under klimakonferansen Rio+20 er det lite endringsvilje å spore i form av penger og forpliktelser. Ingen ønsker å gjøre seg upopulære ved å påpeke det opplagte, nemlig at den økologiske krisen ikke kan løses uten å utfordre det gjeldende økonomiske systemet. Men når økologien taper for økonomien er det bare et spørsmål om tid før alle taper. Vi løser ikke klimakrisen uten en ny samfunnsmodell, som gir sann mellommenneskelig velstand uten fortsatt økonomisk vekst for oss rike.

Som kristne og ledere for Norges største misjonsorganisasjoner vil vi vise til vårt felles ansvar. En samlet kristen kirke vil utgjøre en forskjell i verden. Hemmeligheten er fellesskapet. Å forplikte seg til et fellesskap er radikalt. Det er avgjørende på vei til ei bærekraftig framtid. Vi ønsker å løfte fram gode kristne idealer: nøysomhet, nestekjærlighet, arbeid, hengivelse. Dette er verdier med virkelig bærekraft, og de viser oss en annen forståelse av velstand som minner om den “shalom” som omtales i Det gamle testamentet, en rettferdig fred som søker fellesskapets og vår nestes beste.

Som mennesker har vi en tendens til å ville ta Guds plass. Alternativet er å vende seg til Gud og gjennom bønn søke trøst for motløshet, hente ressurser til engasjement og søke tilgivelse for våre synder. Slik vil vi vende oss fra et forbruk som belaster Guds skaperverk og gjør oss til avgudsdyrkere. I bønn åpner vi oss for Han som kan forvandle menneskers hjerter og deretter samfunnet og de maktrelasjonene som preger dette.

 

Jeffrey Huseby, generalsekretær Det Norske Misjonsselskap

Rolf Kjøde, generalsekretær Normisjon

Øyvind Åsland, generalsekretær Norsk Luthersk Misjonssamband

INNLEGGET BLE FØRST PUBLISERT I VÅRT LANDS PAPIRUTGAVE MANDAG 3.9.2012

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere