Rolf Kjøde

Alder: 60
  RSS

Om Rolf

Høgskolelektor NLA Høgskolen

Følgere

Ei lita justering

Publisert over 7 år siden

Takk for replikken som blir siste ord i dette ordskiftet. Med jet lag i kroppen skal ein ta ein ekstra runde med det en skriv. Eg såg eit slikt mistak i #12 ei stund etter posting i går og klarte ikkje å rette det opp. Det beklagar eg. Eg legg inn den justerte teksten her for å yte Solvik-Olsen noko meir rettferd ut frå innlegget hans i papriavisa 15.feb. Ønskjet om ein større debatt om økonomiske system, vekstideologi og berekraft står fast. Den må heve seg over symbolsaker som kva felt vi skal ta ut karbonressursar frå og bli ein debatt om kva som krevst av historias rikaste folk når forbruksfesten får slike utslag som den gjer i skaparverket.

Men slik skulle altså kommentar #12 om små og store dimensjonar sjå ut:

Ketil Solvik-Olsen fekk i VL 5.februar uvanleg stor plass til å reflektere rundt kyrkjeleg engasjement i politiske saker som også er etiske. Nokre av oss fann det påfallande at alt han hadde å seie om den globale miljø- og forvaltingskrisa var svært avgrensande med tanke på kyrkja sitt mandat. Han rettar 15.februar opp noko av dette ved halde fram kyrkja som premissleverandør også for dei store forvaltingsspørsmåla. Likevel er inntrykket at han vil sleppe å høyre samfunnsengasjerte kyrkje- og misjonleiarars offentlege innspel om forvalting i kystens største matfat.

For eigen del vil eg gjerne ha debatten eitt steg bak – eller opp. Der finns ikkje eitt kristent svar på oljesektorar i havet utanfor kysten vår. Derimot finns der svært vesentlege kristne verdiar som må inn i drøftinga av forbruk, vekst og forvalting. Eg kjem nyleg frå Bangladesh. I 2030 er det sannsynleg at område der det i dag bur 20 million menneske vil vere under vatn på grunn av global oppvarming. Ingen av oss ville komme på å be desse fattige folka om å dempe forbruksveksten. Det ansvaret må vi ta som lever som om det finns sju jordklodar å hente vatn, jord og luft frå. Solvik-Olsen går ikkje inn i den debatten. Eg håper andre gjer det. Vi treng politikarar som vågar å fronte upopulære tiltak mot vekstspiralen vår, og vi treng media som gjer det til ei varig toppsak.

Gå til kommentaren

Små og store dimensjonar

Publisert over 7 år siden

Ketil Solvik-Olsen fekk i VL 5.februar uvanleg stor plass til å reflektere rundt kyrkjeleg engasjement i politiske saker som også er etiske. Nokre av oss fann det påfallande at alt han hadde å seie om den globale miljø- og forvaltingskrisa var svært avgrensande med tanke på kyrkja sitt mandat. Han har ikkje makta å rette opp noko av dette inntrykket i det han har skrive seinare men vil gjerne snevre heile spørsmålet inn til kor vidt samfunnsengasjerte kyrkje- og misjonleiarar bør ha offentlege synspunkt på forvalting i kystens største matfat.

For eigen del vil eg gjerne ha debatten eitt steg bak – eller opp. Der finns ikkje eitt kristent svar på oljesektorar i havet utanfor kysten vår. Derimot finns der svært vesentlege kristne verdiar som må inn i drøftinga av forbruk, vekst og forvalting. Eg kjem nyleg frå Bangladesh. I 2030 er det sannsynleg at område der det i dag bur 20 million menneske vil vere under vatn på grunn av global oppvarming. Ingen av oss ville komme på å be desse fattige folka om å dempe forbruksveksten. Det ansvaret må vi ta som lever som om det finns sju jordklodar å hente vatn, jord og luft frå. Solvik-Olsen går ikkje inn i den debatten. Eg håper andre gjer det. Vi treng politikarar som vågar å fronte upopulære tiltak mot vekstspiralen vår, og vi treng media som gjer det til ei varig toppsak.

Gå til kommentaren

Prinsipp

Publisert over 7 år siden

Ordet prinsipp kan vere både avklarande og tildekkande. Og vi kan tenke ut frå ulike prinsipp. Det er framleis vanskeleg å sjå prinsipplikskapen mellom ein kristen verdireferanse i den norske Grunnlova og ei egyptisk grunnlov som er styrt ut frå prinsippet om islams shari'a. Det undrar meg at Leirvik kallar desse to prinsipielt like.

Leirvik konkluderer med eit prinsipp han kallar "global standard" og som ligg tett opp til allmenne menneskerettar. Det er greitt nok så langt som det rekker. Men det må leggast til at nettopp desse "allmenne" menneskerettane som har vakse fram i Europas kristne kulturkrets, på langt nær har allmenn, global tilslutning, og slett ikkje har aksept i dei fleste muslimsk dominerte landa.

Dernest vil det vere uråd for Leirvik sjølv å følgje premissen dersom han vil at Grunnlova berre skal innehalde det alle kan vere enige om. I verste fall hadde vi då ikkje hatt ei grunnlov. Eg reknar heller ikkje med at Leirivk ser for seg grunnlover utan nasjonal koloritt og særpreg mtp historie og forankring.

Eg er naturlegvis enig i at eit lands grunnlov i størst mulig grad skal samle folk og nasjon. Det betyr ikkje at ei grunnlov skal vere profillaus eller at den ikkje skal skjelne mellom verdiar. I den samanhengen er det redeleg å meine at eins eigne verdiar - om dei er ateistiske eller muslimske eller om ein meiner om seg sjølv at ein er nøytral og derfor vil definere det vi andre skal slutte oss til som minste felles multiplum, bør vinne fram. Demokrati inneber at vi kan diskutere verdiar ope og utan risiko, men også at vi må konkludere og avfinne oss med resultatet. Eg vil argumentere for at grunnleggande kristne verdiar som har vore formande i hundreår for vårt samfunn, er eit gode for samfunnet. At dette også har ein solid basis i folkefellesskapet, kjem fram både i oppslutinga om dette i Stortinget og i folkets preferansar når det gjeld trusmessig tilknytting. Så lenge samfunnet likebehandlar minoritetane med majoriteten og gir fridom til å hevde verdiar som bryt med den store majoriteten, avgrensar ikkje Grunnlovas gjeldande verdireferanse enkeltmenneskets fridom i det liberale demokratiet. Det er påfallande at akkurat den verdien har sterkast fotfeste i dei landa i verda med sterkast historisk tilknytting til den jødisk kristne kulturkretsen. Det gjer Leirviks samanlikning med lovfesta islamsk shari'a dess meir uforståeleg. Dette er kolliderande prinsipp.

Gå til kommentaren

Publisert over 7 år siden

Oddbjørn Leirvik spør i #10 om Grunnlova i det heilt bør vise til ein bestemt religiøs eller livssynsmessig tradisjon. Jf H3rstad i #8 om vi skal beholde religionen i Grunnlova. Eg meiner det er nyttig å skjelne mellom "religionen" som trussamfunna og dei berande samfunnsverdiane som følgjer livssyna. Kva plass det første skal ha i grunnlova, er definititvt diskutabelt, jf ny § 16. Derimot tenker eg det er høgst legitimt at Grunnlova er staden i lovverket der samfunnets historiske og aktuelle verdiforankringar blir gitt eit legitimt uttrykk, jf § 2. Dette gjer ikkje Grunnlova som heilskap til ei kristen lov (jf omgrepet "kristen grunnlov" hos Leirvik) men viser til kva som har vore og er berande i samfunn og kultur og som også har vore med å danne rettstenkinga i landet. Det betyr ikkje at lovgjevar ikkje har nytta fridommen til å også å bryte med denne kristne forankringa, slik som som abort- og ekteskapslov. Trussamfunn har ingen vetorett i slike saker, men vil naturlegvis bruke sin legale rett til å argumentere mot slik lovgjeving. I den samfunnsdebatten stiller alle trussamfunn likt. Grunnlova sin § 2 har derfor ingen diskriminerande funksjon i favør eller disfavør av trusamfunn. Det gjer også parallellen med Egypt ganske søkt, då islamisering av grunnlova der er eit prosjekt som vil legge til rette for diskriminering og meir shai'a-lovgjeving. Kristne i Egypt er ikkje aleine om å gå sterkt imot dette.

 

Gå til kommentaren

Biskop Halvor Nordhaug gjer ein nyttig gjennomgang av prinsipp og praksis opp mot Stålsett-utvalets kamp for likestilling mellom trussamfunn. Det er grunn til å glede seg over at Stålsett-utvalets store fleirtal har brote med privatiseringsdogmet og tydeliggjort truas offentlege karakter. Kristne verdiar er ikkje utan relevans for samfunnet, men vi må skjelne mellom viktige samfunnsbyggande verdiar i trua som vi vil kjempe for politisk og ein kamp for særstilling for bestemte trussamfunn. Her skulle eg ønske at biskopen og utvalet på kvar si side nyanserte noko meir. At trussamfunn blir prinsipielt likestilt, bør ikkje betyr at verdiar blir likestilt. Alt er ikkje like bra.

Eg støttar utvalets prinsipielle haldning om likestilling av trussamfunn. Den fremste utfordringa når leiarar i det dominerande trussamfunnet kjempar for eigne rettar, er opplevinga av at makta talar. Det er ei rolle som kyrkjas folk bør mislike. Nordhaug skriv på ein open og spørjande måte som eg ikkje opplever arrogant. Bodskapen som sit hos ein del av lesarane, kan likevel vere ein kamp for særrettane til hans eige trussamfunn. Eg skulle ønske at vi som har leiande posisjonar og er knytt til Den norske kyrkja i mindre grad kjempar for kyrkjas rettar og meir for samfunnets behov for berande verdiar. Utvalet tydeleggjer at vi har ei rolle i denne samfunnsdebatten.

Som kristen kyrkje må vi tenke gjennom i kva grad evangeliet sjølv er tent med at statlege ordningar skal sikre økonomien og mandatet vårt. Eg stiller derfor vesentlege spørsmål ved om § 16 i Grunnlova er tenleg for evangeliet. Det politiske omgrepet “folkekyrkje” blir institusjonalisert og kan legge føringar for ei kyrkje som i gitte situasjonar avkortar bodskapen sin for å fylle rolla si slik det er politisk forventa. Det gjer kyrkja synleg men evangeliet utydeleg. Kyrkjas hensikt er motsett.

Når det er sagt, vil eg – saman med biskopen, utfordre dei som glatt ser bort frå at 80 % oppslutning gir Den norske kyrkja ei særstilling i kraft av tyngde. Muslimar og humanetikarar bør få eit tilbod som svarar til at dei utgjer 2 % kvar av folket ved tenester i sjukehus, fengsel og forsvar. Ingen har vore mot det. Men det er også ein del av prinsippet om likebehandling at Den norske kyrkja blir vekta rett med dei 80 % sine. Demokratiet viser seg ved korleis ein sikrar minoritetane, men det er også udemokratisk å sjå bort frå majoritetens rett til gjennomslag ut frå si tyngde. 

Eg er også enig med biskopen i at Grunnlovas § 2 gjer eit godt verdival - uavhengig av trussamfunn - ved å framheve kristen arv som viktig for samfunnet. Utvalet bør ikkje få gjennomslag for å sekularisere grunnlova ved å fjerne denne forankringa. Vi har lite å tene på å fornekte den historia og dei verdiane vi ber med oss og som ligg i botnen for samfunnet vårt. Sjølv om staten ikkje skal eller bør kunne bruke Den norske kyrkja som sin eigen markør, må kyrkja sjølv - med si lange historie og dominerande oppslutning, kunne ta ei rolle ved nasjonale hendingar, men då alltid på eigne premiss og utan politisk føring. Omsynet til minoritetane må ikkje brukast som ei brekkstang til å fjerne nasjonens kulturelle og historiske forankring. Utvalet vil ha ein diskusjon om verdiar og verdival i samfunnet. I den samanhengen har alle livssyn verdiar å spele inn. Utvalet kallar det legitimt. Nokon nøytral veg finns ikkje. Utvalets forslag om å sløyfe Grunnlovas ord om nasjonens kristne verdiarv er heller ikkje nøytralt.

Gå til kommentaren

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere