Rolf Kjøde

Alder: 60
  RSS

Om Rolf

Høgskolelektor NLA Høgskolen

Følgere

Nokre avsluttande kommentarar

Publisert over 6 år siden

Tida strekk ikkje til, men eg ser at eg må kommentere eit par direkte henvendingar til meg i denne tråden. Ingunn Løkstad Salvesen spør meg om alle som er teologisk liberale i spørsmålet om homoseksuelt samliv, går fortapt. Ho veit godt at ho dermed stiller eit spørsmål langt utanfor min jurisdiksjon. Mitt ansvar som kristen, forkynnar og leiar er å ta Bibelen på alvor som den einaste pålitelege kjelda til å kjenne Guds gode vilje til liv og frelse. Eit hovudpunkt i dei apostoliske kjeldene er bodskapen om at Jesus Kristus kom til jord for å frelse syndarar, slik vi er vitne til det i det NT seier om at Gud blei menneske, at Gud i Kristus forsona verda med seg sjølv og at oppstoda stadfestar at Jesus Kristus er sann herre, både når han vinn over synd og skuld og satans makt på korset og når han erobrar dødens makt i oppstoda. Det er berre Bibelen som gir oss tilgang på denne historia, som er Guds frelsande openberring til oss. Spekulasjonar om ein Jesus løyst frå det apostoliske vitnemålet må folk gjerne sysle med, men det er berre Bibelens Jesus som openberrar Gud og gir oss del i frelsa. Det er den universelle kyrkja sitt samla vitnemål at der er eit fullt og heilt samsvar mellom apostlane sitt vitnemål og den sanne openberringa om Kristus og om Guds vilje.

Dette er basis for det eg seier vidare, for dersom Bibelens Jesus er den einaste kjelda til sann kjennskap om Gud og hans vilje, må vi halde fast ved Jesu bibel, både den han sjølv viser til i den jødiske overleveringa og den fullmakta han gir dei vitna som møtte han levande som vitne om hans oppstode.

Vi går alle naturleg fortapt om det ikkje var for Jesus. Det er alvoret i den synda som vi er prega av frå vårt indre, slik at vi naturleg har ein eigenvilje av egoisme og drar mot dyrking av det skapte framfor dyrking av Skaparen. Berre i Jesu oppgjer med synda, satan og dødens makt er det frelse for menneska på jorda.

I NT blir det ofte sett ord på kva denne synda inneber, og alt som den seier om den, er like alvorleg, fordi alt ligg ope for Den heilage. Derfor treng vi alle dei kjelder av nåde som flyter frå Jesu frelse; i dåpens vant, i nattverdens måltid, i syndsvedkjenning og tilseiing, i forkynning, i lesing av Guds ord. Guds mål er å sette oss fri, og han kjempar i kjærleik med oss for å få oss til å vende oss frå alt som strir mot hans gode vilje, slik han har openberra den for oss i boda, i Jesu forkynning i og dei apostloliske formaningane. Kven er eg til å sette meg til dommar over det han han har openberra for oss der? Mitt embete er å forkynne og rettleie i samsvar med dette heilage ordet, enten det gjeld synder som baktale og misunning, materiell egoisme og fyll, forakt for foreldre og styresmakter, misbruk av Guds namn og påkalling av vonde krefter, innretting av seksualiteten slik at ein ikkje bryr seg om hans gode bod, likesæle for den globale uretten og neglisjering av dei fattige, forsømming av born og eldre. Vi har ikkje mandat til å ta vekk nokon av desse sidene ved Guds gode vilje i Skrifta.

Eksegetisk er det udiskutabelt at forbod mot homoseksuelle handlingar og samliv er mellom dei syndene som vi blir kalla til omvending frå. Eg slit ikkje med desse syndene, men eg slit med dei fleste andre. Håpet mitt om frelse ligg i at eg dagleg vender meg frå synda og til Guds nåde og tilgjevande kjærleik for syndarar. Skrifta legg alvor i dette også inn mot det evige. Det moralske ansvaret som vi skal møte Gud med er menneska si krone. I den samanhengen vil eg hjelpe mine homofile venner til å leve eit liv i pakt med Guds gode vilje, liksom eg sjølv treng hjelp til å tøyme mine lyster når dei tar retning vekk frå denne gode viljen. La oss seie at eg slit med pengebegjær eller baktale. Det er aldri eit kristent alternativ å bagatellisere det, og sjøl vom eg må slit med det til er dør, har eg ikkje lov til å slutte fred med det. Eg får tru at eg på grunn av Jesus frelse er eit Guds barn også i den kampen, men dersom eg redefinerer det som Bibelen kallar synd til noko godt, fer eg vill og leier eg andre vill. Som leiar er det noko eg skal stå til ansvar for, ut frå det bibelske prinsippet om at den som er tiltrudd mykje, skal det ogå krevast mykje av.

Eg ber dagleg om Guds nåde når eg ber den gamle grunnbøna i kyrkja: «Jesus Kristus, Guds Son, miskunn deg over meg, ein syndar!» Eg er viss å at han høyrer den bøna og veit at det er håpet mitt. Men når eg bed den kallar han meg jamleg til sjølverkjenning så eg også vedkjenner det eg faktisk har synda for så å ta i mot Guds evige nåde i Kristus. Det er vegen for alle slags synder, også når nokon med vitande og vilje leier i strid med det som Gud faktisk har openberra om sin gode vilje i Bibelen.

Eg svarar ikkje på kven som går fortapt, bortsett frå at eg ikkje vil halde tilbake det som Gud openberrar for om dette i Skrifta. Eg er sjølv kandidat om eg gir opp kampen mot synda. Vi treng å lære oss å sette sanne og rette ord på dette slik at vi hjelper kvarandre fram mot det evige livet. Og då er det ei langt større utfordring å adressere 98 % heterofile enn 2 % homofile og bifile, og utfordringane når også langt utover det seksuelle. Det er ei kommunikasjonsutfordring, men det blir neppe ro om dette så lenge bibelkritiske krefter i kyrkja malar og malar på for å endre det som ei heil lærenemnd var enig i at Bibelen avviser. At lærenemnda i 2006 konkluderte med to ulike syn, kunne berre henge saman med at dei vurderte ulikt autoriteten i det apostoliske ordet i kyrkja. Slik har det også vist seg seinare. Bispemøtets utval og bispemøtet sjølv redefinerer etikken i NT ved å likestille Skriftordet med den allmenne erfaringa som etisk autoritet, slik at konteksten overstyrer teksten. Det er ei ærleg sak, i og for seg, men det er ei djup ukyrkjeleg sak, fordi det bryt radikalt med openberringskjelda for kyrkja sin bodskap. Det er her den djupe kløfta går mellom den teologien som Harald Hauge er representant for og det som eg har skissert over. Det gjer vidare samtale vanskeleg. Premissa er totalt ulike, og utan at eg i det heile tatt har mandat til å seie noko som helst om personens eiga tru og gudsforhold i denne samanhengen, så blir konsekvensen av klassisk og kritisk teologi til slutt to ulike trusinnhald.          

Gå til kommentaren

Noen henvisninger

Publisert over 6 år siden
Gå til kommentaren

Sakleg men skarp

Publisert over 6 år siden

Eg forstår Oddbjørn Leirviks ønskje om å trekke seg frå tråden slik den utvikla seg med personkarakteristikkar stikk i strid med det som er bodskapen hans. Her utøver nokon særs dårleg gangsyn og refleksjon rundt praksis. Min visitt blir derfor også kort, men eg ønskjer å uttrykke støtte til Leirviks anliggande. Også dei som vi er diametralt usamde med fortener å bli lytta til og forstått ut frå sin verdiplattform. Sjølv reagerte eg til dømes sterkt på noko av den raljerande stilen som også nokre kyrkjelege røyster hadde i debatten rundt "Det livssynsåpne samfunnet". La argumenta vere skarpe og tunge, men saklege, slik at vi unngår å stemple personar - eller organisasjonar, kyrkjer og livssynssamfunn - sine motiv. I lys av den gylne regelen om aktivt å handle overfor andre slik vi sjølve hadde ønskt det, og katekisma sine ord om å ta alt i beste meining, gjeld dette også om motparten vår skulle oppføre seg annleis i debatten. Debattnivået og den saklege opplysninga stig sjeldan ved at nokon løner vonde ord med vonde ord.

Dette hindrar ikkje nokon av oss å stille velgrunna spørsmål ved om ein organisasjon som HEF maktar å halde ein offentleg profil som primært er å fremje eige livssyn eller om den er å kritisere andre. Det må det gå an å føre ein sakleg diskusjon om - utan å stemple menneske sine motiv. Og det hindrar ikkje meg ved andre høve å vere så djupt usamd i delar av Leirviks teologiske posisjon at eg eventuelt måtte åtvare mot den på teologiske premiss. Og heilt sikkert vice versa. (Eg tar ikkje opp nokon av desse debattane no, men brukar dette som illustrerande døme.) Om vi ut frå velfunderte premiss og tydelege definisjonar av innhaldet meiner at nokon med synsmåtane sine sorterer under merkelappar som liberal, konservativ, homofob, fundamentalist, fascist av ulikt slag eller andre ord som ein i ulike miljø vil bruke for å stemple, så får ein leve med det, men la oss legge vekk slik stigmatisering som erstatning for argument. Det er ein praksis på linje med å stemme ut folk frå ein reality serie, der intriger betyr meir enn fakta. Stemplingar som "angstbitersk" og "parasittisk" inviterer uansett ikkje til respektfull samtale. Metaforisk tenker eg at slik ordbruk ofte tyder på at argumenta ikkje er skarpe men sløve. Som det stod i margen på eit manus: "Dårleg argument. Snakk høgare!"

Gå til kommentaren

Takk!

Publisert over 6 år siden

for eit ryddig og godt innlegg med ein prinsipiell teologisk argumentasjon som må lyttast til i ein kyrkjeleg kontekst.

Gå til kommentaren

Framfor alt: Be for styresmaktene!

Publisert nesten 7 år siden

Skal vi be om politisk forståing for Israels situasjon? Eg forstår at det er eit kjenslevart område, men eg tenker at bøna om at den politiske eliten – og for den del media, må få eit meir nyansert syn på Israel enn den einsidige fordømminga som ofte dominerer desse gruppene, er ganske relevant. Naturlegvis skal vi be for alle partar i området, og akkurat no ikkje minst for Egypt og Syria. Og det gjer dei fleste av oss, trur eg. Sjølv er eg varsam med å gi utspel om Israel og Midt-Austen og har vel ein relativt lavprofilert teologi om landløfte o.l. Der er nok av folk som gjerne hadde sett meg høgt på bana. Det er ikkje aktuelt. Mitt primære engasjement ligg i at jødar og arabarar skal kjenne og tru på han som er den eine sanne Messias. Samtidig har eg som leiar i Normisjon ved høve peika offentleg på den aukande antisemittismen i vår eigen kulturkrets. Ved dette høvet legg vi inn ei setning med utfordring til bøn om at eit meir og meir vennelaust Israel, med sterke krefter i heile den arabisk/persiske verda som helst såg dei utsletta, kan få sterkare forståing i det norske politiske miljøet. Eg syns vel eigentleg at det ikkje er å be om for mykje. Men vil nokon kutte bøna om forståing for Israels pressa situasjon, så får dei kutte den. Og vil nokon be meir om politisk forståing for palestinske sida, får dei gjere det. Det speglar i så fall at vi kan forstå den aktuelle politiske situasjonen noko ulikt. Det går jamvel an å be begge bønene. Eg står inne for den vesle setninga slik ho ligg i oppropet, ikkje minst fordi ho står saman med ei bøn om ein rettferdig fred i Midt-Austen som gjeld langt fleire enn Israel, på same måten som kampen mot antisemittisme står saman med all annan kamp mot rasisme.

 

Vi som står bak oppropet, gjer det fordi vi er glade i landet og vil ta på alvor formaninga i Jer 29 om å be for samfunnet, for når det går samfunnet godt, går det også oss godt. Vi vil også ta Guds ord på alvor når vi i 1 Tim 2 blir formant til «framfor alt» å be for leiarane i samfunnet og alle som er i høg stilling. I dette ligg også kallet til å takke for alt det gode som er gitt oss i landet vårt. Bønna gjeld både valkampen og sjølve valet, om at alt må pregast av berande og gode verdiar. Vi ber ikkje for spesifikke parti, men vi vil også i bønene våre løfte fram grunnleggande saker som gjerne går tapt i all kampen om kronene.

Trass den imponerande breidda som står bak oppropet, med leiarane for breidda av frikyrkjer, større organisasjonar, katolikkane og paraplyane NORME og NKR, har ingen av Dnk sine toppleiarar signert oppropet. Det er ikkje eit godt signal, men det blir verkeleg ille når fleire biskopar står fram i VL og seier at dei ikkje kan vere med å be om større politisk forståing for ekteskapet mellom mann og kvinne og for barns rett til far og mor. Ulik vektlegging av kven som er mest sårbar av to sårbare partar i Israel-/Palestina- spørsmålet og kven som treng auka politisk forståing, lever vi greitt med. Men at Dnk sine leiarar ikkje kan be for ekteskapet, familien og borna i samsvar med Skaparens gode ordningar, er ufatteleg. Kyrie eleison!

Gå til kommentaren

Mest leste siste måned

Slik jeg ser det
av
Magne Nylenna
17 dager siden / 1465 visninger
Med vandreskoene på
av
Anita Reitan
27 dager siden / 1285 visninger
Sekulariseringen av Rumi
av
Usman Rana
7 dager siden / 966 visninger
Slappe konspirasjonsteoretikere
av
Øivind Bergh
4 dager siden / 888 visninger
Morna, Facebook!
av
Heidi Terese Vangen
rundt 1 måned siden / 792 visninger
Stopp banningen, Vårt Land!
av
Terje Tønnessen
26 dager siden / 575 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere