Rolf Kjøde

Alder: 60
  RSS

Om Rolf

Høgskolelektor NLA Høgskolen

Følgere

Ved skiljevegen

Publisert nesten 6 år siden

Jon Kvalbein maktar å tydeleggjere det skiljet som spørsmålet om homoseksuelt samliv skaper i kyrkja. Eg set også pris på at han så tydeleg markerer kor viktig det neste valet til bispedømmeråd/kyrkjemøte er og at han oppfordrar til engasjement for og rundt dette. Sjølv meiner eg det er bra at «Åpen folkekirke» har organisert seg. Det tydeleggjer inntrykket frå siste kyrkjemøte av at kompromissa si tid no er over og at kampen framover i Den norske kyrkja vil stå om eit ja eller nei til den universelle og kristne ekteskapsforståinga mellom mann og kvinne, slik Bibelen er eintydig på og slik den er stadfesta i den katekismen som er vedkjenningsskrift for Den norske kyrkja. «Åpen folkekirke» må derfor vekke eit tilsvarande engasjement mellom alle oss i kyrkja som forkynner og forsvarar eit klassisk kristent syn på ekteskapet og på barns rett til far og mor.

Gå til kommentaren

Bagatellar og utfordringar

Publisert rundt 6 år siden

Takk. Eg følgjer deg nok ikkje i forståinga av kva som måtte vere "bagatellar" (kva vi kjem frå, kven vi er og kvar vi skal) og forstår ikkje korleis du kan nulle dei djupaste eksistensspørsmåla så lett, men dei utfordringane som du nemner - bioteknologi (og ev vil seie menneskesyn), klima/rettferd/forvalting og utfordringa frå migrasjon - er problemstillingar der klassiske kristne gjerne formar alliansar med ein stor breidde. Om du fann vegen inn  i dei miljøa som eg er ein del av, og eg har leia ein klassisk norsk misjonsorganisasjon i over ti år, vil du finne eit engasjement i desse spørsmåla som truleg går langt over snittet i folket. Velkommen innom :)

Gå til kommentaren

Kyrkje, ikkje statsreligion

Publisert rundt 6 år siden

Vi treng å ta denne debatten, og eg trur Tillitsmannsordninga i Forsvaret må lyttast til. Spørsmåla blir drøfta klokt og nøkternt i Stålsett-utvalet, som med fordel kan hentast fram (kap 11 og 15). La meg skissere tre forhold som eg meiner saka bør vurderast ut frå:

Fleirtal/mindretal

Når over 90 % av soldatane høyrer til i kristne trussamfunn, har det naturlegvis vekt. Det blir spegla i at den livssynsbaserte tenesta inn mot det norske Forsvaret skjer gjennom Feltprestkorpset. Det er ei rimeleg ordning, under føresetnad av at også andre trussamfunn får tilgang på tilsvarande ressursar ut frå sin storleik. At Forsvaret med ei slik samansetting tar imot invitasjon til gudsteneste/kyrkjeparade er også rimeleg, gitt at der er full fritaksrett for ikkje-medlemmer. Der finns andre situasjonar som er meir problematiske, som bøn på linje. Då set ein soldatar i ei knipe som lett gjer fritak til ein kanossagang. Her har minoritetsperspektivet etter mitt skjønn forrang for ordninga. Kongeønsket kjem meir på linje med korset i flagget og Gud i nasjonalsongane. Fleirtalet må leve med at dette er landets kulturelle og historiske setting. Eg er usikker på om feltgudsteneste kan forsvarast, fordi fritaksretten i stor grad vil vere pressa ute i felt, men dette kan i nokon grad praktisk ordnast slik at både fleirtal og mindretal kan ivaretakast.

Gudstenesta: Kyrkjeleg eller militær handling?

Forsvaret er ein institusjon som har brukt den kyrkjelege tenesta som eit rammeverk av «civil religion». Det må Forsvaret og staten gjerne ha til hensikt, men kyrkja må vakte seg for å verne sin eigenart. Ei kvar gudsteneste er ei kyrkjeleg handling. Det inneber bøn til og tilbeding av den treeine Gud, lesing frå Bibelen og forkynning av evangeliet. Utan desse elementa er det inga gudsteneste. Her har kyrkja ei utfordring, slik vi m.a. ser det i debatten om skolegudstenestene ved høgtidene. Dei lar seg også godt forsvare ut frå fleirtalets rett til å svare ja på invitasjon, under føresetnad at andre trussamfunn har same rett til å invitere sine til høgtidssamlingar og at der er full fritaksrett og alternativt parallelt opplegg på skolen. I Norge, men enda meir i Sverige, er det ein trend at ein tonar ned innhaldet i desse gudstenestene med sløyfing av bønn eller av Guds ord, eller ved å la ulike religiøse røyster komme til orde. Denne prisen kan ei kristen kyrkje ikkje betale. Gudsteneste er noko anna enn undervisningsbesøk i eit rom brukt i religiøs setting. Tilsvarande må kyrkja i Forsvaret vakte om sine tenester som kyrkjelege tenester, ikkje som fellesreligiøse, eller berre felles samlingar for alle. Kyrkja skal kjempe for at alle, majoritet og minoritet, har lik rett og lik tilgang på tenester av livssynsmessig art, men ho må ikkje eingong leike med tanken på at ho sjølv skal vere den samlande plassen for dette engasjementet. For det første er eg ikkje sikker på at ein tar andre trussamfunn på alvor ved å agere som dei andres allrom. Dernest - og det er mitt viktigaste poeng – set kyrkja evangeliet på spel om ho slår seg til ro med ei rolle som civil religion med redusert bodskap. Eg tenker det er viktig at der er tilbod om gudstenester både i forsvar og skole, men om vilkåra for dette er trus- og bodskapstilpassa gudstenester som skal samle alle, må kyrkja for evangeliets skuld gå ut av ordninga.

Kyrkjas legitimerande rolle

Eit element som bør drøftast på nytt i forlenginga av dette er om feltpresttenesta – og den øvrige livssynsbaserte tenesta - skal vere militær eller sivil. Eg veit ut frå mi erfaring som feltprest at den graden eg blei tildelt truleg fungerte som ein døropnar i systemet når eg talte soldatar si sak ved ulike høve. Samtidig var der sivile psykologar i systemet, og eg vil tru at også dei blei tatt på alvor.

Rammene for denne refleksjonen er vidare: Kva legitimitet gir kyrkja Forsvaret ved å trekke i uniform og identifisere seg med eit rike av vinklar og stjerner? Her har eg alltid slite. Eg er ikkje i tvil om at kyrkja - på eigne vilkår - skal vere overalt der det er menneske, og det er ein ressurs for Forsvaret at kyrkja kan vere berar av både gudstenester, etikkundervisning, soldatlagsarbeid, samtaler/sjelesorg og miljøarbeid. Med tanke på kyrkja si historie i samliv med makta, ikkje minst når vi i år les om hennar krigsmotiverande rolle under delar av 1814, skulle mane oss til ny ettertanke om på kva måte vi kan ha eit nærvær i Forsvaret som ikkje bind oss til systemet men samtidig gjer oss til tenarar i systemet.

Gå til kommentaren

Ord for eit realistisk menneskesyn

Publisert rundt 6 år siden

Eg har lenge sett pris på dine vurderingar, Horn, også når eg ikkje deler dei, fordi du representerer ein form for humanisme som ikkje primært opplevast som opposisjonell mot det kristne men er trygg i di eiga overtyding. Kanskje er det derfor du er fri til å vurdere ulike spørsmål utan omsyn til kven du er enig med, som i reservasjonsdebatten.

Du bør også lyttast til mtp kyrkja sine kommunikative utfordringar i vår eiga samtid, og slik sett er refleksjonane dine om synd «og liknande» interessante. Eg trur det er mulig med ein klassisk kristen teologi å leite seg fram kontekstuelt til ein kommunikasjon av kva det bibelske omgrepet «synd» handlar om også med å bruke andre ord. Det er mi overtyding at den kristne bodskapen om menneskets potensial til det vi kan kalle synd – fx under omgrep som vondskap, krenking, egoisme, urettferd – er bortimot realvitskapleg bevist og noko vi blir minna på dagleg på ulike måtar. På same måten har vi eit enormt potensial for å vise kjærleik i tydinga av å ofre oss sjølv og våre eige gode for medmenneska våre, og dette gjeld alle menneske av ulik tru. Spørsmålet er kva tru og livssyn som byd ein slik sjølvofrande kjærleik best utløysande vilkår, men den tråden slepper eg her med å understreke at dette i alle fall er ein kvar kristens ufråvikelege livskall.

Det er ikkje berre kristne som kjempar med å gjere det vi ikkje vil og ville det vi ikkje gjer, for å ta den altfor underkjente Paulus. Han hadde allereie fått støtte frå Jesus sjølv som understreka sterkare enn nokon den felles erfaringa vår av at dei vonde tankane – ja, vondskapen sjølv kjem «innanfrå». Eg innser utfordringa i kommunikasjonen om dette i ein kultur meir prega m.a. av self performance, men vi treng ein skikkeleg samtale om realismen i menneskesynet – og stordommen i det. Den kristne trua baserer seg jo nettopp på menneskets stordom og særstilling som ansvarleg, som moralsk vesen. Etter den tragiske 22.juli-hendinga 2011 håpte eg at vi skulle få ein djupare debatt om dette, fordi det var ei hending som avslørte vondskapens potensial i mennesket, samtidig som den kalla fram ein nødvendig samtale om kva det betyr for menneskeverdet å ha retten til å bli halden ansvarleg. Ikkje minst mtp kristen formidling om synd er det etter mi meining blitt underkommunisert at Gud hatar synda, fordi den råkar nesten min. Gud – som etter kristen tru ikkje er ein ide men vår næraste relasjon – han vi er eit bilde av, held oppgjer med synda, fordi den skapar urett mellom menneske og krenkar medmenneske. Kyrkja kan ikkje gi opp å leite etter ord for dette i si forkynning, og det er den kristne trua sin store styrke at den kan vere ærleg om alle sider ved livet, også dei mørke. Det blir ingen sann humanistisk framgang utan at vi også er ærlege mot dei antihumane kreftene som vi både ser og kan kjenne på og kan ta eit oppgjer med dei.

Nettopp i understrekinga av den relasjonelle Gud opplever eg at du kjem til kort, Horn, i forståinga di av kristentruas innside. Du relaterer deg til ulike typar kristne som til meiningsberarar, og vi er sikkert fleire som har gitt bidrag til ei slik forståing gjennom dårleg kommunikasjon. Kristen tru og liv er likevel berre i avleidd meining eit livssyn. Kristen tru handlar primært om Gud som vår næraste relasjon, ikkje om ein guddommeleg ide eller teori.Det er julas bodskap – om Gud som blir menneske i Jesus Kristus. Det er påskas bodskap – om Gud som skaper forsoning, bryt makta til vondskapen og egoismen og gir oss evig frelse i Jesu død og oppstode.Og det er bodskapen i pinsa – om Gud som gjer seg tilgjengeleg for alle ved å sende sin Ande. Her brukar Bibelen omgrepet synd om den grunnleggande skaden som er skjedd mellom Gud og menneska ved at vi har skifta orienteringspunkt, snudd ryggen til Gud og sett oss sjølve i sentrum av tilveret. Derfor seier Jesus at synda grunnleggande sett er at vi avset Gud og ikkje vil ha tillit til hans store kjærleik så vi trur den glade bodskapen om hans frelse. Alt handlar om det relasjonelle. Utan at relasjonen mellom Gud og oss som menneske er tolkingsramma for det kyrkja forkynner om synd, forstår eg at det kan lyde kaudervelsk – i tillegg til at ei realistisk forståing av mennesket på godt og vondt er provoserande i ein kultur av idealiserte og overflatiske menneskesyn.

Det er nettopp her det brytast også mtp den klassisk kristne forståinga av dommen. Den handlar om at tilveret først og sist eksisterer innfor Gud og ikkje berre for seg sjølv i ei uendeleg rekke av tilfeldige utviklingstrekk. Der er noko genuint humant – som ei stadfesting av menneskets særlege verdi og ei forsikring om at rett og rettferd skal sigre til slutt - i at han har sett ein dag for oppgjer og gjenoppretting. Mine kalkyler tilseier at dersom døden er vårt ytterste haldepunkt, har uretten sigra, maktmenneska vunne og den undertrykte tapt. Det frigjerande i den kristne bodskapen om dommen er at Gud i si heilage allmakt skal sørge for ei evig rettferd. Mykje tyder å at C.S.Lewis treffer nerven i det som skjer den dagen med utsegna om dei to typane menneske i dommen: dei som seier til Gud: «Skje din vilje!», og dei som Gud seier til: «Skje din vilje.» Då blir synd eit spørsmål om tillit til Guds veg og vilje. Igjen, det handlar om relasjon, om valg, om ansvar

Min siste observasjon i innlegget ditt, Horn, er kor naturleg du omtalar ein mulig allianse mellom ein rimeleg mildt kommunisert sekulær humansime som du sjølv står for, og det du kallar «en annen kristendom». Den synes til forveksling lik den kyrkjelege varianten som har tilpassa seg vår eiga tid på ein slik måte at ingen skal støyte seg på den. Eg trur du har rett. Det som ofte blir kalla «liberal» teologi er i mange variantar til forveksling likt sekulær humanisme pluss eit eindimensjonalt gudsbilde utan eit endeleg oppgjer med synd og vondskap. I hypotetisk konjunktiv: Då blir eg heller ateist. Teologiprofessoren Reinhold Niebuhr – som aldri var ein «evangelikal», tok frå ein liberal bakgrunn likevel eit oppgjer med den humanistiske teologien som teologi med «ein Gud utan vreide, som lar menneske utan synd, ved hjelp av ein Kristus utan kors, komme inn i ein evighet utan dom». I klassisk bibelsk og kristen tyding blir det meiningslaust. Han sluttar seg vel dermed sånn rimeleg til Frelsesarmeens grunnleggar, William Booth, som fleire tiår tidlegare sa at «i dei siste tider skal det bli: religion - utan Den Heilage Ande, kristendom - utan Kristus, tilgjeving - utan syndsvedkjenning, frelse - utan gjenføding, politikk - utan Gud, og himmel - utan helvete».

Kyrkja må arbeide hardt med kommunikasjonen sin – og med diakonien sin, men ho har ikkje eit val mtp å avlyse verken Guds gode bod og vilje, synda eller det evige oppgjeret. Som den – heller ikkje «evangelikale»! - teologen og motstandspresten under krigen, Dietrich Bonhoeffer viste, står vi då berre tilbake med ein billeg nåde utan meining og innhald og utan noko å by menneske i dei djupaste spørsmåla om liv og død. Guds nåde, derimot, var uendeleg dyr for Kristus slik at den skulle vere gratis for kvart menneske som kjempar med - ja - synda.

Gå til kommentaren

Bra-knapppen aktivert

Publisert over 6 år siden

Takk for viktige refleksjonar!

Gå til kommentaren

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere