Rolf Kjøde

Alder: 60
  RSS

Om Rolf

Høgskolelektor NLA Høgskolen

Følgere

Publisert nesten 5 år siden

Beklagar at dette kar ramla bakover i køen. Tråden er vel å rekne som avslutta, men sidan der ligg igjen to utfordringar til trådstartar, tar eg med dette ansvar for eit siste svar frå meg.

Du skriv: " Kyrkja kan etter sin natur ikkje endre læra si med simpelt fleirtal." Hvor stort flertall, i hvilket organ, skal kreves? Men dette er kanskje en annen debatt.

Vel, det er vel ikkje ein heilt annan debatt, men det ville ta mykje plass å gå djupare inn i dette feltet her. Kort sagt er vel problemet at kyrkja for å legitimere seg sjølv i samsvar med dei politiske føringane om å vere «folkekyrkje» - med styrande adjektiv som open, raus, inkluderande osv – har akseptert å bli definert på desse premissa. Jf det famøse i at politikarane har ført inn i Grunnlova at Dnk skal vere ei folkekyrkje. Vi veit frå 1970-talet kva definisjonsmakt som har fått råde i kyrkja av dette omgrepet, enda eit ganske samla kyrkjeleg leiarskap – også seinare biskop Andreas Aarflot – var sterkt imot bruken av omgrepet fram til midten av 1970-talet. Med denne forståinga av folkekyrkje kom også ei forståing av folkeleg styring av kyrkja gjennom ordinært politisk demokrati. Etter mitt skjønn er det ei akseptabel løysing berre dersom rammene for demokratiet er ei uendra og varig forplikting på Bibel og vedkjenning. Så seint som i kyrkjekommisjonen i 1973 var det faktisk ei røyst som heldt fast ved den gamle kyrkjelege vurderinga av vedkjenningsplikt som basis for røysterett i kyrkja. Det har aldri vore realistisk å få til i Dnk. Derimot var kyrkjevala i alle år knytt til kyrkja sine eigne rom på ein slik måte at ein la til rette for eit samsvar mellom samlinga om Guds ord og tilbeding i kyrkja si gudsteneste og deltaking i kyrkjevalet. Dette var ei ordning som tente til å halde fast samsvaret mellom kyrkjeleg tillitsverv og kyrkjeleg trusforankring. Ved dei seinare års kyrkjereformar har kyrkja betalt ein høg politisk pris for den relative fristillinga si frå staten. Bortsett frå at ho har late seg binde til masta ved å la seg grunnlovsfeste med politisk definisjonsmakt. Den politiske agendaen her samsvarar med interessene til den liberale fløya i kyrkja. Kanskje er likevel valoppslutninga på under 15 % eit teikn på at mange medlemmer der ute anstendig og ryddig tenker at det må vere dei som deltar i det jamlege kyrkjelivet, og som slik legg til rette for at dei mange kan nytte kyrkja sine tenester, som også bør ha ansvaret for styrer og verv og teneste i kyrkja sitt jamne liv.

Ein kyrkjeorganisasjon må naturlegvis ha ordningar som gjer at ein tar til drøfting og til vedtak ulike typar spørsmål, også utmynting av trusspørsmål i ordningar og engasjement. Det er likevel uverdig at store spørsmål som tilsidesetting av vedkjenninga (Katekisma) si forståing av ekteskapet berre kan settast til side, også utan omsyn til dei store økumeniske utfordringane som det fører oss ut i. Ved endring i Grunnlova krev ein 2/3 fleirtal. Tilsidesetting av kyrkja si grunnlov har ein gjort til objekt for eit simpelt (enkelt) politisk spel. Korleis kom kyrkjeleiarane på å akseptere det? Vi veit alle at det ikkje handlar om reelt demokrati når spørsmålet er 10 eller 20 % oppslutning ved val. I politikken er det alarmerande når deltaking kjem under 70 %. Poenget er neppe «demokrati». Poenget er kva eit tilsynelatande demokrati kan brukast til.

Derfor viktigere: Du skriver om "doedsrikeportene". I den foreliggende situasjon kan det oppfattes som en karakteristikk av dine motstandere - neppe av meg, men heller av Aapen folkekirke. Slik har du neppe ment det. Men alle som deltar i denne debatten, plikter aa vaere ytterst varsomme med sin ordbruk. Det gjelder ikke minst Levende folkekirke, hvis forgjenger Mor far barn etter hva jeg har blitt fortalt fikk klengenavnet Mor far kirkebrann, etter en urimelig sammenlikning mellom tilhengere av likekjoennet vigsel, og de som setter fyr paa kirker. Og det gjelder i saerlig grad deg, som leder av en gruppering som reelt sett er et parti.

Her er mangt å kommentere.«Levende folkekirke» (LF) er ikkje ein etterfølgar av MorFarBarn. MFB er derimot ein av fleire støtteorganisasjonar for LF. LF har ingenting med den nemnde brosjyren å gjere. Vi blir fort enig om at den forma den i si tid fekk ikkje var tenleg for bodskapen til dei som laga den. LF får bli vurdert på kva vi lagar og brukar og korleis vi argumenterer.

Det har vore snakka mykje om muligheten for at kyrkja kan splittast. Det har eg skrive om i ein annan tråd, jf: http://www.verdidebatt.no/debatt/cat12/subcat14/thread11590056/#post_11590056. Kyrkjeorganisasjonar kan jamvel gå til grunne om dei ikkje er tru imot vedkjenninga og oppdraget sitt. Det er i den samanhengen eg tenker det er nyttig å minnast om at Jesu Kristi kyrkje ikkje kan gå til grunne, jf Jesu ord til apostlane knytt til Peters vedkjenning av Jesus Kristus om sann Herre over kyrkja og over kvar kristen. Der finns ikkje eit demokrati som kan detronisere dette herredømet. Denne kyrkja, som er så skjult som trua er skjult, treng først og fremst lokale uttrykk av synlege kyrkjer som er konkrete trusfellesskap som samlast om ord og sakrament og som er sendt ut i etterfølging, teneste og misjon.

Gå til kommentaren

Presisjon om liturgisk rikdom

Publisert nesten 5 år siden

Til Geir Solli:

Du skriv: «Menes det med det siterte å si at trossamfunn som ikke har en "rik" liturgi, men mer friere møter har medlemmer som dermed har en fattig tro? Er dette er skikkelig sleivspark til alt ikke-høykirkelig og en rangering av menneskers tro?»

Takk for dette høvet til å respondere på noko som bli rkort og dermed sårbart. Nei, eg meiner ikkje å sleivsparke til tradisjonar som vi ofte tenker om som ikkje-liturgiske. Eg ser at den forma det fekk, gjorde at det eg skreiv, kunne mistolkast slik. Beklagar det.

Primært tenker eg på den samanhengen som eg sjølv identifiserer meg med, norsk luthersk misjons- og lekmannsrørsle. Den har, i ulik høgde av kyrkjeleg sjølvforståing, levd symbiotisk med Dnk sitt gudstenesteliv, dei fleste plassar ved at folk frå ulike organisasjonar også har vore dei mest trufaste gudstenestedeltakarane. Dermed har den tradisjonelle møteforma i bedehus og foreiningar kunne vere annleis og i mykje av forminnhaldet sitt langt mindre omfattande og «rik». Når delar av denne rørsla av ulike grunnar bryt ut av dette symbiotiske forholdet, ofte kalla ellipsen i norsk kyrkjeliv, og dannar eigne heilskaplege forsamlingsfellesskap, må desse samanhengane gjere ein viktig jobb knytt til å ta vare på den rikdommen som i generasjonar har lagt i ei slags arbeidsfordeling mellom «kyrkje og bedehus». Dette gjeld på fleire område.

Eg er av ulike grunnar sterk tilhengar av det organisasjonane har hatt mot til å gjere dei siste par tiåra, og har ofte etterlyst at det blei handla langt dristigare. Derfor seier eg ikkje dette ut frå skepsis til forsamlingsdanningane. Tvert om. Mitt anliggande med å dra det inn her, er at valget om å ville satse på heildekkande fellesskap stiller krav til ei gjennomtenking av «liturgi»-spørsmålet – og då ikkje så mykje om stil som om innhald! - fordi innhaldsfylden også i desse forsamlingane er avhengig av kva vi syng, kva vi ber, kva vi vedkjenner, kva vi velsignar, kva bord vi deler. Alt dette dannar oss og trua vår, i tillegg til sentrum i gudstenesta med lesing frå og forkynning av Guds ord.

Eit lite apropos til slutt: Vi har dei siste åra vore vitne til at fleire frå det vi ofte tenker som ein meir liturgilaus tradisjon (noko som ikkje finns; liturgiane har berre ulikt formspråk og varierande gjennomtenking) som den pinsekarismatiske, viser fleire teikn på å oppdage fylden i den lange kristne tradisjonen. I Sverige har vi kvar på sitt vis sett dette hos Peter Halldorf og Ulf Ekman. Mest interessant, syns eg, er likevel dei signala som Stefan Christiansen og Jesus Church har sendt ut etter at dei fekk leige eit tradisjonelt kyrkjerom i Oslo, og dei refleksjonane dei har gjort rundt det å feire gudsteneste i ein fysisk setting som knytter dei til ei lengre historie.

Gå til kommentaren

Einskap - og i eit økumeneisk perspektiv

Publisert nesten 5 år siden

Takk for responsar - i mitt fråvær. Beklagar det, men kapasiteten når eg har vore på farten har ikkje strekt til. Sidan aktive respondentar har ført samtalen på det vakre nynorske målet, får eg og gå tilbake til det i mi korte avslutning:).

Eg sluttar meg i stor grad til det Kjetil Kringlebotn har skrive om liturgispørsmåla og går i liten grad vidare på dei. Liturgiar av alle slag, forstått som det uttrykket av offentleg spiritualitet som kvar samanheng gir til gudstenesta, uttrykker og formar trua. Slik er dei viktige uttrykk for kyrkja si lære og rettleiing. Ganske andre kyrkjelege samanhengar enn Dnk har mykje å bevisstgjere i denne samanhengen, fordi ein over tid uttrykker ei fattig tru gjennom ein innhaldsmessig fattig «liturgi» (eller orden for gudstenesta). Dette er også ei utfordring for delar av foreiningssegmentet når dei i større grad no og framover fristiller si verksemd frå symbiosen med Dnks ordo og blir heilskapleg forsamlingsbyggande.

Hovudsaka for Hallvard Jørgensen i denne debatten – som så mange gongar før på Verdidebatt – er den endringa han sjølv har vore gjennom i forståinga av hermeneutikken. Mellom mange og sterke utsegner også på denne tråden, summerer dette sitatet det opp: «Når det reformatoriske bibelsynet ikkje lenger er haldbart, i ljos av moderne bibelforsking, moderne hermeneutikk og moderne naturvitskap, endrast grunnpremissa for teologien også.» Jørgensens mange og lange innlegg om dette har ikkje overtydd meg om at påstanden hans held mål. Argumentet som han har ført til torgs i mange andre trådar om dette, knytt til kva vi må bøye oss for mtp dominerande teologisk tankegods ved dei store og leiande sekulære universiteta i verda, har vesentlege veikskapar. Mest av alt legg det i alt for stor grad kyrkja si forståing av Bibelen i hendene på premiss og tradisjonar som per definisjon ikkje vil akseptere kyrkja si økumeniske forståing av seg sjølv som apostolisk og av Skrifta som berar av Guds openberring. Det er etter mitt skjønn fullt mulig å arbeide vitskapleg seriøst med Bibelen og samtidig ta denne openberringskarakteren på alvor, og det skjer dagleg ved utdanningsinstitusjonar over heile verda.

Til liks med Jørgensen finn eg tradisjonar av fundamentalistisk biblisisme innanfor lekmannsrørsla problematiske og har i heile mitt vaksne liv reflektert teologi ut frå eit opnare paradigme, med trygg historisk, kyrkjeleg forankring. Eg vedkjenner meg gjerne å høyre til i ein klassisk reformatorisk tradisjon med ein evangelisk luthersk ståstad i evangelikal økumenisme. Eit av dei lutherske bidraga inn i den evangelikale verda er Luthers understreking av å lese og forstå Skrifta saman med dei kristne heilt frå den første kristne tida. I tillegg vil eg ut frå mi økumeniske erfaring i misjonssamanheng understreke at vi må lese og forstå Skrifta saman med den verdsvide kyrkja i dag. Denne lesinga saman i kyrkja – på langs med historia og på tvers i dag – gir eit godt uttrykk for eit arbeid med Skrifta ut frå kyrkja sin katolisitet – «i lys av heilskapen». Det er ei lesing som også kan vere med å temme den vestlege hybrisen sin omgang med Guds openberring ved profetane og apostlane.

Vi treng å fornye det akademiske arbeidet med Skrifta ut frå dei premissa Geir Otto Holmås skisserte i fjor ved sin avgang frå MF, der han minna om kor viktig det er at Bibelen blir lesen og arbeidd med under bøn og meditasjon, i ei lang kyrkjeleg lesing, med sikte på trua sin lydnad og etterfølging. Skriftstudium er åndeleg formatio.

Eg står ved det eg skreiv om autoritetane si rekkefølge, slik at vi alltid må prøve vedtak i kyrkjelege organ og vegleiing frå kyrkjelege autoritetar på Skrifta. Den aleine kan stille opp læresetningar i kyrkja. Så luthersk er nok sokneprest Jørgensen også bunden til å vere i embetsutøving. Samtidig vil eg halde høgt mykje av det som har kome frå mange av konsilia. Dei oldkyrkjelege er heilt avgjerande for å klargjere kva bibelsk og apostolisk tru på Jesu Kristus og vedkjenning til den treeine Gud er. Igjen: Denne forankring er eit heilt nødvendig vern mot den hybrisen som vestleg evolusjonær tenking leier oss til, at «fortida sine verdiar» må leggast bak til fordel for nytida . Ei tru som er forankra i at Gud har lagt faste ordningar inn i skapinga gjennom det menneskelege gudsbildet og gjennom kjønnspolaritet og relasjonen mor-fa-barn, og at han har openberra seg historisk i Kristus slik det er gitt vidare til oss gjennom dei apostlane han valde ut, har eit orienteringspunkt som maktar å kritisere det av det nye som bryt med kva som er best for menneska og for samfunnet. Ei tru som er realistisk i forståing av menneske sin kapasitet til både godt og vond, bøyer seg på ingen måte for ideen om at alt utviklar seg til det betre på lukka, sekulære premiss.

Eg er usikker på om Jørgensen forsøker å gjere meg enklare enn eg faktisk er i mi grunnforståing av teologien. I så fall: Han om det. Men eg vedkjenner med gjerne ei undring over om teologien i dag i for stor grad og utan altfor god grunn vender seg bort frå dei klassiske disiplinane med tanke på grundig forståing av Skrifta og ein refleksjon over dette både i ein konfesjonell og økumenisk samanheng. Teologien må vakte seg for å hamne i ein «how to»-metodikk med praksis utan basis, og den må vakte seg for å gjere knefall for ein nytidig hermeneutikk som ikkje svarar til den forståing kyrkja har av Bibelens openberringskarakter.

Når det gjeld spørsmålet om å redefinere ekteskapet og kva status det har for den kristne trua, ser Jørgensen mellom anne bort frå spørsmålet om synda og hennar konsekvensar. Dersom det Skfifta forkynner som synd skiljer oss frå Gud, utfordrar det til fulle einskapen i kyrkja om vi bringer synda til skriftemål eller om vi bringer den til velsignig.

Gå til kommentaren

Nokre oppklaringar

Publisert nesten 5 år siden

Til pkt 2: Alle organisasjonar, også kyrkjene, har ei politisk side mtp organisering, avgjerder, styring og relasjonar til det offentlege. Likevel er det er berre i politikken at dei dannar parti. Denne partipolitikken bør kyrkja søke å unngå, særleg om ho skal arbeide med ansvaret for læremessige spørsmål. Kyrkja kan etter sin natur ikkje endre læra si med simpelt fleirtal. Då står den enkelte kyrkjeinstitusjonen i fare for å skilje lag med den Jesu Kristi kyrkje som "dødsrikeportane ikkje skal få makt over". Kyrkjedemokratiet må til ei kvar tid korrigerast av kyrkja sin varige basis i den felles vedkjenninga.

Til pkt 4: Du har forstått meg rett om grunnen til at LF ikkje stiller lister. Det har ikkje lagt den typen taktiske vureringar til grunn som du har lurt på. For oss er det viktig å få fram dei beste personane i valet. Dei finns på dei allment kyrkjelege listene i bispedømma, lister som trass alt må seiast å ha forankring i dei mange kyrkjelydane rundt om i landet og som derfor har fått fram mange menneske med ei brei forståing av det bispedømmeråd og kyrkjemøte driv med.

Gå til kommentaren

Val med kyrkjeleg forankring

Publisert nesten 5 år siden

1. Som Jordell kan lese av det eg skriv, er min person totalt underordna i dette. Kritikken mot NRK sin ubalanse går på to forhold: a) ubalanse i bruk av aktørar, der motrøyster til fløypartiet "Åpen folkekirke" ikkje blir gitt plass. Slik blir det ikkje mykje valkamp av; b) abdikasjon frå journalistane sitt eige mantra om kritisk journalistikk. ÅF sine folk fekk fri mikrofon og ingenting som minna om kritiske spørsmål. Jordell og eg synes å vere enig om at slik journalistikk er kjedeleg for veljarane, fordi den ikkje søker å vere til hjelp i valet.

2. "Levende folkekirke" respekterer at valreglane opnar for andre lister enn den som er arbeidd fram på basis av bispedømma ut frå klare kriteria om breidde av ulikt slag. Vi har derfor ikkje sett tvil om legitimiteten av ÅFs strategi. LF meiner likevel at ei utvikling i retning fleire lister ikkje er ønskeleg for kyrkja, fordi etablering av lister drar henne i retning av meir politisert praksis og kultur. I outrert form ser vi dette i Svenska Kyrkan der jamvel politiske parti stiller lister. Som ein arv frå sitt lange samliv med staten er kyrkja rikeleg politisk nok i sin måte å tenke og handsame spørsmål på. Vi trur det er mest tenleg å velje ut frå dei listene som har basis i kyrkjelydane sin nominasjonsprosess og at det sikrar best den ytre kyrkjelege forankringa. Så er det opp til veljarane å sikre den indre kyrkjelege forankringa ved å røyste fram dei kandidatane som viser forplikting på Skrifta og vedkjenninga og slik sikrar heilskapen i kyrkja sin visjon om å vere ikkje berre "open" men også  opent og frimodig "vedkjennande, misjonerande og tenande".

3. På grunn av (det vi får håpe er) utilsikta konsekvensar av valreglane, planla ei gruppe med sympatiar hos LF å stille liste i Bjørgvin. Dette blei ikkje nødvendig, fordi ÅF ikkje makta å få opp liste her, og dermed blei det likevel mulig å etternominere eit urettmessig vraka medlem av sittande bispedømmeråd.

4. Eg er ikkje enig med Jordell i det han kallar "perversitet" i systemet. Der finns nok av anna i tilveret å bruke slike uttrykk på om det ikkje skal tømmast for innhald i denne samanhengen. Som Hegstad og andre har peika på finns det rikeleg med kandidatar på alle listene som vil bryte med kyrkja si felles lære i samlivsetikken. Sånn sett er vel ÅF sine lister dei fleste plassar rimeleg overflødige. Det dilemmaet nokre då kjem i, kan ingen andre enn ÅF ta ansvaret for. LF vil følgje sin strategi med å opplyse om kva kandidatane står for både i ekteskapsforståing og i forståing av kyrkja sitt kall som folkekyrkje. I mange og ulike kanalar mobiliserer vi til deltaking i valet i samsvar med dette. Då er det viktig at også allmennkringkastaren NRK respekterer at der finns viktige røyster som ikkje har valt ÅF sin strategi eller ståstad.

Gå til kommentaren

Mest leste siste måned

Slik jeg ser det
av
Magne Nylenna
17 dager siden / 1465 visninger
Med vandreskoene på
av
Anita Reitan
27 dager siden / 1285 visninger
Sekulariseringen av Rumi
av
Usman Rana
7 dager siden / 966 visninger
Slappe konspirasjonsteoretikere
av
Øivind Bergh
4 dager siden / 888 visninger
Morna, Facebook!
av
Heidi Terese Vangen
rundt 1 måned siden / 792 visninger
Stopp banningen, Vårt Land!
av
Terje Tønnessen
26 dager siden / 575 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere