Per Steinar Runde

Alder: 71
  RSS

Om Per Steinar

Lækjar i Herøy 1977-2008. Utanom yrket interessert i m.a. sjakk, historie, samfunnsspørsmål og kulturdebatt.

Følgere

Med ein viss rett blir det sagt at haldninga vår til flyktningar blir bestemt av korleis vi oppfattar dei. Men om vi i dag ser asylsøkjarar berre som arme medmenneske, vil vi uunngåeleg sjå dei også som ein trussel om dei blir mange nok.

Kristenplikt å hjelpe sjuke og fattige

Teneste for fattige, sjuke og forkomne har i kristen tradisjon blitt rekna som ei teneste for Gud, og det med godt grunnlag i Bibelen. I evangeliet etter Matteus handlar heile kapittel 25 om Dommen, som vi i følgje denne teksta vil få etter korleis vi har behandla dei som var svoltne, tørste, nakne, framande eller i fengsel. For "alt som de gjorde mot eit av desse minste syskena mine, det gjorde de mot meg", sa Kongen/Menneskesonen/Jesus. Den russiske forfattaren Leo Tolstoj har gitt dette bildet ein litterær versjon ved si gripande juleforteljing om skomakaren som så gjerne ville møte Kristus, "Papa Panovs jul".

Her er det likevel spørsmål om kva vi gjer som einskildmenneske. Men den kristne nestekjærleikstanken inspirerte også til fellestiltak i kristen regi med omsorg for sjuke, fattige og foreldrelause i hundretals år før vi fekk nasjonalstatar med eit økonomisk og organisasjonsmessig fundament for ein velferdsstat.

 

Edvard Hoem som salmediktar og spåmann

Blant nye innslag i Norsk salmebok frå 2013 var ein salme skriven av Edvard Hoem i 1983 og utgitt i 2003 i boka "Den fattige Gud - Salmar og balladar". Som son til ein lekpredikant hadde Hoem ein kristen ballast før han vart gripen av AKP-rørsla; ja, han var jamvel redaktør for Kristenrussavisa for Nordvestlandet (gymnasa i S&F og M&R) i "revolusjonsåret" 1968. Eg var sjølv med i redaksjonen, som representant frå Eids 2-årige gymnas, men møtte han aldri personleg. Seinare har Hoem igjen vendt blikket mot forfedrane og deira tru og skrive fleire glimrande romanar, m.a. : "Mors og fars historie" og "Slåttekar i himmelen". Salmen hans frå 1983 har enkle ord, men ein sterk bodskap, prega av ein sosialetikk som overskrid nasjonsgrensene og legg på oss ei skuld og eit ansvar så stort at vi verken bør eller kan bere det, jamfør "Botferdighetens tyranni" av franske Pascal Bruckner. Dette gjeld særleg andre verset, medan han i det tredje og siste profeterer eit oppbrot som liknar det vi no, tretti år seinare, kanskje ser startfasen av:

 

Han sa: Ein fattig går forbi og det er meg du ser.

Men vi ser millionar, vi,  i svoltens store hær.

Og når vi veit kva vi har gjort  mot alle desse dine små,

forstår du at vi snur oss bort ifrå den Gud vi skulle sjå.

Men er det sant at dei som bur i svolten kring vår jord

er Gud som menneske, da trur vi og at du er stor.

Når svoltens hær frå land til land bryt opp og krev ei anna verd,

vil vi forstå med vår forstand kva for ein mektig Gud du er.

 

Medmenneske kan også vere konkurrentar og erobrarar

Kristen omsorg var i mange sekel sjølvsagt avgrensa til nesten, dvs dei næraste i bygd og by. Men etter at vi fekk betre kommunikasjonar, dreiv misjonsorganisasjonar undervisning og helsearbeid i Afrika og Asia i hundre år før vi fekk Fredskorps og statleg u-hjelp. Perspektivet første tida var utan tvil ovanfrå og ned, men også prega av sterk omsorg og kjærleik. Og utan vestleg medisin og teknologi hadde vi aldri sett slik betring av helsetilstanden og slik auke i levealder og folketal som vi no har fått dei fleste stader på jorda. Bildet er difor langt meir nyansert enn det Hoem teiknar i det første av desse to versa. Det er godt grunnlag for å seie at ein i dagens Europa ser folk på alle kontinent som sine medmenneske.  Det skulle berre mangle. Mindre kjent er at europearane faktisk er dei mest positive også til innvandring. Men sjølv medmenneske kan vi sjå på som annleis, framande og inntrengjarar om svært mange av dei prøver å kome seg inn i eit land vi reknar som vårt. Til no har media greidd å hindre kritikk av asylinnvandringa ved dramatiske bilde av kvinner og barn, som i sterkare grad vekkjer medkjensle enn synet av talrike, unge og sterke menn. Men både slik bildebruk, og gale påstandar om at det handlar om "fattige" og ein tidsavgrensa "dugnad", vil vere gagnlause når folk oppdagar realitetane bak. Det er nemleg dei relativt ressurssterke som først får råd til å reise, og så kjem det i neste pulje ti gonger fleire.

 

Solidaritet har sine føresetnader og grenser

I boka si om "Nasjonalstaten" har Sigurd Skirbekk eit kapittel med tittelen "Endimensjonale ideal", der han drøftar ulike alternativ til ein nasjonalstat, blant desse også "Det universelle godhetsregime", med opphav i ideal om humanitet og universalisme. Skirbekk seier at ideelt og ideologisk finst det grunnar for at nasjonal solidaritet burde bli erstatta av solidaritet mellom alle menneske. Men dei praktiske problema er for store, gitt alle naudlidande i verda, og ikkje minst har slik solidaritet sine klare grenser og føresetnader. Blant desse nemner han luthersk sinnelagsetikk, sosialdemokratisk likskapsideologi og arva homogenitet og kultur. Som vitskapleg belegg viser han til G. Hardins "The Limits of Altruism", som seier at vi er selekterte til å gje beste livsvilkår til dei som står oss nær, og til Putmans "Diversity and Community in the Twenty-first Century", som dokumenterer at homogene samfunn er kjenneteikna av tillit og solidaritet og heterogene av det motsette. Om ikkje før så vil universell humanisme svikte pga ressursmangel når immigrasjonen frå overbefolka område blir stor, skriv Skirbekk. Og når krubba er tom, bitest hestane: "I ytterste konsekvens blir ikke spørsmålet om dette vil ende i krigerske konflikter, men om når de kommer og hvordan de vil arte seg", avsluttar han omtalen av "godleiksregimet".

 

I verste fall

I all profylakse, dvs førebygging, må ein kunne tenkje seg også eit i-verste-fall-scenario. Med fem millionar innbyggjarar importerer vi i dag 62% av matvarene vi brukar. SSB spår 8 millionar innbyggjarar i 2100, i verste fall heile 14 millionar, der etterkomarane etter dagens etniske nordmenn berre tel 3 millionar, omlag 1 av 5. Med nær tredobling av folketalet er faren stor for hungersnaud i ein krisesituasjon. Befolkninga har også blitt så ueinsarta som tenkjast kan, og dermed aukar også risikoen for konfliktar. Det "fargerikt fellesskap" blir då ikkje eingong ein draum, men eit sant mareritt . Men ingen politikarar tenkjer i hundreårsperspektiv og somme ikkje i det heile. Dei er som aktørane i eit dokketeater, der media står bak og trekkjer i trådane.

Gå til innlegget

Barnet, flyktningane og migrantane

Publisert rundt 4 år siden

Vil bildet av vesle Aylan gje ei endring i flyktningpolitikken, og vil ei liberalisering føre til at færre druknar i Middelhavet?

Barnet på stranda

Bildet av det døde barnet i blå knebukser og raud t-skjorte har brent seg fast på netthinna til oss alle. For vanlege menneske som får auge på eit barn skylt i land på ei strand, vil den normale reaksjonen vere å styrte til, ta opp barnet, sjå etter liv og halde det tett inntil seg. Pressefotografar, særleg i katastrofeområde, må nok undertrykkje denne impulsen for å kunne gjere jobben sin, men så endar dei då også stundom som kynikarar eller mentalt skadde, som søkjer gløymsle og bedøving ved hjelp av alkohol. Likevel forstår eg ikkje at nokon kunne vere så kald at han i ein trygg situasjon som denne tenkte på motivet og treiv fotoapparatet i staden for barnet. Eg forstår ikkje eingong den profesjonelle iveren som kjendisfotograf Morten Krogvold viste i Dagsrevyen 3.09., der bildet vart sett i kategori med fotoet av den nakne, napalmskadde jenta frå Vietnamkrigen og med fotoet av barnet og gribben frå flyktningleiren i Sør-Sudan på 90-talet. Og aller minst forstår eg trua på at dette bildet skal kunne hindre liknande tragediar i framtida, for det var det programleiar Viggo Johansen impliserte med kommentaren "mange mener dette bildet forkortet Vietnamkrigen" og Krogvold sa meir direkte, fordi bildet ville endre synet på flyktningar hos opinion og politikarar i Vesten. Bak ei slik tru ligg ein falsk premiss, nemleg at ein endå meir liberal flyktningpolitikk vil føre færre ut på ei farefull reise, til lands og til sjøs. 

Historia bak - "push and pull"

Den faktiske bakgrunnen for at livet til tre år gamle Aylan, broren på fem og mor deira enda med drukningsdøden ved kysten av Vesle-Asia, er best beskrive i The Wall Street Journal. I deira historie ligg også forklaringa på kvifor mottak og busetjing av flyktningar og immigrantar i vestlege land vil lokke endå fleire ut på ei slik farleg reise. Familien til Aylan hadde siste tre åra budd i Tyrkia, der far hans tente 17 dollar dagen som bygningsarbeidar i Istanbul. Professor i internasjonal helse, Hans Rosling, hevdar det er enorm skilnad mellom ei inntekt på 1 og 10 dollar dagen, men har då neppe teke omsyn til forskjellar når det gjeld naturalhushald og levekostnader mellom landsbygda i Afrika og ein storby i Tyrkia. Det var uansett ei tante i Canada som måtte hjelpe til økonomisk, også med å betale smuglarane dei 9000 kronene det kosta per person for plass i båten på 4,5 meter. Tolv av passasjerane drukna då båten kvelva i bårene, overlasta som han var. Tanta i Canada representerte her både bruhovudeffekten og dragkrafta ("pull-effect") for migrasjon og finansierte som nemnt den planlagde kryssinga til Kos. Dessutan sat pater familias heime i Syria og rådde son sin til å fare både med barn og viv. Kort sagt: Der nokon går føre, kjem endå fleire etter, fordi det då er meir som dreg, lettare å finansiere reisa og enklare å etablere seg i eit nytt land. Dette vart ufrivillig demonstrert ved to eksempel i dagsrevyen no i kveld, 6. september. Ved mottak av kvoteflyktningar sikrar vi sjølvsagt akkurat dei ei trygg reise, men utset dei mange fleire som vil kome etter som vanlege flyktningar og emigrantar for same dødsrisiko som i dag, i underkant av ein prosent. På kyrkjekaffien i formiddag sat eg i lag med ein kjenning, som saman med familien kom som kvoteflyktning frå ein leir i Sudan for nokre år sidan. Ni søsken med familie er att i Eritrea, der livet er særs vanskeleg både økonomisk og politisk, men flukt kanskje er meir livsfarleg enn å bli verande.

Tala som tel

Einaste alternativet for å sikre trygg reise for flyktningar og immigrantar er å opne grensene for alle eller gjere som Rosling argumenterer for, la dei som har råd til det reise hit med fly. Spørsmålet er likevel om dette er meir moralsk, for då blir det dei rikaste, best utdanna og ressurssterke som kjem. I tillegg er det akkurat desse gruppene som trengs mest der dei kjem frå, ikkje minst i Afrika, skal dette kontinentet greie å utnytte sine store naturrikdomar og gje innbyggjarane der eit like bra eller betre liv enn i dag. For det er der situasjonen blir mest kritisk dette hundreåret, noko Rosling også seier, med ein folkeauke frå 229 millionar i 1950 til 1156 i dag, og ein venta auke til 2276 millionar i 2050 og ca 4000 millionar i 2100. Ser ein berre på dei sju muslimske landa Noreg har fått flest flyktningar og innvandrarar frå, og der drageffekten hit difor er størst, har folketalet der auka frå 61 millionar i 1950 til 291 millionar i dag, og er venta å auke med ytterlegare 180 millionar neste 35 åra. Dette representerer også ein formidabel auke i "push"-effekten.

 Men sjølvsagt kan ikkje alle få kome, seier mange, m.a. leiarskribenten i gårsdagens Vårt Land, og meiner vel med det at dei har vist seg som innvandringsrealistar. Det merkelege er at ingen av dei vil talfeste kor mange som kan få kome i overskodeleg framtid, eller kor låg prosenten av (etniske) nordmenn kan bli utan at Noreg blir fattig og ikkje lenger "norsk". For ein viktig grunn til at vi er rike og vel forlikte, er at inntektene frå m.a. fisk og olje, som er relativt uavhengige av folketalet, kan delast på så få. I 1950 hadde Noreg og Syria, som er eit talande og aktuelt eksempel, omlag like mange innbyggjarar, 3,3 mot 3,5 millionar. I 2012 var tala høvesvis 5,0 millionar her, 1 av 6 av desse med innvandrarbakgrunn, og 22,8 millionar i Syria. Ved sidan av konflikten mellom radikale sjia- og sunnimuslimar og eit lappeteppe av etniske grupper, i vesten kalla "det fargerike fellesskap" og sett opp som eit ønskemål, må denne eksplosive folkeauken i Syria nødvendigvis ha ført til utarming og auka konfliktnivå.

SSB sine prognosar

Forskaren Helge Lurås har nettopp gitt ut ei bok, der han argumenterer for at befolkninga i Noreg ikkje bør få auke til meir enn 6 millionar. Fire millionar nordmenn vil ikkje kunne integrere - og kanskje heller ikkje akseptere - ei innvandrarbefolkning på meir enn to millionar. No hevdar SSB at innvandrarane og deira barn aldri vil bli fleire, sjølv ikkje etter den mest sannsynlege befolkningsframskrivinga som spår 8 millionar innbyggjarar i 2100. På det tidspunktet vil etterkomarane etter dagens etnisk norske befolkning ha skrumpa til 3 millionar, viss fertiliteten held seg på same nivå som siste 40 åra. SSB kamuflerer såleis ei innvandrarbefolkning på (8-(2+3))= 3 millionar ved å slå ho saman med dei etnisk norske i ein felles kategori, "Resten av befolkningen". Realiteten er at om 85 år vil berre 37% av befolkninga i Noreg vere etterkomarar etter dagens (etniske) nordmenn om denne prognosen slår til. Men det kan gå langt verre. Etter høgalternativet til SSB (Figur 1) kan befolkninga auke til 14 millionar i år 2100, og då vil berre 21% eller 1 av 5 innbyggjarar ha norsk bakgrunn. Begge prognosane byggjer på usikre faktorar. Til no har innvandringa følgd grafen til ein eksponentialfunksjon, med stadig brattare stigning, sjå Figur 9 her. Mellomalternativet til SSB har som føresetnad at trenden brått skal snu frå 2017, dvs om vel eit år, og deretter gje nedgang også i innvandringa frå ikkje-vestlege land heilt fram til 2040, sjå Figur 8 i same publikasjon frå SSB. Det er ikkje muleg med same "strenge" innvandringspolitikk som i dag, langt mindre med ei ytterlegare liberalisering som mest alle media pressar på for og det politiske fleirtalet legg opp til. I Libanon er no kvar 3. innbyggjar ein flyktning. Det er ikkje haldbart, sa utanriksminister Brende i Dagsrevyen i kveld. Om nokre år kan berre kvar 3. innbyggjar i Noreg ha norsk bakgrunn. Medan syriske flyktningar i Libanon vil reise attende når krigen i heimlandet er over, vil det aldri skje med syriske eller andre fjernkulturelle flyktningar og innvandrarar i Noreg. I staden vil det berre kome stadig fleire.

I artikkelen "Eit grenselaust Europa" i Dag og Tid for 4. september skreiv Jon Hustad at asylsystemet i EU neppe vert reformert. Til det ser for mange seg tente med det noverande. Han slutta slik: "Det skal no drukna mange i Middelhavet i åra framover òg." Dette skreiv han etter at eit par tusen hadde drukna der dette året, men truleg før han visste om vesle Aylan. Truleg får han rett same kva endringar i flyktningpolitikken som blir gjort, med mindre vi som Australia seier nei til alle. Då vil knapt nokon verken reise eller drukne. Så kan vi i staden ta i mot FN-godkjende flyktningar innanfor ei total innvandringskvote som er berekraftig også for oss sjølve og dessutan fleirdoble naudhjelpa i nærområda. Det må vere ei betre løysing for alle partar.

 

 

 

 

Gå til innlegget

Ei annonse for abonnement i Jubileumsavisa til Vårt Land lovar oss innsikt i dagens samfunn. Ser ein på innhaldet, kan ein med god grunn spørje om dette stemmer. Men i så måte er avisa i "godt" selskap.

Dette innlegget var skrive som ein kommentar til Jubileumsavisa til Vårt Land og publisert på document.no 1. september. Men dei redaksjonelle val som prega denne spesialutgåva var nokså representative for dei fleste andre dagane i året og ikkje berre for avisa Vårt Land, men også for andre medieredaksjonar med langt større ressursar. Dei driv alle i stor grad med kampanjejournalistikk, der viktige fakta og forklaringar blir utelatne for at bilde og tekst skal få den tilsikta effekten. Dette gjeld framfor alt i spørsmål som har med flyktningar, asyl og innvandring å gjere. I dagens nummer av VL får slikt stoff dei første ti sidene av avisa, og med eit mikroskopisk unntak har alle oppslaga same tendens. Ein kommentar på side 4, "Fusk eller fakta?", kan nesten tolkast som om avisa vurderer fakta som mindreverdig. Journalisten spør: "Vil vi ha politikere som er gode på å spille kunnskapsspill eller signalisere tydelige verdivalg?"

For å finne ein faktaorientert journalist i pressa, må eg til nynorskavisa Dag og Tid, som har journalisten Jon Hustad og i tillegg ein god kommentator i Kaj Skagen. Men når det gjeld migrasjon, er det ingen som slår nettstadene rights.no, med tre medarbeidarar (Rita Karlsen, Hege Storhaug og Nina Hjerpset-Østlie) og minimalt med offentleg støtte, og document.no, som er basert på dugnad og frivillige bidrag. Artiklane der gjev på ein dag meir fakta og innsikt om temaet enn NRK, TV2 og dei største avisene gjev på ein månad. På rights.no kan ein i dag lese meir enn 1,2,3,4,5 artiklar som viser dette, og document,no har endå fleire, m.a. desse av Hans Rustad, Christian Skaug: 1,2,3,4,5. Talande er det også at somme må skrive under pseudonym, som t.d. Mimisbrunnr, sjå 1,2 og her. Det er ei skam og ein falitt for resten av media med million- og milliardressursar at dei ikkje kan måle seg med ein handfull idealistar, som til dels brukar si fritid på dette. Eg vil lesarane skal ha dette som utgangspunkt når eg her tuktar Vårt Land, som er minst like einsidig som andre aviser og TV-media.

Vårt Land feira 31. august at avisa er 70 år ved å gje ut eit jubileumsnummer med same format og fontar som ho hadde ved starten i 1945. I ein annonse for abonnement på framsida blir lesaren lovd "innsikt i de mest samfunnsaktuelle debattene". Ved å sjå på leiarartikkelen og nokre av hovudoppslaga kan ein finne ut om avisa held løftet om større innsikt eller om det faktisk er noko heilt anna ho byr på. For innhaldet skil seg ikkje det spor frå den redaksjonelle linja Vårt Land har følgd siste åra.

Leiaren er både ei lovprising og ei uhyre sterk fordøming. Lovprisinga gjeld Shoaib Sultan, tidlegare generalsekretær i Islamsk Råd Norge, som blir omtalt som "en respektert miljøpolitikar og antirasist" og karakterisert som "saklig og beundringsverdig sindig". Fordøminga gjeld "det uregjerlige sjiktet av mobbere på sosiale medier", som visstnok driv med "perverterte utspill" og "lever av å hate". Bakgrunnen er at Sultan både i papiravisa og på Verdidebatt har fått hovudoppslag for ei personleg ytring om han no vil stengje FB-sida si for "nettroll", og der han får presentere seg som ein tvers gjennom kulturliberal ordførarkandidat i Oslo for MDG. Det ser likevel ikkje ut til at han har fått verre kommentarar på FB enn det  samfunnsredaktør Berit Aalborg i same nummer seier blir profilerte kvinnelege politikarar til del. Både Kjell Skartveit og Kent Andersen har gitt Sultan og Vårt Land ein nødvendig leksjon i kva det vil seie å skrive sakleg og ikkje personfiksert. Difor vil eg berre legge til at for Hege Storhaug, ein framståande, kunnskapsrik og modig debattant som faktisk må bu på hemmeleg adresse, har det ikkje vore tilsvarande støtte å hente på leiarplass i Vårt Land, men tvert om hetsing og oppslag der avisa spelar på lag med dei verste "antirasistane" i landet.

Heller ikkje intervjua på framsida gjev anna innsikt enn i synspunkta til framståande opinionsdannarar. President Sven Mollekleiv i Norges Røde Kors proklamerer at vi må få slutt på krigen, hjelpe flyktningar i Syria og nabolanda, og hjelpe dei som no flyktar til Europa og Noreg. Problemet er berre at det første er utanfor vår kontroll, det andre er det brei semje om og kva som ligg i det tredje, er høgst uklart. Mollekleiv minner om Balkan-krigen, då 13000 bosniarar fekk opphald på kollektivt grunnlag. Tanken var at dei skulle returnere når krigen var over, men alt etter tre år vart tilbakereisa gjort frivillig. Berre eit fåtal eldre tok i mot sine femten tusenlappar og fór. Men på eitt punkt har Mollekleiv rett: Den tilstrøyminga av flyktningar og migrantar som vi no ser, er berre starten.

Sturla Stålsett, som m.a. er styreleiar i Frivillighet Norge, er ikkje mindre snau på vegne av nordmenn: Vi må ta i mot dei som kjem. Med utsegna "på lang sikt er integrering det viktigste" opnar han for varig opphald for alle. Generalsekretær Jan Egeland i Flyktninghjelpen hevdar at "Europa har mer enn nok ressursar", og at Noreg "som et rikt land som anser seg som en humanitær stormakt, har både råd og en moralsk forpliktelse til en tredobling av hjelpen til Syria-flyktningene". Det er helst Egeland og likesinna som trår etter slik stormaktsstatus for Noreg, og som "gløymer" at Europa er nedtyngd av gjeld og arbeidsløyse etter eksport av arbeidsplassar til Asia.

Inne i Jubileumsnummeret har Per Midteide, tidlegare generalsekretær i Baptistsamfunnet og i Kirkens Nødhjelp, fått ordet. Han legg ikkje skjul på kva vi kan vente oss:

 "Vi er vitne til en folkevandring som er i ferd med å endre Europa..Det kan utvilsomt ha konsekvenser for vår økonomi og etniske sammensetning.. Våre nære slektninger som levde før 2. verdenskrig, ville neppe kjenne seg igjen i Oslos gater i dag (Min kommentar: Det gjer heller ikkje eg, som var student på 1970-talet).. Hvordan vil kommende slekter bedømme oss dersom vi ikke tar vår del av ansvaret for flyktningstrømmen?"

Også eg har tenkt på kva etterkomarane våre vil tru om oss. Min konklusjon er at dei vil døme dagens multikulturelle ideologi som rein galskap, like blåøygd og livsfjern som sverminga for massemordarane Mao og Pol Pot på 70-talet, men uhyre meir øydeleggande sidan mange godt vaksne folk i sentrale maktposisjonar no vil ofre sivilisasjonen og etterslekta vår for ein utopisk ide, som Midteide formulerer slik:

"Hva om vi dropper engstelsen for omveltningen i Europa? Hva om vi satte inn energi og studier på hvordan vi kan skape et nytt og spennende Europa - et Norge som er i endring, forskjellig fra det vi kjenner i dag. La oss se på nye grupper av mennesker, et annerledes samfunn, som en utfordring, men også som en mulighet for nytenking og nyskaping."

Ved sidan av leiaren om Sultan og han 'brødre", utlagt som andre muslimsk truande, har det også blitt plass til eit intervju med sjefredaktør Simonnes på side 3.Der spør Kjell Kvamme om det er pga spenningar i samfunnet at Vårt Land skriv så mykje om muslimar. Simonnes sitt svar går på religionsfridom og respekt for folk si tru og klesdrakt, men poenget mitt her er at han godtek det spørjaren impliserer om VL og muslimar. Sjefredaktøren i ei avis som hardnakka har nekta for at det skjer ei islamisering av samfunnet, vedgår såleis at stoff om islam har fått setje eit stadig sterkare preg på hans eiga avis. Det er difor ikkje det minste rart at Faten Mahdi Al-Hussaini og leiar av Minotenk, konvertitten Linda Noor, gjev Vårt Land slik positiv attest. Det same gjer sjølvsagt også NOAS-leiar Ann-Magrit Austenå og politikarane Abid Raja, Mani Hussaini og Prableen Kaur. Også eit spekter av politikarar med norsk bakgrunn, frå SV til FrP, er høflege og velvillige overfor jubilanten. Men utan tvil er Christian Tybring-Gjedde nærast sanninga når han seier:

"Den (avisa Vårt Land) fremmer et politisk korrekt kristensosialistisk budskap og er dessverre ikke lenger en alternativ stemme. Ønsket om å verne om Norges kristenkulturelle identitet drukner i barmhjertighetsideologiens åpne grenser. Vårt Land bør leses  av dem som ønsker å styrke sin overbevisning om at verdens elendighet i bunn og grunn skyldes Vestens manglende sjenerøsitet og bistand".

Vårt Land ønskjer seg ikkje berre ti tusen eller fleire immigrantar frå det muslimske Midtausten, men i følgje Simonnes også like mange nye fulltids abonnentar.Då har eg eit godt råd til redaksjonen: Gje lesarane først fakta, så tek dei med glede i mot fakturaen også! Propaganda for utopiske ideologiar vil stadig færre vere villige til å betale for. Å halde seg til sanninga er også eit sentralt bibelsk bodskap. Apostelen Paulus held rett nok fram kjærleik som det største, men ein politikk som gjev samanbrot for vår eigen sivilisasjon, er korkje kjærleg eller kristeleg.

Gå til innlegget

Kor "gal" var rettspsykiatrien?

Publisert rundt 4 år siden

Rettspsykiatrien vart sterkt kritisert i samband med saka mot Breivik. Tre år etter kan ein kanskje sjå kva del av kritikken som hadde noko for seg og kva som var urimeleg og situasjonsbestemt.

Denne artikkelen vart først publisert på document.no 23. august. Eg har skrive fleire artiklar her på Verdidebatt om saka og vel difor å avslutte også her med ei oppsummering av diskusjonen om rettspsykiatrien under og etter rettssaka.

24. august er det tre år sidan dommen fall i rettssaka mot Breivik. Mange hevda at dette også var ein dom over rettspsykiatrien, som undervegs i prosessen fekk sterk kritikk frå både lek og lærd. Særleg skjedde dette etter at erklæringa til dei to først oppnemnde rettspsykiatrane, Torgeir Husby og Synne Sørheim, ulovleg vart overlevert til media. Sjølv om tre år er for kort tid til å gje historia sin dom, kan ein alt no seie litt om kva del av kritikken det var hald i og kva som var urimeleg og situasjonsbestemt.

Mest urimeleg og uverdig var den personretta kritikken, spesielt av leiaren for Den rettsmedisinske kommisjon (DRK), Tarjei Rygnestad, som vart direkte håna for vitnemålet sitt i retten. Der sa han m.a. at NRK sine påstandar om alvorleg usemje i kommisjonen bygde på telefonavlytting og misforståing. Det høyrer med til historia at Pressens faglege utval i september 2012 meinte NRK hadde brote reglane for god presseskikk i denne saka. Media fekk ikkje fram at Rygnestad var professor i klinisk farmakologi og leiar for DRK i kraft av si stilling som gruppeleiar for Toksikologisk gruppe og difor berre hadde ei formell rolle i denne saka. Eit halvt år seinare døydde Rygnestad av akutt hjartesjukdom, og frå minneordet i Tidsskrift for Dnlf vil eg sitere:

"Det siste året ble den offentlige personen Tarjei Rygnestad sterkt assosiert med rettspsykiatrien i egenskap av ledervervet i Den rettsmedisinske kommisjon. Tarjei satt på mye og variert kompetanse, men psykiater var han ikke. Han var derfor heller aldri en del av den faglige kontrollvirksomheten som den rettspsykiatriske delen av kommisjonen har fått så mye kritikk for. At kritikken av både den rettspsykiatriske fagutøvelsen og av nedarvede saksbehandlingsrutiner i så stor grad ble rettet mot Tarjeis person, tjener mange i både medier og andre miljøer til liten ære."

Viss DRK ikkje var kritisk nok til erklæringa frå Husby og Sørheim, fell ansvaret for dette på Psykiatrisk gruppe, leia av Karl Heinrik Melle. Men når Justisdepartementet under regjeringa Stoltenberg skreiv at dei "la avgjørende vekt på faglige kvalifikasjonar" ved val på ny leiar, kunne dei ikkje vere misnøgd med Melle, sidan nettopp han vart utnemnd til ny leiar for kommisjonen etter Rygnestad. 

Etter rettssaka tok ein av dei første to rettspsykiatrane, Torgeir Husby, bladet frå munnen i eit intervju med VG. Av artikkelen på nettsida går det fram at han og Sørheim også fekk støtte frå kollegaer som var usamde med dei i sak. Støtte for sin diagnose fekk dei frå svært kompetent hald, også etter at dom fall i saka. Med inntrykket frå fjernsynsoverføringa av rettssaka i fersk minne skreiv eg sjølv to artiklar på Verdidebatt, "Breivik - ei grunngjeving for alvorleg sinnsliding" før dommen og "Rettskraftig dom for Breivik" etter. I denne siste spurde eg m.a. kva kompetanse juristar har til å skifte sol og vind mellom ekspertar på eit anna fagområde. Same problemstilling tok Morten Kinander opp i kronikken "Etter applausen" to månader seinare. Han skriv der at "å tilnærme seg psykiatrisk diagnostikk med en juridisk vilkårsbasert metodelære, kan føre galt av sted".

Men kritikken av rettspsykiatrien var også grunngitt i saklege spørsmål om habilitet, kvalitet og ikkje minst "det medisinske prinsipp", dvs at ein gjerningsmann som på tidspunktet for ugjerninga er "psykotisk", automatisk slepp fengselsstraff sjølv om det ikkje er nokon klar årsakssamanheng mellom sjukdomen og brotsverket. I staden kan han dømmast til tvungen helsevern. Dette prinsippet stod også lagleg til for hogg fordi Noreg er nokså åleine om å praktisere det. I januar 2013 utnemnde difor regjeringa eit utval som skulle vurdere reglane for å bli kjend utilrekneleg og sjå på rettspsykiatriens rolle i straffesaker. 28. oktober 2014 kom utvalet, leia av tidlegare riksadvokat Rieber-Mohn, med si utgreiing; "NOU 2014: 10 Skyldevne, sakkyndighet og samfunnsvern". Eit samandrag av drøftingane og konklusjonen er gitt i pressemeldinga, som på departementets heimeside har fått overskrifta "Domstolens ansvar å trekke opp utilregnelighetens grenser". I valet mellom "det medisinske prinsipp" og "det psykologiske" eller "blanda", kom dei til at "det medisinske" var mest målretta:

"For utvalget har det som nevnt vært det primære mål å foreslå en utilregnelighetsregel som best mulig treffer de alvorlig psykisk avvikende lovbrytere som ut fra begrunnelsene for straff ikke bør være ansvarlige. Slik utvalget ser det, oppnås best treffsikkerhet innenfor rammen av en regel som bygger på det medisinske prinsipp."

Dette vart vidare grunngitt slik: "den alminnelige oppfatning i medisinsk-faglige kretser er at psykosen rammer sinnet som helhet. Derfor er det også vanskelig i konkrete tilfeller å utelukke at sykdommen har virket inn på handlingsvalget."

Dei mange kritikarane som heller ville ha "det psykologiske prinsipp", fekk det såleis ikkje som dei ville. Til gjengjeld skilde utvalet sterkare mellom den medisinske og juridiske vurderinga, slik det går fram av overskrifta for pressemeldinga. Ei lovendring som slår fast at jussen har siste ordet i vurderinga av om den sikta er utilrekneleg, er i tråd med dommen i 22. juli-rettssaka. I dette ligg det nok ei vedgåing av at rettspsykiatrien har hatt for stor juridisk makt, men vel også av at Tingrettens dom her skjedde på uklart juridisk grunnlag. Randi Rosenqvist, som har lang røynsle som rettspsykiater og som vart (mis)brukt som sanningsvitne av dei som meinte Breivik var tilrekneleg, skreiv m.a. dette i sin kommentar i Tidsskrift for Dnlf: "I utredningen diskuteres det hvor syk man må være for å bli frifunnet, men jeg mener utredningen er for mye preget av juridiske resonnementer og for lite av klinisk forståelse av alvorlig psykisk syke.".

I bladet Juristkontakt 2015-2 (enno ikkje på nett) er det gjort greie for dei mindre kjende planane for omorganiseringa av rettspsykiatrien, med "Pilotprosjekt rettspsykiatri" og etablering av "Midlertidig rettspsykiatrisk enhet" som ein del av St.Olavs Hospital og Kompetansesenteret for fengsels-, sikkerhets og rettspsykiatri på Brøset.Føremålet er m.a. å gje rettspsykiatrien ei akademisk forankring og få til ei godkjenningsordning for rettspsykiatrar og -psykologar.

Eit hovudskilje i debatten om både rettssaka og rettspsykiatrien har gått mellom dei som hevdar at Breivik først og fremst var ein ideologisk styrt terrorist og vi som meiner at drapsorgien i hovudsak hadde med hans psyke å gjere. Ingrid Melle hadde i 2013 ein artikkel i World Psychiatry om saka. Ho er som søster til Karl Heinrik Melle sjølvsagt inhabil, slik Per Egil Hegge skreiv, men samtidig som forskingsleiar (om psykose) og professor i psykiatri særs kompetant. Siste avsnittet, "Kva psykiatrar kan lære av Breivik-saka", er mest relevant i denne samanheng. Der skriv ho m.a.:

"The most baffling aspect of the verdict is the neglect of Breivik's role in shaping others' impressions. The witness reports taken as support for Breivik being nonpsychotic are rather disconcerting, in their repeated descriptions of his politeness, his consideration, his skills in playing jig-saw puzzles, and his use of laughter as a “way of coping”. Together with the commonsensical explanations for Breivik's unusual behavior, the verdict conveys a picture that is very difficult to match with the descriptions given in the first evaluation. Moreover, the picture is very difficult to match with the survivors' description of a laughing killer of youths, regardless whether his motives were based on delusions, narcissistic rage, or evil."

Men etter rettssaka har også fleire andre forfattarar gitt oss informasjon om Breivik som seier noko om hans psyke og om kva som kan ha ført til den fryktelege tragedien: Marit Christensen i "Moren", Åsne Seierstad i "En av oss" og Aage Storm Borchgrevink i "En norsk tragedie". Kommentator Åshild Mathiesen i avisa Vårt Land skreiv 28. desember 2013 at "de har alle til felles at de går til familien for å årsaksforklare terroren". Og Borchgrevink skreiv at han "gikk fra å se terrorangrepet som en reaksjon på globalisering og modernitet til å se det som utslag av omsorgssvikt, psykisk lidelse og generasjoner med dårlige tilknytningsmønstre". Dette samsvarar bra med grunnen DRK gav for ikkje å godkjende erklæringa frå psykiatrane Agnar Aspaas og Terje Tørrissen. Kommisjonen skreiv at desse to la for lite vekt på Breiviks oppførsel tidlegare i livet og heller ikkje hadde brukt alle opplysningane mor hans hadde gitt til Husby og Sørheim. Men desse avgjerande poenga frå ekspertpanelet, Psykiatrisk gruppe i DRK, valde tingretten likevel å sjå bort i frå. Det var likevel best for alle at rettssaka tok slutt med dommen i Tingretten. Morten Kinander har truleg formulert dette tvisynet mest presis:

"Retten kunne altså være rimelig trygg på at dommen ville bli stående. Da blir spørsmålet hvor mye av dommens argumentasjon som er skreddersydd konklusjonen. Det er vel god grunn til å tro at det modige - men ikke nødvendigvis det riktige - i denne sammenhengen ville være å finne ham utilregnelig på formaljuridisk grunnlag."

Gå til innlegget

Mottak av 10.000 syriske kvoteflyktningar vil koste minst 20 milliardar kroner første ti åra, seier forskningsleiar i SSB, Erling Holmøy, til NRK i dag. Endeleg litt realisme også i Dagsrevyen!

Etter all applaudering av politiske parti som i tur og orden har gått inn for å ta i mot 10.000 kvoteflyktningar frå Syria, hadde endeleg NRK spurt ekspertisen på området kva dette eigentleg vil koste. Og svaret frå forskningsleiar Holmøy må ha ført til at ein del naive sjeler fekk kaffien i vrangstrupen då dei såg Dagsrevyen i dag, 26. mai. Vonleg har det også gitt litt meir realisme i debatten og kanskje nokre politikarar kalde føtter. Kostnaden på 20 milliardar blir nøyaktig 2 millionar for kvar person og dette berre for første ti åra.

Men også ein annan økonom fekk kome til orde, svensk-kurdiske Tino Sanandaji, som meinte syriske innvandrarar har små sjansar for å få seg arbeid. Berre 10% har tre års utdanning etter vidaregåande skule, og under halvparten av dei resterande 90% har "førgymnasial" utdanning, dvs grunnskule, i følgje Dagsrevyen. Halvparten av kvinnene har dessutan ingen yrkesserfaring utanom arbeid i heimen.

På direkte spørsmål om Noreg bør ta i mot 10.000 syriske kvoteflyktningar, svarar Sanandaji slik: "For den kostnaden dere bruker på å ta i mot 10.000 syrere, kan dere kanskje redde én million syrere. Og da er det faktisk umoralsk mot den millionen mennesker som ikke får hjelp."

Dette poenget har Høgre og Frp terpa på i lengre tid, folket har forstått det forlengst, og ei rekkje bloggarar her på Verdidebatt har skrive innlegg etter innlegg utan allmenn tilslutning. Kan ein no håpe på ei endra haldning frå media, politikarar og den såkalla meiningsberande "eliten"?

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere