Per Steinar Runde

Alder: 71
  RSS

Om Per Steinar

Lækjar i Herøy 1977-2008. Utanom yrket interessert i m.a. sjakk, historie, samfunnsspørsmål og kulturdebatt.

Følgere

Kor "gal" var rettspsykiatrien?

Publisert over 3 år siden

Rettspsykiatrien vart sterkt kritisert i samband med saka mot Breivik. Tre år etter kan ein kanskje sjå kva del av kritikken som hadde noko for seg og kva som var urimeleg og situasjonsbestemt.

Denne artikkelen vart først publisert på document.no 23. august. Eg har skrive fleire artiklar her på Verdidebatt om saka og vel difor å avslutte også her med ei oppsummering av diskusjonen om rettspsykiatrien under og etter rettssaka.

24. august er det tre år sidan dommen fall i rettssaka mot Breivik. Mange hevda at dette også var ein dom over rettspsykiatrien, som undervegs i prosessen fekk sterk kritikk frå både lek og lærd. Særleg skjedde dette etter at erklæringa til dei to først oppnemnde rettspsykiatrane, Torgeir Husby og Synne Sørheim, ulovleg vart overlevert til media. Sjølv om tre år er for kort tid til å gje historia sin dom, kan ein alt no seie litt om kva del av kritikken det var hald i og kva som var urimeleg og situasjonsbestemt.

Mest urimeleg og uverdig var den personretta kritikken, spesielt av leiaren for Den rettsmedisinske kommisjon (DRK), Tarjei Rygnestad, som vart direkte håna for vitnemålet sitt i retten. Der sa han m.a. at NRK sine påstandar om alvorleg usemje i kommisjonen bygde på telefonavlytting og misforståing. Det høyrer med til historia at Pressens faglege utval i september 2012 meinte NRK hadde brote reglane for god presseskikk i denne saka. Media fekk ikkje fram at Rygnestad var professor i klinisk farmakologi og leiar for DRK i kraft av si stilling som gruppeleiar for Toksikologisk gruppe og difor berre hadde ei formell rolle i denne saka. Eit halvt år seinare døydde Rygnestad av akutt hjartesjukdom, og frå minneordet i Tidsskrift for Dnlf vil eg sitere:

"Det siste året ble den offentlige personen Tarjei Rygnestad sterkt assosiert med rettspsykiatrien i egenskap av ledervervet i Den rettsmedisinske kommisjon. Tarjei satt på mye og variert kompetanse, men psykiater var han ikke. Han var derfor heller aldri en del av den faglige kontrollvirksomheten som den rettspsykiatriske delen av kommisjonen har fått så mye kritikk for. At kritikken av både den rettspsykiatriske fagutøvelsen og av nedarvede saksbehandlingsrutiner i så stor grad ble rettet mot Tarjeis person, tjener mange i både medier og andre miljøer til liten ære."

Viss DRK ikkje var kritisk nok til erklæringa frå Husby og Sørheim, fell ansvaret for dette på Psykiatrisk gruppe, leia av Karl Heinrik Melle. Men når Justisdepartementet under regjeringa Stoltenberg skreiv at dei "la avgjørende vekt på faglige kvalifikasjonar" ved val på ny leiar, kunne dei ikkje vere misnøgd med Melle, sidan nettopp han vart utnemnd til ny leiar for kommisjonen etter Rygnestad. 

Etter rettssaka tok ein av dei første to rettspsykiatrane, Torgeir Husby, bladet frå munnen i eit intervju med VG. Av artikkelen på nettsida går det fram at han og Sørheim også fekk støtte frå kollegaer som var usamde med dei i sak. Støtte for sin diagnose fekk dei frå svært kompetent hald, også etter at dom fall i saka. Med inntrykket frå fjernsynsoverføringa av rettssaka i fersk minne skreiv eg sjølv to artiklar på Verdidebatt, "Breivik - ei grunngjeving for alvorleg sinnsliding" før dommen og "Rettskraftig dom for Breivik" etter. I denne siste spurde eg m.a. kva kompetanse juristar har til å skifte sol og vind mellom ekspertar på eit anna fagområde. Same problemstilling tok Morten Kinander opp i kronikken "Etter applausen" to månader seinare. Han skriv der at "å tilnærme seg psykiatrisk diagnostikk med en juridisk vilkårsbasert metodelære, kan føre galt av sted".

Men kritikken av rettspsykiatrien var også grunngitt i saklege spørsmål om habilitet, kvalitet og ikkje minst "det medisinske prinsipp", dvs at ein gjerningsmann som på tidspunktet for ugjerninga er "psykotisk", automatisk slepp fengselsstraff sjølv om det ikkje er nokon klar årsakssamanheng mellom sjukdomen og brotsverket. I staden kan han dømmast til tvungen helsevern. Dette prinsippet stod også lagleg til for hogg fordi Noreg er nokså åleine om å praktisere det. I januar 2013 utnemnde difor regjeringa eit utval som skulle vurdere reglane for å bli kjend utilrekneleg og sjå på rettspsykiatriens rolle i straffesaker. 28. oktober 2014 kom utvalet, leia av tidlegare riksadvokat Rieber-Mohn, med si utgreiing; "NOU 2014: 10 Skyldevne, sakkyndighet og samfunnsvern". Eit samandrag av drøftingane og konklusjonen er gitt i pressemeldinga, som på departementets heimeside har fått overskrifta "Domstolens ansvar å trekke opp utilregnelighetens grenser". I valet mellom "det medisinske prinsipp" og "det psykologiske" eller "blanda", kom dei til at "det medisinske" var mest målretta:

"For utvalget har det som nevnt vært det primære mål å foreslå en utilregnelighetsregel som best mulig treffer de alvorlig psykisk avvikende lovbrytere som ut fra begrunnelsene for straff ikke bør være ansvarlige. Slik utvalget ser det, oppnås best treffsikkerhet innenfor rammen av en regel som bygger på det medisinske prinsipp."

Dette vart vidare grunngitt slik: "den alminnelige oppfatning i medisinsk-faglige kretser er at psykosen rammer sinnet som helhet. Derfor er det også vanskelig i konkrete tilfeller å utelukke at sykdommen har virket inn på handlingsvalget."

Dei mange kritikarane som heller ville ha "det psykologiske prinsipp", fekk det såleis ikkje som dei ville. Til gjengjeld skilde utvalet sterkare mellom den medisinske og juridiske vurderinga, slik det går fram av overskrifta for pressemeldinga. Ei lovendring som slår fast at jussen har siste ordet i vurderinga av om den sikta er utilrekneleg, er i tråd med dommen i 22. juli-rettssaka. I dette ligg det nok ei vedgåing av at rettspsykiatrien har hatt for stor juridisk makt, men vel også av at Tingrettens dom her skjedde på uklart juridisk grunnlag. Randi Rosenqvist, som har lang røynsle som rettspsykiater og som vart (mis)brukt som sanningsvitne av dei som meinte Breivik var tilrekneleg, skreiv m.a. dette i sin kommentar i Tidsskrift for Dnlf: "I utredningen diskuteres det hvor syk man må være for å bli frifunnet, men jeg mener utredningen er for mye preget av juridiske resonnementer og for lite av klinisk forståelse av alvorlig psykisk syke.".

I bladet Juristkontakt 2015-2 (enno ikkje på nett) er det gjort greie for dei mindre kjende planane for omorganiseringa av rettspsykiatrien, med "Pilotprosjekt rettspsykiatri" og etablering av "Midlertidig rettspsykiatrisk enhet" som ein del av St.Olavs Hospital og Kompetansesenteret for fengsels-, sikkerhets og rettspsykiatri på Brøset.Føremålet er m.a. å gje rettspsykiatrien ei akademisk forankring og få til ei godkjenningsordning for rettspsykiatrar og -psykologar.

Eit hovudskilje i debatten om både rettssaka og rettspsykiatrien har gått mellom dei som hevdar at Breivik først og fremst var ein ideologisk styrt terrorist og vi som meiner at drapsorgien i hovudsak hadde med hans psyke å gjere. Ingrid Melle hadde i 2013 ein artikkel i World Psychiatry om saka. Ho er som søster til Karl Heinrik Melle sjølvsagt inhabil, slik Per Egil Hegge skreiv, men samtidig som forskingsleiar (om psykose) og professor i psykiatri særs kompetant. Siste avsnittet, "Kva psykiatrar kan lære av Breivik-saka", er mest relevant i denne samanheng. Der skriv ho m.a.:

"The most baffling aspect of the verdict is the neglect of Breivik's role in shaping others' impressions. The witness reports taken as support for Breivik being nonpsychotic are rather disconcerting, in their repeated descriptions of his politeness, his consideration, his skills in playing jig-saw puzzles, and his use of laughter as a “way of coping”. Together with the commonsensical explanations for Breivik's unusual behavior, the verdict conveys a picture that is very difficult to match with the descriptions given in the first evaluation. Moreover, the picture is very difficult to match with the survivors' description of a laughing killer of youths, regardless whether his motives were based on delusions, narcissistic rage, or evil."

Men etter rettssaka har også fleire andre forfattarar gitt oss informasjon om Breivik som seier noko om hans psyke og om kva som kan ha ført til den fryktelege tragedien: Marit Christensen i "Moren", Åsne Seierstad i "En av oss" og Aage Storm Borchgrevink i "En norsk tragedie". Kommentator Åshild Mathiesen i avisa Vårt Land skreiv 28. desember 2013 at "de har alle til felles at de går til familien for å årsaksforklare terroren". Og Borchgrevink skreiv at han "gikk fra å se terrorangrepet som en reaksjon på globalisering og modernitet til å se det som utslag av omsorgssvikt, psykisk lidelse og generasjoner med dårlige tilknytningsmønstre". Dette samsvarar bra med grunnen DRK gav for ikkje å godkjende erklæringa frå psykiatrane Agnar Aspaas og Terje Tørrissen. Kommisjonen skreiv at desse to la for lite vekt på Breiviks oppførsel tidlegare i livet og heller ikkje hadde brukt alle opplysningane mor hans hadde gitt til Husby og Sørheim. Men desse avgjerande poenga frå ekspertpanelet, Psykiatrisk gruppe i DRK, valde tingretten likevel å sjå bort i frå. Det var likevel best for alle at rettssaka tok slutt med dommen i Tingretten. Morten Kinander har truleg formulert dette tvisynet mest presis:

"Retten kunne altså være rimelig trygg på at dommen ville bli stående. Da blir spørsmålet hvor mye av dommens argumentasjon som er skreddersydd konklusjonen. Det er vel god grunn til å tro at det modige - men ikke nødvendigvis det riktige - i denne sammenhengen ville være å finne ham utilregnelig på formaljuridisk grunnlag."

Gå til innlegget

Mottak av 10.000 syriske kvoteflyktningar vil koste minst 20 milliardar kroner første ti åra, seier forskningsleiar i SSB, Erling Holmøy, til NRK i dag. Endeleg litt realisme også i Dagsrevyen!

Etter all applaudering av politiske parti som i tur og orden har gått inn for å ta i mot 10.000 kvoteflyktningar frå Syria, hadde endeleg NRK spurt ekspertisen på området kva dette eigentleg vil koste. Og svaret frå forskningsleiar Holmøy må ha ført til at ein del naive sjeler fekk kaffien i vrangstrupen då dei såg Dagsrevyen i dag, 26. mai. Vonleg har det også gitt litt meir realisme i debatten og kanskje nokre politikarar kalde føtter. Kostnaden på 20 milliardar blir nøyaktig 2 millionar for kvar person og dette berre for første ti åra.

Men også ein annan økonom fekk kome til orde, svensk-kurdiske Tino Sanandaji, som meinte syriske innvandrarar har små sjansar for å få seg arbeid. Berre 10% har tre års utdanning etter vidaregåande skule, og under halvparten av dei resterande 90% har "førgymnasial" utdanning, dvs grunnskule, i følgje Dagsrevyen. Halvparten av kvinnene har dessutan ingen yrkesserfaring utanom arbeid i heimen.

På direkte spørsmål om Noreg bør ta i mot 10.000 syriske kvoteflyktningar, svarar Sanandaji slik: "For den kostnaden dere bruker på å ta i mot 10.000 syrere, kan dere kanskje redde én million syrere. Og da er det faktisk umoralsk mot den millionen mennesker som ikke får hjelp."

Dette poenget har Høgre og Frp terpa på i lengre tid, folket har forstått det forlengst, og ei rekkje bloggarar her på Verdidebatt har skrive innlegg etter innlegg utan allmenn tilslutning. Kan ein no håpe på ei endra haldning frå media, politikarar og den såkalla meiningsberande "eliten"?

Gå til innlegget

For sytti år sidan jubla folket over at framandstyret tok slutt. I dag kappast partia om å hente nye framandfolk til landet. Ingen har betre enn Sigurd Skirbekk forklart korleis dette haldningsskiftet kunne skje.

Avisa Vårt Land er ikkje meir innvandringsvennleg enn resten av media. Men avisa vart starta i frigjeringsåret 1945 og fekk eit namn som understrekar at Noreg, fedrelandet, nettopp er vårt land. Det skulle ein tru var eit motto som forplikta. Men avisa har no i mange år forkynt at vi slett ikkje har einerett på landet vårt, men bør dele det med stadig fleire andre. Symbolsk skjedde skiftet først i 2006, då avisa fjerna både flagget og vikingskipet frå logoen sin. "Det siste vi vil gjøre er å så tvil om avisens prosjekt ved at noen forstyrres av «nasjonale» symboler", sa sjefredaktør Simonnes den gong til Journalisten.

Denne dramatiske haldningsendringa på sytti år har ikkje berre skjedd hos redaksjonen i avisa Vårt Land, men stort sett i dei fleste media, i mest alle parti og blant fleirtalet av samfunnsvitarane våre. Sjølv halve folket er rivne med av stemningsskiftet. Det er beint fram utruleg og uforståeleg. Men det finst vise menn også i vår tid, som har innsikt nok til å kunne gje ei forklaring. Sigurd Skirbekk er ein av dei beste. I boka hans med tittelen "Nasjonalstaten" handlar kapittel 6 om "sju fortellinger med antinasjonale føringer". Poenget er at ingen direkte propaganda kunne gitt antinasjonale haldningar hos lek som lærd, til det er propaganda for lett å gjennomskode. Men tidstypiske forteljingar, som appellerer til kjenslene og tilsynelatande set ting på plass, kan føre til at folk forandrar oppfatning, sjølv om innhaldet i forteljingane verken er sant eller gjev oss eit rett bildet av røyndomen ('virkeligheten'). Når vi så dreg våre konklusjonar, opplever vi synspunkta som våre eigne, sjølv om slutningane har skjedd på meir eller mindre falske premissar.

Fleire omtalar av boka "Nasjonalstaten" er refererte på heimesida til Skirbekk, og sjølv skreiv eg om ho i Sunnmørsposten i 2009. I samband med jubileet for fredsdagen, 8. mai 1945, er det mest nærliggande å sjå på dei to første "fortellinger med føringer" som han skriv om: "1940 og 50-tallet: Antinazisme og menneskeretter", fordi desse handlar om korleis ein skal forstå krigen. Der seier Skirbekk at "konsekvensene av den nazisme-forståelsen som etterhvert utviklet seg, ville vært utforståelig for mange i 1945, dersom de hadde kunnet se et halvt århundre framover i tid". Den myten som vart skapt var at "da de demokratiske folkene oppfattet ondskapen i nazismen og hadde besinnet sine verdier og reist seg i en kamp for friheten, viste de seg uovervinnelige. Folk samlet seg om de verdier som i dag preger vårt samfunn: Demokrati, liberalitet og humanisme. Etter at krigen var vunnet, har frihetselskende folk måttet kjempe nye kamper for menneskerettigheter og demokrati på flere fronter, og mot udemokratiske, rasistiske og illiberale krefter, for å sikre en verdensomspennende seier for de idealer vårt samfunn er bygd på. Krigens smertefulle erfaringer pålegger nye generasjoner til å være på vakt mot alle tendenser til totalitær politikk, og delta i aktiv kamp for frihet og likeverd og mot alle tendenser til rasisme, fascisme og ekskluderende nasjonalisme."

Denne forteljinga om krigen som kamp mellom vonde og gode krefter set Skirbekk opp mot realitetane, nemleg at dei vestlege demokratia tapte på nesten alle frontar i dei første to åra, då dei stod åleine mot det tyske diktaturet. Det var Sovjetsamveldet som knekte nazismen, "en statsdannelse som i liten grad appellerte til liberale prinsipper, men desto mer til russisk nasjonalisme". Og heller ikkje dei vestallierte "vant krigen ved bare å vise til humanisme og frihetsdyrkning; tvert om ble det i krigens år appellert sterkt til kollektiv disiplin, nasjonal innordning, individuell oppofrelse og militær innsatsvilje... Den dominerende fortelling om krigen åpner ikke for den mulighet at alle politiske ideologier kan være relative, i den betydning at de åpner for noe og lukker for andre perspektiver, som kan være mer eller mindre funksjonelle i forhold til ulike typer av utfordringer... Det kunne for eksempel argumenteres for at en ukorrigert liberal tenkemåte blant vestlige politikere var ansvarlig både for mye urealistisk politikk før krigen og for en svak forsvarsevne i første del av krigen, og at det først var da liberalismen ble korrigert av nasjonalisme at demokratiene kom på offensiven."

Ikkje alle måtar å tolke krigen på er rimelege, seier Skirbekk, og held særleg fram ei som er spesielt aktuell i vår tid: "En tolkning som klart ligger utenfor rimelighetens grenser er den som går ut på at vi bør åpne våre grenser for alle som vil komme hit, fordi dette ville være i overensstemmelse med de frihetsidealer og den menneskerettstenkning som patriotiske nordmenn sloss for under krigen. Neppe noen som opplevde okkupasjon vil gjenkjenne seg i en beskrivelse av disse åra som en kamp mot tyskerne for å kunne gi 'lebensraum' for folk med en fjernere kulturell bakgrunn."

FN si menneskerettserklæring vart på amerikansk initiativ gjort til eit udiskutabelt etisk grunnlag for oranisasjonen. Ho vart formulert som "et antatt universelt gyldig forsvar for individuelle rettigheter, med krav rettet mot statlige myndigheter, ikke som et forsvar av kulturbærende nasjonalstater. Alle mennesker ble ideelt sett som likestilte i rettigheter, uavhengig av forskjeller i nasjonal kultur og statstilhørighet. Det sistnevnte prinsippet har utvilsomt bidratt til den oppfatning at det er noe suspekt å hevde særretter i forhold til nasjonal kultur."

Konklusjonen må bli som så ofte før: Det 'gode' er det bestes fiende!

 

 

Gå til innlegget

Kan vi stole på journalistar?

Publisert rundt 4 år siden

Mediemakta er ikkje berre stor, men skremmande, fordi påverknadskrafta er uavhengig av kvaliteten og sanningsinnhaldet i det som blir publisert.

Dette innlegget vart først posta på document.no 1. mai. Men det er så nært knytt til artikkelen "Vil folket ha fleire flyktningar" at eg vel å legge det ut også på Verdidebatt.

I ei meiningsmåling frå 2009 vart 'journalist' vurdert som eit av dei minst viktige yrka. I eit intervju i Journalisten kommenterte dåverande NJ-leiar, Elin Floberghagen, resultatet slik: "Jeg vil si at vi burde være på topp. Etter mitt syn er mediene ekstremt viktige." No uttalte gjerne folk flest seg om kor nyttig journalistikk er, medan Floberghagen snakka om kva makt media har i samfunnet. Og der er eg heilt samd med henne. Mediemakta er ikkje berre stor, men skremmande, fordi påverknadskrafta er uavhengig av kvaliteten og sanningsinnhaldet i det som blir publisert.

Hovudproblemet er ikkje større eller mindre faktafeil, men at avgjerande moment og synspunkt blir valt bort fordi dei ikkje passar inn i den historia journalisten vil fortelje. Viss ein vert klar over dette, går det på tilliten laus. Ei opinionsundersøking frå mai i fjor viste iallfall at berre ein tredel av befolkninga hadde tillit til at media handlar til samfunnets beste. Professor Lars Nyre har skrive ein interessant artikkel, Kritisk tillit til journalistikk, med utgangspunkt i denne målinga. I artikkelen drøfta han m.a. tillit som eit sosiologisk fenomen og sa mykje sant, rett og opplysande. Men eg er ikkje heilt samd i det han skreiv om å setje dagsorden: "Media bestem­mer ikkje kva folk skal meina, men dei bestem­mer kva folk skal meina noko om." Rett nok får vi ikkje alltid ferdige meiningar, men dei som vel premissane, avgjer også då indirekte kva forståing og inntrykk folk sit att med.

Når det gjeld asyl- og innvandringsspørsmål, er dette regelen meir enn unntaket. Eksempla er legio, men eg har valt to aktuelle. I Fritt Ords prosjekt, Status for ytringsfriheten i Norge, var truverdet til journalistane eitt av fleire tema. Hovudrapporten, som kom i september 2014, kan lastast ned her. Kommentarredaktør Jon Magne Lund i Vårt Land skreiv då om "Bruktbilselgere og journalister" , der han fornuftig nok konkluderte slik: "Folks holdninger til og meninger om mediene påvirkes i mindre grad av våre egenerklæringer enn av det de leser i avisene eller hører og ser i øvrige medier. Det betyr at mediene har en like stor som vanskelig oppgave i å overbevise om at integritet og troverdighet er det vi styrer etter. Vi vurderes etter det vi leverer og hvordan folk opplever dette, så enkelt er det."  Men nettleiaren hans frå 28. april i år, "Amen, Stordalen!", som er delt av meir enn tusen på sosiale media, manglar viktig og avgjerande informasjon om både Stordalens tilbod og om flyktningar generelt. Nettleiaren er også publisert på Verdidebatt, men det er ikkje der folk les og delar han. Difor blir dei ikkje korrigerte av fakta, som eg der kom med i kommentaren "Kasuistikkar gjev ikkje innsikt", eller av det eg skreiv her om kostnader og innvandrarbefolkning på lengre sikt og her om folketalsutvikling i Syria samanlikna med Noreg. No var det rett nok ikkje plass til så mykje informasjon i den korte nettleiaren til Lund, men det som fanst, var villeiande, og objektive fakta om kostnader og demografi blir det ikkje lagt vekt på eller gitt plass til elles, verken i Vårt Land eller i andre media. I staden får vi personfokuserte og tåredryppande reportasjar, som nok gjev innleving i flyktningar sin situasjon, men ikkje åleine er eit godt grunnlag for gode politiske val. Media fungerer difor fordummande på dette saksområdet.

Men ikkje alle medieredaksjonar blir møtt med same grad av mistillit. Dei såkalla tabloide avisene, VG og Dagbladet, som i hovudsak baserer seg på laussal, kjem dårlegast ut. Av omtalen i Kampanje frå mai i fjor ser vi derimot at Aftenposten, NRK og TV2 skårar nokså høgt på tillit. Spørsmålet er om dette er fortent eller iallfall for fjernsynskanalane delvis er ei følgje av det gjennomslag nettopp dei har med autentiske filmopptak som dokumentasjon. Også presentasjonsmåten med dei same nyheitsformidlarane i årevis, kan skape eit personleg tillitsforhold som ein ikkje får ved å lese avisartiklar utan oppgitt forfattar. Det er truleg for å styrkje truverdet at avisene siste åra har byrja med bilde og namn på journalisten som er ansvarleg for den aktuelle artikkelen. Men tillit borgar uansett ikkje for edruelege og sannferdige nyheitsinnslag. Både TV2 og NRK har mange diskusjonar med svært skeivt deltakarpanel, og sjølv tabloidaviser har fleire gonger gjort godt gravearbeid og avslørt ting som ikkje toler dagens lys.

Det andre aktuelle eksemplet eg vil nemne er Dagsnytt atten frå 30.4., der syriske flyktningar og drukningsulykkene i Middelhavet var tema endå ein gong. Eg har sett meir ubalanserte program enn første del, der statsminister Solberg var med. Men ingen snakka om den enorme befolkningsauken i Midtausten og Afrika, verken den som har skjedd til no eller den som vil kome, gitt alle unge i denne delen av verda. Dugnad vart derimot nemnt av fleire, m.a. Jonas Gahr Støre. Programleiar Tomm Kristiansen var den einaste som kanskje antyda at det ikkje var gjort ved eit skippertak å ta hand om alle flyktningane. Han sa det slik: "Men ærlig talt. Dette kommer ikke til å gå over. Flyktninger kommer i større og større antall."  Venstreleiar Trine Skei Grande har studert både sosialøkonomi, statsvitskap og historie, men presterte likevel å seie at folk frå Syria "ligg oss nær i historie og i kultur". Sosialøkonomien må ho også ha lagt på hylla. Der var heller ikkje Kristiansen særleg oppdatert. Han snakka om at "det blir operert med svære milliardtall, men de skal jo få seg jobb."  Ei slik utsegn viser at han ikkje kjenner forskningsfunn frå Frisch-senteret eller vel å halde dei skjult. Og Kristian Rose Tronstad frå Norsk institutt for by- og regionforskning jatta med og sa at yrkesaktiviteten blant innvandrarkvinner i Noreg var på nivå med det kvinner har i Italia, så dette var ikkje noko problem. At vår velferdsstat baserer seg på høg yrkesaktivitet for begge kjønn, nemnde ingen av dei. Tronstad meinte òg at nokre tusen flyktningar frå eller til ikkje spelar noko rolle for landet vårt, som hadde gitt arbeid og husrom til seksti tusen arbeidsinnvandrarar siste åra. "Dreg du den, så dreg du den", som kjerringa sa til merra som var spent føre staurlasset.

Jan Egeland snakka seg varm om "ufattelige menneskelige lidelser i Middelhavet". Det skal ikkje mykje innsikt til for å gje han rett. Å vere innelåst under dekk i ein båt som går ned, er eit av det verste mareritt som tenkjast kan. Men ansvaret ville flyktningjurist Vigdis Vevstad leggje på Europa, som i følgje henne både har kapasitet og kompetanse til å hindre slikt. Ingen syntest å ville plassere ansvaret der det høyrer heime, blant svært kyniske og brutale menneskesmuglarar, eller vurdere om færre eller fleire vil bli sende til havs i søkkjeferdige skip om risikoen i kvart einskild tilfelle er noko redusert. Vevstad nemnde heller ikkje kva ansvar folk i til dømes Syria og Somalia har for ei seksdobling av befolkninga på to generasjonar og for borgarkrig og samanbrot i begge landa. At styresmakter i andre land blandar seg inn, kan ikkje brukast til å eliminere ansvaret for dei som starta krigane. Egeland bagatelliserte det norske bidraget til no, men på ein ny og oppfinnsam måte: Vi er blant dei minst dårlege til å hjelpe! Han veit nok at per innbyggjar har berre Kuwait ytt meir til hjelp for flyktningane i Midtausten.

Ved ein skjebnens ironi handla det neste innslaget i Dagsnytt atten om forholda i Pakistan. Journalist i NRK, Atta Ansari, gav eit godt bilde av den kaotiske rettstilstanden der, med minst fire parallelle system av domstolar, og med sikkerheitspolitiet på begge sider i kampen mot Taliban. "De renes land", eksklusivt for muslimar, har vore ein samanhengande katastrofe frå 1948. Med endå fleire muslimske innvandrarar, som dei fleste politiske parti no ivrar for, går vårt kjære fedreland snart i same retning. Viss vi skal ta i mot fleire frå Midtausten, bør vi derfor prioritere kristne, som verkeleg er dei forfølgde i regionen.

Gå til innlegget

Vil folket ha fleire flyktningar?

Publisert rundt 4 år siden

Venstre, SV og Arbeidarpartiet har i tur og orden sagt ja til 10.000 syriske kvoteflyktningar. Truleg vil Senterpartiet og Krf også gjere det. Men kva meiner folket?

Media og hjelpeorganisasjonar har øvd eit sterkt press på opinionen og politikarane for ein meir slepphendt asylpolitikk og for at Noreg skal ta i mot fleire kvoteflyktningar, spesielt frå Syria. Til det føremålet har dei hatt stygge bilde å vise fram og høge tal å slå i bordet med. Den moraliserande appellen har vore sterk, og kjensleladde adjektiv har blitt brukt til å beskrive elendet, ikkje minst i NRK, medieredaksjonen med dei største ressursane.

SV treng sjølvsagt ikkje noko press utanfrå for ein slik politikk. Men også på landsmøtet i Venstre vedtok delegatane glatt å ta i mot 10.000 kvoteflyktningar frå Syria, trass i tidlegare avtale med regjeringa om 2250 kvoteflyktningar totalt i 2015, av desse minst 1500 frå Syria. Arbeidarpartiet kunne ikkje vere dårlegare med ein syrisk innvandrar som leiar i AUF, og Jonas Gahr Støre fekk trampeklapp då han foreslo det same magiske talet på landsmøtet. NRK og andre media har sjølvsagt lodda stemninga i KrF og Senterpartiet også og slår fornøgd fast at også dei truleg går for 10.000. Då er oppgåva så mykje enklare. Det er berre til å grille leiarane i Høgre og Framstegspartiet endå sterkare og framstille desse partia som kalde, kyniske og kalkulerande. Den kunsten kan medieredaksjonane godt, øvd seg som dei har gjort sidan lenge før valet i 2013.

Men 2. mai kom eit sterkt svar frå folket. Ei meiningsmåling utført av Sentio for Dagens Næringsliv viste framgang for H og Frp på til saman 4.7 prosentpoeng og tilbakegang for Ap på 5.1 prosentpoeng. Målinga vart utført i perioden 21.-26. april, få dagar etter at Støre foreslo å auke flyktningkvoten og etter at Ap endra sin asylpolitikk. Sjå NRK sitt oppslag i raudt for 16. april. Om det ikkje er fleirtal i folket for alle liberalistiske ideane til Høgre og Framstegspartiet, så fører dei iallfall ein innvandringspolitikk som ligg nærare fleirtalssynet enn den som V,SV og KrF vil ha. Når media gong på gong skuldar Frp for å spele "innvandringskortet", vedgår dei indirekte at det er slik. Kvar gong Ap har gått fram og Frp attende, eller Støre har blitt meir populær i forhold til Solberg, har NRK og mange aviser fleska til med store oppslag. Men resultatet av denne målinga var så vidt inne på NRK-tekst-TV éin dag, og det har vore få oppslag elles også, så vidt eg veit. Sjølvsagt kan ein ikkje konkludere for sterkt berre på grunnlag av ei måling, og Ap har hatt ein fallande trend heilt sidan toppmålingane i februar. Men denne målinga gjev iallfall eit hint om kva folket meiner.

Frå media og hjelpeorganisasjonar blir det heile tida halde fram kor mange syriske flyktningar nabolanda har tatt i mot og kor lite vi gjer til samanlikning. Men då tek ein verken omsyn til kor mange framandkulturelle vi har fått på kort tid eller kor nærskylde landa i Midtausten faktisk er.

Jordan har til dømes ei befolkning på 6,7 millionar og har fått 620.000 flyktningar frå Syria. Det er 9,2% av folketalet eksklusivt innvandrarar. Reknar ein på same måten for Noreg, så er innvandrarbefolkninga på minst 900.000, som er 21% av totalbefolkninga minus innvandrarar. I følgje US Census Bureau har Jordan hatt ei netto utvandring i perioden 2011-14 på 522.000, medan Noreg i same periode har hatt ei netto innvandring på 179.000 personar. Nær halvparten av våre innvandrarar kjem frå Asia og Afrika, dvs frå fjerntliggande område, medan Jordan og Syria skil seg mindre frå kvarandre enn Sverige og Noreg. Syrarar og jordanarar har i mange generasjonar gifta seg med kvarandre. Kulturen, språket og religionen er den same på begge sider av grensa, klanane like eins. Derfor bur 84% av syriske flyktningar hos slektningar eller i husvære dei leiger. Berre 16% bur i flyktningleirar (Dag og Tid 30. april 2015). Grensene i Midtausten er av ny dato og bestemt i stor grad av sigersmaktene i Den første verdskrigen, Frankrike og Storbritannia. I tre hundre år var heile området ein del av Det osmanske imperium.

Banda mellom Libanon og Syria er endå sterkare. Libanon vart rekna som ein del av den syriske provinsen i Austromarriket/Bysants og heldt fram som det under Det osmanske. Som kjent står L'en i ISIL for Levanten, eit endå vidare område. Syria har i lange periodar hatt bukta og begge endane i libanesisk politikk, dels som følgje av direkte okkupasjon av Bekaadalen, dels via sine allierte i Hizbollah. P.g.a. den delikate maktbalansen mellom ulike grupper har det ikkje vore folketeljing i Libanon sidan 1932! Reknar ein med Wikipedia sine anslag på 4,46 millionar, representerer dei 1,2 millionar syriske flyktningane i landet 27% av den innfødde befolkninga. Pga manglande folketeljingar må dette takast med ei klype salt. Dessutan skal 1.8 millionar libanesarar, i hovudsak kristne, ha utvandra i perioden 1975-2010. Og sjølv for åra 2011-14 gjev US Census Bureau opp at landet har hatt ei nettoutvandring på 130 tusen (verken her og i tala for Jordan kan flyktningane frå Syria vere rekna med). Men syrarane i nabolanda Jordan, Libanon og Tyrkia vil sannsynlegvis reise attende når krigen i heimlandet deira tek slutt, slik nordmenn i Sverige gjorde i1945. Ei tilsvarande heimreise for syriske flyktningar som har fått asyl i Europa, er derimot heilt usannsynleg. Vi veit kor det gjekk med dei 13.000 bosniarane som i 1992-93 fekk opphald på kollektivt grunnlag her til lands, og som no stadig blir nemnde av asyllobbyen. Tanken var at dei skulle returnere når krigen var over, men alt frå 1996, året etter Daytonavtalen, fekk dei velje frivillig repatriering, sjå Tilbakevending fra Norge, side 17. Trass støtte på 15.000 kr for kvar person og hjelp til lokalmiljøet der dei kom, var det berre eit fåtal eldre bosniarar som flytte attende.

Media driv sjølvpisking og klagar over rike, egoistiske nordmenn, som ikkje bryr seg om flyktningar og fattige i andre land. Men realiteten er at Noreg har gitt meir per innbyggar til flyktningane i Midtausten enn alle andre land, med unntak for oljerike og folkefattige Kuwait. På lista over bidragsytarar til FN sitt flyktningbyrå (UNHCR) ligg vi på 8. plass blant alle land i verda, med 90 millionar dollar. Men dette er berre ein brøkdel av hjelpa vi gjev til andre land. Berre bistandsbudsjettet er på godt over 30 milliardar. FN har for inneverande år bedt medlemsstatane om 59 milliardar kroner til hjelp i Syria og nabolanda. Per 30.4. har det kome lovnad på berre 14% av dette, men vesle Noreg har alt lovd å yte 1 milliard. Bortsett frå Sverige er det heller ingen land i Europa, bortsett frå nokre ministatar, som siste fire åra har gitt opphald til så mange asylsøkjarar som vi.

Facebook, nettbaserte debattfora, aviser og fjernsyn fløymer over av innlegg, leiarartiklar og reportasjar der folk overbyr kvarandre for slik å vise kor prektige og snille dei er. Stort sett er dei gavmilde på andre sin kostnad. Redaksjonane har same synet og gjev difor desse farisearane fremste plassen. Men professor Ottar Brox sa det slik i Aftenposten for eit par år sidan: "Det er solid flertall i folket for en mer restriktiv innvandringspolitikk, og dette flertallet består av alle lag - fra ufaglærte til toppfunksjonærer og akademikere.. Aps velgere mener det er mer enn nok innvandrere i landet. Det gir folk flest også lett uttrykk for overfor samtalepartnere som de stoler på."

I følgje NRK si meiningsmåling, publisert i Aktuelt i kveld, er 51% av dei spurde einige i at Noreg skal ta i mot 10.000 syriske kvoteflyktningar. Det viser først og fremst kva makt media har og kva spørsmålsstillinga har å seie for svaret.

 

 

Gå til innlegget

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere