Per Steinar Runde

Alder: 71
  RSS

Om Per Steinar

Lækjar i Herøy 1977-2008. Utanom yrket interessert i m.a. sjakk, historie, samfunnsspørsmål og kulturdebatt.

Følgere

Sylvi Listhaug har lenge vore skyteskive for media pga forslaga om asylinnstrammingar. Men ei dagsaktuell meiningsmåling viser at fleirtalet i folket støttar henne.

Som innvandrings- og integreringsminister har Sylvi Listhaug stått i bresjen for regjeringa sine forslag til endringar i asylpolitikken. Det har vore ein uriaspost som kunne knekt den sterkaste, for journalistar i alle medieredaksjonar har sidan innstrammingsforslaga vart sende på høyring, gjort alt dei kan for å "ta" henne. Dei har vore godt støtta av ei rekkje humanitære organisasjonar, av folk i akademiske posisjonar og av opposisjonsparti.

Medietrykket er enormt. På Google kjem det opp ein halv million treff på namnet hennar. Få av dei handlar om sak. Det store fleirtal av oppslaga gjeld kritikk av og harselering med henne personleg. I april var ho i Hellas, der ho på vegne av regjeringa og oss alle gav 30 millionar ekstra til arbeid for flyktningar, inkludert 10 millionar til Redningsselskapet, slik at skøyta Peter Henry von Koss kunne halde fram med å berge folk frå drukningsdøden i Egeerhavet. Det første vart nemnt på Hegnar.no, det siste i "Agder. Flekkefjord tidende". Kva var så hovudsaka for dei store avisene og fjernsynsredaksjonane? Jau, at ho følgde oppmodinga frå mannskapet på redningsskøyta om å hoppe på sjøen i overlevingsdrakt og få oppleve korleis det var å bli teken om bord att ved hjelp av mob-båten. Men så nøytralt og sakleg vart det sjølvsagt ikkje framstilt. Er det ikkje fjernsyn og avisene sjølve som står for mobbinga, så kolporterer dei ivrig kva kjendisar frå media og politikk har kommentert på oppmoding, eller skrive på Twitter for å vise kor slagferdige dei kan vere på hennar kostnad. NRK har jamvel sleppt til ein doktorgradsstipendiat i medievitskap med ei Ytring om denne "viktige" saka. Så viseleg disponerer dei lisenspengane våre. Frå før var det også oppretta ei internettside med krav om at Listhaug må avsetjast, ikkje noko mindre, der nær 12000 har signert.

Men noko av kritikken mot Listhaug og innstrammingsforslaga har likevel gått på sak, sjølv om kritikarane ikkje alltid har vore så saklege. Og her har jammen sjølve rektor ved Universitetet i Oslo, Ole Petter Ottersen, først på bloggen sin, seinare også han på Ytring, nrk.no,  skulda Listhaug og Frp for med vitande og vilje å misbruke forskinga til støtte for eigen politikk. Når ein så prominent person serverer dette som fakta og sanning, tek andre kritikken for god fisk. Sist ute var Are Brean, sjefredaktør i Tidsskrift for Dnlf, som før helga skreiv ein leiar om misbruk av forsking med tittelen "Fulle folk og gatelykter", som eg såg meg nøydd til å kommentere (bruk siste lekkje; sjå under artikkelen).

Både her på Verdidebatt og i andre debattfora har argumentet vore at sjølv om FrP har 16% oppslutning, så er 84% av befolkninga motstandarar av partiet sin innvandringspolitikk. Men i dag har dei fått svar på tiltale frå fleirtalet av folket, og Listhaug har fått si oppreising. Nokre få timar i formiddag, før redaksjonen fjerna oppslaget, kunne vi lese på NRK-tekst-tv at 38% meinte FrP hadde fått passande gjennomslag i regjeringa for sin asylpolitikk og 15% syntest partiet hadde fått for lite å seie på dette området. Det var Dagbladet som hadde gjennomført ei meiningsmåling om dette, publisert på nett i går kveld (men vanskeleg å finne alt i dag, om ein ikkje visste kva ein skulle søkje på). Opinionsmålinga viser at 52% av befolkninga vil ha ein like streng eller strengare asylpolitikk enn sjølv det forslaget som no ligg føre frå regjeringa.

Gå til innlegget

"Langsomt ble landet vårt eget"

Publisert over 3 år siden

Det tok fleire tusen års slit å byggje landet, men kan ta berre eit par generasjonar å gje det bort, kanskje endå mindre viss vi følgjer Erik Hillestad sitt råd.

Erik Hillestad skreiv i Vårt Land torsdag.

I følgje historia i Det gamle testamentet om patriarkane Abraham, Isak og Jakob, selde Esau sin status som førstefødd til broren Jakob for ein rett linser. Det viser stor vanvørdnad for fedrearven, men var trass alt ein transaksjon innan familien. Verre er det at våre styresmakter gjev vilt framande ein aksje i landet og verdiane som hundre generasjonar før oss har slite for og bygt opp. For det er dei å takke at landet har blitt vårt, slik Nordahl Grieg indirekte seier i diktet som tittelen over er henta frå:

Langsomt ble landet vårt eget
med grøde av hav og jord,
og slitet skapte en ømhet,
en svakhet for liv som gror

Får ting provoserer meg sterkare enn påstanden om at pakistanarar og andre utlendingar har same rett på landet vårt som vi rotekte nordmenn."Det er det same kven som bur i Noreg", seier somme. Det synest ikkje eg, og det meinte nok slett ikkje våre nære eller fjerne forfedrar og -mødrer. Slitet med å dyrke opp karrig jord og vågemotet dei viste ved å ro eller sende son og mann ut på eit hav som alt hadde teke fleire i familien, vart gjort med tanke på komande slektsledd. Slike påkjenningar hadde ikkje vore til å bere om dei visste at etterkomarane kom til å leggje landet ope for folk frå heile verda. Eg er skamfull på vegne av min generasjon som har så lite respekt att for dei som odla landet og år for år tok det i eige, at vi no gjev det bort til kreti og pleti.

I staden for å seie akk og ve endå ein gong for at slikt får skje, vil eg i dag skrive litt om eit par ukjende kvinner for å vise kor hardt livet kunne vere i ei ikkje altfor fjern fortid. Det er meir enn ein månad sidan kvinnedagen, men det må vere lov til å heidre våre formødrer også andre dagar i året. Vi står alle i ein slektssamanheng, som bindeledd mellom fortida til familien og framtida for barn og barnebarn. Lesarane lyt tilgje meg at det nettopp er mi eiga tippoldemor og tipptippoldemor eg vil nemne. Dei nakne fakta som lokalhistorikaren Bjarne Rabben har teke med i Herøyboka Bind I, gjev eit godt bilde av korleis livet var for mange kystkvinner på 1800-talet. I boka "Ei kort historie om nesten alt" startar forfattaren Bill Bryson med ein gratulasjon til lesaren for at akkurat han eksisterer, gitt alle tilfeldige og usannsynlege samantreff som har gjort dette muleg. I dei fleste familiehistorier ser ein at livet mang ein gong hang i ein tynn tråd, som ofte slitna for einskildpersonar, men heldt så vidt for sjølve ætta. Det gjaldt ikkje minst for familien og slekta til desse to kvinnene. Ei solskinshistorie er det slett ikkje, men derimot ei med mykje dramatikk, mange brå dødsfall og eit overmål av sorg og sakn.

Den første eg vil nemne er tipptippoldemora mi, Marte Kristoffersdotter, som levde frå 1777 til 1857. Ho vart såleis 80 år, eit langt liv den gongen. Ho var først gift med Sjur Olson og fekk med han to søner, Nikolai og Kristoffer. Sistnemnde døydde som spedbarn, ektemannen Sjur kom bort på sjøen og den førstefødde, Nikolai, omkom 18 år gammal. Før det skjedde, hadde ho gifta seg igjen, i det historiske år 1814, med Kristen Kristofferson Kopperstad, som var femten år yngre. I dette ekteskapet fekk ho først to døtrer, Serine og Kristianne, og deretter to søner, Hans og Gjert Elias. Den yngste sonen døydde det året han vart fødd, den eldste omkom 21 år gammal. Ektemannen Kristen kom bort på sjøen saman med fire andre i 1928, då han var 35 år. Den tid var det knapt muleg for å kvinne å livberge seg sjølv og tre mindreårige barn utan hjelp frå ein vaksen kar, så alt året etter gifta Marte seg med Karl Steinarson Holte frå Volda, som var los. Han var fødd i 1800 og såleis 23 år yngre. Men også han omkom på sjøen, i Breisundet ut for Ålesund etter utført losteneste i 1853.

Alle tre ektemennene til Marte drukna såleis på havet, dei to første i ganske ung alder, og alle fire sønene hennar døydde enten som spedbarn eller i ungdomstida, utan å få sin eigen familie. Men to døtrer, Serine og Kristianne, levde opp og fekk etterkomarar. Den eldste, Serine (f. 1815), busette seg i heimbygda Goksøyr på Runde. Ektemannen og tre av barna hennar døydde tidleg, men tre døtrer og ein son, Hans Petter Goksøyr, levde opp. Tre av sønene hans igjen reiste ut, éin til Amerika, ein annan starta hermetikkfabrikk i Sverige og den tredje vart lektor og lærebokforfattar. Ein fjerde son, Hans Hansson Goksøyr (1879-1955) vart buande i bygda, men var m.a. med på å grunnleggje Noregs Sildesalslag og Noregs Fiskarlag, der han seinare vart æresmedlem. Han fekk også Kongens fortenestemedalje.

Den andre dottera til Marte, Kristianne (1817-1879), gifte seg i 1842 med Peder Pederson Knardal frå Rovde og busette seg der, i noverande Vanylven kommune. Ho vart mi tippoldemor, for ei av døtrene hennar, Karoline (1851-1938), kom attende til Runde og gifta seg med Isak, oldefar min på farsida.

Det er likevel ei anna tippoldemor eg i tillegg vil fortelje om, Karolines svigermor og Isaks mor, Karen Johanne Jonsdotter (1819-1906). Mor hennar igjen, Ragnhild (1780-1856), miste også første mannen sin på sjøen. Han var då berre 26 år. Son deira, Jetmund, kjøpte gard i ei anna bygd. Karen vart difor einaste arving etter Ragnhilds andre ektemann, Jon, for søstera hennar, Anne, døydde som spedbarn. Men det var ikkje mykje å arve, for garden var berre bygsla (leigd) frå presten Claus Frimann i Davik; han som skreiv visa "Ondt ofte lider den fiskermann". Sjølv vart Karen gift med Simon Isaksen frå Igesund i Fosnavåg, som overtok bygslebrevet og busette seg på Runde. Dei fekk fem søner og to døtrer fram til 1959, då Simon døydde 43 år gammal, men berre tre av dei sju barna levde opp og berre to fekk etterkomarar. Eldste sonen, Ottar, døydde då han var fem. Ein annan son, Knut Benjamin, gifta seg med Kristoffa frå Rovde. I Herøysoga står kort og konsist: "Dei var i Amerika, hadde 6 born som alle døydde. Kona òg døydde, og Knut vart så i 1899 gift med Lovise Tjelle, Horten, som var guvernante på Kvalnes (hos fyrvaktaren på Runde fyr), busette seg på Runde og var skomakar, døydde straks før han skulle byggje eige hus."

Karen vart som nemnt enkje i 1959. To år etter døydde dei to yngste barna hennar, Johannes Rafael (5) og Berta Marie (3) som dei første offer i kommunen for difteriepidemien, "Den Trondhjemske Halsesyge", som gjekk som ein farang i store delar av landet på den tida. Før to år var gått, fekk dei følgje av 61 andre barn, som lét livet av same grunn berre i Herøy kommune. Dei aller fleste av desse høyrde til fattigfolket, som budde trongt og dårleg og var underernærte og avkrefta i utgangspunktet, slik ofte var tilfelle når forsørgjaren fall frå og slekta verken var stor eller rik. Kusinene, dei tre yngste jentene til svogeren Isak, bror til Simon, var mellom dei siste som døydde lokalt i denne epidemien.

Karen gifta seg igjen i 1862, no med Nils Nilsson Berge, som hadde råd til å kjøpe bruket for 350 speciedalar. Men alle bekymringar var ikkje sløkt. På den tid stod alle husa på Runde i eit klyngjetun, og i 1864 brann heile husklyngja ned medan dei fleste vaksne var til kyrkje. Nye bustader vart sette opp, men måtte flyttast eit par tiår seinare, då utskiftinga skjedde, dvs teigdelinga tok slutt, og jorda til kvar eigar vart eit samanhengande stykke. Isak-garden, som eg vaks opp på, fekk namn sitt etter Isak (både son og svoger heitte slik), den eldste av dei to sønene hennar som framleis levde. Han tok over jordstykket då han gifte seg i 1876, men berre som bygslemann under stefaren.

Det var først bestefar min, Sigvald (1877-1962), som løyste ut bygslebrevet, 23 år gammal, dyrka opp heile garden, kosta dekksbåt saman med sønene og bygde løde i 1916 og nytt hus i 1925. Men heller ikkje livet hans var fritt for sorger og bekymringar. Yngste sonen, Sverre, låg bevisstlaus av spanskesykja så lenge at alt håp var ute og kiste vart bestilt. Han vakna likevel til slutt til live og fekk oppfylt sitt første og største ønske, å få eit lite kje att med seg i sjukesenga. I vaksen alder gjekk han Landbrukshøgskulen på Ås og var med på å stifte Noregs sau- og geitealslag, men barnekista stod heile livet hans som eit "memento mori" på bjelkelaget i sjøbua. Einaste dotter til Bestefar fekk polio som toåring, greidde aldri å snakke og knapt å gå, og døydde av følgjesjukdom knapt 16 år gammal. Året etter, i 1930, miste Bestefar kona av kreft, men gifta seg aldri igjen. På gravstøtta hans står: "Mang ei torve vreid du, mang ei båre reid du, mang ein strid det streid du." På soverommet hadde han eit bilde av apostelen Peter i ferd med å søkkje i det han skal gå Jesus i møte på Genesaretsjøen. Eldste bror min syntest det såg nifst ut og spurde Bestefar kvifor han ville ha eit så stygt bilde over senga si. Bestefar fortalde då om nordveststormen som hadde overraska dei på Storegga, fire timars rotur frå land, eingong i hans ungdom. Far hans gav ordre om å skjere av garnlenkja og setje segl og kurs for land. På veg inn vart Bestefar feia på sjøen av eit stormkast. Han kunne ikkje symje, men flaut på ei luftboble i oljekleda og ropa til Jesus om berging. Som ved eit under greidde faren og mannskapet å snu den opne båten mot vinden og nå tak i karen med ein båtshake.

For å forstå kor sterkt kristendom stod i kystkulturen, iallfall fram til midten av det 20. hundreåret, treng ein kjennskap til kor skjebnesvangert det var å vere prisgitt det lunefulle havet, som både gjev og tek liv. Bror til biskop Bernt Støylen var lærar på Runde, men drukna då han og fleire andre prøvde å berge karane på ein båt som kvelva i brenningane. Seinare skreiv Støylen den kjende salmen, "Gud signe vårt folk der dei sigler og ror". Der står det slik i andre og femte verset:

Sitt levebrød har dei på brusande hav,

med berre ei fjøl mellom seg og si grav.

I stormvêr og fåre

forkomne og klåre,

dei har ikkje mykje å tryggja seg til.

Gud Fader, du styrkja og trøysta dei vil!

 

Gud frelse vårt folk frå det stormande hav,

der mange av våre har funne si grav.

Til havs har dei fare,

så fager ein skare,

dei kviler der ute, men vaknar ein gong

og stemner frå havet til himlen med song.

Gå til innlegget

Leiarskribenten i dagens Vårt Land kallar Jagland ein representant for Europas samvit, og meiner, som han, at Noreg og Europa kunne og burde ta i mot langt fleire asylsøkjarar. Men held argumenta deira?

Kjernen i europeisk kultur er kristendom

VL kallar menneskerettar og demokratiske verdiar for kjernen i europeisk kultur. Det er feil. Kjernen er kristendommen, som konstituerte Europa som ei geografisk og kulturell eining, forskjellig frå det muslimske Nord-Afrika og Midtausten. Menneskerettar og demokrati er i beste fall avleidde verdiar, med røter både i kristendom og seinare sekulær humanisme. Men dette er ikkje verdiar som alltid spelar på lag. Når 25 juristar i Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) stadig vekk overkøyrer både nasjonalt folkestyre og høgste nasjonale domsmakt, taper demokratiet for eit juridisk fåmannsvelde. Jagland representerer difor verken kjernen i europeisk kultur eller den viktigaste verdien vår, nemleg folkestyret.

Grenser skaper tryggleik

VL og Jagland vil tilsynelatande ha kontroll med yttergrensene i Europa eller Schengen-området. Men det er tydeleg at dette ikkje skal vere ein kontroll for å hindre illegal innvandring, berre for å registrere dei som ønskjer å søkje asyl i eit land innanfor desse grensene, slik at vi "veit kjem som kjem hit". Det kan vere vanskeleg nok, etter som mange har falske papir og som regel kastar eller gøymer unna legitimasjonen før dei melder seg i landet dei helst vil bu i. Å byggje gjerde og setje grenser for kven som får kome inn i landet, er ikkje brot på internasjonale avtalar, men den første og viktigaste plikta for eit statsstyre. Tida er over for opne grenser, seier Janne Haaland Matlary, professor i statsvitskap.

Det er lemfeldig, og ikkje restriktiv, innvandringspolitikk som skaper kaos!

Verre er det at VL også går god for Jaglands påstand om at internasjonale konvensjonar om asyl og menneskerettar er byggverket som står mellom oss og kaos. Internasjonale avtalar som blir respekterte av alle land, er sjølvsagt bra. Men vi veit at menneskerettane stort sett berre blir praktiserte i vestlege land, med få unntak. I møte med dagens migrasjonsbølgjer på millionar, har dei same menneskerettane utspelt si rolle, slik dei har blitt praktisert til no. Det er rett og slett umuleg å gje millionar av asylsøkjarar ei individuell behandling. Dei internasjonale avtalane på dette området vart difor ei hovudårsak til det administrative, demografiske og kulturelle kaoset vi såg i fjor og ikkje eit bolverk mot det. Faren er at dette skal føre til endå større samfunnsoppløysing i framtida. Det ser vi alt tendensar til i nabolandet vårt.

 

Har Tyrkia verkeleg teke i mot forholdsvis fleire flyktningar og gitt dei eit betre liv enn Noreg?

Jagland og VL meiner Europa kunne teke i mot langt fleire "flyktningar" og viser til at Tyrkia har teke i mot 2,5 millionar mot våre skarve 30.000. Argumentet har som føresetnad at desse tala kan samanliknast. Men det kan dei ikkje. Ein bør også ta omsyn til at Noreg har gitt opphald til 133.000 asylsøkjarar siste tjuefem åra, før fjorårets 31.000. Kanskje til endå fleire, fordi det går ikkje fram av statistikken til SSB om familieinnvandrarar er inkluderte. Og talet på personar med innvandringsbakgrunn nærmar seg éin million, knapt ein femtedel av befolkninga. Per million innbyggjarar har vi såleis teke i mot fleire flyktningar enn Tyrkia, 32.800 mot 31.250. Det er også enorm skilnad på kva innkvartering og oppfølging flyktningar får i våre respektive land. Medan dei må ta til takke med teltleirar i Tyrkia, og anna hjelp i stor grad blir ytt av vestlege land, får personar med flyktningstatus her til lands eigne hus, gratis utdanning og god løn: 2G, dvs 180.000 kr, for kvar person per år; 2/3 av dette, dvs 120.000 kr, for dei under 25 år i introduksjonsprogrammet. Med mange barn kan beløpet bli stort.

Må vi etter FNs flykningkonvensjon gje flyktningar varig opphald og statsborgarskap?

Den største skilnaden, og den som får mest å seie på lang sikt, er at ingen flyktningar i nabolanda til Syria får varig opphald og statsborgarskap. Dei får vern så lenge det er krig, men når krigen tek slutt, må dei returnere til heimlandet. Det er heilt i pakt med FNs flyktningkonvensjon og EMD, slik Hanne Sophie Greve, med 6 års erfaring som dommar nettopp der, skreiv i Aftenposten 27. januar i år. No protesterer både V og KrF på forslaget om å vurdere asylbehovet på nytt etter fem år, til liks med alle andre pressgrupper og talsmenn for innvandring. Dei vil i staden at alle som først får ein fot innom døra, skal få bli for alltid. Men ingen internasjonale konvensjonar har dette som eit krav. Dei som likevel ønskjer å vidareføre slik praksis, går i realiteten inn for å erstatte den norske befolkninga med utlendingar, sjølv om dei ikkje nødvendigvis har dette som føremål og slett ikkje vil vedgå at dette blir konsekvensen.

Gå til innlegget

Ved mottak av mindreårige asylsøkjarar utarmar vi u-land, oppmuntrar fattige til å bli gjeldsslavar, sender barn i døden og i armane på kriminelle, stimulerer svart økonomi og reduserer hjelpa til millionar i naud. Er det då ei god gjerning?

Fleire kjem no enn før, ikkje pga krig, men fordi Merkel gjorde det muleg

Mellom dei forunderlege ting ved dagens folkevandring frå Asia og Afrika til Europa er praksisen med å sende barn og ungdommar i førevegen. Det kan minne litt om barnekorstoget for 800 år sidan. Men medan forteljinga om dét kanskje berre er ein myte, er dagens barnevandringar reelle nok. I 2015 kom det heile 5300 einslege, mindreårige asylsøkjarar til Noreg; dei aller fleste gutar i tenåra. Krigen i Syria kan ikkje vere hovudårsaka, for berre ti prosent var derifrå. Men heile 3400, dvs 65 prosent, var frå Afghanistan, som meir eller mindre har hatt borgarkrig sidan 1970-talet; likevel ikkje særleg meir i 2015 enn året før, då det kom berre ein tidel. Sverige tok til samanlikning i mot heile 35000 barn og ungdommar under atten år utan følgje av føresette i 2015, av dei 3777 frå Syria og 23480 frå Afghanistan, dvs omlag same prosentvise fordeling som i Noreg for dette året. Dette var fem gonger fleire enn året før, då 7000 kom åleine. Den eksplosive auken i løpet av 2015 kan såleis ikkje ha skjedd pga intensivert krig i Midtausten, men fordi både den fysiske og mentale grensa til Schengen-området braut saman.

Foreldre og føresette sender dei

Det er klart at knapt éin einaste person kan gå på sine bein frå Afghanistan og hit, langt mindre dei nær 27000 unge som i fjor tok denne reisa til Sverige eller Noreg utan følgje av vaksne slektningar. Dei var difor avhengige av transport, samt pengar og papir som gjorde reisa muleg. Foreldre og andre føresette, eller folk som ville tene pengar på ungdommane, må ha sytt for dette. Det er også UDI si oppfatning. I ein kollektiv kultur, der eldreråd av menn bestemmer det meste, har ikkje tenåringar noko dei skulle ha sagt. Slik sett er dei difor offer, nokre for krig, fleire for fattigdom og dei fleste for andre personars val. Men ein del av dei eldste tenåringane ser sikkert reisa også som ei muligheit for utdanning og eit betre liv i eit rikare land.

"Ankerbarn"

Kvifor vert så desse ungdommane sende ut på reise nettopp til Vest-Europa? Ein grunn kan vere å sikre avsendarane eit ankerfeste der, slik at dei sjølve kan kome etter pga reglane for familieinnvandring. Det var iallfall tilfelle med Abdulsalam Othman, som i 2011 reiste frå Somalia saman med ein eldre bror. Medan broren truleg drukna i Middelhavet, kom Abdulsalam via fengsel i Libya og opphald i Tunis etter kvart til Noreg. I 2012 søkte han om familieinnvandring for foreldra og ti sysken, som no var i Etiopia, og dei kom alle til Åmot i Modum kommune i fjor. Eksemplet illustrerer lønsemda, men også risikoen og kostnaden ved slik ei slik reise. Kor mange liknande saker som finst, er ikkje lett å finne svar på, men omfanget er iallfall så stort at det har fått eit eige namn, nemleg ankerbarn. Då regjeringa Stoltenberg i 2008 fekk vedteke 13 innstrammingar i retten til asyl, gjaldt eitt av dei einslege, mindreårige asylsøkjarar mellom 16 og 18 år:

"Det kan etter en individuell vurdering gis begrensede tillatelser uten rett til fornyelse, for enslige mindreårige søkere over 16 år som i dag får oppholdstillatelse kun fordi norske myndigheter ikke finner omsorgspersoner."

Dei under 16 år får varig opphald, og det fekk også 93% av alle under 18 år som kom åleine i 2014, ifølgje denne VL-artikkelen. Reelt er det endå fleire; sjå fordelinga av vedtak i 2015, som var slik.

Som investering

Ein annan grunn for å sende barn og ungdommar ut på ei dyr og farleg reise, er at dette kan lønne seg i det lange løp, spesielt for dei som finansierer reisa eller for dei fleste som reiser; i beste fall for begge partar. Ungdommane føler iallfall eit sterkt press for å sende heim pengar frå første stund. I følgje mottaksleiar Tove Brorson på Hvalsmoen transittmottak lever somme av dei på sveltegrensa for å kunne greie dette.

Store utgifter på dei få; lite att til dei mange

Einslege asylsøkjarar under 15 år får opphald i omsorgssenter til ein pris på 1,934 millionar per år. Dette gjeld omlag femdelen av dei som kom i 2015. Dei som er mellom 15 og 18, blir plassert i mottak for mindreårige, der kostnaden i året er 0,563 millionar per plass. Etter busetjing stig beløpet til 0,769 millionar. I gjennomsnitt for begge gruppene er offentlege utgifter omlag 900 tusen per plass og år; knapt dette før busetjing. Samla offentleg kostnad for dei 5300 ungdommane som kom i fjor, blir då 4,77 milliardar per år. Men her er ikkje utgifter til auka infrastruktur teke med. Dette svarar til ein sjudel av heile bistandsbudsjettet og er dobbelt så mykje som regjeringa no har lovt til hjelp for syriske flyktningar i Midtausten for 2016.

Mange lyg på alderen

Fordi mindreårige nesten alltid får positivt svar på søknad om asyl, har dette fungert som ein freistande snarveg til varig opphald i velferdsstatane i Nord-Europa også for personar over atten år. Tannundersøking vart brukt til alderstesting frå 2002, men sjølv sju år seinare indikerte denne at 9 av 10 testpersonar var eldre enn dei gav opp, 75% eldre enn 18 år og halvparten over 20 år. Så seint som sist oktober fortalde UDI-direktør Frode Forfang til VG at éin av tre som vart testa, viste seg å vere eldre enn atten. Det har difor blitt nødvendig med tilbod om m.a. røntgenundersøking av handleddet for svært mange tvilstilfelle, slik det går fram av desse retningslinjene. Om den "mindreårige" takkar nei til testing, treng ikkje det få konsekvensar i form av avslag på søknaden, men det går sjølvsagt på truverdet laust.

Tusenvis av barn blir offer for kriminelle

Mest alvorleg var kanskje opplysninga i Dagbladet 31. januar om at 10000 barn har blitt borte etter registrering i Europa berre dei siste to åra. Det er stabssjefen for Interpol som seier dette til den britiske avisa The Guardian. Sjølv om mange av dei truleg er komne fram til slektningar i Europa, er det grunn til å frykte at ein heil del også blir utnytta seksuelt, til svart arbeid eller annan kriminalitet av internasjonal mafia. Smugling av illegale immigrantar til Europa er i dag det mest lukrative kriminelle kan drive med. Det gjev eventyrleg gevinst med liten risiko for dei som står bak, og er tilsvarande kostbart for dei som betalar. For minst ein halv prosent av dei som gjev seg ut på denne reisa og sjanseseglasen, er prisen dei må betale reint uhyrleg, nemleg sitt eige liv.

Ei god ordning?

Ein skulle difor tru det var i alles interesse å få slutt på smuglinga. Reisa er farleg og belastninga stor på ungdommane, både undervegs og etter at dei kjem fram, m.a. i form av einsemd og uvante omgjevnader. Sjølvmord er den mest vanlege dødsårsak mellom asylsøkjarar i Europa. For avsendarlanda representerer emigrantane ein gedigen hjerneflukt, for det er oftast dei mest ressurssterke som reiser. Kostnaden for mottakarland i Europa er stor i form av skyhøge utgifter og stadig større og meir mektige kriminelle nettverk, som gjev svart økonomi og sviktande statsinntekter. Og fattige kan ikkje få både i pose og sekk, stikk i strid med det mange trur. To millionar brukt på éin person her til lands, kunne gitt svært god hjelp til meir enn hundre der dei kom i frå, enten det er Syria, Somalia eller Afghanistan. Nett no er situasjonen mest kritisk og behovet størst i Syria og nabolanda.

"Å, nordmenn er SÅ dumme!"

Lærar for innvandrarar gjennom ein heil generasjon, Olaf B. Halvorsen, gjev i boka "Gode formål - gale følger?" ei rekkje eksempel på kor lettlurte vi nordmenn er. Han fortel korleis somaliske jenter godta seg over kor blåøygde vi nordmenn er og inn mellom låtten hiksta fram: "Å, nordmenn er dumme!"

Å ta på oss alt ansvaret for underhald og opplæring av tusenvis av ungdommar frå andre land, når det også går utover nødvendig hjelp til andre, er ikkje berre dumt, men direkte ufornuftig og umoralsk. Til fleire vi gjev opphald, til fleire vil nemleg kome. Det beste må difor vere å sende barna og ungdommane heim att til foreldre og andre føresette, og gjere det klart at dette vil bli praksis i all framtid. Vil aktuelle land ikkje godta dette, trass løfte om økonomisk støtte, bør u-hjelp og annan stønad til dei gradvis bli fasa ut. Gjer vi ikkje dette, er det berre strengare tiltak i resten av Europa som kan hindre at straumen aukar for kvart år. Utanom smuglarane tener også asyladvokatar og dei som driv asylmottak ein del på trafikken. Hero Norge AS har siste fem åra hatt eit samla overskot på 102 millionar, men per år er sjølv dette mindre enn 0,5% av dei direkte statlege kostnader til mottak. Og då er alle administrative utgifter haldne utanfor.

Gå til innlegget

Ole Jørgen Anfindsens satsing på moderat islam som strategi i kampen mot ekstrem islam inneber etter mitt syn ei frontforkorting, på grensa til kapitulasjon.

Ole Jørgen Anfindsen er kritisk til fundamentalisme. Men om eit byggverk skal stå (seg), er først og fremst avhengig av KVALITETEN på fundamentet, om det er sterkt og sant eller svakt og sviktande; jamfør Matt. 7. 24-26.

Eit famntak uttrykkjer støtte, kjærleik og omsorg, men kan også fungere som ei tvangstrøye og hindre fri rørsle, eller tankens frie flukt når ordet blir brukt i overført tyding, slik Anfindsen gjer i tittelen på den nye boka si. Han vart sjølv opplært i ei bokstaveleg, fundamentalistisk forståing av Bibelen som lenge hindra han i å gripe og godta somme vitskaplege fakta. Då han innsåg dette på 1990-talet, kom han i ei truskrise.

I boka "Fundamentalistiske favntak" brukar han punkt 3 i Wikipedia-definisjonen av fundamentalisme til å analysere einspora eller ytterleggåande ideologiar, m.a. "islamofobi, islamisme og andre typer religiøs og sekulær fundamentalisme", som det står i undertittelen på boka. Eg er likevel skeptisk til om dette er eit eigna omgrep til å karakterisere så pass ulike tankar og grupper, men Anfindsen gjer det nok fordi han tek utgangspunkt i sitt opphavlege miljø, der han sjølv var blant dei skråsikre med skylappar. Å vere audmjuk nok til å vedgå eigne feil, jamvel om du har lagt dei bak deg, kan gjere det lettare å få ein motpart i tale. Det er eit sympatisk trekk, typisk for Anfindsen, som alltid har vist seg som ein sakleg, høfleg og vennleg debattant. Ved namnet på internettsida HonestThinking.org har han også profilert seg som ærleg og sanningssøkjande. På begge desse linkane kan ein finne fleire opplysningar om boka.

Tiltrekt av islam

I samband med boklanseringa har han i intervju fortalt kor nær han var å konvertere til islam i 2013, og at han no vil karakterisere seg som muslimsk kristen. Dét var svært overraskande etter at han i meir enn ti år har markert seg i offentleg debatt som ein sterk innvandringskritikar, for innvandringa frå nettopp muslimske land har då unekteleg vore den mest kontroversielle. Også innleiingskapitlet i boka handlar om hans "åndelege reise" med ein kurs som for meg er ubegripeleg. Aller minst forstår eg korleis begeistringa for islam kunne kome så brått, slik han sjølv skildrar det frå ein samtale med forstandar Basim Ghozlan i Rabita-moskéen i 2005:

"Og så, ut av det store intet - uten at Basim sa noe oppsiktsvekkende eller spesielt - kom ett av disse øyeblikkene som er av en slik karakter at man bare vet med seg selv at livet aldri kommer til å være det samme etterpå. Det var som jeg ble truffet av et aldri så lite lyn. Jeg ble både skamfull og begeistret på samme tid, for plutselig slo det meg at muslimen som satt rett foran meg var fylt av det Bibelen sier skal prege "de som hører Kristus til", nemlig en personlighetsforvandling bevirket av Den Hellige Ånd"

Det må likevel leggjast til at Anfindsen på dette tidspunktet var på leiting etter eit ankerfeste i livet, etter at han hadde forkasta både bokstavtruande kristendom og åndsfattig ateisme. I tillegg syntest han ikkje læra om treeinigheita kunne vere i samsvar med trua på éin sann Gud. I motsetning til slik spekulasjon om kristendommens dogmatikk understrekar C.S. Lewis i boka "Mirakler" at evangeliet, den glade bodskapen, gjaldt nyheita om Kristi oppstode og samlivet med den oppstadne Jesus Kristus. Dette opplevde tidsvitna, apostlane, som ei sanning og eit faktum dei frimodig kunne gå liv og død i møte på. All kristen tru byggjer på deira overtyding og overlevering, i tale og skrift (NT), uavhengig av seinare forsøk på å setje trua på formel eller presisere trusgrunnlaget med ord. Kristus er difor sjølve grunnlaget for kristendommen, slik Muhammed er grunnleggjande for islam. Valet mellom dei to bør etter mitt syn ikkje vere særleg vanskeleg.

Sjølv om Anfindsen i føreordet rettar personleg takk til ei rekkje muslimar og skriv utførleg om sitt personlege vennskap med Farrukh Chaudhry og sin nære konktakt med Abdul Aziz Ahmed, var det ting hos andre muslimar og ved islam han reagerte negativt på: Ingen sans for Bibelen, ei "lovisk" haldning (forbod og påbod), likesæle eller vanakt for kultur, intoleranse for andre truande, antiintellektuelle haldningar og ein ideologi som også skaper så mange ekstremistar. Og heller ikkje for Anfindsen let Jesus Kristus seg forstå som eit vanleg menneske. Det vart difor ikkje noko av den planlagde konverteringa.

Framleis innvandringsmotstandar

Når Anfindsen i kapittel to definerer det han ser som ulike typar fundamentalisme, skriv han berre to sider om høvesvis kristen, islamsk og islamofobisk fundamentalisme, men heile tretten om "humanistisk" fundamentalisme. Det viser kva han legg vekt på. Sjølvsagt er det ikkje grunnleggjande menneskerettar han har noko i mot, men ein humanisme som ikkje set grenser for innvandring eller stiller krav til innvandrarar om å tilpasse seg kultur og normer i landet dei har kome til. Men mest kritisk er han til dei som nektar for fakta, og politikarar og media som hindrar informasjon om og rettkomen kritikk av ugjerningar gjort av innvandrarar. Og særleg er han skeptisk til antirasistiske organisasjonar som berre ser trakassering retta mot innvandrarar og ikkje rasismen retta mot andre innvandrargrupper eller mot nordmenn.

I kapittel tre skriv Anfindsen om dei utfordringane vi står overfor som samfunn. Og det handlar sjølvsagt ikkje om kristen fundamentalisme, men om den muslimske og mangelen på sann og ærleg omtale av denne. Når Obama seier at "ISIL ikkje er islamsk" og Cameron kallar islam "ein fredens religion", er det rett og slett ikkje sant, iallfall ikkje i ei beskrivande tyding, meiner Anfindsen:

"Og dessverre er det ikke slik at ekstremistene utgjør en forsvinnende liten minoritet av muslimene (noe en del journalister og politikere stadig forsøker å trøste seg/oss med). Sannheten er at ekstremistene utgjør en stor minoritet; stor nok i massevis til å kunne påføre resten av verden enorme mengder død, lidelse og problemer. Og med et skremmende potensial for økt oppslutning i årene som kommer.... Det er på tide å snakke sant om de utfordringene fundamentalistisk islam stiller oss overfor. Det motsatte er ikke bare et svik mot storsamfunnet - det er også et svik mot våre muslimske brødre og søstre, som man i så fall gjør en bjørnetjeneste."

For ytringsfridom og mot multikultur

Nesten like skarp er Anfindsen mot dei som vil innskrenke ytringsfridom og demokrati. Han nemner konkret kronikken "Uakseptable ytringer" av Vetlesen, Ishaq, Bangstad og Hylland Eriksen i Aftenposten frå august 2011, samt politikarar og antirasistar som prøver å kneble folk ved å karakterisere legitime synspunkt som hatefulle og som påstår at sjølv grunngitt kritikk skriv seg frå hat mot dei den er retta mot. Blant sanningar han meiner må fram i lyset for å oppnå forsoning "etter at den multikulturelle revolusjonen har blitt trumfet igjennom på en måte som har skapt dype sår", som han uttrykkjer det, er m.a. desse:

  • Det norske folk har ikkje blitt spurt om det vil bli redusert til ein minoritet i sitt eige land
  • Dersom du ikkje ser nordmenn som aktuelle ekteskapskandidatar, så er du ikkje sjølv nordmann
  • Media har svikta si rolle ved ikkje å legge til rette for debatt om problematiske sider ved innvandring
  • Seriøse skeptikarar har systematisk blitt møtt med moralisering og hersketeknikk
  • Norske styresmakter har tillatt ei innvandring som har ført til drap, valdtekt og ran av ikkje så få nordmenn
  • Segregeringa har gått så langt at det er fare for parallellsamfunn

Mest bekymra er han fordi den norske eliten berre bagatelliserer alt dette.

Koranens Allah = Bibelens Gud !?

I fjerde kapittel med overskrifta "Vårt alles ansvar", skriv Anfindsen om kva kristne, muslimar og alle andre bør gjere for å kunne leve saman i fred. Han oppmodar der kristne av alle konfesjonar til å vere meir audmjuke og ikkje tru dei åleine sit med fasiten på alt. Og han meiner vi må vise større forståing for at muslimar ikkje kan godta treeinigheitslæra. Hans underliggande premiss er truleg at Koranens Allah er identisk med Bibelens Gud, noko verken underskrivne eller kristne flest finn rimeleg.

Reformasjon, sekularisme, humanisme, kulturrelativisme

Når Anfindsen med grunnlag i katolske Brad Gregorys bok, "The Unintended Reformation - how a religious revolution secularized society" påstår at reformasjonen la grunnlaget for sekularisme, har han eit poeng. Eitt av goda med reformasjon vil eg seie var at fornuft fekk større plass innan samfunnsstyring og tolking av den sanselege verda. Det negative var snusfornufta som avviser mysteriet eller krev Gud på ein forståeleg formel. Dermed vart grunnlaget lagt for sekulære, antikristelege og inhumane politiske rørsler og i neste omgang for kulturrelativismen, som manglar evne til å skilje mellom godt og gale. Når det gjeld desse følgjene av brotet med kristendommen, er eg heilt på linje med Anfindsen, som skriv:

"Jeg ser det slik at det nettopp er avkristningen av Europa som - både direkte og indirekte - har banet vei for den innvandrings- og integreringspolitikken som har vært ført i store deler av etterkrigstiden. Humanismen er blitt vårt religionssubstitutt, og nok en gang har vi gått i den fundamentalistiske grøften."

Kapittel fire inneheld også eit råd om å gje ut fleire bøker på norsk av moderate muslimar, og ei oppmoding til muslimar om også å lese i NT for å lære meir om Jesus ("Issa"). Gjensidig respekt bør vere eit ideal for alle. I dagens norske samfunn etterlyser han større sans for ekte konservatisme, som er noko kvalitativt anna enn liberal-høgre. Anfindsen støttar seg her til psykologen og forfattaren Jonathan Haidt, som seier at tradisjonar, institusjonar, verdiar og kulturell praksis som har utvikla seg gjennom generasjonar, er avgjerande for eit funksjonelt samfunn.

Er moderat islam redninga?

"Veien videre" er tittelen på femte og siste ordinære kapittel. Der står det m.a. slik:

"I øyeblikket ser det kun ut til å finnes én troverdig kandidat til å kunne stoppe utbredelsen av fundamentalistisk islam, og det er moderat islam; verken kristendom eller vestlig sekularisme ser ut til å kunne bidra med så veldig mye - ut over nettopp gjennom å påvirke muslimer til å orientere seg i moderat retning."

Men Anfindsen prøver på ei dobbelgardering som verkar paradoksal:

"Verken fundamentalister av kristen eller ateistisk/sekulær støpning bør få lov å hindre oss andre i å bidra til at moderat islam kan blomstre og få rotfeste i Norge og andre vestlige samfunn.. Samtidig må vi ikke være naive. Dersom kritikerne får rett og det viser seg at moderate muslimer aldri lykkes i å overbevise sine fundamentalistiske trossøsken, da må vi ha innrettet oss på en slik måte at ikke utviklingen kommer ut av kontroll."

Desse to sitata er blant det eg finn mest uklart og inkonsistent i boka. Eg meiner det er naivt å la islam i nokon form få blomstre og slå rot i Noreg i større grad enn det alt har gjort. For når så har skjedd, er det for seint å snu. Det einaste miljøet der radikal islam heilt manglar vekstvilkår, er hos dei kulturelle muslimane i LIM-nettverket.

Ytterleggåande og urealistiske alternativ, men europearane er på veg mot kollektivt sjølvmord

Fleire sider seinare skriv han så:

"Den (innvandrings-) politikken vi har ført, stiller oss tilsynelatende overfor to hovedalternativer; enten må vi kaste muslimene ut fra Europa, eller så må vi igjen bli religiøse. Jeg stemmer for det siste."

Å lansere utdriving av muslimar frå Europa, sjølv berre som eit teoretisk alternativ, er tankelaust og useriøst. Det ligg heilt opp til Fjordmans formulering frå 2010. Men det må forståast ut frå det Anfindsen har skrive like før, nemleg at i det liberale Europa vil ikkje eller greier ikkje folk å få mange nok barn til å sikre eigen reproduksjon. Det har ikkje minst sosiologen Sigurd Skirbekk peika på i boka "Ideologi, myte og tro ved slutten av et århundre", frå 1999. Den engelskspråklege utgåva har fått tittelen "Dysfunctional Culture", som seier det meste. Så lenge europeiske styresmakter legg til rette for innvandring og ikkje for at våre eigne kvinner skal få mange nok barn til å halde folketalet oppe, meiner også eg at det går strake vegen mot Spenglers "Der Untergang des Abendslandes", og at muslimar og islam vil ta over, sidan dei representerer den mest talrike og dominerande gruppa av innvandrarar. Det einaste som kan hindre dette i det lange løp er full stans i innvandringa og ei viss positiv diskriminering av urbefolkninga.

Anfindsen åtvarar i tillegg mot utopismen til dei som trur vestlege land med raskt minkande eiga befolkning og sviktande økonomi skal kunne redde heile verda. Samtidig skriv han sjølv like etter noko som er omlag like urealistisk:

"La oss sette oss som mål at vi - i løpet av noen hundre år - skal befri den muslimske verden fra fundamentalismens forbannede favntak. Og la oss gjøre dette ved å promotere moderat islam i Vesten, .."

Les boka og døm sjølv!

Eg las denne boka parallelt med Storhaugs bok om islam som den 11. landeplage. Begge forfattarane skil mellom moderat og ekstrem islam, men Storhaug er sjølvsagt gjennomgåande meir skeptisk og negativ til hovudstraumen, ikkje minst pga kvinnesynet og patriarkalske strukturar som herskar blant muslimske innvandrarar. Når det gjeld synet på Rabita-moskéen, der Anfindsen har delteke på 10-20 seminar, er skilnaden mellom dei som natt og dag. Sjølv er eg nok mest samd med Storhaug. Anfindsens satsing på moderat islam som strategi i kampen mot ekstrem, inneber etter mitt syn ei frontforkorting, på grensa til kapitulasjon. Dessutan er eg kritisk til synkretismen som skin gjennom når han prøver å samle kristendom og islam under éin hatt. Men boka er vel verdt å lese som kritikk av ein multikultur som ikkje er berekraftig, sjølv om kritikaren synest å vere influert av same tidsånda på sin spesielle måte.

Det eg her har sitert og referert er sjølvsagt berre eit lite utval og truleg med ei overvekt av synspunkt der vi skil lag. Men boka inneheld også 9 appendix med følgjande overskrifter:

Hvordan gjenkjenne en fundamentalist, Fader Paolo og islam, Et utvidet disippelbegrep, Religionsdialog i praksis, Salmenes bok, Bibelproblemer, Treenighetslæren, Gai Eaton og Khaled M. Abou El Fadl.

Som ein ser handlar det i hovudsak om islam og kristendom, dvs kvar religionane tangerer kvarandre og skil seg frå kvarandre. Eg kunne tenkt meg å kommentere dette også, men slik kritikk bør skje i eit eige innlegg og helst av nokon med teologisk kompetanse.

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere