Per Steinar Runde

Alder: 71
  RSS

Om Per Steinar

Lækjar i Herøy 1977-2008. Utanom yrket interessert i m.a. sjakk, historie, samfunnsspørsmål og kulturdebatt.

Følgere

Ved mottak av mindreårige asylsøkjarar utarmar vi u-land, oppmuntrar fattige til å bli gjeldsslavar, sender barn i døden og i armane på kriminelle, stimulerer svart økonomi og reduserer hjelpa til millionar i naud. Er det då ei god gjerning?

Fleire kjem no enn før, ikkje pga krig, men fordi Merkel gjorde det muleg

Mellom dei forunderlege ting ved dagens folkevandring frå Asia og Afrika til Europa er praksisen med å sende barn og ungdommar i førevegen. Det kan minne litt om barnekorstoget for 800 år sidan. Men medan forteljinga om dét kanskje berre er ein myte, er dagens barnevandringar reelle nok. I 2015 kom det heile 5300 einslege, mindreårige asylsøkjarar til Noreg; dei aller fleste gutar i tenåra. Krigen i Syria kan ikkje vere hovudårsaka, for berre ti prosent var derifrå. Men heile 3400, dvs 65 prosent, var frå Afghanistan, som meir eller mindre har hatt borgarkrig sidan 1970-talet; likevel ikkje særleg meir i 2015 enn året før, då det kom berre ein tidel. Sverige tok til samanlikning i mot heile 35000 barn og ungdommar under atten år utan følgje av føresette i 2015, av dei 3777 frå Syria og 23480 frå Afghanistan, dvs omlag same prosentvise fordeling som i Noreg for dette året. Dette var fem gonger fleire enn året før, då 7000 kom åleine. Den eksplosive auken i løpet av 2015 kan såleis ikkje ha skjedd pga intensivert krig i Midtausten, men fordi både den fysiske og mentale grensa til Schengen-området braut saman.

Foreldre og føresette sender dei

Det er klart at knapt éin einaste person kan gå på sine bein frå Afghanistan og hit, langt mindre dei nær 27000 unge som i fjor tok denne reisa til Sverige eller Noreg utan følgje av vaksne slektningar. Dei var difor avhengige av transport, samt pengar og papir som gjorde reisa muleg. Foreldre og andre føresette, eller folk som ville tene pengar på ungdommane, må ha sytt for dette. Det er også UDI si oppfatning. I ein kollektiv kultur, der eldreråd av menn bestemmer det meste, har ikkje tenåringar noko dei skulle ha sagt. Slik sett er dei difor offer, nokre for krig, fleire for fattigdom og dei fleste for andre personars val. Men ein del av dei eldste tenåringane ser sikkert reisa også som ei muligheit for utdanning og eit betre liv i eit rikare land.

"Ankerbarn"

Kvifor vert så desse ungdommane sende ut på reise nettopp til Vest-Europa? Ein grunn kan vere å sikre avsendarane eit ankerfeste der, slik at dei sjølve kan kome etter pga reglane for familieinnvandring. Det var iallfall tilfelle med Abdulsalam Othman, som i 2011 reiste frå Somalia saman med ein eldre bror. Medan broren truleg drukna i Middelhavet, kom Abdulsalam via fengsel i Libya og opphald i Tunis etter kvart til Noreg. I 2012 søkte han om familieinnvandring for foreldra og ti sysken, som no var i Etiopia, og dei kom alle til Åmot i Modum kommune i fjor. Eksemplet illustrerer lønsemda, men også risikoen og kostnaden ved slik ei slik reise. Kor mange liknande saker som finst, er ikkje lett å finne svar på, men omfanget er iallfall så stort at det har fått eit eige namn, nemleg ankerbarn. Då regjeringa Stoltenberg i 2008 fekk vedteke 13 innstrammingar i retten til asyl, gjaldt eitt av dei einslege, mindreårige asylsøkjarar mellom 16 og 18 år:

"Det kan etter en individuell vurdering gis begrensede tillatelser uten rett til fornyelse, for enslige mindreårige søkere over 16 år som i dag får oppholdstillatelse kun fordi norske myndigheter ikke finner omsorgspersoner."

Dei under 16 år får varig opphald, og det fekk også 93% av alle under 18 år som kom åleine i 2014, ifølgje denne VL-artikkelen. Reelt er det endå fleire; sjå fordelinga av vedtak i 2015, som var slik.

Som investering

Ein annan grunn for å sende barn og ungdommar ut på ei dyr og farleg reise, er at dette kan lønne seg i det lange løp, spesielt for dei som finansierer reisa eller for dei fleste som reiser; i beste fall for begge partar. Ungdommane føler iallfall eit sterkt press for å sende heim pengar frå første stund. I følgje mottaksleiar Tove Brorson på Hvalsmoen transittmottak lever somme av dei på sveltegrensa for å kunne greie dette.

Store utgifter på dei få; lite att til dei mange

Einslege asylsøkjarar under 15 år får opphald i omsorgssenter til ein pris på 1,934 millionar per år. Dette gjeld omlag femdelen av dei som kom i 2015. Dei som er mellom 15 og 18, blir plassert i mottak for mindreårige, der kostnaden i året er 0,563 millionar per plass. Etter busetjing stig beløpet til 0,769 millionar. I gjennomsnitt for begge gruppene er offentlege utgifter omlag 900 tusen per plass og år; knapt dette før busetjing. Samla offentleg kostnad for dei 5300 ungdommane som kom i fjor, blir då 4,77 milliardar per år. Men her er ikkje utgifter til auka infrastruktur teke med. Dette svarar til ein sjudel av heile bistandsbudsjettet og er dobbelt så mykje som regjeringa no har lovt til hjelp for syriske flyktningar i Midtausten for 2016.

Mange lyg på alderen

Fordi mindreårige nesten alltid får positivt svar på søknad om asyl, har dette fungert som ein freistande snarveg til varig opphald i velferdsstatane i Nord-Europa også for personar over atten år. Tannundersøking vart brukt til alderstesting frå 2002, men sjølv sju år seinare indikerte denne at 9 av 10 testpersonar var eldre enn dei gav opp, 75% eldre enn 18 år og halvparten over 20 år. Så seint som sist oktober fortalde UDI-direktør Frode Forfang til VG at éin av tre som vart testa, viste seg å vere eldre enn atten. Det har difor blitt nødvendig med tilbod om m.a. røntgenundersøking av handleddet for svært mange tvilstilfelle, slik det går fram av desse retningslinjene. Om den "mindreårige" takkar nei til testing, treng ikkje det få konsekvensar i form av avslag på søknaden, men det går sjølvsagt på truverdet laust.

Tusenvis av barn blir offer for kriminelle

Mest alvorleg var kanskje opplysninga i Dagbladet 31. januar om at 10000 barn har blitt borte etter registrering i Europa berre dei siste to åra. Det er stabssjefen for Interpol som seier dette til den britiske avisa The Guardian. Sjølv om mange av dei truleg er komne fram til slektningar i Europa, er det grunn til å frykte at ein heil del også blir utnytta seksuelt, til svart arbeid eller annan kriminalitet av internasjonal mafia. Smugling av illegale immigrantar til Europa er i dag det mest lukrative kriminelle kan drive med. Det gjev eventyrleg gevinst med liten risiko for dei som står bak, og er tilsvarande kostbart for dei som betalar. For minst ein halv prosent av dei som gjev seg ut på denne reisa og sjanseseglasen, er prisen dei må betale reint uhyrleg, nemleg sitt eige liv.

Ei god ordning?

Ein skulle difor tru det var i alles interesse å få slutt på smuglinga. Reisa er farleg og belastninga stor på ungdommane, både undervegs og etter at dei kjem fram, m.a. i form av einsemd og uvante omgjevnader. Sjølvmord er den mest vanlege dødsårsak mellom asylsøkjarar i Europa. For avsendarlanda representerer emigrantane ein gedigen hjerneflukt, for det er oftast dei mest ressurssterke som reiser. Kostnaden for mottakarland i Europa er stor i form av skyhøge utgifter og stadig større og meir mektige kriminelle nettverk, som gjev svart økonomi og sviktande statsinntekter. Og fattige kan ikkje få både i pose og sekk, stikk i strid med det mange trur. To millionar brukt på éin person her til lands, kunne gitt svært god hjelp til meir enn hundre der dei kom i frå, enten det er Syria, Somalia eller Afghanistan. Nett no er situasjonen mest kritisk og behovet størst i Syria og nabolanda.

"Å, nordmenn er SÅ dumme!"

Lærar for innvandrarar gjennom ein heil generasjon, Olaf B. Halvorsen, gjev i boka "Gode formål - gale følger?" ei rekkje eksempel på kor lettlurte vi nordmenn er. Han fortel korleis somaliske jenter godta seg over kor blåøygde vi nordmenn er og inn mellom låtten hiksta fram: "Å, nordmenn er dumme!"

Å ta på oss alt ansvaret for underhald og opplæring av tusenvis av ungdommar frå andre land, når det også går utover nødvendig hjelp til andre, er ikkje berre dumt, men direkte ufornuftig og umoralsk. Til fleire vi gjev opphald, til fleire vil nemleg kome. Det beste må difor vere å sende barna og ungdommane heim att til foreldre og andre føresette, og gjere det klart at dette vil bli praksis i all framtid. Vil aktuelle land ikkje godta dette, trass løfte om økonomisk støtte, bør u-hjelp og annan stønad til dei gradvis bli fasa ut. Gjer vi ikkje dette, er det berre strengare tiltak i resten av Europa som kan hindre at straumen aukar for kvart år. Utanom smuglarane tener også asyladvokatar og dei som driv asylmottak ein del på trafikken. Hero Norge AS har siste fem åra hatt eit samla overskot på 102 millionar, men per år er sjølv dette mindre enn 0,5% av dei direkte statlege kostnader til mottak. Og då er alle administrative utgifter haldne utanfor.

Gå til innlegget

Ole Jørgen Anfindsens satsing på moderat islam som strategi i kampen mot ekstrem islam inneber etter mitt syn ei frontforkorting, på grensa til kapitulasjon.

Ole Jørgen Anfindsen er kritisk til fundamentalisme. Men om eit byggverk skal stå (seg), er først og fremst avhengig av KVALITETEN på fundamentet, om det er sterkt og sant eller svakt og sviktande; jamfør Matt. 7. 24-26.

Eit famntak uttrykkjer støtte, kjærleik og omsorg, men kan også fungere som ei tvangstrøye og hindre fri rørsle, eller tankens frie flukt når ordet blir brukt i overført tyding, slik Anfindsen gjer i tittelen på den nye boka si. Han vart sjølv opplært i ei bokstaveleg, fundamentalistisk forståing av Bibelen som lenge hindra han i å gripe og godta somme vitskaplege fakta. Då han innsåg dette på 1990-talet, kom han i ei truskrise.

I boka "Fundamentalistiske favntak" brukar han punkt 3 i Wikipedia-definisjonen av fundamentalisme til å analysere einspora eller ytterleggåande ideologiar, m.a. "islamofobi, islamisme og andre typer religiøs og sekulær fundamentalisme", som det står i undertittelen på boka. Eg er likevel skeptisk til om dette er eit eigna omgrep til å karakterisere så pass ulike tankar og grupper, men Anfindsen gjer det nok fordi han tek utgangspunkt i sitt opphavlege miljø, der han sjølv var blant dei skråsikre med skylappar. Å vere audmjuk nok til å vedgå eigne feil, jamvel om du har lagt dei bak deg, kan gjere det lettare å få ein motpart i tale. Det er eit sympatisk trekk, typisk for Anfindsen, som alltid har vist seg som ein sakleg, høfleg og vennleg debattant. Ved namnet på internettsida HonestThinking.org har han også profilert seg som ærleg og sanningssøkjande. På begge desse linkane kan ein finne fleire opplysningar om boka.

Tiltrekt av islam

I samband med boklanseringa har han i intervju fortalt kor nær han var å konvertere til islam i 2013, og at han no vil karakterisere seg som muslimsk kristen. Dét var svært overraskande etter at han i meir enn ti år har markert seg i offentleg debatt som ein sterk innvandringskritikar, for innvandringa frå nettopp muslimske land har då unekteleg vore den mest kontroversielle. Også innleiingskapitlet i boka handlar om hans "åndelege reise" med ein kurs som for meg er ubegripeleg. Aller minst forstår eg korleis begeistringa for islam kunne kome så brått, slik han sjølv skildrar det frå ein samtale med forstandar Basim Ghozlan i Rabita-moskéen i 2005:

"Og så, ut av det store intet - uten at Basim sa noe oppsiktsvekkende eller spesielt - kom ett av disse øyeblikkene som er av en slik karakter at man bare vet med seg selv at livet aldri kommer til å være det samme etterpå. Det var som jeg ble truffet av et aldri så lite lyn. Jeg ble både skamfull og begeistret på samme tid, for plutselig slo det meg at muslimen som satt rett foran meg var fylt av det Bibelen sier skal prege "de som hører Kristus til", nemlig en personlighetsforvandling bevirket av Den Hellige Ånd"

Det må likevel leggjast til at Anfindsen på dette tidspunktet var på leiting etter eit ankerfeste i livet, etter at han hadde forkasta både bokstavtruande kristendom og åndsfattig ateisme. I tillegg syntest han ikkje læra om treeinigheita kunne vere i samsvar med trua på éin sann Gud. I motsetning til slik spekulasjon om kristendommens dogmatikk understrekar C.S. Lewis i boka "Mirakler" at evangeliet, den glade bodskapen, gjaldt nyheita om Kristi oppstode og samlivet med den oppstadne Jesus Kristus. Dette opplevde tidsvitna, apostlane, som ei sanning og eit faktum dei frimodig kunne gå liv og død i møte på. All kristen tru byggjer på deira overtyding og overlevering, i tale og skrift (NT), uavhengig av seinare forsøk på å setje trua på formel eller presisere trusgrunnlaget med ord. Kristus er difor sjølve grunnlaget for kristendommen, slik Muhammed er grunnleggjande for islam. Valet mellom dei to bør etter mitt syn ikkje vere særleg vanskeleg.

Sjølv om Anfindsen i føreordet rettar personleg takk til ei rekkje muslimar og skriv utførleg om sitt personlege vennskap med Farrukh Chaudhry og sin nære konktakt med Abdul Aziz Ahmed, var det ting hos andre muslimar og ved islam han reagerte negativt på: Ingen sans for Bibelen, ei "lovisk" haldning (forbod og påbod), likesæle eller vanakt for kultur, intoleranse for andre truande, antiintellektuelle haldningar og ein ideologi som også skaper så mange ekstremistar. Og heller ikkje for Anfindsen let Jesus Kristus seg forstå som eit vanleg menneske. Det vart difor ikkje noko av den planlagde konverteringa.

Framleis innvandringsmotstandar

Når Anfindsen i kapittel to definerer det han ser som ulike typar fundamentalisme, skriv han berre to sider om høvesvis kristen, islamsk og islamofobisk fundamentalisme, men heile tretten om "humanistisk" fundamentalisme. Det viser kva han legg vekt på. Sjølvsagt er det ikkje grunnleggjande menneskerettar han har noko i mot, men ein humanisme som ikkje set grenser for innvandring eller stiller krav til innvandrarar om å tilpasse seg kultur og normer i landet dei har kome til. Men mest kritisk er han til dei som nektar for fakta, og politikarar og media som hindrar informasjon om og rettkomen kritikk av ugjerningar gjort av innvandrarar. Og særleg er han skeptisk til antirasistiske organisasjonar som berre ser trakassering retta mot innvandrarar og ikkje rasismen retta mot andre innvandrargrupper eller mot nordmenn.

I kapittel tre skriv Anfindsen om dei utfordringane vi står overfor som samfunn. Og det handlar sjølvsagt ikkje om kristen fundamentalisme, men om den muslimske og mangelen på sann og ærleg omtale av denne. Når Obama seier at "ISIL ikkje er islamsk" og Cameron kallar islam "ein fredens religion", er det rett og slett ikkje sant, iallfall ikkje i ei beskrivande tyding, meiner Anfindsen:

"Og dessverre er det ikke slik at ekstremistene utgjør en forsvinnende liten minoritet av muslimene (noe en del journalister og politikere stadig forsøker å trøste seg/oss med). Sannheten er at ekstremistene utgjør en stor minoritet; stor nok i massevis til å kunne påføre resten av verden enorme mengder død, lidelse og problemer. Og med et skremmende potensial for økt oppslutning i årene som kommer.... Det er på tide å snakke sant om de utfordringene fundamentalistisk islam stiller oss overfor. Det motsatte er ikke bare et svik mot storsamfunnet - det er også et svik mot våre muslimske brødre og søstre, som man i så fall gjør en bjørnetjeneste."

For ytringsfridom og mot multikultur

Nesten like skarp er Anfindsen mot dei som vil innskrenke ytringsfridom og demokrati. Han nemner konkret kronikken "Uakseptable ytringer" av Vetlesen, Ishaq, Bangstad og Hylland Eriksen i Aftenposten frå august 2011, samt politikarar og antirasistar som prøver å kneble folk ved å karakterisere legitime synspunkt som hatefulle og som påstår at sjølv grunngitt kritikk skriv seg frå hat mot dei den er retta mot. Blant sanningar han meiner må fram i lyset for å oppnå forsoning "etter at den multikulturelle revolusjonen har blitt trumfet igjennom på en måte som har skapt dype sår", som han uttrykkjer det, er m.a. desse:

  • Det norske folk har ikkje blitt spurt om det vil bli redusert til ein minoritet i sitt eige land
  • Dersom du ikkje ser nordmenn som aktuelle ekteskapskandidatar, så er du ikkje sjølv nordmann
  • Media har svikta si rolle ved ikkje å legge til rette for debatt om problematiske sider ved innvandring
  • Seriøse skeptikarar har systematisk blitt møtt med moralisering og hersketeknikk
  • Norske styresmakter har tillatt ei innvandring som har ført til drap, valdtekt og ran av ikkje så få nordmenn
  • Segregeringa har gått så langt at det er fare for parallellsamfunn

Mest bekymra er han fordi den norske eliten berre bagatelliserer alt dette.

Koranens Allah = Bibelens Gud !?

I fjerde kapittel med overskrifta "Vårt alles ansvar", skriv Anfindsen om kva kristne, muslimar og alle andre bør gjere for å kunne leve saman i fred. Han oppmodar der kristne av alle konfesjonar til å vere meir audmjuke og ikkje tru dei åleine sit med fasiten på alt. Og han meiner vi må vise større forståing for at muslimar ikkje kan godta treeinigheitslæra. Hans underliggande premiss er truleg at Koranens Allah er identisk med Bibelens Gud, noko verken underskrivne eller kristne flest finn rimeleg.

Reformasjon, sekularisme, humanisme, kulturrelativisme

Når Anfindsen med grunnlag i katolske Brad Gregorys bok, "The Unintended Reformation - how a religious revolution secularized society" påstår at reformasjonen la grunnlaget for sekularisme, har han eit poeng. Eitt av goda med reformasjon vil eg seie var at fornuft fekk større plass innan samfunnsstyring og tolking av den sanselege verda. Det negative var snusfornufta som avviser mysteriet eller krev Gud på ein forståeleg formel. Dermed vart grunnlaget lagt for sekulære, antikristelege og inhumane politiske rørsler og i neste omgang for kulturrelativismen, som manglar evne til å skilje mellom godt og gale. Når det gjeld desse følgjene av brotet med kristendommen, er eg heilt på linje med Anfindsen, som skriv:

"Jeg ser det slik at det nettopp er avkristningen av Europa som - både direkte og indirekte - har banet vei for den innvandrings- og integreringspolitikken som har vært ført i store deler av etterkrigstiden. Humanismen er blitt vårt religionssubstitutt, og nok en gang har vi gått i den fundamentalistiske grøften."

Kapittel fire inneheld også eit råd om å gje ut fleire bøker på norsk av moderate muslimar, og ei oppmoding til muslimar om også å lese i NT for å lære meir om Jesus ("Issa"). Gjensidig respekt bør vere eit ideal for alle. I dagens norske samfunn etterlyser han større sans for ekte konservatisme, som er noko kvalitativt anna enn liberal-høgre. Anfindsen støttar seg her til psykologen og forfattaren Jonathan Haidt, som seier at tradisjonar, institusjonar, verdiar og kulturell praksis som har utvikla seg gjennom generasjonar, er avgjerande for eit funksjonelt samfunn.

Er moderat islam redninga?

"Veien videre" er tittelen på femte og siste ordinære kapittel. Der står det m.a. slik:

"I øyeblikket ser det kun ut til å finnes én troverdig kandidat til å kunne stoppe utbredelsen av fundamentalistisk islam, og det er moderat islam; verken kristendom eller vestlig sekularisme ser ut til å kunne bidra med så veldig mye - ut over nettopp gjennom å påvirke muslimer til å orientere seg i moderat retning."

Men Anfindsen prøver på ei dobbelgardering som verkar paradoksal:

"Verken fundamentalister av kristen eller ateistisk/sekulær støpning bør få lov å hindre oss andre i å bidra til at moderat islam kan blomstre og få rotfeste i Norge og andre vestlige samfunn.. Samtidig må vi ikke være naive. Dersom kritikerne får rett og det viser seg at moderate muslimer aldri lykkes i å overbevise sine fundamentalistiske trossøsken, da må vi ha innrettet oss på en slik måte at ikke utviklingen kommer ut av kontroll."

Desse to sitata er blant det eg finn mest uklart og inkonsistent i boka. Eg meiner det er naivt å la islam i nokon form få blomstre og slå rot i Noreg i større grad enn det alt har gjort. For når så har skjedd, er det for seint å snu. Det einaste miljøet der radikal islam heilt manglar vekstvilkår, er hos dei kulturelle muslimane i LIM-nettverket.

Ytterleggåande og urealistiske alternativ, men europearane er på veg mot kollektivt sjølvmord

Fleire sider seinare skriv han så:

"Den (innvandrings-) politikken vi har ført, stiller oss tilsynelatende overfor to hovedalternativer; enten må vi kaste muslimene ut fra Europa, eller så må vi igjen bli religiøse. Jeg stemmer for det siste."

Å lansere utdriving av muslimar frå Europa, sjølv berre som eit teoretisk alternativ, er tankelaust og useriøst. Det ligg heilt opp til Fjordmans formulering frå 2010. Men det må forståast ut frå det Anfindsen har skrive like før, nemleg at i det liberale Europa vil ikkje eller greier ikkje folk å få mange nok barn til å sikre eigen reproduksjon. Det har ikkje minst sosiologen Sigurd Skirbekk peika på i boka "Ideologi, myte og tro ved slutten av et århundre", frå 1999. Den engelskspråklege utgåva har fått tittelen "Dysfunctional Culture", som seier det meste. Så lenge europeiske styresmakter legg til rette for innvandring og ikkje for at våre eigne kvinner skal få mange nok barn til å halde folketalet oppe, meiner også eg at det går strake vegen mot Spenglers "Der Untergang des Abendslandes", og at muslimar og islam vil ta over, sidan dei representerer den mest talrike og dominerande gruppa av innvandrarar. Det einaste som kan hindre dette i det lange løp er full stans i innvandringa og ei viss positiv diskriminering av urbefolkninga.

Anfindsen åtvarar i tillegg mot utopismen til dei som trur vestlege land med raskt minkande eiga befolkning og sviktande økonomi skal kunne redde heile verda. Samtidig skriv han sjølv like etter noko som er omlag like urealistisk:

"La oss sette oss som mål at vi - i løpet av noen hundre år - skal befri den muslimske verden fra fundamentalismens forbannede favntak. Og la oss gjøre dette ved å promotere moderat islam i Vesten, .."

Les boka og døm sjølv!

Eg las denne boka parallelt med Storhaugs bok om islam som den 11. landeplage. Begge forfattarane skil mellom moderat og ekstrem islam, men Storhaug er sjølvsagt gjennomgåande meir skeptisk og negativ til hovudstraumen, ikkje minst pga kvinnesynet og patriarkalske strukturar som herskar blant muslimske innvandrarar. Når det gjeld synet på Rabita-moskéen, der Anfindsen har delteke på 10-20 seminar, er skilnaden mellom dei som natt og dag. Sjølv er eg nok mest samd med Storhaug. Anfindsens satsing på moderat islam som strategi i kampen mot ekstrem, inneber etter mitt syn ei frontforkorting, på grensa til kapitulasjon. Dessutan er eg kritisk til synkretismen som skin gjennom når han prøver å samle kristendom og islam under éin hatt. Men boka er vel verdt å lese som kritikk av ein multikultur som ikkje er berekraftig, sjølv om kritikaren synest å vere influert av same tidsånda på sin spesielle måte.

Det eg her har sitert og referert er sjølvsagt berre eit lite utval og truleg med ei overvekt av synspunkt der vi skil lag. Men boka inneheld også 9 appendix med følgjande overskrifter:

Hvordan gjenkjenne en fundamentalist, Fader Paolo og islam, Et utvidet disippelbegrep, Religionsdialog i praksis, Salmenes bok, Bibelproblemer, Treenighetslæren, Gai Eaton og Khaled M. Abou El Fadl.

Som ein ser handlar det i hovudsak om islam og kristendom, dvs kvar religionane tangerer kvarandre og skil seg frå kvarandre. Eg kunne tenkt meg å kommentere dette også, men slik kritikk bør skje i eit eige innlegg og helst av nokon med teologisk kompetanse.

Gå til innlegget

I to innlegg har Gule prøvd å så tvil om kor seriøs og truverdig Storhaug er i omtalen av islam. Men dei "feila" han finn, skriv seg i stor grad frå hans eiga vrangvillige lesing.

Om innlegget "Fenomenet Storhaug"

Første innlegget til Gule, "Fenomenet Storhaug", skreiv eg om i kommentaren "Kasuistikk og statistikk". Men eg kom ikkje der inn på intervjuet Aftenposten gjorde med Grete Brochmann, som han viste til. På spørsmål om flyktningstraumen ville tvinge oss til å endre den norske velferdsmodellen, svara ho, slik Gule korrekt siterte: "Jeg tror en liten justering må til". Men det er uklart kva ho eigentleg svara på; om svaret gjaldt asylstraumen i år eller ho også inkluderte den som seinare kan kome. Dei 31.000 asylsøkjarane i 2015 vil ikkje nødvendigvis gje så store endringar, men sjølv om berre halvparten så mange får asyl kvart år framover, vil dette, saman med eksisterande og komande familieinnvandring, få velferdsstaten til å bryte saman; sjå innlegga "Innvandring og økonomi"  og "Kostnaden ved asylinnvandringa". I siste overslaget har eg ikkje eingong teke med kostnaden for dei første seks åra, på fleire hundre tusen per år for kvar asylsøkjar og det mangedoble for kvar under 18 år, fordi eg trudde SSB hadde inkludert dette i reknestykket sitt. Men det har dei ikkje, sjå her og her. Sjølv i ei tid med full sysselsetjing var dessutan berre omlag halvparten av innvandrarane frå muslimske land i arbeid. No har vi alt 130.000 arbeidslause i landet, og økonomane spår endå fleire til neste år. Då blir det plent umuleg å skaffe arbeid sjølv til muslimske flyktningar og innvandrarar som ønskjer det, gitt at ingen av dei kan snakke norsk og svært få har kompetanse for vårt avanserte arbeidsliv, der berre 4% av stillingane er for ufaglærte.

Om innlegget "Storhaugs fordreininger"

I dette siste innlegget skriv Gule om kapittel 13 i boka "Islam. Den 11. landeplage", der Storhaug omtalar jødehatet i muslimske miljø, både historisk og ved eksempel frå notida.Basert på berre tre eksempel hevdar han i generelle ordelag at "Storhaug refererer saker og hendelser på en fordreid måte og presenterer et bilde av virkeligheten som ikke stemmer".

Kapittel 13, "Den evige jøden", er på 28 sider og alt på første sida nemner Storhaug fem terroraksjonar mot jødiske sivile utført av europeiske muslimar siste åra. Og dette har skjedd trass i omfattande overvaking av jødiske mål, som skular, barnehagar, synagoger og museum. Berre i Berlin blir 60 jødiske institusjonar passa på døgnet rundt av 350 politibetjentar. I Frankrike, som har den største jødiske minoriteten i Europa, vart meir ann ti tusen soldatar og politimenn sett inn i vakthaldet ved jødiske skular og synagoger etter terroren i Paris i januar i år. Storhaugs poeng er at jødar ikkje lenger føler seg trygge og det med god grunn. Det er i ein slik samanheng ho nemner kidnappinga, torturen og drapet på den franske jøden Ilam Halimi, som er eitt av eksempla Gule viser til som bevis for at ho "fordreier" fakta. Men eg kan ikkje sjå den store skilnaden mellom Gule og Storhaug i omtalen av saka. Dette har mange her på Verdidebatt påvist. Eg vil difor berre sitere det Gule skriv sjølv:

"Det var definitivt et antisemittisk element i denne saken. Kidnapperne trodde alle jøder var rike og at dersom familien ikke hadde pengene på rede hånd, ville det jødiske samfunnet stille opp med midler. Derfor kontaktet de også rabbineren i området og fortalte at de holdt en jøde fanget. Mishandlingen ser ikke ut til å ha hatt annet hovedformål enn å plage Halimi fordi han var jøde (mi utheving). Men mishandlingen synes også å ha vært til en viss grad et resultat av kidnappernes frustrasjon over at de ikke fikk noen penger for sitt gissel."

Eg veit ikkje kva Gule byggjer siste setninga si på, eller om han meiner dette er formildande omstende. Men det han ikkje tok med i referatet sitt, var den nasjonale konteksten. Storhaug var så visst ikkje åleine om å sjå det i ein større samanheng. Ho skriv:

Drapet på Halimi ble et nasjonalt symbol på den økende jødeforfølgelsen. Drapet utløste at en samlet gruppe på franske jøder på rundt 7000 personer sendte en asylsøknad til USAs kongress. Her refererte de blant annet til hva som hadde skjedd med Halimi, og la åpent på bordet hvem, tilhørende hvilken religion, de fryktet. Begrunnelsen for søknaden var "økningen i antall antisemittiske handlinger begått av islamistiske fundamentalister", som fører til at et "betydelig antall jøder ikke lenger føler seg trygge i Frankrike."

Jødehat i norsk skule er det andre punktet Gule vil arrestere Storhaug på. Han refererer korrekt nok at Storhaug her byggjer på ein reportasje i NRK frå 2010, der fire anonymiserte lærarar fortel kva dei har opplevd av utsegner, fordommar og skjellsord om jødar frå elevar med muslimske foreldre. Ein av lærarane seier, i følgje Storhaug, at elevar viser til Koranen. Når ho startar neste avsnitt, "Et hat med en forhistorie", med setninga "Elevene henviser altså til Koranen, til islam", er det sjølvsagt desse elevane ho siktar til. Men at det er heimemiljøet meir enn kjennskap til Koranen som pregar elevane si haldning, går klart fram av side 194, der ho refererer både kva Abid Raja fortel frå sin oppvekst og kva haldningar til jødar ho sjølv har møtt i muslimske miljø, både i Pakistan og Noreg.

Gule skriv også: "Det blir derfor ganske problematisk å koble islam og antisemittisme så ensidig som Storhaug gjør" (i saka om Halimi), og når det gjeld muslimske elevar: "I en fotnote annet sted i boka nevner Storhaug at konflikten i Palestina nok kan bidra til å hisse opp muslimer i Frankrike. Men en slik forklaring på jødehat blant noen muslimske elever i Norge, passer tydeligvis ikke Storhaug."

Men han nemner ikkje at ho også skriv: "Det er selvsagt ikke slik at negative holdninger til jøder generelt, og Israel spesielt, ene og alene er et fenomen knyttet til islam." Dette står på side 178, der ho også refererer kva opinionsundersøkingar i regi av ADL har vist av stereotype/negative haldingar til jødar i ei rekkje land. Men konklusjonen er klar: Til meir dominant islam er, til meir antisemittiske haldningar finn ein.

Når ho skriv om SVTs Uppdrag Granskning, som i år testa folks haldningar til jødar i Malmö, seier ho det slik: "To av guttene stilte op til intervju anonymt i SVT og fortalte at det hele handlet om konflikten mellom Palestina og Israel" og lenger ned på side 175: "De svenske jødene som har bodd der i generasjoner får også unngjelde. Konflikten mellom Palestina og Israel legitimerer og forsterker et generelt jødehat". Ho har såleis ikkje gøymt bort denne kjelda til jødehat i ein fotnote, slik Gule påstår.

Manglande historiekunnskap? Gule hoverer også over Storhaugs "alvorlige mangler i historiekunnskaper": "Hun sier nemlig at det handler om «... det såkalte slaget ved Badr i 624 mot den maktfulle jødiske stammen Banu Quraish tilhørende Mekka.» Det er ganske pinlig når man skriver om islams historie og ikke vet at Banu Quraish var profetens stamme. I sin iver etter å gjøre Muhammed til jødehater, presenterer hun Muhammeds egen stamme, som skal være utgangspunktet for kalifene ifølge ortodoks islamsk lære, til jøder." (ordrett sitat, inklusive syntaksfeil)

Men Gule forstår ikkje at ordet "jødiske" her er ei rein feilskriving, slik det går fram av samanhengen. Både når det gjeld drapet på alle menn i den jødiske stammen Banu Qurayzah i 627 og massakren på jødar ved Khaybar året etter, viser Storhaug til at dette blir brukt i antijødisk agitasjon den dag i dag og til dels også kopiert av IS.  Om sjølve slaget ved Badr mot Quraish skriv Storhaug berre at "det viste for første gang at Muhammed hadde kapasitet til å erobre Mekka" og at det gav opphav til sure 8 i Koranen om hærfang eller krigsutbytte. Poenget for omtalen av dette slaget er skjebnen til den jødiske poeten Kab bin Al-Ashraf, som reagerte med skrekk og slikt utbrot, då han fekk høyre om det: "Er det virkelig slik at Muhammed har drept disse menneskene? Dette er adelen blant araberne...", og deretter deklamerte han vers for sine venner, der han prisa mennene Muhammed hadde drepe eller teke til fange, mellom dei siste også Muhammeds eigen onkel, Al-Abbas. Desse to uthevingane er gjort av meg for å vise tydeleg at det går fram av samanhengen i Storhaugs tekst at det gjaldt ikkje berre ein arabisk stamme, men til og med Muhammeds eigen, nettopp slik Gule skriv. Og korleis gjekk det så med den jødiske poeten? Jau, han vart drepen på ein fordekt måte etter ordre frå Muhammed, som deretter oppfordra til drap på alle jødar og på dei som spotta eller fornærma muslimane, ifølgje hadith.

Verre er det at Gule brukar denne skrivefeilen til å så tvil om Halvor Tjønn er påliteleg og ærleg: "Storhaug forliter seg på Halvor Tjønns Muhammed-biografi, som hun kaller «meget etterrettelig», men det er en sannhet med betydelige modifikasjoner. Tjønn er ikke Midtøsten-historiker eller islamolog, men har gjort et hederlig forsøk på å sammenstille og presentere de tidlige kildene til Muhammes liv. Men han har en ganske bestemt islamkritisk (for ikke å si fiendtlig) agenda. Hvilket farger både utvalg og framstilling."  Tjønn brukar 30 sider i sin Muhammed-biografi til omtale av slaget ved Badr og sjølvsagt er Quraish-stammen der plassert i sin rette samanheng. Vi har alle våre sympatiar og antipatiar, kanskje også Gule, men i staden for å skumle om andres motiv, må det vere betre å påvise faktiske feil i framstilling, fakta og resonnement hos forfattarar og debattantar ein er usamde med.Det har eg prøvd her, og fordi det er såpass langt og grundig dokumentert og fordi det ikkje skulle drukne i fleire hundre andre kommentarar, vel eg å poste det som eit eige innlegg. Det ser ut for at Gule sjølv vil lage eitt innlegg for kvart kapittel i Storhaugs bok, og då lyt både han og moderator tole at andre svarar på liknande vis.

Gå til innlegget

VL spør i dag: "Hva er det med Hege?" Over fem sider let avisa fleire av hennar kritikarar gje oss svaret. Då spør eg sjølv: Kva er det med pressa og Vårt Land?

Linda Noor: Hege er populær av same grunn som Donald Trump

På framsida av avisa er det konvertitten Linda Noor som kjem til orde. Ho set Storhaug i bås med Donald Trump og hevdar begge er populære fordi dei er politisk ukorrekte. Viss det ukorrekte består i å seie sanne ting som folk sjølv ser og er samde i, kan det vere noko i dette, iallfall for Storhaug sin del. Men ho er seriøs der Trump er tankelaus og flåsete. Medan han har markert seg med populistiske slagord i valkamptalar og éin-linjes Twitter-meldingar, er Storhaug ein forfattar som har skrive ti bøker om dei sakene ho er opptatt av og ønskjer diskusjon om.

 

Kritikk utan kjennskap til forfattarskap

Nokon saksorientert diskusjon vil heller ikkje Vårt Land gå inn i. Det ser vi alt på side tre, der elles fornuftige Rimehaug er forundra over "mediefenomenet Storhaug", men vedgår at han "ikke har lest så mye av det hun skriver". Utan godt kjennskap til forfattarskapet, vågar han likevel å påstå at "hun sier så kraftig fra at det går an å henge alt du hater ved dine motstandere på henne". Og han hevdar at ho ikkje berre er ein hardtslåande kritikar av islam, men også av muslimar. Med ubunden form svevar ordet "muslimar" i skoddeheimen. Kvifor ikkje presisere og skrive muslimar som undertrykkjer kvinner, ønskjer sharia, vil ha hudud-straffer eller driv jihad, dvs dei ho i siste boka kallar Medina-muslimar?Og kvifor bidra både til "mediefenomenet" og til å setje henne i dårleg lys ved å skrive slik: "At hun virker så polariserende, kan ha med henne å gjøre. Folk som har forsøkt å kritisere henne, forteller at de får rasende reaksjoner." Ja, eg tvilar ikkje på at Storhaug er engasjert.Utan iver og innsatsvilje er det ikkje muleg å skrive ti bøker og kjempe i hard motvind gjennom fleire tiår. Rimehaug har sjølvsagt rett i at vedvarande motstand set nokon kvar i forsvarsposisjon. Spesielt blir reaksjonen slik mot journalistar som manglar kunnskap om innvandring og islam, men likevel har så sterke meiningar at dei vel å presentere eit skremmebilde av henne i staden for å la seg skremme av ytterleggåande islam. 

 

"Kontroversiell og omstridd" kontra "sakleg fagmann"

På side fire og fem i avisa kjem ei rekkje andre kritikarar til orde. Linda Noor er først ute. Ho påstår at politikarane ikkje har tatt til orde for å opne grensene ukritisk. Nei, dei seier ikkje dette, men fører likevel ein politikk som vil gje innvandrarfleirtal i Noreg før dette hundreåret er ute. Er ikkje dét ukritisk, så veit ikkje eg. Noor meiner "problemet er folk som lar seg overbevise om at mediene hovedsaklig er venstrevridde". Men det er eit faktum at eit stort fleirtal av journalistane røystar på Ap, SV og Raudt. Det har dei sjølve fortalt oss i Medieundersøkelsen.

PR-rådgjevar Elizabeth Hartmann snakkar også om "høylydt å ta avstand fra muslimer", som om det er det Storhaug gjer, men har truleg rett i at mange kan ha røysta for Hege som årets namn i VG fordi ho er direkte, uredd og tydeleg. Men kvifor skal også Hartmann bruke karakteristikken "kontroversiell". Denne omtalen blir stadig oftare brukt til å utdefinere meiningsmotstandarar. Det skaper inntrykk av at vedkomande ikkje er sakleg, objektiv og kunnskapsrik, men står langt frå dei personane og miljøa som faktisk er det. Motsatsen til slik karakteristikk ser vi når Vårt Land presenterer dei som skal vurdere Storhaug og hennar forfattarskap. Då er det titlar som filosof, rektor, generalsekretær, presseekspert og islamforskar (!) som gjeld, ord som osar av tyngde, fagkunnskap og objektivitet. På side 32 kallar også VL Hege Storhaug for "den omstridte islam-debattanten".

 

Syse: Storhaug generaliserer, forenklar og karakteriserer. Har han lese boka?

Henrik Syse skuldar ikkje Storhaug for å skrive direkte usant, men seier at ho gjev "frykten og usikkerheten i samfunnet en stemme", at ho "har en tendens til å generalisere" og "ikke alltid ser behovet for å snakke om tro og kultur uten å stigmatisere og karakterisere for mye". Han meiner generelt at ho forenklar komplekse saker, og at ein derfor "skal være på vakt". Men noko belegg for å påstå dette kjem han ikkje med.

Meir balansert er derimot Helge Øgrim, redaktør i Journalisten, som meiner Storhaug er ei nyttig røyst, med djupt og ektefølt engasjement.Men også han er "bekymret for deler av retorikken hennes". Generalsekretær i Norsk Presseforbund, Kjersti Løken Stavrum, er både positiv og kritisk, medan Gunnar Brodahl-Johansen er begeistra for at folk vågar å bruke ytringsfridomen til å seie ting andre ikkje tør å ytre seg om.

Men Storhaug får også sjølv kome til orde og seier m.a.: "Jeg er egentlig forundret over at mediene er mer opptatt av å snakke om fenomenet Hege Storhaug fremfor å snakke om innholdet i boken."

 

Olav Elgvin, mannen bak "Muslimprosjektet" og Morgonbladets "slakt", får avseie dommen

På Kultursidene er oppslaget "Innvandringskritisk bok på salgstoppen". Også der får Storhaug seie sitt: "Jeg spør meg selv hvorfor norske medier ikke tør å gå løs på islam med den samme ramsalte kritikken de retter mot kristendommen. Islam vokser frem som maktfaktor og beskyttes av mediene.. Muslimsk brorskap, jihadister og salafister finnes over hele Europa og får mer og mer makt og innflytelse. Jeg er bekymret for hva som skjer hvis vi ikke klarer å stoppe folkevandringen fra den islamsk-dominerte verden."

Men i staden for ei drøfting av om ikkje Storhaug her har eit poeng, er det meste av spalteplassen gitt til Olav Elgvin, som er kjend frå Verdidebatt for si positive haldning til islam. Dette illustrerer godt det Storhaug seier ovanfor om å beskytte islam. Då Elgvin skreiv om "Islam. Den 11. landeplage" i Morgenbladet, påstod han at Storhaug med denne boka hadde meldt seg ut av samfunnsdebatten om slike spørsmål. I grunngjevinga overfor VL kjem han berre med nye påstandar: "Hun tangerer det paranoide når hun forestiller seg at Norge står i fare for å havne under sharia-styre i løpet av få tiår. Det er en apokalyptisk tenkning som jeg finner helt absurd.. Problemet er at de standpunktene hun inntar nå, er så ekstreme at det blir vanskelig å føre en dialog. Hun har blitt mer og mer ideolog.. Hun er gått over til å føre en ren ideologisk kamp mot islam.. og går inn for å forby moskeene." Elgvin påstår også at Storhaug "flere ganger har kommet med påstander som bevislig ikke har medført riktighet, uten evne til å ta nødvendig kritikk."

 

Kvinnene bak HRS er svært seriøse og sannferdige!

Sjølv har eg sett to artiklar på rights.no  der noko var feil, men begge gongene kom det ein korreksjon, ei orsaking og ei god forklaring på mistaket. Det er sjeldsynt i media, som kvar dag serverer oss halvsanningar, skjuler fakta i lengste laget og brukar eufemismar og omskrivingar for å pynte på realitetane når muslimar er involverte. Eg har sjølv lese fire av bøkene til Storhaug og hundretals av artiklane hennar, men ikkje sett anna enn at ho har sitt på det tørre. Elgvin sine påstandar er tekne ut av sin samanheng og prega av generaliseringar, som er nettopp det han og andre kritikarar skuldar Storhaug for å kome med.

Ytterleggåande liberalisme gjer oss forsvarslause, også mot eit islam som truar fridomen

Sjølv er eg slett ikkje samd med Storhaug i eitt og alt. Ho er ein sekulær feminist med fartstid frå Dagbladet og kjem såleis frå det kulturradikale miljøet som gjennom generasjonar har kritisert kristendom og verdikonservative haldningar, som no knapt er representerte i maktbastionane i samfunnet. Etter mitt syn er liberalismen er i sin ytste konsekvens ikkje løysinga, men hovudårsaka til samfunnsproblema i dag, både manglande kulturell og biologisk reproduksjon og ein liberal og einsidig, individualistisk menneskerettstenking som har som konsekvens at store muslimske folkegrupper tek over også vår vesle nasjon. Dette trugar fridomen vår på ei rekkje felt og primært den grunnleggjande ytringsfridomen. Dette siste har Hege Storhaug og HRS sett, formulert og dokumentert betre enn få andre. Og der har media elles svikta katastrofalt, inklusive VL, som har heller ikkje denne gongen består prøva, sidan avisa også no rettar skytset mot bodberaren og ikkje mot fridomens fiendar. Men realitetane ligg skjult i denne korte setninga frå bokomtalen i avisa: "Nå blir det likevel boksignering i Vestfold og Telemark på lørdag, med politibevoktning". Ja, kvifor det då?

Gå til innlegget

Uærleg flyktningdebatt og asylpolitikk

Publisert over 3 år siden

Kvifor har hundretusenvis av asylsøkjarar kome til Europa i år? Jau, fordi nordeuropeiske statar byr på rause velferdsordningar og fordi leiande politikarar i Tyskland og Skandinavia har signalisert at asylsøkjarane skal få opphald.

Og kvifor har minst tre tusen menneske omkome på vegen? Jau, fordi dei same politikarane har stengt for fly- og båtreiser, slik at berre dyre og farlege alternativ står att. Ingen politikar, og berre få journalistar, har gitt oss desse sanne svara.

Lokkar med opphald og velferd, men gjev ikkje visum og trygg reise

Her til lands vil vere så gode at vi jamvel har skrive menneskerettane inn i sjølve Grunnlova. Den europeiske menneskerettskonvensjonen, hovudgrunnlaget for vår Menneskerettslov, blir tolka så vidt at han ville gje hundretals millionar frå andre kontinent rett til opphald for seg og familien, berre dei kom seg hit og fekk søkje asyl. Samtidig er vi i Nord-Europa så rause at vi overauser dei som får asyl med velferdsgode frå første dag, og etter få år premierer dei med alle statsborgarlege rettar. Alt dette fungerer som ein magnet, så lenge det varer. Nær 40% av befolkninga i Afrika og delar av Asia har sagt at dei gjerne vil flytte til eit vestleg land. Men alle politikarar veit at Europa ikkje kan ta imot hundretals, ja, ikkje eingong titals millionar. Derfor gjev vi dei ikkje innreisevisum og med det lov til å ta ein billig og trygg flytur. Då kan dei berre kome seg hit ved å betale hundre gonger så mykje til menneskesmuglarar og utsetje seg for ei farleg, strabasiøs og usikker reise.

 

Kjem no fordi høvet gav seg

Når så mange kjem no, er det ikkje fordi det er meir krig og fattigdom i verda enn før eller fordi langt fleire er på flukt. Nei, det har meir med omstende som har gjort det lettare å kome seg til Europa og har gitt større sjanse for å få opphald her. Først skjedde samanbrotet i Libya etter at NATO tok på seg rolla som flyvåpen for opprørarane mot Gaddafi. Det skapte den første bølgja av båtflyktningar og tragiske forlis som påverka opinionen i Europa. Frontex, som skulle sikre yttergrensa til Schengen mot illegal innvandring, vart i staden ein mottaksorganisasjon for den same innvandringa. Og sjøvegen frå Tyrkia til greske øyar var endå lettare å forsere. Det islamistiske styret i Tyrkia var ikkje interessert å hindre syriske og andre potensielle asylsøkjarar i å forlate landet. Dei kunne tvert om bruke straumen av båtflyktningar som forhandlingskort for meir økonomisk hjelp til eige regime, visumfri innreise til Europa og eventuelt EU-medlemskap. I tillegg kom at eit Hellas i økonomisk krise og med kjensle av å vere svikta av EU og spesielt Tyskland, ikkje lenger hadde evne eller vilje til å forsvare yttergrensa til Schengen-området. Og då forbundskanslar Merkel sa at alle syriske flyktningar kunne få opphald i Tyskland, og med det sette Dublin-avtalen ut av spel, var Hellas snar til å skysse immigrantane vidare. Dei andre landa på Balkan og i Sentral-Europa kunne då ikkje gjere anna enn å følgje Hellas og Italia sitt eksempel.

 

Våre utsegner og praksis er mest avgjerande

Fordi menneskesmuglarane tek seg så godt betalt, kan berre folk som sel alt dei eig eller får låne pengar av slektningar, finansiere ei slik reise. Men ingen tek ein så stor økonomisk risiko utan at dei reknar med å få positivt svar på ein asylsøknad. Derfor er vår haldning og praksis heilt avgjerande for om dei reiser eller ikkje. Med dagens telekommunikasjonar går tilbakemeldingane på sekundet. I alle vestlege land finst det fortroppar av innvandrarar frå nær sagt alle land. Dei som vurderer å søkje asyl, er difor godt orienterte om reglar og støtteordningar, om stemninga i opinionen og synet til politikarane. Då veit dei også at statsminister Solberg, i følgje VG, gav følgjande lovnad 13. oktober: "Mange av de som kommer nå, er fra Eritrea, Afghanistan og Syria, og de vil få opphold." To veker seinare var talet på asylsøkjarar frå Afghanistan meir enn dobla. Dei to siste svenske statsministrane, Reinfeldt frå Moderaterna og Löfven frå Socialdemokraterna, har vore ti gonger så tanke- og grenselause i sine fråsegner.

 

Frå asyl for reelle flyktningar til dyrt byråkrati for masseinnvandring

Når folk satsar alt dei eig, må ein også rekne med at dei gjer sitt beste for å få opphald, også om det inneber å tilpasse historia si til det dei trur gagnar saka. Det er dessutan UDI/UNE som må bevise at dei ikkje snakkar sant, noko som er svært vanskeleg å etterprøve når det gjeld éin person frå eit framandt land, men umuleg å ha kapasitet til når det gjeld mange tusentals asylsøkjarar per år. Det som var ei god ordning for forfølgde individ har no vorte eit kostbart, byråkratisk og uærleg system for masseinnvandring. Kvart år går det med eit beløp svarande til halve bistandsbudsjettet, eller det tidoble av hjelpa vi gjev syriske flyktningar i Tyrkia, Libanon og Jordan, berre for å administrere dette meiningslause narrespelet. Når titals tusen no skal gjennom same kverna per år, og minst halvparten deretter vil kome til å leve av offentlege midlar, seier det seg sjølv at systemet ikkje er berekraftig, verken økonomisk eller kulturelt.

 

Kva gjorde Arbeidarpartiet i 2008, og kva seier flyktningkonvensjonen?

Etter ei dobling til 15.000 asylsøkjarar, stramma regjeringa Stoltenberg i 2008 inn på reglane for opphald. Det året fekk difor berre 4400 asyl. Resten fekk avslag. No har det kome meir enn 8.000 på éin månad og førre veke heile 2500. Berre 29% av asylsøkjarane som er registrerte siste tre vekene, kjem frå Syria. Kor mange som kjem neste år, er usikkert. Prognosane varierer mellom 30.000 og 130.000. Det er uansett langt fleire enn nokon gong tidlegare. Derfor opplevde vi at partileiar i KrF, Knut Arild Hareide, som tidlegare alltid har snakka og stemt for mottak av fleire flyktningar, i 'Debatten' på NRK for eit par veker sidan skulda FrP (!) for å trenere tiltak mot den store asylstraumen. Og kollega Trine Skei Grande (V), som også har vore pådrivar for ein grenselaus, liberal innvandringspolitikk, skulda Putin for å ville destabilisere Noreg ved å sende tusentals afghanarar og syrarar over grensa ved Storskog. Ho har sikkert rett i at dette er bevisst politikk frå Russlands side, men forståinga hennar av at mange nok asylsøkjarar frå fjerne kulturar faktisk er farleg for landet, er definitivt av ny dato. Men enno har ingen av dei politiske partia innsett at jamvel personar som har gode grunnar for å flykte, rett og slett er for talrike til at vi kan ta i mot dei utan samtidig å utslette oss sjølve som folk. Dei må difor hjelpast på annan måte. Ulike hjelpeorganisasjonar og privatpersonar som påstår at FN sin flyktningkonvensjon gjev oss plikt til å ta i mot flyktningar, er enten dårleg orienterte eller talar mot betre vitande. Dette er ein mellomstatleg avtale som gjev eit land rett, men ingen plikt, til å la statsborgarar frå andre land få asyl, i fall dei fyller visse vilkår. Difor finst det mange land, også rike og industrialiserte, som knapt nok tek i mot ein einaste flyktning.

 

Terror, multikultur og hat; her og i Midtausten

Skei Grande sin påstand om destabilisering kom før siste terroråtaket i Paris, der fleire hundre franskmenn vart skotne,130 døydde, og nesten like mange vart alvorleg skadde. I all sin gru er dette likevel lite mot dei tap syrarane har hatt siste fem åra. Befolkninga i ei rekkje andre muslimske land har også lidd sterkt under den sekteriske krigen mellom sunni- og sjiamuslimar og mellom moderate og ekstreme sunni-rørsler. Men det er slett ikkje sant, slik Erna Solberg nyst sa, at syrarane rømer frå IS, Den islamske staten.Sjølv NRK sin Midtausten-korrespondent, Sigurd Falkenberg Mikkelsen, presiserte på Urix 16. november at "De aller fleste som flykter fra Syria, de flykter ikke fra IS, men de flykter fra Assad-regimet." Tre firedelar av syrarane er nemleg sunnimuslimar, som er i opposisjon til det alawittiske regimet til Assad. Om IS er aldri så brutale, er det likevel Assad sitt flyvåpen som drep flest sivile.Og dei sivile tapa blir ikkje færre når både USA, Russland og Frankrike no vil intensivere bombinga. Ein kan forstå behovet for eit oppgjer med IS, men bomber skil ikkje mellom sivile og militante. Drap på dei vi er glad i, vil meir enn noko anna skape hat. Slik er det både i aust og vest. At kritikk av innvandringa, eller sakleg kritikk av innvandrarar og islam, er det som skaper hat mellom folkegrupper, er berre ein påstand frå "eliten" i Vesten, som febrilsk prøver å forsvare sitt multikulturelle prosjekt. Det fleirkulturelle samfunn er like ikkje-eksisterande som keisarens nye kle, og vil i møtet med realitetane før eller seinare bli avslørt som nettopp dét. Men landet og samfunnet vårt kan ha fått sitt banesår før så skjer, om ikkje mange nok i tide står opp mot denne utopien. I dei fleste parti finst det personar med eit realistisk syn på innvandring, men berre i Framstegspartiet er dei mange nok til å ha særleg makt. Det innvandringskritiske fleirtalet i befolkninga kan berre ved val og sann informasjon få gjennomslag for sitt syn på ein demokratisk måte. Til dei andre partia tek til vitet, ikkje berre i ord, men i handling, har vi difor ikkje anna å gjere enn å røyste på Frp, same kor lite vi synest om den liberalistiske delen av partiprogrammet. Gjer vi ikkje det, vil Midtausten også kome hit, slik ein kristen flyktning derifrå åtvara om i Regionavisa (gratisavis for Søre Sunnmøre og Nordfjord) tidlegare i år.

Gå til innlegget

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere