Per Steinar Runde

Alder: 71
  RSS

Om Per Steinar

Lækjar i Herøy 1977-2008. Utanom yrket interessert i m.a. sjakk, historie, samfunnsspørsmål og kulturdebatt.

Følgere

Nordmenn i mindretal før 2060?

Publisert over 2 år siden

Kven og kor mange som kjem til å bu i Noreg fram mot neste hundreårsskifte bestemmer utviklinga på mest alle samfunnsområde.

I juni kom SSB med ei ny framskriving av befolkninga. Opplysningar om kven og kor mange som kjem til å bu i Noreg fram mot neste hundreårsskifte burde vore hovudoppslag i alle medium og grundig drøfta, for dette er avgjerande for utviklinga på dei fleste samfunnsområde. I staden gir fjernsyn og aviser oss detaljar om drapssaker og andre døgnflugenyheiter, samt ein overdose av sport og lettbeint underhaldning.

På document.no har derimot Christian Skaug skrive mange innsiktsfulle artiklar om dei demografiske endringane, m.a. i 2012 om det utanlandske innslaget i Noregs befolkning, i april 2016 om størrelsen og veksten av dei forskjellige innvandrargruppene, og kommentaren "Norges vei mot den tredje verden" då SSB la fram sine siste prognosar 21. juni.

Også Rita Karlsen på HRS har skrive godt og grundig om rapporten frå SSB, først 22. juni under overskrifta "Vi bytter ut befolkningen i raskt tempo" og så 1.07. i artikkelen "SSB gir HRS rett, men ..".  Aftenposten hadde rett nok ein omtale 30. juni av dei nye framskrivingane til SSB, men journalisten ser ut til å tru det er likegyldig korleis befolkninga er samansett. Han stiller i alle fall Rita Karlsen dette spørsmålet: "Hvorfor er dere så opptatt av hvor mange som i fremtiden vil ha innvandringsbakgrunn i dette landet?"

Som det går fram av overskrifta, er målet mitt med denne artikkelen er å gi eit sannsynleg tidspunkt for når vi nordmenn blir ein minoritet i vårt eige land, viss SSB sine prognosar stemmer.For alt tyder på at politikarane vil velje seg eit nytt folk viss vi ikkje kjem dei i forkjøpet og vel oss nye politikarar.

Mellom 3,3 og 9,3 millionar fleire enn i dag, men 1 million færre nordmenn

Statistikarane meiner at Noreg mest sannsynleg vil ha 8,5 millionar innbyggjarar i år 2100. Dette er m.a. basert på ei nettoinnvandring på 26000, medan ho siste ti åra faktisk har vore på over 40000 i året, sjå figur 1 her. I ei alternativ framskriving har difor SSB rekna med at nettoinnvandringa først vil gå ned til 35000, men frå 2020 auke gradvis til eit nivå på 90000 per år i 2100. I så fall vert folketalet heile 14,5 millionar ved hundreårsskiftet. Det er verdt å merke seg at innvandrarane frå Aust-Europa uansett vil bli færre enn i dag, og at mest all ny innvandring vil kome frå ikkje-vestlege land. SSB seier derimot ikkje kor mange av desse 8,5 - 14,5 millionane som vil vere etterkomarar av dagens nordmenn, men gitt det vi veit om størrelsen på tidlegare årskull og noverande fertilitet, kan vi slå fast at dei iallfall vil bli éin million færre enn vi er i dag.

Kor mange nordmenn er vi no?

Ved siste årsskiftet var befolkninga i Noreg på 5,2 millionar, og 0,85 millionar var innvandrarar eller barn av to innvandrarforeldre. 3,9 millionar har ingen utanlandsfødde besteforeldre, og 0,45 millionar har berre ein viss innvandringsbakgrunn, t.d. at éin av foreldra er fødd utanlands. Er den andre forelderen etnisk norsk, blir også barna deira det. Dei aller fleste av desse 0,45 millionane må difor reknast som norske, slik at samla norsk befolkning per i dag er på 3,9 + 0,4 = 4,3 millionar.

600000 færre nordmenn på 30 år

Frå 1944 t.o.m. 1973 (30 årskull) vart det fødd 1926000 barn i Noreg, dvs 64200 i gjennomsnitt per år; sjå SSB Statistikkbanken, befolkning, fødde, Tabell 05803. Denne tidsperioden er spesielt interessant, fordi han inkluderer baby-boomen etter 2VK og optimismen på 1950- og -60-talet, med relativt store årskull fram til abortlovgjevinga vart liberalisert (delvis forskottert) på 1970-talet. Gitt ein levealder på 82 år, vil om lag ei like stor, norsk befolkningsgruppe døy i 30-årsperioden 2026-2055. Men desse blir ikkje erstatta fullt ut av barn fødde av to norske foreldre eller av éin norsk og éin utanlandskfødd forelder. Samla fekk desse to gruppene i fjor berre 44984 barn.

Reknestykket er slik: I 2015 vart det fødd 59058 barn, men av desse var det 149657 - 135583 (norskfødde barn med to innvandrarforeldre, høvesvis per 01.01.2016 og 01.01.2015) = 14074 som hadde to utanlandsfødde foreldre. Differansen mellom alle fødde og dei med to utanlandsfødde foreldre vert då for året 2015: 59058 - 14074 = 44984. Rett nok vart det fødd fire-fem tusen færre barn enn dette med to utanlandsfødde foreldre i åra 2012-2014, og om lag tilsvarande fleire barn med minst éin norsk forelder, men utviklinga er likevel eintydig.

Får nordmenn like få barn per år i 30-årsperioden 2026-2055 som dei gjorde i 2015, vil den norske befolkninga minke med 20000 per år og 0,6 millionar på knapt éin generasjon og per 2055 telje 3,7 millionar.

Talet på kvinner i fertil alder

Ein kan også bruke talet på norske kvinner i fertil alder på gitte tidspunkt til å vurdere om nordmenn vil få fleire eller færre barn i framtida. SSB gjev ikkje opplysningar om dette direkte, men basert på data om heile befolkninga og om innvandrarar pluss deira barn, kan vi finne kor mange norske kvinner det var i fertil alder, t.d. per 1. januar i 2001 og 2016. I SSB sin statistikkbank fortel Tabell 05810, Folkemengd etter kjønn og alder, at det no er 986417 kvinner i alderen 16-44 her til lands, mot ca 893550 i 2001. Denne gruppa hadde såleis auka med 92860 på 15 år. Under emnet innvandrarar viser Tabell 07111, Innvandrarar og norskfødde etter kjønn, alder og landbakgrunn, kor mange kvinner i same aldersgruppe det var mellom innvandrarar, og barn av to innvandrarar, i høvesvis 2001 og 2016, nemleg 78295 i 2001 og 222961 i dag. Det er nær ei tredobling på berre femten år. Talet på norske kvinner i same kategori har såleis gått ned frå 815255 (i 2001; sjå over: 893550 - 78295) til 763456 (i 2016; sjå over: 986417 - 222961), dvs med 6,4%, og prosentdelen hadde minka frå 91% til 77%. Tilsvarande hadde prosentdelen av kvinner i fertil alder med utanlands bakgrunn auka frå 9% til 23%. Når talet på norske kvinner i fertil alder hadde minka med nær 50000 frå 2001 til 2016, kjem det likevel av at dei relativt store årskulla frå 1957 til 1972 er inkluderte i gruppa per 1.01.2001.

For integreringa kan det vere ei trøyst at per 2016 har 48% (47% i 2001) av dei utanlandske kvinnene i fertil alder bakgrunn frå Europa eller Nord-Amerika, men desse treng ikkje stå for ein tilsvarande del av fødslane. I 2001 er dei registrerte med 1294 barn under 1 år, som er 28% av det samla tal på denne aldersgruppa, mot 72% for barn i same alder med foreldre frå andre kontinent. Med utvidinga av Schengen-området fekk vi fleire unge arbeidsinnvandrarar frå Aust-Europa, og per 2016 speglar fordelinga av barn langt betre talet på kvinner i fertil alder i dei respektive innvandrargruppene. Men dei siste framskrivingane frå SSB viser at det ikkje blir austeuropearar, men afrikanarar og asiatar som vil dominere innvandrarbefolkninga utover i dette hundreåret.

Norske kvinner har låg fertilitet

Også fakta om tidlegare og noverande fertilitet kan brukast til å estimere framtidig norsk befolkning, både i absolutte tal og relativt til totalbefolkninga. Fertilitet måler vi som summen av barnefødslar per kvinne gjennom heile livet. Vi snakkar om "Samla fruktbarheitstall", SFT. Det engelske uttrykket er "Total Fertility Rate" med forkortinga TFR. Skal befolkninga halde seg på same nivå over tid (Replacement Rate Fertility), må kvinner i industrialiserte land få mellom 2,06 og 2,08 barn i gjennomsnitt. Ved å følgje hyperkoplinga ser ein at både mortaliteten blant barn og unge, samt mors gjennomsnittlege alder når ho får barn, spelar ei rolle i utrekninga. Frå 2009, då talet for Noreg var 2,06, til i dag har neppe mortaliteten endra seg stort, men norske fødande har blitt eldre.

Frå 1975 til i dag har ikkje SFT/TFR for Noreg eit einaste år vore over 2,0. I gjennomsnitt for førtiårsperioden 1976-2015 var SFT 1,82, og då er alle innvandrarkvinner inkluderte. I Statistikkbanken kan vi under befolkning Tabell: 05196: Folkemengde, etter kjønn, alder og statsborgarskap finne talet på personar i ulike kategoriar frå 1977 til 2015. Ved starten av perioden, i 1977, var det 644624 kvinner i alderen 16-40 år med norsk statsborgarskap, og midt i perioden, i 1996, 704919. Denne siste gruppa inneheld sjølvsagt også mange tusen innvandrarar som har fått norsk statsborgarskap, men også dei relativt store årsklassene av norske kvinner fødde frå 1956 til 1972. Lat oss likevel seie at utvalet frå 1996 er representativt for 25 årsklasser (16-40 år) norske kvinner i fertil alder i perioden 1976-2015. Då vil kvar årsklasse i gjennomsnitt telje 28200 personar. Dei vil gje opphav til ein ny generasjon årsklasser som er 100% x 1,82/2,06 av dette, dvs 24900 kvinner, som er 3300 eller 11,7% færre.

 For 2005 var SFT 1,73. Då SSB offentleggjorde siste framskrivingane, vart det opplyst at dette talet ville vore 0,04 lågare om ein såg bort frå innvandrarane. Dvs at for norske kvinner var SFT 1,67 i fjor. Dette er berre 81% av 2,06, fertiliteten som trengs for å sikre stabil befolkning. Viss dette held seg framover, vil talet på kvinner i fruktbar alder, og med det framtidig befolkning, minke med heile 19% per generasjon. Når ei gjennomsnittsårsklasse av norske kvinner i fertil alder ved utgangen av 2015 minst er komen ned på 24900 personar (eigentleg litt før, fordi ein generasjon er mindre enn dei førti åra frå 1976 til i dag), vil neste generasjons årsklasser berre bli på 24900 x 0,81 = 20170 i snitt. Rundt rekna skulle dette tilseie at det i 80-årsperioden 1975 til 2055 i gjennomsnitt blir fødd 24900 + 20170 = 45070, dvs barn med norske foreldre per år. Det er nokså nær talet på norske barn som vi tidlegare rekna ut vart fødde i fjor, nemleg 44984. Med ein levealder på 82 år i snitt, vil 45070 x 82 gje ei norsk befolkning på 3696000 personar per 2057. Dette er berre fire tusen lågare enn dei 3,7 millionar i 2055, som vi kom fram til på grunnlag av historiske fødselstal. Går ein ut frå dagens fertilitet på 1,67, vil denne befolkninga minke med 3700000 x 0,19, dvs med 0,7 millionar i "påfølgjande generasjon", men med stort etterslep fordi levealderen er lenger enn éin generasjon. Før hundreårsskiftet vil kanskje reduksjonen bli på 0.7 mill x 43/82, dvs 370000. I så fall vert det vi kan kalle den norske befolkninga redusert med ein tidel til, dvs frå 3700000 til 3330000 personar. 

Når blir vi nordmenn ein minoritet i vårt eige land?

Gitt at den norske befolkninga minkar til 3,7 millionar per 2055, vil ho representere ein minoritet første året totalbefolkninga passerer om lag 7,2 millionar etter 2055 eller om lag 7,6 millionar i eit tidlegare år. Etter SSB si mest sannsynlege framskriving vil innbyggjartalet nå sju millionar i 2059; etter høgalternativet om lag 7,6 millionar ti år før. M.a.o. vert nordmenn ein minoritet i eige land mellom 2050 og 2064 med desse føresetnadane. Går vi ut i frå at etterkomarane etter dagens norske befolkning tel 3,33 millionar ved hundreårsskiftet, vil dei då representere ein minoritet på mellom 23 og 39 prosent av totalbefolkninga, avhengig av kva SSB-framskriving som stemmer best.

Alle desse tala og kalkulasjonane er sjølvsagt lite lesarvennlege. Eg har likevel teke dei med for at lesarane skal kunne kontrollere reknestykket mitt. SSB kunne gjort det mykje lettare for oss ved sjølv å gje prognosar for kor mange etterkomarar dagens norske befolkning vil få, men byrået vil ikkje eingong operere med ein slik kategori. Dei snakkar berre om "innvandrarar", "fødde i Noreg av innvandrarar" og "resten av befolkninga", der også alle seinare etterkomarar av folk frå fjerne land er inkluderte, jamvel dei såkalla to og ein halv generasjons innvandrarane.

Den tyske sosialdemokraten Thilo Sarrazin har sagt at Tyskland "avskaffar seg sjølv", men det gjer jammen også Noreg. Sidan vi nordmenn berre tel vel fire millionar, mot 80 millionar tyskarar, vil elimineringa av norsk befolkning og kultur gå vesentleg raskare enn tilsvarande prosess i Tyskland. Sjølve avskaffinga står folket delvis for sjølv, men utskriftinga er politisk styrt. Det store fleirtalet av politikarane våre vil likevel halde fram på denne galeien, medan befolkninga stort sett lever i ei boble av kunnskapsløyse og likesæle fordi media ikkje gjer jobben sin og synleggjer kva konsekvensar vidare innvandring vil få, m.a. for matforsyning, tillit, terror, overvaking, kriminalitet, samhald, helse, velferd og økonomi. 

Gå til innlegget

Skal ei vond utvikling snu, må først mange nok erfare dei negative konsekvensane av ho. Derfor vil situasjonen bli verre før han kan bli betre.

På engelsk heiter det "to learn it the hard way". Det må alle individ og samfunn gjere, som ikkje evnar å sjå konsekvensane av handlingane sine. Då vil dei før eller seinare få eit ublidt møte med røyndomen, enten det er den fysiske, biologiske eller sosiale. Sjølv har eg vore mest oppteken av demografi, mattryggleik, innvandring og kultur, der noverande utvikling må snu skal vi unngå ekstreme katastrofar i framtida. I seks og eit halvt år har eg skrive på Verdidebatt, og siste året også på document, for å gje mitt bidrag til ei realitetsorientering. Det er like lenge som eit legestudium tek på Universitetet, men utbyttet har vore magert. Eg veit ikkje om ein einaste lesar som har skifta meining og "omvendt" seg pga det eg har skrive. Misjonær Hans Schreuder måtte rett nok vente heile 14 år før den første zuluen let seg døype, men det får vere måte på tolmod.

Eg skal ikkje klage på responsen. Mange har applaudert og støtta meg. Andre har kome med sakleg kritikk og somme med tanketom kritikk. Eg vil takke for alt, for det verste er å bli oversett. Det har også vore interessant å følgje med på kva andre skriv, iallfall dei som baserer seg på fakta og har gode poeng og resonnement. Blant desse har eg fått fleire FB- og pennevenner, som eg set stor pris på.

Det var irritasjon over den såkalla meiningsberande "eliten" som gav meg skrivekløe. Dette "kommentariatet", som vil oppdra oss til dei "rette" meiningane, har ei makt som ikkje alltid står i stil med deira kunnskap og kløkt. Det vert sagt at ein journalist er ein person som kan mindre og mindre om meir og meir, og til slutt ingenting om alt. Synsarane påstår iallfall stadig vekk ting som ikkje stemmer og let seg sjeldan korrigere av fakta. Ein korreks frå ein vanleg bloggar ignorerer dei glatt og publiserer neste dag same lygna igjen. Overfor mediemakta står difor meinigmann makteslaus. Vi har berre eitt våpen, oppseiing. Derfor rasar avisopplaga, men inntektstapet blir delvis kompensert av offentleg støtte. Verste eksemplet i så måte er NRK, som ikkje berre får pådytte oss sitt verdsbilde, men også fakturerer oss for propagandaen dei leverer. Om journalistar skifter beite og blir oppsagde, vert dei uansett verande slik dei var; sekulære, urbane og venstreorienterte.

Det er såleis stort behov for eit korrektiv. Men det er ikkje lett å vere talsmann for sanning og visdom. Alt Forkynnaren i GT sleit med det:

 "Eg la vinn på å læra visdom å kjenna, og få kjennskap til vitløyse og dårskap. Men eg fann at det òg er jag etter vind. For med stor visdom fylgjer mange suter. Den som aukar sin kunnskap, aukar si kvide."

Alt har si tid, seier den same vismannen. Det gjeld også blogg og nettdebatt. Det har vore både til glede og gremmelse, men no er det iallfall foreløpig slutt for min del. Heldigvis finst det mange att som er både klokare og meir kunnskapsrike enn underskrivne. Og det trengs skal ein vakte gamle sanningar, lik glør gjennom natt av fornektande mørke. Då kan ein ny dag gry der logen igjen lyser sterkt og klart over livet og landet vårt.

Gå til innlegget

Sylvi Listhaug har lenge vore skyteskive for media pga forslaga om asylinnstrammingar. Men ei dagsaktuell meiningsmåling viser at fleirtalet i folket støttar henne.

Som innvandrings- og integreringsminister har Sylvi Listhaug stått i bresjen for regjeringa sine forslag til endringar i asylpolitikken. Det har vore ein uriaspost som kunne knekt den sterkaste, for journalistar i alle medieredaksjonar har sidan innstrammingsforslaga vart sende på høyring, gjort alt dei kan for å "ta" henne. Dei har vore godt støtta av ei rekkje humanitære organisasjonar, av folk i akademiske posisjonar og av opposisjonsparti.

Medietrykket er enormt. På Google kjem det opp ein halv million treff på namnet hennar. Få av dei handlar om sak. Det store fleirtal av oppslaga gjeld kritikk av og harselering med henne personleg. I april var ho i Hellas, der ho på vegne av regjeringa og oss alle gav 30 millionar ekstra til arbeid for flyktningar, inkludert 10 millionar til Redningsselskapet, slik at skøyta Peter Henry von Koss kunne halde fram med å berge folk frå drukningsdøden i Egeerhavet. Det første vart nemnt på Hegnar.no, det siste i "Agder. Flekkefjord tidende". Kva var så hovudsaka for dei store avisene og fjernsynsredaksjonane? Jau, at ho følgde oppmodinga frå mannskapet på redningsskøyta om å hoppe på sjøen i overlevingsdrakt og få oppleve korleis det var å bli teken om bord att ved hjelp av mob-båten. Men så nøytralt og sakleg vart det sjølvsagt ikkje framstilt. Er det ikkje fjernsyn og avisene sjølve som står for mobbinga, så kolporterer dei ivrig kva kjendisar frå media og politikk har kommentert på oppmoding, eller skrive på Twitter for å vise kor slagferdige dei kan vere på hennar kostnad. NRK har jamvel sleppt til ein doktorgradsstipendiat i medievitskap med ei Ytring om denne "viktige" saka. Så viseleg disponerer dei lisenspengane våre. Frå før var det også oppretta ei internettside med krav om at Listhaug må avsetjast, ikkje noko mindre, der nær 12000 har signert.

Men noko av kritikken mot Listhaug og innstrammingsforslaga har likevel gått på sak, sjølv om kritikarane ikkje alltid har vore så saklege. Og her har jammen sjølve rektor ved Universitetet i Oslo, Ole Petter Ottersen, først på bloggen sin, seinare også han på Ytring, nrk.no,  skulda Listhaug og Frp for med vitande og vilje å misbruke forskinga til støtte for eigen politikk. Når ein så prominent person serverer dette som fakta og sanning, tek andre kritikken for god fisk. Sist ute var Are Brean, sjefredaktør i Tidsskrift for Dnlf, som før helga skreiv ein leiar om misbruk av forsking med tittelen "Fulle folk og gatelykter", som eg såg meg nøydd til å kommentere (bruk siste lekkje; sjå under artikkelen).

Både her på Verdidebatt og i andre debattfora har argumentet vore at sjølv om FrP har 16% oppslutning, så er 84% av befolkninga motstandarar av partiet sin innvandringspolitikk. Men i dag har dei fått svar på tiltale frå fleirtalet av folket, og Listhaug har fått si oppreising. Nokre få timar i formiddag, før redaksjonen fjerna oppslaget, kunne vi lese på NRK-tekst-tv at 38% meinte FrP hadde fått passande gjennomslag i regjeringa for sin asylpolitikk og 15% syntest partiet hadde fått for lite å seie på dette området. Det var Dagbladet som hadde gjennomført ei meiningsmåling om dette, publisert på nett i går kveld (men vanskeleg å finne alt i dag, om ein ikkje visste kva ein skulle søkje på). Opinionsmålinga viser at 52% av befolkninga vil ha ein like streng eller strengare asylpolitikk enn sjølv det forslaget som no ligg føre frå regjeringa.

Gå til innlegget

"Langsomt ble landet vårt eget"

Publisert rundt 3 år siden

Det tok fleire tusen års slit å byggje landet, men kan ta berre eit par generasjonar å gje det bort, kanskje endå mindre viss vi følgjer Erik Hillestad sitt råd.

Erik Hillestad skreiv i Vårt Land torsdag.

I følgje historia i Det gamle testamentet om patriarkane Abraham, Isak og Jakob, selde Esau sin status som førstefødd til broren Jakob for ein rett linser. Det viser stor vanvørdnad for fedrearven, men var trass alt ein transaksjon innan familien. Verre er det at våre styresmakter gjev vilt framande ein aksje i landet og verdiane som hundre generasjonar før oss har slite for og bygt opp. For det er dei å takke at landet har blitt vårt, slik Nordahl Grieg indirekte seier i diktet som tittelen over er henta frå:

Langsomt ble landet vårt eget
med grøde av hav og jord,
og slitet skapte en ømhet,
en svakhet for liv som gror

Får ting provoserer meg sterkare enn påstanden om at pakistanarar og andre utlendingar har same rett på landet vårt som vi rotekte nordmenn."Det er det same kven som bur i Noreg", seier somme. Det synest ikkje eg, og det meinte nok slett ikkje våre nære eller fjerne forfedrar og -mødrer. Slitet med å dyrke opp karrig jord og vågemotet dei viste ved å ro eller sende son og mann ut på eit hav som alt hadde teke fleire i familien, vart gjort med tanke på komande slektsledd. Slike påkjenningar hadde ikkje vore til å bere om dei visste at etterkomarane kom til å leggje landet ope for folk frå heile verda. Eg er skamfull på vegne av min generasjon som har så lite respekt att for dei som odla landet og år for år tok det i eige, at vi no gjev det bort til kreti og pleti.

I staden for å seie akk og ve endå ein gong for at slikt får skje, vil eg i dag skrive litt om eit par ukjende kvinner for å vise kor hardt livet kunne vere i ei ikkje altfor fjern fortid. Det er meir enn ein månad sidan kvinnedagen, men det må vere lov til å heidre våre formødrer også andre dagar i året. Vi står alle i ein slektssamanheng, som bindeledd mellom fortida til familien og framtida for barn og barnebarn. Lesarane lyt tilgje meg at det nettopp er mi eiga tippoldemor og tipptippoldemor eg vil nemne. Dei nakne fakta som lokalhistorikaren Bjarne Rabben har teke med i Herøyboka Bind I, gjev eit godt bilde av korleis livet var for mange kystkvinner på 1800-talet. I boka "Ei kort historie om nesten alt" startar forfattaren Bill Bryson med ein gratulasjon til lesaren for at akkurat han eksisterer, gitt alle tilfeldige og usannsynlege samantreff som har gjort dette muleg. I dei fleste familiehistorier ser ein at livet mang ein gong hang i ein tynn tråd, som ofte slitna for einskildpersonar, men heldt så vidt for sjølve ætta. Det gjaldt ikkje minst for familien og slekta til desse to kvinnene. Ei solskinshistorie er det slett ikkje, men derimot ei med mykje dramatikk, mange brå dødsfall og eit overmål av sorg og sakn.

Den første eg vil nemne er tipptippoldemora mi, Marte Kristoffersdotter, som levde frå 1777 til 1857. Ho vart såleis 80 år, eit langt liv den gongen. Ho var først gift med Sjur Olson og fekk med han to søner, Nikolai og Kristoffer. Sistnemnde døydde som spedbarn, ektemannen Sjur kom bort på sjøen og den førstefødde, Nikolai, omkom 18 år gammal. Før det skjedde, hadde ho gifta seg igjen, i det historiske år 1814, med Kristen Kristofferson Kopperstad, som var femten år yngre. I dette ekteskapet fekk ho først to døtrer, Serine og Kristianne, og deretter to søner, Hans og Gjert Elias. Den yngste sonen døydde det året han vart fødd, den eldste omkom 21 år gammal. Ektemannen Kristen kom bort på sjøen saman med fire andre i 1928, då han var 35 år. Den tid var det knapt muleg for å kvinne å livberge seg sjølv og tre mindreårige barn utan hjelp frå ein vaksen kar, så alt året etter gifta Marte seg med Karl Steinarson Holte frå Volda, som var los. Han var fødd i 1800 og såleis 23 år yngre. Men også han omkom på sjøen, i Breisundet ut for Ålesund etter utført losteneste i 1853.

Alle tre ektemennene til Marte drukna såleis på havet, dei to første i ganske ung alder, og alle fire sønene hennar døydde enten som spedbarn eller i ungdomstida, utan å få sin eigen familie. Men to døtrer, Serine og Kristianne, levde opp og fekk etterkomarar. Den eldste, Serine (f. 1815), busette seg i heimbygda Goksøyr på Runde. Ektemannen og tre av barna hennar døydde tidleg, men tre døtrer og ein son, Hans Petter Goksøyr, levde opp. Tre av sønene hans igjen reiste ut, éin til Amerika, ein annan starta hermetikkfabrikk i Sverige og den tredje vart lektor og lærebokforfattar. Ein fjerde son, Hans Hansson Goksøyr (1879-1955) vart buande i bygda, men var m.a. med på å grunnleggje Noregs Sildesalslag og Noregs Fiskarlag, der han seinare vart æresmedlem. Han fekk også Kongens fortenestemedalje.

Den andre dottera til Marte, Kristianne (1817-1879), gifte seg i 1842 med Peder Pederson Knardal frå Rovde og busette seg der, i noverande Vanylven kommune. Ho vart mi tippoldemor, for ei av døtrene hennar, Karoline (1851-1938), kom attende til Runde og gifta seg med Isak, oldefar min på farsida.

Det er likevel ei anna tippoldemor eg i tillegg vil fortelje om, Karolines svigermor og Isaks mor, Karen Johanne Jonsdotter (1819-1906). Mor hennar igjen, Ragnhild (1780-1856), miste også første mannen sin på sjøen. Han var då berre 26 år. Son deira, Jetmund, kjøpte gard i ei anna bygd. Karen vart difor einaste arving etter Ragnhilds andre ektemann, Jon, for søstera hennar, Anne, døydde som spedbarn. Men det var ikkje mykje å arve, for garden var berre bygsla (leigd) frå presten Claus Frimann i Davik; han som skreiv visa "Ondt ofte lider den fiskermann". Sjølv vart Karen gift med Simon Isaksen frå Igesund i Fosnavåg, som overtok bygslebrevet og busette seg på Runde. Dei fekk fem søner og to døtrer fram til 1959, då Simon døydde 43 år gammal, men berre tre av dei sju barna levde opp og berre to fekk etterkomarar. Eldste sonen, Ottar, døydde då han var fem. Ein annan son, Knut Benjamin, gifta seg med Kristoffa frå Rovde. I Herøysoga står kort og konsist: "Dei var i Amerika, hadde 6 born som alle døydde. Kona òg døydde, og Knut vart så i 1899 gift med Lovise Tjelle, Horten, som var guvernante på Kvalnes (hos fyrvaktaren på Runde fyr), busette seg på Runde og var skomakar, døydde straks før han skulle byggje eige hus."

Karen vart som nemnt enkje i 1959. To år etter døydde dei to yngste barna hennar, Johannes Rafael (5) og Berta Marie (3) som dei første offer i kommunen for difteriepidemien, "Den Trondhjemske Halsesyge", som gjekk som ein farang i store delar av landet på den tida. Før to år var gått, fekk dei følgje av 61 andre barn, som lét livet av same grunn berre i Herøy kommune. Dei aller fleste av desse høyrde til fattigfolket, som budde trongt og dårleg og var underernærte og avkrefta i utgangspunktet, slik ofte var tilfelle når forsørgjaren fall frå og slekta verken var stor eller rik. Kusinene, dei tre yngste jentene til svogeren Isak, bror til Simon, var mellom dei siste som døydde lokalt i denne epidemien.

Karen gifta seg igjen i 1862, no med Nils Nilsson Berge, som hadde råd til å kjøpe bruket for 350 speciedalar. Men alle bekymringar var ikkje sløkt. På den tid stod alle husa på Runde i eit klyngjetun, og i 1864 brann heile husklyngja ned medan dei fleste vaksne var til kyrkje. Nye bustader vart sette opp, men måtte flyttast eit par tiår seinare, då utskiftinga skjedde, dvs teigdelinga tok slutt, og jorda til kvar eigar vart eit samanhengande stykke. Isak-garden, som eg vaks opp på, fekk namn sitt etter Isak (både son og svoger heitte slik), den eldste av dei to sønene hennar som framleis levde. Han tok over jordstykket då han gifte seg i 1876, men berre som bygslemann under stefaren.

Det var først bestefar min, Sigvald (1877-1962), som løyste ut bygslebrevet, 23 år gammal, dyrka opp heile garden, kosta dekksbåt saman med sønene og bygde løde i 1916 og nytt hus i 1925. Men heller ikkje livet hans var fritt for sorger og bekymringar. Yngste sonen, Sverre, låg bevisstlaus av spanskesykja så lenge at alt håp var ute og kiste vart bestilt. Han vakna likevel til slutt til live og fekk oppfylt sitt første og største ønske, å få eit lite kje att med seg i sjukesenga. I vaksen alder gjekk han Landbrukshøgskulen på Ås og var med på å stifte Noregs sau- og geitealslag, men barnekista stod heile livet hans som eit "memento mori" på bjelkelaget i sjøbua. Einaste dotter til Bestefar fekk polio som toåring, greidde aldri å snakke og knapt å gå, og døydde av følgjesjukdom knapt 16 år gammal. Året etter, i 1930, miste Bestefar kona av kreft, men gifta seg aldri igjen. På gravstøtta hans står: "Mang ei torve vreid du, mang ei båre reid du, mang ein strid det streid du." På soverommet hadde han eit bilde av apostelen Peter i ferd med å søkkje i det han skal gå Jesus i møte på Genesaretsjøen. Eldste bror min syntest det såg nifst ut og spurde Bestefar kvifor han ville ha eit så stygt bilde over senga si. Bestefar fortalde då om nordveststormen som hadde overraska dei på Storegga, fire timars rotur frå land, eingong i hans ungdom. Far hans gav ordre om å skjere av garnlenkja og setje segl og kurs for land. På veg inn vart Bestefar feia på sjøen av eit stormkast. Han kunne ikkje symje, men flaut på ei luftboble i oljekleda og ropa til Jesus om berging. Som ved eit under greidde faren og mannskapet å snu den opne båten mot vinden og nå tak i karen med ein båtshake.

For å forstå kor sterkt kristendom stod i kystkulturen, iallfall fram til midten av det 20. hundreåret, treng ein kjennskap til kor skjebnesvangert det var å vere prisgitt det lunefulle havet, som både gjev og tek liv. Bror til biskop Bernt Støylen var lærar på Runde, men drukna då han og fleire andre prøvde å berge karane på ein båt som kvelva i brenningane. Seinare skreiv Støylen den kjende salmen, "Gud signe vårt folk der dei sigler og ror". Der står det slik i andre og femte verset:

Sitt levebrød har dei på brusande hav,

med berre ei fjøl mellom seg og si grav.

I stormvêr og fåre

forkomne og klåre,

dei har ikkje mykje å tryggja seg til.

Gud Fader, du styrkja og trøysta dei vil!

 

Gud frelse vårt folk frå det stormande hav,

der mange av våre har funne si grav.

Til havs har dei fare,

så fager ein skare,

dei kviler der ute, men vaknar ein gong

og stemner frå havet til himlen med song.

Gå til innlegget

Leiarskribenten i dagens Vårt Land kallar Jagland ein representant for Europas samvit, og meiner, som han, at Noreg og Europa kunne og burde ta i mot langt fleire asylsøkjarar. Men held argumenta deira?

Kjernen i europeisk kultur er kristendom

VL kallar menneskerettar og demokratiske verdiar for kjernen i europeisk kultur. Det er feil. Kjernen er kristendommen, som konstituerte Europa som ei geografisk og kulturell eining, forskjellig frå det muslimske Nord-Afrika og Midtausten. Menneskerettar og demokrati er i beste fall avleidde verdiar, med røter både i kristendom og seinare sekulær humanisme. Men dette er ikkje verdiar som alltid spelar på lag. Når 25 juristar i Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) stadig vekk overkøyrer både nasjonalt folkestyre og høgste nasjonale domsmakt, taper demokratiet for eit juridisk fåmannsvelde. Jagland representerer difor verken kjernen i europeisk kultur eller den viktigaste verdien vår, nemleg folkestyret.

Grenser skaper tryggleik

VL og Jagland vil tilsynelatande ha kontroll med yttergrensene i Europa eller Schengen-området. Men det er tydeleg at dette ikkje skal vere ein kontroll for å hindre illegal innvandring, berre for å registrere dei som ønskjer å søkje asyl i eit land innanfor desse grensene, slik at vi "veit kjem som kjem hit". Det kan vere vanskeleg nok, etter som mange har falske papir og som regel kastar eller gøymer unna legitimasjonen før dei melder seg i landet dei helst vil bu i. Å byggje gjerde og setje grenser for kven som får kome inn i landet, er ikkje brot på internasjonale avtalar, men den første og viktigaste plikta for eit statsstyre. Tida er over for opne grenser, seier Janne Haaland Matlary, professor i statsvitskap.

Det er lemfeldig, og ikkje restriktiv, innvandringspolitikk som skaper kaos!

Verre er det at VL også går god for Jaglands påstand om at internasjonale konvensjonar om asyl og menneskerettar er byggverket som står mellom oss og kaos. Internasjonale avtalar som blir respekterte av alle land, er sjølvsagt bra. Men vi veit at menneskerettane stort sett berre blir praktiserte i vestlege land, med få unntak. I møte med dagens migrasjonsbølgjer på millionar, har dei same menneskerettane utspelt si rolle, slik dei har blitt praktisert til no. Det er rett og slett umuleg å gje millionar av asylsøkjarar ei individuell behandling. Dei internasjonale avtalane på dette området vart difor ei hovudårsak til det administrative, demografiske og kulturelle kaoset vi såg i fjor og ikkje eit bolverk mot det. Faren er at dette skal føre til endå større samfunnsoppløysing i framtida. Det ser vi alt tendensar til i nabolandet vårt.

 

Har Tyrkia verkeleg teke i mot forholdsvis fleire flyktningar og gitt dei eit betre liv enn Noreg?

Jagland og VL meiner Europa kunne teke i mot langt fleire "flyktningar" og viser til at Tyrkia har teke i mot 2,5 millionar mot våre skarve 30.000. Argumentet har som føresetnad at desse tala kan samanliknast. Men det kan dei ikkje. Ein bør også ta omsyn til at Noreg har gitt opphald til 133.000 asylsøkjarar siste tjuefem åra, før fjorårets 31.000. Kanskje til endå fleire, fordi det går ikkje fram av statistikken til SSB om familieinnvandrarar er inkluderte. Og talet på personar med innvandringsbakgrunn nærmar seg éin million, knapt ein femtedel av befolkninga. Per million innbyggjarar har vi såleis teke i mot fleire flyktningar enn Tyrkia, 32.800 mot 31.250. Det er også enorm skilnad på kva innkvartering og oppfølging flyktningar får i våre respektive land. Medan dei må ta til takke med teltleirar i Tyrkia, og anna hjelp i stor grad blir ytt av vestlege land, får personar med flyktningstatus her til lands eigne hus, gratis utdanning og god løn: 2G, dvs 180.000 kr, for kvar person per år; 2/3 av dette, dvs 120.000 kr, for dei under 25 år i introduksjonsprogrammet. Med mange barn kan beløpet bli stort.

Må vi etter FNs flykningkonvensjon gje flyktningar varig opphald og statsborgarskap?

Den største skilnaden, og den som får mest å seie på lang sikt, er at ingen flyktningar i nabolanda til Syria får varig opphald og statsborgarskap. Dei får vern så lenge det er krig, men når krigen tek slutt, må dei returnere til heimlandet. Det er heilt i pakt med FNs flyktningkonvensjon og EMD, slik Hanne Sophie Greve, med 6 års erfaring som dommar nettopp der, skreiv i Aftenposten 27. januar i år. No protesterer både V og KrF på forslaget om å vurdere asylbehovet på nytt etter fem år, til liks med alle andre pressgrupper og talsmenn for innvandring. Dei vil i staden at alle som først får ein fot innom døra, skal få bli for alltid. Men ingen internasjonale konvensjonar har dette som eit krav. Dei som likevel ønskjer å vidareføre slik praksis, går i realiteten inn for å erstatte den norske befolkninga med utlendingar, sjølv om dei ikkje nødvendigvis har dette som føremål og slett ikkje vil vedgå at dette blir konsekvensen.

Gå til innlegget

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere