Per Steinar Runde

Alder: 71
  RSS

Om Per Steinar

Lækjar i Herøy 1977-2008. Utanom yrket interessert i m.a. sjakk, historie, samfunnsspørsmål og kulturdebatt.

Følgere

Finst det argument for massiv innvandring?

Publisert over 9 år siden

For halvanna veke sidan skreiv eg om SSB sin prognose for innvandrarbefolkninga, men fekk ingen respons her på Verdidebatt. Det kan tolkast på ulike måtar. Somme er kanskje likesæle eller har resignert; andre er einige eller usamde med meg, men ønskjer ikkje debatt om emnet.

31. desember tok så Aftenposten under "Innsikt" opp same tema. "Dobbelt så mange på ti år" lyder overskrifta. Den illustrerande grafen (kurva), som viser talet på innvandrarar på ulike tidspunkt, blir stadig steilare, som ein eksponentialfunksjon. Sjølvsagt kan ikkje talet gå mot uendeleg, men jamvel ei innvandrarbefolkning på 1.85 (SSB sin sannsynlege prognose), 2.6 (høgste alternativ) eller 3 millionar (sjå innlegget mitt under kategorien "Innvandring") i 2060 må karakteriserast som svært stor, iallfall i høve til oss "innfødde".

Uansett kva alternativ som slår til, vil innvandring av eit slikt omfang ha avgjerande innverknad på alle område i samfunnet. Val av innvandringspolitikk har difor større konsekvensar enn alle andre vegval, både når det gjeld økonomi og velferdsordningar, barnehagar og skular (jmfr Dagsrevyen i dag), kriminalitet og tryggleik, forsvar, utanrikspolitikk og kultur. Difor synest eg det er på sin plass å kome med dette innspelet under emnet politikk.

Spørsmålet mitt - om det finst haldbare argument for å tillate så massiv innvandring at vi i realiteten overlet landet vårt til andre folkeslag - kunne eg også stilt under kategoriane teologi, filosofi eller etikk. Her på Verdidebatt finst mange oppegåande og velkvalifiserte personar nettopp på desse områda. Eg vil difor oppmode dei til å gje sine gode grunnar for støtte politikken som har vore førd, eller meir ytterleggåande; å kritisere den raudgrøne regjeringa for å vere for streng eller inhuman i asyl- og innvandringspolitikken. Kanskje nokre også vil stå for det motsette synet, viss dei då vågar, jmfr kva Hege Storhaug skriv i dag på rights.no. Sjølv ser eg ikkje eitt einaste haldbart argument for den omkalfatring av samfunnet vi kan vente oss med så stor innvandring som antyda. Dei som hevdar liknande synspunkt, blir ofte kalla framandfiendtlege eller det som verre er. Slik karakteristikk synest eg er både urimeleg og ulogisk. Innvandrarar som einskildpersonar er ikkje våre fiendar, men menneske som fortener å bli behandla vennleg og med respekt. Men sjølv Arnulf Øverland måtte erkjenne: "Du kan ikke elske alle; det volder besvær.."

Gå til innlegget

Norsk og finsk skule

Publisert over 9 år siden

Medan norske elevar gjer det stadig dårlegare på internasjonale prøver i matematikk, lesing og naturfag (PISA), ligg resultata i Finland heilt på topp. Kanskje kan skilnaden mellom norsk og finsk ungdomsskule, slik den kom fram i ein reportasje i skulebladet ”Utdanning” i førårs, gje litt av forklaringa på dette.

I dei finske klassene var det stilt, og elevane arbeidde med faget slik læraren la opp til. Finnane forstår at læring krev konsentrasjon og skjerming frå forstyrrande lydar, og at ein vaksen og kunnskapsrik lærar veit meir enn barn og ungdom, spesielt i sine eigne fag. I Noreg skal det vere prosjektarbeid, som skaper meir uro, og  ”ansvar for eiga læring”, noko dei færraste er mogne for.

Finske lærarar brukte berre to timar i veka til samarbeidsmøte og hadde såleis mykje betre tid til å førebu seg til sjølve undervisinga. I landet vårt har særleg tidlegare statsråd Hernes byråkratisert arbeidet til lærarane. Stadig meir av tida blir bunde opp til planlegging, både kollegialt og for den enkelte elev. Dessutan skal alt dokumenterast.

I Finland delte ein inn elevane i meir jamne grupper fagleg sett, men med høve til å skifte gruppe om nødvendig. Alle forstår at det er vanskeleg å undervise klasser der evne, kunnskap og interesser sprikjer for mykje. Det som då er for enkelt for somme, vil vere for vanskeleg å forstå for andre. Homogene grupper er lettare å få til for finnane, som har valt å framleis vere eit meir einsarta etnisk folk enn naboane i vest.  I Noreg er det politisk korrekte overordna realitetane, og då får vi som fortent.

I Finland har læraren og læring framleis status. Mange av elevane ønskte sjølv å bli lærarar.
I Noreg drøymer gutane i staden om å bli profesjonelle fotballspelarar og jentene om å stå på scena innan song, dans eller drama. Det er slikt som gjev avisomtale og popularitet i venneflokken; aldri skuleprestasjonar.

I den finske ungdomsskulen ”Utdanning” besøkte var det andakt ved soknepresten kvar veke. I Noreg la kunnskapsminister Djupedal ned forbod mot bordvers, og under Solhjell vart kristendomskunnskap erstatta av religion, der elevane skal lære mest like mykje om hinduisme og islam som om kristendomen. Den europeiske menneskerettsdomstolen kravde rett nok endringar i KRL-faget, men ikkje i så stor grad. Det må likevel vere noko gale med lov eller tolking om eit samfunn ikkje skal ha rett til å understreke dei verdiar det byggjer på. Sjølv synest eg domstolen, i staden for å bry seg om klagemål frå historielause humanetikarar i Noreg, burde vurdere om det blir meir i samsvar med grunnleggjande menneskerettar om hinduismen sitt kastevesen eller islams andrerangs status (dhimmi) for og forfølging av annleis truande blir framtida i Europa.. Slike sider ved hinduisme og islam vert sjølvsagt underslått i dagens RLE-fag, slik det også vart før.

Så skal vi likevel ikkje gløyme tragediane som har råka eit par finske skular siste åra, sjølv om det er vanskeleg å vite om dette har noko med skulemiljøet å gjere.

Gå til innlegget

Innvandring - fakta og prognoser frå SSB

Publisert over 9 år siden

Ved siste årsskiftet var det 422 000 innvandrarar og 86 000 norskfødde med to innvandrarforeldre i Noreg, til saman 508 000 personar, med bakgrunn frå 214 ulike land. På grunnlag av m.a. årleg nettoinnvandring har Statistisk Sentralbyrå (SSB) fleire gonger rekna ut kor stor innvandrarbefolkninga vil bli i framtida. SSB har gradvis oppjustert prognosen over sannsynleg nettoinnvandring, frå 10 000 i 1999, 13 000 i 2002 til 16 000 i 2005, fordi den mellom kvar revisjon hadde auka meir enn berekna. Siste par åra har innvandringa vore langt høgre, men SSB reknar no med at den gradvis vil falle og på lengre sikt bli mellom
10 000 og 32 000, mest truleg kring 19 000 i året. Dette vil gi 1.7 millionar innvandrarar medrekna norskfødde barn i 2060.; høgste alternativet 2.6 millionar, 1/3 av befolkninga. 1.7 millionar vil ha bakgrunn frå land utanom EU og Nord-Amerika.

Av fleire grunnar kan dette likevel vere for lavt sett. SSB tel ikkje dei som berre har ein innvandra forelder. Det er greitt. Men SSB reknar heller ikkje med dei som har fire innvandra besteforeldre, dvs etterkomarar utover 1. generasjon, sjølv om dette kan bli mange etter kvart.
SSB reknar også med at fødselsraten for innvandra kvinner frå u-land vil falle etter få år i Noreg, og at iallfall norskfødde kvinnelege etterkomarar vil ha fødselsrate godt under reproduksjonsnivået på 2.08. Det er såleis ikkje rekna med at fødselsraten vil halde seg på nivåa SSB sjølv gjev opp for åra 1990-2003, ca 3.5 for kvinner eldre enn 17 år då dei kom til Noreg, og ca 2.2 for dei som var yngre.
SSB har òg lagt til grunn at norskfødde etterkomarar frivillig sluttar å hente ektefelle frå foreldra/besteforeldra sitt heimland og i staden finn seg makar/sambuarar her til lands, gjerne med annan etnisitet enn sin eigen. Til no har omlag 3 av 4 norsk-pakistanske ungdomar gifta seg med ein frå  Pakistan. Berre 1% av jentene blir gifte med etniske nordmenn.

Det er verken mogleg eller ønskjeleg å hindre all innvandring. Sjølvsagt skal vi også møte alle menneske med respekt, men av det følgjer ikkje at dei fleste frå konfliktområde eller fattigare land har krav på varig opphald og norsk statsborgarskap berre dei kjem seg hit. Ingen parti står offisielt for ein slikt syn, men dette har likevel blitt resultatet av godkjent praksis gjennom mange år. I si tid vart Jon Michelet (RV) sett på som ekstrem då han ville opne for 1 million innvandrarar. No står det politiske fleirtalet for eit regime som kan gi 3 gonger så mange innan halvannan generasjon. Meir enn 2 millionar av desse vil ha annan kultur enn vår. Ein må vere nokså naiv for ikkje å forstå at både omfanget og kulturskilnaden vil endre samfunnet vårt radikalt. Dei som med multikultur som mål går inn for ein slikt storstilt sosialt eksperiment, er dei verkeleg ekstreme, ikkje folk i Framstegspartiet. Eit spørsmål som inneber så omfattande samfunnsendringar, burde vore lagt ut til folkerøysting. No kan ein risikere at folk og kultur gradvis bli utskifta, medan både naive og ekstreme politikarar får halde fram som før.

Per Steinar Runde

Gå til innlegget

I følgje føremålsparagrafen for skulen er åndsfridom, likeverd og solidaritet verdiar som kjem til uttrykk i ulike religionar. Sidan opplæringa òg skal fremje vitskapleg tenkjemåte, som byggjer på fakta, er det grunn til å sjå kva status desse verdiane faktisk har i ulike religionar og i land som desse religionane har fått prege.

Islam har eit skilje mellom truande og ”vantru” som også definerer kva sivile rettar ein har i samfunnet. Den juridiske tradisjonen er dessutan svært kvinnediskriminerande. Ser ein på ytringsrett og trusfridom, kjem dei muslimske landa nesten utan unntak nedst på alle lister, ilag med dei verste kommunistdiktatur og andre tyranni.

Hinduismen har med sitt kastevesen ein innebygd rangorden som pregar samfunnet. Dei kastelause blir sterkt diskriminerte. India har politisk fridom, medan trusfridomen er under press frå hinduistisk nasjonalisme.

Buddhismen kan synest meir tolerant, men trua på sjelevandring, som dei har felles med hinduismen, er eit hinder for solidaritet med fattige, som ein reknar med får som fortent etter sitt førre liv.

I Japan var det ikkje shintoismen, men vestleg påverknad som gjorde slutt på føydalsystemet, og først amerikansk okkupasjon som gav ein demokratisk konstitusjon med politisk og økonomisk fridom.

Det var i den kristne kulturkrins åndsfridom, solidaritet og menneskeretter først vart formulert og praktisert, påverka av ein bodskap om nestekjærleik og individuelt ansvar. I boka ”Forsvar for rationaliteten” skriv den danske filosofen Kai Sørlander at Jesu ord om at hans rike ikkje er av denne verda, gav rom for den frie tanke, som skapte både slike åndsverdiar og ein sekulær stat. Og den amerikanske religionssosiologen Rodney Stark viser at skolastisk teologi bana vegen for seinare intellektuelle, politiske og vitskaplege gjennombrot.

Mest alle sivilisasjonar beherskar i dag det tekniske, medan berre den vestleg/kristne er prega av grunnleggjande åndsfridom og likeverd. Formuleringane i føremålsparagrafen er difor eit nytt eksempel på Orwell sitt ”newspeak”, der lygn blir gjort til sanning for å tene det politisk korrekte.


Per Steinar Runde

Gå til innlegget

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere