Per Steinar Runde

Alder: 71
  RSS

Om Per Steinar

Lækjar i Herøy 1977-2008. Utanom yrket interessert i m.a. sjakk, historie, samfunnsspørsmål og kulturdebatt.

Følgere

Truverdige under - finst dei?

Publisert over 9 år siden

I samband med boka om Snåsamannen har både lek og lærd ytra seg om tru og overtru. Sjølv har eg korkje teologisk eller medisinsk doktorgrad, men eg har vanka i ulike kristne krinsar, har 35 års praksis som lækjar og har interessert meg for emnet i alle år.

Då den såkalla karismatiske rørsla kom til Noreg kring 1970, var eg på nokre møte i Misjonsaulaen i Oslo, der amerikanske forretningsmenn (Full Gospel Business Men's Fellowship International) m.a. dreiv diagnostikk av og bøn for folk med ulik beinlengde. Sjølv ein fersk medisinstudent kunne sjå store feil både ved undersøkinga og vurderinga av resultatet, men om noko er amatørmessig, treng det ikkje vere medvite humbug. Sommaren 1988 var eg på ein familieleir arrangert av Ungdom i oppdrag, som gjennom forlaget Prokla Media m.a. har gitt ut John Wimber si bok: ”Helbredelse ved kraft”. Wimber meiner ein i luthersk og reformert tradisjon har gløymt orda om teikn og under, til skilnad frå Den katolske kyrkja, som til dags dato har godteke og jamvel oppmuntra til tru på slikt.

Det er fleire uheldige sider ved å gje medisinske mirakel mykje merksemd. Frå rasjonell synsvinkel ser ein lett at folk blir altfor ukritiske fordi dei så gjerne vil tru på underet. For dei kristne er det leitt å sjå at somme taper trua, når dei ikkje får svar på bøna i form av lækjedom. For den sjuke kan forbøn vere eit synleg teikn på at andre bryr seg, medan brostne håp kan bli ei påkjenning i tillegg til sjølve sjukdomen.

For dei som gjerne vil tru på Gud, men ikkje på alt som blir sagt eller praktisert av karismatiske kristne, kan det vere ei hjelp å lese Arnfinn Engeset si bok: ”Kirken og de syke” (Land og kirke/Gyldendal 1987). Engeset er son til den kjende frikyrkjeforstandaren og salmediktaren Sigvart Engeset frå Ørsta, men har også vore overlege ved Radiumhospitalet, forelesar for medisinske studentar og aktivt medlem i Norges Kristelige legeforening. Han meiner mange les Bibelen utan å forstå kor lite kunnskap folk i oldtida hadde om biologi og medisin, og folk i dag har om trus-effekten (placebo). Vår tanke, kjensle og tru verkar direkte inn på mange kroppsfunksjonar og graden av velvere,  m.a. ved frigjeving av hormon og smertestillande stoff. Det er såleis ikkje snakk om innbilte effektar. Engeset refererer òg til ulike internasjonale undersøkingar som er gjort utan at det er dokumentert mirakel, som at ein finger veks ut att eller eit brot gror over natta. Likevel finst det fleire hundre døme på at kreftsvulstar, som ikkje let seg kurere ved medisinsk behandling, har gått attende eller lækt seg spontant. Dette gjeld i hovudsak nokre få krefttypar, og det er nesten blasfemisk å tru at Guds allmakt er avgrensa til å lækje berre desse. Det må i staden vere ein eigenskap ved sjølve svulsten eller ein effekt av immunforsvaret som ein sjeldan gong gjev slike uvanlege resultat, sjølv om ingen kan motbevise at under kan skje.

Somme har trudd at berre dei kom kristendomen til livs, ville også overtrua døy ut. I staden er det motsett. Når folk sluttar å tru på Gud, byrjar dei i staden å tru på alt anna. For eit par år sidan var eg innom Tanums bokhandel på Karl Johan. Seriøse bøker om teologi, eller ein bibel, var knapt å finne, medan hyllene var fulle av bøker om reinspikka tøv, healing og luftig mystikk, gjerne inspirert av hinduistisk tankegang og vokabular. Folk søkjer nok vanleg lækjarhjelp når det er nødvendig, men trass all si avanserte behandling kjem denne stundom skuffande til kort i møte med mange plager og forventningar. Ei bok som tek opp moderne medisin si makt og avmakt, alternativ medisin, filosofi og etikk, er Oddmund Søvik: ”Behandling og helbredelse” (Sigma 2005). Søvik har som professor emeritus i pediatri (barnesjukdomar) fagleg tyngde i det han skriv.

For den som er avhengig av dei ekstraordinære under, blir gjerne trua ”over evne”, som ho vart for Bjørnstjerne Bjørnson. Men presten og lyrikaren Johannes Barstad kunne skrive: ”Eg ser deg, Gud, i kvar den blom som tirer, i fagre fargar mellom stein og strå”. Og kven har ikkje undra seg med Ivar Aasen  (”Vit og tru”) over krafta i frøet, livet som blir skapt og det grenselause ved tid og rom. Det er alt saman reine under, berre så daglegdagse at vi til slutt ikkje sansar dei. Lyrikaren og sjakkspelaren André Bjerke formulerte det slik då dottera Vilde kom til verda:

Det største mysterium er ikke mer enn dét: at en ørliten kropp
er våknet til jorden. Den nyfødte ser. To luker i himlen går opp.

Selv femtrinnsraketter og kjernefysikk blir puslingers puslespill
når det nyfødte barn med et eneste blikk beviser at Gud er til.

Gå til innlegget

Eg har nettopp sett debatten "Er islam ein trussel mot norsk kultur?" på web-TV. Grunnen til at denne problemstillinga i det heile tatt er aktuell, er stor og aukande innvandring hit frå muslimske land. Då er det rart at ingen i panelet eller blant publikum kom inn på dette aspektet.

Lat oss difor tenkje oss den omvendte situasjonen; at millionar av kristne europearar hadde busett seg, f.eks. i Pakistan og at stadig fleire kom etter. Diskusjonen der gjekk på om dei kristne ville kome i fleirtal om 50 eller 150 år. Somme skular hadde svinekjøtt som einaste tilbod på menyen, og for ikkje å støyte kristne elevar hadde dei der jamvel funne nye og nøytrale namn på muslimske høgtider. Ved nær halvparten av skulane i Karachi og Islamabad var europeiske elevar alt i fleirtal, og ved somme skular fanst det knapt pakistanarar att. Europearane tok i mindre grad del i arbeidslivet, og dei som gjorde det, vart i snitt uføretrygda i 55-årsalderen; langt tidlegare enn befolkninga elles. To tredjedelar av innflyttarane levde i større eller mindre grad på offentleg stønad. Mange let vere å betale skatt og investerte i staden pengane i feriebustader i Europa. Det gjekk dessutan ei bølgje av overfallsvaldtekter over landet, og politisjefen i hovudstaden kunne fortelje at alle overgriparane var kristne europearar, medan 90% av offera var pakistanske kvinner.

Likevel hadde det i årevis vore forbode å ytre seg kritisk både mot innvandring, kristne og europearar. Dei som gjorde det, hadde blitt frosne ut av det gode selskap. Etterkvart gav avisene rom for kritikk, men det var stort sett i nettutgåvene kritikken vart reist, for der kunne innsendarane kome med den anonymt.

Ei av dei to muslimske avisene som var att, organiserte så ein paneldebatt, der deltakarane skulle svare på om kristendomen var ein trussel mot pakistansk kultur. Under debatten kom ei kristen kvinne blant publikum med eit flammande innlegg om muslimske overgrep mot kristne for snart tusen år sidan, og ein kristen medisinstudent understreka det same og heldt dessutan fram at muslimsk sivilisasjon bygde i stor grad på den kristne, som var langt meir tolerant enn den muslimske, særleg overfor jødar på 1400-talet. Dei kristne representantane benekta eller bagatelliserte at det var noko problem for nokon å forlate kristen tru. Deira haldning til homofile og til giftarmål med annleis truande vart ikkje tatt opp. To av dei muslimske debattantane skrytte svært av dei mange kjekke og gilde kristne dei var blitt kjende med. Då deltakarane fekk spørsmål om kva ønskje dei hadde for Pakistan femti år fram i tid, var det ingen av muslimane som håpte innflyttarane då hadde kome til tru på Allah, men ei sekulær, muslimsk kvinne hadde iallfall eit håp om at samfunnet ikkje skulle sprengjast av alle motsetningane.

Gå til innlegget

Afrika - det fortapte kontinent?

Publisert over 9 år siden

Sist haust spurde Strømmestiftelsen 600 norske ungdomar om fattige land sjølve har ansvaret for sin fattigdom. Under 2% svarte ja og heile 84% nei. Dei fleste meinte at vestlege land har skulda. Generalsekretær Aadland var nøgd: ”Det som kommer frem er lovende”.

Tanken bak var truleg å gjere ungdom bevisst på skilnaden i levekår mellom folk i rike og fattige land og mobilisere til innsats for utjamning, f.eks. ved å gje pengar til Strømmestiftelsen sine prosjekt. Eg er sjølv så positiv til Strømmestiftelsen sin arbeidsmåte at eg har vore fast gjevar i mange år, men stiller meg likevel litt spørjande til at pengar skal gå til spørjeundersøkingar i Noreg i staden for hjelp for fattige.

Svara som vart gitt synest eg heller ikkje er særleg ”lovande”. Rett nok speglar dei det som blir dosert i skulen og formidla av media, men det viktigaste må vere om svara er korrekte og gir eit sant grunnlag for analyse og tiltak. Berre då er det von om at tiltaka kan ha effekt.

Slavehandel, kolonitid og urettferdig verdshandel blir rekna som forklaring på det meste av Afrika si ulykke. Og er det ikkje dette, så er årsaka vilkårlege landegrenser, trekt av europearar, som slik splitta heile 190 etnisk/kulturelle grupper mellom to eller fleire land, med konflikt og krig som resultat.

Alt dette er rett og sant, sjølv om det treng å nyanserast. Av 25 millionar slavar frå det svarte Afrika var det arabiske land som røva dei fleste, faktisk 14 millionar. Muslimar frå Nord-Afrika, Midtausten og Det osmanske imperiet har også tatt meir enn 1 million europearar til slavar. Av dei 10 millionar slavane som vart frakta til Amerika, kom berre 4% til noverande USA og 40% til dei karibiske øyane, dvs til område styrt av vestlege land.

Kolonitida i Afrika førte ikkje berre til utbytting, men også til utbygging av infrastruktur som vegar og jernbane og bygging av moderne byar, som afrikanarane kunne overta då dei fekk eller kjempa seg til fridom. Dei kvite kolonistane flytta eller rømde då i stor grad frå kontinentet. Over ein million braut opp frå Algerie, 400 000 frå Marokko, 200 000 frå Tunis, 200 000 frå Mosambik og 300 000 frå Angola. Idi Amin vart populær både i Uganda og elles i Afrika då han jaga 50 000 asiatar frå landet, sjølv om dette vart ei katastrofe både for handel og økonomi. Og i nyare tid har Robert Mugabe gjort seg populær i mange krinsar ved å ta jorda frå tusenvis av kvite og fleire hundretusen svarte, som hadde kunnskap om landbruk, og gitt den til sine eigne støttespelarar, med økonomisk ruin for Zimbabwe som resultat.

Global handel har gjort det mogleg, først for Japan, seinare for ”tigrane” Sør-Korea, Hong Kong, Singapore og Taiwan, og no sist for fleire hundre millionar i India, Kina, Chile og Brasil, å arbeide seg ut or fattigdomen. Afrika og deler av den muslimske verda har til no ikkje greidd å kome inn på marknaden, iallfall ikkje for industriprodukt. Årsaka til det må ein først og fremst søkje i desse landa og ikkje i Europa.

Dei som held fram det problemskapande ved det etniske lappeteppet som Afrika representerer, har eit viktig poeng. Etnisk baserte krigar har gjort det vanskeleg å etablere eit stabilt styresett i mange land og hindrar investeringar utanfrå. Det er likevel ikkje kolonimaktene, men geografien, storleiken og tidlegare historie som har skapt dette mangfaldet. Om afrikanarane sjølve skulle ha trekt grensene, ville det ha vore like umogleg å skape eit rimeleg stort tal av homogene statar (i dag 40) av dei 10 000 politiske einingar som var der før kolonitida. Det paradoksale er at dei såkalla progressive og liberale, som held fram multikultur i Europa som mål og ideal, ser på det multietniske og –kulturelle ved afrikanske statar som årsak til deira misere. Då kan dei leggje skulda på europeiske kolonimakter, medan realiteten er at det tek lang tid og gode kommunikasjonar før mindre, sjølvstyrte einingar kan smelte saman til eit heile. Dei ser heller ikkje at fleirkulturelle statar gjev risiko for interne konfliktar også her i Europa. Det fekk vi tydeleg demonstrert på Balkan.

Har ein lese bøkene til Tomm Kristiansen, Martin Meredith si bok ”The State of Africa” eller snakka med misjonærar, afrikanarar eller andre som har budd på kontinentet, vil ein også få kunnskap om kva korrupsjonen kostar i form av ineffektivitet, byråkrati og pengar som går til spille.

Å einsidig sjå på det som har vore, kan verken forklare fattigdomen i dag eller mobilisere afrikanarane til innsats i sine eigne statar no og i framtida. For der som her er det organiseringa, skuleringa, helsetilstanden, moralen, kulturen og arbeidsinnsatsen til folket som bestemmer kva verdiar som blir skapt og kor rettferdig dei blir delte. Som statsminister Stoltenberg sa i nyttårstalen: Det er ikkje oljen, men arbeidet vi gjer for kvarandre som først og fremst gjer Noreg rikt, også i dag. Viss afrikanarar stadig får høyre, både av sine eigne leiarar og utanfrå, at dei sjølve ikkje har noko ansvar og dermed heller ikkje kan gjere noko med situasjonen, vil dette berre gje passivitet og resignasjon.

Sjølvsagt har ikkje den vanlege borgar i afrikanske land stort å seie eller særleg ansvar for utviklinga. Det er derimot grunn til å beundre den innsats dei aller fleste, spesielt kvinner, gjer for å livberge familien frå dag til dag med lite pengar og ressursar. Men den zambiske økonomen Dambisa Moyo, som vitja Noreg i fjor, hevdar i boka ”Dead Aid” at det sjølvsagt er statsleiarane i Afrika som må stillast til ansvar, og at bistand ofte gjer at dei vrir seg unna dette ansvaret. Det er iallfall klart at europearane ikkje kan berge Afrika. Det må afrikanarane gjere sjølve. Og det trur eg dei vil greie. Vi europearar har hatt vårt å stri med opp gjennom historia, både av krigar, despotar og fåkunne. Slik sett bør vi vere audmjuke. Men feminisme, fråhaldsrørsle, fri presse og anstendig kapitalisme og kristendom kan vi godt eksportere. Fattigfolk er dei som lir aller mest når barna blir for mange, far drikk opp pengane, leiarane stel, gode tiltak manglar finansiering og promiskuiteten florerer.

Gå til innlegget

Helsepersonell med politieskorte

Publisert over 9 år siden

I 1996 var budde vi ei veke hos ein brannmann/"paramedic" (førstehjelpar i ambulanse) i ein småby i Alabama. Han fortalde at dei aldri rykte ut, verken med brannbil eller ambulanse, til ein bestemt del av byen utan at politiet var med for å beskytte dei. Siste åra har vi høyrt om liknande praksis i belasta bydelar både i Paris og Malmø.

Også i Noreg hender det at politiet blir bedt om assistanse, spesielt når helsepersonell må ta hand om psykotiske (alvorleg sinnslidande) pasientar, som stundom må leggjast inn på ei psykiatrisk avdeling mot sin vilje. Men det har ikkje vore behov for å be om slik hjelp ved utrykning til somatisk (kroppsleg) sjuke eller skadde personar, unntatt ved trafikkulykker, større slagsmål eller mistanke om brotsverk.

Hendina på Tøyen i Oslo tidlegare i veka er difor noko nytt. Det spesielle er både at AMK-sentralen opplevde verbale truslar frå innringjar, at ambulansepersonellet ikkje våga eller makta å ta seg inn til pasienten utan å tilkalle hjelp frå politiet og at situasjonen utvikla seg slik at politiet faktisk kom i slåsskamp med slektningane til den sjuke, som tragisk nok var død då hjelpa endeleg nådde fram. I etterkant står påstand mot påstand. Barnebarnet til den omkomne nektar for at det vart sett fram truslar, og ein talsmann seier mange innvandrarar synest både legevakt og AMK-sentral ofte oppfører seg rasistisk.

Vi har sett at politiet gjekk hardhendt til verks, men kjenner ikkje til kva som vart sagt i telefonen eller utanfor huset der dette skjedde. Etter mange år i helsetenesta har eg likevel ei oppfatning av korleis slikt kan gå til. Vi har høyrt at kvinna døydde av hjartesjukdom. Den mest vanlege er hjarteinfarkt, som kan føre til akutt hjartestans. Då er det lett å få panikk for dei som er i nærleiken. I ein slik situasjon kan ein bli både høgrøysta og sint. Eit gammalt ordtak lyder: "Når kreftene (også dei psykiske) minkar, veks sinnet". Orda som fell i ein slik situasjon ber preg av det. I tillegg kjem kulturskilnaden. Berre ein reiser sør om Alpane, blir lydnivået høgre, gestikuleringa sterkare og affektene kjem meir fram. Alle som har sett demonstrasjonar i arabiske land eller frå januar 2009 i Oslo, under krigen i Gaza, kan ikkje ha unngått å leggje merke til skilnaden i forhold til vår meir beherska uttrykksmåte. Det som frå ei side sett er naturlege uttrykk og reaksjonar, kan bli tolka heilt annleis av mottakaren med ein annan bakgrunn og vurderingsskala.

Framover får vi sikkert stadig oftare oppleve liknande tilfelle. For Torbjørn Egner tok feil; det er ikkje utanpå vi er mest ulike, trass i litt skilnad i hudpigment, men inni, i vår tankegang og vårt reaksjonsmønster. Og kulturskilja er blant det mest varige i samfunnet. Dei held seg i generasjonar.

Media si framstilling av denne tragiske hendinga på Tøyen er likevel heilt annleis enn formidlinga frå Sofienbergparken for eit par år sidan. Då slo alle fast at Schjenken & co var omsynslause rasistar som forlet hardt skadde Ali Farah blødande på bakken. VG let vere å vise fotoet av ein oppegåande norsk-somaliar ved sidan av sjukebilen, medan eitt som var tatt litt seinare, då tilstanden hadde forandra seg, vart kåra til årets bilde og vist gong på gong i aviser og fjernsyn. Vi skal vere glade for at det har blitt litt vanskelegare å setje rasiststempelet på folk. Viss vi går og mistrur kvarandre heile tida, vil all kommunikasjon skjere seg. Det gjeld begge vegar.

Gå til innlegget

Unntakstilstand

Publisert over 9 år siden

Når mange menneske pga krig eller naturkatastrofar manglar mat, drikke og husly eller blir råka av epidemiar, kallar vi det ein unntakstilstand, for til vanleg har vi det ikkje slik. Likevel har kamp mot svolt og infeksjonssjukdomar vore menneska sine livskår fram til moderne tid. Det tok difor titusenvis av år før det i 1804 var 1 milliard menneske på jorda. Seks år tidlegare, i 1798, spådde  Thomas Malthus ei framtidig svoltkatastrofe, fordi han meinte matproduksjonen ikkje kunne auke i same takt som folketalet. Vel to hundre år seinare må vi gje han rett i at befolkninga ville bli mangedobla. Det tok 123 år før milliard nr 2 vart nådd i 1927, men berre 47 år før ny dobling til 4 milliardar i 1974 og 50 år seinare, i 2024, er det venta at folketalet på jorda vil passere 8 milliardar.

P.g.a. maskinelt jordbruk, kunstgjødsel, billig fossil energi og meir produktivt korn har likevel matproduksjonen til no halde betre tritt med folketalet enn Malthus spådde. Så lenge vi har nok og billig mat er det lett å tru at dette vil vare ved. Men naturressursane er avgrensa, noko vi ser i form av auka oljepris, vassmangel i mange land og no også stigande matvareprisar internasjonalt. Viss ikkje folkeveksten stoppar på annan måte, vil den difor før eller seinare igjen gjere det av matmangel og epidemiar. I historisk samanheng er det vår tid med nok mat og få dødsfall av infeksjonar som er unntaket.

I vestlege, liberale land med likestilling mellom kjønna har folkeveksten stagnert og dei nyfødde blitt så få at samfunnsstrukturen i mange, særleg søreuropeiske land står i fare for å bryte saman i løpet av neste generasjon. Det blir fleire som treng hjelp og færre i produktivt arbeid. I land med tradisjonell, patriarkalsk familiestruktur, som i Afrika og store deler av Asia, veks folketalet så fort at stadig fleire lever i ekstrem fattigdom. Ser ein for eksempel på dei landa Noreg har fått flest innflyttarar frå, var faktisk og berekna folketal slik for åra 1950, 2008 og 2050, oppgitt i millionar: Pakistan: 40, 168 og 277,  Irak: 5, 28 og 56, Somalia: 2, 9 og 26, Vietnam: 25, 86 og 108, Tyrkia 21, 72 og 86. Det blir knapt med jord, mat, husrom og levebrød når ressursane skal delast på så mange fleire. Korkje eine eller andre kulturen er såleis liv laga.

Somme trur løysinga ligg i masseinnvandring til vestlege land. Skal dette skje i ein målestokk som gjev reell påverknad på folketalet i u-land,  er det ikkje snakk om hundretusenvis av innvandrarar til Europa pr år, men titals millionar. Når store grupper alt i dag er på flyttefot er det i mange tilfelle for å kome bort frå krig og etniske konfliktar, som øydelegg livsgrunnlaget.  Med rask endring av befolkninga kan vi lett få same tilstandar her, ved konflikt internt mellom innvandrargrupper eller mellom dei og resten av folket. Vi har alt sett opprøret i forstadene i franske storbyar, og frå Storbritannia melde NRK tekst-TV 13.04.08 at politiet der overvaker heile 20 000 personar, som er med i terrornettverk.

Min konklusjon er at vestlege land må vende attende til deler av sin gamle kultur og andre land ta over litt av vår. For mykje og for lite er like ille.

Gå til innlegget

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere