Per Steinar Runde

Alder: 71
  RSS

Om Per Steinar

Lækjar i Herøy 1977-2008. Utanom yrket interessert i m.a. sjakk, historie, samfunnsspørsmål og kulturdebatt.

Følgere

Min første og siste 17. maitale

Publisert over 1 år siden

I 2010 heldt eg 17. maitale på Runde, øya og bygda eg kjem frå. Når eg no ser kva Vårt Land skriv om nasjonaldagen vår, er eg frimodig nok til å leggje min 8 år gamle tale ut på Verdidebatt. Sjølv om første del har eit lokalt preg, meiner eg teksta mi passar betre enn VL si som ord for dagen.

Kjære Runda-folk!

Gratulerer med Grunnlovsdagen! Til lukke med sjølvstende, fridom og fred, iallfall her heime. Det har vi all grunn til å feire og flagge for. Det er snart 200 år sidan Grunnlova vart underskriven på Eidsvoll og i år er det 105 år sidan Noreg fekk fullt sjølvstende og 65 år sidan vi fekk att fridomen etter fem år med okkupasjon. Men det er eit stort tankekors at vi no tek del i ein krig langt borte.

Eg vil likevel starta med å snakke, ikkje om heimlandet vårt, men om heimbygda. Sjølv om det snart er femti år sidan eg flytte herifrå, eller kanskje nettopp derfor, er Runde framleis min barndoms grøne grend, mi fagre øy eller ”my island in the sun”, som det syng i meg kvar gong eg kjem ut av Sæviktunnelen og ser Runde liggje bada i sollys. Eg kjenner på ei stor takksemd overfor alle menneska som var ein del av livet mitt då eg var liten, både jamaldringar og dei som var eldre, både mine næraste i Isak-garden og grannar og bygdefolk elles. ”Ut på Runde, der veks det minner, gode minner, gærne minner. Hele væla er bære minner, finn et strå og træ dom på”, for å vri litt på Prøysen. Og her er nokre av dei eg har tredd på strået:

Ytre sett var livet på Runde den gongen heilt annleis enn det er i dag, ikkje minst arbeidslivet. Dei lydane eg ofte vakna opp til, vitnar om det: Om vinteren var det gjerne duren frå rokken, der mor sat og spann ulltråd, som seinare vart til strømper og lange, kløande ullunderbukser. Frå sommartida minnest eg den karakteristiske lyden frå hesteslåmaskinen til onkel Nils, som var tidleg oppe for å slå medan det var dogg i graset. Og etter mjølkinga høyrde vi året rundt tonen frå separatoren, ein lyd som vart gradvis grannare etter som omdreiingane auka. Om vinteren kunne det vere litt tungt å kome seg opp frå den varme senga, for det var isande kaldt på soverommet og sjølv på kjøkkenet før mor hadde fått lagt i omnen. ”Varm seng og lat dreng, dei vil så nødig skiljast”, sa ho, litt på spøk og kanskje som ei mild formaning. Vi gjekk på skule berre annankvar dag, men kjeda oss aldri, for i og kring alle hus var det mykje folk som heldt på med arbeid vi fekk sjå på eller måtte hjelpe til med, iallfall sommarhalvåret. Det var våronn, slåttonn og haustonn, i nausta vart båtar og vegn sett i stand og på budene ved hamna var det fiskemottak og i sjøen mykje kril og litt større mort, som iallfall var god kattemat. Vi hadde ein eittøresongel på snøret, og då eg eingong sleit av ongelen, gjekk eg frimodig heim på butikken hans Ingvald og ba om ein ny på borg. Men då lo ho Palma godmodig og gav meg ein gratis.

Hos tante Kalia i kårstova på garden var det telefonstasjon, dit mange kom for å ringje. Eller vi ungane gjekk med telefonbod, tente ein slant og vart samtidig kjende med folket i bygda. Oppe i bakken hadde Tante observasjonspost  for meteorologisk institutt, og dit fekk vi vere med når ho skulle ta mett’en, lese av temperatur og nedbør. Tante hadde mange sysken og tanteungar både på Runde, elles på Sunnmøre og i Oslo. Ho og syskena hennar hadde både sterke meiningar og meiningars mot, så samtalane kunne vere friske når dei samlast, og spennende for ein liten gut å høyre på. Ja, jamvel frå Amerika kom det brev med ”Amerika-lukt”, ei lukt som vi seinare lærte å kjenne som parfyme. Og det kom pakkar frå ”himmelriket” der over og nokre gonger besøk. Det var storhende.

Vi ungane gjekk fritt inn og ut i mange heimar, spesielt der vi hadde jamaldringar. Slik la eg merke til og fekk med meg humoren og den musikalske tradisjonen i Peta-garden, folkemusikkhalvtimen og den historiske og kulturelle interessa i Mass-Petter-garden, og smil og gode ord i  Bø-garden, der vi  fekk vi utfolde oss fritt med verktøy i kjellaren og leike krig med heimevern-mauseren hans Mandor på mørkeloftet.

Ja, alt var betre under krigen, er Ole Paus sin ironiske og spissformulerte kommentar til dei som påstår at alt var betre før. Sjølvsagt er ikkje det rett, og spesielt ikkje for krigsåra.  Med forandring blir somt betre, andre ting verre.

Noko som var heilagt på landsbygda i gamle dagar, var bytesteinane. I ei tid då mat var eit knapt gode, var jord og eigedomsgrenser viktige. Klare grenser var eit vilkår for fred og godt naboskap. Ingen har formulert dette betre enn den utruleg slagferdige Pe-Johan, som sa at han ville byggje gjerdet mot naboen så høgt at det ikkje skulle kome over ein vond tanke, korgje av vegane.

I dag lever vi på fleire vis i ei grenselaus tid, politisk, nasjonalt og kulturelt, på godt og på vondt. Psykiateren Finn Skårderud har peika på den uro ein utflytande kultur kan skape, og understrekar at grenser er nødvendige for identitet. Halldis Moren Vesaas har i diktet ”Ord over grind”, skrive poetisk om det å respektere kvar andre sine personlege grenser:

Du går fram til mi inste grind,

og eg går òg fram til di.

Innanfor den er kvar av oss einsam,

og det skal vi alltid bli.

 

Når det gjeld dei politiske og statlege grensene, må det i dag vere rett å sitere Grunnlova, der første paragraf startar slik:

”Kongeriget Norge er et frit, selvstændigt, udeleligt og uafhændeligt Rige.”  ”Uavhændelig” betyr at det ikkje kan avhendast, dvs gjevast bort.

I vår tidlegare nasjonalsong, Ole Vigs ”Blant alle lande”, blir landegrensene trekt opp i andre verset:

”Fra Vesterhavet til kjølens rand, fra Nordishavet til Kristiansand,

der har jeg hjemme og kan istemme: Mitt fedreland.”

 Det var retten til å vere herre i eige hus, innanfor desse grensene, dvs vårt nasjonale sjølvstende, forfedrane våre lovfeste på Eidsvoll, pressa gjennom i 1905 og kjempa for i krigsåra.

Henrik Wergeland er uløyseleg knytt til Grunnlova, med far som var underskrivar og seinare vart sokneprest på sjølvaste Eidsvoll, der Henrik voks opp.

Men Wergeland var ikkje like  begeistra for alt i denne lova. Han skreiv:

”Jeg tror vår Grunnlov best på jord;

dog ei, at best er hvert et ord.

Således tror jeg for eksempel,

at hver bør velge fritt sitt tempel.

Man friest være må i tro;

thi bør forandres §2.”

Og det Wergeland ville forandre i denne paragrafen var følgjande::

”Jesuitter og Munkeordener maae ikke taales. Jøder ere fremdeles udelukkede fra Adgang til Riget.”

Truleg takka vere Wergeland sin innsats vart passusen om jødane fjerna, i 1851, seks år etter at han døydde.

Skepsisen til jødane heldt seg likevel, heilt til Holocaust. Men då brende bilda frå Auschwitz og Treblinka seg så fast hos folk, både i Noreg og elles i Vesten, at dei her har hindra hetsing av jødar og andre minoritetar i femti år. Men i fjor gjalla ropa gjennom Oslos gater: ”Død over jødane!” Jødehatet hadde kome att, først og fremst i form av muslimske innvandrarar, som fritt har fått etablere seg i Europa, i ly av minoritetsvernet som nettopp jødane sin lagnad har gitt dei. Det blir skote mot synagoger, og jødiske barn blir truga på livet på veg til og frå skulen. I Malmø bryt jødiske familiar opp i eit nytt exodus. Og blant mange intellektuelle i politikk og media har Israel-kritikken blitt så einsidig og sterk at den iallfall gjev grobotn for jødehat, berre under ei anna fane.

Unionsoppløysinga i 1905 handla ikkje berre om at vi ville vere herrar i eige hus; nei, vi ville ikkje eingong dele konge og konsulat med det svenske broderfolket. Hundre år seinare deler vi alt fedrelandet med ein halv million innvandrarar (i 2018 passerer vi kanskje éin million) frå 214 ulike land, og med noverande utvikling kan innvandrarbefolkninga passere 3 millionar innan femti år. Vel halvparten av desse står i utgangspunktet langt frå oss kulturelt, religiøst og politisk. Med all respekt for alle gode og lovlydige personar blant dei; vi står, som følgje av dette, i fare for å skusle bort både sjølvstyret og fridomen i løpet av dei komande tiåra, slik det ser ut i dag. For utan å aktivt vilje det, er vi kanskje i gong med å avhende Noreg, i strid med § 1 i Grunnlova. Det er grunn til å sitere nettopp ein svenske, rikskanslar Axel Oxenstierna, som skal ha sagt: ”Veit du ikkje, son min, med kor lite forstand verda blir styrt?”

I 1945 vart det starta ei ny, riksdekkjande avis i Oslo med det proklamerande namnet ”Vårt Land”. Som forsidesymbol eller logo som det no kallast, fekk avisa eit vikingskip med det norske flagget forma som råsegl. Men for eit par år sidan vart både skipet og flagget fjerna, og var det opp til somme av redaktørane, hadde sikkert namnet gått med i same farta, for sekstifem år etter starten skjemst dei ved å kalle landet for ”vårt”. I førårs gjekk iallfall avisa inn for at all verdas flagg fritt kunne brukast på sjølvaste 17. mai, og redaktør Une Bratberg skreiv at ”fedreland, nasjonalkjensle og flagg” får henne til å tenkje på brunt. Som de veit så var det skjortefargen til SA, Hitlers stormtropper, som herja i tyske byar på 30-talet. Bratberg voks opp i Kenya og vedgår at det kjendest ikkje naturleg å vifte med norsk flagg når Kenya feira sin fridom. Og då kan ein spørje: Kvifor er det meir passande å bruke andre lands flagg når vi skal feire vår? Bør vi beint fram skamme oss over det vi før var stolte av?

Sosiologiprofessor Sigurd Skirbekk skriv i boka „Nasjonalstaten“ at denne antinasjonalismen byggjer på ideologiske tolkingar som ikkje held mål og står for ei omskriving av historia, som det ikkje er faktisk dekning for. Mange hevdar til dømes at å opne grensene for dei som vil hit, vil vere mest i pakt med fridomsideala og menneskerettane patriotiske nordmenn slost for under krigen. Men neppe nokon som opplevde krigen, vil kjenne seg att i ei skildring av desse åra som ein kamp mot tyskarane for å gje livsrom her for folk med fjernare kulturell bakgrunn, seier Skirbekk.

9. april i år las eg eit stykke på internett, der forfattaren starta med krigsutbrotet for sytti år sidan, slik sildefiskarar på Sunnmørskysten opplevde denne vårdagen i 1940. Så gjekk han over til å skrive om situasjonen i Noreg i dag, og eg siterer:

”Haustar vi kanskje forakt hos dei ikkje-vestlege innvandrarane som nå rykkjer inn? Verkar det kanskje slik på dei som på Adolf Hitler, at demokratiet er veikt, ja, falleferdig, og at dei kan ha god von om raskt å vinne over det? Dei som foraktar demokratiet blir etter kvart mange, og dei har utruleg nok den norske eliten med seg.

Ja, framandfolk langvegs frå sig innover landet. Oslo blir ein muslimsk-dominert by i vår tid.

”Dei he tekje Oslo” ropte skipperen til sitt mannskap for 70 år sia i dag. Han hadde nyleg stått og sett nabobåten fange meir sild enn båten kunne bere. Men han ville snart få hjelp av ein annan båt. Det var ikkje verre. Det gjekk ikkje heilt gale med Norge heller, etter 9. april. Med andre si hjelp i tillegg til eigen innsats fekk vi fridom til slutt, etter tunge tap på land, sjø og i lufta.

Norge er eit av dei aller minste skip i verda, omgitt av verdas folkestim. Oslo ein liten hovudstad. Byen har alt teke inn meir enn båten kan bere! Kva følgjer får det for alle?

Tusenvis av fangar, sjøfolk og soldatar som kom heim til fritt land for 65 år sia – nå borte dei fleste – ville ikkje ha trudd det eg her har skrive. Korleis kunne det skje? Vart folket spurt før porten vart slått vidopen?”

Skribenten var Ragnar Ulstein, broren til Borghild, Linge- og Milorg-mannen, historikaren og forfattaren, som fylte 90 år ti dagar etter at dette vart publisert. Eg beundrar Ragnar Ulstein for hans livsverk og mot, i ungdom som i alderdom, men aller mest fordi han som historikar held minna i hevd, men personleg aldri har frose fast i fortid og hemntankar, men i staden sett framover i tru, håp og kjærleik. Difor heldt han då også fram slik, og det han her seier, vil eg både slutte meg til og slutte med:

”Dei som opna porten så vid, har vunne ein siger. Men vi står midt i ein åndsstrid, og den er slett ikkje tapt, og må ikkje stilne. Med varme må ein møte dei nye, unge landsmenn, så dei kan elske dette landet! Med større kraft enn før må ein røkte det vi har fått, det som har gjort folket meir rikt enn olje kunne gjere. Arne Garborg uttrykte for hundre år sia sitt kamprop som gjeld til alle tider:

Ja lat oss strida Og lat oss tru

Og byggja med tankar ei bivre-bru

Til den heilage, høge framtid........

For trui er som det skrive stend

Den makt som vinner på verdi”

Gå til innlegget

Aalborg om avgangen til Listhaug

Publisert over 1 år siden

Postar innlegget på nytt etter råd frå moderator Håvard Nyhus: "Om du tagger innlegget ditt med "Sylvi Listhaug", dukker det opp på profilert plass."

I sitt innlegg "Spektakulær avgang" skriv politisk redaktør i Vårt Land, Berit Aalborg, m.a. dette:

"Slik omtalte hun KrF som har bidratt til å felle henne, og som også nylig vippet flertallet mot stortingspresident Olemic Thommessen: «KrF er et parti totalt uten ryggrad».

Hun beskyldte dessuten Stortinget for å «opptre som en barnehage», og for å «kneble ytringsfriheten». Hun tok også svært alvorlige ord i sin munn: «Siste uka har man sett utrolig mye ondskap i Norge».

Listhaug mener hennes mye omtalte Facebook-innlegg ikke hadde noe med 22. juli å gjøre. Og at dette har blitt brukt til å bedrive en «heksejakt» mot henne.

Til tross for at hun fra Stortingets talerstol ba om unnskyldning for sine uttalelser om at «Ap er mer opptatt av terroristers rettssikkerhet, enn rikets sikkerhet», fremstår det ikke som om hun har noen erkjennelse av at hun likevel oppfattes på en måte som kan skape en ­aggressiv stemning enkelt miljøer.

Derimot mener hun at hun selv har vært utsatt for stempling: «Den siste uken har helt vanlige mennesker blitt stemplet og hengt ut på det groveste»."

Overskrifta gjeld Aalborg og ikkje Listhaug. For å ta siste del av sitatet først. Her snakkar Listhaug ikkje om seg sjølv, men om dei som sende henne blomar. Dei vart kalla rasistar en masse av m.a. Inga Marte Thorkildsen og faktisk også av Aalborg!

Når det gjeld KrF, så er iallfall leiaren, Knut Arild Hareide, i akkurat denne saka ikkje berre utan ryggrad, men ein hyklar. Han fordømer Listhaug på det sterkaste, men tek seg sjølv fridom til å gjere det på grunnlag av lygn, for han pukkar stadig på at "gullstol" og "godhetstyranni" inneber det motsette av det Listhaug legg til grunn.

Opposisjonspolitikarane i Stortinget har visseleg oppført seg som ungar. Å annonsere at dei vil røyste for å felle regjeringa på grunnlag av eit litt tvetydig innlegg på Facebook, som til overmål er sletta og bedt om orsaking for, set ny rekord i barnsleg åtferd blant toppolitikarane. 

Vondsinna personangrep har det også vore mange av. Eller kva meiner Aalborg om dette som ein kar hadde skrive på Listhaugs FB-side: "På tide at en fremmedkriger setter en kule i panna på den onde, kristne fit.. der. Håper hun blir gjenvoldtatt så inn i h......"

Hadde FB-innlegget, som Espen Teigen skreiv og posta på hennar vegne, noko med 22.juli å gjere? Sjølvsagt ikkje. Kommunal- og forvaltningskomiteen kom med innstillinga si torsdag, 8. mars, og innlegget vart posta tidleg neste morgon. På bildet av IS-krigarane stod rett nok "Ap mener terroristenes rettigheter er viktigere enn borgernes sikkerhet", som alle media har sitert.

Men rett over bildet står sjølve innlegget, som var ein kommentar til fleirtalsinnstillinga frå kvelden før: "Vi vil inndra pass og statsborgerskap til fremmedkrigere og terrorister raskt og effektivt! Det vil Arbeiderpartiet stemme ned. I kampen mot terrorister kan vi ikke sitte og toe hendene våre."  Ingen trong difor vere i tvil kva saka gjaldt, men denne overskrifta og presiseringa har ingen medier nemnt, ikkje eingong no i ettertid. Det som eg her har utheva, er heilt korrekt, men det er ikkje heile sanninga, for også andre enn Ap røysta mot avgjerd om dette i forvaltninga.

Det kan heller ikkje vere tvil om at Listhaug har vore utsett for ei heksejakt heilt sidan ho vart innvandringsminister. Kaj Skagen skreiv om nettopp dette i Dag og Tid for meir enn eit år sidan: https://www.dagogtid.no/trollkvinna-og-dei-gode-hjelparane/

Men om ikkje politiske kommentatorar forstår eit kvekk i sitt velisolerte ekkokammer, så gjer iallfall folket det. Denne veka har Frp dobla si oppslutning og RV, som fremja mistillitsforslaget, fått halvert si.

Gå til innlegget

Under tittelen "Siste om Sylvi Listhaug" står fem innlegg, der iallfall fire av dei er kritiske til henne. Eg vel difor å poste som eige innlegg ein kommentar eg har skrive til eitt av dei, for å sjå om VL tillet motførestellingar å stå meir synleg på VD.

I sitt innlegg "Spektakulær avgang" skriv politisk redaktør i Vårt Land, Berit Aalborg, m.a. dette:

"Slik omtalte hun KrF som har bidratt til å felle henne, og som også nylig vippet flertallet mot stortingspresident Olemic Thommessen: «KrF er et parti totalt uten ryggrad».

Hun beskyldte dessuten Stortinget for å «opptre som en barnehage», og for å «kneble ytringsfriheten». Hun tok også svært alvorlige ord i sin munn: «Siste uka har man sett utrolig mye ondskap i Norge».

Listhaug mener hennes mye omtalte Facebook-innlegg ikke hadde noe med 22. juli å gjøre. Og at dette har blitt brukt til å bedrive en «heksejakt» mot henne.

Til tross for at hun fra Stortingets talerstol ba om unnskyldning for sine uttalelser om at «Ap er mer opptatt av terroristers rettssikkerhet, enn rikets sikkerhet», fremstår det ikke som om hun har noen erkjennelse av at hun likevel oppfattes på en måte som kan skape en ­aggressiv stemning enkelt miljøer.

Derimot mener hun at hun selv har vært utsatt for stempling: «Den siste uken har helt vanlige mennesker blitt stemplet og hengt ut på det groveste»."

Overskrifta gjeld Aalborg og ikkje Listhaug. For å ta siste del av sitatet først. Her snakkar Listhaug ikkje om seg sjølv, men om dei som sende henne blomar. Dei vart kalla rasistar en masse av m.a. Inga Marte Thorkildsen og faktisk også av Aalborg!

Når det gjeld KrF, så er iallfall leiaren, Knut Arild Hareide, i akkurat denne saka ikkje berre utan ryggrad, men ein hyklar. Han fordømer Listhaug på det sterkaste, men tek seg sjølv fridom til å gjere det på grunnlag av lygn, for han pukkar stadig på at "gullstol" og "godhetstyranni" inneber det motsette av det Listhaug legg til grunn.

Opposisjonspolitikarane i Stortinget har visseleg oppført seg som ungar. Å annonsere at dei vil røyste for å felle regjeringa på grunnlag av eit litt tvetydig innlegg på Facebook, som til overmål er sletta og bedt om orsaking for, set ny rekord i barnsleg åtferd blant toppolitikarane. 

Vondsinna personangrep har det også vore mange av. Eller kva meiner Aalborg om dette som ein kar hadde skrive på Listhaugs FB-side: "På tide at en fremmedkriger setter en kule i panna på den onde, kristne fit.. der. Håper hun blir gjenvoldtatt så inn i h......"

Hadde FB-innlegget, som Espen Teigen skreiv og posta på hennar vegne, noko med 22.juli å gjere? Sjølvsagt ikkje. Kommunal- og forvaltningskomiteen kom med innstillinga si torsdag, 8. mars, og innlegget vart posta tidleg neste morgon. På bildet av IS-krigarane stod rett nok "Ap mener terroristenes rettigheter er viktigere enn borgernes sikkerhet", som alle media har sitert.

Men rett over bildet står sjølve innlegget, som var ein kommentar til fleirtalsinnstillinga frå kvelden før: "Vi vil inndra pass og statsborgerskap til fremmedkrigere og terrorister raskt og effektivt! Det vil Arbeiderpartiet stemme ned. I kampen mot terrorister kan vi ikke sitte og toe hendene våre."  Ingen trong difor vere i tvil kva saka gjaldt, men denne overskrifta og presiseringa har ingen media nemnt, så langt eg kan sjå. Det som eg her har utheva, er heilt korrekt, men det er ikkje heile sanninga, for også andre enn Ap røysta mot avgjerd om dette i forvaltninga.

Det kan heller ikkje vere tvil om at Listhaug har vore utsett for ei heksejakt heilt sidan ho vart innvandringsminister. Kaj Skagen skreiv om nettopp dette i Dag og Tid for meir enn eit år sidan: https://www.dagogtid.no/trollkvinna-og-dei-gode-hjelparane/

Men om ikkje politiske kommentatorar forstår eit kvekk i sitt velisolerte ekkokammer, så gjer iallfall folket det. Denne veka har Frp dobla si oppslutning og RV, som fremja mistillitsforslaget, fått halvert si.

 

Gå til innlegget

Open e-post til Hareide & Co

Publisert over 1 år siden

Etter å ha høyrt 'debatten' i Stortinget i dag, sende eg følgjande e-post til Hareide, men kunne like gjerne ha halde opp ein spegel for både Støre, Lysbakken, Moxnes, Arnstad og ikkje minst MDGs Stoknes:

Knut Arild Hareide

I innlegget ditt i Stortinget i dag la du vekt på “tillit og anstendighet”.
Du sa vidare: “En statsråd skal bidra til tillit og ikke mistillit. Statsråden
har karakterisert det å hjelpe mennesker i nød som å bære folk på gullstol. Mennesker som har det så krevende, og har så krevende liv, at vi ikke kan forstå det.”

Eg meiner sanning er det viktigaste vilkåret for tillit, og lygn er noko av det mest uanstendige som finst. Eg har høyrt deg fleire gonger seie omlag det same som i sitatet overfor. Derfor spør eg: Trur du Sylvi Listhaug faktisk har sagt dette? Når var det ho sa det? Kva kjelde brukar du?

Du burde vite det, for det står i denne VG-artikkelen: https://www.vg.no/nyheter/i...
og ho sa: “Den viktigste faktoren for god integrering er at utlendingen selv vil integreres. En kan ikke bli båret på gullstol inn i Norge. Det må stilles krav, og det gjør vi med dette forslaget.”

Ho peikar der på noko sjølvsagt, nemleg at ingen kan bli tvungen eller lokka til integrering mot sin vilje. Meiningsinnhaldet i det du påstår ho har sagt, er derimot noko heilt anna.

Eg var medlem og lokal tillitsval for KrF i 35 år, men melde meg ut for to år sidan. Eg synest du skuldar Sylvi Listhaug ei offentleg orsaking, helst frå Stortingets talarstol, for at du har snakka usant om henne.

Gå til innlegget

Idear og deira forførande makt

Publisert nesten 2 år siden

Byter ein bort historisk kunnskap og erfaring om menneske og samfunn med idealistiske og utopiske idear, vil det alltid ende i katastrofe.

Eg tenkte at eg måtte nå 200 innlegg på VD før eg gav meg. Her er ein komprimert versjon av ein kommentar eg nyst skreiv for document.no.

I eit intervju i NRK-programmet "Torp" 14. februar sa historieprofessor Terje Tvedt  at engasjementet hans i AKP på 1970-talet hadde lært han ei lekse om den enorme makta som idear kan ha. Det som for mange starta med eit ønske om å hjelpe fattige og vere solidariske med krigsoffer, enda med at dei dreiv propaganda for djupt totalitære rørsler. Denne erfaringa hadde gitt han innsikt i og teft for å avsløre dagens dogme, som han meiner finst både i norsk statspolitikk og i diskusjonen om menneskerettar og det fleirkulturelle samfunnet.

På halvannan generasjon har Noreg gått frå å vere ein nasjonalstat med små skilje til å verte ein fleiretnisk og fleirreligiøs stat, som dessutan slår fast at staten skal byggjast nettopp på eit slikt multikulturelt grunnlag. Så kan ein spørje om det politiske Noreg har forstått rekkjevidda av dette. Tvedt seier: "Svaret på det er så klart nei".

Det er sant, for vi har ikkje hatt nokon diskusjon eller utgreiing om konsekvensane av dette sosiale eksperimentet, som saknar sidestykke i historia vår. Ansvaret legg Tvedt på den meiningsberande eliten og deira debattform som reduserer diskusjonen om kompliserte og  reelle problem til enkle moralske val mellom det 'gode' eller det 'vonde', definert høvesvis som støtte til eller kritikk av denne utviklinga. Fakta og gode argument er eliten ikkje interessert i så lenge dei har makt til å definere kva og kven tommelen skal vendast opp eller ned for. Slik styrer dei langt på veg også opinionen.  

Tvedt er ikkje den einaste historieprofessoren som har understreka ideologiars forførande kraft. I 2010 gav Øystein Sørensen ut ei bok om kommunismen, fascismen, nazismen og islamismen med den talande tittelen: "Drømmen om det fullkomne samfunn".  Dei tre første er i dag kasserte og blir no berre brukte som skremsel. Islamismen og multikulturalismen er derimot vår tids versjonar av denne draumen, som berre kan realiserast ved tvungen underkasting under islam eller ved å forkaste all kunnskap om den menneskelege natur og om kva samfunn som kan skapast på fredeleg vis og har vist seg å vere liv laga.

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere