Per Steinar Runde

Alder: 71
  RSS

Om Per Steinar

Lækjar i Herøy 1977-2008. Utanom yrket interessert i m.a. sjakk, historie, samfunnsspørsmål og kulturdebatt.

Følgere

Presisering

Publisert 6 måneder siden
Trond Bollerud – gå til den siterte teksten.
Ja, jeg tenker selv, og av den grunn tar jeg avstand fra all høyrepopulisme.

Viss du meiner eg har argumentert på grunnlag av faktiske feil eller gale slutningar, bør du  vise dette. Derfor skreiv eg  "tenk sjølv". Ein påstand om frp-vri eller høgrepopulisme beviser ingenting. 

Poenget her var om du tvilar eller trur på dei to engelsk-norske ordbøkene eg viste til, og det også Østberg skreiv om kva norsk/spansk/fransk ord som svarar  til engelske "compact". Derfor burde eg heller skrive "les sjølv!".

Gå til kommentaren

Politisk ukorrekt?

Publisert 6 måneder siden

Eg veit knapt nokon som kallar seg sjølv "politisk korrekt", ja, ikkje eingong "politisk ukorrekt", anna enn som sjølvironi. Når somme snakkar om det "politisk korrekte" er det for å karakterisere dei synspunkta som blir støtta og fremja av folk som sit med definisjonsmakta i samfunnet. Det er snakk om synspunkt som sentrale politikarar og parti, medieredaksjonar og akademia har felles. Desse miljøa blir også kalla "den meiningsberande eliten", eit uttrykk som kan oppfattast som beskrivande eller som eit skjellsord. 

Sjølvsagt er heller ikkje denne "eliten" samde om alt, men dei er ofte einige om kva som er moralsk rett og passande i det gode selskap. Dei vil ofte ikkje diskutere kva som er faktisk rett, ja, oftast ikkje diskutere i det heile teke med folk dei foraktar. Sjølvsagt finst det blant vanlege arbeidsfolk mange som ikkje veit allverda om historie og samfunn i fortid og notid, men dei veit som regel meir om det praktiske og konkrete kvardagslivet enn privilegerte og teoritunge akademikarar gjer. Og ikkje minst kjenner dei sin eigen livs- og arbeidssituasjon betre enn nokon andre. 

Det er slett ikkje berre holocaustfornekting, rasisme, kvinneforakt, homo- og jødehets, dvs reelt kritikkverdige haldningar, som blir stempla og fører til utfrysing, men også mange ytringar og synspunkt som er godt underbygde av fakta og utviklingstrendar og basert på logisk slutning. Miljøa som klandrar andre for å skilje så skarpt mellom "oss og dei" og stå for "hatefulle ytringar", er faktisk dei som med størst iver frys ut sine meiningsmotstandarar og brukar grove skjellsord. Hekseprosessane går sin gong også i vår tid, sjølv om straffa er mildare, om ein då kan snakke om "mild" utfrysing. Min venn og gamle klassekamerat, Ragnar Thorseth, konkluderte etter Nordpolturen i 1982 med at helvete måtte vere iskaldt og ikkje brenneheitt.  

Gå til kommentaren

Tenk sjølv

Publisert 6 måneder siden
Trond Bollerud – gå til den siterte teksten.
De nasjonalkonservative i frp. Ja, vel, ja. Og nettstedene det vises til er også frp-vridde. Det sier også mye om troverdigheten. I tillegg står høyrepopulismen sterkt i de fleste landene vi visstnok bør ha som eksempel.

Du kan slå opp i ei engelsk-norsk ordbok sjølv og sjå kva "compact" tyder. Eg viste til Cappelens store engelsk-norsk ordbok  (1300 sider), men først brukte eg denne: http://www.easytrans.org/en/?q=compact

Gå til kommentaren

Må ha kome til etter 29.11.

Publisert 6 måneder siden

Eg skreiv dette 29.11. som eit innlegg til lokalavisa Vestlandsnytt og hadde då først lese korleis regjeringa presenterte avtalen. Men eg ser at den aktuelle sida har blitt oppdatert seinare, sist i går 3.12., og at tilvising til ei 'uoffisiell' norsk omsetjing no er komen til, der det før berre stod tilvising til den engelske teksta. 

Å omsetje "compact" med "plattform" tyder på at regjeringa vil ikkje vedstå seg alvoret i avtalen. Øyvind Østberg skreiv ein kommentar på document.no i går, https://www.document.no/2018/12/03/marrakesh-i-den-globale-eliten-har-presentert-sitt-magna-charta/. Der nemner han at på to av dei andre offisielle FN-språka, fransk og spansk, er det brukt høvesvis "pacte" og "pacta" for engelske "compact".  Om regjeringa ville unngå å snakke om "bindande avtale", kunne dei evt brukt tilsvarande ord, dvs "pakt", men det er då endå meir høgtideleg og alvorleg.

Gå til kommentaren

Folkevekst og FN-avtalen om folkevandring

Publisert 6 måneder siden
Une Bratberg – gå til den siterte teksten.
Om en uke er det tid for den store FN-konferansen i Marrakech, der FNs migrasjonsplattform skal vedtas. Det er derfor Røde Kors kommer med denne rapporten nå. Global Compact on Migration er omstridt og svekkes når flere land ikke vil være med å vedta den. Plattformen er ikke juridisk bindende, men hensikten er at medlemslandene skal ha en «felles tilnærming til migrasjon». Det betyr ikke at enkeltland må oppgi sin egen migrasjonspolitikk, slik enkelte har ment.

Folketalet på Jorda nærmar seg åtte milliardar, og veksten er størst  der økonomien er svakast. Både i Noreg og Europa har folketalet lenge  vore stabilt. Til dømes har befolkninga i landet vårt berre auka med to  millionar siste 70 åra, frå 3,2 til 5,3 mill, og  meir enn halve veksten  skriv seg frå innvandring. Dei afrikanske og asiatiske landa som mange  er komne frå, har i same tidsrom hatt slik auke i folketalet: Somalia  frå 2,4 til 12 mill, Pakistan frå 40 til  214 mill, Syria frå 3,5 til 22 mill, Afghanistan frå 8 til 37 mill,  Iran frå 16 til 85 mill og Irak frå 5 til 42 mill. På grunn av ung  befolkning og høg fertilitet kjem likevel befolkninga i Afrika til å  auke aller mest frå no av, med heile 1100 mill dei neste 30 åra. Flest  innbyggjarar har Nigeria, der folketalet var 32 mill i 1950, er no 203  mill og vil vere på 417 mill i 2050.  

 Denne dramatiske befolkningsauken er hovudårsaka til både dagens  folkevandring og den aktuelle FN-avtalen om migrasjon, som skal  underskrivast i Marokko 11. desember. Sjølv om avtalen  var tema for  Debatten på NRK-TV 29. november, veit få kva han inneber. Dei færraste  media og politikarar har informert om innhaldet, og ikkje eingong på  heimesida til regjeringa finst avtalen på norsk. Med 23 føremål, 54  hovudpunkt, 198 underpunkt og heile 34 sider med byråkratisk språk på  engelsk, er han lite tilgjengeleg. 

 Ein grundig gjennomgang av  heile avtalen krev meir plass og tid enn aviser og lesarar kan avsjå.  Men det er kanskje nok å sjå nøye på overskrifta: "Global Compact for  Safe, Orderly and Regular Migration". Omsett til forståeleg norsk blir  dette: "Verdsomfattande, bindande avtale om trygg, velordna og  vanleg/lovleg folkevandring". I Cappelens store engelsk-norsk ordbok  (1300 sider) er "compact" omsett med "pakt", som er endå meir  forpliktande. 

 Den einaste politiske motstanden her til lands har  kome frå den nasjonalkonservative minoriteten i Framstegspartiet. Media  har generelt vore positive til avtalen med unntak for dei  innvandringskritiske nettstadene Document, Rights og Resett.  
I  avtaleteksta står det at "folkevandring er ei kjelde til velstand,  nyskaping og berekraftig utvikling". Dette gjeld iallfall ikkje for  mottakarlanda og befolkninga der. Verre er det at landa som signerer  avtalen, pliktar å leggje til rette for omfattande folkevandring og  sørgje for at prosessen får positiv omtale og vert skjerma frå kritikk.

 Det er uforståeleg at regjeringa Solberg vil skrive under på ei pakt  som svinebind oss slik, og at media og andre opinionsdannarar så  mannjamt støttar forslag om direkte sensur. Det ville vore klokare å slå  lag med Sveits, Tsjekkia, Austerrike, Ungarn, Polen, Kroatia, Bulgaria,  Israel og USA, som alle har nekta å skrive under på avtalen.

Gå til kommentaren

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere