Per Steinar Runde

Alder: 69
  RSS

Om Per Steinar

Lækjar i Herøy 1977-2008. Utanom yrket interessert i m.a. sjakk, historie, samfunnsspørsmål og kulturdebatt.

Følgere

NRK-Dagsrevyen held behandling av flyktningar i Uganda fram som eit føredøme, og Vårt Land skriv at folk i Myanmar og Sierra Leone er dei mest sjenerøse og gåvmilde. Stemmer dette, eller er det berre endå eit eksempel på moralsk utpressing?

Innslag nummer 11 i Søndagsrevyen 12. november handla om flyktningar. Programleiar Yama Wolasmal introduserte reportasjen frå Uganda slik:

«Flyktninger har utløst voldsomme debatter her hjemme og i Europa etter at over én million mennesker søkte tilflukt her i 2015. Men visste du at 90% av de 65 millioner som er på flukt akkurat nå, tas imot av fattige u-land? Ta for eksempel Uganda. Landet har alene tatt imot 1,3 millioner flyktninger, ifølge FN, og det er mer enn hele Europa tok imot til sammen. I Uganda får flyktningene reise fritt, de får tillatelse til å jobbe, og de får sin egen jordflekk der de kan dyrke mat og bygge hus til seg selv. Blant dem er Graze Joice Adiyo, krigsflyktning fra Sør-Sudan.»

Afrika-korrespondent Sverre Tom Radøy tek så over og følgjer Adiyo og ein flokk andre på lastebilen til flyktningleiren Umogo, driven av World Vision i samarbeid med UNHCR (FNs Høgkommissær for flyktningar) og styresmaktene i Uganda.

Men etter kort tid blir Adiyo tildelt eit stykke jord i åsane ovanfor leiren, der ho sjølv får eller må dyrke mat til familien. Av mangel på pengar stoppa FN matvarehjelpa til fleire titusen i oktober. Adiyo får også litt reiskap og material og skal byggje sitt eige hus på eiga jord.

Tre ugandarar synest det er flott at nabofolk  som har lidd vondt under krigen, får slå seg ned, og ein statleg representant er stolt av måten landet behandlar flyktningane på. Men Uganda kan ikkje halde fram med å gje så god hjelp om ikkje landet får meir hjelp utanfrå, seier Høgkommissæren, ifølgje programleiar Wolasmal.

Påstandar om sjenerøse afrikanarar eller asiatar, i motsetning til gjerrige europearar eller nordmenn, møter vi ganske ofte i media.

«Land i dyp konflikt mest sjenerøse», forkynte avisa Vårt Land på sjølve valdagen. Dei viste til britisk-baserte Charities Aid Foundation sin World Giving Index, der Myanmar trona på toppen i 2017, som det landet der flest hjelper ein framand, gjev pengar til trengande og brukar av si tid til fellesskapet, etter det innbyggjarane sjølve har gitt opp i spørjeundersøkingar.

På dei neste plassane kjem Indonesia, Kenya, New Zealand og USA. Noreg er trass alt på ein respektabel 20. plass. Det finst også ei rangering etter kor ofte folk hjelper ein ukjend, og her kjem av alle Sierra Leone på topp! Som nummer to kjem Irak.

Dagen etter skreiv Vårt Land ein leiar med tittelen «Norsk sjenerøsitet faller». Frå året før hadde Noreg nemleg falle frå 15. til 20. plass på denne lista over dei mest gåvmilde nasjonane.

Rett nok tok redaksjonen visse atterhald og nemnde både vår solide velferdsstat og rause bistandspolitikk, men hadde «vanskelig for å se hvorfor menneskene i verdens lykkeligste og rikeste land ikke skal toppe denne kåringen». Når både Tyskland, Storbritannia og Australia går forbi oss, «handler det om innstilling, ikke bare om velstand».

Noko er sjølvsagt sant i desse innslaga og oppslaga. Det går føre seg ein grufull borgarkrig i landet Sør-Sudan, som m.a. Noreg og norske hjelpeorganisasjonar som Kirkens Nødhjelp og Norsk Folkehjelp, pluss eit par profilerte NRK-medarbeidarar, har hjelpt fram til å bli sjølvstendig.

Motsetningar fanst det likevel nok av mellom ulike stammer internt i det animistiske og delvis kristne sør, som mellom svarte og arabiske muslimar i vestlege delar (Darfur) av Sudan. Folk har også flykta frå borgarkrigen i Sudan tidlegare, kome attende og no flykta på nytt. Dét er ingen spøk, men blodig alvor og ein stor tragedie.

Men Uganda og Myanmar som kroneksempel på sjenerøsitet og velvilje overfor andre kan derimot synest som ein spøk, vurdert både historisk og etter samtidige hendingar.

Noko av det første Idi Amin gjorde som president, var å utvise sytti tusen innvandrarar frå det indiske subkontinent; ei populær avgjerd mellom ugandarar.

Etnisk uro og undertrykking har i endå større grad skjedd gjennom fleire tiår med militærstyre i Myanmar. Slik sett er dagens opprør og utdriving av over ein halv million rohingya-muslimar i tråd med tidlegare historie, berre i større skala.

Livstidsstraff  for «gjengangerhomofile» i Uganda og den sterke undertrykkinga av etniske og religiøse minoritetar i buddhistiske Burma/Myanmar, vitnar heller ikkje om overlag mykje velvilje overfor andre.

Ein kan også vurdere kven som faktisk hjelper i Uganda. World Vision, som driv flyktningleiren i Umogo, er ein evangelisk-kristen hjelpeorganisasjon med hovudkontor i California, og sannsynlegvis kjem det meste av innsamla midlar frå USA.

Det same kan seiast om hjelp gitt av UNHCR (FNs Høgkommissær for flyktningar), der USA er største bidragsytar, med Tyskland, Japan, Storbritannia, Sverige og Noreg på dei neste plassane.

Men per innbyggjar gjev nordmenn mest, 17 dollar per snute. Deretter kjem Luxembourg (15 dollar), Sverige (11), Danmark (10), Monaco 7, Sveits og Tyskland (4), Nederland, Finland, Irland, Island (alle med 3) og Austerrike, Belgia, Storbritannia, Canada og Kuwait med 2 dollar per innbyggjar. Bortsett frå Kuwait er dei europeiske eller vestlege land kvart einaste eitt.

Lista over land med dei mest gåvmilde innbyggjarane er basert på all slags gåver, også til eigne slektningar og ikkje minst til eigne landsmenn. Då vert det meiningslaust å samanlikne u-land med korrupsjon og enorme inntektsskilnader med vår velferdsstat, der offentlege utgifter i fjor nådde 50% av BNP .

I afrikanske land, der statsinntektene er små, stikk dei styrande likevel mykje i eiga lomme. Fattigfolk har difor berre gåver frå slektningar å lite på når eigne inntekter ikkje er nok til livsnødvendige ting. Hos oss omfordeler staten halvparten av den samla produksjonsverdien i landet, slik at ingen lid materiell naud.

Av UD sitt budsjett for 2018 går også 31 av 38 mrd til u-hjelp. Men dei innanlandske inntektsoverføringane er sjølvsagt langt større. Løyvingane til Folketrygda, dvs. til eldre, sjuke og uføre, er på heile 470 mrd. Helse- og sosialdepartementet har eit budsjett på 165 mrd.

Til m.a. drift av grunnskule og sjukeheimar får kommunane 166 mrd, og under Justisdepartementet er det sett av 3 mrd til Utlendingsdirektoratet og 17 mrd (sjå nedst på sida i denne lekkja) til busetjing og opplæring av flyktningar; alt ifølgje Statsbudsjettet 2018.

Med vår godt utbygde velferdsstat, som vi inntil vidare har, skil vi oss også ut frå ein del europeiske land, for ikkje å snakke om USA, der langt fleire er avhengige av private gåver, som ikkje strekkjer til i same grad.

Viss vi forsynte flyktningar med ei hakke, ein hammar, nokre spikrar og fjøler og gav dei lov til å byggje seg eit krypinn på statsallmenning og dyrke maten sin sjølv, hadde vi knapt fått eller fortent ros, same kor mange vi tok imot. Her til lands ville folk iallfall vinterstid fort ha frose eller svolte i hel under slike vilkår.

No trur eg sjølvsagt ikkje på solskinnshistoria frå Uganda. Sjølv der er det ikkje nok å strø nokre korn i jorda og vips så har ein familie på fem nok mat neste dag. Ein må både så, vatne, luke og vente før ein kan hauste, og avlinga kan gje både for lite og mangelfull kost.

Spinkle jordhytter kan også lett bryte saman under vêr og vind. Folk treng i det minste jamn forsyning av mat og vatn for å greie seg. Men likevel illustrerer samanlikninga kor mykje meir som blir kravd av ressursar for kvar person Noreg skal busetje, jamført med land midt i Afrika.

1,3 millionar flyktningar i Uganda svarar til 3,5 % av landets eigne innbyggjarar. Til samanlikning har Noreg ei innvandrarbefolkning på nær éin million, halvparten frå Asia og Afrika. Dette svarar høvesvis til 24 %  og 12 % av det norske folket.

Dessutan må vi rekne med at dei som får asyl i Noreg, mange av slektningane deira og alle etterkomarane blir her for evig og alltid, medan dei fleste flyktningar elles i verda før eller seinare reiser attende til heimlandet. Situasjonen kan rett og slett ikkje samanliknast.

NRK og Vårt Land sine påstandar i desse sakene held difor ikkje i møte med den enklaste faktasjekk. Kvar blir det av Faktisk.no? Kvifor vel media med vitande og vilje å servere oss svada i staden for å sanning? Svaret er nok at dei veit det har effekt, ikkje fordi folk er dumme, men fordi mange er godtruande og lett påverkelege emosjonelt.

 

Gå til innlegget

Statsstøtte berre for 'rette' meiningar?

Publisert rundt 1 måned siden - 1344 visninger

I saker om asyl, innvandring og islam er den 'differensierte' pressa nokså samkøyrd. Betre blir det ikkje når dei vil kneble nettstader med andre synspunkt.

Pressestøtte

Aviser og bøker har vore fritekne for moms heilt frå meirverdiavgifta vart innført i 1969. Dette tel mest for aviser med store opplag. Like lenge har ei rekkje aviser fått direkte pressestøtte til sjølve produksjonen. I starten gjaldt dette særleg Ap-aviser som sleit med økonomien som minste avis i mange byar. I dag er dei årlege tilskota heilt avgjerande for nisjeaviser som Vårt Land, Dagsavisen, Nationen, Dagen, Klassekampen og Dag og Tid, som ser ting særleg frå kristen, venstresidig, jordbruket eller nynorskfolk sin synsvinkel. Føremålet for statleg pressestøtte er fornuftig nok å sikre at befolkninga kan få informasjon om eit breitt spekter av saker og synspunkt i samfunnet. Berre då kan vi få eit opplyst folkestyre.

Liberalismens blinde punkt

Samanlikna med mange andre land har vi både ytrings- og pressefridom i Noreg. Men einkvar kultur har sine tabu og herskande ideologiar, som skaper skylappar og blinde punkt. Det gjeld også i eit liberalt og individualistisk samfunn som vårt. Nettopp på grunn av individualismen står vi i fare for ikkje å sjå skogen for berre tre. Ønska og behova til einskildindivid, sama kvar på kloden dei kjem frå, trumfar i offentleg debatt mest alltid omsynet til samfunnet. Dette ser vi ikkje minst i saker som gjeld asyl og innvandring. TV2 og NRK er minst like einsidige som avisene, men har i tillegg langt større gjennomslag. Dramatiske bilde skaper ofte kjensler som overstyrer fornuft og tanke for langsiktige konsekvensar. Godleikstyranniet rår. Mangel på stereoskopisk syn gjev mindre innsikt. Vi ser saka berre frå éi side og går dermed glipp av alt som ein berre kan sjå frå andre synsvinklar. Sjølv om fakta i lengda ikkje let seg skjule, sjølv ikkje i hovudstraumen av media, kan tolkingane der vere villeiande.

Nettstader og forfattarar som gjev eit korrektiv

Heldigvis har vi nettstader som rights.no, document.no og det nystarta resett.no som kan gje folk eit korrektiv. Ingen av desse tre får pressestøtte, men Human Rights Service, som står bak rights.no, har fått statleg støtte som eitt av fleire nasjonale ressursmiljø på integreringsfeltet. På IMDi si heimeside er ei oversikt over organisasjonane som får slik støtte. I 2017 har HRS fått 1,8 av dei totalt 24 millionane som går til føremålet.
I tillegg har nynorskavisa Dag og Tid plass til skribentar som Terje Tvedt, Kaj Skagen og Jon Hustad, som også gjev oss eit korrektiv til gjengse synsvinklar. Det finst også mange gode bøker om innvandringsrelaterte spørsmål, m.a. av Sigurd Skirbekk, Hallgrim Berg, Hege Storhaug og Asle Toje. Sidan innvandring er eit problem- og stridsområde i alle vestlege land, er det også rikeleg med internasjonale nettstader og litteratur å ause av.

Ønske om einsretting?

Så skulle ein tru at også den såkalla differensierte pressa sette pris på at folk får seg presentert eit meir nyansert bilde. Det er då nettopp dét media rosar seg av og ser som grunnlaget for at dei sjølve bør ha livets rett. Men i staden for å gje velfortent ros, krigar dei med alle middel for sitt revir og set stygge namn på personar og miljø som meiner også det norske folket bør få ha si eiga, vesle krå, til liks med dei fleste andre. Alternative media som målber noko slikt, ønskjer dei neglisjert eller nedlagt.

Aftenposten og Vårt Lands kritikk av HRS

Det var dette eg tenkte då eg såg at Vårt Land på leiarplass 10. oktober meinte regjeringa "bør vurdere å kutte støtten til Human Rights Service". Aftenposten var endå meir kategorisk 4. oktober, og forkynte seks dagar seinare at stortingsfleirtalet gjekk inn for det same. Grunngjevinga til avisene er at HRS bidreg til stigmatisering i staden for integrering; m.a. slik formulert av høvesvis Vårt Land og Aftenposten:

VL: "Det er en organisasjon som nå sist med sitt ønske om å dokumentere islams fremvekst i Norge, altså å ta bilde av antatte muslimer i Norge, er med på å stigmatisere muslimer og bidra til fremmedfrykt."

Aftenposten: "De siste årene har HRS uansett fremstått som en blogg med stadig mindre konstruktive og verdifulle bidrag til det offentlige ordskiftet om innvandring og integrering. Storhaugs gatefotografiprosjekt er bare det ferskeste eksempelet på det, og bør bli et punktum i historien om organisasjonens statsstøttede virksomhet."

Den kulturelle revolusjonen - islamifiseringa

Dropen som fekk begeret til å flyte over er tydelegvis artikkelen "Rights dokumenterer den kulturelle revolusjonen" av Hege Storhaug, illustrert med eit gatebilde frå Tøyen med fire kvinner på ein haldeplass. Tre av dei ber chador, og også den fjerde er godt tildekt. I tillegg er ansikta deira pikselert, så ingen let seg kjenne att. Slik sett er det ingen parallell til historia frå mars 2006, då Dagblad-magasinet "Memo" trykte artikkelen "Frykter sosial bombe - Innvandring er vår tids største utfordring", illustrert med framsidebilde av El Youssef, som demonstrerte mot Muhammed-karikaturane. Det kosta magasinet 550000 kroner, idømt av Høgsterett, og kanskje også sin vidare eksistens. Memo vart også dømt i tingretten, men frikjent i lagmannsretten, der det er fleire lekfolk blant dommarane. Det tyder på at den endelege dommen var i strid med allmenn rettskjensle.

No tek media eit langt steg vidare. Før gjaldt det muslimske bildeforbodet berre Muhammed og i islamske land, men no synest media å vilje knesetje dette som prinsipp også i Noreg og for bilde av einkvar 'muslim' som viser seg utandørs. Slik sett understrekar dei berre poenget til Storhaug, nemleg den kulturelle revolusjonen som går føre seg, dvs islamifiseringa av samfunnet. Prosessen blir promotert m.a. av NRK, og inneber også omgjering av kyrkjer og praktbygg til moskéar.

Aktivistar og etniske foreiningar eller reelle ressursmiljø?

Samanlikna med fleire av dei andre organisasjonane som får støtte som ressursmiljø på integreringsfeltet, forsvarar HRS sin plass med glans. NOAS (Norsk Organisasjon for Asylsøkjarar) arbeider stort sett for auka innvandring, det mest integreringshemmande tiltaket av alle. Antirasistisk Senter er i same kategori og skaper med sine stadige skuldingar om norsk 'rasisme' berre irritasjon og uvilje, også retta mot innvandrarar. Resten av 'ressurs'-miljøa er meir eller mindre etnisk eller religiøst eksklusive, til liks med mange andre innvandrarorganisasjonar som får støtte. Kor mange dette gjeld, veit eg ikkje, men nettopp Aftenposten skreiv i 2010 at frå 1987 til då var det utbetalt 220 millionar i 'integreringstiltak', stort sett til etniske grupper som heldt seg for seg sjølve, og lite tydde på at slik innretning fremja integreringa. Berre i Oslo var det dette året 500 søkjarar.

 HRS sitt grunnlag for integreringsarbeid er derimot mykje breiare og meir allment. Frå 2003 til i dag har dei gitt ut nitten omfattande publikasjonar om integrering; fire av dei i 2014 og 2015. I tillegg kjem éin eller fleire artiklar kvar dag på heimesida. Hege Storhaug har åleine skrive heile sju bøker om temaet og er den suverent best orienterte personen i landet på dette saksområdet. Det blir halde mot HRS og spesielt henne at dei er islamkritiske, men kva anna kan ein vere når islam er største hinderet for all form for integrasjon?

Innhald i Vårt Land og på rights.no 10. oktober

Eg synest det har ei viss interesse å samanlikne anna innhald i Vårt Land for 10. oktober med det nettopp HRS tek opp denne dagen. Hovudoppslaget både på framsida og over tre sider inne i avisa er kritikk av 'jødiske bosettere', som om israelsk busetjing er hovudproblemet i dagens Midtausten. Kommentarane på side 2 og 3 handlar høvesvis om "Flukt i litteraturen", "Festung Norwegen" og "Ministeren med korspynten". Titlande talar for seg. På side 5 eit nytt spark: "HRS har seg selv å takke". Side 10 og 11 er vigd massemordet i Srebenica; som også eg synest er ufatteleg grufullt, men trass alt 22 år sidan. Millionar er drepne i Afrika i mellomtida og hundretusenvis i Midtausten, men konstellasjonen 'kristne', serbiske drapsmenn og muslimske offer er god å drøvtygge på for sjølvhatande europearar. På side 13: "Dette kan løfte bistand", og på side 15 endå ein artikkel om muslimar som offer: "Rohingyaer savnet etter båtforlis". Ingenting er sett i lys av behova til vårt land og vårt folk.

Same dag hadde nettopp Hege Storhaug tre artiklar på rights.no: "Ledende islamkritiker med alvorleg varsel", som handla om siste boka til Lars Hedegaard. Artikkelen "Det er forskrekkelig" var om bruk av våpen og skotsikre vestar i svenske gravferder. Og den tredje gjaldt ein tale med tema "Vil vi fortsatt ha et kristent Europa?", der president i Ungarn, Viktor Urban, svara slik på sitt eige spørsmål: "Det er opp til Europa å bestemme". Alle tre artiklane var såleis om saker som også Vårt Land burde og kunne ha skrive om, men som etter alt å døme er tabu for redaksjonen i avisa.

Gå til innlegget

Mange truslar, men éi felles årsak

Publisert 2 måneder siden - 412 visninger

Innvandring gir problem og press på alle samfunnsområde. Ikkje vestleg innvandring, særleg frå muslimske land, er i tillegg ein direkte trussel mot velferdsstaten og tillitssamfunnet. Knapt noko sak er like avgjerande for framtida vår. Derfor er det feigt og farleg når mange politikarar og parti av taktiske grunnar vil feie ho under teppet.

Eg har stort sett slutta å skrive på Verdidebatt, men vil gjere eit unntak i høve stortingsvalet. Dette innlegget vart først publisert på document.no 6. september. Her har eg sett inn undertitlar og forandra eit par formuleringar:

Vi har det godt i Noreg, men stabiliteten og velferda vår er meir trua enn dei fleste er klar over, og utviklinga går gal veg. No før valet vil regjeringa gjerne framstille alt som rosenraudt, medan opposisjonen svartmalar det meste. Verken det eine eller det andre er dekkjande for situasjonen i dag, men opposisjonen kan fort få rett når det gjeld framtida. Paradokset er likevel at det er deira politikk som først og fremst vil gi store problem på dei fleste samfunnsområde. Forklaringa ligg i at dei jamt over har ei meir liberal haldning til innvandring, som skaper press eller gir problem innanfor alle sektorar av samfunnet.

Folkevekst til ein kostnad på 7680 mrd

Ei viktig årsak til dette burde det ikkje vere vanskeleg å bli samde om, for ho handlar om vidare, sterk befolkningsvekst. SSB har spådd at folketalet i Noreg vil auke til 8,5 millionar før neste hundreårsskifte, sjølv om nettoinnvandringa minkar frå 40 til 26 tusen i året. Ein slik folkeauke på 64% vil krevje ei investering i infrastruktur på 7680 mrd (nasjonalprodukt på 3000 mrd x 4 x 0,64), dvs like mykje som dagens oljefond, for å skaffe nok bustader, skular, sjukehus, sjukeheimar og kommunikasjonar mm til ei større befolkning. Men desse investeringane må takast frå vanlege inntekter, for Statens Pensjonsfond, Utland som Innland, trengs nettopp til pensjonar og er alt disponerte. For å greie dette, må andre utgiftspostar på statsbudsjettet skjerast ned med til saman 100 mrd i året.

8 millionar på sveltekur?

Det bør heller ikkje vere usemje om at matforsyninga blir meir sårbar med 3,3 millionar fleire munnar å mette. Utgangspunktet vårt er ei sjølvforsyningsgrad på berre 40%, men i tillegg  eksporterer vi sjølvsagt mykje fisk. Men både svin, fjørfe og oppdrettslaks lever i stor grad på importert kraftfôr, som er ein usikker ressurs i ei verd med klimaproblem og fare for allmenn matmangel.

Innvandring som miljøproblem

I den grad klimaproblema er menneskeskapte, vil folkevekst forsterke dei, særleg viss millionar flyttar frå land med små, til land med større utslepp per innbyggjar. Slike folkevandringar vil også minske incentivet for befolkningskontroll i u-land. Uavhengig av dette pliktar vi å feie for eiga dør når det gjeld forureining og overforbruk

Føresetnader for velferdsstaten        

Økonomisk tryggleik ved sjukdom, uførleik og alderdom er ein viktig del av velferdssamfunnet, men avhengig av høg sysselsetjing og sikre skatteinntekter. Med oljealderen på hell vil finansieringa vere endå meir avhengig av ei godt kvalifisert og yrkesaktiv befolkning. Innvandrarar frå ei rekkje land, i hovudsak muslimske, manglar ofte spesialkompetanse for arbeidslivet vårt eller tek i liten grad del i det, særleg etter fylte femti år. Dette er grundig dokumentert av Frischsenteret og SSB.

Ikkje-vestleg innvandring krev mykje av undervisnings- og helsesektoren

Innvandring frå u-land krev også ekstraordinær innsats på undervisnings- og helsesektoren.  Innvandrarane må lære seg norsk frå grunnen av, nok allmennkunnskap til å greie seg i samfunnet og treng yrkesopplæring tilpassa arbeidslivet vårt.

Fleire har alvorlege infeksjonssjukdomar som HIV og tuberkulose eller ber med seg multiresistente bakteriar, t.d. etter besøk i fødelandet. Visse innvandrargrupper er i tillegg sterkt disponerte for diabetes. Større risiko for psykiske problem kan skrive seg både frå traumatiske opplevingar, tap av kjent miljø og status, og tilpassing til nytt land og nye skikkar.

Valdskriminalitet og terror

På kriminalstatistikken er særleg innvandrarar frå muslimske land sterkt overrepresenterte. For valdsbrotsverk, rubrisert etter opphavsland, tek desse sju av dei åtte øvste plassane på statistikken, sjølv etter korreksjon for alder, kjønn, bustad og yrkesaktivitet. Jamt over er dei tre gonger så valdelege som nordmenn.  Dette gir ekstra påkjenning for politi, domstolar og fengselsvesen og meir utryggleik for heile befolkninga. I tillegg kjem frykt for terroråtak frå ekstreme islamistar, noko som aukar behovet for kontroll, overvaking og sikringstiltak overalt i samfunnet.

      

Mot svart økonomi styrt av klanbasert mafia

Økonomisk kriminalitet er noko jamnare fordelt mellom innvandrargrupper, men også langt meir vanleg. For m.a. transport-, restaurant- og bygningsbransjen er det i ferd med å utvikle seg ein svart økonomi, iallfall i dei største byane.  Seriøse firma som betalar skatt og arbeidsgjevaravgift blir utkonkurrerte, og mafia frå klansamfunn tek over. Fellesskapet misser kontroll og skatteinntekter.

Økonomisk lagdeling etter etniske skilje er farleg, men uunngåeleg        

Dei nordiske nasjonane har vore etnisk og kulturelt homogene og i moderne tid også utan større økonomiske skilje. No er dei pga innvandring i ferd med å bli multikulturelle statar med ei økonomisk lagdeling som delvis fell saman med etniske og religiøse skilje. Både historia og samtida har vist at dette er ein farleg miks, men vanskeleg å unngå sjølv for rike skandinaviske velferdsstatar. Ikkje eingong dei har finansar som kan utlikne store inntektsforskjellar mellom ulike grupper og individ; ikkje fullt ut no og i endå mindre grad for all framtid.

Mange muslimar er vanskeleg å integrere   

Islam er ein dominant religion, og muslimane som kjem hit har ikkje erfaring frå eit liv som minoritet. Konfliktflatene er derfor mange både med kristen og sekulær kultur. Muslimske innvandrarar samlar seg i endå større grad enn andre i segregerte bustadområde, og nordmenn med barn i skulealder flyttar ut. Også religiøse påbod om ekteskap og press om ekteskapsvisum frå slektningar i opphavslandet hindrar sosial integrering.  

Eit rike i strid med seg sjølv, vil ikkje bestå 

Men innvandringa fører også til store konfliktar mellom nordmenn, fordi somme applauderer eller bagatelliserer prosessen, medan andre på eit eller anna tidspunkt har fått auga opp for dei uløyselege problema han vil føre til. Til barnelærdommen høyrde før bibelordet om at eit rike som kjem i strid med seg sjølv, ikkje vil bestå. No synest sjølv kyrkjeleiinga å neglisjere denne sanninga. Dessutan har den fjerde statsmakt, media, stort sett blitt ein aktør og propagandist for nasjonal sjølvutsletting, slik at delar av folket vert forført. Påverknaden er for massiv til at spede enkeltstemmer blir høyrde i særleg grad.

Viss nasjonalstaten skal unngå banesår, må vi protestere no

Men kvart fjerde år har vi eit val. Vi kan då røyste på eitt av dei mange partia med ein innvandringspolitikk som vil øydeleggje landet, eller vi kan i protest røyste på Framstegspartiet, same kva vi måtte meine om resten av programmet deira. Det meste av politiske feilgrep kan rettast opp, medan innvandringa neppe let seg reversere. Får FrP stor nok framgang, vil politikarar i andre parti raskt skifte standpunkt. Mange er dessverre meir redde for pressa, partiet og eigne posisjonar enn for framtida til nasjonen.

Innvandring handlar i liten grad om å hjelpe flyktningar

Men handlar ikkje innvandring om å hjelpe enkjer og farlause, fattige og flyktningar? Nei, berre i liten grad. 40% er familieinnvandrarar, og dei fleste andre er unge menn som er rike nok til å betale kyniske smuglarar. Dei færraste 'flyktningar' er personleg forfølgde, slik Flyktningkonvensjonen definerer ordet. Krigsflyktningar har sjølvsagt også krav på asyl, men berre i næraste trygge land, og sjølv ikkje der for all framtid. Til overmål er menneskerettane skrivne for å sikre folk mot overgrep frå eigne styresmakter; ikkje for å gi dei rett til statsborgarskap i andre land. Dette er elementære fakta og statsrett som media, hjelpeorganisasjonar og politikarar flest underslår.

 

Gå til innlegget

VD - debattforum utan debatt

Publisert 8 måneder siden - 3715 visninger

Når Vårt Land i hovudsak vil promotere seg sjølv og sine synspunkt, forsvinn alternative røyster og debatten tek slutt. Ei tilleggsforklaring på fråfallet kan vere at forandringane i layouten har vore så store at folk ikkje kjenner seg att på sida.

Lenge trudde eg Vårt Land ønskte eit forum for samfunns- og kulturdebatt, der folk kunne delta på lik linje. Men for kvar omlegging som har blitt gjort, har avisa stramma grepet og gitt sine eigne journalistar, redaktørar, leiarskribentar og faste spaltistar meir plass, til dei no dominerer mest heilt. Dette er personar som er travelt opptekne og i liten grad har tid til å svare på motinnlegg. Derfor er det også nokså nyttelaust å kommentere innlegga deira. På framsida i kveld står m.a. artiklar av følgjande i denne gruppa; tal på kommentarar oppgitt i parentes: Mathisen (1), Gjøsund (1), Jordheim (1), Aalborg (2), Andresen (0), Jøssang (1).

Men mange innlegg skrivne av andre ser heller ikkje ut til å interessere, inspirere eller provosere til å delta i nokon debatt. På framsida har m.a. desse fått plass: Ruset (0), Linstad (0), Hamrin (1), Fjerdingen (0), Nilsen (1), Watti (0), Fretheim (0), Martinsen (0).

Unntaka er Bratsberg (15), Thomassen (11), Sandsmark (8) og Olsen (77). Årsaka er truleg at dei skriv om slikt som er meir kontroversielt eller aktuelt, høvesvis sambuarskap hos teologar, transseksuelle, Sidsel Wold eller terror.

Gjennomgåande er det også nokre få som skriv svært mange kommentarar, same kva diskusjonen dreiar seg om. Somme er sikkert svært kunnskapsrike, og andre trur kanskje dette om seg sjølve.

Den nye plattforma for VD kan også vere ei årsak til at mange har falle av lasset. Søkjefunksjonen er betre, men det visuelle inntrykket er svært blast og lite inspirerande. For mykje forandring skapar framandgjering. Ikkje utan grunn heiter det på engelsk "never change a winning team".

Litt meir fargar og mindre dominans av personar som ikkje har tid eller lyst til å delta i debatt, ville vore eit første steg for å vekkje VD til live igjen som eit godt debattforum.

 

 

Gå til innlegget

Bakvendtland

Publisert 9 måneder siden - 253 visninger

"Blinde rettleiarar! De siler av myggen, men svelgjer kamelen." (Matt. 23, 24) Samfunnsdebatten er full av paradoks. Her er somme dagsaktuelle, andre alltid aktuelle:

Administrasjon

Politiet blir sentralisert under parolen "nærpolitireformen" og kommunar og fylke slått saman i demokratiets namn, begge delar i strid med fokeviljen.

Statsetatar med sjølvforklarande namn får nye logoar og uforståelege namn til forvirring for kundane, tap for det offentlege og forteneste berre for reklamebyrå og designarar.

Kvar regjering og kunnskapsminister kjem med ny skulereform som stel merksemda og energien til lærarane og gjev mindre tid og læring for elevane.

Media

Aviser og fjernsyn får offentleg støtte for å sikre meiningsmangfaldet, men har aldri tidlegare vore så einsretta, og knapt satsa så mykje på underhaldning og så lite på nøytral informasjon, som no.

Media fortel om falske nyheiter på Facebook og internettsider og meiner dei sjølve står for fakta, men i hovudsak kjem dei berre med meiningar og tolkingar basert på ideologi.

Avisa "Vårt Land" seier ho er kristeleg, men brukar mykje av spalteplassen til å promotere islam, innvandring og gudlause livssyn.

Asyl og innvandring

Gjennom historia har folk hausta heider ved å verne sitt folk og land, men no blir sjølv verbalt forsvar av fedrelandet fordømt som umoralsk i vestlege land.

Asylordninga vart skapt for politiske flyktningar, men har i stor grad blitt ein lygnbasert veg til rike land for mellomklassen i dei fattige.

SSB seier det kjem titals tusen innvandrarar per år til Noreg også resten av dette hundreåret, men påstår likevel at alle etterkomarane blir nordmenn sjølv med kultur, morsmål og fire besteforeldre frå Afrika eller Asia.

Noreg har i to fokerøystingar sagt nei til å bli styrt frå Brussel, men blir no styrt av direktiv derifrå og dommarar i Strasbourg, og stadig meir frå 'Islamabad' med sine bruhovud her i landet.

Trump vann presidentvalet, men vestlege medium pukkar på at eit statsstyre ikkje skal arbeide for landet og innbyggjarane, men for fri innreise for alle utlendingar. Alt anna meiner dei er rasistisk og uttrykk for hat, sjå Urix 07.02.

Islam

Muslimske statar og trusretningar i Midtausten krigar innbyrdes med hundretusenvis av falne, og dei har fordrive millionar av kristne landsmenn, men for NRK ser det ut til å vere verre at israelarane byggjer hus, sidan dét mange gonger har fått hovudoppslaget på tekst-TV.

Muslimsk terror og ideologi har fått feste i Europa, men media/Vårt Land held likevel 'framandfrykt' for farlegaste fienden.

Einkvar med litt kjennskap til islam veit at muslimsk kultur er kvinneundertrykkjande og patriarkalsk, bortsett frå sosialantropologen Mari Norbakk, som skal til Qatar for å skaffe bevis for det motsette til doktorgraden sin om "den muslimske mannen".  

"For i bakvendtland der kan alt gå an, der er de like tøysete og rare alle mann" (Prøysen).

Gå til innlegget

Lesetips

Ateistens bekjennelser
av
Trond Skaftnesmo
11 dager siden / 6331 visninger
295 kommentarer
Er Noahs Gud vår Gud?
av
Sofie Braut
14 dager siden / 6762 visninger
193 kommentarer
Å være snill
av
Åste Dokka
19 dager siden / 2203 visninger
2 kommentarer
Det skamfulle samfunnet
av
Erling Rimehaug
22 dager siden / 3554 visninger
5 kommentarer
Se og bli sett
av
Asbjørn Gabrielsen
29 dager siden / 475 visninger
0 kommentarer
Sjenanse og verdighet
av
Ingrid Nyhus
rundt 1 måned siden / 3533 visninger
1 kommentarer
Jeg kunne vært mirakelpredikant
av
Levi Fragell
rundt 1 måned siden / 7995 visninger
225 kommentarer
Mektig martyr
av
Åshild Mathisen
rundt 1 måned siden / 2661 visninger
5 kommentarer
Les flere

Siste innlegg

De håndplukkede menn
av
Berit Aalborg
rundt 3 timer siden / 125 visninger
0 kommentarer
Midtøstens nye urokråke
av
Erling Rimehaug
rundt 18 timer siden / 470 visninger
3 kommentarer
Tillkomme Ditt Rike
av
Anders Ekström
rundt 19 timer siden / 60 visninger
0 kommentarer
#metoo
av
Tove S. J Magnussen
rundt 19 timer siden / 167 visninger
0 kommentarer
Spor i ørkensanda
av
Kjell A. Nyhus
rundt 22 timer siden / 285 visninger
5 kommentarer
av
Audun Wold
1 dag siden / 84 visninger
1 kommentarer
Les flere

Siste kommentarer

Søren Ferling kommenterte på
Arroganse om oktoberbarna
1 minutt siden / 4549 visninger
Magnus Leirgulen kommenterte på
Spor i ørkensanda
5 minutter siden / 285 visninger
Søren Ferling kommenterte på
Arroganse om oktoberbarna
24 minutter siden / 4549 visninger
Bjørn Erik Fjerdingen kommenterte på
Spor i ørkensanda
31 minutter siden / 285 visninger
Dag Løkke kommenterte på
Spor i ørkensanda
rundt 1 time siden / 285 visninger
Rune Holt kommenterte på
Arroganse om oktoberbarna
rundt 1 time siden / 4549 visninger
Tom Arne Møllerbråten kommenterte på
Tvilsom type
rundt 1 time siden / 1475 visninger
Magnus Leirgulen kommenterte på
Spor i ørkensanda
rundt 2 timer siden / 285 visninger
Søren Ferling kommenterte på
Arroganse om oktoberbarna
rundt 2 timer siden / 4549 visninger
Kjell G. Kristensen kommenterte på
Tvilsom type
rundt 2 timer siden / 1475 visninger
Greta Aune Jotun kommenterte på
Nøff said
rundt 2 timer siden / 884 visninger
Søren Ferling kommenterte på
Arroganse om oktoberbarna
rundt 2 timer siden / 4549 visninger
Les flere