Per Einar Sønnesyn

Alder: 88
  RSS

Om Per Einar

Eg er gamal norrønist, folkehøgskulemann, prest h. v , amatørfotograf, ven med m.a. esel, palestinarar og israelske fredsvener, oldefar som går Stoltzen med "Familieidrottslaget Sønnesyn" - og trenar med Veteranlaget i Gular .

Følgere

Jukse "Noah's Ark" i Oslo!

Publisert nesten 4 år siden

I Oslo finst so mange fagfolk både på skipsbygging og teologi at det skal verta spanande å lesa om dei bit på dette jukset!

Som  sagt i tidlegare innlegg: Denne "Arken" er ikkje nokon kopi av den bibelske!

Storleik, innreiing og impregnering && er ikkje i samsvar med dei bibelske data,

som før nemnt.

Her vil eg berre etterlysa tjøra! Den som veit det minste om tjøreproduksjon vil vita at det er eit uhorveleg  arbeid i slike mengder!

Googla på tjære , og sjå kva du finn!

Korleis kunde fire mann produsera all tjøra til innvendig  og utvendig breiing på slike flater!

Les informasjonsarket og sjå kva storarbeid det var berre å produsera treverket til "Arken"!!

Gå til innlegget

Breivik som trygg og ufarleg medfange??

Publisert nesten 4 år siden

Om Breivik skal sona saman med andre fangar kan det vel verta vanskar både for han og for medfangane??

Korleis vil medfangane ta imot kjendisfangen?

Det kan vel vera ein del motvilje og aggresjon andsynes massemordaren?

Dessutan spørst det vel om kor trygge dei vil kjenna seg i rom med ein slik ustyrleg og helst samvitslaus brotsmann?? Vert det som ei tilleggsstraff for dei??

Gå til innlegget

Hastverksdåp?

Publisert nesten 4 år siden

Når dei no vil by inn til snøggdåp sume stader er det vel på tide å spørja om kva samanheng det vert i. Den som kjenner dåpsritualet veit at føresetnaden er at barnet skal få kristen kunnskap og takast inn i den kristne kyrkjelyden!

Det kan verka noko tankelaust, for  ikkje å seia ansvarslaust, å gjera ei slik heilag handling mest mogleg letttvinn. Det skal vel vera presten/kateketen, kyrkjelyden, foreldre og fadrar si oppgåva å hjelpa til at barnet får kristen opplæring og vokstermiljø?

Her er "Kontrakten":

"L | Vil foreldre og faddere reise seg.

Dere er vitner om at NN / disse barna er døpt med den kristne dåp. Sammen med vår menighet og hele kirken har dere fått del i et hellig
ansvar: å vise omsorg for henne/ham/dem, be for henne/ham/dem, lære henne/ham/dem selv å be og hjelpe henne/ham/dem til å bruke Guds ord og delta i den hellige nattverd, så hun/han/de kan leve og vokse i den kristne tro."

Det er påfallande når foreldre og fadrar "demonstrerer" at dei ikkje tek del!

Og for mange foreldre, ikkkje minst mødre, er dåpssamtalen eit framifrå høve til å samtala fortruleg om dåp og tru &&!

Gå til innlegget

Kva er antisemittisme?

Publisert nesten 4 år siden

I det store og lærde innlegget om antisemittisme skriv professor Kalleberg utan tydeleg definisjon. I mi OXFORD ADVANCED LEARNER´S Dictionary les eg:"Semite: A member of the peoples who speak Semitic languages, including Arabs and Jews."

Det er uventa når lærde folk ikkje definerer emnet sitt tydeleg!

Semittane vert altso definerte etter talemålet, og ikkje etter nasjonalitet eller land!

Då er både jødar og arabarar semittar, og antisemittar er imot dei!!

Gå til innlegget

Den uhyggelege Marseillaisen !

Publisert nesten 4 år siden

Kvar gong eg høyrer og ser franskmenn som syng Marseillaisen av full hals undrast eg på om dei, og tilhøyrarane, tenkjer over det uhotvelege innhaldet!

Marsjer, marsjer! til eit ureint blod dekkjer våre spor!

( Eg hugsar teksten, men ikkje skrivemåten!)

Korleis kan kulturnasjonen Frankrike syngja so diskriminerande && ???

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Visjon Norge som «Guds forrådshus»?
av
Cecilie Erland
21 dager siden / 2129 visninger
Å bli forma til eit kristent liv
av
Hallvard Jørgensen
18 dager siden / 1774 visninger
Tilbake til humanismen
av
Hans Anton Grønskag
7 måneder siden / 1768 visninger
Fleksibel og sliten
av
Merete Thomassen
6 dager siden / 1270 visninger
Lengselen etter det evige hjem
av
Heidi Terese Vangen
11 dager siden / 1102 visninger
Respektløshet og bedrag i Jesu navn
av
Pål Georg Nyhagen
21 dager siden / 1034 visninger
Klima er viktigst!
av
Arne Danielsen
26 dager siden / 989 visninger
Rusreformen som gjør vondt verre
av
Constance Thuv
15 dager siden / 907 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere