Øystein Skauge

Alder: 67
  RSS

Om Øystein

Prost, Åsane prosti

Følgere

Kan vi snakke til den døde i gravferda?

Publisert nesten 8 år siden

Døden er den grensa som ingen kan krysse for å halde fram samvær, samliv eller samtale. Det vi ikkje fekk sagt til eit menneske mens hjarta enno slo, er det for seint å seie når livet er gøymt under kistelok og blomsterdekorasjon.

Minneorda om avdøde i ei gravferd er viktige. Presten som forrettar gravferda må leggje mykje arbeid ned i å lytte seg fram til det dei pårørande ynskjer skal kome fram for å kaste lys over minnet om den døde. Det som seiest må vere sant, utan at alt som er sant treng å verte sagt.

Ofte er minneorda som presten framfører det einaste som vert sagt om avdøde. Likevel er det langt frå uvanleg at også andre har ordet og ber fram helsingar og minneord ved kista. Frå kyrkja si side er det rett og godt å oppmuntre dei pårørande til å stå fram med sine personlege helsingar. Nokre korte setningar frå dei aller næraste kan få fram myke meir enn mange velformulerte ord frå munnen til ein prest som slett ikkje kjende avdøde.

Men på eit punkt bør presten rettleie dei som skal halda minnetale, dersom presten får sjansen til det. Den avdøde bør i ein slik tale omtalast i tredje person, som eit menneske som var blant oss fram til døden kom, og ikkje tiltalast i andre person med "du", som om vedkomande framleis er i live.

Det er ikkje kyrkja si tru at vi som lever att når eit menneske døyr frå oss kan halde fram å samtale med den som er død. Ikkje kan vi tale med, for den døde svarar ikkje, og ikkje kan vi tale til, for den døde høyrer ikkje.
Derimot kan vi tale om den den døde. Vi kan minnast den døde.  Vi kan teikne eit bilete av den døde som kan skine i ei ramme av takksemd for alt vi hadde i lag.

Men noko av det alvorlege med døden er nettopp dette at døden er den grensa som ingen kan krysse for å halde fram samvær, samliv eller samtale. Det vi ikkje fekk sagt til eit menneske mens hjarta enno slo, er det for seint å seie når livet er gøymt under kistelok og blomsterdekorasjon.

Dette er ei sak som prestane som møter sørgjande i samtalar framfor ei gravferd må kunne ta opp på ein varsam måte. Vi kan ikkje sensurere sørgjande sine eigne ord, men vi kan vegleie og rettleie på ein god måte.

Gå til innlegget

Gulen eller Vålerenga?

Publisert nesten 9 år siden

Eg sit på hytta mi i Nordhordland. Ferien har senka seg. Klatrar eg opp i eit tre slik at utsynet vert litt vidare, ser eg over fjorden. Der reiser fjella i Gulen seg. Mellom dei ligg øyane, holmane og fjordane. Men ingen prest vil dit?

Kollega Geir Sørebø traff blink med si spissformulering, Vålerenga 23 - Gulen 0. Prestestillinga i denne kommunen, ytst i Sognefjorden, framleis i Ytre Sogn prosti, men truleg etter kvart tilknytta Nordhordland prosti i følgje siste utlysingstekst, vart lyst ledig. Samstundes kom også sjølvaste Vålerenga. Mediefokuserte Vålerenga. Kven vil overta prestejobben, der midt i Oslo, med fotballag og ein forgjengar som visste å stikke seg fram? 23 ville overta der. Men ingen i Gulen.

Det er godt at det kjem fram enno ein gong, det vi alle har visst i lang, lang tid. Det er rett og slett vanskeleg å rekruttere prestar til Den norske kyrkja.
Denne gongen fekk det eit nesten absurd utslag. 23 - 0.

Det gav grunnlag for viktige avisdiskusjonar no i sommartida.
Men sant å seie trur eg det er nokså tilfeldig at det vart slik. Hadde Gulen fått den eine søkjaren som var naudsynt for å få ei tilsetjing, ville ingen løfta eit augebryn.
Eg veit ikkje om eg skal våge å seie det, men eg tar sjansen: Heldigvis fekk Gulen ingen søkjarar. Denne gongen. Eg trur dei kjem etter kvart.

Kanskje Jarle Veland får napp med sitt modige utspel om toppløn? Ikkje dumt det. Men sant å seie trur eg ikke at han får jobben på dei vilkåra.

Det ingen skriv i avisa om, er dei mange, mange prestestillingane som vert lyste ut og som får ein eller to søkjarar. Det kan sikkert skje i Oslo eller deromkring også. For alle veit at akkurat denne gongen fekk Vålerenga reklame som knapt nokon ledig prestestilling har fått på lang, lang tid.

Eg var fram til for 1 1/2 månad sidan sokneprest i ein stor, attraktiv, aktiv, bynær og tilnærma urban kyrkjelyd på Askøy. Flott bustad. 15 minuttar frå fisketorget i Bergen. Då eg gjekk over i anna prestestilling melde det seg to søkjarar. Heldigvis dugande prestar, så ingen der treng klage over at at det ikkje kjem ny prest på plass. Men to søkjarar til ein slik soknepreststilling er utruleg lite.

Då er poenget: Det er rett og slett for få prestar som er ledige til at søkjarlistene kan verte særleg lange.

Trygve W. Jordheim har ein kommentar til situasjonen i dagens VL.
Hans konklusjon er at kyrkjelydane må rekruttere eigne prestar.
Det er for så vidt ein god tanke. Men når eg set meg ned og tenkjer etter kva for prestar vi har her i prostia rundt Bergen, f.eks. i Nordhordland der eg nett no sit, og der eg kjenner mest alle prestane, eller i Vesthordland der eg har vore prest i 9 år, eller i Arna og Åsane der eg nett har teke til som prost, så ser eg at ca 3 av 4 prestar i dette store området er rekrutterte frå Hordaland fylke. Dei aller fleste av oss snakkar bergensk eller strilemål. Litt tilflytting har vi. Heldigvis! Elles vert det eit teologisk innavl som ikkje er av det gode.

Gjennom årtier har altså kyrkjelydane her vest i stor grad rekruttert eigne prestar.

Finst det då ingen veg ut av dette vanskelege terrenget?
Personleg ser eg to tiltak som eg har tru på. Det eine kortsiktig: Lytt til Jarle Veland og våg å ta i bruk økonomiske verkemiddel. Ikkje berre for enkeltstillingar, men for presteskapet sett under eitt. Skal vi få tilbake ein del av dei mange presteutdanna personane som i dag har fått betre betalte jobbar på andre stader i samfunnet, vil dette tvinge seg fram.

På lengre sikt handlar det om kyrkja si store åndelege utfordring: Å forkynne slik at unge menneske lyttar og opnar seg for kallet frå Gud til å gjere teneste i kyrkja vår. Den norske kyrkja. Det er om dette den vesentlege dabatten må handle i tida som kjem.

Gå til innlegget

Kva er kyrkja si oppgåve?

Publisert over 9 år siden

Ein liten notis på side 21 i Vårt Land for 3.januar fortener ein kommentar. Det er eit sitat frå Steinar Ims som har skrive leiarartikkel i ”Nytt norsk kirkeblad”, utgjeve av Det praktisk teologiske seminar ved Universitetet i Oslo. Ims skriv  om ”Kirkens oppgåve”. Det er i flg avisnotisen ”å frigjøre og myndiggjøre mennesker i møte med livet”.

Og eg som alltid har trudd og lært at kyrkja si oppgåve hadde noko med Gud å gjere. Med Kristus å gjere. Noko om å leggje eit grunnlag for eit liv i tru på Jesus. Ei tru som vert skapt ved Anden gjennom evangeliet og sakramentforvaltinga.

Eg må ta atterhald om at den korte avisnotisen ikkje gjev eit fullstendig bilde av kva Ims og praktisk teologisk seminar ved TF eigentleg står for, men om dette vesle sitatet frå leiarartikkelen er dekkjande for ei offisiell meining derifrå, då bør nokon reagere. For dette er tynn teologi. Om det i det heile er teologi – ordet tyder som kjent læra om Gud. Her er Gud langt borte. Det bør han ikkje vere om ein skal definere kyrkja si oppgåve.

Det er sjølvsagt mange ulike ord og vendingar ein kan nytte for å formulere kyrkja si oppgåve. Noko endeleg fasistsvar finn ein neppe. Men Ims sitt forsøk er for dårleg.

Sjølv har eg sans for to ulike måtar å gjere det på, begge formulert av dei to siste biskopane i mitt eige bispedøme, Bjørgvin.

Biskop Ole D. Hagesæther hadde følgjande visjon for Bjørgvin bispedøme: ”Å gjere Kristus kjend, trudd, elska og etterfølgd”.

Hans etterfølgjar, biskop Halvor Nordhaug, har løfta opp ei anna visjonsformulering:  Saman vil vi ære Den treeinige Gud - ved å forkynne Kristus, byggje kyrkjelydar, fremje rettferd”.

Orda er veldig ulike. Men dei set i det minste fokus på det som bør kunne vere kyrkja si oppgåve.

Gå til innlegget

Legg merke til NRK. Gelius var på teppet fleire gonger hjå biskop Stålsett. Han er NRKs store bispehelt, og blir i Dagsrevyen anonymisert i denne sak som "den forrige biskop". Det er for sterkt for NRK å seie rett ut at til og med biskop Gunnar Stålsett ville ha han bort.
Men Kvarme er ein ekkel mørkemann i flg NRK, og dei lar det passere at han av ein mann som har sete i vårt Storting vert stempla som ein namngjeven "mulla" i vår kyrkje.
NRK - vårt fremste kampanjejournalistiske reir!

Gå til innlegget

La kyrkja vere eit lys

Publisert over 9 år siden

Det går ikkje lenge mellom kvar gong det skjer at vanskelege saker som brå dødsfall, ulukker, kriminalsaker o.l.  dukkar opp i media. Det er godt at kyrkja og kyrkja sine representantar etter kvart har skaffa seg så god rutine og kunnskap om dette at det så og seie alltid er hit folk vender seg når det vondaste skjer. Kyrkja har stor tillit og truverde som ein institusjon der folk i krise finn meiningsfull hjelp.
Det må kyrkja ta godt vare på og gjerne utvikle enno vidare.

Men eg har etter kvart teke til å stille spørjeteikn ved noko av det kyrkja formidlar i slike situasjonar.

Lystenning
Eg er glad for at mange går i kyrkja og tenner lys. Eg ynskjer ikkje å blåse ut eit einaste av dei.
Men kvifor seier så få prestar noko om kva vi egentleg gjer? På fjernsyn ser vi den eine kollegaen etter den andre stille opp framfor kamera med fyrstikker og stearinlys. Som om prestane ikkje gjer anna enn å tenne lys. Når vart dette eit nådemiddel?

Kristus sa om seg sjølv: Eg er lyset i verda. Den som følgjer meg, skal ikkje vandra i mørkret, men ha livsens lys. (Johs.8,12). Her ligg kjerna til det som gjev lystenninga meining. Symbolhandlinga som skal vende tankane våre mot Kristus. Symbolhandlinga som skal hjelpe oss til å formulere den enkle bøna til han som kan kome inn i mørkret, inn i sorga. Bøna som kanskje er utan ord.
Med lystenning utan bøn er for elektrikarar, og ikkje for prestar!

Vi kan gjerne by inn til samlinga med lystenning. men då skal vi tenne lys og be. Ikkje bere tenne lys. Elles handlar det om ein form for magi som er utan støtte i skrifta.

Media
Ei anna sak er måten kyrkja står fram i media når krisa er som varmast. Korleis er presten sitt møte med media?
Eg tenkjer slik: Dersom eg sjølv kom i den tunge situasjonen at eg måtte få hjelp av kyrkje og prest fordi krisa ramma meg, ville eg lika dåreleg om "min" prest dukka opp i TV-ruta for å kommentere hendinga. Om presten er aldri så generell i det som vert sagt så skal ikkje presten, slik eg ser det, kommentere sjølv dei mest perifere og generelle sider ved ei konkret sak. Er vi trygge for kva som vert sagt når kamera er slått av, når mikrofonen ligg i veska, eller skriveblokka er i journalistens frakkelomme?

Er det ikkje nok at media får vite at kyrkja sine tilsette er kopla inn? Kyrkja er opna. Prestar, diakonar og andre er i full jobb. Og vi ser at folk strøymer til. Meir treng ikkje media vite om dette. Like lite som media har trong for innsyn i ein medsinsk journal, har dei trong for innsyn i det som er fortrulege samtalar eller fortrulege inntrykk som presten har fått gjennom ord eller observasjonar.

Bør dette opp som tema i prestane si etterutdanning?

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Ja vi elsker alle i dette landet
av
Jarle Mong
4 dager siden / 2628 visninger
Mel gir stabilitet
av
Ingrid Vik
27 dager siden / 1880 visninger
Den norske kirke og pornografi
av
Marthe Kristine Østerud Primstad
rundt 1 måned siden / 1026 visninger
Hvem skal bli født?
av
Paul Leer-Salvesen
7 dager siden / 973 visninger
Mor eller menneske?
av
Liv Osnes Dalbakken
29 dager siden / 686 visninger
Visjon Norge og kritikk
av
Pål Georg Nyhagen
12 dager siden / 606 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere