Øystein Skauge

Alder: 66
  RSS

Om Øystein

Prost, Åsane prosti

Følgere

Publisert 12 måneder siden

Flott kommentar!

Alf Gjøsund skriv: "Men det er ikke god teologi å tenke at man skal omvende mennesker. Ingen av oss kan omvende noen, det kan bare Gud. Det man kan gjøre, er å vitne. Så er det Guds oppgave å overbevise om sannheten."

I mitt første innlegg omkring dette temaet skreiv eg bl.a. følgjande: "
"Kristne trur på ein treeinig Gud. Fader, Son og Heilag ande.
Ikkje minst det at trua vår inneber tillit til den tredje personen i guddommen, Den heilage ande, gjer at vi kan gå inn i frimodig dialog med dei som trur på andre måtar enn vi gjer i den kristne kyrkja. Anden er den fremste garantist for at det er meiningsfullt å drive dialog med eit mål om at Jesu misjonsbefaling kan oppfyllast i møte med andre religionar."

Det er vel langt på veg det same Gjøsund også seier, men med litt ulike ord.
Eg synes dette gjerne kan stå som ein grei konklusjon.

Gå til kommentaren

Du-forma på gravkanten

Publisert rundt 7 år siden

Fleire som kommenterer dette innlegget viser til at ein ved jordpåkastinga brukar dei kjende orda "Av jord er du komen. Til jord skal du verta. Av jorda skal du atter stå opp".

Her kan det synest som om presten talar til den døde i "du-form".
I ein kommentar står det noko om at det her kunne vore eit bibelord i staden.

Heile poenget her er at denne liturgiske formelen som er brukt i kristen gravferd over heile jorda nettopp er formulert med utgangspunkt i eit viktig bibelord.

Les vi syndefallforteljinga i 1.Mosebok, kap. 2 og 3, ser vi korleis Herren Gud i samband med at han dreiv dei to første menneska ut av Paradis seier til mannen:

«Med sveitte i andletet skal du eta ditt brød,
til dess du fer i jorda att; for av henne er du teken.
Jord er du, og til jord skal du atter verta.»

I den nyaste bibelomsetjinga frå 2011 er desse orda endra slik at vi kjenner att den engelske varianten av jordpåkastingsritualet: "Dust to dust. Ashes to ashes". No lyder det slik på nynorsk, men tilsvarande også på bokmål:

«Med sveitte i andletet skal du eta ditt brød,
heilt til du vender attende til jorda, for av henne er du teken.
Støv er du, og til støv skal du venda attende.»

Det som skjer på gravkanten er altså at presten utfører ei rituell og liturgisk handling med ord klart fundamentert i bibelske uttrykk. Du-forma må nyttast, både fordi det er bibelsitat, og fordi orda ikkje berre er tiltale til den døde i kista, men ei påminning til alle sørgjande rundt grava. Her vert den bibelske sanninga om menneskets forgjengelegdom summert, og her lyder ordet som tenner håp om det nye livet i oppstoda. For den som er død, og for oss som lever men som alle ein gong skal kvile i ei grav.

Gå til kommentaren

Sakleg?

Publisert over 7 år siden
Fartein Haga – gå til den siterte teksten.

Kanskje du lever i feil tid? Presterolle som passar på 1800 talet? Eller flytt ut av landet?

Er litt usikker på om du kommenterer Tor Dag Kjosavik eller underteikna.
Men uansett: Takk for sakleg og konstruktivt innlegg!

Gå til kommentaren

Bibeltekst på dialekt

Publisert over 7 år siden

Det er ikkje nye tonar frå Tor Dag Kjosavik dette. Som nær kollega og ven av han gjennom mange år, har vi om att og om att diskutert dialektane sin plass i gudstenesta og forkynninga. Vi er som regel nokså usamde. Særleg undrar det meg at ikkje Tor Dag innser at hans eigen litt avslepne sandnes/stavangerdialekt også er er eit dialektinnslag når han sjølv på god og rett måte les og forkynner i gudstenestesamanhang.

Men likevel, eg må gje han rett i at det vi høyrde i to av lesingane frå Tromsø kanskje var i meste laget. Ikkje dialekten i seg sjølv. Den var, og er, praktfull, og må gjerne lyde fulltonande, t.d. frå ein preikestol i forkynnarsamanhang. Slik var det også i biskop Kjølaas si preike, halden på dialekt frå Finnmark. Men det som vart lese på dialekt frå den nye bibelomsetjinga var rett og slett det Tor Dag kallar "Enda en bibeloversettelse". For her var dialektinnslaget så gjennomført at det vart lese noko anna enn det bibelomsetjarane i årevis har jobba med for å få mest mogeleg korrekt. Eit døme er skiljinga mellom "ham" og "han" som i den andre lesinga var heilt borte.

Når ei ny, offisiell, bibelomsetjing skal lesast i regi av ei domkyrkje og formidlast gjennom NRK på sjølvaste juledagen, så må orda gjerne bere preg av ein landsdels tonefall slik dialektane vitnar om. Men orda må ikkje endrast. Det hende i desse lesingane. Problemet er ikkje at dialekten gjorde bibellesingane vanskelege å forstå. Vi forstår dialektane våre, anten dei er frå Sandnes eller Tromsø eller strilelandet. Men av og til skal kyrkja vår løfte fram det offisielle. Eg trur høgtidsgudstenesta frå Tromsø domkirke var ei slik stund. Difor vart det ikkje rett denne gongen.

Gå til kommentaren

Feilinformasjon

Publisert rundt 8 år siden
Geir Wigdel – gå til den siterte teksten.

Og for all del, ikke lever listene slik de er uten prioriteringer fordi det gir automatisk prioritering etter alfabetisk plassering av etternavn. Dessverre har ikke valgledelsen lært av flausen fra forrige gang.

 

Du har rett i at listene ikkje må leverast utan prioritering. Men det er feil at det blir plassering etter alfabetet om du let vere. Les Harald Hegstads glimrande forklaring til valsystemet her: http://www.verdidebatt.no/debatt/cat13/subcat13/thread181082/ 

Gå til kommentaren

Mest leste siste måned

Sjelesørgeren Alf Gjøsund
av
Vebjørn Selbekk
21 dager siden / 5179 visninger
Religiøs fyllefest på Visjon Norge
av
Levi Fragell
29 dager siden / 3157 visninger
Hva KRIK er og skal være
av
Bjørnulf Tveit Benestad
22 dager siden / 2335 visninger
Snevert om synd
av
Torunn Båtvik
29 dager siden / 2206 visninger
Støre-saken: Blodtåke i NRK
av
Vårt Land
19 dager siden / 1779 visninger
KRIK ved et veiskille
av
Øivind Benestad
23 dager siden / 1755 visninger
KRIKs spagat
av
Vårt Land
21 dager siden / 1738 visninger
En løsning som inkluderer
av
Berit Hustad Nilsen
16 dager siden / 1672 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere