Øyvind Årdal

Alder: 63
  RSS

Om Øyvind

Eg er busett på Stranda på Sunnmøre, er utdanna lektor og jobbar i ungdomsskulen og vaksenopplæringa.

Følgere

Flyktninger og integrering

Publisert rundt 1 år siden - 221 visninger

Vi i Partiet De Kristne mener det er viktig at Norge som et rikt land strekker seg langt for å hjelpe nødstilte mennesker andre steder i verden. Men Norge er et lite land, med relativ liten og homogen befolkning som trenger en sterk, bærende kultur med felles verdier og kjøreregler.

Det er derfor begrenset hvor mange mennesker fra andre kulturer vi kan ta imot, integrere og skaffe arbeid og bolig. Integrering er et nøkkelord, og vi kan ikke ta imot flere enn de vi greier å integrere på en god måte. Om dette prinsippet brytes, kan det fort utvikle seg subkulturer, og vi kan få uholdbare tilstander som vi blant annet ser i vårt naboland Sverige.


Vi mener at om Norge skal kunne hjelpe mennesker også i fremtiden, må vi føre en politikk på dette området som er bærekraftig, både kulturelt og økonomisk. Når oljeinntektene blir borte og eldrebølgen kommer, kan det bli knapt med ressurser til å finansiere velferdsstaten. Det er en faktor vi også må ta med i vurderingen. Og mennesker som får opphold i Norge må tilpasse seg de normer og verdier som gjelder her. Dette gjelder blant annet respekten for demokrati, ytringsfrihet, religionsfrihet og likestilling. Partiet De Kristne mener også det er riktig og naturlig at vi under ellers like forhold prioriter flyktninger med en kulturell og religiøs bakgrunn som avviker minst fra den rådende kulturen i Norge.


Vi mener at som hovedregel bør mennesker hjelpes så nært sitt eget hjemland som mulig. Det gir bedre bruk av ressurser, og er mindre belastende for den det gjelder og deres familie. Samtidig må Norge ha smidige og effektive systemer for å håndtere de som søker asyl her i landet. De som åpenbart ikke har rett på opphold skal siles ut og sendes tilbake umiddelbart. Dette frigjør kapasitet til å behandle de andre sakene raskere, og det styrker asylinstituttets omdømme i befolkningen.


Reelle flyktninger med rett til opphold, bør raskt hjelpes til et meningsfylt liv som aktive deltagere i det norske samfunnet, og de skal tas imot med gjestfrihet og varme. Vi vil derfor oppmuntre både privatpersoner, kristne menigheter og andre frivillige organisasjoner til å vise omsorg for de som allerede er inne i landet, enten som asylsøkere, flyktninger eller innvandrere.

Gå til innlegget

Sylvi Listhaug og kristentrua

Publisert rundt 2 år siden - 372 visninger

Nyleg vart det kjent at Sylvi Listhaug ville bli nominert på sikker plass for Frp i Møre og Romsdal. Dette har alle reie ført til oppsving for Frp i meiningsmålingane, og ekspertane spår at det vil bli ein tøff kamp om dei «kristne stemmene» i fylket. Ja, vi i Partiet Dei Kristne (PDK) ser at dette vert ei utfordring for oss, men vi trur også at dette vil bidra til at vi får ein endå meir spennande og fargerik valkamp i fylket. Vi synes også at det er flott at landet vårt har fått ein profilert og rakrygga politikar som så frimodig flaggar si kristne tru. No håper vi at det fører til at også våre kampsaker kjem meir i fokus, og vi er budd på kamp mellom Frp, KrF og PDK om mange av dei same veljarane. Og det er grunn til å minne om at ei stemme til Frp, ikkje fyrst og fremst er ei stemme til Listhaug, men til Frp sitt partiprogram. Eg vil nemne eit par viktige saker som viser at PDK er eit betre alternativ enn Frp for dei som no meiner det er på tide å vakne opp å ta vare på den kristne arven i landet vårt.

Det fyrste eg vil nemne er menneskeverdet og det kristne menneskesynet. Etter vårt syn bryt Frp sitt vedtak om aktiv dødshjelp under landsmøtet i 2009 ganske radikalt med dette. Her må vi også ta med abortsaka. «Sjølv då eg var eit foster, såg du meg», seier Skrifta. Etter vårt syn er abortsaka slett inga tapt sak. Berre sjå på USA. Der er dette ei av dei viktigaste sakene ved alle val, folket er delt på midten, og abortmotstanden er særleg aukande mellom dei unge. Mennesket sin første bustad, like under hjartet til mor vår, skulle vere den tryggaste staden på jorda. I dag har dette blitt den mest utrygge. Det ynskjer vi i PDK å gjere noko med.

Så vil eg ta med spørsmålet om homoekteskap. «Til mann og kvinne skapte han dei», seier Skrifta. Både Frp og KrF kjempa ein tøff kamp mot den nye ekteskapslova som kom i 2008. Men kvar har det blitt av kampgløden og alle dei gode argumenta frå den gongen? Kva skal vi med politikarar som snur kappa etter vinden og diltar etter opinionen? Vi i PDK vil ha omkamp om ekteskapslova. Familien og ekteskapet mellom mann og kvinne er sjølve grunncella i ein kvar kristen nasjon, og alle born har rett til både mor og far. Ja, jamvel FN sin barnekonvensjon seier at «alle born har, så langt mogleg, rett til å kjenne både si mor og sin far». Det biologiske prinsipp bør for all framtid vere rådande i norsk familiepolitikk, og regjeringa bør slett ikkje støtte dei kreftene som ynskjer å lede oss mot eit stadig meir kjønnslaust og kjønnsforvirra samfunn. Regjeringa sitt vedtak om at born heilt ned i seksårsalderen sjølve skal få velje kjønn, meiner vi bryt totalt med både kristen tanke og sunn fornuft.

Vi kunne gjerne tenkje oss å ta med fleire saker, men vi meiner at dette tydeleg nok viser at PDK frå ein kristen synsstad vil vere eit langt betre alternativ enn både KrF og Frp ved valet i 2017.

Øyvind Årdal, Stranda
- fylkesleiar i PDK Møre og Romsdal

Gå til innlegget

Homoekteskap i kyrkja - kvar står KrF?

Publisert rundt 3 år siden - 2862 visninger

Det klassiske kristne synet på ekteskapet står no under press ved det komande kyrkjevalet. I debatten i TV2 vart KrFs partileiar hardt pressa av programleiarane for å seie sitt syn på homofilt ekteskap, men han nekta å svare. Kva ligg bak dette?

Har ikkje veljarane krav på å få vite kvar Hareide står i denne viktige saka? Sist fredag var vi med på skuledebatt i eit fullsett Parken Kulturhus i Ålesund. KrFs Simon Molvær Grimstad, partiet sin 3.kandidat ved valet i 2013, oppmoda alle til å stemme ved kyrkjevalet slik at alle kunne få gifte seg i kyrkja. Er dette det moderne KrF anno 2015?

Vi i Partiet Dei Kristne (PDK) veit at det er svært mange i KrF og folket elles som deler vårt syn. No vil vi utfordre dykk til å stå fram og vise at de framleis vil kjempe for respekten for Bibelen og klassisk kristendom i dette landet. Den som teier samtykkjer! Ver med i kyrkjevalet, og gjennom organisasjonen «Levende Folkekirke» kan du finne ut kven av kandidatane på nominasjonskomiteen si liste som framleis vil kjempe for det klassiske ekteskapet i kyrkja. Godt val!

Øyvind Årdal
1.kandidat til fylkestinget
PDK Møre og Romsdal

Gå til innlegget

Det er borna som vert taparane.

Publisert rundt 3 år siden - 2431 visninger

Det er eit risikofylt eksperiment å institusjonalisere ein heil generasjon frå dei er eitt år gamle. Dette smakar av sosialisme. Det var slik dei gjorde det i gamle Sovjetunionen der staten skulle ta hand om alle borgarane frå vogge til grav.

Partiet Dei Kristne ( PDK) seier i handlingsprogrammet sitt at vi har det grunnleggjande syn at små born treng å vere mest mogleg saman med foreldra sine når dei er små. Vi meiner det er uheldig at barnehage for eittåringar i dag har blitt norma snarare enn unntaket. Her i Møre og Romsdal har vi gjort dette til ei lokal kampsak. I alle dei 11 kommunane der vi stiller liste, er denne saka med.

 Det at mange av småborna må tidleg opp om morgonen og saman med foreldre rekkje morgonstell og transport til arbeid og barnehage, har blitt ei tidsklemme som skapar stress. I dei større byane kan også trafikale forhold både til og frå heimen skape problem. Forsking har også vist at dei minste som er i barnehagen, har dobbelt så høge verdiar av stresshormonet kortisol, samanlikna med dei som er heime. Det er slett ikkje sikkert at vår måte å gjere det på er den beste. I Finland er det langt færre av dei minste som går i barnehagen, og borna der borte gjer det også langt betre på skulen enn her hos oss. Kan det vere ein samanheng her?

 Vi i PDK meiner vi må ha ei ordning der vi legg til rette for at foreldre som vil det, kan vere heime med borna medan dei er små, i alle høve til dei er tre år. Dette kan vi få til ved å innføre lokal kontantstøtte. Ein del kommunar har dette allereie. Skal det bli reell valfridom, er det viktig at beløpet vert så pass stort at familieøkonomien ikkje vert sett under for stort press. Uansett vil kommunen kunne spare ein god del pengar på ei slik ordning, for ein barnehageplass for eitt- og toåringar kostar om lag 160 000 kr per år. Det er altså svært kostbart for kommunen. Vi trur at både foreldre og born, familie og samfunn, vil tene på dette.

Mange foreldre vil framleis velje å sende dei minste i barnehagen, og vi er opptatt av god kvalitet også der. Eitt-og toåringar er særleg sårbare. I den alderen blir tilknytningsevnen utvikla. I eit intervju i Romsdals Budstikke nyleg peika psykologen difor på kor viktig det er med maksimum 3 eittåringar pr. vaksen i barnehagen. Vi vil arbeide for ein barnehage driven på barnet sine premissar.

 Vi vil konkludere med at vi meiner at det er eit risikofylt eksperiment å institusjonalisere ein heil generasjon frå dei er eitt år gamle. Dette smakar av sosialisme. Det var slik dei gjorde det i gamle Sovjetunionen der staten skulle ta hand om alle borgarane frå vogge til grav.

 Øyvind Årdal         
1.kandidat til fylkestinget
PDK Møre og Romsdal.       

 

                                                                                   

Gå til innlegget

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere

Siste kommentarer

Øivind Hundal kommenterte på
Hva vil det si at noe er sant?
10 minutter siden / 1825 visninger
Arild Kvangarsnes kommenterte på
Prinsipper på billigsalg
40 minutter siden / 846 visninger
Arnt Thyve kommenterte på
Kutt bistanden til homohaterne
rundt 1 time siden / 126 visninger
Sigmund Voll Ådnøy kommenterte på
Støtte til overgrep ER overgrep !
rundt 1 time siden / 1750 visninger
Roger Christensen kommenterte på
Matematikk og evolusjon
rundt 1 time siden / 6211 visninger
Kåre Kvangarsnes kommenterte på
Skoleverket som forsvar for demokratiet
rundt 2 timer siden / 133 visninger
Roger Christensen kommenterte på
Matematikk og evolusjon
rundt 2 timer siden / 6211 visninger
Oddbjørn Johannessen kommenterte på
Støtte til overgrep ER overgrep !
rundt 2 timer siden / 1750 visninger
Kristoffer Eknes kommenterte på
Du skal ikke stjele Det gamle testamentet
rundt 2 timer siden / 925 visninger
Geir Wigdel kommenterte på
Å forvente en orden
rundt 2 timer siden / 199 visninger
Daniel Krussand kommenterte på
Støtte til overgrep ER overgrep !
rundt 2 timer siden / 1750 visninger
Stefan Bonkowski kommenterte på
Å forvente en orden
rundt 3 timer siden / 199 visninger
Les flere