Øyvind Strømmen

Alder: 38
  RSS

Om Øyvind

Journalist og skribent, med politisk og religiøs ekstremisme som spesialfelt. Utdannet innen religionsvitenskap. Agnostiker. Blogger på oyvindstrommen.be, og har gitt ut boken Det mørke nettet på Cappelen Damm (primo november 2011). Profilbilde: Pressefoto fra Cappelen Damm. Foto: Thor Brødreskift.

Følgere

Smaklaus og fordummande karikatur­

Publisert rundt 2 måneder siden - 527 visninger

Terskelen for å samanlikna jødar med eit regime som systematisk gjekk til verks for å utsletta dei frå jordas overflate, burde vera – for å seia det forsiktig – skyhøg.

Dagbladet har publisert ein interessant og innsiktsfull kommentar om den nye israelske lova om den jødiske­ nasjonalstaten og om drusarane sine protestar mot denne, skrive av Jan-Erik Smilden. Den nye lova inneber også at arabisk – som før var eit offisielt språk i Israel – no er nedgradert til å vera eit språk med spesiell status.

Smaklaus og fordummande. Det er ei lov som har møtt mykje kritikk, også frå jødisk diaspora. Diverre er denne kommentaren utstyrt med ein karikaturteikning som er både smaklaus og fordummande. I denne vert den israelske statsministeren teikna som ein hakekross, i tillegg til at det er bakt inn ein referanse til det sørafrikanske apartheidregimet. Den er smaklaus fordi den koplar inn nazisme i ein kritikk av ein israelsk statsminister.

Terskelen for å samanlikna jødar med eit regime som systematisk gjekk til verks for å utsletta dei frå jordas overflate, gjennom eit delvis industrialisert folkemord, og som også kom veldig langt i å oppnå det, burde vera – for å seia det forsiktig – skyhøg. Teiknar Finn Graff har gjort det før, då han i 2006 teikna Ehud Olmer­t som nazistisk­ leirkommandant, med gevær i hendene og med ein død palestinar­ på bakken. Teikninga hadde klåre referansar til filmen Schindlers liste der ein sadistisk leirsjef skaut på jødiske fangar for moro skuld. Det var smaklaust den gongen, slik det er smaklaust no, og det er det heilt uavhengig av kva ein måtte meina om israelsk­ politikk.

Leik med elden. Det finst nok dei som ikkje vil lika å høyra det, men ei slik samanlikning er også å lefla med beint ut antisemittisk tankegods, ein farleg leik med elden. Det er truleg medvitlaust, men det er ikkje greitt.

Den er fordummande fordi det er et hav av skilnad mellom nazismen sine brotsverk og ei lov som er symboltung, men også rimeleg symbolsk. Ja, denne lova er uttrykk for ei reaksjonær vending i israelsk politikk, og det burde uroa mange, ikkje minst mange israels-
vener. Men å gjera ei slik kopling er verkeleg noko sjølv dei mest innbitte israelskritikarar burde halda seg for gode til.

Samanlikninga med apartheidregimet er for den del også ei samanlikning som fort fører inn på gale vegar, noko den radikale og knappast ukontroversielle israelske fredsaktivisten Uri Avnery har skrive innsiktsfullt om ved fleire høve. Til sist: Israel fortener sjølvsagt kritikk på mange område. Det burde ikkje vera naudsynt å seia dette i denne samanhang. Diverre er det det. Den norske debatten om Israel og Palestina ender ofte i grøftekantane, og mange søkjer også å pressa andre inn i den eine eller den andre grøfta.

Øydeleggjande for båe. Slik eg ser det er både det israelske og det palestinske samfunnet djupt prega av den langvarige konflikta, og av okkupasjonen, og det på måtar som er øyde-
leggjande for dei båe. Israel ber eit særleg ansvar, ikkje minst for situasjonen på den okkuperte Vestbreidda. Men skal det vera von om å nå ei fredeleg løysing i framtida må fleire sider vera i stand til å sjå og forstå motparten sine narrativ. Det er det sjølvsagt både enkelt og ein smule arrogan­t å sitja i fredelege, trygge Noreg og seia. Men ein ting er visst: Å spela på det jødiske­ folket si største tragedie – massemordet på millionar av ­menneske – er eit teikn på at ein ikkje skjøner det fnugg av det israelske narrativet.

Fornuftige kritikarar av gjeldande israelsk politikk bør ikkje berre sjå det smaklause og det fordummande i karikaturar som dette. Dei bør sjå korleis det er fullstendig kontraproduktivt og korleis det fører til ei fullstendig avsporing. Det er beint fram trist at Smilden sin kommentar no kjem til å drukna i støyen av Graff si teikning.

Øyvind Strømmen

Journalist og forfattar

Gå til innlegget

Det katolske ­trugsmålet

Publisert over 3 år siden - 4499 visninger

Antikatolisisme: Grensene mellom legitim religionskritikk og gamle fordomar er ikkje alltid like klår.

På 1920-talet var det katolisismen som var meir politikk enn religion, som truga fridomen og som ville erobra Noreg på lumsk vis. Iallfall ifølgje Marta Steinsvik.

«Jøder og jesuiter. Slip ikke jesuiterordenen og den jødiske storkapital ind i landet. Det vilde være nationalt selvmord». Slik presenterte Aftenposten intervjuet med den «kjendte taler og skribent, fru Martha Steinsvik» i mai 1925. Ho hadde, fortalte avisa, «behandlet spørsmaalet om jøder og jesuiter i en række foredrag […] utover landet».

Artikkelen gjev eit innblikk inn i ei anna tid, ei tid der antisemittismen var stoverein nok til å sleppa til i eit intervju i ­Aftenposten utan fnugg av kritisk vinkling. Steinsvik er heller ingen kven som helst i norsk kristendomshistorie. Ho tok utdanning innan teologi, og var den fyrste kvinna som heldt preike i ei norsk kyrkje. Ho var også ein varm forkjempar for kvinnelege prestar, blant anna gjennom føredraget Kvendi og preste-­embættet, som vart halde i 1916 og som kom ut som pamflett i 1917.

Før dette var ho ein del Asker-krinsen, eit kulturelt og intellektuelt miljø rundt Hulda og Arne Garborg, nærare presentert av Alfred Fidjestøl i boka Frå Asker til Eden, som kom ut i fjor. Såleis var ho ein del av eit miljø som spela ei sentral rolle for den norske målrørsla.

Tona ned antisemittisme. Legg til at ho tidleg var involvert innan både teosofien og antroposofien i Noreg og at ho også studerte egyptologi og ein kan byrja å nærma seg biletet av ei kompleks og mangslungen kvinne. I 2012 gav Ingeborg Solbrekken ut biografien Kors og kårde, Marta Steinsviks liv og virke, 1877-1950. Boka er fascinerande lesnad, men har også fått høgst rimeleg kritikk: Blant anna tonar Solbrekken den antisemittismen Steinsvik stod for, kraftig ned.

På den siste halvdelen av 1920-talet var det likevel ikkje antisemittismen som fyrst og fremst sette sitt preg på Steinsvik sitt virke. Det var det anti­katolisismen som gjorde.

På bakteppet kviler fleire saker som førte til debatt om katolisismen her til lands på 1920-talet. På den fyrste halvdelen av 20-talet vart det diskutert om paragrafen i Grunnlova som stengde jesuittar ute av landet, burde opphevast.

Provoserande. I 1923 fekk den nederlandske kardinalen Wilhelm van Rossum sitt besøk i Noreg mykje merksemd, det var fyrste gongen ein kardinal vitja landet på hundrevis av år. Sidan vakte hans vesle bok Aan mijne Katholieke Landgenoten («Til mine katolske landsmenn») merksemd. Det er ikkje til å undrast over at skriftet vart provoserande for nordiske protestantar. Kardinalen skildra mellom anna den lutherske liturgien som tom, sjellaus og prega av dødskulde.

Av andre saker som vakte debatt, var konversjonane til Sigrid Undset og Lars Eskeland. I ettertid er det nok Undset som er mest kjend, men at Eskeland vende seg om fekk vel så mykje merksemd i samtida. Han var ein pioner innan folkehøgskulerørsla og ein glødande nasjonalist, ein sentral talar for det høgre­radikale Fedrelandslaget. Då han vart katolikk, førte det fram til den såkalla Eskeland-saka, der Stortinget til slutt avgjorde at Voss folkehøgskule ikkje kunne få statleg støtte så lenge Eskeland var styrar.

«Helvedes tjeneste». Den saka som vakte størst merksemd var likevel den såkalla Steinsvik-Riesterer-saka. Gjennom denne etablerte Steinsvik seg som den hissigaste kritikaren av katolisismen her til lands, noko som også let seg illustrera med eit heller sarkastisk sitat frå den skotskfødde norske forfattaren Gabriel Scott si bok Sven Morgendug frå 1926:

«Vi ser i disse dage i avisene, hvordan en teologisk furie her hjemme raser imot en anden kirke og tilmed har anlagt privat straffesak for at komme en anderledes tænkende broder til livs. Hvilket eksempel til efterfølgelse, ja hvilket eksempel på kjærlighet, paa fordragelighet og paa kristenaand!».

Bakgrunnen for Steinsvik-Riesterer-saka var at den ­katolske soknepresten Celestin Riesterer hadde reagert skarpt på Steinsvik sine åtak på katolisismen. I eit avisinnlegg spurte han blant anna om Marta Steinsvik «selv er en løgnfabrikant i helvedes tjeneste, eller om hun kun er naiv forhandler en gros et en detail». Det var meir enn Steinsvik kunne finna seg i. Ho gjekk til søksmål.

«Den eiendommelige rettssak i Kristiansand» gjekk ikkje av stabelen før i 1928. Saka fekk mykje merksemd i pressa, etter kvart også utanlands. Sjølv om ho grunnleggjande sett handla om skuldingane som Riesterer hadde kome med mot Steinsvik, og om hennar påstandar om ­jesuittisk morallære, vart ho langt på veg oppfatta som noko av eit oppgjer mellom den katolske og den protestantiske kyrkja.

Antikatolsk. Domen vart noko av eit paradoks. På den eine sida vart Riesterer frikjend, og Steinsvik vart dømd til å betala sakskostnadene. På den andre sida vart nokre av dei sterke uttrykka Riesterer hadde nytta, kjent for daude og makteslause. I media var det likevel i hovudsak Riesterer som vart sett på som vinnaren.

Dette var bakteppet då Marta Steinsvik seinare same år gav ut boka Sankt Peters himmelnøkler, som etter kvart kom i to ytterlegare opplag. I boka vert både hennar antikatolske idear og kvar ho henta inspirasjonen til dei, tydelegare for oss. Kjeldene hennar var i hovudsak utanlandske, og primært engelske, amerikanske og tyske.

Dei rangerer frå ateistiske åtak på presteskapet, via dei såkalla gamalkatolikkane sin kritikk av jesuittane og heile vegen til ein fundamentalistisk protestantisk antikatolisisme, som ho blant anna låner frå britiske Protestant Truth Society. Det kan i det heile vera vanskeleg å finna ein klår raud tråd, bortsett frå motvilja mot Den katolske kyrkja.

Antijesuittisk. Steinsvik vidareformidlar både ein antikatolsk diskurs med protestantisk utgangspunkt, ein antiklerikalsk diskurs med eit liberalt, kyrkjekritisk utgangspunkt, ein meir omfattande antireligiøs diskurs og ein spesifikk antijesuittisk diskurs.

Hjå henne flyt dei likevel saman. For henne var informasjonen ho henta frå antijesuittisk litteratur ikkje berre eigna til å gå til åtak på jesuittane, men faktisk eigna til å angripa heile Den ­katolske kyrkja, som etter hennar syn var gjennomført jesuittisk.

Steinsvik sin konklusjon – i form av eit «Oprop til det norske folk» - var også retta inn mot katolisismen som heilskap. Ho meinte at den opphavlege norske kyrkja, som etter hennar syn var keltisk og ikkje katolsk, hadde blitt øydelagt på 1300-talet, slik at «et rakrygget, høit kultiveret og fromt keltisk-evangelisk kristenfolk» hadde vorte omdanna til eit uvitande romersk-katolsk husmannsfolk. No kunne det skje igjen!

Munkeforbod. Løysinga var å gjenoppretta forbodet mot munkeordenar. Om ikkje Den katolske kyrkja som heilskap kunne stengjast ute, burde ein i det minste syta for at «gifttennene», klosterskular og katolske sjukehus, vart fjerna.

«Hvis mennesker eller husdyr angripes av smittsomme sykdommer», skreiv Steinsvik, «da faar stat og kommune det travelt med at ta alle forholdsregler for å utrydde pesten. Men naar jesuiter maalbevisst arbeider paa at indpode vor norske ungdom langt farligere aandelige smittestoffe, da legger den norske stat for tiden ikke to pinder i kors for at hindre denne jesuttiske mission».

Farlege. I den europeiske og amerikanske antikatolisismen Steinsvik lånte mykje frå, gjekk tre sentrale motiv igjen.

For det fyrste såg ein på jesuittane som farlege konspiratørar, underlagt ei framand makt. Ja, katolisismen var ikkje fyrst og fremst religion, den var politikk! Som det heiter i romanen Edderkoppen – en jesuit-intrige, skrive av Joseph Hocking og omsett til norsk av Steinsvik i 1930:

«Romerkirken var anderledes end alle andre kirker i verden. […] Den forlangte frihet for at ødelægge friheten for alle andre. Den var ikke et religiøs samfund. Den var først og fremst et vældig politisk maskineri, som arbeidet for kirkens overherredømme».

For det andre vart katolisismen, og då særleg dei katolske prestane, framstilt som eit seksuelt trugsmål. Mykje av skulda var gjeve til sølibatet, men også skrifteordninga og ikkje minst eksistensen av nonnekloster var ein del av dette biletet. Marta Steinsvik synte til fleire døme på det ein kanskje kan kalla nonnehorror, romanar og påståtte sjølvbiografiar som avslørte grufulle overgrep i kloster inklusive, sjølvsagt, seksuelle overgrep. Kjeldekritikken var det så som så med, ho syner blant anna til det openberre falsknarverket Awful Disclosures av Maria Monk.

«Unorsk». For det tredje vart Den katolske kyrkja sett på som både gamaldags og framgangsfiendtleg. Medan kyrkja sjølvsagt heilt reelt var ein motstandar av ei rekkje liberale reformer, gjekk dette vidare. Som forskaren­ ­Manuel Borutta påpeiker, vart katolisismen av både tyske og italienske liberalarar «ikkje berre skildra som grotesk anakronistisk, skandaløst tilbakeståande og politisk reaksjonær», men også som «eksotisk, primitiv og barbarisk», og katolisismen vart stengt ute frå den moderne historia, frå den europeisk sivilisasjonen og den nasjonale kulturen, og identifisert med Orienten.

Hjå Steinsvik vert katolisismen framstilt som grunnleggjande unorsk, som resultat av katolsk propaganda blant «et naivt, troskyldig folk», gjennomført av utanlandske katolikkar som ikkje hadde noko ynskje om å bli «et integrerende led av dette nye fædrelands folkeorganisme», men som i staden forræderisk arbeidde for å erobra landet. Dei utgjorde også eit trugsmål for ytringsfridomen.

Teologen Christian Ihlen, som vitna i rettssaka i Kristiansand og var ein av Steinsvik sine støttespelarar, var også sentral i Den norske Israelsmisjon (som formann frå 1908 til 1948 og redaktør for Misjonsblad for Israel fram til 1956).

Han skriv ikkje berre at han ikkje kunne finna noko gale med Steinsvik sine åtak på «jesuitermoralen», det handla faktisk om eit viktig samfunnsspørsmål – kor vidt jesuittane skulle få tilgang til landet. Så heldt han fram: «Og vi har da trods verdens største kirkesamfund endnu heldigvis ytringsfrihet i Norge».

Pinleg affære. Nesten tre tiår etter rettssaka kom debatten om jesuittar opp på ny. Noreg hadde underteikna Den europeiske menneskerettskonvensjonen. Forbodet mot jesuittar, som framleis var grunnlovsfesta, hadde vorte ei pinleg affære.

I 1956, då paragrafen vart avskaffa, vart Steinsvik, som døydde i 1950, i liten grad referert, kanskje også grunna hennar høgst kontroversielle bok om landsvikoppgjeret, Frimodige ytringer.

Det konspirasjonsteoretiske elementet var likevel ikkje borte. Men noko var endra: Der Steinsvik hadde kombinert antikatolisisme og anti-jesuittisme med antijødiske førestillingar, vart jesuittane no gjeve skulda for fascismen og for antisemittismen, både av høgrekjempa­ Carl Joachim Hambro og av teologen Olav Valen-Sendstad. Sistnemnde stilte i eit ope brev spørsmålet: «Vil Stortinget gi jesuitt-­fascismen sin moralske anerkjennelse?»

Anti-jesuttismen syner seg påfallande fleksibel. Sjølv om motiva varierte, var han langt frå marginal. Ei lang rekkje leiarar i Misjons-Noreg oppmoda Stortinget til å gå imot grunnlovsendringa. KrF, med formann Erling Wikborg og nestformann Kjell Bondevik, røysta samla mot endringa. Det einaste partiet som samla røysta for, var Norges Kommunistiske Parti.

Gamle trådar. I dag er denne forma for anti-jesuittisme noko som stort sett lever i marginale miljø, nokre av dei frikyrkjelege, andre med gjennomført konspirasjonsteoretisk grunnlag.

Andre motiv i antikatolisismen lever likevel vidare, og det ikkje berre i populærlitteratur – til dømes i bøkene til Dan Brown.

Også i samband med diskusjonar om overgrepsskandalar dukkar gamle trådar opp. Det syner oss, om ikkje anna, at grensene mellom legitim religionskritikk og gamle fordommar ikkje alltid er like klår.

FØRST PUBLISERT SOM KRONIKK I VÅRT LAND 10. JUNI 2015

Gå til innlegget

Charlie og ytringsfriheten

Publisert over 3 år siden - 2059 visninger

Jeg liker ikke alltid Charlie Hebdo. Det gjør kanskje ikke du heller. Og det spiller ingen rolle.

Natt til 1. november 2011 ble redaksjonslokalene til den franske satireavisen Charlie Hebdo satt i brann av ukjente gjerningsmenn. En såkalt molotovcocktail, en improvisert brannbombe, hadde blitt kastet inn i lokalene.

Ikke lenge etter var jeg tilfeldigvis i Paris. I en ledig stund oppsøkte jeg en aviskiosk, en slik ekte, gammeldags en, og kjøpte en utgave av avisen. På fremsiden av avisen var det bilde av en muslimsk mann – i konservativ mundur – og en tegner fra Charlie Hebdo. De råklinte. ­Under stod teksten: «L’amour. Plus fort que la haine». Kjærligheten er sterkere enn hatet. Det var et budskap med klangbunn for en nordmann etter 22. juli. Det var vakkert.

For mange nordmenn var Charlie Hebdo fullstendig ukjent før de triste nyhetene nådde­ ­Norge. Det er få av oss som ­leser fransk, og selv for de av oss som leser litt av språket kan det være utfordrende å henge med i svingene med bladets satire. Ikke bare må man trenge gjennom franske kulturelle ­referanser, og kjenne til pågående fransk samfunnsdebatt. Bladet hører også hjemme i en satirisk sjanger vi har lite eller ingenting av i Norge.

Det er ingen tvil om at Charlie Hebdo er kontroversiell. Det er ingen ting om at den kan være provoserende. Og det er ingen tvil om at avisen har utfordret og kanskje til og med utvidet ytringsfrihetens grenser.

Selv navnet Charlie røper noe av dette. Avisens røtter ligger i en annen satireavis, L’Hebdo Hara-Kiri. Den ble forbudt flere ganger på 60-tallet, og til sist i 1970. Det siste skjedde ikke lenger etter at avisen hadde en forside som må sies å ha vært ganske spottende­ ovenfor president Charles de Gaulle, bare noen dager etter at han gikk bort. «Charlie» er både en referanse til Charlie Brown i Knøttene og en intern spøk knyttet til de Gaulle.

Antisemittisme. I nyere tid, og i sin nåværende versjon, har bladet vært involvert i en rekke kontroverser. I 2008 fikk en spalte skrevet av tegneren Siné, og ble anklaget for antisemittisme. Siné fikk sparken fra avisen. Han vant senere en rettssak mot Charlie Hebdo for usaklig oppsigelse.

Men de som måtte tro at Charlie Hebdo er et rasistorgan, eller en høyreradikal blekke, tar feil. Utgangspunktet ligger et godt stykke til venstre. Og Charlie Hebdo sparker i alle retninger. De har vært i gjentatt klammeri med katolikker. De har også gjort gjøn med Jesus, som når de hadde en lite flatterende fremstilling av Jesus på fremsiden, med teksten: «Jesus vender tilbake». Bak Jesus stod Adolf Hitler, som sa: «Jeg også». De har også fremstilt de høyreradikale politikerne Jean-Marie og Marine Le Pen som vakter i en konsentrasjonsleir, sammen med den mildt sagt kontroversielle journalisten Eric Zemmour, blant annet kjent for å forfekte rene raseteorier.

En fortvilet profet. Flere av karikaturene deres vil garantert oppleves som ubehagelige av en del av Vårt Lands lesere. Noen av tegningene er rett ut vulgære. Humoren deres kan være ­vanskelig å svelge.

Men noen ganger er de rett og slett geniale. Cabu – en av ­deres mest kjente tegnere, og en av de drepte i Paris – tegnet for ­eksempel en fremside i forbindelse med den såkalte karikaturstriden, med det som åpenbart er en Muhammed-figur. Han dekker ansiktet, og ser oppgitt, ja, bent frem nedbrutt ut. Teksten forklarer at profeten er overveldet av fundamentalister: «Det er hardt å være elsket av slike idioter!»

Det er ikke akkurat profeten Muhammed det drives gjøn med i tegningen. I samme avis gjenga de Jyllandspostens karikaturer, og la til flere av sine egne. Det skapte selvsagt bråk. Bladet ble saksøkt av franske muslimer, som særlig reagerte på to av Jyllandspostens karikaturer, blant dem Kurt Westergaards karikatur av profeten med en bombe i turbanen, som de mente likestilte islam og terrorisme.

Flere politikere, blant dem både Frankrikes forrige president Nicolas Sarkozy og dets nåværende president François Hollande forsvarte avisen, i ytringsfrihetens navn. Charlie Hebdo vant rettssaken. Det var med rette. Men jeg skjønner dem som misliker tegningen. Og jeg skjønner enda bedre de som misliker hvordan den har blitt brukt av forskjellige idioter.

I en annen Charlie Hebdo-­karikatur som kommenterte karikaturstriden ser man tre rasende, skjeggete menn, som protesterer mot karikaturer. Den ene av dem vifter med en pistol. En pil peker på de tre: «Karikaturer av muslimer», står det. Det gir karikaturen en dobbelt bunn, ikke bare kan den ses på som en kritikk av islamsk fundamentalisme. Den kan også sees på som en kritikk av karikert og fordummende islamkritikk. Tegneren, kjent som Luz, var en av dem som overlevde terrorangrepet onsdag. Han hadde forsovet seg, og kom for sent på jobb.

12 mennesker mistet livet. De fleste av dem var redaksjonsmedlemmer i Charlie Hebdo, avisen som angriperne ville drepe, blant dem redaktøren, Stéphane Charbonnier. To av dem, Franck Brinsolaro og Ahmed Merabet, var politimenn. De to hovedmistenkte bak ugjerningen er to brødre i 30-årene. De hadde en vanskelig oppvekst, hadde klare koblinger til et ekstremt miljø og sies å ha deltatt i den blodige, syriske borgerkrigen. De minner om den antatte gjerningsmannen bak terrorangrepet på det jødiske museet i Brussel i mai i fjor, Mehdi Nemmouche.

Angrep på demokratiet. Nemmouche angrep tifeldige mennesker på et museum. Mennene i Paris angrep en kontroversiell avis. De angrep alle det liberale demokratiet.

Snart skal jeg tilfeldigvis til ­Paris igjen. Jeg håper å få sjansen til å stikke innom en aviskiosk. Da skal jeg kjøpe Charlie Hebdo. Jeg regner ikke med å le av alle karikaturene deres. Jeg regner ikke med å like dem alle. Noen av dem vil jeg sikkert slett ikke forstå, da både språkkunnskaper og kjennskap til fransk samfunnsdebatt vil komme til kort. Noen av dem vil jeg sikkert synes at er vulgære. Eller rett og slett dumme.

For jeg er ikke Charlie Hebdo,­ like lite som de fleste som i ­solidaritet har brukt det sterke slagordet, og like lite som de høyre­radikale som nå klemmer det venstreorienterte, kultur­radikale organet til brystet. Jeg deler ikke alltid Charlie Hebdos humor, og har ikke deres mot. Men jeg liker ytringsfriheten.

FØRST PUBLISERT SOM KRONIKK I VÅRT LAND 10.1.2015

Gå til innlegget

Muslimhatets endestasjon

Publisert over 4 år siden - 2128 visninger

Srebrenica er muslimhatets endestasjon.

På nettstedet Gates of Vienna, et nettsted Breivik besøkte og hentet ideologisk inspirasjon fra, et nettsted der den profilerte norske muslimhatbloggeren Fjordman har skrevet mye og der flere nordmenn er aktive, ble det i november 2007 publisert en artikkel som ble present som et «spekulativt fremtidsscenario». Det omhandler en fremtidig borgerkrig i Danmark. Bloggeieren  Ned May, «Baron Bodissey», som han kaller seg  skriver at han er «optimist» på danskenes vegne, fordi danskene har mange våpen, inklusive uregistrerte våpen som det lokale politiet ikke bekymrer seg over, og fordi Danmark er landet der den europeiske motstanden mot islam begynner.

Teksten begynner med et tenkt, blodig selvmordsangrep i København. De feige danske myndighetene, selvsagt er de feige, svarer med å gå med på muslimske krav om selvstyrte områder, shariadomstoler og et muslimsk utenriksråd. Men terroristene slår til igjen, konflikten hardner. Våren 2013 bryter det ut borgerkrig i dette tenkte Danmark. I det videre males det ut: krigshandlinger, terror, grufulle tilstander i de «okkuperte» ghettoene. «Scenarioet er ikke ment som en forutsigelse av hva som vil skje», bedyrer forfatteren. «Det er ment som en fortelling, [som forsøker å se på] langtidseffekten av islamiseringen av europeiske land, og noen tema som må håndteres når den skal bekjempes.»

Han fortsetter ved å slå fast at spørsmålet om «sluttspillet» er fraværende i diskusjoner om hvordan man skal svare på islamiseringen av Europa. Svaret for El Ingles er å få muslimer til å forlate landene «frivillig». Det vil han oppnå ved å forby muslimsk innvandring, bygging av moskeer, ved å tvinge muslimer til å betale ekstra skatt, ved å stenge eksisterende moskeer, ved å forby muslimer å i det hele tatt ha offentlige arrangementer, og ved å forby ekteskap mellom muslimer. Som en annen løsning foreslår han massedeportasjoner:

«Hvis et enkelt fly kan ta 250 mennesker, da kan 4.000 flyturer fjerne en million mennesker, altså omtrent den muslimske befolkningen i Nederland. Med ti turer hver dag vil dette ta litt over et år. [...] Dessverre vil de logistiske vanskene være ganske betydelige, for å si det mildt, og det ville gjøre det nødvendig å internere hele den muslimske befolkningen. Dette kan ikke gjøres uten massiv bruk av brutal kraft.»

Dermed står den «endelige muligheten» igjen, nemlig folkemord, skriver El Ingles. Han vedgår at det kan virke «noe smakløst» å diskutere denne løsningen. Videre hevder han at han ikke går inn for folkemord, han bare «registrerer at folkemord har vært et tilbakevendende fenomen i historien». Det at «folkemordets skyer vil bli stadig mørkere over Europa etter hvert som islamiseringen skrider frem» ville det være «intellektuellt og moralsk unnlatende å ikke påpeke».

Noen måneder etter fulgte El Ingles opp med nok en artikkel om fremtiden, et «deskriptivt, ikke normativt» fremtidsscenario, påstås det. Denne gangen er det Storbritannia som utgjør scenen, og forfatteren bruker mye plass på å leke med tanken på folkemordet.

Deretter kom han med høyst «normative» vurderinger idet han forteller hva han selv ville gjort om han var «diktator for en dag». Det er litt av en smørbrødliste: han ville forbudt muslimsk innvandring, men kanskje  «om jeg var i usedvanlig godt humør» tillatt opp til 100 muslimer i året å bosette seg i Storbritannia, «men bare dersom de var gift med ikke-muslimske britiske borgere». Han ville ha deportert hundretusenvis av mennesker. Han ville deretter ha forbudt bygging av moskeer, og innført «tusen og en gradvise begrensninger» for å «skvise muslimene så hardt at de konkluderte med at det ikke var noe poeng i å forbli i Storbritannia». Til sist ville han ha gjort det å være muslim i seg selv til grunnlag for deportasjon for innvandrere og deres barn, «og for fengsling om det var snakk om innfødte briter».

Og så kommer innrømmelsene: Det finnes ingen sjanse for at noe europeisk land skal gjennomføre denne typen politikk snart, om noen gang. Dessuten er det ganske enkelt ingen garanti for at den, om den faktisk ble innført, ikke ville svikte på grunn av de strukturelle problemene gjennomgått over, og dermed resultere i at vi glir hele veien ned til det nederste trinnet, der den tredje muligheten venter på oss.

Det tredje trinnet er folkemordet.

Slik ser en moderne, ganske intellektuelt fremstilt folkemordsfantasi ut. Som en slags unngåelighet i møtet med den muslimske okkupasjonen, med «islamisering», med det fremvoksende Eurabia, med svake eller endog forræderiske politikere. Det fremstår som den rene skjære vanvidd, fra en marginal stemme på et marginalt nettsted, selvsagt, men det burde få kvalmen til å velle opp hos de fleste. Da artikkelen ble publisert hadde det enda ikke gått tretten år siden europeiske muslimer ble slaktet ned. Fordi de var muslimer.

--–

«Det er ikke mye å se her», sier min danske medpassasjer. Sammen med vår bosniske guide, Tarek, har vi kjørt fra Sarajevo til Srebrenica, og han lar oss spasere av gårde på egen hånd. Dansken har ett. Srebrenica er en liten by, et par gater bare, noen offentlig bygg, noen butikker og kafeer, en kirke, en moské. Ikke en by i det hele, egentlig. Et lite tettsted, egentlig en landsby omgitt av grønnkledde åser. Landskapet ser nesten norsk ut.

Srebrenica burde være en ubetydelig liten småby, et sted ingen besøkte, et sted de færreste utenfor landegrensene hadde hørt om. Men det er ikke slik. Srebrenica er et sted som bør huskes. Et sted blant dem som knyttes til ordene «aldri igjen».

På forhånd har jeg sett et filmklipp, hentet fra serbisk TV. Det er tatt gjennom frontvinduet i en militær bil. Den kjører rundt en sving, forbi slitte bygninger. «Der er moskeen deres», sier mannen som sitter til høyre i fremsetet og peker.

I neste scene går mannen gjennom gatene. Nå er det lett å se at det er general Ratko Mladic. Han kysser sine menn, gratulerer dem. «Endelig møtes vi», sier han til en av dem. «Kommandant», svares det. Noen soldater får ordre om å rive ned et flagg, en annen om å ta ned et skilt. Kamerateamet henger på slep hele veien. «The revolution will not be televised», heter det i sangen. Men denne krigen er på TV. «Videre til Potocari», roper generalen, og peker nordover. «Videre til Potocari».

Han hilser på troppene, men tar en pause for å gi et kort intervju til en bosnisk-serbisk TV-journalist: «Her er vi, den 11. juli 1995, i serbisk Srebrenica. På kvelden før en stor serbisk helligdag, gir vi denne byen til det serbiske folk som en gave. Endelig, etter opprøret mot dahiene, har tiden kommet for å ta hevn på tyrkerne i denne regionen».


Potocari ligger bare noen få kilometer fra Srebrenica. Der ligger det en gammel fabrikk, som en gang produserte bilbatterier. Bygningen var den nederlandske FN-bataljonens base, hovedkvarter for de fredsbevarende styrkene som skulle sikre at Srebrenica forble en «sikker sone» for bosnisk-muslimske flyktninger fra den omliggende regionen. Dit flyktet Srebrenicas befolkning. Der ble de overlatt i stikken av nederlenderne, av det internasjonale samfunnet. Idag ligger det en stor gravlund på motsatt side av veien for fabrikkbygningen, med tusenvis av graver.

Veien fortsetter videre nordover, gjennom små landsbyer. Følger man den langt nok, kommer man til Zvornik, ved elven Drina. På den andre siden av elven ligger Serbia. Men i den serbiske nasjonalismens politiske mytologi er Drina landets ryggrad og sentrum, ikke en yttergrense. Og hevnen på «tyrkerne»  en referanse ikke til mennesker fra Tyrkia, men til bosniere av feil religion, den muslimske som fulgte etter Mladics inntog i Srebrenica innebar et massedrap på tusenvis av mennesker. Den verste massakren i Europa på mange tiår.

--–

Som journalist har jeg arbeidet med politisk ekstremisme i omtrent ti år. Jeg har skrevet om brutalitet og terrorisme, både historisk og i vår egen tid. Jeg har også skrevet om folkemord, blant dem om det som kommer nærmest oss: massedrapet på europeiske jøder i en ufattelig skala, et massedrap der norske politifolk og norske embedsmenn spilte en sentral rolle da jøder skulle arresteres her til lands, for å sendes i utryddelsesleire.

I blant har det vært sterkt, som når jeg leste om kontorfunksjonæren Fritz Türkheimer, hans mor Claire og hans tante Clotilde som alle ble arrestert i vesle Ålvik i Hardanger, deportert, drept i Auschwitz. Det var sterkt fordi det handlet om tre mennesker fra en liten bygd jeg kjenner godt, og fordi det er tre navn fra et av de mørkeste kapitlene i norsk historie, tre personer vi ikke vet stort mer om. Det er ikke skrevet noen bøker om familien Türkheimer. De er knapt nevnt i litteraturen.

Likevel oppleves det å besøke Srebrenica enda sterkere.

Jeg tror det er fordi jeg husker at jeg så TV-bildene fra Bosnia-krigen den gangen jeg var i tenårene. Men kanskje er det også fordi jeg har lest bøker skrevet av serbisk-nasjonalistiske forfattere, som Momir Krsmanovics roman Islams blodige hender, fordi jeg har sett hvordan beskrivelsene av muslimer minner om dem jeg stadig kommer over i kommentarfelt og på nettsteder. De er blodtørstige, barbariske, primitive. De kan ikke være demokrater. De hører ikke hjemme her. De er påvirket av «ørkenmentalitet». De er som orkene i Ringenes Herre, for å bruke en sammenligning den profilerte norske muslimhatbloggeren Fjordman har brukt.

Srebrenica er en del av en komplisert historie, selvsagt, en landsby hvis skjebne ble forseglet i en konflikt som igjen var et resultat av konservative krefter i det serbiske kommunistpartiets ønske om å tviholde på makten i et Europa der det blåste en frihetlig vind. Men den anti-muslimske retorikken er ubehagelig lik. Srebrenica er muslimhatets endestasjon.

DETTE ER ET REDIGERT OG TILPASSA UTDRAG AV BOKEN «I HATETS FOTSPOR», CAPPELEN DAMM 2014

Gå til innlegget

Skrivebordsterror

Publisert over 5 år siden - 4039 visninger

Internett har gjort det greitt å skriva at ein vil straffeknulla kvinner ein er usamd med. Det er eit trugsmål mot ytringsfridomen.

Den svenske journalisten og forfattaren Lisa Bjurwald innleier si nye bok Skrivbordskrigarna – hur extreme krafter utnyttjar internet – med sitater om henne sjølv, henta frå den ganske berykta nettstaden Flashback. Eitt av dei: «Skulle knappast tacka nej til att straffknulla den här korkade horan og lägga min ariska säd i munnen på henne». Eit anna: «Nackskott, anser jag».

Bjurwald si bok har vorte endå meir aktuell grunna ein dokumentar i SVT sin Uppdrag granskning-serie, den svenske statskanalen sin variant av Brennpunkt.

Dokumentaren fortalde om hetsen, hatet og trugsmåla kvinner som opptrer i det offentlege møter. Den fokuserer på ei ung kvinne, Julia, som kritiserte kleskjeda Hennes & Mauritz på facebooksidene deira. Kritikken ho leverte handla om at H&M ikkje burde ha utstyrt eit klesplagg med trykk av den avdøde amerikanske rapparen Tupac Shakur, som er dømd for eit seksualbrotsverk. Det kom tusenvis av svar. Blant dei var det mange som vanskeleg kan skildrast som noko anna enn hets. Ho vart oppmoda til å ta sjølvmord. Det var skrive at ho burde voldtas, steinast, verta hengd. Folk skreiv at dei ville slå henne, spytta henne i ansiktet. Ein person skreiv at han syntest det var altfor få som vert skotne i Sverige. Ein annan la ut adressa hennar. Nokre av dei nemnde kommentarane var skrivne under falsk namn, men mange var det ikkje. Det var ikkje anonymiteten som var problemet.

Historia om netthetsen mot Julia er ikkje ei forteljing om høgreekstremisme. Fleire av dei som truga henne var av innvandrarbakgrunn. Men det er ei forteljing om korleis nettdebattar kan spora fullstendig av i hets, og det er ei forteljing om ytringsfridom. Korleis? Det skal eg koma attende til.

Oppfordret til å oppsøke journalister hjemme

Samstundes er det liten tvil om at ekstreme grupper og folk med ekstreme meiningar utnyttar også dette potensialet ved internett. I dokumentaren vart ei rekkje kvinner som i motsetnad til Julia er kjende mediaansikt også spurt om deira opplevingar med netthatet. Dei kunne fortelja at det var særleg to tema som utløyste det. Det eine: innvandring og integrering. Det andre: feminisme.

SVT la også ut ein film på YouTube, der nokre kvinner les opp dei hatefulle meldingane dei har motteke. Ei av dei er Åsa Linderborg, som siterer: «Det har jo vist seg tidlegare at nokon har kjent igjen ein propagandaspreiande kakerlakk eller eit svenskfiendtleg svin på gata eller i ein butikk». Etter ei stund måtte kommentarfeltet under filmen stengast. Årsak: for mange nye hat- og trusselinnlegg. 

Men kva er poenget med slike innlegg? Kva er det dei skal tena til? Her er det to ting å seia: Det fyrste er mange av dei som skriv slikt nok ikkje har noko særleg reflektert tilhøve til kva dei driv på med, og nokre kjem med skitsnakk kun for å provosera. Men andre gjer det utvilsamt i eit forsøk på få brysame politiske motstandarar, journalistar og då spesielt profilerte kvinner til å halda kjeft. Her kan det vera verdt å peika på at den innvandringsfiendtlege, høgreradikale nettstaden Avpixlat som svar på Aftonbladet sin kampanje Granska skiten valde å leggja ut ei oppmoding til sine lesere om å oppsøke journalister hjemme:

«Bostadsadresser för de flesta politiker, journalister och andra PK-personligheter finns bara några kostnadsfria musklick bort på tjänster som t.ex. Ratsit.»

 Oppfordringa var utstyrt med eit skjermbilete frå eit adressesøk på nettopp Linderborg. Nettsida oppmoda ingenlunde til valdsbruk, men til «lite försiktig uppsökande verksamhet». Dei gjorde det vel vitande om trugselbiletet mot Linderborg. Dei burde også vera klår over kva for kommentarar som tidlegare har kome på deira eigen nettstad. Ein lesar – som til alt overmål er lokalpolitikar i Sverigedemokraterna – hamna til dømes i både media og politiet sitt søkjelys etter å ha skrive kommentarar som denne:

«Jag skulle aldrig vittnat om jag såg [statsminister] Fredrik Reinfeldt eller [finansminister] Anders Borg bli skjutna, tvärtom hissat den svenska flaggan för dom är de värsta i vår historia, obs [sosialdemokraten] Mona Sahlin räknas också dit». 

Karikaturen Sverige

Den norske bloggaren og skribenten Bjørn Stærk hadde nyleg ein lang artikkel i Aftenposten der han blant anna fortalde om Sverigedemokraterna og om Avpixlat.

Sjølv om Stærk klarar å sausa saman forfattaren Henrik Arnstad sin tåpelege kommentar om at Framstegspartiet «kanske» er «världens största fascistparti», teaterregissøren Sofia Jupithers åtak på Thorbjørn Egner og den kritikken som råkar Sverigedemokraterna og Avpixlat, har han nokre interessante poeng: Det er riktig at svenske veljarar som ynskjer ein strammare innvandringspolitikk ikkje har hatt særleg mange alternativ til Sverigedemokraterna. Det er utvilsamt ein viktig del av forklaringa på at partiet veks, sjølv om det har vakse ut frå det som var opent rasistiske (og tildels også nazistiske) miljø på 1980-talet, og sjølv om det vert avslørt at riksdagsmenn kjem med rasistisk og kvinneforaktande skitsnakk og væpnar seg med jernrør på byen.

Stærk sitt problem er at han teikner opp eit karikert bilete av Sverige. Han skriv: «I Sverige virker det som du må velge: SD, anti-SD - eller hold kjeft og lat som ingenting». Som eit argument nyttar han Åse Linderborg sin reaksjon mot Expressen-skribenten Karin Olsson, då sistnemnde kritiserte Aftonbladet sin Granska skiten-kampanje. Linderholm meinte at Olsson gjennom å sjå på Aftonbladet sin reportasje som inkvisatorisk plasserte seg «bland järnrör och nynazister».

Men i røyndomen er det faktum at Aftenbladet sin kampanje fekk beinhard kritikk i Expressen eit døme på det rakt motsette av det Stærk seier, nemleg ein høgst levande debatt. Det skulle berre mangla, i eit land der tidlegare integrasjons- og likestillingsminister Nyamko Sabuni – for øvrig fødd i ein kongolesisk, muslimsk flyktningfamilie i Burundi i 1969 – har markert seg med (langt frå urimeleg) islamkritikk, og der Moderatarna sin migrasjonsminister no snakkar om at «dagens asylinvandring inte [er] hållbar».

Utfordringa

Utfordringa er at det ikkje er alle som ynskjer ein levande debatt. Det såg ein – etter det meste å døma – nyleg i Danmark, der ein ukjent gjerningsmann freista å ta livet av Lars Hedegaard. Det er eit heilt konkret og valdeleg angrep på ytringsfridomen, og det er det heilt uavhengig av at Hedegaard er meir enn «islamkritikar», som han no blir kalla i media (Eit Hedegaard-sitat: «Efter den tyske besættelse af Danmark var der en del, som havde samarbejdet med fjenden, som kom i knibe. Det samme kunne ske her … Dette kan ikke blive løst med et kompromis, det er enten vores civilisation eller deres ikke-civilisation og barbari. Vore to livsmåder er som ild og vand. En af dem må sejre»). Det same ser ein når Lisa Bjurwald vert utsett for grov hets og seksuell sjikane frå den ekstreme høgrekanten.

Difor vert det også litt vel enkelt når Stærk kritiserer Aftonbladet for å gå til åtak på ytringsfridomen når dei etterlyser strengare lovverk. Avisa stilte nemleg spørsmål ved to ting: Det eine var om det verkeleg ikkje var hets mot folkegruppe når den høgreekstreme nettsida Nationell omtala somaliarar i sterkt negative vendingar, blant anna med ein påstand om at dei har særs låg IQ.  Så langt har Stærk eit poeng. Sjølv om dette er rasistisk ræl kan ein gjerna meina at det er innanfor ytringsfridomen – som må ha vide grenser. Rasismen som ligg bak ytringane lar seg neppe bekjempa gjennom lovverk. Men det andre spørsmålet Aftonbladet stilte handla om noko heilt anna, nemleg om oppmodingar til vald. I kommentarfeltet til Nationell kom det nemleg kommentarar som «Det ska vara farligt att stå för en generös invandrarpolitik», «Dags att börja skjuta politikerna!» og «Om man bedriver denna politik vi ser så är man emot Sverige och det finns bara ett straff för landsförräderi, arkebusering».

Sidan kommentarane ikkje var retta mot ein konkret person, er dei ikkje ulovlege. Heller ikkje i dette høvet har eg særleg tru på lovverk som løysing. Eg har tru på breie motreaksjonar.

I møtet med konkret valdsfantasiar og sjikane er det imidlertid på sin plass å byrja å snakka om korleis ein også skal styrkja den juridiske innsatsen: i både Noreg og Sverige har det å gå til politiet med slike saker idag avgrensa effekt. Her ligg spørsmålet om ytringsfridom som eg nemnde innleiingsvis. Men det er ikkje eit spørsmål om ytringsfridomen til dei som kjem med skiten. Det er eit spørsmål om ytringsfridomen til dei som vert utsett for han.

Dermed er det på sin plass å sitera Lisa Bjurwald si nye bok igjen, sjølv om eg har innvendingar mot analysar ho gjer andre stader i boka. I forordet skriv ho:

«Internets utveckling har gått presis så snabbt som jag och mina vänner fantiserade om på 1990-talet, när många unga ur min generation flyttade utomlands och sökte sig till den skinande IT-bubblan. Trådlost gratisnät i luften, ständig uppkoppling i mobilen och ögonblicksbilder spridda til omvärlden med ett knapptryck var just det vi hoppades på i framtiden. Den nästan totala integreringen av nat och fysisk verklighet framstår inte längre som science fiction. I Sverige har andelen ständigt uppkoblade ungdomar och unga vuxna, det vill säga de som använder sociale medier som Facebook i mobilen, ökat från 20 till 46 prosent på bara ett år.« «Men samhällets ansvarskänsla har inte hängt med. Inte heller den juridiska utveklingen. För faktum er att påhopp, hot och förtal likt de inledande nätcitaten fortfarande är svåra att komma åt. Ofta, när det gäller sajter som svenska Flashback, ett Mecka för förtal, ar det rent av omöjligt.»

Med andre ord: Internett har gjort det greitt å skriva at ein vil «straffeknulla» Bjurwald. Ho har jo vore frekk nok til å driva journalistisk arbeid på ekstremisme, og syndar i tillegg ved å vera kvinne.

At ho – og mange med henne – vert utsett for slikt er eit åtak på ytringsfridomen. Og det er eit åtak som bør takast på alvor.

Gå til innlegget

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere

Siste kommentarer

Njål Kristiansen kommenterte på
Svenske tilstander
42 minutter siden / 2371 visninger
Kjell G. Kristensen kommenterte på
“Etter oss kommer syndfloden ?”
rundt 2 timer siden / 1155 visninger
Daniel Hisdal kommenterte på
Nåde hos Luther - og hos Paulus, uforenlige motsetninger?
rundt 2 timer siden / 415 visninger
Kjell G. Kristensen kommenterte på
“Etter oss kommer syndfloden ?”
rundt 2 timer siden / 1155 visninger
Magne Kongshaug kommenterte på
Svenske tilstander
rundt 2 timer siden / 2371 visninger
Åge Kvangarsnes kommenterte på
“Etter oss kommer syndfloden ?”
rundt 2 timer siden / 1155 visninger
Gjermund Frøland kommenterte på
Stormløpet mot Israel er i gang.
rundt 2 timer siden / 18449 visninger
Roald Øye kommenterte på
Stormløpet mot Israel er i gang.
rundt 3 timer siden / 18449 visninger
Gjermund Frøland kommenterte på
“Etter oss kommer syndfloden ?”
rundt 3 timer siden / 1155 visninger
Gjermund Frøland kommenterte på
“Etter oss kommer syndfloden ?”
rundt 3 timer siden / 1155 visninger
Bjørn Blokhus kommenterte på
Hva er «oppnådde resultater» i kirken?
rundt 3 timer siden / 975 visninger
Gjermund Frøland kommenterte på
Komplisert søskenforhold
rundt 3 timer siden / 2674 visninger
Les flere