Oddbjørn Leirvik

Alder:
  RSS

Om Oddbjørn

Professor i interreligiøse studiar, Det teologiske fakultet
Ordinert prest i Den norske kyrkja

Følgere

Rydd i omgrepa i debatten om fortaping

Publisert over 3 år siden

Den teologiske samtalen om dom, fortaping og helvete kunne ha godt av ei opprydding i omgrepa.

Dei siste vekene har ein ny helvetesdebatt bygd seg opp i Vårt Land. Utgangspunktet­ var Tor B. Jørgensens innlegg «Tid for å si det tydeleg: Ingen går fortapt» (Vårt Land 1. oktober­ og i «Eidsvåg vender tilbake» 23. september). Reaksjonane­ frå andre teologar har vore kritisk spørjande (Hegstad og Henriksen: «Blir alle frelst til slutt?», 25. oktober) eller klart avvisande­ (Ottosen: «En annen kristendom», 24. oktober).

I debatten er det mange og til dels nokså ulike motiv som blir virvla opp. Nokre skriv om helvetesbileta, som motivhistorisk er i slekt med «elden». Andre reflekterer over domsmotivet (Rimehaug: «Den gode dommedag»). Andre igjen knytter sitt resonnement til signalorda «dobbel utgang», som tradisjonelt høyrer saman med ordparet frelse eller fortaping.

Opprydding. Eg trur den teologiske samtalen kunne ha godt av ei opprydding i omgrepa. For eit år sidan skreiv Notto R. Thelle ein kronikk med tittelen «Oppgjør med helvete» (Vårt Land 26. oktober 2015). I den påfølgjande­ debatten med Espen Ottosen og Øyvind Aasland presiserer Thelle­ at det er læra om ei evig pine han finn å måtte ta eit oppgjer med, fordi den impliserer ei grufullt gudsbilete. Samtidig presiserer Thelle at han ikkje kan eller vil legge bort tanken om ein guddommeleg dom, heller ikkje den skremmande tanken om at ein kan miste si sjel og gå fortapt.

• Les Notto Thelles oppfølgjande kommentar: Sagt og usagt om helvete

Her er det etter mitt syn ein avgjerande forskjell på dei tre motiva dom, fortaping og helvete – som alle er godt representert i Det nye testamentet. Ein dommar kan ein ha tiltru til. Å gå fortapt er det mennesket sjølv som er subjekt for. I helvetes-motivet, derimot, er det Gud eller Kristus som er subjektet for den evige pina dei påfører dei fortapte sjelene­. Slik er det også i Confessio Augustana, der Kristus dømer dei ugudelege menneska og djevlane til å pinast utan ende. Eit slikt guds- eller Kristusbilete lar seg ikkje sameine med trua på ein rettferdig og nådig Gud.

Torturist. Dersom ein koplar­ biletet av Gud som torturist med dei krigerske gudsbileta som dominerer­ i delar av den jødisk-kristne bibelen, er det kanskje ikkje så rart at religionskritikaren Andreas Edwien trekte følgjande konklusjon i si bok frå 1977 om kristendommen som ein fare for verdsfreden: «Kristendommens gud og hans sønn opptrer selv som krigere og voldsmenn, som hater og dreper sine fiender i kriger, og til sist kaster dem i sitt torturkammer, Gehenna­ – helvete».

Sjølvsagt er utanfrå-kritikken til Edwien einsidig. Men det finst gode, ja, tvingande grunnar til at vi som kristne tar eit innanfrå-oppgjer med dei valdelege gudsbileta. Oppgjeret må vi ta på eit etisk grunnlag. Bileta av Gud som krigsherre og torturist er rett og slett moralsk forkastelege, om dei aldri så mykje er representert i Bibelen og dei lutherske vedkjenningsskriftene.

Tanken om dom, frelse og fortaping, derimot, må vi nok leve med – som uttrykk for livsalvoret. Også desse motiva kan utfaldast på nådelause måtar. Men dei dreg ikkje utan vidare med seg helvetesbiletet av gud som torturmeister. Det er dette motivet vi må seie nei til, på moralsk grunnlag.

FØRST PUBLISERT I VÅRT LAND 31.10.2016

Gå til innlegget

Tal vel om Human-Etisk Forbund

Publisert over 6 år siden

Teologar og religionshistorikarar treng å øve seg i open og respektfull samtale med eit Human-Etisk Forbund som har gitt avgjerande bidrag til livssynsfridommen i Norge.

På forsommaren i år vart det halde to møter i Litteraturhuset der akademikarar hamra laus på Human-Etisk Forbund (HEF). Først ute var ein professor i religionshistorie som kalla HEF ein «parasittisk» organisasjon som lever av å vere i skyttargravskrig mot kyrkja. På det andre møtet karakteriserte dekanen ved Det teologiske fakultet HEF som ein «nyttig idiot» for krefter innanfor kyrkja som ønskjer å byggje ned den folkekyrkjelege institusjonen. Alt ved inngangen til året hadde Borg biskop klaga frikyrkjene og HEF for å ha etablert «en vanhellig allianse mot statskirken» – med referanse til deira felles kritikk av nasjonalkyrkjelege privilegium. 

No har vel alle i den påfølgjande diskusjonen moderert seg noko. Dei kritiske spørsmåla som var reist – om humanetikarane er meir opptatt av å kritisere den folkekyrkjelege kristendommen enn å profilere eit positivt alternativ, og om dei i sin religionskritikk heng fast i eit utdatert vitskapssyn – er då også viktige tema å debattere. Men det er grunn til å spørje kvifor akademikarar og kyrkjeleiarar finn det høveleg til å ramme inn debatten med slike harde karakteristikkar av vårt største livssynssamfunn.

På ettersommaren (på nettforumet verdidebatt.no) skrudde ein professor ved Det teologiske fakultet polemikken enda eit hakk opp, i samband med at Kyrkjeleg fellesråd i Skien, etter samtalar med HEF, hadde malt over eit kors på eit gravkapell. I innlegget blir HEF sitt engasjement i saka – som mange vil seie er i samsvar med det politiske målet om å få til fleire livssynsfleksible seremonirom – karakterisert som “angstbitersk hysteri”. Og med referanse til kyrkja si rolle etter 22. juli blir følgjande retoriske spørsmål slengt ut­: “Hvem gidder å legge blomster på trappen til Humanismens hus?”

Det er ikkje godt å vite kvifor det nettopp i år har kome så mange harde, og til dels respektlause, utfall mot Human-Etisk Forbund. Når det gjeld kyrkjeleiarane, er nok biskopen sine karakteristikkar unnataket heller enn regelen. I tråd med langvarige samtalar mellom Den norske kyrkja og HEF, ikkje minst i Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn, har både kyrkjeleiarar og humanetikarar funne nye og meir respektfulle måtar å snakke saman på.

Dørene til ein meir lyttande samtale vart opna allereie på 1980-talet, då Nansenskolen – som har sine røter både i kristen og ikkje-religiøs humanisme – tok initiativet til såkalla livssynsseminar med HEF og kyrkjeakademiet i Gausdal som partnarar. På byrjinga 1990-talet utvida Nansenskolen samtalen til også å omfatte muslimane og andre representantar for det fleirreligiøse samfunnet. I den organiserte trus- og livssynssamtalen om vanskelege spørsmål i det fleirreligiøse samfunnet, ein dialog som no for lengst institusjonalisert, har Human-Etisk Forbund vore ein integrert og etter kvart respektert deltakar.

Ei frukt av denne utviklinga er at ein skal leite lenge for å finne ein muslimsk leiar som har noko vondt å seie om HEF, trass i deira skarpe religionskritikk som til tider kan vere like hardslåande som dei karakteristikkane som humanetikarane dette året har fått i fleisen. På den andre sida er det vanskeleg å sjå for seg at religionshistorikarar, teologar og biskopar skulle karakterisere muslimane på det viset humanetikarane no har fått gjennomgå.

Kva kan forklaringa vere? Kvifor viser mange religionshistorikarar langt meir respekt for dei etablerte religionane enn for den maktkritiske, humanetiske tradisjonen? Og for teologane sin del: Er det nettopp den liberale delen av kyrkja som har mest problem med å få til ein respektfull samtale med humanetikarane, fordi ein faktisk er samde i ei rekkje etiske spørsmål men samtidig blir provosert fordi HEF utfordrar den folkekyrkjelege majoritetstenkinga som liberale kristne ofte rammar inn sine hjartesaker med?

Same kva forklaringa på årets utfall måtte vere: teologar og religionshistorikarar treng å øve seg i open og respektfull samtale med eit Human-Etisk Forbund som har gitt avgjerande bidrag til livssynsfridommen i Norge, noko både frikyrkjene og muslimane har visst å sette pris på. Men også HEF treng framleis å trene seg på ein lyttande samtale, ikkje berre med andre minoritetssamfunn men også med majoritetsreligionen.

Kommentarartikkel ved Oddbjørn Leirvik i Kirke og Kultur nr. 3: 2013, som kjem ut i desse dagar

Gå til innlegget

Vi må ha same standard for Norge og Egypt

Publisert over 7 år siden

I reaksjonane på Stålsett-utvalet har mange kritisert at utvalet (i eit tilleggskapittel) foreslår å revurdere den nyleg reviderte grunnlovsparagrafen om «vår kristne og humanistiske arv». Alternativet, seier utvalet, er anten å ta ut av Grunnlova alle referansar til bestemte livssyn og religiøse tradisjonar, eller å inkludere fleire verditradisjonar i formuleringane.

Tyder dette at utvalet ikkje vil vedstå seg den breie og djupe kristen-humanistiske tradisjonen, som fleirtalet av norske borgarar kjenner ei tilknyting til? Nei, det er ikkje slik forslaget skal lesast. Forslaget er eit uttrykk for det ein kan kalle minoritetsperspektivet, der verdiformuleringar som er naturlege for fleirtalet må prøvast på om dei også kjennest inkluderande for trus- og livssynsminoritetane. 

Egypt. I diskusjonane om grunnlovsrevisjonar i Egypt protesterer både kristne og sekulære borgarar på at Det muslimske brorskapet prøver å gjere grunnlova meir islamsk. Her som i andre land med eit muslimsk fleirtal, ønskjer både kristne og andre religiøse minoritetar ei mest mogeleg famnande grunnlov som er sekulær i den tydinga at ho ikkje gir hegemoniet til ein bestemt religiøs tradisjon. Kristne i Norge kan vanskeleg ønskje seg ei «kristen» grunnlov her til lands og samtidig protestere mot islamisering av lovverket i den arabiske verda.

På tvers. Ein må også kunne skilje mellom stat og samfunn. Det utvalet går inn for, er ein stat som er sekulær og eit samfunn som er livssynsope. Det er i det livssynsopne samfunnet at den kristne og/eller humanistiske tradisjonen må stå si prøve, i bryting og dialog med andre religionar og livssyn. I det opne samfunnet vil eg sjølv – som kristen og som medlem av ei folkekyrkje – ønskje å styrke og vitalisere den kristen-humanistiske arven. Samtidig går eg inn for ei statsskiping som ikkje er «sekularistisk» i tydinga religionsfiendtleg, men «sekulær» på den måten at ho famnar alle på tvers av tru og livssyn. 

FØRST PUBLISERT I VÅRT LAND 21.01.2013

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Ja vi elsker alle i dette landet
av
Jarle Mong
3 dager siden / 2492 visninger
Mel gir stabilitet
av
Ingrid Vik
26 dager siden / 1874 visninger
Den norske kirke og pornografi
av
Marthe Kristine Østerud Primstad
rundt 1 måned siden / 1126 visninger
Hvem skal bli født?
av
Paul Leer-Salvesen
6 dager siden / 924 visninger
Mor eller menneske?
av
Liv Osnes Dalbakken
28 dager siden / 674 visninger
Er far og hans slekt uten betydning?
av
Øivind Benestad
rundt 12 timer siden / 612 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere