Ola Ohm

Alder: 41
  RSS

Om Ola

Eg blei utdanna prest frå Misjonshøgskulen i juni 2008, og har den glede å tenestegjere i både Den norske kyrkja og Den evangelisk lutherske frikyrkja. Frå før har eg og utdanning som kantor.

Følgere

Ein lege i 1842 fann at jomfruer og nonner hadde mindre sjans for å få livmorhalskreft. Korleis reagerer vårt i utgangspunktet tolerante samfunn på at nokon nektar å vere med på Statens massevaksinasjon av 13-åringar for livmorhalskreft?

Dette var eit av spørsmåla som leda den tyske kreftlegen og forskaren Harald zur Hausen mot oppdaginga av HPV-viruset, som han vann Nobelprisen i medisin for i 2008.  Alt i 1842 fann den italienske legen Rigoni-Stern at gifte kvinner, enkjer og prostituerte hadde høgare sjans for å få livmorhalskreft enn jomfruer og nonner.  Rigoni-Stern konkluderte med at seksuell kontakt var avgjerande for å få livmorhalskreft (zur Hausen, 2008).  I 1976 bekrefta zur Hausen at seksuelt overførbare HPV-virus speler ei viktig rolle for å få livmorhalskreft.

Aftenbladet slo 8. mai opp på førstesida at kristne skular takkar nei til vaksine mot livmorhalskreft. Dei tre kristne ungdomssskulane Sandnes friskole, Tryggheim Forus og Vatneli skole har få elevar som tar vaksinen, og ynskjer heller å undervise om seksualitet sjølve framfor å benytte seg av tilbodet frå helsestasjonen.

Det er tydeleg at dette provoserer.  Kommentarane under denne artikkelen på aftenbladet.no, samt artikkelen til nyhetssjef Elin Stueland om kor bakstreverske nokon kristne anno 2012 kan vere, seier alt om at reaksjonane er sterke.

Desse artiklane blei følgt opp med artikkelen ”Vaksine-anger kan bli dyrt”, som kom 9. mai på aftenbladet.no.  Der står det at det kan bli dyrt for dei som nektar, for tar ein ikkje vaksinen når ein er 13, og vil ha den når ein er 16, må ein betale vaksinen sjølv.  Og det kostar i overkant av 2000 kroner.

Den norske stat legg altså opp til å bruke over 2000 kroner pr vaksine for å massevaksinere landets 13-årige jenter.  Dei er godt under lovleg seksuell minstealder i Norge.  I plassen for å legge inn over norsk ungdom at det faktisk på mange måtar kan svare seg å vente med sex, legg samfunnet vårt heller opp til å prøve og avgrense skadeverknadene ved det seksuallivet norsk ungdom lever ut med å vaksinere tenåringsjenter for ei eventuell eksponering av HPV-virus.

Bent Høie gjekk 7. mai ut i media med eit oppgjer med manglande toleranse for aktive kristne.  Dette burde fleire av kommentarskrivarane på aftenbladet.no, samt nyhetssjef Stueland, ha lese.  For i vårt såkalla tolerante samfunn er det ei kjend sak at toleransen kun skjer på visse vilkår.  Kristne folk, som tør å utfordre Staten med å nekte ungdommane sine å vaksinere seg, eller som seier nei takk til kommunal sexveiledning, får på pukkelen så det held.  Akkurat som om dei ikkje veit det beste for borna.  Ein burde kunne krevje ein viss respekt for at det framleis finst folk i Norge i 2012 som nektar å la seg styre av det liberale meiningsdiktaturet og tar eigne val.

Gå til innlegget

Ei Oslo-styrt kyrkje?

Publisert rundt 8 år siden

Treng Den norske kyrkja hjelp til å sjå at det finst dugande folk utanfor Ring 3? Bispeutnemningar og utgreiingskomitear har overveiande Oslo-dominans.

Det er kyrkjemøte i Tønsberg.  Delegatar frå heile landet har møtt opp for å diskutere saker og gjere sine val.  Det er mykje på gang i kyrkja for tida, med trusopplæringsreform, gudstenestereform og ny kyrkjeordning.  Ein del spenning var for min del knytt til kven som blei ny leiar for Kyrkjerådet.  Svein Arne Lindø fekk ein motkandidat frå Oslo, men vann knepent med ei stemme.  Det var eg glad for.

For elles består toppleiinga i Den norske kyrkja av folk som har meir eller mindre tilknyting til Oslo.  9 av 12 biskopar i dag har enten fødestad Oslo eller ein stor del av karrieren sin i Oslo.  Om ein ser på bispeutnemningar sidan 1990, har 19 utnemningar av 23 (82 %) bestått av enten folk som er fødde i Oslo, oppvokst i Oslo eller hatt Oslo som arbeidsstad før utnemning.

Det same gjeld utgreiingskomitear.  Kyrkjeordningskomiteen, som jobba fram utredninga "Kjent inventar i nytt hus", var utelukkande rekruttert frå Oslo og Austlandet.  Samlivskomiteen, som forhåpentlegvis skal legge fram si innstilling denne våren, består utanom dei tre biskopane (som og har sterk Oslo-tilknyting) av sju andre i Oslo, samt Marianne Skjortnes frå MHS i Stavanger.
Den nye teologiske nemnda som biskopane har nedsett, består utanom Bård Mæland frå MHS og Kristin Saxegaard, som nett flytta frå Oslo og blei prost i Ringerike, av Oslo-folk.

Finst det gode folk i DNK utanfor Oslo? I teorien ja, men ikkje i praksis. I dei seinare åra virkar det som at dei som kan gjere ein god jobb for heilskapen i Den norske kyrkja enten er fødde innanfor ring 3, har jobba lenge eller har budd lenge innanfor ring 3.

Kanskje var det ikkje så dumt at Stortinget plasserte preses i Trondheim? Distriktspolitikk ser det diverre ut som om kyrkja treng hjelp til.

Gå til innlegget

Ny bispevikar i Stavanger

Publisert over 9 år siden

Regjeringa får ein stri tørn med å velge kven som skal bli ny domprost i Stavanger. Må dei velge mellom pest og kolera?

Det skal tilsetjast ny domprost i Stavanger, og sju av åtte søkjarar er no offentlege. Det var få overraskingar på lista. Kian Reme går jo ut av politikken i rette tid, og Petriprest Anne Lise Ådnøy var og forventa som søkjar. Den som kan skape spenning er 40 år gamle Frode Lagset. Som medstiftar og tidlegare leiar av LO-forbundet TeoLOgene, eit alternativ til Den Norske Kirkes Presteforening, har han nok kontakter langt inn i korridorane på Youngstorget. I tillegg har han eit anna fortrinn: han er open homofil, og for Arbeidarpartiet spørst det om ikkje freistinga blir for stor til å plassere ein ung og homofil prest som bispevikar i akk så konservative Stavanger.

Det blir spennande månader fram mot utnemning. Domkirkens menighetsråd vann over biskopen sitt råd ved sist domprostutnemning, og ut frå vedtaket dei har gjort om å opne kyrkja for vigsel av homofile og lesbiske kan dei fort setje Frode Lagset øvst på lista. No er det ny biskop i Stavanger med eit anna syn på dette enn den forrige, og ingen veit kven han vil tilrå som ny domprost.

Regjeringa vil få eit tilnærma umogleg val mellom tre kandidatar som alle ville vore på topp: ein garva partifelle som har vore klar for jobb i domkyrkja lenge, ei profilert kvinne i byen med dei rette meiningane, og ein ung homofil prest. Prestisjen vil nok opplevast størst om dei går for det siste - om ikkje den anonyme 58-åringen stikk av med det lengste strået. Ein ting er sikkert: Avgjerda blir ikkje enkel for Kongens råd.

Gå til innlegget

Kva skal til for å vere biskop?

Publisert over 9 år siden

Borg Bispedømmeråd er alt i gang med å tenke på etterfølgar etter Helga Haugland Byfuglien. Kva er det ein skal sjå etter i nye bispeemne?

Biskopane har gjort sitt val, og Helga Haugland Byfuglien er einaste kandidat til å bli den 12. biskopen for Den norske kyrkja. I følgje Vårt Land har ein alt begynt å tenke på kven som skal bli Byfuglien sin etterfølgjar i Borg.  Dei som har uttalt seg, bruker ulike ord, men dei fleste av desse orda har noko til felles: dei er nyord i kyrkja. Fine ord som open og inkluderande, tolerant, sentrumsteolog, å stå "midt i kyrkja" er nokon av dei.  Desse orda er flittig brukt, særleg i forhold til kva ein ynskjer av ulike kandidatar. Men kva betyr desse orda?

Er det å vere sentrumsteolog i større grad å fokusere på sentrum i trua vår: at Jesus døydde og sto opp for alle menneske? Eller har teologen innteke sin plass midt imellom to ulike syn og seier "Ja takk, begge deler"? Skal den som er open og inkluderande legge til rette for sine eigne og andre sine meiningar, eller betyr det at ein ikkje er open med eigne meiningar for ikkje å påvirke andre? Kanskje er det som er vanskeligast å plassere uttrykket å stå "midt i kyrkja". For alt etter kor ein sjølv står vil ein definere sentrum og sjå folk stå rundt seg. Leiarkandidat for Kyrkjerådet, Kristin Gunleiksrud, sa dette om seg sjølv i Vårt Land, men kva legg ho i det?

Problemet med desse nyorda er at kven som helst kan legge kva som helst i dei.  Om ikkje definisjonen av ordet er lik, er det vanskeleg å etterprøve om personen oppfyller "merkelappen".

Det er ingen lett jobb å vere biskop i dag. Særleg når læreembetet er så splitta som det er. Folk som har vore aktive i kyrkja i mange år trekker seg ut, ofte av lærestandpunkt, og det er ikkje mange som kjem til. I ein slik situasjon er det enkelt å bli politisk korrekt, og ville "snakke folk etter munnen". Vi ser noko av dette allerede i sambuardebatten, der ein enten held seg frå å kommentere før samlivsrapporten kjem i oktober (ergo ikkje seier kva ein sjølv meiner), eller

Rare bispekvalifikasjonar
Mange nyord som flyg i debatten.
Midt i kyrkja-kva betyr det? Legge til rette for den (veksande) minoriteten som trur mindre og mindre at Bibelen er Guds Ord? Open og inkluderande. Meiner ingenting.
Sentrumsteolog? Enig om det mest sentrale, at Jesus døde og stod opp for oss? Men frelse oss frå kva? Snart ikkje synd igjen.
Eller viktig kvalifikasjon politisk korrekthet, eks- eller noverande medlem av et rødgrønt parti?

Ny biskop: bygge tillit og vere biskop for dei av oss som framleis har tru for den klassiske teologi

1 Tim 2&3

Nei, gi oss ein ny biskop med samlande og gode ledareigenskapar og som er tru mot det Ordet han ein dag blei kalla til å forkynne og lova skulle forkynnast klart og reint.

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Ja vi elsker alle i dette landet
av
Jarle Mong
5 dager siden / 2771 visninger
Mel gir stabilitet
av
Ingrid Vik
28 dager siden / 1884 visninger
Er far og hans slekt uten betydning?
av
Øivind Benestad
2 dager siden / 1278 visninger
Hvem skal bli født?
av
Paul Leer-Salvesen
8 dager siden / 1002 visninger
Mor eller menneske?
av
Liv Osnes Dalbakken
30 dager siden / 687 visninger
Hjemlengsel
av
Joanna Bjerga
3 dager siden / 620 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere