Olaf Aagedal

Alder: 73
  RSS

Om Olaf

Følgere

Barnenattverd og metode. Eit svar.

Publisert over 1 år siden

Kravet om at nattverdsgjester må vere døypte er vanskeleg å praktisere.

Barnenattverd og metode

Som ein kommentar til mine tesar om «Den nye nattverden»,stiller Per Kristian Aschim nokre spørsmål til bruken av metode i prosjektet om barnenattverd som desse tesane bygger på. Han spør om kvifor vi har samla inn data om nattverdspraksis frå «trusopplærarar» og ikkje frå prestar som har ansvaret for forvaltninga av nattverden. Svaret på dette spørsmålet er at prosjektet «Barnenattverd» er ein studie av barnenattverden sin plass i trusopplæringa. Det handlar om korleis trusopplæringsarbeidet i Den norskekyrkja tek i bruk barnenattverd i si verksemd. Når introduserer ein nattverden, i kva arrangement brukar ein nattverd, korleis forklarer ein nattverden, korleis reagerer barna på å delta i nattverden? Dette er spørsmål som trusopplærarane hadde best grunnlag for å svare på, så når vi laga ein survey for å få inn representative data om dette temaet, var det denne gruppa vi valde å sendeskjemaet til. Vi har også snakka med prestar, men frå denne gruppa har vi ikkje representative data.

Aschim set spørsmålsteikn ved vår tese om at Den norskekyrkja si lære om at berre døypte kan ta del i nattverden, ikkje blir praktisert. Dette fordi kven som får nattverd er prestane og ikkje trusopplærane sitt ansvar. I prinsippet er dette sjølvsagt rett, men i praksis er situasjonen meir kompleks. Trusopplæringsreformen har som mål å nå breitt ut. I eit samfunn der ein aukande del av befolkninga er utan kyrkjemedlemskap eller tilhøyrer andre trussamfunn enn Den norske kyrkja, vil fleire av dei barna som kjem på trusopplæringstiltaka vere udøypte. Trusopplærane veit ikkje nødvendigvis kven som er døypte og ønskjer heller ikkje å ekskludere dei udøypte frå nattverden. Difor meiner fleirtalet at dåp ikkje bør vere ein føresetnad for at barn kan delta i nattverd. Prestar vi har snakka med utrykker noko av det same. Når barna først er der kan ein, og bør ein ikkje, drive«kyrkjetukt» ved nattverden. 

Korleis fleirtalet av prestane praktiserer dette vilkåret veit eg ikkje, men eg er einig med Aschim i at det hadde vore interessant å«høre prestenes beskrivelse av problemstillingen». Det kunne ein gjere ved å til dømes stille følgjande spørsmål i ein survey:

-Når du inviterer til nattverd, seier du då at alle er velkomne til nattverden, eller at alle døypte er velkomne?

-Veit du, når du deler ut nattverd, om den som mottek nattverden, er døypt eller ikkje?

-Om det kjem ein til nattverd som du veit ikkje er døypt, vil du då ikkje gje vedkomande nattverd?

-Meiner du det er ei viktig sak for Den norske kyrkja å krevje at den som går til nattverd er døypt?

Gå til innlegget

Den nye nattverden

Publisert over 1 år siden

Tolv tesar om endringar i nattverdsyn og nattverdpraksis i Den norske kyrkja.

Når den Den norske ­kyrkja i denne veka samlast til sitt årlege kyrkjemøte, er guds­tenestordninga ei av sakene. Eit av dei elementa i guds­tenesta der praksis er under sterk endring, er nattverden. Kyrkje­statistikk og resultat frå ein ny survey der trusopplærarar har ­rapportert om nattverdspraksis i sin kyrkje­lyd, tyder på at ein ny nattverdstradisjon er i ferd med å vekse fram. Basert på trendar i dette materialet legge vi fram tolv tesar om «Den nye natt­verden».

«Den nye nattverden» er:

1. Ikkje berre reservert for «vedkjennande kristne». Nattverdgang blei på 1900-talet av mange oppfatta som eit ritual berre for dei personleg eller vedkjennande kristne. Dette synet har ikkje lenger støtte hjå fleir­talet av dei kyrkjeleg tilsette vi har spurt. Ni av ti meiner at alle som ønskjer det, kan gå til nattverd.

2. Eit velsigningsritual meir enn eit vedkjenningsritual. Å gå til nattverd har fått ny og ­utvida meining. Det er ikkje ­berre ei handling for dei som veit at dei er «truande», den nye natt­verden er også for dei som ikkje veit kva dei er, og dermed ein måte å kome til tru på. Prestar og trusopplærarar omtalar nattverdgang som «truspraksis» og nattverden som «trusmat». Slik sett blir ikkje nattverdgang eit vedkjenningsitual, men meir å likne med eit velsigningsritual.

3. Prega av «oppdragelseskristendom» meir enn «omvendingskristendom». Når nattverdgang ikkje lenger får same betydning som teikn på å vere «personleg» eller «ved­kjennande kristen», heng ­dette truleg saman med at desse ­kategoriane har mista noko av si betydning og oppslutning. Det heng igjen saman med at 
«omvendingskristendomen» har 
fått mindre plass i Den ­norske kyrkja, og «oppdragelses-
kristendom» større plass. Å gå til nattverd er ikkje noko ein må vente med til ein er blitt ­omvendt og vedkjennande kristen. Å lære å gå til nattverd blir oppfatta som ein del av oppsedinga i kristendom, som læring av ein god ­kristen vane.

4. Nattverd utan kneling og drikking. Forma på nattverdgangen har endra seg. I den gamle nattverdforma knelte ein rundt alterringen. I den nye nattverden er ei ny form i ferd med å ta over; nattverd ved intinksjon der ein mottek nattverd ståande på ein stasjon i kyrkjerommet. I dag er intinksjon blitt den vanlegaste nattverdsforma i meir enn halvparten av kyrkjelydane.

5. Nattverd blanda med lystenning. I meir enn halvparten av kyrkjelydane er det også blitt vanleg å kombinere nattverd med lystenning. ­Tradisjonen med at gudstenstedeltakarar tenner lys i kyrkjerommet ­starta som eit meir individualisert ­ritual ved at ein tente lys i lysglober som ofte var plassert bak i kyrkje­rommet. I den nye nattverden blir det ­invitert til lys­tenning ­saman med invitasjon til nattverd. Ein kan gjere ein av ­delane, eller begge. Blandinga av nattverd og lys­tenning gjer det mindre synleg kven som går til nattverd.

6. Ein veksande ­tradisjon medan andre kyrkjelege ­tradisjonar går tilbake. Den norske kyrkja inneheld ulike tradisjonar og fellesskap. Vi kan snakke om ein "folkekyrkjelyd", ein "gudstenestekyrkjelyd" og ein "nattverdskyrkjelyd". Folke­kyrkjelyden (som også blir kalla seremonikyrkja fordi den ­brukar kyrkja til å markere viktige overgangar i livssyklus og året), er den største. Folkekyrkjelyden er på tilbakegang. Gudsteneste­kyrkjelyden er langt mindre og går også tilbake.

Den minste og mest eksklusive kyrkjelyden er nattverdkyrkje­lyden og den veks. Den viktigaste grunnen til veksten ligg truleg i endringar i gudstenestekyrkjelyden. Når gudstenestekyrkje­lyden feirar nattverden oftare, og når ein større del av gudteneste­kyrkjelyden går til nattverd, ­skaper dette nattverdsvekst. Men dersom dette er forklaringa er vekstpotensialet også sterkt ­begrensa. Dersom guds­tenestekyrkjelyden held fram med å minke, vil nattverd­kyrkjelyden snart møte «guds­teneste-kyrkjelyd-veggen».

7. Krev ikkje dåp. I ordninga for gudsteneste for Den norske kyrkja heiter det at «alle som er døypte kan ta del i nattverden». Denne delen av kyrkja si lære blir ikkje praktisert. Dei fleste trusopplærarane seier at dei ikkje veit kven som er døypt, og om dei veit det, kan dei ikkje ta omsyn til det og ekskludere dei udøypte.

8. Har inga aldersgrense. I 1993 vart aldersgrensa som ekskluderte barn frå natt­verden, fjerna og i dag har barnenattverd slått igjennom som ein vanleg praksis i ni av ti norske kyrkjelydar. Våre informantar ­rapporterer at mange av barna synest nattverd er spennande og at dei lett lærer nye ritual. Barn er blitt integrert i natt­verden, ikkje berre som mottakarar, men ofte også som medhjelparar og ­utdelarar.

9. Er gladare og meir ­uformell. Den gamle nattverden var ofte eit svært alvorstyngd ritual. Barn si deltaking har gjort nattverdstemninga lettare og meir uformell.

10. Er også blitt eit familie­ritual. Barnenattverd opnar for at familien kan gå saman til nattverd. Dette gjev nattverds­tradisjonen eit kollektivt preg og fører til at foreldre kan ta med seg barn og barn kan ta med seg foreldre.

11. Blir spreidd gjennom ­kyrkja si trusopplæring. ­Tiåret då barn fekk tilgang til nattverd var også starten på ei ­omfattande planlegging og ­satsing på ­kyrkjeleg ­arbeid for barn og ungdom. ­Dagens ­trusopplærings-pedagogikk legg vekt på at barna skal bli kjent med kyrkja sine symbol og ­ritual, inkludert nattverd. Trusopp­læringa spreier kjennskap til «den nye nattverden» til ein ny generasjon av barn og foreldre.

12. I ferd med å bli ein ny folke­kyrkjeleg vane? Vi har tidlegare sagt at så lenge nattverdgang er knytt til regel­messig deltaking i gudsteneste­kyrkjelyden, er vekst­potensialet begrensa. Eit alternativet for større vekst kan ligge i om nattverdgang blir meir fråkopla frå regelmessig guds­tenestebesøk og meir oppfatta som ein del av dei kyrkjelege handlingane på linje med dåp, konfirmasjon og gravferd. Som ein av fleire ­seremoniar som ­folkekyrkja kan tilby sine medlemmer i løpet av livet. Eit ­eksempel på dette kan vere ­tendensen som nokre prestar rapporterer, at det blir ­vanlegare at dåpsfølgje også går til nattverd, og at nattverdgang dermed kan bli ein del av dåpsfeiringa. Om «den nye nattverden» har dette vekstpotensialet og kan bli ein ny folkekyrkjeleg vane, er det enno for tidleg å seie noko om.

Olaf Aagedal

Forskar I ved KIFO (Institutt for kyrkje-, religions og livssynsforsking)

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Slik jeg ser det
av
Magne Nylenna
26 dager siden / 1504 visninger
Kristnes omtale av president Trump.
av
Kjell Tveter
5 dager siden / 1392 visninger
Sekulariseringen av Rumi
av
Usman Rana
16 dager siden / 1099 visninger
Slappe konspirasjonsteoretikere
av
Øivind Bergh
12 dager siden / 1002 visninger
Med vandreskoene på
av
Anita Reitan
rundt 1 måned siden / 786 visninger
Stopp banningen, Vårt Land!
av
Terje Tønnessen
rundt 1 måned siden / 474 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere