Oddbjørn Heinum

Alder: 79
  RSS

Om Oddbjørn

Følgere

Evna til å tenkje konkret

Publisert 5 måneder siden - 116 visninger

Den som godtek og trur at Jesus stod opp frå dei døde og viste seg for læresveinane, må naturleg spørje: Korleis skulle Jesus så forlate dei?

Teologane våre fornektar seg ikkje. Dei trur ikkje på nokon konkret himmelfart. Men vi, Vårt Land-lesarar flest, har vel rekna med at dei stort sett trur konkret på Jesu oppstode. Men ut frå det Halvor Moxnes skriv 14. mai, kan ein få inntrykk av at også oppstoda berre er «en antikk myte med åndeliggjort innhald», for å låne Magne V. Kristiansen sine ord 11. mai. 

Endå om eg opplever at tolkinga og analysen av dei gamle mytane er opplysande og interessante, for eksempel myten om skya som går att i Bibelen, har eg reagert på dei mange fagteologiske abstraksjonane som har prega himmelfartsdebatten no i år, til liks med dei mange innlegga om oppstoda før påske i fjor. 

Der er som om evna til å tenkje konkret manglar! Dei har ikkje fått med seg at den paranormale fysiske skikkelsen som Jesus viste seg for læresveinane i, er noko tusenvis av nolevande menneske har erfart, og eg kjenner frå min eigen nære familie eit eksempel som er uråd å forklare psykologisk 

Den som godtek og trur at Jesus stod opp frå dei døde og viste seg for læresveinane, må naturleg spørje: Korleis skulle Jesus så forlate dei? Berre ved å bli borte, som det blir fortalt eit par gonger at han vart, eller ved å gå frå dei bortover vegen? For meg er det som det blir fortalt at Jesus gjorde, det mest formålstenlege valet. Og eg meiner så visst ikkje at Gudsriket er ein konkret stad der oppe. 

Moxnes legg vekt på å forklare oppstoda som ei trusoppleving i ein ikkjefysisk dimensjon. Også dei teologiske skribentane før påske i fjor var lite konkrete i sine trusuttrykk. Eg las det eine innlegget føre og det andre etter, men ingen av dei så mykje som tøtsja det vi faktisk veit om oppstoda: At Torinokledet er eit grunnsolid bevis. Til slutt måtte forfattaren av boka «Likkledet i Torino», Jostein Andreassen, gripe ordet og fortelje dei at Likkledet faktisk er eit slikt bevis, heva over all rimeleg tvil. 

Det undrar meg ikkje at dette beviset er eigna til å skape ugreie i den teologisk-akademiske lærdomsdebatten både om oppstoda og himmelfarten.

Trykket i Vårt land 22. mai 2018

Gå til innlegget

Kontra Sunniva Gylver

Publisert over 2 år siden - 330 visninger

Sunniva Gylver snakkar for den trauste gruppeoppfatninga, og prøver å valse Hege Storhaug ned så godt ho kan.

Det går unna når Sunniva Gylver skriv (Vårt Land 16. februar). Og ho treng ikkje vere så nøye, sidan redaksjonen tildeler ho meir enn halvannan gong så mykje plass som vi menige innleggsskribentar må nøye oss med.

Les Espen Ottosens svar: Storhaug forsimpler debatten om islam

Les Hege Storhaugs kronikk om «uår i folket»

Les Espen Ottosen: Underlig kristen støtte til Hege Storhaug

Gylver gjer store nummer av slikt som Storhaug heilt sikkert ikkje meiner. Ho utrustar Storhaug med eit verdsbilete, men Storhaug skriv berre om islam, og åtvarar berre mot den forma for islam «som har befestet makt i Norge og Europa».

Gløymt. Gylver har altså fått med seg at Storhaug berre åtvarar mot det militante Medina-islam, men det har ho gløymt når ho litt seinare spør: «Hvor rasjonelt er det å tegne opp et bilde av islam som bare jihadister og ekstremister kjenner seg igjen i ?» Her er Gylver dobbelt uheldig, for her vedgår ho at biletet som Storhaug teiknar av islamistar og jihadistar, er så korrekt at dei nemnde grupperingane kjenner seg att i det.

Så let Gylver det sjå ut til at Storhaug ynskjer å gjere Noreg til det det minst attraktive landet å søkje asyl i, endå Storhaug poengterer at ho har ingenting imot hinduar tamilar og kven det måtte vere, bortsett frå politisk islam. Så slår Gylver til med det meiningslause «argumentet» «konspirasjonsteorier». Det blir sagt at den som greier å stave det ordet rett og å  bruke det om ein motstandar, har vunne over motstandaren.

Taushet. David Eberhard hadde for litt sidan ein kronikk i Gøteborgsposten med tittelen «Majoriteten skräms till tystnad», som handlar om «att människor känner en enorm gruppsamhörighet», dokumentert av den polsk-britiske psykologen Henry Tajfel gjennom ei rekkje eksperiment. Denne gruppesamkjensla «förklarar hvarför vi är så rädda för att sticka ut och tycka annorlunda, även om vår avvikande uppfattning är rett».

Det er her Storhaug og Gylver står fram som representantar for kvar sitt univers av haldningar. Storhaug som den einslege granskaren og sanningssøkjaren som skriv ut frå eit hav av erfaringar som ho har skaffa seg gjennom eit langt tidsrom.

Gylver snakkar for den trauste gruppeoppfatninga, og prøver å valse Storhaug ned så godt ho kan. Og ho grip til fleire merkelege argument for å skildre kva for ein stor og gild majoritet ho tilhøyrer: Alle dei som ikkje har kjøpt Storhaug si bok! (Endå Gylver kanskje har gjort det?) Men kva for ei bok har nokon gong eit fleirtal av folket kjøpt?

Klimaalarm. Så let ho det skine gjennom at ho også høyrer til i ei anna majoritetsgruppe: Klimaalarmistane! (Dersom ho har brukt så mykje som ein halvtime på å setje seg inn i kvar av dei stridande klimapartane sin argumentasjon, ber eg ho skrive til meg og fortelje det, så skal eg ta på meg meiningsmotstandarrolla!)

Det hjelper lite at Gylver gjev Storhaug rett på eit par punkt, og at ho tek avstand frå den mest groteske islamske ekstremismen, for korkje ho eller majoritetsgruppa hennar forstår den farlege utviklinga som Storhaug viser oss.

Eg har visst om Sunniva Gylver ei tid. Ho er eit meir enn vanleg oppegåande menneske, og eg  har hatt utbyte av å høyre på det ho seier og av å lese det ho skriv. Derfor undrar det meg at ho let seg ned til å skrive slik ho i dette tilfellet gjer. Ho burde halde seg for god til det, for ho er for god til det!

FØRST PUBLISERT I VÅRT LAND 20.02.2016

Gå til innlegget

CO2 OG TEMPERATUR

Publisert nesten 8 år siden - 10 visninger

Innlegget står under tittelen APPELL TIL SAMFUNNSREDAKSJONEN, posta for eit par dagar sidan.

Sjå innlegget APPELL TIL SAMFUNNSREDAKSJONEN

Mvh

Oddbjørn Heinum

Gå til innlegget

Appell til samfunnsredaksjonen

Publisert nesten 8 år siden - 1126 visninger

Kan ein eller anna klimaengasjert nettdebattant hjelpe meg med å finne feilen i kursiverte resonnementet nedanfor, eller skaffe fram ein slik graf som det blir spurt etter? Før det skjer, er vidare diskusjon uinteressant.

 ----- Original Message ----- From: samfunn VL-RED To: Oddbjørn Heinum Sent: Wednesday, January 05, 2011 7:43 AMSubject: Re: Appell
HalloSynspunkta dine er notert.
MvhBjørgulv K. Bjåenredaktør, leiar samfunnsavdelinga
Tlf:  +47 22 310 395Mob: + 47 450 25 293Epost: bjbj@vl.no



Fra: Oddbjørn Heinum o-heinum@online.no>
Dato: Tue, 4 Jan 2011 13:54:17 +0100
Til: samfunn VL-RED samfunn@vl.no>
Emne: Appell

Hei, dette er ein oppgitt appell til samfunnsredaksjonen (eg har skrive til dykk før), og ikkje noko innlegg. Det vil nok ikkje skje, men dersom de vil ta appellen inn i avisa, skal eg ikkje nekte dykk det. Om det no var aldri så lite vilje i dykk til å vise objektivitet, og til å skaffe dykk innsikt i klimaspørsmålet, ville de få i stand eit tilsvarande klimaintervju som det som de hadde i dag, med professor Ole Humlum ved geofysisk institutt, UiO. Han har nyss gitt ut ei bok med tittelen "Det uregjerlige klima". Oddbjørn Heinum  

APPELL TIL SAMFUNNSREDAKSJONEN

 

Det verkar pinglete når ein samfunnredaksjon så lite er i stand til å skilje mellom vitskap og politikk. Her slår de opp klimapropaganda med krigsoverskrift (i dobbel forstand) utan at de har gidda å lese dykk opp på emnet i det heile.

 

For ei tid sidan retta eg ei liknande skulding mot Pål Hellesnes i Klassekampen, og spurde han om han kunne vere så snill å vise meg ein graf  som viste ein relevant korrelasjon mellom endring i CO2-nivå og temperaturendring. I si pinlege naud vende han seg til Cicero, som sende han ein link med ei flott fargerik trykksak som viste utviklinga nokre hundre tusen år attende, og det kunne sjå ut til å vere eit visst samsvar. Problemet var berre at grafen var skråstilt, slik at det var uråd å avgjere kva som endra seg først, temperaturen eller CO2. Fiffig gjort.

 

Og dersom det ikkje kan påvisat eit relevant samsvar mellom CO2 og temperatur, kan de då vere så inderleg snille og hjelpe meg med å finne feilen i det følgjande resonnementet:

 

Dersom det ikkje kan påvisat relevant korrelasjon mellom auke i CO2-nivå og auke i temperatur, kan ikkje CO2 vere den dominerande årsaka til temperaturendringane.

 

Randers i krigsoppslaget ”håper på støtte om åtte års tid fra en skremt befolkning som innser alvoret”.  Eg håpar at Herren let meg leve lenge nok til å oppleve at eg den 4. januar 2019 kan lese eit oppfølgjande intervju med Randers i Vårt Land. Men dersom alt blir ved det gamle, som det har lag til å bli, vil korkje Randers eller samfunnsredaksjonen i Vårt Land finne det pinleg når den globale temperaturen på den tida er lågare eller i beste fall på same nivå som i dag. For då også, må vite, er det den globale oppvarminga som gjer seg gjeldande.

 
Gå til innlegget

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Et lederskap for vår tid
av
Trygve Svensson
rundt 1 time siden / 22 visninger
0 kommentarer
Sammen for et varmere klima?
av
Synne Dokka
rundt 5 timer siden / 40 visninger
0 kommentarer
En ordning som kan bety alt
av
Bent Høie
rundt 5 timer siden / 51 visninger
0 kommentarer
Prosessen i KrF
av
Inga Sandstad
rundt 7 timer siden / 54 visninger
0 kommentarer
Et lederskap for vår tid
av
Trygve Svensson
rundt 7 timer siden / 940 visninger
0 kommentarer
Prestekrisen krever tiltak
av
Vårt Land
rundt 11 timer siden / 119 visninger
1 kommentarer
Les flere

Siste kommentarer

Torgeir Tønnesen kommenterte på
Brev til en sint og bekymret kristensjel
37 minutter siden / 675 visninger
Åge Kvangarsnes kommenterte på
Hvem er redd for Jordan Peterson?
rundt 1 time siden / 605 visninger
Bjørn Erik Fjerdingen kommenterte på
GT-tekstene bør ut igjen
rundt 1 time siden / 2949 visninger
Are Karlsen kommenterte på
Høyres maktdemonstrasjon
rundt 1 time siden / 2913 visninger
Oddbjørn Johannessen kommenterte på
Brev til en sint og bekymret kristensjel
rundt 1 time siden / 675 visninger
Daniel Krussand kommenterte på
Hvem er redd for Jordan Peterson?
rundt 1 time siden / 605 visninger
Åge Kvangarsnes kommenterte på
GT-tekstene bør ut igjen
rundt 2 timer siden / 2949 visninger
Bjørn Erik Fjerdingen kommenterte på
GT-tekstene bør ut igjen
rundt 2 timer siden / 2949 visninger
Per Søetorp kommenterte på
Brev til en sint og bekymret kristensjel
rundt 3 timer siden / 675 visninger
Johannes Taranger kommenterte på
Høyres maktdemonstrasjon
rundt 3 timer siden / 2913 visninger
Johannes Taranger kommenterte på
Høyres maktdemonstrasjon
rundt 3 timer siden / 2913 visninger
Åge Kvangarsnes kommenterte på
GT-tekstene bør ut igjen
rundt 3 timer siden / 2949 visninger
Les flere