Odd Tarberg

Alder: 72
  RSS

Om Odd

Følgere

Lar Arbeiderpartiet seg lure om TiSA-avtalen?

Publisert rundt 3 år siden - 911 visninger

Ein eller annan har fått Ap-leiinga til å tru at TiSA-avtalen vil vere bra for sysselsettinga i Norge. Dette er det ikkje grunnlag for å hevde, men denne bløffen kan i verste fall føre Norge inn i denne liberalistiske handelsavtalen.

Arbeiderpartiet har på sine nettsider lagt ut ein tekst som oppsumerer partiet si haldning til TiSA-avtalen. Avtalen som Norge og vel femti andre land forhandlar om utanfor WTO..

Partiet si positive haldning til TiSA er skuffande og uforståeleg for oss som ser på denne investorvernavtalen som ein stygg trussel både mot forholda i norsk arbeidsliv og faktisk mot viktige deler av det norske demokratiet.

For å prøve å forklare denne uroa, har eg i teksten under her, avsnitt for avsnitt, kommentert Arbeiderpartiet si erklæring om TiSA

Arbeiderpartiet sin tekst gjengitt i kursiv, medan mine kommentarar er noterte i utheva skrift..

TISA

1. Norge har en åpen økonomi, hvor betingelsene for norske eksportnæringer har stor betydning for arbeidsplasser, verdiskaping og velferd.

Alt i denne innleiande setninga blir det gitt eit inntrykk av at TiSA-avtalen berre vil få innvirkning på eksportnæringane. Noko som er sterkt misvisande. Dette gjeld også den ubalanserte argumentasjonen som kjem frå regjeringa, som også heilt teier om den hardare konkurransen frå utlandet som norske ”innanriksbedrifter” vil møte som fylgje av ein slik avtale.

2. Som et lite land er det i vår interesse å sikre felles spilleregler og forutsigbarhet internasjonalt. Norges forhold til EU har vært basert på EØS-avtalen siden 1994, en periode hvor Norge hatt en positiv utvikling i verdiskaping, sysselsetting og velferd. Rundt 75% av vår handel er med EU-landene, og EØS-avtalen sikrer like konkurransevilkår for norsk industri i det indre marked. Arbeiderpartiet holder fast ved at EØS utgjør vår plattform for samarbeid med EU.

Her er det grunn til å merke seg at ein eventuell TiSA-avtale heilt vil overskugge EØS-avtalen når det gjeld tenestesektoren. Både gjennom det som ser ut til å bli ei skjerping av forpliktelsane Norge vil få overfor utanlandske bedrifter, og ved at avtaleområdet vil bli meir enn dobbelt så stort som EØS (meir enn femti land)..

3. Med et åpent samfunn i globaliseringens tid som ramme, må vi arbeide sammen med andre land for å styrke arbeidstakeres rettigheter og bekjempe sosial dumping gjennom felles regelverk og standarder. Sammen med fagbevegelsen må vi slå ring rundt etablerte arbeidstaker-rettigheter og fullt ut benytte det handlingsrommet EØS-avtalen gir.

Mange ser TiSA-avtalen som ei farleg overføring av makt frå nasjonale og lokale politiske styresmakter, til dei meir og meir nasjonslause storkonserna - TiSA er ein av fleire avtalar som illustrerande nok blir kalla investorvern-avtalar - noko som vil vere ein trussel nettopp mot den målsettinga som prisverdig nok er framheva i dette avsnittet.

4. Arbeiderpartiet legger stor vekt på TISA-avtalens (Trade in services agreement) betydning for norsk verdiskaping og sysselsetting. Det internasjonale tjenestemarkedet er stort, og vi har offensive interesser knyttet til at norske tjenesteprodusenter får økt tilgang til det globale tjenestemarkedet.

Premisset som ligg til grunn for dette avsnittet, at TiSA-avtalen vil vere positiv for sysselsettinga i Norge, er der slett ikkje eit påliteleg grunnlag for. Fleire fagmiljø hevdar at det er minst like sannsynleg at tap av arbeidsplassar som fylgje av slike avtalar, vil overstige talet på nyetableringar. Dersom Ap, som regjeringa, vil halde fast ved denne påstanden om god sysselsettingseffekt av TiSA, så er det heilt avgjerande at partiet kjem fram med grunnlaget for å hevde dette.

I tillegg ser vi nok ein gong at det i dette avsnittet berre er snakk om våre ”offensive interesser ” i den globale tenestemarknaden. Den delen av norsk næringsliv som har legitime defensive interesser (slik eksempelvis norsk verftsnæring tidvis har...), blir ikkje nemnt.

5. Samtidig ser Arbeiderpartiet det som en forutsetning at en TISA-avtale ikke svekker det politiske handlingsrommet knyttet til kontroll og styring med offentlige tjenester og velferdstilbud. Avtalen må ikke legge hindringer for å regulere forhold som forbrukerbeskyttelse, helse, sikkerhet, miljø og arbeidstakerrettigheter.

Dersom Arbeiderpartiet virkeleg står fast på dei viktige forutsetningane som dette avsnittet peikar på, så er det vanskeleg å sjå ein annan utgang på dette enn at partiet må avvise TiSA-avtalen. TiSA er nemleg, i sin grunnidé, ein avtale for å sikre interessene til utanlandske konsern - norske i utlandet, og utanlandske i Norge - når desse konserna opererer over landegrensene. Det er innlysande at det nasjonale politiske handlingsromet vil bli tilsvarande redusert.

6. Arbeiderpartiet krever at markedene for sykehustjenester, offentlig utdanning og sosiale velferdstjenester ikke åpnes fra norsk side for utenlandske tilbydere under TISA. Det er en forutsetning at TISA ikke pålegger privatisering, deregulering eller konkurranseutsetting av noen offentlig tjeneste på nasjonalt eller lokalt nivå. Dette gjelder også muligheten for å – gjennom politiske vedtak – å gjeninnføre offentlig eierskap og styring i sektorer som tidligere har vært privatisert.

Også dette avsnittet presenterer fornuftige og forventa krav til TiSA frå Arbeiderpartiet si side, men som i stor grad er krav som det virkar urealistisk å kunne halde på over tid. TiSA-avtalen legg nemleg opp til at all framtidig endring skal skje i form av meir og meir liberalisering av tenestenæringane. Det dette betyr er mellom anna ein meir og meir brutal arbeidsmarknad på dette området.

Også dette avsnittet i Arbeiderpatiet sin uttale om TiSA, bør derfor tilseie at partiet straks må signalisere eit nei til denne avtalen.


Etter at Arbeiderpartiet for omlag tre år sidan sat i regjering og sende Norge inn i forhandlingane om TiSA, er det i mellomtida kome fram så mykje nytt og negativt om denne avtalen at partiet bør finne meir enn gode nok grunnar til å skifte meining og seie nei til avtalen.

Skulle leiinga i Arbeiderpartiet likevel velje å forsvare at Norge skal gå inn i TiSA, så vil det i så fall vere passande å starte med å legge fram eit grundig og påliteleg grunnlag for å meine at TiSA vil vere gunstig for sysselsettinga i Norge.

Gå til innlegget

Svar frå regjeringa om TiSA-avtalen

Publisert rundt 3 år siden - 311 visninger

Gjengir her ein "disputt" som eg er inne i med eit par karar frå regjeringa, som tar tak i litt av kjernen i usemja rundt TiSA-avtalen. Om at den kanskje ikkje er så einsidig positiv som regjeringa vil ha det til?

På bakgrunn av noko av det som Europaminister Vidar Helgesen sa under eit Civita-frokostmøte (27.10.) om TTIP, så utfordra eg han og regjeringa med eit par spørsmål om TiSA-avtalen, den avtalen som Civita og Helgesen kanskje heller skulle hatt som hovedtema ettersom Norge faktisk forhandlar om TiSA og ikkje om TTIP.. Spørsmåla publiserte eg på Dagsavisen si nettside Nye meninger (med kopi til regjeringa). Gledeleg nok har det kome eit svar på dette, signert statssekretær i UD, Morten Høglund. Heile svaret frå departementet/Høglund er å lese under mine eigne kommentarar. Der finn dei som vil sjå den, også kopi av mi første ”utfordring” til Helgesen om dette, og ein link til video av frokostmøtet eg refererer til.  

Kommentarar til Høglund sitt svar:

Det er fleire ting i svaret frå Høglund som er merkelege. På bakgrunn av at Helgesen på frokostmøtet sa at ”Demokratikonsekvensene for Norge blir ikke store fordi vi blir ikke med i TTIP”, så stilte eg spørsmålet Kva då med TiSA, som regjeringa VIL ha oss med i? Dette parerer Høglund lettvint med ein totalt ubegrunna påstand om at ”det ikke vil være demokratikonsekvenser for Norge på grunn av TiSA ”. Neivel?! Høglund bør vere kjent med at heile vitsen med TiSA, og TTIP, sett frå tilhengarane si side, er å styrke rettane til utanlandske aktørar (norske i utlandet, utanlandske i Norge), når desse opererer i andre land. Dette fører sjølvsagt til at nasjonale styresmakter sitt handlingsrom blir tilsvarande redusert, noko som dermed gir direkte ”demokratikonsekvensar”. Korleis Høglund kan kome fram til sin påstand om det motsette, er rett og slett ei gåte. Det er nemleg elementært at når eit land inngår forpliktande avtalar av denne typen, så inneber det alltid ein viss grad av ”suverenitetsavståelse”, gjort for å oppnå andre fordelar. Når det gjeld TiSA, så meiner vi som er motstandarar av avtalen, at dette vil skje i farleg stor grad, og styrke ”forhandlingsposisjonen” til dei ”ansiktslause” storkonserna som mellom anna får makt til å ”kjeppjage” særleg små nasjonar gjennom utenomrettslege tribunal- slik vi alt har sett mange eksempel på frå bilaterale avtalar basert på den same investorvern-tankegangen.

Vidare er Høglund sin påstand om at ”Politiske vedtak skal, uavhengig av TiSA, fortsatt styre hvordan det offentlige organiserer sin virksomhet”, nok ein slik merkeleg påstand, som kan tyde på at han enno ikkje har tatt innover seg korleis standstill- og ratchet-klausulane i TiSA, på udemokratisk vis ,vil låse organiseringa av offentlege tenester i retning av meir og meir privatisering.

”På ikke-diskriminerende vis”?? Dette uttrykket skal vi vere ekstra obs på når Høglund leverer si neste setning: ”Norske politikeres rett til å regulere helse, miljø¸ og sikkerhet, forbrukerbeskyttelse og arbeidstakerrettigheter på ikke-diskriminerende vis er ikke noe en ansvarlig regjering forhandler bort”. Dette er ei setning som ser tillitsvekkande ut, heilt til vi forstår at den ”ikke-diskrimineringa” det er snakk om, igjen gjeld vern av utanlandske aktørar på den norske marknaden. Det er utanlandske konsern det ikkje skal vere lov å ”diskriminere”...Det er dette prinsipet om ”ikke-diskriminering”, som gjer at Norge ikkje lenger kan bestemme at norske kystvaktskip skal byggast av norsk verft, sjølv om desse verfta har ordretørke.. TiSA vil gjere dette prinsippet gjeldande i eit meir enn dobbelt så stort område som EØS, og omfatte det aller meste av dei ulike tenestesektorane...

Når Høglund så skriv at ”En god TiSA-avtale er et godt resultat for norske eksportbedrifter”, så oppsumerer han faktisk der det som ser ut til å vere HEILE vitsen med TiSA sett frå tilhengarane si side. Eg har til gode å sjå regjeringa argumentere for TiSA utifrå dei konsekvensane avtalen vil få for dei mange norske bedriftene med legitimt defensive interesser. Det er eksportnæringane som totalt ser ut til å dominere utforminga av denne typen investorvernavtalar. Høglund hevdar vidare at TiSA ”vil bidra til å sikre arbeidsplasser, samtidig som vi beholder ønsket politisk handlefrihet, for eksempel til å regulere offentlige tjenester”. Ja, kanskje vil TiSA sikre nokre arbeidsplassar i enkelte eksportbedrifter, men Høglund ”gløymer” å nemne at langt fleire arbeidsplassar truleg vil gå tapt gjennom ein hardare konkurranse utanfrå for norske bedrifter som opererer på den norske marknaden... Når det gjeld dette forholdet, så har mellom andre Jeronim Capaldo ved Tufts University i USA, gjort analyser som kan tyde på at fleire hundre tusen arbeidsplassar vil gå tapt i Europa som fylgje av ”job displacements” som fylgje av desse handelsavtalane - dei fleste av desse i Nord-Europa. Det å framstille sikring og nyskaping av arbeidsplassar som ein udiskutabel effekt av TiSA, blir på denne bakgrunnen ståande som ein luftig påstand.

Når det så gjeld det andre spørsmålet mitt, om kvifor det ikkje er sett igang ei konsekvensutgreiing av TiSA, når regjeringa altså vil få dette gjort for TTIP sitt vedkomande, så er Høglund sitt svar endå meir ”snålt”. Ifylgje Høglund er det altså ”ikke hensiktsmessig med en konsekvensutredning av TiSA nå som vi er midt i forhandlingene. Vi vil få lite ut av en slik eksersis når vi ikke har et sluttresultat å analysere” . Javel?? Kvifor er det då plutseleg hensiktsmessig med ei slik konsekvensutgreiing når det gjeld TTIP, som også er midt i forhandlingane, og som er ein avtale vi ikkje eingong er inne i forhandlingane om?! Og som vi derfor har langt mindre kunnskap om enn om TiSA?? Kvifor meiner regjeringa så mykje om TTIP, men vil meine så lite om TiSA?

Det er heller ikkje til å bli imponert over når Høglund til slutt skriv at ”Regjeringen har igangsatt en kartlegging av den reelle åpenheten på tjenestemarkedet og eksisterende restriksjoner av den typen som ville blitt omfattet av TiSA. Dette blir en samling av fakta til intern bruk, og er et av flere tiltak for å gjennomføre grundige og godt forberedte forhandlinger”. Her er det grunn til å minne Høglund om at TiSA-forhandlingane har pågått i tre år no. Det er kanskje på tide då å få gjort denne kartlegginga, dersom den skal rekke å bidra til gjennomføringa av ”grundige og godt forberedte forhandlinger”... Som desse kommentarane mine sikkert også gir inntrykk av, så vi vi som er kritiske til TiSA, slett ikkje fornøgde med dei svara vi får frå regjeringshald når vi kjem med våre innvendingar. Vi opplever dei fleste svara som lite grunngjevne, ofte påstandar som er ytterst diskutable - særleg påstanden om at TiSA og TTIP vil trygge arbeidsplassane.

Det mest urovekkande er at regjeringa ser ut til forlengst å ha bestemt seg for at TiSA blir ein avtale som er ”bra for Norge”, når det opplagte forholdet er at avtalen vil bli bra for den delen av norsk næringsliv som er internasjonalt konkurransedyktig, men at den like sikkert vil vere farleg for svært mange arbeidsplassar i Norge som gjennom avtalen vil møte skjerpa konkurranse. Det faktum at regjeringa konsekvent ”skyggar unna” ei reell drøfting av denne risikoen, gir ekstra grunn til uro.

Odd Tarberg Ålesund    

Svaret på mi første ”utfordring” frå Morten Høglund, statssekretær i UD:

”Spm 1:Ettersom Norge ER med i forhandlingane om TiSA, ein svær handelsavtale for tenester, smidd etter same ideologiske lest som TTIP, og som vil dekke eit område meir enn dobbelt så stort som EØS, betyr det at desse forhandlingane vi få demokratikonsekvensar for Norge? Og vil ei drøfting av dette bli presentert for Stortinget? TISAs geografiske virkeområde vil være klart større enn EØS-området. Norge går faktisk inn for enda bredere tilslutning og at TISA en dag skal innlemmes i WTO-avtalen om handel med tjenester, GATS. GATS dekker nesten hele verden og inneholder plikter som vi har levd greit med i over 20 år I vurderingen av hvordan demokratiet vært påvirkes er det viktigste å se på innholdet i de pliktene som følger med en avtale. Politiske vedtak skal, uavhengig av TiSA, fortsatt styre hvordan det offentlige organiserer sin virksomhet, hvilke tjenester det offentlige anskaffer fra private, anskaffelsesregelverket og om offentlig virksomhet skal privatiseres. Norske politikeres rett til å regulere helse, miljø¸ og sikkerhet, forbrukerbeskyttelse og arbeidstakerrettigheter på ikke-diskriminerende vis er ikke noe en ansvarlig regjering forhandler bort. Når forhandlingene er ferdige vil Regjeringen legge frem avtalen for Stortinget. Dette er vanlig praksis for internasjonale avtaler og den demokratiske prosessen vil ikke være forskjellig for behandlingen av en fremtidig TiSA-avtale. Regjeringen er opptatt av å levere gode resultater, det er våre resultater som velgerne skal evaluere oss på. En god TiSA-avtale er et godt resultat for norske eksportbedrifter og vil bidra til å sikre arbeidsplasser, samtidig som vi beholder ønsket politisk handlefrihet, for eksempel til å regulere offentlige tjenester. Selv om det ikke vil være demokratikonsekvenser for Norge på grunn av TiSA vil det bli noen positive økonomiske konsekvenser. Norge er svært åpen økonomi, som er avhengig av handel. Det er i vår klare interesse å ha et handelssystem som er basert på klare og rettferdige regler. Norge har allerede et relativt åpent tjenestemarked som ikke skiller mellom utenlandske og norske tjenester. Dette har vi i stor grad forpliktet oss til å videreføre gjennom våre internasjonale forpliktelser. Det er ikke tilfelle i alle andre TISA-land. Vi har mye å tjene på en avtale som sikrer at andre land åpner opp for utenlandske aktører, og binder dette slik vi gjør. Forutsigbarhet er særlig viktig for tjenester som er basert på investeringer enten i høyt kunnskapsnivå eller dyrt utstyr. Spm 2: Kvifor har ikkje regjeringa sett igang ei konsekvensutgreiing av TiSA, når den avtalen truleg gir minst like store konsekvensar for Norge som TTIP? Og er det evt. planlagt ei slik konsekvensutgreiing? Det er ikke hensiktsmessig med en konsekvensutredning av TiSA nå som vi er midt i forhandlingene. Vi vil få lite ut av en slik eksersis når vi ikke har et sluttresultat å analysere. En ekstern analyse av noen utenfor prosessen vil våre en dårlig investering. De vil f.eks. ikke kunne få tilgang til fortrolig informasjon. Det er ikke vanlig for Norge å foreta konsekvensutredninger av handelsavtaleforhandlinger. Det vil foreligge en analyse av TiSA når den fremlegges Stortinget sammen med regjeringens anbefaling. Regjeringen har igangsatt en kartlegging av den reelle åpenheten på tjenestemarkedet og eksisterende restriksjoner av den typen som ville blitt omfattet av TiSA. Dette blir en samling av fakta til intern bruk, og er et av flere tiltak for å gjennomføre grundige og godt forberedte forhandlinger.”Link til ei nettside som har lagt ut ein video av det aktuelle frokostmøtet om TTIP:

http://www.civita.no/2015/10/27/civitafrokost-27-10-ttip-forhandlingene-hva-vil-en-avtale-bety-for-okonomien-og-demokratiet

 

Til slutt kopi av miførste utfordring til Helgesen publisert tidelegare på denne nettsida:

To spørsmål til EØS- og EU-minister Helgesen (28.10.2015).

Manglande konsekvensutgreiing av TiSA-avtalen

Under eit frokostmøte arrangert av Civita den 27. oktober, var temaet TTIP-forhandlingane - kva vil ein avtale bety for økonomien og demokratiet.

Merkeleg nok var det ikkje TiSA-forhandlingane som Norge faktisk deltek i, som var utganspunktet...

Uansett: I sitt innlegg, som er tilgjengeleg på nettet (http://www.civita.no/2015/10/27/civitafrokost-27-10-ttip-forhandlingene-hva-vil-en-a vtale-bety-for-okonomien-og-demokratiet), sa EØS- og EU-minister Vidar Helgesen mellom anna dette: ”Demokratikonsekvensene for Norge blir ikke store fordi vi blir ikke med i TTIP. Men det blir noen økonomiske konsekvenser potensielt, som regjeringen sparker igang en konsekvensutredning av”.

Spørsmål til Helgesen:

Spm 1:Ettersom Norge ER med i forhandlingane om TiSA, ein svær handelsavtale for tenester, smidd etter same ideologiske lest som TTIP, og som vil dekke eit område meir enn dobbelt så stort som EØS, betyr det at desse forhandlingane vil få demokratikonsekvensar for Norge? Og vil ei drøfting av dette bli presentert for Stortinget?

Spm 2: Kvifor har ikkje regjeringa sett igang ei konsekvensutgreiing av TiSA, når den avtalen truleg gir minst like store konsekvensar for Norge som TTIP? Og er det evt. planlagt ei slik konsekvensutgreiing?

Gå til innlegget

Investorvernavtalen TiSA? Demokrati på opphørssalg!

Publisert rundt 3 år siden - 519 visninger

Den 10. oktober vil eit trettitals organisasjonar demonstrere utanfor Stortinget mot frihandelsavtalen for tenester, TiSA, som Norge er med i forhandlingar om på tredje året. Ein protestdemonstrasjon det er all grunn til.

Det er nemleg stor fare for at Regjering og Storting sender oss inn i denne investorvernavtalen, som vil innebere eit styggare inngrep i den politiske sjølvråderetten enn det EØS-avtalen har ført med seg.

På kva måte er TiSA verre på dette området enn EØS? Ved at TiSA legg opp til å overføre makt, ikkje til ein politisk union, med i det minste eit påstått sosialt formål, men i staden til dei multinasjonale storselskapa som berre har interessene til sine ansiktslause aksjonærar som oppdrag.

Desse meir og meir nasjonslause storselskapa vil kraftig få styrka sin “forhandlingsposisjon” overfor nasjonale styresmakter på fleire måtar.

- Eksempelvis fordi avtalen vil innehalde ei tvisteløysingsording som gjer at eit land som måtte finne på å endre regelverk og lover slik at selskapa får redusert si inntjening, risikerer å bli saksøkt med store erstatningskrav i regi av utenomrettslege tribunal. Og dette også i tilfeller der slike lover har gode grunngjevingar. Sjølv om det ikkje er gitt at selskapa alltid får medhald i slike utenomrettslege tribunal, så er berre kostnadane ved slike rettssaker så skremande at berre risikoen for dette virkar lammande på politiske styresmakter. (Dette finns det fleire eksempel på frå liknande avtalar).

- I tillegg legg denne avtalen opp til å gi desse utenlandske selskapa ein rett til innsyn i det som nasjonale og lokale styresmakter måtte ha av planar om politiske vedtak som kan påvirke selskapa si inntjening. Dette for at selskapa endå meir enn no skal kunne drive aktivt lobbyarbeid og påvirke den politiske prosessen for å fremme sine interesser. Eit hårreisande udemokratisk element, som tydeleg viser i kor stor grad det er investorinteressene som dikterer korleis avtalen skal sjå ut. I denne samanhengen er det relevant å minne om at ein av EU sine hovedforhandlarar har fortalt at EU sine forhandlingsposisjonar blir “kvalitetssikra” av dei europeiske storkonserna sin interesseorganisasjon, European Services Forum, ESF, medan andre interesser, inklusive dei folkevalde politikarane på parlamentsnivå, knappast anar kva som foregår i forhandlingane... (Michel Servoz, DG Trade’s lead services negotiator: “The positions of negotiation that we took, we verified them with ESF so that we could know whether it answered their need”). Dette er eigentleg ein heilt fantastisk situasjon, når vi veit at desse ”posisjonane” er ytterst ideologistyrde og dermed i høgste grad diskutable...

Eigentleg bør ingen trenge fleire eksempel på kva slags ideologi det er som ligg bak denne avtalen, ein ideologi som også dikterer korleis dei andre frihandelsavtalane som no er aktuelle blir utforma. Dei to regjeringspartia er, ikkje uventa, for TiSA-avtalen. Av partia på Stortinget er fylgjande mot: Sp, SV, og MDG.

Det bør undre fleire enn meg at ikkje eit par andre parti på Stortinget også seier nei til TiSA. Ein avtale som til overmål også blir vurdert av fleire til å vere negativ for sysselsettinga, trass i at både Børge Brende og leiinga i Arbeiderpartiet , uvisst på kva grunnlag, hevdar det motsette... Skremande mange av stortingsrepresentantane tar tydelegvis ikkje TiSA-avtalen på alvor, og demonstrerer at dei stoler altfor blindt på ein elite som igjen har tunnelsyn på storinvestorane sine interesser...

Det er sterkt å håpe at demonstrasjonen no laurdag den 10. oktober blir eit kraftfullt signal om at Norge bør halde seg langt unna TiSA-avtalen.

 

 

 

Gå til innlegget

Når utenriksministeren gjer seg dummare enn han er.

Publisert rundt 3 år siden - 1957 visninger

Ein TiSA-kommentar til Børge Brende-kommentar

I ein artikkel i Dagbladet den 25. sept. prøver Børge Brende å forsvare TiSA. Frihandelsavtalen for tenester som Norge forhandlar med femti andre land om på tredje året. Forhandingar som kom i gang utanfor WTO-systemet etter at ei rekke uland der sette foten ned for tilsvarande liberalisering, Med god grunn, ettersom ei slik liberalisering ville hindre dei i å utvikle sine eigne nasjonale tenestenæringar.

Utenriksministeren er tydeleg på defensiven når han må ty til kverulerande setningar av denne typen: “Tjenestehandel representerer arbeidsplasser og velferd, og er et viktig bidrag til omstillingen av norsk økonomi. Hvordan dette kan være på bekostning av «vanlige folks interesser», kan jeg ikke forstå”. Her gjer han seg sjølvsagt dummare enn han er. Han veit godt at Norge i desse TiSA-forhandlingar må kome med motytingar for at vi gjennom avtalen skal oppnå ”bedre og mer forutsigbare vilkår for norske tjenestenæringer i utlandet”. Og han veit også inderleg vel at det er dette kritikken går ut på, altså dei negative effektane av desse motytingane for norsk arbeidsliv og norske statlege og lokale styresmakter som ein slik avtale vil føre til. TiSA har som formål å ta bort handelshindringar internasjonalt, og vil dermed skjerpe den utanlandske konkurransen inn på den norske marknaden. Brende snakkar aldri om denne konsekvensen av TiSA, berre om dei fordelane Telenor, Statoil og dess like, vil ha i utlandet.

Utenriksministeren kjem elles med ei anna, og denne gongen ei meir smart setning: ”Norske politikere sin rett til å regulere helse, miljø og sikkerhet, forbrukerbeskyttelse og arbeidstakerrettigheter, på ikke-diskriminerende vis, er urokkelig”. Dette ser i første omgang svær så betryggande ut. Det er likevel grunn til å legge spesielt merke til den litt diskret, innskotne bisetning her: ”på ikke-diskriminerende vis”. Det er nemleg dei utanlandske interessene det er ikkje er lov til å ”diskriminere” i forhold til dei innanlandske bedriftene. Dei norske politikarane sin rett til å regulere blir plutseleg ikkje lenger så urokkeleg likevel?

Tittelen på Brende sitt innlegg er også typisk for den ubalanserte informasjonen som så langt har kome frå UD på dette området. Den er slik: ”TISA vil skape positive muligheter for Norge”. Det kritikkverdige i dette er at tittelen knapt nok representerer ei halv sanning. Det rette er at den vil skape positive muligheter for DELER av norsk næringsliv. Men dersom Brende dreiv balansert og redeleg informasjon, så ville han også hatt med at for svært mange av norske tenestebedrifter vil TiSA vere ein trussel gjennom den skjerpa konkurransen den vil gi frå utlandet. Han burde også nemnt at vi må rekne med at TiSA blir ei endå større utfordring enn EØS når det gjeld faren for sosial dumping og andre former for kaos i arbeidslivet.

Kvifor brukte ikkje Børge Brende i staden denne tittelen: TiSA vil skape positive muligheter for utenlandske storkonsern inn på den norske marknaden?

Gå til innlegget

Er ei dobling av EØS ok for Norge?

Publisert over 3 år siden - 880 visninger

TiSA - avtalen tilhengarane ikkje vil snakke om. Sjølv om den kanskje er det viktigaste politiske spørsmålet på fleire ti-år...

Det er skremande å konstatere at svært få, til og med aktive lokalpolitikarar, er informerte om TiSA-avtalen som Norge er i forhandlingar om på tredje året. Dette er ein liberaliseringsavtale som for tenestesektorane sitt vedkomande, vil dekke eit økonomisk område dobbelt så stort som EØS, og som på mange områder er meir bindande og udemokratisk enn EØS. Likevel blir det hevda at vi kan vente med å diskutere den, til avtalen er ferdigforhandla. Faktum er at “bordet vil fange” og gjere eit Nei til avtalen politisk totalt utenkeleg, dersom vi ikkje gir våre forhandlingspartnerar beskjed om at vi trekker oss frå avtalen på eit langt tidlegare tidspunkt. Noko det er all grunn til å gjere!

Dei fleste har fått med seg at Norge alt har “visse problem” med å handtere den konkurransen vi har fått gjennom EØS-avtalen, med det resultatet at vi stadig får høyre om uverdige forhold på enkelte byggeplassar, om ei transportnæring som slit med konkurranse frå selskap som knapt nok betaler sjåførane sine nok til å overleve, osv...

Sjølv om TiSA er ein avtale som enkelte store og konkurransedyktige (og inn til vidare?) norske konsern vil tene på, så er det all grunn til å frykte at den opninga denne avtalen vil skape for utanlandske aktørar frå eit femtitals land inn på den norske innenlandsmarknaden, vil skape store problem for mange norske bedrifter og arbeidsplassar. Regjeringa vil heilt tydeleg ha oss inn i denne avtalen, og unngår bevisst å informere om det som vil bli dei negative konsekvensane av TiSA. Regjeringa påstår at den informerer om forhandlingane, men det skjer på totalt ubalansert vis.

TiSA er heilt tydeleg 100% pro-storinvestor-motivert. Det er internasjonale investorar sine interesser som skal sikrast, og det er nasjonale styresmakter på alle nivå, som får plikter, og som risikerer erstatningskrav dersom investorane meiner dei mister forventa forteneste pga politiske vedtak.

Eit av mange eksempel på kor “ekstrem” denne TiSA-avtalen er, er knytta til kravet til innsyn - transparancy - i denne avtalen. Det vi er kjent med av innsynskrav i internasjonal økonomi, er vanlegvis krav om at storselskapa skal informere bedre om sine inntekter og det dei betaler i skatt i dei ulike landa dei opererer i. Jfr Transparancy International og EITI, Extracting Industries Transparancy Initiative, sitt arbeid på dette området.. I TiSA-samanheng derimot er det utruleg nok stikk motsett! Der er forslaget at det er storselskapa som skal ha innsyn i, og informasjon om, dei ulike landa sine eventuelle planar om å endre lover og reglar som kan påvirke desse selskapa si forventa inntening: (‘Transparency’ in TISA means ensuring that commercial interests, especially but not only transnational corporations, can access and influence government decisions that affect their interests).

Ein avtale som er gjennomsyra av ein såpass ekstrem ideologi, er det altså regjeringa vil ha Norge inn i. Og ein slik avtale er det altså at tilhengarane ikkje vil ha eit skikkeleg politisk debatt om før etter at bordet har fanga, og det vil vere uråd å seie nei til avtalen. Det er forventa at TiSA kjem til nasjonaleforsamlingane i dei vel femti landa som forhandlar om avtalen utanfor WTO, i 2016. Altså før neste stortingsvalg. Så det ville derfor vere velfortent om dei TiSA-positive partia fekk seg ”ein smekk over fingrane” alt i kommune- og fylkestingsvalet...

På Stortinget, er det SV, Sp og MDG som har teke eit klart standpunkt mot TiSA. (Partiet Raudt utanfor tinget, er også mot). Ap har dessverre så langt lagt seg på den farlege vente-og-sjå-haldninga... KrF og Venstre er knyst stille om avtalen, og ser derfor ut til å støtte regjeringa i dette liberalistiske prosjektet. Det er forståeleg nok forventa mykje bråk om TiSA og TTIP i den næraste tida både her til lands og i utlandet, med ein internasjonal aksjonsdag i første omgang den 10. oktober.

(Denne artikkelen var skriven før valet på mandag.)

Odd Tarberg

Ålesund.

Gå til innlegget

Mest leste

Hareides nødvendige veivalg
av
Ole Paus
2 måneder siden / 77456 visninger
Et barn er født, et barn er dødt
av
Magne Raundalen
rundt 2 år siden / 43486 visninger
Etter fallet kommer hevnen
av
Berit Aalborg
10 måneder siden / 34858 visninger
Stormløpet mot Israel er i gang.
av
Roald Øye
7 måneder siden / 27822 visninger
Kanten av klippen
av
Åshild Mathisen
9 måneder siden / 22450 visninger
Et sosialt ­eksperiment
av
Bent Høie
4 måneder siden / 22154 visninger
Mens vi sover
av
Erik Lunde
10 måneder siden / 20059 visninger
Ord er handling
av
Hilde Frafjord Johnson
3 måneder siden / 19067 visninger

Lesetips

Om å se biskoper ved høylys dag
av
Karl Øyvind Jordell
rundt 7 timer siden / 248 visninger
Kirken er politisk
av
Andreas Masvie
rundt 7 timer siden / 98 visninger
Kontrastenes jul i Frankrike
av
Tom Holta Heide
rundt 7 timer siden / 65 visninger
Hatet mot miljøbevegelsen
av
Eivind Trædal
rundt 7 timer siden / 106 visninger
Når staten misbruker makt
av
Øyvind Håbrekke
2 dager siden / 174 visninger
Trangere og farligere
av
Wenche Fone
3 dager siden / 389 visninger
Hva med menighetene?
av
Dag Brekke
3 dager siden / 142 visninger
La flere unge slippe til
av
Rode Hegstad
3 dager siden / 124 visninger
Taushet og tale om jødene
av
Torleiv Austad
3 dager siden / 210 visninger
Les flere

Siste innlegg

Statsfinansiert hatblogg
av
Usman Rana
rundt 3 timer siden / 188 visninger
Menneskers rettigheter
av
Vårt Land
rundt 6 timer siden / 108 visninger
Om å se biskoper ved høylys dag
av
Karl Øyvind Jordell
rundt 7 timer siden / 248 visninger
Kirken er politisk
av
Andreas Masvie
rundt 7 timer siden / 98 visninger
Kontrastenes jul i Frankrike
av
Tom Holta Heide
rundt 7 timer siden / 65 visninger
Hatet mot miljøbevegelsen
av
Eivind Trædal
rundt 7 timer siden / 106 visninger
En hjelpeløs hånd
av
Ane Bamle Tjellaug
rundt 8 timer siden / 194 visninger
Historisk kirkemøte i Ukraina
av
Alexander Tymczuk
rundt 16 timer siden / 62 visninger
Les flere