Odd Tarberg

Alder: 73
  RSS

Om Odd

Følgere

Afrika under brutalt liberaliseringspress.

Publisert over 2 år siden

I desse tider når vi er vitne til ein enorme og brutal liberaliseringsprosess gjennom avtalar som TiSA, TTIP, TPP og CETA, må vi ta innover oss at det skjer svært mykje på dette området som vi normalt ikkje får kjennskap til.

Eit fransk tidsskrift som eg abonnerer på, Politis, har i siste nummeret (2. okt) eit temaoppslag om frihandelsavtalar som EU-kommisjonen prøver å presse ei rekke afrikanske land til å godta. Avtalane møter motstand fordi dei legg opp til reglar som mellom anna gjer at Afrika kan miste opp mot 75 % av sine toll-inntekter.

I ingressen til temaartiklane i Politis, skriv journalisten Erwan Manac’h dette:

"Afrika er under press.

Med bruk av utpressing og truslar vil EU presse på dei afrikanske landa frihandelsavtalar som vekker stor uro.EU-landa vil «skrive i marmor» førsteretten dei meiner å ha til handel i Arfika, i ein rettlinja ny-kolonialistisk tradisjon.

Frå starten av forhandlingane i 2003, har dei fleste afrikanske statsleiarane motsett seg desse avtalane som legg opp til i stor grad å oppheve retten til å legg toll på importen til desse afrikanske landa. Men Europa har sin agenda. Den går ut på at skaffe seg innpass i nye marknader over alt på kloden for å få fart på sin økonomi. Og EU-kommisjonen er no tydelegvis bestemt på også å bruke truslar for å kome vidare i denne offensiven på det afrikanske kontinentet. Dei som vegrar seg mot dette, blir bedne om ikkje å stå i vegen for «den vegen historia no går».

På same måte som med frihandelsavtalen med USA (TTIP), som den med Canada (CETA), eller myriaden av bilaterale avtalar som Europa signerer (Mercosur, Vietnam, Philipinane), blir heller ikkje avtalane med Afrika gjort til gjenstand for ein demokratisk prosess som alvoret i dette skulle tilseie.

Det er teikn på at ei mobilisering er veksande i Afrika, støtta av europeiske NGO-ar (ikkjestatlege organisasjonar), mot dette «dødskysset» frå dei gamle kolonimaktene. Men den har dårleg tid på seg".

Av Erwan Manac’h

"Med ei blanding av truslar og utpressing, vil EU presse på det afrikanske kontinentet ei liberalisering som kan kome til å koste Afrika dyrt."

Gå til innlegget

Forsvararane av TiSA-avtalen har ei dårleg sak.

Utenriksminister Børge Brende har for vane å avvise all kritikk av TiSA, den femtilands store handelsavtalen for tenester som Norge no har forhandla om i tre år, og som mange av oss ser på som direkte arbeidstakarfiendtleg og udemokratisk.

I eit tilsvar på slik kritikk i LO-Aktuelt nr 10, vedgår han no klart at avtalen vil bety redusert politisk handlingsrom for Norge.

Børge Brende skriv: ”Norge har ikke forpliktet seg til å åpne offentlig tjenester som sykehustjenester, grunnutdanning, sosiale tjenester for utenlandske tilbydere. I disse sektorene vil det politisk handlingsrommet opprettholdes.” (mi utheving.)

Dette betyr i klartekst at i andre sektorar, der Norge ikkje har reservert seg på same måten, der vil altså avtalen føre til redusert handlingsrom. Brende stadfester dermed ein vesentleg del av det vi kritiserer avtalen for. Dette er eit klart framsteg frå UD si side, og viser tydeleg at vår kritikk ikkje baserer seg på ”misforståelser”, slik det lettvint blir påstått frå det haldet.

Resten av svaret frå Børge Brende er derimot også denne gongen ein repetisjon av ikkje grunngjevne påstandar om kor bra og ufarleg avtalen er, uten at ministeren tar opp dei konkrete punkta vi viser til.

Når  eksempelvis TiSA-tilhengarane i både EU, USA og Canada, m.fl. påstår at avtalen vil gi deira bedrifter bedre høve til å gå ut og EROBRE MARKNADER i utlandet, og Brende blir utfordra til å svare på kven det er som då vil måtte miste jobbane sine, då gjentek han berre lettvint den same ufunderte påstanden om at TiSA “vil bidra til verdiskaping og arbeidsplasser for Norge”. Kanskje er det ein idé for UD neste gong å vise til dei analysene som gir grunnlag for å påstå at Norge berre vil ha fordelar av avtalen ?

“På ikke-diskriminerende vis” er elles ei spesielt snedig bisetning som UD-leiinga er svært påpasselege med å få med i dei fleste innlegga dei har om TiSA. I innlegget i LO-Aktuelt denne gongen er det presentert slik: “Regjeringen vil ikke forhandle bort norske folkevalgtes rett og plikt til å regulere helse, miljø og sikkerhet, forbrukerbeskyttelse og arbeidstakerrettigheter på ikke-diskriminerende vis”. (mi utheving). Det dette altså betyr, er at norske styresmakter ikkje kan favorisere norske bedrifter i forhold til utanlandske. Det er utanlandske konsern som ikkje skal "diskriminerast".

Eksempelvis blir no nye fullelektriske ferjer for Fjord1-reiarlaget bygde ved tyrkiske verft på same tid som norske verft manglar ordrar. OG dette trass i at det gjeld framtidsteknologi som norsk næringsliv så avgjort kunne trenge å bygge opp.

Det dette viser, er at det reduserte politiske handlingsromet vi alt har gjennom andre handelsavtalar som EØS, vil bli ytterlegare avgrensa gjennom det som er hovedformålet med TiSA: Nemleg ei styrking av utanlandske bedrifter sin posisjon i dei ulike land sine marknader. Dei negative sidene ved dette, gjer UD sitt ytterste for å bagatellisere.

Det er elles frimodig av utenriksministeren når han hevder at vi som kritiserer haldninga hans til TiSA, har ""en grunnleggende annen holdning til internasjonale handelsavtaler enn det regjeringen og flertallet på Stortinget har.” Dette fordi TiSA-forhandlingane faktisk foregår i eklatant brot med WTO-organisasjonen, og er ein alvorleg trussel mot dette hovedforumet for internasjonale handelsavtalar. WTO, som ikkje minst Brende gjentekne gongar har framheva som fundamentet for norsk handelspolitikk.

Når han i tillegg prøver å gi inntrykk av at den forrige regjeringa også er positiv til TiSA, så underslår han med vitande og vilje at både SV og Sp har snudd i synet på denne avtalen, basert på dei mange negative opplysingane om TiSA som har kome fram dei siste par åra. Opplysingar som også UD bør ta inn over seg, og i det minste kommentere kritikken mot TiSA på konkret og seriøst vis i tida framover.

Gå til innlegget

Kommisjonen nektar å innfri klare krav frå Parlamentet knytta til frys- og skralleklausulane.

Det er organisasjonen Attac som gav meg tipset om denne konflikten som , ifylgje Trade reporter Joanna Sopinska i EU Trade Insight, blussa opp under eit møte den 30. juni. (Sjå evt denne linken: http://www.vieuws.eu/eutradeinsights/commission-rejects-meps-request-for-full-ban-on-ratchet-and-standstill-clauses-in-tisa/)

Bakgrunnen er at Europaparlamentet i februar vedtok ein resolusjon om at frys- og skralleklausulane (standstill- og ratchet) skulle heilt ut av store deler av TiSA , investeringsvernavtalen for tenester.  EU-kommisjonen avviser no bryskt dette kravet frå parlamentet.
EU sin sjefsforhandlar for TiSA, Christophe Kiener, påstod overfor EU-parlamentet sin Komite for internasjonal handel på møtet den 30. juni, at ”Dette ville bety slutten for TiSA”. Han hevda vidare at desse klausulane er ein ”viktig pilar i TiSA sin arkitektur”, og at det å avvise dei på dette stadiet i forhandlingane, ville ha svært negative konsekvensar for ambisjonane med avtalen, og sette forhandlingane på det næraste attende til start.
EU-kommisjonen åtvarer også mot å gjere tydelegare unnatak i TiSA for offentlege tenester slik Europaparlamentet også har gått inn for. (Jfr den norske regjeringa si lemfeldige haldning til korleis dei offentlege tenestene vil bli påvirka av TiSA)

Europaparlamentet sin rapportør for TiSA, Viviane Reding, uttrykker skuffelse over denne steile haldninga frå EU-kommisjonen si side. Ikkje rart, ettersom det er ho som på vegne av Parlamentet, har presentert dei krava (red lines) som ho har hevda må vere innfridde før avtalen kan aksepterast politisk, men som no delvis ser ut til å ryke.
Denne skarpe avvisinga frå EU-kommisjonen i forhold til dei uttrykte krava frå Europaparlamentet, kjem på toppen av at EU-leiinga, i kjent udemokratisk og arogant stil, også har avvist at nasjonalforsamlingane i dei ulike EU-landa skal få uttale seg om ratifiseringa av CETA, ein TTIP-liknande avtale som er forhandla fram mellom Canada og EU.

Det gjenstår å sjå korleis EU-parlamentarikarane vil handtere denne øyrefiken dei no har fått frå EU-kommisjonen. Sjefsforhandlar Kiener gir eit ekstra uttrykkeleg eksempel på den arrogante, udemokratiske haldninga i EU-kommisjonen, når han seier dette: “I happen to operate under the negotiating mandate, which is in conflict with Parliament’s request”. (”Tilfeldigvis arbeider eg utfrå forhandlingsmandatet, som er i konflikt med Parlamentet sitt ynskje”).

Dei stadige utspela frå norsk UD som prøver å framstille norsk deltaking i TiSA-forhandlingane som heilt ukontroversielle, kjem på bakgrunn av konflikten i EU, i eit meir og meir underleg lys.

Den neste forhandlingsrunden for TiSA skal starte i Geneve den 8. juli..

Gå til innlegget

Dette innlegget er svar på eit svar frå Børge Brende i siste nr av LO-Aktuelt på kritikk av TiSA-avtalen. Reknar med at det er mange som har fulgt meg her, som ikkje les det bladet, og vel å legge det ut her også.

I utenriksministeren sitt svar i LO-Aktuelt nr 10 på kritikken av TiSA-avtalen, vedgår han ufrivillig(?) klart at avtalen vil bety redusert politisk handlingsrom for Norge. Børge Brende skriv: “”Norge har ikke forpliktet seg til å åpne offentlige tjenester som sykehustjenester, grunnutdanning, sosiale tjenester for utenlandske tilbydere. I disse sektorene vil det politisk handlingsrommet opprettholdes.” (mi utheving.) Dette betyr i klartekst at i andre sektorar, der Norge ikkje har reservert seg på same måten, der vil altså avtalen føre til redusert handlingsrom. Brende stadfester dermed ein vesentleg del av det vi kritiserer avtalen for. Dette er eit klart framsteg frå UD si side, og viser tydeleg at vår kritikk ikkje baserer seg på ”misforståelser”, slik det lettvint blir påstått.

Resten av svaret er derimot ein repetisjon av ikkje grunngjevne påstandar om kor bra og ufarleg avtalen er, uten at ministeren tar opp dei konkrete punkta vi viser til. Når  eksempelvis TiSA-tilhengarane i både EU, USA og Canada, m.fl. påstår at avtalen vil gi deira bedrifter bedre høve til å gå ut og EROBRE MARKNADER i utlandet, og Brende blir utfordra til å svare på kven det er som då vil måtte miste jobbane sine, då gjentek han berre lettvint den same ufunderte påstanden om at TiSA “vil bidra til verdiskaping og arbeidsplasser for Norge”. Kanskje er det ein idé for UD neste gong å vise til dei analysene som gir grunnlag for å påstå at Norge berre vil ha fordelar av avtalen ?

“På ikke-diskriminerende vis” er ei spesielt snedig bisetning som UD-leiinga er svært påpasselege med å få med i dei fleste innlegga dei har om TiSA. Også denne gongen presentert slik: “Regjeringen vil ikke forhandle bort norske folkevalgtes rett og plikt til å regulere helse, miljø og sikkerhet, forbrukerbeskyttelse og arbeidstakerrettigheter på ikke-diskriminerende vis”. (mi utheving). Det dette altså betyr, er at norske styresmakter ikkje kan favorisere norske bedrifter i forhold til utanlandske. Eksempelvis blir no nye fullelektriske ferjer for Fjord1 bygde ved tyrkiske verft på same tid som norske verft manglar ordrar. OG trass i at dette gjeld framtidsteknologi som norsk næringsliv så avgjort kunne trenge å bygge opp.
Det dette viser, er at det reduserte politiske handlingsromet vi alt har gjennom andre handelsavtalar som EØS, vil bli ytterlegare avgrensa gjennom det som er hovedformålet med TiSA: Nemleg ei styrking av utanlandske bedrifter sin posisjon i dei ulike land sine marknader. Dei negative sidene ved dette er nettopp det UD gjer sitt beste for å bagatellisere.

Det er elles frimodig av utenriksministeren når han hevder at vi som kritiserer haldninga hans til TiSA, har "en grunnleggende annen holdning til internasjonale handelsavtaler enn det regjeringen og flertallet på Stortinget har.” Dette fordi TiSA-forhandlingane faktisk foregår i eklatant brot med WTO-organisasjonen, og er ein alvorleg trussel mot dette hovedforumet for internasjonale handelsavtalar. WTO som ikkje minst Brende gjentekne gongar har framheva som fundamentet for norsk handelspolitikk.

Når han i tillegg prøver å gi inntrykk av at den forrige regjeringa også ER positiv til TiSA, så underslår han med vitande og vilje at både SV og Sp har snudd i synet på denne avtalen, basert på dei mange negative opplysingane om TiSA som har kome fram dei siste par åra. Opplysingar som også UD bør ta inn over seg, og i det minste kommentere på konkret og seriøst vis i tida framover.

Gå til innlegget

Brutal frihandelsideologi dominerer

Publisert over 2 år siden

I skuggen av frihandelsavtalane TiSA, TTIP, TPP og CETA, legg no EU-kommisjonen også eit stygt press på fleire afrikanske land for å få dei med på tilsvarane avtalar direkte med EU.

Det er mellom andre det franske vekemagasinet Politis som har oppslag om dette. Sjå evt denne: http://www.politis.fr/articles/2016/06/chantage-et-coup-de-pression-leurope-impose-le-libre-echange-en-afrique-34950/

Dersom dei seks landa Ghana, Elfenbeinskysten, Kenya, Botswana, Namibi, og Swaziland, ikkje innan 1. oktober har signert ein sokalla økonomisk partnerskapsavtale (APE) med EU, så vil EU straks auke sine tollsatsar på produkt frå desse landa, er trusselen. Den APE-avtalen vil kreve at desse landa drastisk reduserer det tollvernet dei så langt har fått aksept for.

Ei rekke franske frivillige organisasjonar er sterkt kritiske til denne endringa i politikken overfor slike afrikanske uland, og meiner at dette evt vil vere katastrofalt for utviklinga av næringslivet i desse landa. Frå 70-talet og framover har det vore aksept for at slike land treng særlege vilkår i handelen med dei industrialiserte landa. Denne haldninga ser no ut til å vere erstatta av ein brutal frikonkurranseideologi. Det er tydelegvis dei same kreftene som vil ha TiSA og TTIP m.fl. som no også styrer politikken overfor dei afrikanske landa.

I artikkelen går det fram at EU-kommisjonen ser ut til å gi etter for presset frå dei store europeiske konserna som opererer på det afrikanske kontinentet. Også her er det altså snakk om at interessene til dei store transnasjonale konserna går framom omsynet til dei folka dette går ut over.

I midten av juli skal Europa-parlamentet uttale seg om denne trusselen mot dei afrikanske landa skal settast ut i livet. Den same månaden, den 5. juli skal EU-kommisjonen i tillegg bestemme om dei ulike nasjonalforsamlingane i EU-landa skal få lov til å uttale seg i samband med ratifiseringsprosessen for CETA, frihandelsavtalen mellom Canada og EU, som er ei slags miniutgåve av TTIP-avtalen som også er under forhandling...

Og parallelt med dette går prosessen om den like farleg TiSA-avtalen vidare.

Så ultraliberalistane har travle dagar for tida.

Klarer vi å stanse denne galskapen?

 

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Ditt ubotferdige hjerte
av
Håvard Nyhus
27 dager siden / 2693 visninger
Uten skam
av
Liv Osnes Dalbakken
16 dager siden / 2527 visninger
Før døden skiller oss ad
av
Ingrid Nyhus
9 dager siden / 2335 visninger
Kristen gutt-syndromet
av
Merete Thomassen
3 dager siden / 2122 visninger
#metoo og oss selv
av
Berit Hustad Nilsen
5 dager siden / 1512 visninger
Uttalelsen er et veiskille
av
Gyrid Gunnes
30 dager siden / 1460 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere